mandag 3. september 2007

Kvifor vart songen til?

Songane

og bakgrunnen.

Av Nils Dybdal-Holthe

I dette oversynet over bakgrunnen for ein del songar, skal me fylgja nummerrekka i ”Sangboken”, som vert gjeve ut av kristne misjonsorganisasjonar. Eg byggjer på fleire bøker og oppslagsverk der opphavet til mange songar eg med. Men ikkje alle soger om songane er stadfesta og heilt pålitande. Det ser me m.a. ved at det finst fleire historier om nokre songar. Difor skal me vera varsame, men gleda oss over det songen kan læra oss.

Nr. i Sangboken:

1. Bryt du det livsens brød…

Songen er skriven av Mary A. Lathbury i 1877, f. 1841 d. 1913, amerikansk sekretær. John E. Vincent grunnla eit studiesenter i staten New York. Her skulle dei ha bibelklassar, og han ville ha ein song til den. Han bad sekretæren Mary skriva ein. Og det vart v. 1 her. Dei song dette verset for kvar time i bibelklassen i 1877. A. Groves skreiv v. 2-3 i eller før 1913.

3. Det skal bli strømmer av nåde.

Songen er skriven av Daniel Webster Whittle i 1882, f. 1840 d. 1901. Han var major i USA og vart seinare evangelist. Songen vart til i ei vekking.

14. Herre, du velsigner alle…

Den er skriven av Elisabeth Harris Codher i 1860, f. 1824 d. 1919. Ho vart prestekone i England. Ikring 1860 leia ho ein ungdomsforeining, og dei høyrde om vekking i Irland. Ho ville at ungdomane skulle bli tent for Jesus og ville tala om det på møta. Men ho vart sjuk før neste møte kom og fekk slik ikkje vera med. Då vart songen til og vart trykt i eit blad. Kort etter vart det vekking i London. Ei verdsleg dame las songen og vart gripen av den. Ho tenkte: Jesus kom for meg òg, og same kveld vart ho frelst. – På engelsk lyder songen: ”Lord, I hear of showers of blessing.” (Herre, eg har høyrt om straumar av signing). Mot slutten står: ”pass me not” i staden for : også meg (gå ikkje forbi meg).

22. Hold oppe, Gud.

Luther skreiv denne songen i 1542 då han miste dottera Lena på 13 år.

25. Jesus, Frelser, vi er her.

Songen er skriven av feltprest Tobias Clausnitzer i 1663, f. 1618 d. 1684. Han var feltprest i 30-årskrigen som slutta i 1648. Då han døydde fekk han dette vitnemålet: Han hadde tent sin Herre trufast i Guds vingard.

42. O Fader, la ditt ord, din Ånd…

Hans Adolf Brorson skreiv songen i 1664, det året han døydde. (I Sangboken står det feil, 1665: Han døydde i 1664 og kan ikkje ha skrive songen året etter!) Rasjonalismen var komen til Danmark ikr. 1750-åra, og det førte til at det åndelege livet gjekk attende mot fråfall. Brorson syrgde djupt over det, og skreiv songen det siste året han levde. Den er eit naudrop til den trieinige Gud om ny vekking. – Og den kom vel 30 år etter ved H. N. Hauge i Noreg, i 1796.

49. O, Jesus, åpne du mitt øye. Lina Sandell skreiv songen i 1861. Far hennar var drukna i 1858 og ho sat att farlaus. Då ser ho kor rik ho eigentleg er: Ho ”har en fader i det høye, som faderomhu for meg ber”.

Nr. 68. Eg kan ikkje telja dei alle. Skriven av Lina Sandell i 1880. Ho skulle skriva tekst til eit bilete av ein gut som stod bøygd over eit reknestykke. Ho tykte at han tenkte: Eg kan ikkje rekna med alle desse tala! Då tenkte ho på sitt eige liv, på si livs tavle.- Der hadde Gud skrive alle velgjerningane mot henne. Og alt var av nåde.

