tirsdag 22. mars 2016

Påske

Påskebodskapen.
Påskeveka tek til palmesøndag i det eg vil kalla Stor-påske. Då rei han inn i Jerusalem og viste seg som konge. men han var av eit anna slag enn andre kongar. Han kom ikkje på ein flott hest slik keisaren og andre kongar gjorde. Han kom på eit audmjukt dyr og viste sge som ein anna slags konge, admjuk og liten i menneskeaugo. Men han skal kom att som den store kongen når han kjem i sky.
Dei neste dagane nytta han til å tala til folket, og då tala han nett om at han skulle kom att ein gong og ta alle truande til seg.Fleire talar i Mat. 24-25, Luk. 21 og Johs 14 er om dette. Der har me framtidsperspektivet for Gud menighet på jord.
Deretter kjem så torsdagen då han inn stifta nattverden og var i Getsemane og vart ført til øvstepresten og andre. Då vart han ført til Golgata på fredag, det me kallar Langfredag. På engelsk heite dagen Den gode fredagen. Og begge delar er sant.
Laurdsag låg han i grava og sundag morgon kom oppstoda. Då sigra han over alt det vonde og løyste oss alle ut på ein underfull måte. Den som trur på Jesus Kristus kan nå blir erklært rettferdig for Gud og slik vera rede til å møta Gud sjølv ein dag. Må det vera sant om mange. Og det er sant om alle som trur på hanb. Amen.-