tirsdag 5. februar 2013

Mat. 28.



Mat. 28, 1-10. Jesu oppstode.


.
1. Jesus står opp.
Oppstoda er det store underet. Jesus var død som eit menneske, men han braut lekkjene som batt han til døden. Han var og Gud og ingen ting kunne halda han i dødsriket då. Dette var etter sabbaten, dvs. laurdag. Sabbaten enda ved solnedgang, og då opna butikkane att.
Nokre kvinner kjøpte då angande olje, Mark 16, 1.
.
Tidleg sundag morgon då sola rann var dei ved grava for å salva Jesus, v. 1. På vegen dit har dei spurt: Kva med steinen? Den er for tung og stor for oss. Dei trudde dei ville møta problem som dei ikkje kunne løysa. Er ikkje det typisk for oss menneske? Me gruar oss til noko som me ikkje veit vil koma. Alt kan vera løyst før me kjem fram.
.
Nett det opplevde kvinnene, v. 2. Steinen framfor grava var ein rullestein, men så stor at det skulle bra krefter til å makta det. Og der såg dei at steinen alt var rulla bort. Kvifor hadde dei grubla over det? Gud hadde sjølv vore der med sine sendebod, englane. Kvinnene kunne gå rett inn i grava som var hogd ut i fjellet.
.
Og der sat ein mann. Det må ha vore ein Guds engel, kledd i ein lang, kvit kjortel, som snø, v. 3. Og det overnaturlege er ofte skremmande, difor vart dei redde. Men han tala venleg til dei og sa dei trong ikkje ottast. Han visste kva dei skulle, han var jo sendt av Gud. Nå får dei det store bodet, dei første som høyrde det: Oppstoda frå dei døde, v. 6. Jesus var ikkje der. Gud hadde gripe inn og berga Sonen frå dødsriket. Det var provet på at han var Gud og at synda var sona.
Gud hadde liksom kvittert for det som hende på korset.
.
Kvinnene vart og dei første bodberarane om oppstoda, v. 7. Gå og sei til læresveinane – og til Peter. Var ikkje han ein læresvein og apostel? Kva skilde han ut frå dei andre? Synda midt i påsketida. Som den einaste hadde han fornekta Jesus ope med ord og banna på det. Men han angra – han gret over synda si. Mark. 14, 68-72.
.
Var det nokon som trong eit serskilt kall og ei personleg helsing då, var det nett Peter. Herren visste det, og difor minna han engelen om Peter. Kvinnene hugsa det nok: Peter skulle ha ei ekstra helsing. Og Peter må ha kjent varmen i heile seg då dei orda lydde. Det var som ei oppreising for han: Jesus har ikkje støytt meg bort!
.
Læresveinane skulle så gå til Galilea, der Jesus kom frå. Der skulle dei møta han. Jfr. Mark. 14, 28.
.
Kvinnene skalv av denne opplevinga og fekk ikkje ord fram i første omgang. Etter ei tid har dei likevel funne dei 11 læresveinane og sagt frå om det dei såg. Det ser me av Luk. 24, 9-10. Dei fleste trudde det ikkje. Men Peter trudde. Då han høyrde om underet – og truleg om helsinga til han – sprang han til grava, Luk. 24, 12. Og undringa var stor: Tenk, dette har hendt. Jesus lever!
