torsdag 12. februar 2015

Guds menighet I.

1. Guds menighet - Kva det er:

Av Nils Dybdal Holthe.

Ikkje alt om alle, men litt om noko!
Ef. 5, 23 og 32: Denne hemmelighet er stor. Det nære forholdet mellom Kristus og dei truande. Det er ein løyndom, noko me ikkje kan skjøna med tanken. Men me opplever det i trua.

 I. Kva er menigheten (ikkje meinigheit)! Men kanskje Forsamling.

Spørsmålet er: Kva er eigentleg kyrkja? Her er nok mange uklåre og kanskje rådville. Eg spurde ein skuleklasse ein gong (det var i ungdomsskulen): Kva er kyrkja? Det første svaret eg fekk var: eit hus. Deretter: presten – og så: Alle som går i kyrkja. Kor rett eller galt dette kan vera, kjem me kanskje attende til seinare. Me må i alle høve gå til Bibelen med dette. Det er berre den som kan gi eit bibelsk, og dermed eit kristeleg svar.

Ordet i GT.

I det GT brukte dei ordet qahal om den israelittiske/jødiske forsamlinga. Og ordet tyder å kalla folk saman. Og folket samla seg om Aron, står det. 2. Mos. 32,1. Israel blei dermed eit folk som Gud har kalla saman som sitt folk. Det blir kalla Guds folk, og det var eineståande og ulikt alle dei folk som budde ikring dei.

Dei var kalla saman for å tilbe Herren, høyra hans ord og vilje og lovprisa han. Det var altså ei Guds forsamling – i øydemarka og seinare i landet Israel.
I Salme 149,1 heiter det: Lovsyng han der dei fromme samlast. Det var Guds folk som kom saman i Tabernaklet og seinare i templet. Då var Gud Herren midtpunktet for dei.
-         Men me skal merka oss at jødane blei fødde inn i denne Guds forsamling – qahal. Det blir ingen annan, heller ikkje i ei statskyrkje.
-         Ordet edah er også brukt.

I tida då NT
vart til, samlast jødane i synagogen, men det ordet blir ikkje nytta om den kristne forsamlinga som oppstod pinsedag. Men me skal merka oss at dei ikkje nytta synagogen til å ofre i eller ved. Dei bruka han til bøn og truvedkjenning o.a. (Somme brukar andre tidspunkt for byrjinga av den kristne tida.)

Dei kristne brukte snart eit anna gresk ord om deira forsamling: Ecclesia. Det tyder dei som er kalla ut eller bort frå andre. Det heng truleg saman med skikken i Hellas der filosofane sat på torget og tala. Då var det nokre som vart interesserte og kom bort for å høyra. Dei vart liksom ein eigen flokk som slo seg saman med talaren. Ordet har også vore nytta om dei som sat i byporten og tok avgjerd om saker og dømde m.m. Det var altså eit vanleg ord dei kristne og Jesus nytta om kristenflokken. Og porten til å koma inn i denne flokken er ikkje ein naturleg fødsel. Jesus er porten, og me kjem inn ved omvending og tru på han. Det skjer ein ny fødsel ved Anden (og for borna ved dåpen).

1)  Nå er me eit eige folk, ved sida av jøde og grekar (heidningar). 1. Kor. 10,32. Paulus seier der: «Ver ingen støytestein, korkje for jødar eller for grekarar eller for Guds kyrkjelyd.» (ekklesia) Me ser at Paulus skil dei truande (Guds kyrkjelyd) ut både frå jødar og heidningar. Jødar er her Israel som folk og nasjon og ikkje einskildpersonar. Det er vanleg å rekna med at kyrkjelyden (menigheten) her inneheld både omvende heidningar og Jesus-truande jødar.

I Augustana kap. VII står om dette: «Kirken er forsamlingen av de hellige, der evangeliet blir lært rent og sakramentene forvaltes rett.»

Menigheten kan her samanliknast med det gamle Israel som vart utfridd frå Egypt i den første påsken. Dei var då eit eige og spesielt folk som var på reise bort frå det heidenske Egypt. Me legg og merke til at dei ferdast gjennom øydemarka og ikkje blanda seg med dei heidningfolka dei møtte. Slik er me kalla ut frå denne verda med synder og vanar som verda har. Me skal ikkje blanda oss med dei.

(Dette tyder ikkje at Guds lovnader til Israel som folk ikkje står ved makt. Dei er eit spesielt folk for Gud der både profetane i den gamle pakt var aktive og der Messias vart fødd, han som er alle folk sin frelsar.)

