onsdag 7. mars 2012

Abrahams liv og tro .


Abraham

1) Abrahams kall.

1. Mos. 12, 1-5.


Av Nils Dybdal-Holthe.
.

       Abraham er kalla dei truande sin far, og soga om han står mellom Urhistoria (1. Mos. 1-11) og Israels historie. Ettersom Abraham også er jødane sin far, er dette også byrjinga på det utvalgte folk si historie.
.
       Han blei først kalla Abram, som tyder "opphøgd far". Seinere fekk han namnet endra til Abraham (1. Mos. 17, 5), med tydinga "far til mange folk". Historia seinere vil visa denne skilnaden. Men her vil me heile tida kalla han med namnet Abraham - det er også NT sitt namn på han.
.
1. Slektsoge og kall.
       Første gang me finn Abraham nemnd i GT er i slektsoversynet etter historia om forvirringa i Babel, 1. Mos. 11, 26. Han hadde brørne Nakor og Haran. Haran var far til Lot som me møter i Abrahams historie.
.
       Far deira far var Tarah som vart 205 år gamal. Far til Tarah var Nakor, og me ser altså at Tarah kalla den eine sonen sin opp etter far sin - ein ikkje ukjend praksis både i vårt land og andre stader. Far til denne eldste Nakor var Serug, og fylgjer me hans historie bakover, kjem me til Noahs son Sem.
.
       Slik viser Bibelen her at Abraham var semitt. Og Gud hadde lagt ei spesiell velsigning over Sem si ætt. Noah talte profetisk etterat han hadde vakna av rusen sin og sa: Lova vere Herren, Sems Gud (1. Mos. 9, 26).
.
       Herren var altså Sems Gud, men ikkje Kam og Jafets. Dermed står Sems ætt i ei serstilling. Og det er nettopp Sems ætt som me nå kan fylgja vidare i Bibelen. Gud utvalde ei bestemt ætt, og i den skulle hans frelsesplan skje.
.
       Så skal me sjå korleis Guds utvelging går vidare. Han vel ut ei bestemt line i Sems ætt. For mange andre slekter tilhøyrer også Sems ætt, t.d. arabarane og nokre av Israels nabofolk. Men ei bestemt ætt i den utvalgde ætta ville han bruka.
.
       Slik viser Gud kor suveren han er i alt. Han har rett til det, for alt er hans skaparverk.
.
Abrahams kall. 1. Mos. 12, 1-5.
.
   Abraham er Israel sin stamfar, og han er kalla dei truande sin far. Han levde ikring 1900 år f. Kr. Han viser oss veg korleis livet med Gud er. Denne soga er sann historisk om Abraham, om Israel - og om oss kristne. Det har ein gong hendt slik - og soga er førebilete for oss. Slik Gud handla med Israel vil han handla med oss.
.
  1) Han fekk eit kall: dra ut.
Han skulle dra ut av det heidenske Kaldea. Ur var eit kultursenter på den tid i Sør-Babylonia. Det var i dette område og på denne tida at den "gode" Hammurapis lov vart til. Den har trekk som liknar på Mose lov. Men på same tid var det ein laussloppen moral og seksualitet i landet. Det var her astrologien tok til, som er avgudsdyrking.
.
  Abraham skulle forlata det. I første omgang drog han nord-vestover til Karan. Det var ein viktig handelsby, og her var han til faren døyd¬de. Då drog han vidare til Kanaan og hadde dermed sagt farvel til det verdslege Kaldea.
.
  Me får og eit slikt kall. Omvendinga tyder m.a. å forlata denne verda og dens vesen. Me skal ikkje gå i kloster eller skilja oss ut frå alle menneske.  Men me skal forlata det verdslege i levemåte og tenkjemåte, synda og det halvhjarta. Omvending¬skallet er å gi seg over til Gud og la han styra vårt liv. Elias sa på Karmel: Kor lenge vil de halta til begge sider (1. Kong. 18, 21). Og Jakob slår fast: Venskap med verda er fiendskap med Gud (Jak. 4, 4).
.
  Det er kallet til oss nå. "Farvel du brede stre¬de, du ser meg aldri mer."
.
  2) Kallet var eit offer.
Han måtte forlata alt sitt eige og dei fleste av sine kjære. Han miste altså noko av den jordiske tryggleik og tok til på eit liv i uvisse. Hebr. 11, 8 seier det slik: han visste ikkje kor han skulle koma.
.
  Dette krevde tru. Han hadde berre Gud å stola på framover. Han visste truleg lite om verda utafor sitt eige land sjølv om han sikkert hadde høyrt ein del ettersom det var handelsvegar mellom landa. Likevel - han skulle reise - til det land Herren ville syna han.
.
  Slik er ein kristen sitt liv. Me ferdast i tru, ikkje i syn, 2. Kor. 5, 7. Og Jesus seier: Sæle er dei som ikkje ser og endå trur. Det tyder å gå på Guds lovnadar og å stola på Guds ord. Det er å tru. Ikkje alltid skjønar me alt eller føler så godt. Men trua grip tak i det Gud har sagt og lit på det uansett. Ved tru drog Abraham ut, Hebr. 11, 8. Slik har heller ikkje me noko anna enn Bibelens ord og løfter. Dei kan me gripe tak i.
.
  3) Han vart velsigna.
Dette var ein lovnad. Han skulle få Guds velsigning over livet og reisa si, v. 2. Sjølv om det vart eit liv i uvisse og offer, skulle det bli eit godt liv. Det fylgjer alltid lukke og glede med velsigninga om den ikkje kjem slik me trudde. Abraham var lydig mot kallet og gjekk på Guds ord. Den velsigning som han då opplever er meir verd enn det verda kan tilby.
.
  Filipperbrevet er eit gledesbrev. Men det var skrive i fangeho¬let. Og Efeserbre¬vet tek til med "all åndeleg velsigning" (1, 3). Det viser at orda i Ordspr. 10, 22 er sanne: Det er Herrens velsigning som gjer rik.
.
  Reknar me med denne velsigning i dag? Me opple¬ver ofte at der offeret var størst, kom den rikaste velsigning. Og den største velsigninga me slik får oppleva er forlating for synd og skuld (Apg. 3, 19). Dei som trur vert velsigna med den truande Abraham (Gal. 3, 9).
.
  4) Han fekk lovnad om vern.
Eg vil velsigna dei som velsignar deg, og den som bannar deg, vil eg forbanna, v. 3. Gud tok altså omsyn til korleis folk stilte seg til Abraham og hans ætt. Det ville påverka deira eige liv. Det gjeld Israel som folk såvel som oss truande i dag. Gud handlar slik med folket. Guds folk er hans augnestein og han vaktar dei til alle tider. Me står under hans vern på serleg vis. Difor kan me rekna med Guds hjelp gjennom alle tider og tilhøve.
.
  5) Abraham skulle bli t i l  velsigning.
Du skal verta ei velsigning, v. 2b og: i deg skal alle ætter på jorda velsignast, v. 3b, seier Herren. Det er sterke ord. Og det må sikta vidare enn den jor¬diske lukke og framgang Abraham sjølv opplevde. Då vart ikkje alle slekter på jorda velsigna ved han.
.
  Ordet i Gal. 3, 14 er tolkingsnøkkel for oss her: så velsigninga åt Abraham kunne koma over heidningane i Kristus. Dette er med andre ord ein profeti om Messias og frelsa som kom med han. Frelsa er ei velsigning. Og Kristus kom med den. Og den var ikkje berre for jødar - alle heidnin¬gar skulle ha høve til å bli frelst. I desse orda ligg slik misjonen. Orda her er ein veldig misjon¬stale til oss. Det er vår oppgåve å bera vel¬sig¬ninga til nye folk.
.
  Så kan me sjå på dette ordet på denne måten: Gud vil at du og skal bli til velsigning - både her heime og der ute. I dagleg bøn, i offer og misjons¬arbeid sender me velsigninga ut til andre. Då opplever me at ved å arbeide for Gud blir me sjølv velsigna. Då gjeld ordet i 2. Kor. 9, 6: Den som sparleg sår, skal og sparleg hausta. På bokmål står ordet "karrig". Du får lite att av Gud ved å gi lite.
.
  Nå kjem ordet til oss. Har du brote opp frå verda og fylgd Abraham på vegen mot Kanaan? Og er du med og spreier velsigninga ut til andre som ikkje ein gong har høyrt ryktet om den?
.

2) Truslivet i landet.

