torsdag 14. juni 2012

Jonasboka (nynorsk) kommentar.


JONASBOKA. 

Nils Dybdal-Holthe.

Jona 1.

Jonasboka er ei heilt spesiell profetbok. Her finn me ingen eigentlege profetord med unnatak av den korte forkynninga i Ninive: Om førti dagar skal Ninive verta lagd i grus (3,3). Derimot finn me ei sterk profethandling i boka. Hjå andre profetar står bodskapen i sentrum. I Jonasboka står heller bodberaren eller profeten sjølv i sentrum. Det har vore sådd mykje tvil og reist sterk kritikk mot denne boka. Likevel ser me at ho vart godkjend av Jesus sjølv (Mat. 12, 39f; 16, 4.). Det er tydeleg at han brukar hendinga med Jonas som ei historisk hending. Det har hendt slik det står skrive. 

Det er underet i boka som kritikken skriv mest om og kritiserar mest. Difor kan synet på Jonas bli ein prøve på bibeltruskapen vår, om me trur det uforståelege. Det er igrunnen der all bibeltruskap vert prøvd. 
Så ser me litt på tida dette hende i. Det har truleg vore under eller kort etter Jeroboam II (827-783 f. Kr.).Dette går fram av 2. Kong. 14, 25 som er einaste staden Jonas er nemnd i GT utanom denne boka. Der står at han var son til Amittai frå Gat-Hefer som ligg nord for Nasaret i Galilea. Der er og fortalt at Jonas hadde profetert før at Israel skulle få igjen landområde som var teke frå dei: Frå Hamatvegen til Moavatnet. Det kan gjelda austre del av Israel langs Jordan. Johs. Sandved seier det gjeld Syria eller ein del av det. 
Det profetordet vart oppfylt. Det synte seg altså at Jonas var ein sann profet! Og folk i landet må ha kjent han. Og dette var altså 800 f. kr. - omlag 100 år før Esaias. Andre meiner hendinga skjedde seinare, omlag 780-750 f. Kr. 

Nå kom altså eit nytt oppdrag. Og det var heilt annleis enn før. Og det fekk eit anna utfall. Før hadde han profetert til og om Israel som var Guds eige utvalde folk mellom alle heidningar på jorda. Nå skulle han sendast til eit ganske anna folk. Og nett dette gir oss nøkkelen til å skjøna innhaldet i denne boka. 


1. NINIVE SI SYND, 1, 2. 
Denne gongen var Ninive misjonsmarka hans. Det er første gong ein jødisk profet skulle gå til eit heidningeland og forkynna Guds ord. Og Jonas er den einaste profeten som gjorde det. Difor er det som hende her spesielt og får eit større profetisk perspektiv enn han og samtida kunne forstå. For det er Gud sin tanke og omsut med heile verda som ligg i framhaldet av boka. 

a) Ninive var ein stor by. Det står fleire gonger (1, 2; 3, 2; 3, 3; 4, 11). I det siste verset er og sagt det var 120 000 som ikkje kunne skilja mellom høgre og venstre. Det gjeld truleg små born. Folketalet må då ha vore 5-600 000, kanskje meir. Storleiken ser me og av uttrykket: han var tri dagsreiser lang (3, 3). Her var altså mange sjeler som måtte bergast frå undergangen. Og Jonas skulle vite at det var mange andre menneske som trong bodskapen frå Gud. 

b) Vondskapen i Ninive var stegen opp til Gud og kome for hans åsyn. Det tyder at folket hadde synda. Det er sant at alle menneske er syndarar og gjer det som er galt. Men nokre gonger syndar folk ekstra mykje og stygt. Det flaut over i Ninive, som i Sodoma og Gomorra. 

Det får me eit bilete av i profeten Nahum kap. 3. Der er sagt at Ninive var ein blodstad, den var full av løgn, vald og røvarar. Det var dynger av lik der og dei dreiv utukt. I kap. 2, 10 står om å rana sølv og gull. Det var ingen ende på skattane - og det var overflod og nøgdi av allslags dyre ting. I kap. 2, 12 er byen kalla løvene sin bustad eller løvehiet. 

Me møter altså ein kombinasjon av velferdsstat og eit hemningslaust syndeliv. Dette er sagt om ei tid seinare enn Jonas (og det viser at vekkjinga ikkje varte ved i den heidenske byen). Slik var han ein god parallell til Sodoma. 
Me kan vel med rette spørja om korleis vårt folk er i høve til dette? Er det synd og open skam mellom oss? Og er folket opptekne med materielle ting og nyt velferdsstaten? Det er ikkje vanskeleg å sjå at tida vår kan likne på fråfallsbyar og tider i eldre tid. 

Mange i dag har ein ytre moral som ikkje er etter Guds vilje og ord. Gud vil at folk skal leva rett sjølv om dei ikkje trur på han! Vårt folk har på mange måtar forlete Guds bod og fylgjer kjøtet sine lyster. Det avspeglar seg og i lovane våre. Men i tillegg til det har alle menneske ein indre uvilje mot Gud og hans vilje. Det er kjøtets lyst som bur i mennesket etter syndefallet og som er Gud imot. Rom. 8, 7. Slike menneske kan godt leva eit ytre anstendig liv og ha ein moral som er like bra som mange kristne sin ytre sett. Men det er ikkje det me kan prestera som tel religiøst sett. Det er vårt hjartetilhøve til Gud og Jesus. 

Som kristne er me heller ikkje fri synda. Den bur i oss (Rom. 7, 20). Og den kan gi seg utslag på mange måtar - i sløvhet, åndeleg søvn, stolthet, utakksemd og verdslegdom. Slike synder skal ikkje herska i ein kristen. Dei skal drepast ved dagleg anger og bot", etter luthersk lære. 
Ninive var nok ei hard misjonsmark for Jonas. Og berre det kunne vere grunn nok til å vegra seg og seia nei til kallet. 

2. GUD ELSKA NINIVE, kap. 1, 11. 
Gud ville berga denne byen og dette folket. Difor sende han Jonas som bodberar. Gud kan ikkje sjå roleg på at folket går fortapt sjølv om dei syndar mot han. Han elska heile verda, Joh. 3, 16. Det er ikkje sant at Gud kastar folk i helvete. Dei vel den vegen sjølv trass i at det fins von om berging. Paulus skriv til Timoteus: Gud vil at alle menneske skal verta frelste og koma til å kjenna sanninga, 1. Tim. 2, 4. Og Peter skriv slik: Herren vil ikkje at nokon skal fortapast men at alle skal koma til omvending, 2. Pet. 3, 9. 

Gud elska den syndige byen. Og hans overordna mål med alle er at dei må bli frelst. Det gjeld og oss kor syndige me så er. Gud er glad i oss. Han godkjende ikkje synda i Ninive, like lite som han gjer det med oss. Men han ville frelsa folket frå synda. Han ville få dei ut or syndelivet. 

I kap. 3,3 står det at Ninive var ein stor by for Gud. Han ser alltid stort på menneska og ser det store i den djupast falne syndar. 
Difor var det von for folket i Ninive. Dei kunne bergast. Det ville han visa Jonas. 

3. GUD TRONG EIN REIDSKAP. 
Når Gud treng ein reidskap i si teneste, tek han dei alltid frå Guds eige folk. Han kan normalt ikkje bruka andre enn sine. 
Her fekk Jonas kallet til å gå. Gud sa til han: stå opp og gå til Ninive, v. 2. tal for byen. Det er alltid kallet. Han skal ikkje berre tala til dei eller om dei. Han skal tala mot dei. Dette kallet innebar fleire ting for han: 

- Bryt opp - frå dei relativt trygge kår i Kanaan og heimlandet. Her var det meir ro for han nå. Ninive var den store og ukjende staden for han. Slik kan det ofte vere for Gud sine sendebod. 