2)  Bibelen har fleire namn på menigheten. Der vert han samanlikna med fleire ting som er kjent for folket. Slik kan me læra kva og korleis den er. Desse namna kan stå som «anskuelsesundervisning» (nyno: åskådeundervisning) for oss slik at me betre skjønar kva Guds forsamling på jord er. Her er nokre av dei:

a) Menigheten er ein lekam. Kol. 1, 18 seier: Jesus er hovudet for lekamen, som er kyrkjelyden (menigheten). Hovudet er det som styrer resten av lekamen. Og ordet lekam talar om einskap. Alle kristne er altså eitt i trua, sjølv om dei er delt opp i ulike grupper og kyrkjer. Jesus ber slik: At dei alle må vera eitt i oss, Joh. 17, 21. Det er ikkje tale om ein organisatorisk einskap slik at alle må vera med i ei ytre kyrkje. Kyrkja og organisasjonar er berre stillas me brukar her på jorda (Jfr. Hope). Einskapen er i trua på Han som Frelsar.
- Men på same tid som me er ein lekam, er den samansett av fleire lemer. Me kristne er mange og ulike, men har same tru. Den eine kyrkja (menighet) er altså dei truande. Me er mange einskildpersonar og mange ulike samfunn og kyrkjer. Det kjem dels av ulike arbeidsoppgåver og det heng saman med kultur og syn på korleis den ytre kyrkja skal vera. Her er det viktig at me som Guds born kan elska og respektera kvarandre.

b) Det andre biletet av menigheten er Tempel. Eit tempel er hus eller bustad for Gud og det heilage. Me seier gjerne at Gud er i ei kyrkje eller eit anna gudshus. Det er berre ei halv sanning. Der er nok symbola og rituala og faste samlingar om Guds ord. Og det er vigsla til slikt bruk. Det tyder at me har sagt og meint at huset skal vera eit Gudshus og bede om Guds signing over det.
Men Gud er alle stader der me samlast i hans namn og i bøn til Han. Slik kan ei stove eller ein verkstad vera eit tempel for Gud.
Ei anna side ved dette er at me som kristne er tempel for Guds Ande og dermed for Gud. Og ved at Anden bur i oss ved trua på Jesus, har Gud stige inn til oss. Han har gjort oss til eit tempel, ein heilag stad. 1. Kor. 3, 16. Og i neste brev seier Paulus: «Vi er då den levande Guds tempel, som Gud har sagt: Eg vil bu hjå dei.» 2. Kor. 6, 16.
Ei fylgje av det er at synda og heidenskapen ikkje må eller kan få rom der. Difor skal me skilja oss ut frå dei, v. 17. Det kan aldri bli samfunn mellom Guds folk og denne verda. Me er av heilt ulik ande. Difor handlar dette også om praktisk helging.

c) Dinest seier Paulus at me er Guds Åkerland. 1. Kor. 3, 9. Det er også eit talande bilete. For på ein åker sår me frø el.l. som skal spira fram og gje frukt og anna mat til folk. Og i denne åkeren har me fått eit arbeid for Gud. Han vil bruka den einskilde og forsamlinga samla. Det gjeld både hjelp til andre truande og utover til dei som ikkje trur og dei som ikkje har høyrt bodskapen.

d) Og så: me skal nemna nå, er at dei kristne samla er Guds Hjord. Joh. 10,16; 1. Pet. 5, 2; Esek. 34, 15; Salme 23. Biletet er her ein flokk sauer (av truande) der Jesus er hyrding. Det er brukt både i det Gamle og det Nye testamentet. Det er viktig at dyra er samla, at dei får mat og dei vert verna mot villdyr og fare. Jesus er hyrde og leier flokken til trygge stader med vatn og mat. Kvile i Guds omsut og mange løfter, og mat i Guds ord om nåde og syndsforlating kva dag og stund.