Nr. 102. Lovsyng vår Herre, den mektige konge… Den er skriven av Joachim Neander i 1679 over Salme 103. Han var sjuk då, og døydde året etter.

Nr. 137. Å nåde underfull og stor. Skriven av John Newton i 1779. Han var sjømann og skipper på ei slaveskute frå Vest-Afrika til Amerika. Så blei han frelst og såg kva han hadde gjort, og byrja eit nytt liv. Men han kunne ikkje gløyma frelsesdagen: v. 3: Eg gløymer aldri første gong då eg fekk venda om. Sjå også nr. 337.

Nr. 154: Engang levde eg for verden… Skriven av Emcy Collett i 1905. Ho var dansk skodespelar, blei omvendt til Gud og skreiv om si frelsesoppleving. V. 2 avspeglar det: Sløret drog han fra mitt øye, viste meg sin herlighet. Si meg, er det da et under – verden bleknet helt derved.

Nr. 156: En port til himlen åpen står. Av Lydia Baxter i 1872-74. Lydia var invalid og fekk høyra om ein gut som rømde heime frå. Ei natt kom han heim att – og såg døra stå open. Far fortalde at døra hadde stått open kvar natt og dag sidan han reiste – for å visa at han var velkommen heim. Lydia døydde 1874 – men hadde først skrive: Ved Jordans bredd vi legger ned hvert kors….

Nr. 166: Gå til Jesus, kvar og ein, ved hans kors er rom. Fanny Crosby høyrde om ei ung jente som gjekk forbi eit Frelsesarmelokale der dei song og talte. Dei sa: Ved hans kors er det rom. Ho hadde ikkje tenkt å bli ein kristen, men sa ja til kallet der. Seinare vart ho offiser i FA.

Nr. 169. Har du intet rom for Jesus. Av Daniel Webster Whittle i 1878, f. 1840 d. 1901. Whittle var officer I borgarkrigen og mista ein arm der og vart teken til fange. Etter ei tid byrja han å lesa NT og fekk seinare hjelp av ein soldat til å tru på Jesus. Då vart det at songen vart til.

Nr. 178: Ingen vinner frem til den evige ro, skriven av Lars Linderot i 1798. Han var då 37 år, fødd 1761 og døydde i 1811. Han var ein brennande svensk prest og ei vekkjarrøyst og trona mot synda og tala om dommen. Det er berre to utgangar av livet, sa han.

Nr. 182: Jeg råde vil alle i ungdommens dage. Første vers er skriven av lærar Mads Ingebrigtsen Rø i 1847, 20 år gammal, f. 1827 d. 1858. Han var melankolsk og krøpling, men flink. Han ga ut songboka ”Åndelige viser”. I 1935 skreiv lærar Einar Skaatan, f. 1907, v. 2-4.

Nr. 192. Jesus vil ha alle, av H.A. Tandberg i 1906 (songboka seier 1910). Me kjenner ei hending om denne songen: Ein liten gut i Oppland låg for døden i 1906. han var redd og tenkte: det er ikkje frelse for meg. Ein frelsessoldat gjekk rundt i bygda og selde barnebladet ”Den unge soldat”, og der var songen trykt. Mora kjøpte bladet så guten fekk noko å sjå i. Og guten las: Jesus vil ha alle, også den eine som var tapt. I originalteksten var det også eit kor: ”Over fjell og dal han går, bærer hjem sitt funne får, og av fryd hans hjerte slår, nå er begge glade.” Guten sovna inn i døden med bladet i hendene, og dei gravla han med bladet.

Nr. 206. Kven bankar så varleg i kveldsstille fred, av Lina Sandell i 1870. Bakgrunnen er denne: Songaren O. Ahnfelt vart meldt for vranglære og at han reiste mot konventikkelplakaten i Sverige (den varte lenger der enn i Norge). Biskopen melde han til kong Karl 15. Men kongen ville høyra denne ”vranglæraren” synga og kalla han til seg. Men Ahnfelt visste ikkje kva han skulle synga for kongen. Han var nær ven av Lina Sandell og bad henne om å skriva ein song til kongen. Då skreiv ho denne. Ahnfelt møtte fram på slottet og song, m. a.: ”Du kjenner det ofte så kaldt og så audt her i verdi, du kjenner det mest som det vanta deg alt, trass glansen du vann deg på ferdi.” Og kongen sat og lytta med tårer i augo. Han rekte handa fram til Ahnfelt og sa: ”Du kan syngja så mykje du vil i begge mine rike (han var då kongen både i Sverige og Norge).