1. Mos. 12, 6-20.

.
  Abraham og Sara er nå komne til Kanaan, og dei hadde Lot med seg. Dei gjekk på Guds lovnadar og reiste gjennom heile landet. Så slo dei seg ned og bygde ein heim i lag. Dette viser oss noko om korleis ein kristen heim skulle vera. Korleis er mange heimar i dag? Held dei det bibelske mål?
.
  1. Herren openberra seg, v. 7.
Herren synte seg og dei tala saman. Gud var nær, og det var eit fint "forhold" mellom dei. Slik er ein kristen heim ein stad der Gud får visa seg. Der er det godt og velsigna sjølv om dei ikkje alltid er samde i alt. For der er Jesu sentrum og hovudsak. Og då må det bli godt. Ein heim kan vera ein himmel eller eit helvete på jord.
.
  Det er problem og for kristne, i heim og på arbeid. Men ein kristen kan løysa slike ting i Guds nærleik. Men då må me og vere viljuge å visa Guds sinnelag mot kvarandre. Me må læra av Jesus, Mat. 11, 28. I første rekkje må me læra kjærleik og å vere audmjuke mot kvarandre. Det harde hjart¬elag og sinn har skapt mykje vondt i heim og kyrkje.
.
  Herren har fortruleg samfunn med dei som ottast han, Salme. 25, 14. Der otten for Gud er, stig himlen inn. Då openberrar han seg for oss. Og den openberring kjem ved ein open bibel, falda hender og i lag med veneflokken. Der får Gud vera nær. Der kjem vel¬signinga.
.
  2. Han levde mellom heidningar, v. 6. 
Kanaanitt¬ane budde då i landet. Dei dreiv avgudsdyrking, usedelegdom og utukt av mange slag.  Dei dyrka Astarte som fruktbarhetsgud med ein laussluppen sexkultur. Dette påverka Israel fleire gonger og førte dei til fall og fråfall.
.
  Slik lever me midt i denne verdslege verda. Og den er ein fåre for Guds born. Verda er ei sterk makt som kan påverka oss og føra oss vill. Tanken vår blir lett verdsleggjort og får oss til å tenkja på same måte som heidningane. Radio, TV og aviser hjelper oss til dette.  Då kan me bli lik denne verda både i tenkjemåte og i levemåte. Det ser me t.d. på måten me bur på og levemåten vår. Her ser folk ofte meir på korleis naboen og slekta har det enn kva lommeboka tillet og Gud vil. Bunyan kallar ein slik levemåte "forfengeleg¬dom". Det er ikkje ufårleg for gudslivet å leva slik som naboen gjer! Alvoret er borte, og verda vert dominerande. Og der dominerar ofte det som er gøy og det som ser flott ut.
.
  Då skjer ein ting: der verda får makt,  minkar Guds openberring. Det blir kaldt og egoistisk mellom oss. Me vert meir opptekne av dette livet enn av himlen. Det er døden.
  Er dette i ferd med å skje imellom oss nå?
.
  3. Han bygde eit altar, v. 7-8.
Kor han kom, bygde han eit altar for sin Gud. Alteret var ute. Dei hadde ikkje tempel eller gudshus på denne tida.  Difor var det synleg for alle. Heidningane kunne sjå kva han gjorde.
.
  Difor vart dette ei vedkjenning for Abraham. Det synte at han var annleis enn dei. Han tilbad ein annan Gud. Han skamma seg ikkje men viste fram si tru. Slik er kristenlivet. Me må vere viljuge å byggja altaret ute, til vitnemål for alle. "Med hjarta trur me til rettferd, og med munnen sannar me  til frelse" (Rom. 10, 10).
.
  Men altaret var og ein offerstad. Der ga Abra¬ham eit offer til Herren. Og noko av dette offe-ret var takk til Gud for all hjelp. Nå kan det vere eit offer å vere ein kristen eller å ha ein kristen heim. Spørsmålet er om me er viljuge til det? Alterets tale er her: Gud har førsteplassen i mitt liv. Då kjem og spørsmålet om å leve enkelt i heimen - for å ha noko å gje til misjonen.
.
  Korleis skal eg reisa dette altaret?
  Ved husandakten bygger me altaret heime. La Kristi ord bu rikeleg mellom dykk, sa Paulus. Kol. 3, 16. Husandakten er ryggraden i kristne heimar. Sviktar me her, vil det lett svikta alle stader i livet vårt. Det kan vere som eit skred. Det tek til i det små med svikt ovafor borna eller sviger¬borna. Så tek det eine det andre med seg og gudslivet sløvar litt etter kvart.
.
  Begynn i det små om du har svikta. Les frå ei god andaktsbok og be ei kort bøn. Så vil du oppleva at frimotet aukar med bruken.
.
  Søk først Guds rike, sa Jesus. Gud vil det beste for oss. Let me hans rike har prioritet i livet vårt, vil me oppleva velsigning ved det. La møter og misjon går framom alt privatliv. Hygge og selskapsliv kan bli eit hinder for Gud dersom det kjem i hans plass. Alt skal vere vitnemål om frelsa. Livet vårt er eit alter som syner kven me lever for.
.
  Og der ved altaret påkalla han Herrens namn. Han ba  ikkje berre i naud og sorg. Han hadde stadig kontakt med sin Gud. Det er noko av krafta i Abraham sitt liv. Me veit av erfaring at bønelivet i heimen kan lett øydeleggjast ved uforstand og ulydnad. Eit skakt ord til maken kan vere nok til å hindra bøna i lang tid. Difor står det i 1. Pet. 3, 7: lev med kvarandre med forstand - så bønene ikkje vert hindra.
-

3) Abraham sitt fall.