5. Mat. 16, (13)16-19. Mi kyrkje. Jesu menighet.


Jesus og læresveinane er nå langt nord i landet, nord for Gennesaretsjøen – ved byen Cæsarea Filippi. V. 13. Der spør Jesus dei: Kva seier folk om meg? Då viser det seg at det er fleire meiningar om han: Døyparen eller ein av profetane. Då snur Jesus spørsmålet slik at det blir heilt personleg: Men de?
Det ser ikkje ut til at dei andre seier noko, men Peter står nå fram som «ordførar», og dei andre er truleg samde. Peter kjem med ei veldig vedkjenning, som seier at han er komen langt i erkjenning av kven Jesus er. Den er todelt:
a)   Du er Messias. Då seier han at han er oppfyllinga av profetiane i GT om den salva som skulle koma og frelsa Israel. Det er ikkje sikkert at han forstod alt kva det innebar. Men han har fått tak i poenget: Nå er tida komen, Messias er her. GT skal oppfyllast.
b)  Du er den levande Guds Son. Det er endå eit steg lenger. Guds Son betyr at Jesus er Gud. Det er eit sterkt vitnemål. Dei går saman med Guds Son! Ikkje berre ein stor profet, eller ein Son som er bilete på ein spesiell profet. Og det er den levande Gud som har sendt han. Gud er Jesu far – slik han antyda i bøna «Fader vår».

Jesu svar er overraskande og opplysande og framtidsretta. Utan å seia: Du har rett, seier han det på ein uvanleg måte og viser grunnen til det. Sæl er du! Svaret er godkjent. Han erkjenner med det at han er Messias og Guds Son.

Då kjem det: Du har fått ei openberring. Denne erkjenninga har du ikkje tenkt ut sjølv, og heller ikkje har nokon annan fortalt deg det. Det er lett for oss å tru at kunnskap og eiga overtyding er erkjenning. Det seier Jesus nei til. Me treng ei openberring frå Gud for å skjøna rett kva dette er.

c) Og så: På dette skal Jesus byggja si kyrkje, v. 18). Han kallar dei truande for si kyrkje el. Menighet. Katolikkane tolkar det om Peter, og Peter, seier dei, var i Rom og skapte kyrkja der. Ein konsekvens av det er at Romarkyrkja er sentrum for dei kristne. Mor. Peter var den første pave.

Luther og dei evangeliske har sagt nei til det. Han seier i ei preik: «På denne klippe, nemlig ikke på din person, for den er for skrøpelig til å være grunnvoll. Men på den tro og bekjennelse som gjør deg til en klippe, vil jeg bygge min kirke.» (Huspostillen).

Kyrkja er altså alle dei sanne truande som trur på Kristus som einaste frelsar.

6. Bilde frå GT.

I prof. Hoseas er eit vakkert bilde. Det viser Guds sanne kjærleik til oss. Kort sagt: Profeten skulle elska ei horkvinne, kap. 1. Ho fekk born, men dreiv også hor. Men prof. Ga henne mat og pengar.– Då kjøpte Hoseas kvinna, kap. 3. Ho vart hans eigedom. Han elska henne trass i hennar synd. Slik er han mot oss. Han har kjøpt oss, 1. Pet 1, 18f. Han elskar sitt folk om me er svake.

7. Framtida.

Til himmelen, alle truande.

Himmelen er det endelege målet for dei kristne. Då er me for alltid trygge.


Guds menighet II.

2. Guds menighet - Det indre liv.
.

Menigheten: II.

Det indre liv.

John Balchin seier: Den er ei heilag menighet, altså utskilt frå alt anna. Det eg saman med at den einskilde kristne lever eit heilagt liv. Me er ikkje mørkemenn. MEN me fornektar synda og det tvilsame og har vigd oss til Gud. Her skal me nemna noko av det – og her tenkjer me på dei kristne på ein stad som fungerer som ei menighet. Eg tenkjer ikkje her på ei organisert menighet, men på ei åndeleg samling av kristne. Det er noko som høyrer med der, som naturleg kjem når det er rett.

1. Samfunn.

Det er som i ein heim og eit venelag. Der har me samfunn med kvarandre. Difor kan me godt kalla det ei forsamling. Det blir nå ofte kalla eit fellesskap. Me har noko viktig saman, noko felles sjølv om me er ulike. Og me høyrer saman. Det er noko som bitt oss saman slik at me blir ein flokk.

Ein sa det slik: Det beste biletet på ei menighet er Mat. 18, 20: For der to eller tre er samla i mitt namn, der er eg midt imellom dei. Då er altså Jesus samlingspunktet og hovudperson for oss. Hvis det ikkje er tilfelle, vil det skurra i forsamlinga og våre eigne ulike meiningar får styra. Då er det fare på ferde.

Samfunnet er eit spesielt indre forhold mellom menneske. Dei har noko felles som dei ikkje kan ha med andre. Dei er fortrulege på ein måte som dei ikkje kan vera med andre. Dei kan t.d. tala saman om åndelege ting og erfaringar som dei ikkje kan med t.d. vener. Dei har noko av det same fortrulege samfunnet saman som dei har med Herren Jesus. Tenk på alt du kan seia til han som ikkje talar med andre om! Og David skriv: Herren har fortruleg samfunn med dei som ottast han, Salm. 25, 14. Og vidare: «Vi som hadde fortrolig samfunn med hverandre,» Salm. 55,15. I den nye Bibelen 2011 står det på begge stader: Vi som tala fortruleg – då handlar det om kva me kan seia til andre. Eit slikt ope forhold har med til vår Gud og frelsar – og til kvarandre.