- Han skal gå, og han får eit bestemt mål for reisa si og kallet. Me har alle ein plass i Guds rike der Gud vil me skal stå. Plassen kan vere ulik andre sin.Det viktige er at me står på post, er trufast der me er sett. Då er plassen alltid viktig. Å finna plassen kan vere vanskeleg. Me må venta på Guds vink. Men ein godt teikn er at me er urolege for sjelene, at me får naud for at dei må bli frelst. Det er Guds mål for alle. Når dette blir lagt over oss, då gir Gud oss noko av sitt mål og sitt sinn. Då er me på rett veg. Det var slik då fleire misjonsselskap vart stifta: nokre fekk naud for sjelene i andre land. Dei måtte bli frelst. Og så kalla Gud ein reidskap til å gå med ordet. 

- Han skulle tala. Det står ikkje her noko om bodskapen, kva han skulle seia. Den skulle han få av Gud.Det viktige her er at oppgåva hans var å tala ordet frå Gud. Han skulle ikkje til Ninive for å driva sosialarbeid eller politikk eller noka form for moralpreik. Nei, han skulle tala eit ord frå Gud. Det skulle vera løysinga. Difor står det i v. 1: Herrens ord kom til han. Og ingen kan bli ein reidskap for Gud før han får eit ord eller ein bodskap frå Gud å gå med. Ordet tyder å ropa ut (kera). I den greske omsetjinga (LXX) står ordet forkynne (kerykson). Og nett slik er det med oss: me er sendt til denne verda for å ropa ut bodskapen frå Gud. Og det er å forkynna evangeliet om Kristus. 

Her treng Gud alltid hjelp! Det er Guds ufattelege frelsesplan. Han gjorde seg ikkje bruk av englar eller helgenar eller dei døde. Han har sagt han vil bruka frelste syndarar. Dei skal gå med den glade bodskapen om frelse. Han kunne ikkje bruka dei døde. Folk ville rett og slett ikkje tru meir om dei døde stod opp og talte, Luk. 16, 31. 
Så er me då sendebod i staden for Kristus, 2. Kor. 5, 20. Kvar kristen står på sin plass i Kristi stad! Han står ikkje personleg i heimen eller på arbeidsplassen din. Du står der som Jesu stedfortredar! Det er ein veldig tanke. 

I same brev skriv han at me er Kristi brev, kjent og lest av alle menneske, 2. Kor. 3, 2-3. Vårt liv er eit brev frå himlen til andre.
Det er stort at det er slik, men veldig alvorsamt. Korleis er brevet? Les dei om Jesu vilje til å frelse alle. Les dei om eit heilagt liv i teneste for Gud? I 2. Kor. 2, 15 står at me er Kristi vellukt for Gud, eller ein god ange (NO-78). Me er det. Me skal ikkje streva etter å bli det. Når me høyrer Jesus til er me vellukt for Gud - mellom frelste og fortapte. Så sant me lever med Jesus vil andre kjenna denne dufta. Men - det er alvorstanken i dette: har noko av verda sin ange blanda seg i det? Stikk noko fram av mitt eige og skjemmer ut det som er av Gud? Her må me alltid vere vakne og i bøn om at det ikkje må skje. 


4. Jonas SVIKTA KALLET. 
Dette er det tristaste i Jonas sitt liv og den svartaste flekken på ein kristen. Tenk å svikta kallet frå Gud. Med tanke på at han har gjort seg avhengig av oss, vert det alvor. Mon ikkje det hender ofte? Tru om me ikkje mange gonger er ein Jonas. 

I v. 3 står det at han stod opp og tok ut på vegen. Men det heile fekk ein feil retning. Han reiste motsett veg av det Gud ville. Kor likt er det ikkje oss, og kor lett er det ikkje å ta ut på den vegen. Hjå Jonas finn me fleire trinn på vegen ut i ulydnad og bort frå kallet. Nokre ord viser det, og det er ein bibelsk psykologi som går igjen hjå mange. Kanskje du har opplevd det same? 

1) Han ville fly til Tarsis - slik må det visstnok omsetjast. Og det er noko i menneske sitt hjarta som ikkje vil gå Guds veg. Også ein kristen kjenner det. Her ligg noko i oss som seier rett og slett nei til Guds ord og vilje. Det er naturleg for det gamle menneske, den falne syndige natur. Jonas sitt fall tok til der - i hans indre. Difor skal me vere forsiktige med det som bur i oss. Det er slangegifta som ligg løynd der inne. Han ville til Tarsis. Me veit ikkje sikkert kor det var, men ein reknar med at det var i Spania. Den gong var det den ytste grensa av den kjende verda. Så langt som mogeleg bort frå Gud ville han gå. 

2) Han drog ned til Joppe. Truleg kom han frå fjellandet anten ved Jerusalem som ligg 800 m o h eller frå bygdene i Galilea der han var frå. Joppe er ein kjend og gamal by. Han er nemnd så tidleg som på Josva si tid, kap. 19, 46. Dan si stamme skulle eiga landområde hit. Han er og kjend i NT, Apg. 9, 36ff. 

Me merker oss at han drog ned. Frå høglandet og ned. Og vegen bort frå Guds ord og bod går alltid nedover åndeleg tala.Då kan det ikkje bera oppover men bort frå Guds velsigning og til sist frå Guds rike i synd og fråfall. Der gjekk Jonas sin veg, og mange har fylgd han sidan. 

3) Han fann eit skip som skulle til Tarsis. Det viser korleis han hadde leita etter ein utveg til å koma bort frå Guds kall. Når me ikkje vil lyda Guds kall, leitar me gjerne etter eit påskot til å sleppa. Me vil gå ein lettare veg. Guds veg synest oss for tung og vanskeleg. - Og Satan ordnar alltid med skyss. Det låg så vel til rette for han. Det var berre å gå ombord. Det skal læra oss at ikkje alt som er lettvindt eller ligg framfor oss er etter Guds plan. Mange tok feil slik avdi utgangspunktet var feil. Dei ville ikkje gå den vegen Gud i byrjinga staka ut. Og då blir alt feil. For sjølve retningen er gal. 

4) Jonas betalte frakta. Tenk det. Han var viljug å betale for å kome bort frå Guds veg. Så var ikkje vegen så lett likevel. Han måtte ofra noko for å sleppa Guds kall. Det vil alltid kosta å røma unna Guds kall og vilje med oss. Eit sårt sinn kan plaga folk heile livet når noko slikt gjekk galt. 

Men betalte Jonas alt? Mon han ikkje fekk betale heile livet for utruskapen sin. Mon ikkje turen til havs vart eit ope sår så lenge han levde seinare. Det er gjerne slik.Dei går som vengeskotne fuglar og misser fred og glede. Det vonde samvitet plagar og tærer på ein. Kven av oss har forresten ikkje nokre slike minne? Mon ikkje Jonas har fleire slektningar enn me ofte kjem på. 

5) Så gjekk han ombord. Han sa farvel til heimlandet og folket sitt. Han skulle ut i "Diasporaen" i flukt frå Gud. Kva tankar hadde Guds profet i ei slik stund? Mon han ikkje nå var så blinda av Satan at han berre tenkte på ein einaste ting: å kome vekk frå Kanaans land, frå Israel? Paulus skriv og om det: Den Vonde har forblinda dei vantru sitt sinn så dei ikkje skal sjå herlegdomen frå evangeliet. 2. Kor. 4, 4. 