Nr. 237/238: Blott en dag, et øyeblikk om gangen, av Linda Sandell i 1865/72. Songen er skriven etter ein legende: Pendelen på klokka ville telja kor mange gonger den svinga att og fram på eitt år. Men det vart eit høgt tal, og pendelen miste motet og slutta å telja. Da formante visarane pendelen: Du må ikkje rekna slik, ta berre ein augneblink (eitt slag) om gongen, då går det.

Nr. 239: Då Golgata, der Jesus led, jeg gjennom tårer så (eldre omsetjing: - den gamle høy), Edwin O. Exell ca. 1900, f. 1851 d. 1921. Han var songlærar og evangelist og var med i Moody og Gipsy Smiths møte. Dette var vitnemålet om hans eiga frelsesoppleving.

Nr. 245: Det meg gleder mest er Jesus underfulle frelsesverk, skriven av Thorwald Løwø i 1901, 18 år gammal. Han vart ein kristen, men familien ville ikkje akseptera det. Etter ei gravferd, vart det klårt at han heller ikkje fekk nokon arv. Han var ikkje velkomen heime og var ærelaus. Men ungguten vart frelsessoldat og offiser i FA. Han gjekk ut frå Tromsø og var m.a. divisjonssjef i Nord-Noreg og ansvar for ein avdeling ved Hovedkvarteret.

Nr. 261: I det fjerne jeg skuer et underfullt syn, av George Bennard, 1873-1951. han var offiser i FA og seinare metodistprest. Han la alltid vekt på Golgata i forkynninga og ville gjerne forstå meir av evangeliet. Etter lang tid byrja han å nynna på ein ny melodi. Og ved ein møteserie i Michigan vart songen til.

Nr. 278: O lam, jeg ser deg full av sår, av Bertha Canutta Aarflot i 1836. Ho var haugianar og budde i Ørsta, f. 1795 d. 1859. Det er same slekta som biskop Aarflot. Songen viser at ho ikkje berre var streng haugianar, men hadde sett inn i djupna i evangeliet. ”Du gikk for meg en blodig sti, og jeg som skyldig var, slapp fri.”

Nr. 280: Om noen meg nå spørre vil. I Sangboken står det at denne songen var ein dansk herrnhutisk song frå 1748. Og dei la stor vekt på ”Jesu sår og blod”. Men Munch skriv at den er av biskop Erik Pontoppidan. Han drøymde at han stod framfor himmelporten. Der kom det mange som ville inn, og dei hadde gode gjerningar med seg og vart vist bort. Så kom Pontoppidan. Engelen spurde: Kva har så du å koma med? Då stamma han fram: Eg har berre Jesu blod. Og straks opna himmelporten seg. Då var det lett å skriva om grunnen til frelsa.

Nr. 293: Å underfulle salighet, av Sven Lidman i 1918 (1882-1960). Lidman var svensk diktar og kom ut i syndelivet og gudløyse med bruk av t.d. opium, drikk og umoral. Han var ”ved avgrunnens rand”. Våren 1917 møtte han Guds kall, men kjempa eit heilt år med å få tru seg frelst. Våren 1918 møtte han ”Kristi tornekrone” – same år som 1. verdskrigen vart slutt. Og same år skreiv han denne songen – eit sterkt vitnemål om frelse: ”Jeg treder nå til korset fram, fra syndens land meg vender… Jeg er ditt barn, du er min far. Å salighetens gåte.” Han vart seinare pinseven og forkynnar. Han var i si tid pinsevenene sin fremste predikant”.