Ein viktig del her er at me er samde i trua. 2. Kor. 13, 11: Ha same hug, ha ett sinn. Det er det siste han skriv til dei. Han sa det endå sterkare i 1. Kor. 1,10: same tale, i same hug og same tanke. Utan denne einskapen vil det ikkje gå. Det gjeld nok kyrkjelyden.

2. Oppbygging

Menigheten er ein stad for oppbygging åndeleg tala. Det er ikkje berre det å samlast som er saka. Det kan me gjera om mange andre gode og nyttige ting. Men i menigheten får me og vil me ha ei åndeleg oppbyggeleg stund. Når me går til møte, ventar me å få nok for vår sjel.

Det er ikkje berre kunnskap eller høyra noko nytt og nye tolkingar osv. Ein truande treng mat for si sjel, og det er talen om synd og nåde, og trua sine mange fasettar og djupner i Guds frelse. Me vil høyra noko om det. Gud brukar gjerne fleire midlar til dette, åndeleg oppbygging har fleire kapittel. Ofte --

 a) Forkynninga er eit slikt middel. Både NLM og IMF har vore og må vera forkynnarorganisasjonar. Me skal ikkje berre tala om nauda i verda, om misjonsland og kor mykje pengar me treng for å gjera Guds gjerning. For mykje av det kan gjera det åndeleg kaldt. Når forkynninga er varm og Guds ord får tala fritt mellom oss, blir det ofte varmt. Det er ikkje våre kjensler og følelsar som skal brenna, men hjarta og vilje skal Gud få.

b) Bøna er viktig i forsamlinga så vel som i vårt privatliv. Bibelen seier mykje om bøn og legg oss på hjarta å be. At fleire kan be i lag, er og klart, og det treng ikkje vera mange. Om to er samde om å be om noko, skal få svar. Mat. 18, 19. Og om nokon er sjuk, kan dei kalla saman dei eldste som kan be og salva den sjuke. Me er og bedne om å be for kvarandre. Det er kraft i slike bøner. 1. Pet. 5, 14ff.

Og då Paulus var i Milet saman med dei eldste frå Efesus, bøygde han kne og ba saman med dei alle. Apg. 20, 36. Seinare var han saman med dei truande i Tyrus. Då han reiste derifrå, bøygde dei alle kne på stranda og ba saman. Før var det mykje meir vanleg med bønnemøte, og ofte på kne. Det er eit godt ytre uttrykk for at me vil vera audmjuke. Og i Apg. 1, 13f ser me at dei hadde for vane å samlast i den øvre salen, og der var dei uthaldande i bøna. Slike bønestunder er ofte eit teikn på den åndelege temperaturen i forsamlinga.

c) Læreforkynning er ein viktig del av det åndelege livet. Der tek ein fram hovuddelane i den kristne trua, t.d. trusartiklane og resten av katekisma. Til alle tider har det vore feil lære og uklar forkynning mellom deie kristne. Då vert trua svak og eit lett bytte for vranglære og sekter. Me må vita kva grunn me står på og kva frelsa er. Difor er nådeforkynninga viktig her og: Så snart nokon vil leggja noko til det Jesus har gjort og trua på han, er vranglæra nær. Då må me attende til hovudsaka.

d) Men også forkynning til trøyst høyrer med i forsamlinga. Alle treng det, om ikkje alltid. Men menneskelivet er slik at folk flest opplever sorg og motgang og uforståelege ting. Eg trur at dei fleste ikkje kan takla alt slikt åleine. Då kan forkynning og personleg sjelesorg vera til stor hjelp. Og Gud har eit vakkert namn her: All trøysts Gud, seier Paulus. 2. Kor. 1, 3. Han kan trøysta oss i all vår trengsle, og det må forsamlinga få høyra.

Denne verda sin visdom kan nå eit stykke med psykologi osv. Men dei manglar det åndeleg og tek ikkje Gud med. Her må forkynnaren koma med Guds ord.

e) Formaning og tukt er også ein del av læreforkynninga. Me ser at i breva i NT er det mykje formaning. I fleire brev kjem i hovudsak ordet om evangeliet og Jesu frelse først, og så kjem nokre gonger lange avsnitt med direkte formaning. Slik er det i Rom 12 ff og Kolossarbrevet 3f  t.d.