Dette gjeld sjølve frelsa: du fekk eit kall frå Jesus til å koma til han og bli frelst. Var du ulydig mot det kallet? Er du kanskje på flukt frå Gud og gøymer deg for kallet til frelse? Adam og Eva gøymde seg mellom trea i hagen etter at dei hadde synda. Det er vegen bort og ut i mørket. Ennå lyder eit kall om å venda om, kome attende og ta imot Guds frelse på nytt. 

Eller gjeld det eit kall til teneste for Gud? Kva gjorde du og kva gjer du med kallet til å gjera noko i Guds rike på jord? Det var kanskje ikkje kallet til å reisa og preika eller bli misjonær. Men kallet til å bruka noko av fritida og pengane dine til Guds sak? Kva gjorde du med det? Paulus sa: Difor var eg ikkje ulydig mot det himmelske synet (kallet).Han gjekk og vart brukt av Gud i tenesta. Derimot var det annleis med Demas. Han fekk og eit kall og var med ei tid. Men så fekk han kjærleik til denne verda og let den få overtaket. Dermed forlet han tenesta. Kjærleik til verda er ofte kjærleik til tinga i verda. Du vert oppteken av dei meir enn av himmelen og Guds rike. Det er ein fårleg veg. 

Så flykta han. Turen ut i Middelhavet tok til. Nå måtte han koma vekk. Bort frå Herrens åsyn. I det ligg nok tanken at det gjekk an å røma frå Gud, bort frå hans nærleik. Det er og eit Satans bedrag. Det er ingen som kan gjera det, slik David skriv i Salme 139. 

Berre ein ting må skje med den som er på flukt: me må snu, kome heimatt før det er for seint. Då er det tilgjeving - også for ein Jonas! Det er Guds ufattelege nåde og kjærleik.
Han elskar den som er på flukt. 


JONAS II.
JONAS KAP. 1, 4-16. JONAS BLIR STRAFFA.

Jonas hadde svikta kallet sitt og rømde bort frå Herrens åsyn. Han korkje ville eller kunne gå Guds veg. Det var for mykje som hindra, tykte han. Nå var han om bord i eit skip på veg frå Israel til Spania, til Tarsis.

Kallet kan bli ei tung bør for ein kristen. Det visste Jonas. Men det spørs om ikkje sviket mot kallet vart endå tyngre å bera. Det er vår erfaring i livet med Gud.
Me finn her at fleire ting hende som kastar lys over ferda hans og over Guds føring med sine. Her vil me kjenna att fleire ting i vårt eige liv og hjå andre.


1) Gud greip inn. 
Etter at det er fortalt om Jonas sitt svik og flukt frå Herren, står det i teksten: Men Herren. Jonas flykta frå Herren, men Herren... Slik står det. Og dette "men" fører inn den rake kontrasten i samanhengen. Her kjem ei forandring, noko radikalt skjer. Gud grip inn. Han stansar det menneske som nå er på veg bort. Og det skal få fylgjer for ein heil nasjon.

Her viser Gud si makt. Ikkje alltid gjer han det. Mange gonger brukar han ikkje si allmakt for å stansa folk på syndarvegen og flukten. Det mistyder mange og meiner han ikkje har makt til å stansa dei ugudelege. Her gjer han det altså. Og han brukar naturkreftene til det: Gud sende ein storm. Slik kan han bruka mange måtar for å stansa menneske. Og her skulle noko utførast. Guds gjerning måtte skje, og han trong ein reidskap til å gjera det.

Nå er det slik at Guds gjerning må skje. Hans store vilje vil skje i verda i den eine eller den andre retningen. Me kan faktisk sjå det slik at enten tvingar han sine til å gå som her, eller han må kalla andre reidskap. Den som til sist taper er den som sviktar. Han får ikkje den velsigning det er å gå Guds veg og vera i hans plan med livet sitt. Her ser me korleis Gud innhentar Jonas på vegen bort. Og det var stor nåde: tenk at han ville bruka ein som sveik. Her er me alle. Ingen er betre når det kjem til stykke.


2) Folk i naud.
Stormen frå Herren gjorde at sjøfolka var i stor naud på havet. Det var ikkje ein vanleg storm som dei hadde vore i mange gonger før. Det skjøna også dei. Nå stod det om livet. Dei held på å gå under, og dei var redde. Båten held på å bli knust, står det.

Frykt for døden er naturleg for alle menneske. Det er slutten på dette livet, og det som kjem etter er ukjent for oss. Alle menneske er redd det, også dei som bannar mest og nærast skryt av at dei ikkje trur på noko etterpå eller fryktar for noko. I dødens time viser alvoret seg, og me står hjelpelause.
Desse heidningane var utan håp etter døden. Dei trudde ikkje på den levande Gud. Men dei var ikkje gudlause eller ateistar som ville klara seg på eiga hand i alt.

Det står at dei ropte til sin gud. Dei var altså religiøse og bad når dei kom i naud. Slik rekna dei med overnaturleg hjelp når naturen gjekk imot dei. Kva slags gudar dei bad til, er ikkje sagt. Men sidan det står i fleirtal, var det nok religionar med fleire gudar eller at fleire religionar var representerte ombord.

Dei ikkje berre bad. Dei kasta alt dei åtte som nå ikkje var naudsynleg over bord. Dei gjorde med andre ord det dei kunne for å berga livet og stolte ikkje berre på at når dei bad, var alt i orden. Det heiter alltid: bed og arbeid også hjå oss.

3) Jonas sov.
Midt i alt dette - kor var profeten? Alle dei andre bad og arbeidde for at alt skulle gå best mogeleg. Men Guds profet? Kva gjorde han? Det er mest tragikomisk: han låg i det nederste rom i båten og sov. Den greske omsetjinga Septuaginta (LXX) seier han snorka! Kanskje prøvde han å drukna uroa og kallet i fast svevn. Sume gonger kan det då vere vondt å sova, medan andre gonger er det nett utvegen frå det vonde. For det var jo bort frå kallet og Guds åsyn han ville. Likevel veit me at det ikkje alltid er lett å røma frå tanken. Den ville nok kome att når han vakna til ein ny dag.

Og det lukkast nesten. Nå skulle ein tru at han var trygg på veg bort frå Gud og sitt land.
Og så ser me det underlege at heidningane bad - og profeten sov! Kan hende det er tider då verda skjønar betre enn mange sovande kristne kor langt ut i ufreden og fråfallet me er komne. Her var det i alle høve dei skuldlause som skjøna fåren og ikkje han. Og han burde vel kjenna sin Gud slik at han visste noko slikt måtte henda.

I dag er det nok mange som døyver kallet frå Gud til frelse med mange verdslege ting. Dei drikk, kastar seg ut i grov synd, er travelt opptekne i verdslege ting eller kastar seg inn i t. d. politisk arbeid. Mykje av det kan vere godt i seg sjølv. Men det vert pinande vondt når det stenger vegen for Guds kall.

Eller folk kan siga inn i ein sløv verdslegdom der mat og klær vert det eine i livet. Og så nyting, gjerne framfor TV. Slikt er åndeleg svevn og fører inn i døden.

Er det mange sovande kristne nå? Slike som ikkje bryr seg om ei døyande verd omkring seg, og ikkje gjer noko for å berga sitt eige folk eller heidningane der ute. Det skjer når me har namn av å leva, men er døde eller manglar olje på lampen. Slik var det i Laodikea: dei var korkje kalde eller varme. Ikkje brennande kristne og ikkje kav verdslege. Dei var lunka. Noko sløvt midt imellom. Dei var så vel nøgde med seg sjølve og sin kristendom. Det er nok den alvorlegaste tilstand ein kristen kan kome i.