.
2. Den oppstadne syner seg for Maria Magdalena, for dei to læresveinane som gjekk til Emmaus, og for dei elleve apostlane.
Jesus synte seg for fleire kvinne denne morgonen, først for Maria Magdalena som Jesus hadde berga frå sju vonde ånder. Og ho gjekk av stad og sa det til andre – dei som sørgde og gret. Men det skulle noko til å tru på slikt. Det var for overveldande.
.
Deretter kjem ein forkorta versjon av hendinga med dei to læresveinane som gjekk til Emmaus. Jfr. Luk. 24. Der viste han dei ut frå Skriftene at han var Messias og måtte lida for synda. Det fortel Lukas. Markus nøyer seg med å nemna det, men seier så at dei fortalde dette til dei andre læresveinane.
.
Men heller ikkje nå trudde dei. Dei var altså ganske trege til å tru på dette store underet. Og dei var Jesu vener. Då skal me kanskje ikkje undra oss over at folk i denne verda ikkje kan tru det. Gud må opna augo våre for å sjå Hans herlegdom og makt.
.
Til siste viser han seg for dei elleve då dei sat til bords. Han visste om vantrua, me kan ikkje skjula noko for han. Det gjeld til alle tider. Nå refsa han dei for det. Han hadde fortalt die om det før, så det kom ikkje uventa på dei. Men dei var så opptekne av dei nære ting og jordelivet, at dette guddommelege var umogleg. Og slik er det ofte med oss.
.
3. Han byd apostlane at dei skal gå ut i all verda og forkynna evangeliet, og lovar å vera med dei, v. 19.
Sjølv om dei var vantruande og Jesus måtte tala strengt til dei, ville Meisteren framleis bruka dei i si teneste. Det var desse feilande og svake sjelene som fekk misjonsbodet. Dei skulle gå ut i heile verda. Heile skapningen måtte få høyra evangeliet. Og her ligg jo også heidningemisjonen gøymd. Dei hadde ikkje så lett for å tru det heller, jfr. Apg. 10-11.
.
Tru og dåp var vegen til frelse, Mark 16, 16. Av Mat. 28, 18ff ser me at dåp og opplæring skulle gå hand i hand. Folk måtte få vita kva dei trudde på og bli grunnfesta i denne læra. Likevel ser me at trua har ei særstilling. Både dåp og tru høyrer med. Men dersom den døypte ikkje ville tru, var ikkje dåpen til noko hjelp i domen. Det er alvorleg å tenkja på i vår tid også.
.
Læresveinane får og teikn eller ”prov” på si teneste. Det var særleg naudsynleg i den første kristne tida då dei skulle pløya ny mark i alle land. Me ser litt av det same i misjonsland i dag. Det er indre av dette i nyare tid med meir kunnskap på ulike område. Her er og motstanden og skepsisen til alt som smakar av ”humbug” større.