Formaning og tukt er ikkje det same, men dei kan høyra saman. Formaning er både å tala til rette, trøysta og hjelpa folk på rette veg og vegleia. Tukt har noko av straffa i seg,
f) Vitnemål i møta, 1. Kor. 14,26.

 3. Nådemiddel og sakrament.

I den lutherske kyrkja har me to sakrament mot sju i den katolske. Sakrament tyder heilag eller noko som gjer ein heilag. Augustin sa at det er «synlege ord der Gud ved synlege midlar tilbyr oss sin usynlege nåde». Og Luther sa: Dåp og nattverd er å likna med klær; Der viser Gud seg for oss og handlar med oss.

Men det skjer ikkje automatisk, som katolsk teologi lærer: ex opere operato – at det skjer ved sjølve handlinga uavhengig av oss så å seia. Det er ikkje kristeleg magi.
Det heng saman med kristen tru. Det er tillit til Gud at han tek imot oss syndarar. Det er kanskje særleg godt for svake kristne og knapt vågar å tru Guds ord. Her får dei synlege ord.

4. Grunnprinsipp i forsamlinga:

Det er kjærleiken. Der kjærleiken rår (i heim eller menighet), kan ein tåla og lida om urett skjer. Kjærleiken bøyer seg ofte. 1. Kor. 13:  og1. pet 4,8: kj. Skjuler ei mengd med synder+.
Johs sa som gamal i Efesus, då han vart boren inn i forsamlinga: Elska kvarandre, brør! Også i breva hans seier han noko om det. Elska kvarandre er grunntonen. Då er kjærleik faktisk eit kjenneteikn på vår kristendom. 1. Joh. 3, 10-11: På dette skal Guds born og djevelens born kjennast…Og dette er den bodskapen de høyrde alt frå det fyrste: at vi skal elska kvarandre. Og i v. 14: Det er eit kjenneteikn på gudslivet at me elskar brørne (andre kristne). Her kan me prøva oss sjølve og ikkje tenkja på andre menneske.


5. Eit kongerike og eit åndeleg presteskap.

Åp. 1,6 m.m
Johannes innleiar Åp. med at dei som Jesus har fått løyst frå syndene med sitt blod, har han gjort til kongar og prestar. Åp. 1,5-6. Det handlar om alminnelege prestedømet der kvar kristen er prest for Gud og treng eigentleg ikkje nokon mellommann. Det talar både den katolske kyrkja om og høgkyrkjelege krinsar i den norske kyrkja. Der er det eigentleg berre den ordinerte presten som er talsmann for Gud. Men Jesus har gjeve oss alle ved trua på han direkte tilgang til Gud. Han tek det opp att i kap. 5, 10. Og seinare om Tusenårsriket, 20.6.

Peter tek opp same tanken i 1. Pet. 2, 5. Alle dei som kjem til Jesus blir del av eit åndeleg hus og dermed eit heilagt presteskap. Då kan han bera fram åndelege offer som Gud ser til. Det er både vitnesbyrd og lovprising og bøn til Han. Og det kjem att i v. 9 der han kallar det eit kongeleg presteskap.

Paulus tek også opp tanken i Rom. 12,1. Her er det knytt til formaninga om å leva rett. Ein del av kristenlivet er å by fram lekamen som eit offer – ikkje for å brennast opp på eit altar. Men den skal brukast i tenesta for Gud. Det kan ein sjå på som eit offer ut frå menneskeleg synsstad. Her brukar han så eit kyrkjeleg ord og seier: det er vår åndelege gudsteneste. Det står truleg som motsetnad til den jødiske gudstenesta med dyreoffer osv. Ordet gudsteneste blir her eit uttrykk for kristenlivet og tenesta i Guds rike.

Desse tankane går faktisk attende til GT og prof. Jesaja kap. 61,6.
Kap. 66,21.

Guds menighet III.

3. Guds menighet i Korint.
.

Guds menighet. III. Menigheten – i Korint. 1. Kor.; 2. Kor.; Apg 18. NDH.


1. Korleis det byrja i Korint. – oversikt.


Paulus er på si andre misjonsreis. Ca. år 49-50.  Det er andre gong han var i Lille-Asia. Denne gongen fekk han eit spesielt kall i Mysia. Han planla å reisa austover på Sørsida av Svartehavet mot Bitynia. Slik tenkte han sjølv. Sjå kart.