4) Jonas blir vekt.
Så skjer det som måtte skje: Jonas blir vekt. Gud brukar ein verdsleg til å få han på dekk. Kapteinen på skipet kjem og seier: Ligg du og søv?

Det var sjokkerande og ei skam. Tenk verda må brukast til å vekkja dei truande. Det har hendt fleire gonger og slik gjort skam på kristne som søv.

Korleis kan du sova nå? Slik spør heidningen. Det var ein kraftig anklage mot Jonas. Ein diktar sa visst ein gong: Dersom dei kristne trur på det dei lærer, beundrar eg deira ro.
Mange heidningar og sekter gjer skam på kristne, også bedehusfolk, med sin nidkjærhet i å breia ut sin bodskap. Tenk på muslimar som kan vere ivrige i tenesta, Jehovas vitne som går frå dør til dør med skrifter og prøver å overtelja folk til å bli med dei. Eller nyare åndelege grupper i folket som gjer meir enn mange av oss. Det burde vekkja oss til meir nidkjærhet. Me har jo noko mykje meir og betre enn alle andre.

Stå opp og rop til guden din, sa heidningen. Jonas burde be han som dei andre. Kanskje ville den guden hjelpa, sa dei. Og Jonas hadde større grunn til å be, han som trudde på den levande Gud som han flykta frå.

Nå er det mange som bed når dei kjem i naud, fleire enn me trur. Så snart faren kjem, sukkar dei eller ropar høgt til Herren: hjelp meg ut av dette. Og dei kan lova bot og betring i slike stunder. Mange "ateistar" og gudlause blir så mjuke i slike stunder. Det er som Wergeland sa i forteljinga om uværsnatta: I slik ei natt får du bøner, Gud. Og så - når berginga var der, var ofte bøna og løftet gløymde.

For mange er det siste utveg. Dei vil ikkje ha noko med Gud å gjera i livet og når alt går vel. Men i nauda, då er han god å ha.

Og Gud høyrer bøner. Han har høyrt mang ei bøn i naud og tunge dagar. Ti spedalske kom ein gong til Jesus og vart helbreda, veit me. Men berre ein vende attende til han for å takka. Slik er menneske. Slik har alle vore, kanskje ofte. Men det skulle ikkje vere slik.

5) Den skuldige, v. 7.
Heidningane skjøna nå at ein måtte vere skuldig i dette. Eit slikt uvær kom ikkje tilfeldig. Ein måtte bera ansvaret for det. Kanskje var det overtru i dette, eller kanskje dei såg noko unaturleg i det etter været å døma.

Så brukte dei den gamle måten å finna det ut på: dei kasta lodd. Den som loddet fall på var skuldig. Dei bad altså om eit teikn så dei fekk vita kven som måtte lida. Det har alltid vore vanskeleg å innrøma feil, og alltid har folk søkt etter måtar å finn den skuldige på. I GT hadde jødane urim og tummim (2. Mos. 28, 30) som truleg var steinar øvstepresten skulle kasta for å finna svar. Men me veit ikkje sikkert korleis dette var. Og i NT har me eit døme på at dei kasta lodd for å få svar: då Judas sin ettermann skulle veljast (Apg. 1, 26). Og nå har somme den vane å slå opp i Bibelen på måfå for å få eit ord som skal gi svar på vanskelege spørsmål eller når ein er i ein valsituasjon.
Her kan me spørja: er det rett?

Då må det først seiast at slikt er aldri påbode eller godkjent i Bibelen. Men me må og seia at i naudsituasjonar kan Gud bruka også det. Det viser nettopp soga om Judas og Matatias.

Men her skal me og åtvara: me skal ikkje slå opp eller bruka slike metodar av nysgjerrighet eller for å finna vegen på lettvindt vis. Satan kan og utnytta slikt. Når me er i tvil om viktige ting i livet, skulle me heller søkja hjelp i samtale med truande folk og i bøn til Gud om hjelp. Ikkje alle er i stand til å leia andre i kallsspørsmål eller i vonde kriser. Då skal me alltid søkja hjelp hjå folk som me veit trur på ein heil bibel. Korleis skal dei elles kunna hjelpa andre om dei ikkje har heile Bibelen som rettesnor? Då vil lett hjelpa bli feil. Det bør vere vår ledetråd. Og me skal slett ikkje gå frå den eine til den andre for å få det svaret som høver oss best. Det har me sett døme på. Me har det t.d. i skilsmålssaker. Der er det fleire syn mellom prestar og kristne. Så kan ein bli freista til å gå frå dei som er strenge og berre held fram Bibelens tale - til dei som tolkar Bibelen annleis og finn utvegar for å omgå dei strenge orda. Slik er det i mest alle kristne spørsmål.

I spørsmålet om å slå opp bibelord og ta det fingeren møter som eit gudesvar, vil eg berre seia dette her: Det gjer me først når alle andre vegar er stengde og når me er absolutt viljuge å fylgja det ordet som møter oss.
Her fall loddet på Jonas. Gud styrde det slik. Han var den skuldige. Og alle bøygde seg for det.

6) Jonas vert forhøyrd, v. 8.
Nå spør dei Jonas ut. Dei ville vita meir om han, kven han var og kor han kom frå og kva ærend han eigentleg hadde når han var skuldig i ulukka deira.

Og Jonas fortel. Han vitna rett og slett. Og det ser ut til at han ikkje skjulte nokon ting nå, v. 9: Eg er hebrear og dyrkar Gud som skapte himmel og jord. Det er full vedkjenning av trua si. Nå var ikkje Jonas feig. Midt framfor heidningane sa han det slik og skjulte det ikkje.

Han var heberar, dvs. jøde. Sidan desse sjøfolka låg i hamn ved Joppe, må dei ha kjent jødane som då budde lenger inne i landet. Og me finn ikkje noko antisemitisme hjå dei då. Dei må altså ha akseptert han som jøde.

Dinest sa han at han frykta Gud, skaparen av alt. Eit slikt ord ville dei forstå godt. Alle trudde på ein skapar og herre. Men det er grunn til å spørja om Jonas sa heilt sant nå: frykta han verkeleg Gud? Eller: var frykten på den rette måten - sidan han hadde rømt frå landet og kallet.

Dinest sa han den verkelege grunnen: han flykta frå sin Gud. Dei spør: Kva har du gjort? Og han fortalde dei at han flykta, v. 10. Kva tid han sa det, veit me ikkje. Har han nemnt det før på reisa eller sa han det først nå? Likevel var det ei sår vedkjenning: tenk å seia til verdslege menneske: eg har svikta kallet, og difor er dei nå i stor fåre! Det var ydmykande.

I den greske omsetjinga Septuaginta står: Eg er Herrens tenar (eller slave) og tilber Gud. Var det sant? Han hadde jo flykta frå tenesta. Difor skal me vere varsame med vitnemålet vårt ovafor verda. Det må framfor alt vere sant og ekte og ikkje pynta på det. Er eg ikkje ein tenar for Gud, skal eg ikkje seia det.

7) Folket var redde.
Då dei høyrde om Jonas sitt svik, vart dei redde. Dei visste at ingen kunne trasse gudane ustraffa. Heidningane er redde sine gudar, og noko rett og sant har dei her: Gud skal døma all gudløyse og synd ein dag. Ingen kan leva som dei vil utan at reaksjonen kjem ein gong.

Og nå visste dei ein ting: han måtte bort. Skulle dei kome velberga heim, måtte den skuldige straffast. Elles ville dei alle hamna i djupet. Sjølv om dette var rett i seg sjølv, låg nok ein egoistisk tanke bak om sjølv å verta berga.