.
Visse teikn skal fylgja dei som trur, står det: å driva ut vonde ånder, tungetale, ta ormar i hendene, drikka gift og lækja sjuke. Det er ikkje lett og enkelt å forklara kvifor det skjer så lite under mellom oss nå. Somme seier me manglar tru, andre at det høyrde til den første kristentida.
.
Jesu tid var nå ovre. Han vart teken opp til himmelen og sette seg ved Guds høgre hand, eit symbol på der makta var. Dei kristne byrja nå si teneste for alvor. Dei ”forkynte alle stader,” står det. Eit omfatande arbeid var i gang frå første stund. Og teikna fylgde med dei, og det synte folket på den tida at dei verkeleg var utsendingar frå Gud. Sonen hadde sagt det skulle vera slik.
.

Mat. 28, 1-10. Oppstoda.

.
Desse orda er frå første påskedag då Jesus stod opp frå dei døde. Han hadde sagt det til dei før: Han skulle lida og døy og etter tre dagar skulle han stå opp. Men læresveinane var trege til å skjøna det. Det var så uverkeleg.
.
Ingen såg det då det hende. Ingen av evangelistane fortel kva som hende då. Gud handla liksom heilt åleine utan tilskodarar. For her brukte han si veldige makt.
.
Men dei såg den oppstadne og vitna om det. ”Jeg levende så ham i haven, og aldri så skjønn jeg ham så.”
.
Kvinnene gjekk tidleg til grava for å salva lekamen hans. Det var vanleg praksis. Dei brukte angande olje, og det var berre for høgtståande, ”fine” folk. Kvinnene såg på Jesus som stor. Berre det beste var godt nok for han. Ei av dei var Maria Magdalena som Jesus hadde drive 7 vonde ånder ut or. Ho hadde altså opplevd eit stort under i sitt eige liv. Nå hadde Jesus alt å seia for henne. Det er eit godt bilete på ein kristen. Slik er det med oss.
.
Dei såg grava – ho var tom. Eit jordskjelv kom og ein engel frå Gud møtte fram. Det var ei dramatisk stund, så til og med vakta skalv.
.
Så høyrde dei det: Han er oppstaden! Eit under har hendt. Fortel det vidare. Jesus går i førevegen for dykk – til Galilea. Kvinnene skunda seg bort – kva skulle dei der då? Otte og glede fylte dei – det skjer ofte i slike store stunder.
.
Kvifor var det slik – har dette noko å seia for oss?
.
1. Jesu ord var sanne.
Det fekk dei sjå nå. Mat. 16, 21. Tre gonger kjem dette att: han skulle døy og stå opp att. Før hadde dei ikkje lagt nok vekt på det, det var liksom så utruleg. Nå såg dei det!
.
Dette skapte tillit til orda hans og det han hadde gjort. Ordet blei oppfylt. Det var sant. Slik er det og. Det er ein ting å tru med tanken det Jesus seier. Det blir noko heilt anna  når det hender. Bibelen er noko anna enn menneskeord og tale frå t.d. politikarar.
.
Dette gjeld både Jesu første kome og når han kjem att. Det hende nøyaktig slik profetane hadde tala då Jesus vart fødd. Til og med fødebyen Betlehem er nemnt. Slik vil det og gå til i den aller siste tida når han kjem att. Det styrkjer trua vår på at andre ord også er nøyaktige og sanne. For me menneske har ofte vanskeleg for å tru.
.
2. Oppstoda var prov på at Jesus var Guds Son med makt.
I Rom. 1, 4 skriv Paulus at Jesus er godtgjort å vera Guds veldige Son ved oppstoda. Han var Guds Son heile tida, men 1. påskedag vart det klårt: Dette er ikkje eit menneske. Han braut lekkjene i døden og er levande!
.
Både tvilarar og fornektarar må sjå det. Jesus er Gud. Det kan ingen bortforklara om dei vil vera sanne.
.
3. Vår frelse og liv.
I Rom. 6, 4 skriv Paulus: Likesom Kristus vart oppreist frå dei døde ved Faderens herlegdom, så skal også me vandra i eit nytt liv. Her er ei anna side ved oppstoda. Ein kristen får så å seia ei åndeleg oppstode. Gud reiser oss opp frå synd og åndeleg død. Ef. 2, 5-6 seier det slik: Gud har gjort oss levande med Kristus. han vekte oss opp og sette oss med han i himmelen i Kristus. Og i v. 10: Me er skapt i Kristus.
.
Me er ikkje lenger i det gamle livet. Det gamle er borte og alt er blitt nytt. 2. Kor. 5, 17. Me er som kristne ein ny skapning. Det kunne me aldri har blitt om Jesus ikkje hadde stått opp frå døden.
.
4. Me skal stå opp.
Jesu oppstode viser og at me skal ein dag fylgja han og reisast opp frå grav og død. 1. Kor. 15, 20-22. Jesus vil ha alle sine med til himmelen. Det har me fått visse for ved at han stod opp. Me tilhøyrer han.
.
Bibelen brukar eit bilete om dette m.a. Me er ein åndeleg lekam der Kristus er hovudet og me er lemmene. Kristus har stått opp frå dei døde. Det hende først. Men er me ein lekam med han, er det klårt at me ein gong skal fylgja han inn i riket hans. Det er vår oppstode. Bibelen reknar ikkje med tid slik me gjer. I Guds time vil det skje.
.
Lat andre seia kva dei vil, me dreg no likevel…. (M. Orheim).
.
---

Mat. 28, 18-20. Trieining.