 

Men Gud tenkte annleis. Anden gav han ikkje lov, står det. Apg. 16, 7. Somme gonger må Gud hindra oss, for han vil noko anna. Dette viser kor menneskeleg Paulus var. Men Gud greip inn. Nå skulle evangeliet førast over til Europa frå Asia.

 

Difor drog dei nå vidare ned til kysten og til Troas. Der skulle dei overnatta. Då fekk Paulus eit syn. Ein mann ropte til han: Kom over og hjelp oss (i Europa)! Evangeliet kom til Europa ved ei spesiell openberring til Paulus. Og han reiste gjennom fleire byar og kom så til Korint. Gud ville noko med dette: Europa blei sentrum i misjon og reformasjon.

 

Her møtte han eit ektepar: Akvila og Priskilla. Apg.18. Dei hadde vore i Rom, men vart utviste av keisaren. Dei var med Paulus til Efesus, og seinare var dei attende i Rom. Rom.16,3.

 

I Korint arbeidde han som teltmakar saman med Akvila. Kvar sabbat talte han i synagogen, 18,4f. Han viste ut frå GT at Jesus var Messias, og at frelsa gjaldt både jødar og heidningar. Og folk tok imot evangeliet. Også Silas og Timoteus kom, v. 5ff.

Jødane spotta og var imot vekkinga, men mange heidningar vart omvende, v. 8.

Kven var dei fleste i denne forsamlinga? To svar: 1. kor. 12,2: Heidningar, truleg romarar og andre. Også nokre jødar.

Det andre: 1. Kor. 1,26f: merk dykk det kallet de fekk: ikkje mange vise … Det var altså vanlege folk i gata, arbeidarar og kvinner. –Det er ofte slik!

2. Utviklinga – svake sider. Påverknad to vegar?


     Frå vekkinga til 1. Kor.: 5 år.

Menigheten i Korint var i ein heidensk by med mykje vondt. Her var open synd av fleire slag. Det er truleg påverknad frå folket der. Og mange av dei kristne hadde og vore heidningar før. Det viser t.d. Apg 18,6: Heretter går eg til heidningane – etter at jødane i synagogen hadde sagt nei. Det viser kor vanskeleg det kan vera å leva som kristen i ei verdsleggjort verd. Det skaper problem for dei. Lat oss sjå på noko av det som hende og kva synder det var hjå dei:

       Noko negativt her:

a) Spittelse. Kap. 1,10ff.

Dei hadde delt seg i flokkar etter predikantar som hadde vore der.: Paulus, Apollos, Kefas (Peter) – og Jesus. Det er vanleg. Det hadde truleg nok med forkynninga å gjera. Jfr. Kap. 3,4ff.  Erl.Danbolt: 1. Kor. seier: Faren var at nokre forkynte ein lettare vei til frelse, og tilpassa seg heidenskapet – som også skjer på misjonsmarka. Slik splittelse øydelegg mykje. Jfr. A. Hoaas: Fra hedning til kristen.

 

b) Hor. Kap. 5,1ff. 6. bud.

Og det var av så grov art at det overgjekk heidningane – og det i byen Korint! Ein mann som ligg med stemor si. Og det ser ut til at dei ikkje skjøna at det var synd. Moselova har sterke ord om samleie mellom slekt. 3. Mos. Dette gjorde ikkje ein gong heidningane. Korint var ein  syndig by. Venus-templet hadde t.d. over 1000 jenter som dreiv hor. Det er stor skam når kristne syndar – og er verre enn verden. Her er det truleg «falsk fridom» - til synd.

 

c) Heidensk domstol. Kap. 6. et hedensk rettsvesen.

Paulus ville dei skulle ordna vanskelege saker mellom seg i kyrkja.  Dei kristne skulle hjelpa kvarandre og ikkje gå til verdslege domstolar t.d. med småting. Kanskje me heller skal lida litt urett?

 

d) Ekteskap, skilsmål. Kap. 7.

1)Gode råd for ektefolk for å halda det saman. Helst ugift – pga tenesta for Gud, v. 7f. Og v. 32f. Jfr. Misjonærar.  Men ekteskap er betre enn hor. – 2)Skilsmål er synd, berre ved utruskap er det lov.

3)Attgifte: berre når ektemaken er død. V. 39. 1-. Jfr. Rom.7,2f.

Dette har alltid vore ei vanskeleg sak i kyrkja.

 

e) Fridomen. Kap. 8 og 9.

