søndag 31. januar 2016

Kristi openberring

Kristi openberring.
Luk. 9. 28-36.
Om ei jente vart det sagt ein gong: «Ho er som ei openberring»! Ho stråla og smilte over heile seg og var reine engelen. Ulike dei fleste andre. Det er eit svakt bilete, men det seier litt om den som er annleis enn alle andre.
Og her tenker me på Jesus då han viste seg fram for sine vener. Då vart det ein ny dag, læresveinane fekk ei spesiell openberring. Denne dagen gløymde dei aldri. Me kan nemna to av dei som var med: Peter skreiv i sitt andre brev at dei hadde vore «augnevitne til stordomen hans», 2. Pet. 1, 16b. Det var nettopp denne dagen han tenkte på då. Og Johannes skriv i det første brevet: «Det som me har sett med augo våre … me har sett det og vitnar og forkynner dykk livet, det evige» 1. Joh. 1,1. Dei hadde vore saman med han i ikr. 3 år, men det var denne dagen han vart forklåra for dei. Dei såg noko dei aldri hadde visst før.
Som kristne treng me og slike dagar og stunder. Det kan gå litt opp og ned her i livet, og kvardagen kan bli grå. Då kjem det dagar og timar på Tabor der Jesus stig fram for oss. Det gjeld både unge og eldre. I teksten er fleire rike sanningar. Lat oss stoppa for nokre få denne gongen:

1. Jesus gjekk opp i fjellet for å be, v. 28.

Fjellet er ein nøkkel til å skjøna dette. Dei var avsides, borte frå alt i verda, frå stress og sorg og problem – og kva som elles kan tynga ei sjel. Det verdslege kom likesom på fråstand.
Og der vilel dei be. Det er ein god veg for eit menneske. Bøn er å tala einfaldig med Gud i sitt hjarta, som Pontoppidan skriv. Og det gjeld ikkje berre på Tabor. Det er slkik kvar dag . Han vil møta oss der i dei stille stunder.
Jesus sa: Be og de skal få. Mat. 7,7. Og I Luk 11 spurde læresveinane korleis dei skulle be: Lær oss å be, sa dei. Dei fekk det ikkje til slik han gjord det. Og då sa Meisteren: Slik skal de be. Det var då han lærde dei Fader vår. Og han gav dei straks ein lovnad: Kvar den som be, han skal få. Det er sterke ord. Men det er Gud som seier det ved Sonen.
Me ser også at Paulus talar om bøn, og han ber sjølv også. Til Efesarane seier han: «Difor bøyer eg min kne,» Ef. 3, 1 og tek det opp att i v. 14. Me kan be i mange slags stillingar. Det er ikkje avgjerande. Men det å bøye kne er ein audmjuk stilling. Det er slaven og den underordna som bøyer seg. Og Paulus var blitt audmjuk. Han ba mykje som farisear, men det var ord og regel. Så møtte han Jesus, Apg. 8. I v. 11 er det sagt om Paulus då: Sjå han ber. Det var noko nytt. Nå var det hjartebøn.
I det første brevet sitt  skreiv han til nokre kristne: «Natt og dag be me inntrengande om at me kan sjå dykk att.» 1. Tes. 3,10. Det var ikkje venskap han tenkte på først og fremst. Han ville ikkje berre sjå dei, men hjelpa dei i det åndelege. Og i Ef. 6,18 formanar han dei truande til å «vera uthaldande i bøn for alle dei heilage» . Me skal be for heidningane og for dei som lever i verda. Men, seier han, be for dei kristne!  Me treng nokre som vil leggja oss fram for Gud. Det kan vera i tunge tider for oss, eller når freistinga kjem til å synda og gjera Gud imot. Det var kanskje nokre som fall i synd og svikta si tru for ingen ba for dei! Det er fortalt om ein misjonær som var utsliten og makta ikkje meir på feltet sitt. han reiste heim og gjekk til den forsamlinga som hadde sendt han ut. Han undrast: Vil dei hugsa han? Heile møtet gjekk og ingen nemnde utsendingen eller ba for han som var der ute. Han sukka med seg sjølv: «Var det difor eg ikkje orka det?»
-        Lat oss gå opp på fjellet!