.
Dette er tekst på trieiningssøndagen – det handlar om dåp, misjon og opplæring. I alt dette og alt anna er heile trieininga med. Og det er eigentleg Gud som gjer arbeidet. me er berre verktøy og reiskap. Det er audmjukande, men Gud har ordna det slik. Me kunne ikkje anna, i alt dette åndeleg eer me djupast sett ubrukbare.
.
Her møter me altså misjonen som er Trieininga i arbeid.
.
1. Gud.
Han er første person i guddommen. Og me veit noko om han frå Bibelen.
1) Han er skapar. Etter at universet vart til, skapte han også mennesket. Gud sa: Lat oss skapa menneske. 1. Mos. 1, 27. Mennesket vart altså til ved ei særskilt skaparakt. Det er aldri tale om ei utvikling frå dyr eller låge, enkle skapningar. Gud sa – og me vart til. Difor er alle Guds eigedom. han har rett til alle menneske, av di han laga oss. Det er slik sjølv om folk ikkje trur det eller vi ha noko med Gud å gjera.
.
2) Gud kallar menneska. Salme 50, 1. Han talar og kallar frå sola går opp til ho går ned. Slik møter han alle som kjem i kontakt med Guds ord. Naturen talar også til oss, Rom. 1, 20. Men det er ingen tale til frelse og forsoning. Men han vil at alle skal bli frelst, 1. Tim. 2, 4. Alt er klart frå Gud si side. Ingen skal kunne anklaga han på dommedag.
.
3) Gud er også far. Dei ufrelste og heidningane kjem heim når dei blir kristne. For i heimen er far. Men han møter oss ikkje med refs og slag. han opnar armane mot oss når me kjem, som den fortapte sonen opplevde det. Luk. 15. Og nå ventar han på deg!
.
2. Jesus.
Han er den andre personen i guddommen. Kva er hans plan og teneste?
.
1) Jesus har betalt for alle. 1. Tim. 2, 5f. Jesus er vår mellommann og løysepenge. All skuld vart tilrekna Jesus. Han betalte med blodet sitt då han døydde på krossen. Kvar einaste synd vart sona då. I Kol. 2, 14 skriv Paulus: Han utsletta skuldbrevet. Det er fullstendig borte. Alle synder i heile verda vart notert på ei rekning, og Jesus sa: Eg betalar alt. Då er me ved påsketid.
.
2) Jesus sender oss ut. Han seier: Gå! Misjonærar og predikantar  er Jesu stedfortredarar på jorda. Me er sendebod i staden for Kristus, 2. Kor. 5, 20. Underleg nok står det: Som om Gud sjølv formanar … Det er veldige ord. han har ingen andre til å gå enn syndige men frelste menneske. Korleis kan då nokon sjå smått på det? Misjon er å fylgja Jesu ordre. Det gjeld ute og heime, på møte, i forening og når du ber og gir dine gaver. Du er i Guds stad. Jesus sa ein gong: Likesom faderen har sendt meg, sender eg dykk. Johs 20, 21. Slik er det: Me er sende av Gud Fader.
.
3. Anden.
Den tredje personen i guddommen er Den heilage Ande. Då er me ved pinsetid.
.
Han kan ikkje skiljast ut frå dei andre tp personane. Det handlar om tri som er ein, ei tri-eining. Difor er det galt å seia at kristne ikkje har Anden. Du kan ikkje vera kristen utan den. Alle frelste har del i den tredje guddommen, for dei er uskiljande.
.
Me skal ta med to viktige ord om Anden:
1) Johs 16, 8:  Han skal overtyda verda om synd. Det held han på med nå. Dersom Anden arbeidar med meg, ser eg meir og meir av mi eiga synd.  Eg ser kor duglaus eg er i arbeidet for Gud og blir stadig audmjuka av Anden når han syner meg korleis eg eigentleg er. – Det er då eg har mest bruk for hans nåde.
.
2) Johs 16, 14: Anden skal herleggjera Kristus. Han viser oss alltid til Jesus Kristus. Han opphøyer ikkje seg sjølv, men let Anden stråla fram hjå den truande. Då ser du kor stort det er å vera frelst og kor trygg du er. Og då vert ikkje misjonen mitt og vårt arbeid. (Det er ein fåre ved å understreka det.) Då blir det Herrens gjerning og han får all ære.
.
I alt dette sa Jesus at han ville vera med oss alle dagar. Då kan me vera frimodige. I profetordet om Jesus står det tydeleg: Han skal verta kalla Immanuel og det tyder nett dette: Gud er med oss. Og det vart sagt då Jesus skulle koma til vera, Mat. 1, 23. Så det gjeld han. Og ein gong sa Jesus dette slik: Der to eller tre er samla i mitt namn, der er eg… Mat. 18, 20.
.
Så går me frimodig i striden.
.
--