1. Mos. 12, 9-13, 4 + kap. 20.

.
  Dette avsnittet syner at Abraham ikkje var fullkomen. Det er eit trist bilde av ein Guds mann. Kvifor hende det med han som var ein trua sin mann?
 .
 Han hadde den gamle natur, trass i at han var utvald av Gud sjølv. Slik er me og, med ei dobbel natur. Noko i oss vil det gode, og noko vil gje etter for synda.
.
  Kvifor står ei slik trist hending i Bibelen? Kunne den ikkje like godt eller betre vore gløy-md? Kanskje det, på ein måte. Men nå vil den visa oss Guds veldige nåde og langmod mot dei truande. Og den vil og visa oss at me er ufullkomne synda¬rar som er i fåre kvar me går. Bibelen gir ikkje eit glansbilete av kristne. Den syner oss det realistiske bilde av slekta. Der kan me kjenna oss att, og der får me hjelp.
.
  Her vil me sjå på dette: Abraham sitt fall. Det er alltid alvor, men mest når ein truande og ein åndeleg leiar gjer det gale. Det skader Guds sak meir enn mykje anna. Og det er vår sorg at slikt skjer.
.
  Som i dei aller fleste fall skjedde det trinnvis. Suksessivt glei han bort frå den smale vegen og kom i utakt med Guds vilje.
.
  1. Sørover.
  I v. 9 finn me at han reiste sørover - mot øyde¬marka Negev. Med det kom han nærare Egypt og heidenskapet. Han fjerne seg frå det landet eller det området som Gud ville han skulle bu i. Og det var mot Guds bod. Han hadde fått Kana'an, v. 7,. Det var Guds gåve til han og familien. Og der var velsigninga for dei. Litt etter kvart flytte han så bort frå det. Til sist finn me han heilt nede i Egypt, v. 10. Det var nauda i landet som dreiv han dit. Slik kan utviklinga bli for ein kristen. Det kan gå nedover. Sløvhet, verdslegdom og tilpas¬sing til dei andre eller rein rutine i livet kan føra oss nedover i gudslivet.
.
  2. Brorsonen Lot.
  Han tok med seg brorson sin Lot på denne turen, v. 5 og kap. 13, 1. Han var frå Mesopotamia. Han fylgde dei til Egypt.
.
  a) Det var ikkje etter Guds bod at han skulle vere med i det heile. Han fekk bod om å dra bort frå slekta si, v. 1. I dette ser me ei delvis lydig¬het ved Abraham. han gjorde ikkje alt eller heilt det Gud sa.
.
  Det er alltid fårleg. Han var for omsynsfull og svak for slekta si. Det såg lite ut og kunne vel ikkje vere skadeleg. Men det var ikkje etter Guds vilje, og då fører det galt av stad. Me skal vere varsame med små feil og avvik. dei fører ofte til store feil.
.
  b) Abraham fekk problem med Lot. Det hende fleire gonger. Mange kristne må lida livet gjen¬nom på grunn av sine eigne "små" synder. Me må betale for det me har gjort sjølv om me får tilgjeving.
.
  3. Hunger i landet.
  Det var stor naud i landet, v. 10. Difor reiste han til Egypt. Han hadde fått bod frå Gud om at han skulle vere i Kana'an. Trudde han ikkje på Gud nå? Ville ikkje Gud kunne hjelpe han i denne nauda?
.
  Før hadde han trudd på Gud. Han tok han på ordet og drog ut av sitt eige land og forlet slekta. Han gav avkall på alt. Fleire gonger såg han korleis Gud hjelpte han. Nå fylgde han vitet sitt, fornuften. Var det vantru som viste veg for han nå? Han hadde gløymt lovnaden om velsigning og hjelp. Då kjem ofte tvil og uro. Han kunne ennå ha snudd og reist attende til Guds land. Det ville nok ha kosta. For då måtte han ha levd på tru.
.
  4. Ingen altar.
  Då han kom til Egypt bygde han ingen altar for Herren. Før hadde han bygd altar der han kom og ofra og tilbede sin Herre og Gud. Men ikkje her. Her berre samla han gods og verdsleg rikedom, v. 16 og 13, 2. Det jordiske tok all tida hans og truleg interessa. Han hadde ikkje krefter att til bønestundene og offeret til Gud. Det er ein viss veg til meir synd og verdslegdom.
.
  5. Direkte synd.
  Då Abraham kom i vanskar medan han var i landet, fall han for freistinga til synd.  Han laug og ba Sara å lyge, v. 13. Det var ikkje Gud som ba han om det.
.
  Kvifor gjorde han det så? For å berga livet! Han tenkte det var best. Mange menneske tenker feil i dette stykke. Dei tek ikkje Gud med og let sin eigen syndige tanke styra handlingane. Paulus skriv derimot i 2. Kor. 10, 5: "og tek kvar tanke til fange i lydnad mot Kristus". Det er vegen. Abraham gjekk sin eigen veg. Dei skulle tru at Sara var søster hans, så vart han sjølv berga. Han tenkte mindre på henne. Ho kunne blitt ei horkv¬inne!
.
  Men Gud var der, midt i denne situasjonen. Og han hindra det djupe fallet som kunne kome. Abraham vart kalla fram til Abraham, og alt vart oppdaga. Han vart så bortvist, v. 20. Gud måtte bruka ein verdsleg konge for å fremja sin vilje med den gudfryktige Abraham. Slik er Guds vegar uransakelege. Det måtte vere ei skam for dei truande sin far å oppleva slikt. Han måtte kjenna seg audmjuka der han drog med seg og sine heim att frå Egypt. Han skulle vore til velsigning for alle folk. Det var lovnaden. Så vart han til ulukke.
.
  Likevel: det var oppreising for Abraham! Han drog attende til Kana'an (13, 1). Også nå hadde han Lot med. Kvifor vart det fornying nå?
.
  Han reiste attende til den staden der han før hadde tilbede Gud og reist eit altar, v. 4. Han vende attende til byrjinga, slik han hadde hatt det før då han levde rett med sin Gud. Korleis var det?
.
  Då ba du om nåde og tilgjeving. Du hadde ei von. Det var frelse og fridom i Jesu Kristi sår og blod. Det var byrjinga. Og slik held det fram så lenge me er her på jord.
.
  Der kalla han på Herrens namn, står det. Det var redninga til Abraham. Han tilbad ikkje. Han ba om nåde og frelse. Det første me treng er reinsing frå synd. Men det er ein audmjuk veg for dei stolte menneske. Men denne audmjuke veg fører til frelse og fornying. Berre den.
.
  Treng du og eg å bygga eit slikt altar?
.

1. Mos. 13.

 4) Abraham og Lot.

  Gud ba ikkje Abraham ta Lot med på reisa til Kanaan. Han var ikkje med i kallet han fekk. Det var ulydnad frå Abraham å ta han med. Han skulle dra ut frå slekta si, 12, 1. Og me ser straks at Lot vart eit problem for han. Og slik er det alltid. Der med er ulydige mot Gud, vil me få problem og vanskar. Me kan nemna tre hendingar som viser dette:
.
  I kap. 13, 7 les me om at hyrdingane til Lot og Abraham tretta. Dei vart ikkje samde om beite¬markene. Då let Abraham Lot få velgja først. Tek du til venstre skal eg ta til høgre, sa han til venen sin, v. 9. Det viser Abraham sitt sinnelag, korleis han som eigentleg hadde retten, ga frå seg det andre ville ha. Og Lot tok det beste han såg!
.
  I kap. 14, 12ff les me om korleis heidningekong¬ane tok Sodoma og dermed Lot som budde der. Då kjem Abraham og bergar han - med 318 mann mot 4 kongar og deira hærar. Gud var med avdi Abra¬ham var i Guds plan.
.
  Og i kap. 18, 20ff finn me Abraham i bøn. Synda var blitt stor i Sodoma, og då venta domen. Og i denne byen budde Lot med sin familie. Og då ville Abraham hjelpa. Så går han i bøn - for dei ugude¬lege! Spar byen for dei rettferdige si skuld, seier han. Så ser me korleis han forhandlar med Gud og går heilt ned til 10 rett¬ferdige før han sluttar. Var det ti rettferdige, kunne byen bergast. Men då det ikkje lukkast, fekk han Lot berga ut ved ein spesiell redningsaksjon, v. 19.
.
  Slik var Abraham mot den mannen som hadde valda han sorg og viste sin egoisme. Og slik vil Gud bruka dei rettferdige, dei truande, til å hjelpa andre.

Av alt dette ser me at Lot var ein haltande og svak truande, slik somme kristen også er det. Me finn fleire trekk ved han her:
1. Egoistisk.
I 1. Mos. 13, 8-9 ser me at det var trette om beitemarkene mellom hyrdingane til Lot og Abraham. Begge hadde ein flokk dyr og hyrdingar som skulle gjæta dei. Lot var der av Abrahams nåde – det var Abraham som hadde fått landet og slik skulle styra over det. Her viser han seg som den gode og audmjuke mann og ga Lott fritt valg: Ta det du vil ha, så skal eg ta resten. Slik talar og handlar ikkje alle.
Lot viste nå at han tenkte på det som tente han sjølv og tok det beste beitelandet. Han såg, står det. Auga hans fylgde landskapet og merka seg dei stadene der graset grodde godt og fint. Det tok han. Slik er det. Handlingane våre viser korleis hjarta vårt er. Dei er ein spegel av vårt indre liv. Er me viljuge til å ofra noko for andre og lata dei får det beste?
Lot ga ingen ting bort. Han berre samla til seg sjølv. I lista over truande i GT i Hebr. 11, finn me Abraham sitt namn, men ikkje Lot. Han er ikkje mellom truskjempene.
2. Verdsleg.
I v. 12-13 les me at han levde nær Sodoma, der synda og verda rådde. Det var ein stygg by som han fekk erfara i sitt eige liv. Og verda er vond i sinn innerste grunn. Dei som bur der, prioriterar dette livet og alt det me kan få der. Der reknar ein ikkje synda som farleg dersom ho ikkje vert kjend. Ein kan leva som ein sjølv vil, men helst utan at folk kjenner til det. Sodoma liknar litt på Laodikea slik (Åp. 2).
Det er ikkje ufarleg for ein kristen å leva nær og i verda åndeleg tala. Den påverkar oss og gjer sinnet sløvt for Guds vilje. Sodoma er fråfallet sin veg, og det ser me hjå Lot. I kap. 13, 12 er han nær Sodoma, i kap. 14, 12 lever han i Sodoma, og i kap. 19, 1 sat han i byporten. Då var han mellom leiarane i byen og var domar. Byporten var samlingsstaden for dei.
Jak. 4, 4 seier at venskap med verda er fiendskap mot Gud. Kan ein kristen leva der? M emå heller syngja slik: Gud, la ei synden slukke det brudebluss jeg bær. Og Salme 1 viser oss dette fråfallet slik: Sæl er den mann som ikkje ferdast etter råd frå gudlause menneske, og ikkje står på vegen saman med syndarar og ikkje sit i sete med spottarar – men har si lyst i Herrens lov.  V. 1. Difor skal me på rett måte vera redd for verda og synda, ottast for å falla.
3. Rettferdig.
Peter skriv i 2. Pet. 2, 7-8 at Herren «fridde ut den rettferdige Lot som vart plaga av den skammelege framferda til dei lovlause, - for den rettferdige som budde mellom dei, leid dag og natt pine i si rettferdige sjel ved ei lovlause gjerningane han såg og høyrde». Her er det klårt sagt frå at han var rettferdig og kjende det vondt når han så synda ikring seg.
Lot hadde altså ein gnist gudsliv midt i verda. Han var mellom dei som vart frelst «som gjennom eld», altså med naud og neppe. Jfr. 1. Kor. 3, 15. Lot kom rett ut frå det brennande Sodoma.
Rettferdig tyder i bibelsk tankegang å vera rett for Gud. I lys av den nye pakt kan eit menneske berre verta rettferdig ved å tru på Jesus Kristus og ta imot frelsa av nåde. Rom. 3, 22. Men denne verda med synd og skam heldt på å knekka Lot. Og slik er det: Alt som gjer rettferda av Guds nåde dunkel og mindre viktig, er av det vonde.