2. Dei såg Jesus på nytt!

Det er her forklaringa kjem fram. For nå såg dei Jesus på ein ny måte. Han var annleis å sjå til, v. 29. For nå augna dei litt av herlegdomen hans. Han var forandra, som det står i ei engelsk omsetjing. Og det er eit faktum, som det står i Vulgata. Og det ehnde då dei ba. Peter skreiv at han var ikkje oppdikta, kløktige eventyr, men dei såg det sjølv.
Alle har eit  bilete av Jesus. Men spørsmålet er kva ser du? Korleis er Jesus for deg? Eg trur det er feil å seia: Korleis er din Jesus. For  han kan ikkje endra seg. han er den same. Men: Kva ser du i han?
Er han ein stor lærar eller stortalar, ein som under og samlar store skarar? Eller er han ein som kan hjelpa deg i naud og vanskar av ymse slag? Det er ikkje nok.
Fornying i kristenlivet kjem m.a. ved eit nytt syn på Jesus. Og det er personleg. Då ser du han som syndebærar, som di einaste redning. Og då blir Jesus «umisteleg» for deg. Du syng med salmediktaren: «Nei, for all den ting jeg visste, kan jeg ei min Jesus miste.» Då blir det som i v. 32: Dei såg herlegdomen hans.
Ei sak må me ikkje gløyma nå: For å sjå Guds herlegdom i Jesus, må me først sjå vår synd og erkjenna synda vår. Det vert som i Salme 32: Eit før og eit nå. Då eg tagde, seier David, tærdest mine bein bort. Guds hand låg tungt på han. Så kom erkjenninga: Eg sanna mi synd – og du tok bort mi syndeskuld. v. 3-5.
Det gjeld Guds vilje med meg, ikkje kva folk seier eller meiner. Men dette: Kva meiner Gud? Det er noko Gud vil – og noko som Gud ikkje vil. Han er heilag og tåler ikkje synd. Lat oss ta det på alvor. Då står me skuldige innfor Han.
Å sjå Jesus på nytt er sjå at han tilgir. Han reiser opp syndaren og tek seg av oss. Då ser du Jesus som din einaste Frelsar. Det er størst av alt på denne jord. Me får leva i syndsforlatelsens rike. Sangboken nr. 262.

3. Guds herlegdom.

Kva var eigentleg Guds herlegdom? Moses spurde ein gong om å få sjå det. Men Gud var som eit overveldande strålande lys som ingen kunne sjå og leva. Difor måtte Moses inn i berghola og ein engel skjulte han medan Gud gjekk forbi. Han fekk berre sjå han bakantil. 2. Mos. 33, 18ff.
Gud er så stor og heilag og allmektig at syndige menneske ikkje kan møta han direkte. Ein mellommann måtte stiga inn i verda og formidla Guds vilje og frelse. Jesus er dette mellomleddet. Han har makt til å gi menneske evig liv av di han er Guds Son. Men dette må openberrast slik Johannes skriv: Me såg herlegdomen hans. Joh. 1, 14. Og den var full av nåde og sanning. For å sjå og oppleva denne herlegdomen må me høyra og tru Ordet frå Gud. Jfr. Thestrup Pedersen – Bibelhåndbok. Og dette fører oss over i det neste me ser på: Guds herlegdom vart openberra på krossen då Jesus døydde. Og me ser det var dette ei to mennene tala med Jesus om. Haldis Reigstad skriv i eit dikt: «Den som set si lit til Jesus, skal hans herlegdom få sjå.» Det er vegen.

4. To menn tala –

Dei var frå himmelen – Moses og Elia, v. 30. Her vil eg understreka to ting som har med vårt liv å gjera.
a) Dei døde er hos Gud. Moses levde etter 1500 år mellom dei døde. Og Elias hadde vore i døden i 900 år. Det viser oss at døden ikkje er slutten. Me veit ikkje mykje om kor dei er og korleis dei døde har det. Dei lærde diskuterer det. Men viktige her er at dei «lever» på ein måte. Grava er berre ein overgang til eit anna tilvære. Så skal me hugsa: Du skal leva evig. Grava er ikkje siste kvilestad, som ein seier. Det kjem ei oppstode.
b) Det andre me ser er dette: Kva var dei opptekne av? v. 31. Svaret er kort: om Jesus og at han skulle gå bort frå denne verda. Her er ordet «exodus» nytta. Noko skulle bli fullbyrda i Jerusalem. Det er forsoninga, vår frelses grunn. Dei tala med Jesus om det på fjellet. Mennesket Jesus grua seg for døden og lidinga. Her fekk han truleg hjelp av dei to. Og det er fint å sjå at desse to døde var klår over kva Jesus skulle gjera og kva det kosta han. Og det visste Gudssonen Jesus. Me ser korleis denne kampen held fram i Getsemane. Lukas skriv at denne gjerninga hans skulle bli fullbyrda i Jerusalem. På krossen døydde Jesus og betalte for all synd og opna ein fullkomen himmelveg. Då steig Guds herlegdom inn i tida og mellom menneska.
Ei anna side ved dette er at ordet «exodus» er nytta då Israelsfolket drog ut frå Egypt. Då forlet dei trældom og slit og det vonlause. Dei skulle til eit nytt land! Der var kvile og mat nok, dei var eit fritt folk. Det er også eit bilete på vår utgang av denne verda. Då skal me forlata alt det vonde, synda og mistydingane og alle freistingar. Me skal inn i eit nytt land. Me lever i Guds rike her og nå, men det er berre ein skugge av det himmelske. Ved vår utgang skal me flytta inn i sjølve Guds himmel og vera der i all æve. Der er evig glede og fridom. – Martin Luther King sa i ein av dei siste talane sine: «Eg ser – det lova landet!» Han tenkte vel først og fremst politisk, og eit Amerika der alle var like, alle skulle sitja på same buss. Svarte og kvite skulle gå på same skule. Me har eit anna lova land: Himmelen! Den evige stad. Det nye Jerusalem.
Nå vil me seia til kvar og ein: Kom medan det er tid. Du må ta imot denne store frelsa. Det finst eit «exodus» for alle som vil koma! Jesus ventar . Ta imot han, og du får eit nytt syn på Jesus og kristendommen. Amen.