Mat. 28, 16-20. Ein stor tekst. v

 

.
Dette er ein fin tekst, både om misjon, dåp, opplæring og trieininga. Her skal me berre stansa for misjonsoppdraget. Det er viktig for Guds folk.
.
Læresveinane reiste dit Jesus hadde sag ta han ville møta dei, v. 16. I ein eldre Bibel heiter det: Der Jesus hadde satt dem stevne. Det er eit fint trekk ved dei. Då tvilte dei ikkje. I dette stod Jesu ord fast.
.
Kor kan me møta han nå? Har han sagt noko om det?
- I Bibelen er ein fin møteplass. Når den opnar seg, vert det lys, står det. Salme 119, 130. Det har me truande erfart. Over ein open bibel sender Gud sitt himmellys ned i mørke sjeler.
- I forsamlinga av dei truande er det og slik. Der to eller tre er samla i Jesu namn, er han midt imellom dei. Det er hans eigne ord.
- Bønelivet er óg slik. Songaren har rett: En liten stund med Jesus – den bringer kraft med seg. Den gir meg lyst å vandre på Herrens gode vei. Har du ikkje erfart det i gode og stille bønestunder i lønnkammeret? Der er Jesus.
.
Så fekk dei sjå han. Dei tilbad, fall på kne i audmjuk bøn. Då er det at somme tvilte. Det vart kanskje for sterkt for dei. Dei hadde jo sett han ved Golgata. Dei visste han var lekamleg død. Og nå stod han der! Kva var det?
.
Då tala Jesus til dei – også tvilaren fekk høyra desse orda. Og dei fekk veldig mykje å seia for kyrkja og kristenfolk til alle tider. Lat oss sjå på tre store ting han sa.
.
1. Først: Om ei STOR MAKT.
Eg har fått all makt, sa han. Det minner han dei om først av alt. Ikkje minst for tvilaren var det godt. Det skulle ikkje stå på han – der var resurser nok.
.
Det seier oss at ein kristen har kontakt med himmelske krefter. Gud har vist litt av desse kreftene for oss. Me tenkjer på skapinga då alt vart til ved eit ord. Og julenatt då Gud sjølv steig inn i verda i sin eigen Søn og vart eit menneske. Og ikkje minst på krossen langfredag. Då vart alle synder lagt på Jesus og han bar dom og forbanning i vår stad. Er ikkje det ei veldig makt og kraft? Og dinest oppstoda. Gud reiste ein død lekam opp og viste ved det kor stor han er.
.
Ordet på grunnteksta for ”makt” tyder m.a. fullmakt (exousia). Som skapar og herre eig han alle ting og er utgangspunktet for alt. Då har han ikkje berre krefter nok til å gjera alt. han har lov til det og fullmakt i kraft av sitt skaparverk og som ein evig og fullkomen Gud. Ingen kan ta frå han det.
.
Slik er han også her og nå. Han har alt du treng. Og han brukar dei same krefter i vår kvardag som han brukte på Jesus då han vekte han opp frå dei døde. Ef. 1, 19-20. Dermed er Kristi oppstandelses kraft vår. Midt i vår usseldom og veikskap er me utstyrt med himmelske resurser.
.
Paulus skriv at han ynskjer meir av det – så eg kan få kjenna han og krafta av hans oppstode, Fil. 3, 10. Me må alltid byggja på det Gud gir oss i Kristus. Me får henta kraft og visdom der til liv og teneste.
.
2. Difor gir han oss ei STOR OPPGÅVE.