4. Fridd frå dommen.
I kap. 18 ser me korleis Abraham går i forbøn for Lot og Sodoma. Han ville be for ein syndig by! Og der budde slekta hans, Lot. Her skal me læra at det er livsfarleg å leika med verda aog sydna.
Abraham ba og Herren sa at hvis det var femti rettferdige i byen, ville han spara han. Men så mange var det ikkje i Sodoma. Og Abraham slo av på talet fleire gonger. Han kom heilt ned i ti rettferdige, og Herren lova også då å spara byen. Men det var heller ikkje ti rettferdige i Sodoma. Tenk det!
Slik er det også nå. Dei truande er med og bergar landet frå undergang. Om me synes me er få mange stader, er det me salt i jorda som hindrar at alt rotnar bort. Men det er me ikkje i oss sjølve. Det er Guds Heilgae Ande i oss som også gjer det verket.
Så fekk Lot bod om å berga seg og sine: Røm for livet, sa engelen. Kap. 19, 17. Og me syng me sanning: Så fly til den fristaden skjønne, til Frelserens vunder og sår.

5. Lot fekk ikkje sine med seg.
Lot talte til versønene sine og ba dei gå ut or byen, men dei lo berre av han. Dei trudde han dreiv gjøn, kap. 19, 14. Då sa engelen: Ta kona og døtrene din med deg og berga dykk. Men Lot nølte, v. 16. Trudde ikkje heller han på dommen? Men Gud ville berga dei. Så greip han inn sjølv, englane greip dei i handa og leia dei ut or Sodoma.
Men kona til Lot ville ha eit siste glimt av byen med synd og skam der ho hadde levd. Ho trassa Guds bod og såg seg attende. Det skulle ho ikkje ha gjort. Då vart ho til ei saltstøtte. Kap. 19, 17 og 26. Jesus nemner henne i talen om si atterkonme og seier: Kom ihug kona til Lot. Luk. 17, 32.
Ei trist side ved soga til Lot seinare er at døtrene hans levde i synd og låg med faren og fekk born med han. Det var langt frå Guds vilje. Etterkomarane deira vart moabitter og ammnitter. Desse slektene går etter kvart ut or soga om Guds folk. Men ein gong møter me dei att. Det er Rut som var moabitt og ho vart goft med Boas av Juda ætt etter Jakob. Og ho er ei stammor til Jesus.

Skal me stå imot verda og alt det vonde, treng me sanneleg Guds fulle rustning, Ef. 6, 10ff. Berre han kan berga oss gjennom synda og verda til himmellandet.

Lat oss også sjå kort på ein annan person i denne tida. Lot møtte ikkje han, men Abraham møtte han . Det var kongen i Salem (Jerusalem), Melkisedek, som tyder Rettferds konge. Kap. 14.

5)Melkisedek.

1. Mos. 14, 18-28.

.
Forhistorien er at Lot blir bortført.  Abraham befridde så Lot, men Abraham sa nei til lønn, v. 21-23.
.
En annen person kommer nå fram, Melkisedek. Vi møter ham også senere i Bibelen. Hvem er det? Her står det flere ting om ham:
.
1. Konge i Salem, det er i Jerusalem.
 Og Salem (sjalom) betyr fred. Fred betyr mer enn fravær av krig. I Guds rike er det åndelig, indre fred – med Gud. Det er stor mangelvare nå. Mye uro finnes blant folk. Her kan vi lære noe av fredens by.
.
2. Var prest.
Han var ingen avgudsprest. Men midt i hedenskapet var det en sann prest – for Den Høyeste Gud, Skaperguden, Den eneste sanne Gud. Han hadde tidligere kalt Abraham.
.
Melkisedek betyr ”Rettferdighets konge”. Han levde selv rettferdig, og var representant for en rettferdig Gud. Denne Gud hadde utvalgt både presten og Abraham. Melkisedek var til hjelp for troshelten Abraham.
.
3. Melkisedek kom med vin og brød.
Han kom med gaver og mat til en trett Herrens tjener. Han viste omsorg for ham, slik vi alle skulle gjøre.
.
Det kan være symbol og forbilde på nattverden. Den taler tydelig om Jesus. Han er livsens brød, Joh. 6, 35. Og det sanne vintreet, Joh. 15, 1 og 5. I Salme 23, 5 tales om Herren som vår hyrde (Joh. 10), og han dekker bord for oss. Det er den åndelige føde Gud gir sine barn.
.
4. Melkisedek velsigner Abraham, v. 19.
Det er ikke tale om jordisk gods og ære. Velsignelse er himmelsk godhet og herlighet. Abraham hadde løfte om velsignelse, kap. 12, 2. Melkisedek er  redskapet.
.
Vi har ”all åndelig velsignelse i himmelen i Kristus” (Ef. 1, 3). Ved troen på Jesus får vi det. Vi må se den og blir minnet om den.
.
5. Melkisedek minte Abraham om den sanne Gud.
V. 20 sier: Gud har gitt dine fiender i din hånd. Seieren er gitt av Gud. Derfor skal Gud ha æren, ikke kongen eller Abraham. Vi trenger slike påminnelser: Ikke vi, men Han har gjort alt. Og vi kan med frimodighet gi Gud all ære.
.
I v. 19 sier Melkisedek: Velsignet være Abraham av Den Høyeste Gud.
Han eier alt, se v. 22 der Abraham svarer.
Alt er Guds eiendom, vi mennesker, kongen, fienden. Det gjør oss ydmyke. Ingen ting er vårt.
.
6. Melkisedek fikk tiende av Abraham, v. 20.
Det var egentlig unødvendig. Men det er uttrykk for takk og anerkjennelse fra Abraham. Prestekongen krevde det ikke, men Abraham følte og forstod: jeg vil gi noe tilbake.
.
Her i Kongedalen kunne Abraham blitt rik, men i stedet gav han bort noe. Slik virker Guds ord og evangeliet på et menneske. Jfr. Apg. 20, 35.
.
7. Melkisedek er forbilde på Messias.
To andre steder i Bibelen finner dette navnet.
a) Salme 110, 4. David taler om Messias som konge og prest. Flere steder taler Bibelen om denne dobbelte (og tredobbelte) rolle som Messias har. Her ser vi noe viktig: Du er prest til evig tid etter Melkisedeks vis.
.
b) I Hebr. 5-7 er han nevnt flere ganger, og nå med et tillegg: Han er yppersteprest (øvsteprest). Det er ikke sagt i 1. Mos. 14.
Han var alene som prest i Salem og samtidig konge. Dermed var han den høyeste.
.
Vi ser i Hebreerbrevet noe mer:
1) Messias er øvsteprest etter Melkisedeks vis, Hebr. 5, 6. Noe spesielt ved Melkisedek finner vi her: Messias er Jesus Kristus, en prest til evig tid. Prester i Israel var i tjeneste i sin livstid. Etter døden kom en ny prest.
Jesus som Guds Sønn er derimot evig, og hans gjerning skal aldri gjentas. ”Det er nok det som Jesus gjorde.”
.
2) Med Kristus skjedde en omskiftelse. Hebr. 7, 12. Det gjelder prestedømmet i GT, loven, pakten og løftene. Det er forskjell på den gamle og den nye pakt, og på Arons og Kristi prestedømme. Aron representerer pakten ved Moses og loven på Sinai. Kristus er den nye pakts hovedperson.
.
Allerede i GT kom lyset fra den nye pakt inn og varsler om det som skal komme. Her skjer det ved Melkisedek. Han er bilde på den nye pakts prest, dvs på Guds Sønn. Han var ikke Guds Sønn, men gjort lik ham i det historiske, Hebr. 7, 3. Og her ser vi flere ting.
.
3) Melkisedek var uten far og mor, Hebr. 7, 3. Han var altså uten kjent familie og ætt. Ingen begynnelse og ingen ende betyr: vi kjenner ikke hans fødeår eller dødsår. Men det er ikke noe mystisk. Her står han i kontrast til  slektstavlene i 1. Mosebok og senere. Og i kontrast til øvstepresten Aron som vi kjenner slekta til. Han var bror til Moses.
.
Dette skal vise forskjellen mellom Jesus som Guds Sønn og prestene i GT som var mennesker.
Jesus er opphøyet over alle dem. Det var nødvendig. Hebreerbrevet argumenterer slik: Hvis vi kunne bli frelst etter den gamle pakt, hvorfor var det da nødvendig med en ny øvsteprest, lik Melkisedek? Kap. 7, 11. Og det er en hovedsak, sier kap. 8, 1. Vi behøvde en frelser som er fullkommen på alle måter, kap. 7, 26. Derfor måtte Guds Sønn komme. Melkisedek peker fram mot ham.
.
4) I lys av Melkisedek ser vi at Kristus som frelser er:
a) En evig konge som hersker med rett og rettferdighet. Det skjer nå i nådens rike, og i evigheten i herlighetens rike.
.
b) Han er freds konge som nå gir hjertefred til syndere som kommer til ham, og han skal en gang opprette et evig fredsrike.
.
c) Han er prest for Den Høyeste Gud, og ofret seg selv for våre synder på korset. Det er nok for alle mennesker.
.
d) Han gir velsignelse til Guds folk, både ved tilgivelsen for alle synder og ved at han er med sitt folk alle dager. Han gir oss åndelig mat og styrke på veien.
.
e) Hans prestedømme og tjeneste er større enn alt annet, kap. 8, 6. Han ber i himmelen og er talsmann og representant for Gud i prøvelser og anfektelser. Det er denne Frelser vi har, og som vi kan få dette vår lit til i liv og i død. Har du gjort det?