Eta kjøt av avgudsoffer,v.4 – det var problem då. Nå? Kva det er: Ein svak kristen kan ta anstøyt – og gjera noko som går mot samvitet, v.7-9. – (hallallkjøt i islam.)

Me bør då gje avkall på fridomen vår. Grunn: å vinna fleire. Gå varsamt så dei ikkje tar anstøyt av krdomen. Kap. 9, v. 22f: ALT gjer eg for evang. = sterkt. Og v. 27: eg tvingar lekamen…

 

f) Nådegaver. 1. Kor. 12-14. Gud har gitt oss nådegaver – til teneste.

Her: Han forklarar nådegavene, men ikkje alle.

Fare: kan misbrukast, overbetonast – t.d. tungetale.

Men: Den største gave: profeti – 14, 1 og 5. For den bygger opp.

v. 3: oppbygging, formaning, trøyst – dvs. ved forkynning.

Og kap. 13: Kjærl. Er størst.

 

g) Oppstoda –kap. 15. Somme tvilte.

Paulus: Utan det er alt tapt. Men nå ER, v. 20.

3. NB! Dei var sanne truande og vitne.


(i alle høve nokre.)

 

Trass i synda var dei truande. Hvis ikkje, var ingen av oss Guds barn. Alle har synda. Men: 1.Kor.6,9f: Dei som gjer urett. Skal ikkje erva Guds rike. Så reknar han opp: Hor, avgudsdyrkar, og baktalarar. (også homofili i praksis er med). Difor formanar Paulus dei til å slutta med synd i gjerning. Stel ikkje lenger,Ef.4,28.

Dei var altså truande og vitne: 1.Kor. 1,5: I Jesus har de vorte rike på alt. Og: 1,30: Det er Guds verk at de er i Kristus!

Og: 15, 1: Evangeliet.. som de og tok imot, som de og står faste i. Og i 2.Kor. 1,24: De står faste i trua! Difor urimeleg å synda.

---

4. Paulus sitt svar:


Kva gjorde Paulus nå? Hadde ansvar og ville og måtte hjelpa dei til rette. Me har plikt som kristne til å vegleia andre, i kjærleik og omtanke, men og i sanning. Her er det svikt. Ikkje dom, men samtale. Paulus -

a) Sende brev (3-4). Det er grundig tale, til hjelp for oss nå. 1. brev er menighetsbrev, 2. det mest personlege av P. Det aller første 1.K 5,9

b) Sende medarbeidarar. Kap. 16, 1og 12. Timoteus, Apollos og andre. Ofte betre med samtale enn berre brev. P. var oppteken i Efesus, v. 8-9. Andre skulle hjelpa dei i det praktiske.

c) Direkte hjelp: 2,1. Ved sida av å forklara og døma synd: Forkynte evangeliet. Både i 1. og 2. brev. Han skreiv om Jesus! Han er redningsmann i alle tilfelle. Og: korset som midtpunkt, Jesu død og forsoning. Bli opptatt av det, og andre ting bleiknar og blir lettare.

Legg merke til dette: ( Gå gjennom brevet slik):

 

1.Kor 1,18: Ordet om krossen er .. Guds kraft. Frelse er hovedsak. Me blir lett opptekne av bi-ting. (var etter splittelsen).

v. 23: Vi forkynner Kristus korsfestet – ikkje tegn og visdom

v. 30: Det er hans verk at de er i Kristus. Han er blitt oss…

Kap. 2,1f: Eg forkynte dykk Guds vitnemål – ikkje anna enn Kristus krossfest.  – Det er sentrum og hovudsak. Eg er utheva.

Kap. 3, 11: ingen grunnvoll utan Kristus Jesus. Der må de byggja og leva ved.

Kap. 4, 15: eg har avla dykk i Kr.J. ved evangeliet. Slik blei dei frelst- og alle må det.

Kap. 5, 7: Reinsa ut … For vårt påskelam er slakta, Kristus. Etter: om hor).

Kap. 6,20 + 7, 23: De er dyrt kjøpte. Etter: om hedn. Dom og ekstreskap.

Kap. 11: nattverd (10 og 11): der er Jesu død hovudsak.

Kap. 15. flott! Her er tale om Jesu død, om oppstoda kor naudsynt den var, og om dei siste dagar. V. 1 – 3 -10 – 20 – 33- 34 – 49, 51, 54.

2.Kor. 5,14: Ein er død for alle – for at me…

v. 19: Gud i Kristus forlikte verda med seg sjølv.

v. 21: Han som ikkje visste av synd, har Han

Paulus hjelper dei med å vera personleg – og skriv me, oss.