Og nå ser me den fine og gode Jonas. Han var viljug å gå i havet for dei andre si skuld. Ta og kast meg i havet, sa han, v. 12. Det var menneskeleg tala den visse død. Men slik ville han ofra seg for dei andre.
Nå kan det hende at det var litt redsle i han og. Skulle han ikkje ha gått i havet sjølv, berre kasta seg uti for å visa at han ville berga dei? Og det kan vere grunn til å spørja: ville han flykta frå kallet på denne måten og? Berre ta sitt liv og gjera alt slutt - så slapp han i alle høve å gå til Ninive. Nokre prøver den vegen i stor naud og depresjon. I svarte natta trur dei alt er slutt då, og dei skal bli fri det vonde.

Men sjøfolka var ikkje så viljuge til dette. Kanskje det var ein annan utveg? v. 13. Så freista dei endå ein gong å ro til lands. Dei må altså ikkje ha kome så langt ut på havet før stormen kom. Kunne dei berga Jonas sitt liv, skulle dei gjere det. Og det viser kor fine dei eigentleg var menneskeleg tala. Respekten for menneskelivet lyser av dei.

Det lukkast ikkje. Stormen var for stor. Og det var med i Guds plan. Gud skulle lære både Jonas og oss noko med det. Og når Gud har ein plan som skal gjennomførast, er det ikkje eit menneske på jord som kan forpurra den. Det må skje som Gud seier.

8) Heidningane ba, v. 14.
Endeleg måtte sjøfolka ta det siste steget: dei kasta han i havet. Det var ikkje ei lett avgjerd, for nå blei dei skuldige i hans død etter vår måte å rekna på.

Dei fekk straks prov for at det likevel var rett: havet la seg i ro straks Jonas var i sjøen.
Nå kom Guds straffedom over profeten, han som var årsak til uværet og vanskane. Menneskeleg tala var han som død og tapt. Kven kunne overleva i slikt vær? Ingen av sjøfolka har nok tenkt at han kom til lands i live. Ikkje kunne dei hjelpa han meir, og ikkje kunne han gjera eit grann sjølv.
Dei ba berre om at dei ikkje måtte utausa skuldlaust blod, v. 14.

Då dei såg at havet la seg, fekk dei stor age for Herren, står det, v. 16.
Der på skipet ofra dei takkoffer til Jonas sin Gud og gjorde løfter. Me må tru at dei lova å tru på han og vera hans etter dette. Dei "omvende" seg på ei vis - sjølv om dette naturlegvis ikkje hadde korkje lyset frå GT eller evangeliet over seg. Men det var det første resultatet av Jonas si reis.

Betalinga Jonas hadde gitt for reisa var nå bortkasta og tapt! Slik vil nok mange sjå livet sitt når Gud får snu dei i flukten: åra borte frå Gud og kallet var rett og slett bortkasta, til fånyttes. Det er berre i Guds vilje me får leva rett etter hans plan. Og berre der finn me livslukka.

9) Guds veg, kap. 2, 1.
Om mennesket ikkje hadde nokon utveg til å berga Jonas, ser me av kap. 2 at Gud visste veg. Den store fisken hadde Gud plassert i rett tid der. Det som såg ut som hans undergang, vart hans berging. Seinare vart han kasta på land, 2, 11. Dette skulle så bli eit førebilete på Jesu død og oppstode for oss. Det sa han sjølv (Mat. 12, 39f; Mat. 16). 

JONAS III.
JONAS SOM FØREBILETE PÅ JESUS, kap. 2, 1.

Jonas var ulydig mot kallet frå Gud til å gå til Ninive. Så rømde han i båt til Tarsis over Middelhavet. Midt i uværet og døden for Jonas hadde Herren berginga klar.

Det som hende då var eit stort under. Jonas vart verande i fisken sin buk i 3 døger - og så kasta han Jonas på land - i live.

Men det var ikkje berre det som var underet i denne soga og denne boka. Andre ting var og under frå Gud: at stormen kom slik, at det stilna då han vart kasta i havet, at fisken var stor nok og at han kunne overleva. Eit under var det og at sjøfolka omvende seg når dei såg det. Seinare vil me sjå underet då folket i Ninive verkeleg høyrde på han og tok han alvorleg og vende om til Israels Gud. Det var uhøyrt i den tida. Fleire under hende forresten i Ninive: Kikajontreet som vaks opp på bod frå Herren, og at det visna på hans bod.

Boka er full av slike under. Og det gjer at bibelkritikken har kritisert denne boka meir enn få andre bøker. Eit nedslag av det ser me i Bibelselskapet sit utgåve i 1966, "Utval or GT". I innleiinga til Jonasboka er det uklåre ord om denne boka. Dei seier boka ikkje var skriven før ned mot 500-350 år før Kr. Og dei opnar døra for at dette er ei oppdikta eksempelforteljing.

Jesus rekna med at Jonas var ein historisk person, Mat. 12, 40f, og at dette hadde skjedd slik. Me trur at Jesus har rett, og kan ikkje kjenna oss rolege for at han berre sa det dei fleste sa på den tida.
Jesus brukte dette som døme på og førebilete på si eiga oppstode. Slik Jonas var i fisken i 3 døger og fekk livet att, slik skulle Jesus vere i grava i 3 døger. Difor var det ikkje tilfeldig at Jonas var tre dagar i fisken.
Guds tanke var nok å fortelle om påskemorgen flere hundre år på forskot. 

JONAS IV.
BØN, kap. 2, 2-10.

I dette kapitlet får me høyre om den bøn Jonas ba medan han var i fisken. Då vende han seg til Gud og ba om frelse.

Nå har det vore fleire meiningar om kva tid han skreiv denne bøna. Somme seier at det var medan han låg i havet eller i fisken. Då tenkte han ut denne salma. Andre meiner det hende etter at han kom til lands.
Me må rekna det som sant nok at han skreiv det ned då han kom på turr grunn.Det kunne rimelegvis ikkje ha hendt før.

Men nå seier boka at sjølve bøna var beden i fisken, kap. 2, 1-2: ...då ba han til Herren og sa. Difor trur me det er slik.

Eit serdrag ved dette kapitlet og denne bøna, er at mykje er likt salmane i Bibelen. Her er faktisk direkte sitat frå fleire salmar: 18, 31, 42, 50, 103, 130.

Og det er igrunnen ikkje så rart. Jonas var ein Guds profet og har nok vore kjend med dei heilage skriftene. Difor kom det så naturleg då han sjølv var i naud å nytte bønesalmar i si eiga bøn. Det er og vår erfaring.
Hovudinnhaldet i bøna er eit inderleg rop til Gud om frelse og ei hjarteleg takkebøn for at Gud berga han. Den er eit prov på at Gud høyrer bøn. Herren frelste han frå den fåren han var i. Han skal atter møta Gud i Herrens tempel. Der vil han bera fram si takk til den miskunnsame Gud.

Ser me litt nærare på bøna hans, vert det eit førebilete for vår bøn og. Me finn han i djup samtale med sin Gud, jfr. Jerem. 3, 22. Først nemner han si eiga bøn og korleis Gud svara han: eg kalla på Herren, og ropa på deg, seier han. Og du høyrde mi røyst. Det er trusvisse i slike ord. Gud hadde ikkje forkasta han sjølv om han var i slik naud, i det djupe havet.