Abraham B.

6) Abrahams tro.

1. Mos. 15f.


I kap. 12 les me om at Abraham fekk lovnad om å bli eit stort folk. I kap. 13 får han lovnad om landet og i kap. 15 om ein arving. Ætta hans skal bli som stjernene – i v. 18 der får han ei pakt med Herren. Det kan me sjå på slik: Gud viser litt av sanninga kvar gong og utvidar lovnadene. Han får ikkje vita alt på ein gong, sjølv om mykje står i kap. 12. Me vil stansa for noko her.

A. Veikskap.

I dette avsnittet syner Abraham ein veikskap i trua som i byrjinga ikkje er direkte synd eller fall. Guds lovnad er stor og tek lang tid. Då røyner det ofte på med trua. Har me mistydd Guds ord? Meinte han det ikkje så direkte eller bokstavleg som det står skrive? Ein slik veikskap kan med tida lett bli til ei syndige og gal handling utan at me kanskje ser det er synd med ein gong.
Problemet var at Abraham hadde lovnad om ei stor ætt, men det hadde gått mange år utan at Sara fødde born. Kva hadde Gud meint med det? Slike spørsmål får me sjeldan straks svar på. Nå hadde det gått minst 25 år etter at de i kom til landet og hadde fått lovnaden om ætta. Dei hadde faktisk feira sølvbryllaup. Det er ei lang ventetid, og etter naturens gang var all von ute.
Då kom Sara, ho hadde funne løysinga. Ho ville hjelpa Gud. Ho tenkte etter og brukte sitt eige vit. Men no gjorde ho det på ein feil måte. Trælkvinna Hagar kunne vera løysinga. Sara ga henne rett og slett til Abraham og sa: Ligg med henne. Slik skal det skje
Men det var slik heidningane levde, og var nok djupast sett vantru. Det var mot Guds lovnad og ei syndig handling. Abraham braut ekteskapet på den måten. Når Gud hadde sagt at Abraham skulle få ein son, var det implisitt (indirekte) at det skulle skje med Sara, kona hans. Frå skapinga har det vore ein mann med ei kvinne. Og i Ef. 5, 31 står det: dei to skal vera eitt. Difor kunne ikkje lovnaden gjelda ein eventuell son etter Hagar. Og ho fekk ein son, Ismael. Men han var utafor denne spesielle lovnad frå Herren.
Men Gud var og er nådig. Han kom att til Abraham og gav han ein ny lovnad, kap. 17. 16f og 18, 7. I denne samanheng ser me forresten at begge hadde lite tru, ja kanskje vantru. Då Herren sa at han skulle velsigna Sara, lo dei begge. Det var for fantasifullt. Det var uvanleg og unaturleg. Abraham var ca. 99 år og Sara 90. Det hadde visst aldri skjedd i deira levetid at slikke fekk born.
Då fekk dei eit godt og universelt ord i kap. 18, 14: Skulle noko vera umogleg for Herren? I Septuaginta-omsetjinga til gresk (LXX) står det: Er det for vanskeleg. Svaret er sjølvsagt Nei, av di det kom frå Gud. Og han er herre over alle ting.

B. Tru.

Nå blir trua fødd sterkt i hans hjarta. Det han hadde trutt og ana før, vart nå til visse: Gud skal sanneleg gjera det. Det ser me av heile handlinga hans heretter. Han viste det ved Sodoma der han ba for den syndige byen. Han visste nå at han kunen stola på Herren om det toka lang tid.

1) Om trua.

Nå vert det sanning det som står i kap. 15, 6a: Og Abraham trudde Herren. Det er i denne tida at dei begge får nye namn: Han skal heita Abraham og ikkje Abram. Det nye namnet tyder Mange folk sin far. Og ho skal heita Sara og ikkje Sarai. Hennar nye namn tyder fyrstinne og ikkje min fyrstinne. Ho var ikkje lenger Abraham si kone men stammor til ei ny slekt. Sjå her kap. 17.
Ordet tru er brukt i NT om dei som høyrer Jesus til. Me trur på han. Då kan me sleppa vårt eige. Gå til Rom. 4 og Gal 2 og 3. Det er sterke avsnitt om tru. Å tru er å stola på Gud og det han har sagt. Ingen ting av vårt eige er då rekna med. Slik blir me kristne og slik lever me heile kristenlivet.
Abraham vårt rettferdig ved trua. Han er førebilete for alle dei frelste. Ved tru på Jesus tilreknar han oss heile Guds rettferd. Han tilgjev oss vår synd og gir oss noko nytt og betre igjen. Paulus seier at slik kan alle bli kristne. Det er ingen annan veg enn ei enkel tiltru til Guds eigen son og han gjerning. Men ingen ny veg. Martin Luther skriv i boka om galatarbrevet: Frelse ved tru er hovudartikkelen i den kristne lære.

2) Motsett av gjerningar.

Det er ikkje frelse ved lova, gjerningar eller bøn og offer og arbeid for Gud. Ikkje noko av dette blir godt nok. Det er heller ikkje slik at me skal gjera noko og Jesus gjer resten – det me ikkje klarar. Det blir lappverk og held ikkje. Ditt eige liv kan ikkje berga deg til himmelen.
Det skjer berre ved tru. Det er difor å flykta til Jesus, ta farvel med alt vårt eige og heile verda. Tru er å sjå bort frå seg sjølv. I Luk. 18, 10ff er fortalt om tollaren og farisearen i templet. Tollaren var fattig og åtte ingen ting korkje verdsleg eller åndeleg. Han var og kjende seg uverdig og skreik til Gud om nåde. Det var den siste utveg han kjende til. Han stod for Gud som ein syndar.
Slik var det og med Paulus., Han skildrar si omvending i Fil. 3. Før trudde han at alt var vel mellom han og Gud. Han var god nok med heile sitt farisearliv. Difor var det eit kraftig sjokk då han til Syria utafor Damaskus. Guds Ande måtte visa han at alt hans eige var ubrukbart. Det var å rekna som skrap og ei skam i Guds rike. Hans gode liv var faktisk ei hindring for å bli frelst.
Der fekk han eit personleg møte med Jesus. Då vart alt snudd opp-ned. Heile hans eigen religiøsitet vart forkasta. Nå såg han noko heilt nytt: Kunnskapen om Kristus var så mykje meir verd. Nå ville han berre vinna Kristus og vera i han. Då var han slutta å rekna med si eiga rettferd og gode liv. Nå var det rettferda av Gud på grunn av trua som gjaldt. Og då er eit menneske frelst.
Å tro det er legge seg ned ved korsets fot,
Og begge armer strekke sin Herre Krist imot.