Nr. 295: Alene i håp til Gud min sjel er stille, av Jonas Pettersen i1893 (1847-1915). Far hans døydde i kolera i 18563 i oslo og Jonas vaks opp på barneheim. Først var han forretningsmann, men slutta der og byrja arbeid mellom alkoholikarar. Der var salme 62 viktig, og der hadde dei berre ”håp til Gud”. Han kunne gjera det.

Nr. 312: Er Gud for meg, så trede meg hva der vil imot, av Paul Gerhardt i 1651 (1607-76). (I Sangboken står 1652, truleg var det året før.) 26. febr. 1651 gjekk presten i Berlin, Johannes Beskow, heim etter ei gravferd. Han fekk slag og styrta om på vegen. Ein prest talte ved gravferda hans over Rom. 8, 31-39. P. Gerhardt sat i kyrkja då, og etter det vart salmen skriven. – Dette er kort etter 30-årskrigen (1618-48), og redsla frå den tida kan liggja bak.

Nr. 331: Hvilken venn vi har i Jesus, av Joseph Scriven i 1855 (1820-86). Han var frå Irland og kom til Kanada. Han var forlova, men jenta drukna før bryllaupet. Joseph fekk brev om det, og då gjekk han inn og bøygde kne og bad. Dei hadde vorte samde om at om det vart problem i samlivet, skulle dei be saman. Nå låg han åleine på kne og gråt og bad i 3 timar før han fekk ro. Songen vart fødd etter det: Han hadde ein god ven i Jesus, sjølv om den kjæraste venen på jord vart teken frå han – ”aldri svikter dei Guds Sønn”. Resten va livet brukte på å hjelpa folk gratis når han kunne, sagde ven til enkjer og fattige m.m.

Nr. 337: Hvor herlig klinger Jesu navn i 1779, sjå nr. 137.

Nr. 364: Løftene kan ikke svikte, av Lewi Petrus f. 1884. Dei to første versa vart skrivne i 1913 då kona Lydia var sjuk før jul det året. Då fekk han klynga seg til løftene. To år etter fekk han motstand i avisene og venene forlet han. Då hadde han berre løftene att: Tro selv om vennene svikter, tro når kun en står med.

Nr. 368: O Herre, til hvem skulle vi da gå hen, av H. A. Tandberg i 1907/08 (1871-1959). Tandberg vart sjuk og lagt inn på sanatorium i Lillehammer. Ei ateistisk lærarinna låg dødssjuk. Alt rasa saman for henne. Tandberg fekk hjelpa henne, og ho døydde i trua på han ”som har gått gjennom dødsdalen før”. Etter dette skreiv han denne songen.

Nr. 377: Styr du min vandring, av W. Malmivaara i 1903 (1854-1922). Han var finsk vekkingsprest i Lappo og hadde ei lys framtid for seg. I 1901 kom det tyfus til bygda. Kona og to av borna døydde på 3 månader, og han vart knust av sorg. Ein gamal kyrkjetenar kom inn til han og sa stille: ”Herren sa tredje gong: Simon, Jonas son, elskar du meg?” – Då vakna han og såg Herrens hand i alt, og skreiv denne songen: Andre går bort, men du hos meg står, trøst i min sorg…”

Nr. 397: Å tro det er å legge seg ned…, av Emilie Thorup i mai 1889 (1857-90). Ho var prestedotter på Sjælland i Danmark og fekk tidleg tuberkulose som braut ned kreftene hennar gjennom fleire år. Men ho hadde ei sterk tru og bad foreldra om ikkje å syrgja når ho døydde. Ho sovna stille inn som eit barn medan faren lyste velsigninga over henne. Ho skreiv mange songar, men gøymde dei. Søskena fann dei og fekk nokon av dei trykt.Då ho var død, samla dei 50 songar som vart utgjevne i ei bok: Efterladte aandelige Digte, af E. – Denne songen er skriven inn i døden og syner ei sterk tru der hoa har overlete alt i Guds hand.