Og det er nett si eiga naud han han tenkjer vidare på, v. 4. Han var i djupet, straumar kringsette han. Berre det kunne få han til å fortvila. Slik er igrunnen mennesket på åndeleg vis. Me er nede i syndedjupet, og har lika lite von om å berga oss sjølve som Jonas i fisken. Det vonde er kring oss alle stader. "Brot og bylgjer går over" oss. Så djupt og så vonlaust var det. Ja, heilt "til bergbotnane sokk eg ned" og bommar vart stengde etter han. Jonas kunne takke farvel til livet for alltid. - Det tyngste var nok dette: Eg er støytt bort frå dine augo, v. 5. Det minner om Salme 22 og Jesu rop på krossen. Tanken om å vere forlaten av Gud, er det tyngste eit menneske kan ha. Det stel den siste von.

Trua på Gud svikta likevel ikkje. Han seier trygt i v. 5: Eg skal atter skoda opp til ditt heilage tempel. Og i v. 7 kan han seia slik: Du førde mitt liv opp or grava. Han hadde lært Gud å kjenna og hadde tillit til han: hjelpa ville kome.

Og svaret kom. Medan sjela var i djupaste naud, og Jonas sende tankar og bøner til himmelen, nådde bøna fram - heilt til Guds tempel. Slik er det ofte med oss: bøna er sterkast når nauda er størst. Ord åleine er inga hjelp, om dei er fint forma og framførde på rett måte gir ikkje bøna kraft. Det er hjarteropet som skapar den rette bøna. Og eit slikt rop kjem som regel ikkje før sjela er i verkeleg naud. Og at denne nauda var ekte, viser v. 9. Han hadde sett at avgudane ikkje kunne hjelpa, dei var tome. Difor er det han som får lovsongen, v. 10.

Og før bøna sluttar, gjev han lovnadar til Gud: han skal halda det han lova då han var i fisken. Og som den engelske puritanaren M. Henry seier, er det å æra Gud. Kor mange har ikkje gløymt sine lovnadar når faren var over. Og i kap. 3 ser me at Jonas heldt sine ord. Han gjekk til Ninive med Guds ord. Og bøna sluttar med eit veldig tillitsord: Hjå Herren er frelsa. Han har lova frelse i GT, han gjorde det mogeleg då Kristus døydde, han vil at alle skal bli frelst, og han kan frelsa den største syndar.
Soga om Jonas skal oppmuntra oss til å søkja frelse og hjelp kor mørkt det så ser ut. 

JONAS V.
JONAS DREG TIL NINIVE, KAP. 3.

Jonas hadde vore ulydig mot kallet frå Gud og vart difor kasta i havet. Gud berga han på underfull vis.
Me veit ikkje kor det vart av sjøfolka som var ombord i båten. Dei vart berga, det er klårt nok, og dei trudde på Gud. Det er og tydeleg. Det kan vere at dei kom attende til Joppe for ei tid. Men dei har sikkert teke ut på ny fart til Tarsis, dei var truleg handelsfolk, eller det var ein båt som frakta folk og varer for andre. Det må ha vore med underlege tankar dei tok ut på neste reis. Det var igrunnen ei så spesiell oppleving at det er rimeleg dei snakka om det i Joppe og der dei elles kom.

Skal tru om ikkje dei sette ut rykte om dette som hadde hendt. Og ryktet om folk pleier å gå fortare enn folket sjølv kjem fram. Difor er det ikkje utruleg at ordet om profeten Jonas nådde Ninive før han sjølv kom fram dit. Nokre tolkarar har vore inne på denne tanken. Og då var folket førebudde på ein måte. Dei tok til å skjøna at Gud kunne gjera store ting, og det skapte otte i hjarta.

Hovudpersonen reint menneskeleg i dette avsnittet vert nå profeten Jonas og vegen hans mot aust. Det tok nok ei heil tid anten han drog til fots eller med karavane etter tida sin skikk.

Me vil sjå fleire ting i dette kapitlet som lærer oss noko om Guds veg og vilje om menneska.

1) Eit nytt kall, v. 1.
Det første me les her er at Jonas fekk eit nytt kall av Gud. For andre gong ba Gud han gå til Ninive. Det viser oss kor nådig Gud er og gir mennesket ein ny sjanse. Og det gjeld både til frelse og til teneste. For ingen av delene fortener me. Det blir alt saman av Guds nåde.

Det gamle Israel var ofte ulydig og fall frå Herren. Då kom kallet på nytt. Det ser me t. d. ved profeten Jeremia (3, 22): Vend tilbake du fråfalne barn, og eg vil lekja fråfallet, seier han. Slik har han vore med mange, ja kanskje med alle av oss.

Gud kunne lete Jonas fare. Han hadde ingen rett til å få ein ny anledning. Fanst det ikkje andre profetar i Israel som kunne gå? Ville ikkje ein annan vore meir skikka og viljug til denne tenesta?

Nei, han slepp ikkje Jonas så lett. Han prøver ein gong til.
Det ser me tydeleg i Israel si soge. Lova vart gitt ved Moses, står det. Joh. 1, 17. Det var til Israels folk som ei paktslov: ved å halde den skulle dei bli frelst. Som alle bibellesarar veit, vart det forfeila. Ingen makta det. Ikkje avdi lova var dårleg eller ute av stand til å visa folk Guds vilje. Nei, det var menneske som var udugeleg. Rom. 8, 3. Kjøtet, eller den gamle, falne menneskenatura, var ikkje i stand til å halda ein einaste bokstav i lova. Alt feila og ingen i Israel vart frelst på den måten.

Så viste Gud ein ny veg. Han kalla igjen, ved Jesu nåde. Han innbyr syndarar til å koma slik dei er for å bli Guds born. Det er Guds eigentlege tale til alle menneske, også nå. Difor er alltid oppdraget frå Gud å forkynna det Guds ord seier.

Difor står det her: Då kom Herrens ord til Jonas. Det minner oss om at me må få noko frå Guds ord før me kan gå med ordet.Me skal ikkje laga til noko sjølv eller tenkja ut gode tankar. Me skal be Gud om å få eit ord me kan tala. Det gjeld både talaren og dei som skal opna eller vitna i eit møte. Ingen ting av det menneskelaga kan velsigna andre. Det blir berre prat og snakk. Det må ha blitt openberra av Gud sjølv. Jesus sa til Nikodemus: Me talar det me veit, og vitnar det me har sett. Kva har me sett i ordet og i Guds frelse og nåde? Det er det som kjem att i eit sant vitnemål. Når me har fått noko frå Gud, kjem kallet frå Gud til å bera det vidare. Det var dette kallet Jonas fekk.

2) Jonas var lydig.
Denne gongen reiste Jonas seg og gjekk - den rette vegen. Han var rede og lydig.
Då han var i naud, hadde han lova Gud noko (kap. 2, 10). Han sa då at han ville gjera det og halda det han hadde lova. Det var å vere lydig mot kallet frå Gud. Han visste kva kallet kosta nå. Han hadde grubla over det før og tenkt gjennom kva det kunne føra til. Nå var kallet mogna i han.

På ein måte var det nå lett å gå Guds veg. For nå var hjarta rett for Gud. Då er det lettare å gjera noko stort for Gud enn å gå små ærend for Djevelen. Legg merke til at det var lettare for Daniel å gå i løvehola enn å fornekta sin Gud (kap. 6). Når vårt hjarta slår i takt med Guds hjarta, blir Guds vilje vår vilje. Slik var det med martyrane: dei gjekk glade til bålet og dei ville dyr eller i fengsel. Dei visste Gud ville det slik, og deira eigen vilje var lagt heilt i Guds hånd.

Men er ikkje hjarta rett, blir alt arbeid for Gud ei tung plikt. Det er trælesinnet som tenkjer på eigen bate og arbeidar av frykt for straff og dom.