3) Alt anna nyttelaust.

Når det er trua på Jesus som frelser oss, er alt anna nyttelaust. Berre trua gjeld. Difor kan me ikkje koma med noko tillegg av oss sjølve. Det gjeld alle våre gjerningar, offer, opplevingar, kristendom og misjonsarbeid. Det blir forkasta som himmelveg. Vårt eige liv og gjerningar kan ikkje lagrast og bli til ei formue me kan bruka ved himmelporten.
Det er som ved manna i øydemarka, 2. Mos. 16, 4ff. Dei måtte henta manna kvar morgon og samla kvar dag det dei trong. Dei kunne ikkje gøyma noko til neste dag – utan før sabbaten. Dei som prøvde det, såg snart at det rotna og kom makk i det. V. 16. Og Jesus nyttar dette i Joh. 6 om seg sjølv. Eg er det brødet, sa han. Me og må tru kvar dag på han. For me treng jo nåde og frelse og tilgjeving i dag som alle dagar. Det nyttar ikkje kva me var. Spørsmålet er kva me er NÅ. Er dei kristne opptekne mest med kva dei skal gjera, gløymer du lett den friske manna.

4) Tillit til Guds ord og kjem av å høyra.

Paulus skriv noko viktig om trua fleire stader. I Rom. 10, 17 skriv han: «So kjem då trui av forkynninga» (NO 1938). I NB88 står dette slik: «Så kjem då trua av forkynninga som ein høyrer.» Og i Gal. 3, 5 seier han: «Når Gud såleis gjev dykk Anden og gjer kraftige gjerningar mellom dykk, gjer han det ved lovgjerningar eller ved at de høyrer trua forkynt (ved troens forkynnelse)?» Svaret er klårt i dagen: Det skjer ved tru.
Frelsa er ikkje av gjerningar, men ved tru. Og det skjer slik: Ein syndar får høyra ordet om Jesus, som han fester lit til. Det er sant det Gud har sagt. Eg byggjer på det og set mi lit til det.
Sara var 90 år og kunne då ikkje få barn på menneskeleg vis. Ho hadde gjeve opp den tanken. Så høyrde ho og Abraham Guds engel sa: Ho skal få barn. Det lydde fleire gonger. Til slutt feste det seg i minnet deira og dei trudde det. Jo, Gud har sagt det, og då skjer det.
Det same skreiv profeten Jesaja om: Høyr, så skal sjela di leva. Jes. 55, 3. Dei vart overtydde om det umoglege, for Gud var allmektig. Når han greip inn, skjedde underet. Det hende Sara, og seinare møter me Maria som opplevde noko endå større: Ikkje berre fekk ho ein gut, men fødde Guds Son! Ordet seier: Ein syndar kan bli frelst – ved å tru og ha tillit til det Gud har sagt i vår Bibel.

Og denne trua kjem. Ho er ikkje ei gjerning eller ein prestasjon. Du skal ikkje seia: Nå må eg prøva å tru, eg får det ikkje til. Nei, Gud skaper trua i oss. Og det skjer ved å høyra. Han tvingar oss ikkje til det. Han ber oss å høyra det han har sagt. Høyr det, fleire gonger – til det set merke i deg og du får tillit til Jesus: Det er sant, det gjeld meg.
Eit bilete kan vera dette: Du får brev eller melding frå eit lotteri om at du har vunne. Er det ein spøk? Du ser på brevet, det er offisielt, og du les det igjen. Jo, det er ekte, det er sant. Du har det rette loddet.
Bibelen er ikkje eit lotteri, men eit ope gåvebrev frå himmelen. Ta imot Jesus i tru, og du er eit Guds barn. Du er eit Abrahams barn ved å tru Guds ord. Gal. 3, 7.


7) Abraham i bøn.

1. Mos. 18.

.
       Her møter me Abraham i bøn til Gud. Det er ei gripande stund - for han og for oss som les det nå. Abraham får vitjing av Herren, v. 1. Han hadde hatt det ofte, og levde i nær kontakt med Gud. Abraham hadde fått lovnad om ein son, Isak. Han var difor ein "løftes-son". Isak skulle ikkje bli fødd på vanleg vis. Det var knytt eit under til han.
.
       Difor er det kanskje ikkje så underleg at Abraham og Sara tvilte. Korleis kunne det skje? Dei var begge gamle og trudde ikkje lenger at det var mogeleg for dei å få born.
.
       Då kjem Herren med eit veldig ord: Skulle noko vera umogeleg for Herren, v. 14. Svaret på det var nei, sjølv om han ikkje sa det.
.
       Då er det at dei går mot Sodoma, der Lot budde. Det kom klagerop opp frå byen, v. 20. Synda var stor i folket der. Den var "utan måte". Og Herren ville sjå korleis det var, v. 21. Mennene gjekk då til Sodoma. Men Abraham vart ståande for Herrens åsyn, står det, v. 22. Han gjekk nærare Herren og innleia ein alvorleg samtale med han, v. 23. Og den vart til ei eineståande bøn. For her ber Abraham for dei verste syndarar i si tid. Og ikkje for sitt eige folk, som familien til Lot og sine eigne born og tenarar var. Denne Guds mann ber for den syndige byen. Difor lærer dette oss noko om bøn. Lat oss stansa litt ved det.
.
1) Det var ei bøn i tru.
Den første bøna i Bibelen finn me i 1. Mos. 4,26. Og Abraham hadde lært dette. Han hadde tiltru til at Gud høyrde han. Herren ville og kunne hjelpa. Difor går inn i bøn nå. Han bygde si tru på Guds lovnader. Då er det svar å få.  Me kan tvila på bønesvar, serleg når det dreg ut. Det skal prøva vårt tolmod. Jakob skriv om Elias som fekk svar. 1. Kong. 17 og Jak. 5,16-17.
.
2) Det var ei audmjuk bøn. V. 27 og 32.
Det er ei rett innstilling. Kan eg våga å be meir? Audmjuk for Gud er nøkkelen: eg har ingen rett og krav på noko i meg sjølv. Eg er ikkje verdig til bønesvar. Alle svar på vera nåde.
.
3) Abraham var uthaldande i bøna.
For han bygde si bøn og svar på kjærleik til Gud og desse menneska. Han byrja med 50 - og gjekk heilt ned til 10. Ja, sa Gud. 6 gonger bad han. Han prøvde igjen og igjen, vart ikkje trøytt og gav ikkje opp. Han bad i tru.
       Då kom svaret. Så stor makt har ein truande!
.
       Jesus sa ei likning om at dei alltid skulle be og ikkje bli trøytte, Luk. 18,1. Og Paulus skriv i 1. Tes. 5.17: Be uavlatande. Er det ei av vår store synder nå?
.
4) Han stansa i tide. v. 32.
Han gjekk ikkje lenger ned enn 10. Kvifor? Somme meiner at det var så mange i Lot sin familie - og det var dei han skulle berga nå. Eller: det skulle ti til for å vera ein forsamling som i synagogen seinare. Det ser ikkje ut til at det var av vantru, men han visste i alle høve at han kunne ikkje gå lenger ned. Og det kjem eit punkt der bøna stansar. Sjå Jer. 7,16: Du skal ikkje be for dette folket. Forherdinga er komen så langt at Gud ikkje lenger kan nå dei, domen er neste steg. Jesus sa til læresveinane at dei skulle rista støvet av føtene der dei ikkje vart mottekne. - Berre Gud ser dette, og me må be så lenge me kan - om ikkje Gud stansar oss på ein klår måte.
.
5) Abraham hadde bønnenød.
Han vandra i bøn, v. 17. Han hadde hjartelag for syndaren og heidningen. Han kunne ikkje sjå på domen og gjekk til Gud. Herre, spar dei. Har det noko å seia for oss? Sjå desse døma:
Moses 2. Mos. 32,32.
Paulus Rom 9,2; 10,1.
Noreg treng mange slike nå. Folk som er viljuge til å gå med Abraham på troens veg - inn i bønekamp.

8) Abraham sine to søner.