Her bruker han fire verb me skal leggja merke til: Gå – gjer – døyp – lær. Og oppgåva er formidabel: Læresveinane skal gjera alle til Guds folk. Kvar nasjon og kvar familie og einskildperson må få høve til å tru på han.
.
Gud vil det. 1. Tim. 2, 4. For alle var med i Jesu død. Misjonen er altomfattande. Difor blir me aldri ferdige med denne oppgåva. Det vil alltid vera nokon som ikkje er nådd. Kallet er å oppsøkja dei, tala og vitna for die.
.
- Det skal skje ved dåp. Det er ein eingongshandling. Men det skjer ikkje automatisk eller som magi når vatnet renn over barn eller vaksne. (I teologien kallar dei det: ex opere operato.) Olav Valen-Sendstad gjekk t.d. sterkt mot denne tanken, som eigentleg er katolsk. Til dåpen høyrer alltid trua, jfr. Mark. 16, 16.
.
- Til dåpen høyrer naturleg og naudsynleg opplæring. Me treng alle å vita kva frelse er og kva livet med Gud er. Difor gjeld opplæringa heile livet. Og Jesus sa det slik: Ved å læra dei å halda alt det eg har bode dykk. Det er ikkje sikkert me kristne har vore flinke nok til å læra dei unge og nye kristne ALT. Ingen ting må utelatast.
.
- Gå ut, sa han. Det er kallet. Direkte og udiskutabelt. Det er mange arbeidslag og organisasjonar i vår tid. Men tenesta og målet er det same. 2. Kor. 5, 20: Me er sendebod i staden for Kristus. Jfr. Luk. 24, 48; Luk. 14, 17; Op. 22, 17. Men me må heile tida vera på vakt om arbeidslaga har rett kurs.
.
- Til læresveinar, sa Jesus. Misjon er ikkje naudhjelp, skule, helsearbeid. Det er ikkje nok. Alt godt arbeid er vel og bra, men det rekk ikkje som misjon. Målet er klart: Folk må bli frelst frå si synd! Verda er fortapt utan Jesus. Det er berre ein veg.
.
Då Jesus såg folket, tykte han hjarteleg synd i dei. Mat. 9, 36. Me må altså sjå folket slik Jesus såg dei. Og han såg aldri berre fattigdom og sjukdom og den ytre stoda. Gong etter gong les me at han sa: Trua di har frelst deg, når han lækte folk frå sjukdom. Sjelenauda var størst.
.
Paulus skriv til romarane: Eg har ei stor sorg og ei vedvarande naud: at dei må bli frelste. Rom. 9, 2. Misjonæren Reichelt syng djupt og inderleg: Gi meg ditt ømme frelsersinn for slektens sorg og harm… Sangb. 705.
.
Nå ber han oss gå. Me skal vera sendebod for himmelen. Der er ei legende frå utgangen av Egypt (2. Mos. 12). Gamle Jakob gjekk frå hus til hus og sa: Du har vel slakta lammet? Har du smurt blodet på dørstokkane? Til eit ungt par sa han: Gløym ikkje blodet. Berre det frelser nå!
.
Nå kjem han til ditt hus. har du teke imot Jesu frelse? Her er han som kan frelse hver syndebunden trell; her er han som kan øse trøst i hver bange sjel. Sangb. 674.
.
3. Til slutt kjem Jesus med ei STOR TRØYST.
Eg er med dykk alle dagar. Det var nistepakken dei fekk med seg ut i verda. Kvar dag gjeld det. Det blir tunge og lette dagar i tenesta for Gud. Då skal me få sjå noko: Jesus er der. Det gir frimod og kraft. Og me kan stola på dei orda.
.