Men kor lærte han dette?
Han lærte det medan han var i det djupe. Der var han overgjeven til døden og hadde ingen annan utveg enn Gud. Ofte må Herren føra sine ned der så dei lærer hans vilje. Han må føra oss inn i naud og nott - både for å omvenda oss og å læra oss lydighet i tenesta. Kor mange har ikkje rømt unna dette og heller klaga Gud for at han var urettvis. Men det har me ingen rett til. Me skal bøya oss for hans vilje og fylgja kallet.

3) Bodskapen.
Bodskapen var enkel, men kraftig. Jonas skulle seia: Om førti dagar skal Ninive leggjast i grus, v. 4. Første gong fekk han ikkje ordlyden på same måten. Men innhaldet var nok det same. Gud forandrar ikkje bodskapen til eit folk på så kort tid når dei ikkje omvender seg. Og me skal streka under at Jonas kunne ikkje sjølv velja kva han ville seia. I v. 2 står det klårt: Rop ut over han den bodskapen eg gjev deg. Han var bunden til det. Sa han ikkje det, hadde han ingen ting der å gjera.

Og det var nok eit underleg syn då han kom fram. Jonas var sikkert trøytt og sliten eller lang tids reis. Sikkert såg han liten og ubetydeleg ut der han kom som ein framand inn i ein stor by. Bodskapen var heller ikkje slik at den gjorde han populær. Folk vil ikkje så gjerne høyra om dom og undergang over seg sjølv.

Men Jonas hadde ein myndighet frå Gud, og den var større en sjølve kongen i Assyria. Og då treng ikkje dei ytre tilhøva vere så store. Gud gir mange gonger myndighet og autoritet til små og uanselege menneske.

Bodskapen hans var frå Gud. Det førte folket i kne. Han overtalde ikkje folket til å bøya seg, han brukte ikkje fine ord og psykologiske knep for å få dei med seg. Han bar fram ordet frå Gud i enkel tru til Gud. Og då står Gud sjølv bak bodskapen og sørgjer for resultata. Difor er dei største menneske i Guds rike dei som kjenner og lyder Guds vilje.

Bodskapen var enkel og kort. Den inneheldt både nåde og dom, sjølv om ikkje det var sagt med klåre ord. Folket fekk ein nådefrist på 40 dagar. Det var deira nådetid. Dersom dei ikkje omvende seg innan den tid, vart byen lagd øyde. Då ville nok Gud handla med den som han gjorde med Sodoma og Gomorra. Men i dette ligg og nåden og Guds godleik: dersom dei vende om, ville Gud spara byen. Det viste seg at det gjekk slik.
I den greske Setuagintaomsetjinga står det at dei fekk ei nådetid på 3 dagar. Me veit ikkje kvifor det er forkorta så drastisk der.

Me fekk i alle høve lang nådetid. Ordet om krossen har lydd i vårt land og i Europa i mange hundre år. Spørsmålet er om me har nytta tida og søkt Herren.


4) Eit teikn.
Me må stansa litt for eit ord av Jesus her. I Luk. 11, 30 seier han: Liksom Jonas vart eit teikn for folket i Ninive, såleis skal Menneskesonen verta det for denne ætta.

Dette har ein meint må tyda at folk i Ninive har kjent til Jonas sitt liv. Elles kunne han ikkje ha blitt eit teikn for dei. Det er Jonas sitt opphald i fisken Jesus peikar på. Det er det som er det eigentlege teiknet. Og skulle folket i Ninive skjøna det, måtte dei kjenna til den underlege soga hans. Anten har han fortalt det sjølv, eller dei har høyrt det av andre som kom til byen.

Teiknet var at han vart frelst av Gud ved eit mirakel. Og det var også provet på at Gud levde og hadde all makt. Jonas var som stått opp frå dei døde.

Slik er også me truande eit teikn eller vitne for dei me lever mellom. Dei ser det Gud har fått lov til å gjera med og for oss. Då vert alltid spørsmålet: kor gode vitne er me? Er me sanne og rette vitne om vår frelsar og Gud?

5) Resultatet.
Kva vart så resultatet av Jonas si forkynning? Hende det noko der han gjekk ei dagsreis inn i byen?
Folket omvende seg då Jonas forkynte. Det er frukta av livets hans. Kvifor gjorde dei det? Det hang nok saman med Jonas si forkynning. Hadde han ikkje tala rett og sant, ville ikkje frukta ha kome.
Ikkje all forkynning ber frukt for Gud, eller gir slike resultat som her. Ikkje alltid vert sjeler frelste og løyste ved ordet som vert bore fram. Ein slapp og innpakka tale er unyttig, ja beint ut skadeleg. Jonas viste folket kor alvorleg det var og korleis det ville gå. Han må ha vist til synda som grunnskaden i folket. Ingen blir dømt av Gud for noko anna. Det er synda som øydelegg. Og konsekvensen av den er evig død i fortapelsen. Men på same tid gav han dei ei nådetid og opna dermed ei dør inn til frelse. Ingen kan ha sove under hans talarstol.

Me ser det same med døyparen Johannes. Han tok til med tenesta si med å seie: vend om. Mat. 3, 1-8. Han viste dei at Gud kravde frukt av omvendinga, ikkje berre ord eller ytre religiøsitet.Og det fekk fylgjer for han sjølv då han gjekk til kongen og sa han levde i hor: Du har ikkje lov til å ha henne (Heriodias) til kone (Mat. 14, 3-4).

Kva vart resultatet av Jonas si forkynning til heidningane i Ninive? Me kan peika på fleire ting som hende:
a) Dei trudde på Jonas sin Gud - nett slik som sjøfolka gjorde på båten. Dei trudde ikkje på Jonas, men på den Gud som Jonas tala om. Og det er målet med all forkynning. Folk skal ikkje bli opptekne med predikantar, kyrkjesamfunn eller ytre organisasjonar. Dei skal møta Gud. I dag kan me berre møta han i Kristus. Og då går det som det gjekk i Samaria då Jesus tala der: Folk sa: me trur ikkje lenger avdi kvinna fortalde om han. Nå har me sjølve sett og høyrt han (Joh. 4, 42). Trua og kristenlivet er ikkje sant og rett før det skjer.

At omvendinga var sann og gjekk til hjarta, ser me av dei ytre tilhøva. Dei audmjuka seg og kledde seg i sekk og oske.
Det var ytre teikn på bekjennelse, sorg over synd og anger og bot. Det er vegen inn til Gud. Me skal verta avkledde alt vårt eige. Alt menneskeverk må bort - både synd og store tankar, og eigne gode gjerningar hvis me trur me har nokon. I Guds lys vert alt stygt og vondt. Der kjem synda i det rette perspektiv.

Peter skriv slik: Den audmjuke gjev han nåde (1. Pet. 5, 5). Og det fylgjer alltid med omvendinga. Det er ikkje nok å tala fint om Gud og kristendom. Trua skal gå til hjarta.

b) Dei ropte til Gud, v. 8b. Det vart altså bønnemøte i Ninive. Dei såg alvoret og ropte om hjelp. I slike stunder er det naturleg å be. Då hjelper ikkje skrivne bøner eller tillærde formular som berre vert resiterte. Ved alvoret skrik det i hjarta etter nåde og hjelp frå Gud. Det er vekkinga me ventar på. Når nauda i folket blir slik at ikkje noko anna betyr noko. Det er berre ein ting som gjeld då: eg må bli frelst.

Det er ofte denne nauda som manglar. Det er om slike tider det står skrive: Kalla på meg den dag du er i naud, og eg skal fria deg ut (Salme 50, 15). Når det skjer, kjem tillegget: og du skal prisa meg. Når hjarta ropar til Gud og ber, då er bøna rett.