1. Mos. 18 og 21.

.
       Soga om Isak og Ismael finn me att i Gal. 4 der Paulus tolkar den allegorisk. Det gir oss også frimod til å bruka denne og liknande tekstar om den kristne trua - men me skal vera varsame med slike utlegningar. Ein kan lett tolka meir inn i teksten eller det me finn i teksten.
.
       Me møter to kvinner, to barn, to pakter - og to slags 'kristne'. Etter Gal.4,24 er dette bilete på noko i den nye pakt. Me møter Isak og Ismael, Sara og Hagar.
.
I. Likskapen.
       Dei to gutane var halvbrør og med det i nær slekt. Og det er ikkje alltid slik at slektningar går godt saman reint menneskeleg.
.
       1) Begge hadde Abraham til far, v. 22. Den eine vart stamfar til jødefolket - dei er Isaks born så vel som Abrahams born. Den andre er stamfar til arabarar - dei er Ismaels born. Dette fekk mykje å seia. Her skal me ikkje tala om folkeslag, men om tilhøvet til Gud.
.
       2) Begge er fødde, v. 22-24. Desse to slags menneske har hatt ein åndeleg "fødsel". Det har skjedd noko med dei, ei endring i livet. Dei er ikkje verdslege og heidningar. Dei trur på Gud, er "kristne", og meiner dei er på rett veg.
.
- Soga om Isak og Ismael er her interessant. Deira fødsler er svært ulike. Ismael er fødd etter kjøtet, skriv Paulus. Isak er fødd på grunn av ein lovnad. Sara fekk ikkje born på mange år. Då bad ho Abraham gå inn til ei trelkvinne, Hagar. Ho kunne ikkje venta lenger og greip til menneskeleg hjelp, noko som var vanleg mellom heidningane. Ismael er altså fødd på vanlig menneskeleg vis. Isak var det annleis med. Sara kunne ikkje få barn, men Gud gav henne ein lovnad: På Guds ord skulle ho få barn. Ho lo åt den tanken, men bøygde seg til slutt for det Herren sa. Og underet skjedde. Trass i sine 90 år, vart Sara mor. For Gud greip inn.
.     
3) Begge har vore "vakt" åndeleg tala. Dei har sett alvoret i livet og døden og æva. Dei vil gjerne til den rette plassen etter døden, og føretek seg noko for å koma dit.- Spørsmålet er korleis det går etter dette.
.
II. Tre vegar for den vakte. "Vekkelsen" er ei fårleg tid for eit menenske. Då kan det lett gå galt. For då arbeider djevelen intenst med menneska. Han vil enten føra oss til fall og slik få oss bort frå Gud. Eller han vil få oss inn i ein falsk kristendom og på den måten få oss til sine "barn". Her er det tre vegar å gå - ein av dei er me alle på.
.
       1) Djevelen fører eit menneske attende til det verdslege liv. Å vera ein kristen blir for tungt. Han overtyder deg om at det ikkje er noko for deg. Du vil ikkje klara det uansett. Du lyttar til han - og  gir opp. Mange har gjort det. Prisen vart for høg på ymse vis. Og verda er lettare på mange måtar.
.
       Samvitet er her sentralt. Dersom du ikkje let Bibelen korrigera ditt samvit, vil du til slutt missa det - og du lever livet etter din eigen (eller andre sin) vilje. Paulus skriv til den unge Timoteus: Han skulle strida den gode striden "i tru og med godt samvit. Dette har somme kasta frå seg og har lide skipbrot på trua". 1. Tim. 1,19. Prest og forkynner Peder Dreyer seier at "en våken samvittighet er et menneskes største lykke". Difor var det viktig for Paulus alltid å ha eit uskadd samvit, Apg. 24,16 og eit fullgodt samvit, 23,1.
.
       2) Djevelen fører den vakte inn i religiøsitet. Det er den andre vegen. Då blir du ikkje verdsleg, men heller ikkje frigjort. Du er "lunka" i gudslivet. Du har litt kristendom, men også litt eigne gjerningar. Din religion blir eit lappverk. Du  trur på Gud og på Jesus, ber til han og syng om han. Går på møte, gir til misjonen og oppfører deg som ein rett kristen i det ytre.
.

MEN: du har litt av deg sjølv i tillegg. Dine bøner, ditt  fine liv, offer og arbeidet i Guds rike er noko du i det stille reknar med som byggesteinar i din kristendom. Du vil prøva å "behaga" Gud med dette.
.
       Det er djupast sett å gå loven sin veg. Du gjer ditt beste i kristenlivet, og håpar på Guds nåde for resten, det som du ser at du ikkje klarer. Det er ein fårleg veg. Den har evne til å dyssa folk i søvn slik at du ikkje tek det så nøye lenger med truslivet.
       Å vera med Abraham "på troens veg" er det motsette. Det skal me sjå litt på nå.
.
       3) Den heilage Ande får då leia den vakte inn til nåden hjå Gud. Det er frelsens veg.
       Der er alt vårt eige stengt ute. Der er det ikkje litt arbeid og gjerning og litt nåde. Der er det berre nåde. Men ein vakt syndar kjem inn der berre på ein veg:
.
       Han må erkjenna si synd. Det tyder her at alt i mennesket er synd. Du ser at du er totalt mislukka. Alle fine bøner stoppar opp, og du har berre EI bøn att: Herre frels, eg går under, eg er fortapt, tilgi mi synd - eg har ingen ting som kan hjelpa meg.
.
       I Bibelen ser syndaren at det er ein veg å gå for å få hjelp: Berre evangeliet om Jesus kan hjelpa, han er vår stedfortredar og gjekk i vår plass og tok vår synd.
.
       Så får han ta imot utan betaling, uforskyldt, og tru seg frelst. Hans kristendom blir nå ikkje det Jesus gjorde - ikkje det han har prøvd eller kan gjera. Nå tonar det i sjela: "Han er min sang og min glede."
.
       Dermed blir du ført inn i ein ny fridom - der reknar du berre med Jesus. Det er jo han som har gjort alt.
.
       Luk 18,11ff. er døme på desse to menneska: farisearane og tollaren i templet.
.
III. Trel og fri - skilnaden.
       Me går attende til soga om Isak og Ismael. For der møter me skilnaden mellom gutane og paktene.
.
       1) Trælen forfylgde det frie barnet. Gal. 4,29. Det vart motstand og strid mellom dei to. For trælen skjønar ikkje den sanne fridomen og dømer dei frie.
.
       2) Trælen skulle drivast ut, v. 30. Ismael måtte jagast ut i øydemarka, bort frå Sara og Isak. Ismael skulle ikkje få plaga og uroa vesleguten Isak meir. Slik er det også i det åndelege: Me skal ikkje la oss påverka av åndelege trælar, 'kristne' som ikkje er frigjorde og som gjerne vil påverka oss til å gjera noko for å bli frelst.
.
       3) Trælen skal ikkje arva, v. 30. Me kan ikkje unngå åndelege trælar her i livet og skal ikkje reinsa dei ut. Det maktar me ikkje, men i domen kjem det endelege skilje. Då vil trælen gå fortapt. Religiøsitet kan ikkje hjelpa ein synda då.
.
Difor blir spørsmålet: Er du fri eller træl?
.


9) På Moria berg.

1. Mos. 22.


Abraham i djup prøving - og stor frigjering.
.
       Kap. 22 er eit underleg avsnitt i Guds ord. Det kan likna på heidenskap der menneske er lite verd. Me er truleg på det djupaste vatn i Bibelen så langt i soga. Me må difor trø varsamt når me stig inn i dette "templet".
.
       Eg trur me må sjå på innhaldet i kap. 22 som to parallelle liner. Tilsynelatande handlar dei om to heilt ulike saker. Ved nøyare ettersyn ser me straks at dei har mykje å gjera med kvarandre.
     Det er ein gripande beretning - om offer og kjærleik. Flavius Josefus skriv her: Han skjulte det for Sara. Abraham blir bedt om å ofra sin eigen son.
.

A. Gud set Abraham på prøve.

     Gud sette han på prøve. Ville han tru Gud i alt, også det uforståelege? Abraham skulle lutrast og reinsast – og gå inn i anfekting. Det er også naudsynleg for oss. Han svarte ja, her er eg, v. 1. Han var lydig, også i det umogelege.
.