Også kongen var med på kne. Vekkinga nådde leiarane i folket. Og han var med - og gav bod om faste og bøn, v. 7f. Her var det ikkje berre ein og annan som vende om. Her var det folkevekking. Og det er det me ventar på og ber om i dag og.

c) Dei vende seg frå synda, v. 10a. Når me kjem inn i Guds lys, synest me alt ved oss sjølv er vondt. Liv og tankar og ord blir syndige. Det er eit rett syn, for det er slik me er. Det høyrer med til omvendinga og det kristne livet. Somme vil gøyma og gløyma synda også som kristen. Det er ei sjølvmotseiing. Og då kan ikkje Gud høyra vår bøn. I Salme 66, 18 står det slik: Hadde eg ikkje hatt urett i tankar, ville Herren ikkje ha høyrt meg. Og i Job 22, 23ff seier Elifas: Held du urett borte frå ditt telt...når du bed til han, vil han høyra deg. Det er ei djup og alvorleg sanning. Mange bøner blir aldri høyrde av denne grunn. Du kan ikkje be og synda med open vilje. Det er hykleri. Bøna skal vera rein.

d) Dei fekk nåde, v. 10b. Det står at Gud angra det han ville gjera med dei. I omsetjinga NN-78: han endra sin plan. Og her ligg ei djup sanning og løyndom som er lett å mistyda for menneske. Som heilag er Gud uforanderleg og fast i alt. Det han har sagt skal henda uansett. Her viser han si rettferd og si makt og sitt velde. - Men i sin nåde blir domen teken bort frå folket når dei vender om. Det var ikkje noko nytt med NT og Jesu kome eigentleg. Me ser det ofte i GT korleis Gud let nåde gå for rett over Israel. Han tok imot dei fråfalne igjen og igjen. Men det nye her i Jonasboka er at det gjeld også heidningane. Det var heller ukjende tonar for Jonas og Israel - sjølv om det ligg under heilt frå Abrahams velsigning (1. Mos. 12, 1-3).

Det store er at det gjeld oss i dag. Me kan kome til han som syndarar og få nåde.
Det er å ta imot frelse og syndsforlating og slik få del i Guds rike. 


JONAS VI.
UNDER KIKAJONTREET, kap. 4.

Då Jonas såg at Gud frelste, kom ein merkeleg reaksjon. Han vart harm og lika det ikkje. Han tykte heile oppdraget hans var til fånyttes og ville heller døy enn leva. I Ninive vart det ei verkeleg storvekkjing: 120 000 som ikkje kjende skilnad på høgre og venstre. Ein er uviss om det tyder små born eller uttrykk for folketalet i heile byen. I alle høve reagerte profeten.

Kva kan årsaka vere til ein slik reaksjon?
Fredik Wisløff har truleg rett når han seier at Gud viste den heidenske by miskunn. Det er dette nye Jonas ikkje var mogen for. Han levde i Israels tid der dei hadde monopol på Guds kjærleik. I "Gullgruben" er det same sagt slik: han mangla syn for omfanget av Guds frelse, og hadde ein snever nasjonalisme. Der er det og nemnt ein annan grunn til at han flykta til Tarsis: det var ikkje otte for menneske, men otte for at openberringa av Guds nåde skulle gå over frå Israel til heidningane.

Når han då såg at det gjekk slik han ottast, ville han ikkje leva meir. Han kritiserte Gud for å ha spart Israel. Me må sjå dette på bakgrunn av Guds pakt med Israel: Det var eit spesielt folk som Gud hadde valt seg ut. Her skulle Guds openberring førast vidare til nye slekter. Ja, lovnaden til Abraham syner at alle folk var rekna med. 1. Mos. 12. Men Jonas var ikkje førebudd på dette.

Ein slik tendens til å kritisera andre er faktisk meir vanleg enn me tenkjer. Ellison peikar på at slike som vil vere trufaste mot Skrifta, kan hylla læresetningar i rak motsetnad til Guds karakter.

Han vart harm, eller eigentleg varm. Heile hans indre reagerte, og sikkert har tankane arbeidd lenge og intenst. Heile situasjonen vart så vanskeleg for han at han helst ville døy. I dette viser han kor ulik Gud han er: han ville berga folket og føra dei til tru. Jonas var sjølvoppteken og truleg redd for å missa tiltru som profet. Han kjende nok orda i 5. Mos. 18, 21f om kjenneteiknet på ein sann profet: det han sa skulle oppfyllast. Nå stod han i ein situasjon der hans domsbodskap ikkje ville skje. Folket hadde omvendt seg og då var domen avverga. Og profeten sat harm i ei sjølvlaga løvhytte utafor byen. Han venta og vona vel eigentleg at domen skulle koma likevel. Kanskje var ikkje omvendinga ekte?

Og denne haldninga var ikkje rett. Ein Guds profet kan ikkje tenkja slik eller ynskja det vonde. Difor gjekk Gud i rette med han. Er det med rette du er harm? spør han i v. 4. H. L. Ellison har truleg rett når han seier at Gud ikkje irettesette han, men heller antyda at Jonas ikkje hadde vurdert situasjonen rett. Jonas hadde faktisk anklaga Gud for at han ikkje var vreid, og nå møter han ironisk nok sin eigen vreide (Tyndale Comm.).
Korleis møter Gud denne situasjonen?

Han let Jonas møta eit under. Han let veksa opp eit kikajontre med store blad der Jonas sat. Her ville han finna betre skugge. I v. 6 får me ein ny årsak til situasjonen hans: han var mismodig. Som naturleg var vart Jonas svært glad for skuggen. Det ser ikkje ut til at han oppdaga underet ved at det vaks så raskt. Han sette seg vel til rette i skuggen og venta. Mismotet kan ofte gå bort ved betre ytre vilkår, og få oss til å slutta å tenkja på vår eiga sorg.
Men kor lenge varte det?

Gud ville læra han ei lekse. Difor kunne han ikkje la han nyta godene av treet lenge. Då morgonen kom, let Gud eit nytt under skje. Ein orm stakk treet så det visna like raskt som det hadde vakse. Men heller ikkje det oppdaga Jonas. Det tredje underet såg han heller ikkje: ein plutseleg, heit austavind kom over slettene. Det var sjølvsagt naturleg nok, men her står at Gud sende vinden. Det var ikkje ein vanleg, regulær vind. Ordet tyder ein stille, lydlaus vind. Om Jonas ikkje høyrde han, merka han det snart i hovudet. Han vart heilt forkomen av heiten.
For andre gong her ved Ninive ynskte han seg døden. Kor ofte hender det ikkje at Guds under går forbi oss. Me merkar dei ikkje, men grev oss ned i våre eigne sorger.

Då kjem Gud til han igjen. Gud må tala direkte til Jonas for at han skal skjøna: Er det med rette du er harm? Første gong hadde Gud spurt om han hadde rett til å vere harm på Gud då han sparte folket.
Nå spør han: er det rett du er harm på kikajontreet?

Jonas sitt svar er: ja, med rette.
Herren tek ikkje opp nokon diskusjon om det, men brukar svaret til å visa Jonas korleis han eigentleg er. Dersom Jonas kunne sørgja slik over eit tre som han ikkje hadde streva med - men som altså var ei gåve frå Gud og eit under, korleis skulle ikkje då Gud ha omsut for Ninive? Ei sjel er meir verd enn alt anna, og Gud ville berga dei mange i byen. Og det hadde faktisk skjedd her!

Dette var leksa Jonas skulle læra denne varme soldagen. Og det skulle han og gå attende til sitt folk med: Gud vil frelsa dei fortapte.
Det er bodskapen til oss og. 1. Tim. 2, 4.