    Ein dag dreg han til Moria berg. Gud bestemte plassen, v.2. Han kunne ikkje gå nokon annan stad! Moria tyder: Herren ser, eller vil syna seg, v.14. Abraham skulle få sjå noko nytt og stort, og få eit heilt nytt liv. Me ser ofte mest ved store prøvingar.
.
     Først får me eit mektig og alvorsfullt bilete av Gud. Han krev. Guds mann skal ofra det dyraste han eig på jord. Sin einaste son skal han ofra - slik heidningane ikring han gjorde. Var hans Gud slik?
.
     Det må ha vore mange spørsmål i tankane hans på denne ferda. Og truleg såg han ikkje svar på noko. Når Gud tek oss truande inn i lutringsomnen, finn me få svar. Guds tankar er så store og høge over våre.
.
     Men Gud seier ingen ting før han er framme, når altaret er bygt og kniven er på veg til å ofra. Heile denne tida levde Abraham i uvisse om utfallet. Det var litt av prøven. Ville Guds tenar fylgja Guds vilje til siste stund, heilt fram der alt brann opp for han? Våga han å stå for Gud utan å ha noko att?
.
     Men nett her viser han kor sterk trua hans er! Nå reknar han ikkje lenger med Sara eller Hagar eller noko menneskeleg. Nå reknar han berre med Gud, og gir seg over til han. Det får bera eller bresta. Gud må styra, og han har ansvaret.
.
   Trass alt er det eit vakkert bilde av Gud. Det er skræmande, isolert sett. Ved nærare ettersyn finn me ein Gud full av omsorg for barnet sitt. Han må berre få ta oss i skule - læra oss det viktigste.  
.
     Var det kjærleik? Abraham hadde løfte ved sonen: ei velsigning. Fleire løfter kom til seinare: kap. 17.21: Guds pakt, det er frelse. Kap. 18.18 seier at det gjeld alle ætter på jorda.  Messias er altså for heile verda. Så stort var Guds løfte.
.
     Nå skal han drepast! Var det rim i det? Slik handlar Gud. Abraham var nok i tvil, han kjempa sin indre kamp. Ville trua halda?
.
Slik er det ofte for dei truande, om prøvinga ikkje er så dramatisk som for Abraham. Dei kjem inn i mørke tunellar, med anfekting og tvil.
.
     Kva då? Abraham gjorde som Gud sa! Utan å diskutera. Det er vegen. Og Gud sjølv hadde løysinga på det, slik at Isak fekk leva.
.

B. Ei profetisk vandring.

Han drog altså avstad. Tre dagsreiser. Taus. Bar på ved og ild. Han hadde to tenarar med seg. han såg fjellet, og hadde kanskje vore der før. Då vakna Isak, elller vågar å spørja: Han visste kva som skulle til ved eit offer: ild og ved og lam. Nå mangla det siste.
.
     Her finn me eit viktig spørsmål: Kor er lammet? Det er avgjerande for rett tru og kristendom.
.
     Og det er viktig nå - i teologien. Kor er lammet? I di tru? Er lammet viktigst? I ditt kristenliv? Les du om lammet, syng om det, er det di trøst?
.
     Me er ofte opptatt av mange ting: oss sjølv, andre kristne, vårt arbeid, gjerningar. Men kor er lammet? Her er mykje lovisk kristendom -: kva me skal gjera? Frigjeringa ligg i å sjå lammet. Kva seier ordet her?
.
     Abraham var lydig også her. Han bygde altar, fann veden, batt guten, tok kniven – det var berre eit sekund til han drap han. Tvilen var nok stor, men han trudde Gud.
.
     Då greip Gud inn. Stansa han - visste at han frykta Gud. Abraham trudde Gud.
.
     Då såg han noko nytt. Gud viste seg for han: ein vær. Kvifor såg han ikkje den før? Gud sende han i rett tid. Det gjer han alltid.
.
     Væren er bilde på Kristus - kva han er for oss kristne. Kva fortel dette bildet oss nå?        
.

1. Stedfortreder

Han var ein avløysar, ein vikar – og meir enn ein representant. Det er klart her.
Det er ein som tar alt på seg. Han blei ofra i staden for Isak - som gjekk heilt fri.
Bilde er klårt: den dødsdømde syndaren går fri i dommen. Abraham løyste Isak frå altaret. Han var fri.
.
     Slik blei Jesus vår stedfortredar, vårt brennoffer. Han døydde i vår stad.    
     Me er bundne av synda, dom og helvete truar alle menneske. Me må sjå det òg, sjå oss fortapte. Og så høyra: Jesus er vår mellommann. Eit par songar viser det:
     Nr. 278:"Du gikk for meg en blodig sti, og jeg som skyldig var slapp fri."
     Nr. 665:"Uskyldig lam som så for meg deg ville ofre hen. - Din kjærlighet har bundet deg, å få oss løst igjen."
     2.Kor. 5,21: Han som ikkje visste av synd, har Gud gjort til synd for oss (el. syndoffer). (Gml. sangbok: Domaren sjølv for den dødsdømde døde, Gud er forsona og Gud er oss god.
.

     2. Den einaste redning

Det var det for Isak. Han var alt bunden, og låg på altaret. Det var ingen annan utveg. Han trong ikkje trøst eller hjelp der han låg. Han trong ein mellommann - som ville døy!
.
     Bibelen er klar: Utan Jesus er folk fortapte. Det er ingen annan veg til frelse enn Jesus frå Nasaret. Apg.4,12: Det er ikkje frelse i nokon annan…
.
     Joh 14,6: Eg er vegen, sanninga og livet. INGEN kjem, til Faderen utan gjennom meg, ved meg - for han er den einaste døra til frelse og himmel.
.
     Difor er det galt å trøysta folk på dødsleiet og i livet med at alt går bra: døden er god, der er lys, og det er ikkje vondt å døy. Det er nyreligiøsitet, New Age, som forfører folket.
     Dei gjer folk mykje galt ved å tilsløra sanninga.
.

     3. Gud fann vikaren! 

Abraham hadde tru, v. 8. Det var profetisk. Gud vil sjølv finna lammet. Ingen annen er brukbar og kan sona vår dom.
.
     Det var bestemt i æva. Ef. 1, 4-5: Han har valt oss ut før verda var skapt, føreåt etla han oss til å få barnekår ved Jesus.
.
     Då held det! Det er pålitande, me kan døy på det.
     Han gjorde det var kjærleik til verda.
.

     4. Abraham hadde sterk tru.

Fleire gonger viser han det: Han gjekk villig til Moria.
     Han svarte tenarane, v. 5: me kjem attende. Og Isak fekk høyra dette: Gud vil sjå seg ut eit lam, v. 8. Det viser at Abraham hadde tru på Gud: Gud ville ordna opp på sin måte.
.
     Hebr. 11.19 viser det: Han tenkte at Gud var mektig til å vekkja opp frå dei døde. Då tenkte han rett. Me tenkjer ofte galt, ut frå vår fornuft. Det blir alltid galt, for vårt sinn er øydelagt av synda.
.
     Abraham tenkte ved tru. For ved tru ofra han Isak - han var alt ofre i trua, i tanken.
     Abraham fekk ei åpenberring om oppstoda. Guds veldige kraft skulle gjera det. Gud kunne vekkja Isak opp att.
.

     5. På Moria berg. V. 2.

Der blei templet bygt, 2. Krøn. 3,1. Der ofra jødane kvar morgon og kveld samt høgtider i ca. 1000 år. = ca. 1 mill. lam ga livet der. Det er bilder på Jesus. Alt det var skuggar av Kristi verk, Hebr. 8,5 og 10,1. Jødane visste: døden var nødvendig for evig liv. Like ved - på same fjellkjede i Jerusalem ligg Golgata – der gav Kristus sitt offer. Då skjedde det. Han ropte: fullbrakt. Joh 19,30.
.
     Døyparen Johannes var profet då han sa i Joh 1,29: Jesus var Guds lam som bær verda si synd. Det same ser me i 1. Pet. 1,18-19 og Åp. 5,6-10.
.
     Sang nr. 261: I det fjerne jeg skuer et underbart syn.
     V. 14 er ei fin forklaring: Der skal han la seg sjå. Der på Golgata vil du sjå frelsa, ikkje i ditt eige liv eller gjerningar eller følelser.
     Sang nr. 144: Det er liv i å se på det Golgata kors.
     Har du sett det? Er det ditt? Isak gjekk glad heim, i tre dagar. Og han gjekk med takk. Abraham gjekk der og, med undring og takksemd. Han hadde ein stor Gud, det hadde han sett nå.
.
------------------