5. Eit bilete:  Åp. 1, 20: Gull-lysestaker.           


Johannes skriv brev til sju kyrkjelydar i Lille-Asia. Samla sett vert dei likna her med lysestakar av gull. I det ligg noko symbolsk og kanskje profetisk. Det kan likna på Korint.

- Ei menighet er ein lysestake. Den treng ikkje vera vakker og stor og kunst. Oppgåva er å bera eit lys som skal lysa for andre. Her er sju menigheter opprekna, og alle er slike lysbærarar. Staken er ikkje lyset, men lyset må stå der. Slik er den sanne kyrkja.

- Dinest: Dei er av gull. Det har alltid – og er ennå – uttrykk for verdi. Her er det Jesus som står fram, og for han er alle menigheter kostbare og verdifulle. Me er gull verd. Det er me ikkje i oss sjølve. Verdien ligg i han som kalla og frelste oss. Dette ordet gjer oss altså audmjuke og små: Jesus er alt. Eit anna biletet heng litt saman med det første. Me er Kristi Brud. Åp. 19, 7.; 21,9. Det kjæraste han har.

Guds menighet IV.

4. Guds menighet - tenarane.
.

IV.  


Menigheten sine tenarar.


Jesus treng tenarar på jorda. Han samla nokre om seg då var her som menneske. Også dei vart sende ut på oppdrag. Men Jesus skulle attende til himmelen når sjølve frelsesverket var fullfort på krossen. Der kunne ingen hjelpa han. Men før han for heim att, bad han læresveinane om å gå ut i all verda. Dei var nok representantar for alle seinare tenarar. Dei kunne ikkje nå så langt i si levetid. Og me ser at dei fekk snart medarbeidarar som tok del i arbeidet. Både Timoteus og Titus var slike nye tenarar. Men også dei skulle døy og kom ikkje ut til alle folk.

 

Difor kallar Jesus stadig folk til å gå med bodet i staden for han. Oppdraget er alltid det same: Folk må verta frelste. Sviktar me det og vert sosiale og menneskelege, er me ikkje lenger Guds tenarar. Paulus sine ord i 2. Kor. 5 gjeld oss alle til alle tider: Vi er sendebod i staden for Kristus, som om Gud sjølv formana gjennom oss, v. 20.

 

Det er ein tendens i vår tid til utvida omgrepet kristen og kyrkje. Det blir meir kultur og

 

Namna eller titlane på desse tenarane har skifte med åra. Det er ikkje det viktigaste, men innhaldet i tenesta. Og me kan tenkja slik: Det er stort at Gud vil bruka oss, trass i synd og svik og skrøpelegdom. Men Jesus sa: Gå. Det er på hans ord me kan gå. Lat oss seia litt først om desse tenarane.

 

a) Dei må ha ei eller fleire nådegåver. Det er ikkje nok med utdanning og kunnskap og menneskelege talegåver. Alt det er viktig. Men utan nådegåve til å forkynna når me ikkje inn til hjarto. Og me skal ikkje berre til hovudet og vitet, men til samvit og det indre liv hjå oss. – Det er eit stor emne, og det er fleire nådegåver enn me kan tala om her.

 

Ef. 2, 14mm; 1. Kor. 12; …

1) Apostlar.


Det er dei tolv som vert kalla apostlar og i tillegg kjem Paulus som vart kalla på ein serleg måte. Han fekk eit spesielt møte med Jesus på veg til Damaskus i Syria. Apg 8. Apostel er noko meir enn ein misjonær eller predikant. Ordet kjem av eit ord som tyder å senda. Og han har eit spesielt oppdrag. Det har vore vanleg å seia at dei eigentlege apostlane tok slutt med dei tolv og Paulus. Nokre få andre er kalla det seinare. Me trur det er feil å kalla nokon for apostel i dag.

 

2) Profetar –


dvs. forkynnarar. Me tenkjer ofte at profetane skulle tala om framtida og det som skulle koma. Og det gjorde profetane i GT. Så skriv Paulus i 1.Kor. 14,3: «Den som talar profetisk, talar for menneske, til oppbygging, formaning og trøyst. Det står i motsetnad til å tala med tunger. Då veit me kva ein profet er i NT, det er forkynning som truande kan ha nytte av. Og han er større enn ein som talar i tunger, om han eller andre ikkje kan tyda det. Elles vil dei kristne ikkje få nytte av det. Og det kan bli til frelse for nokre. Jfr. V. 24f.

 

3) Evangelistar –


Dei skal gå dit andre ikkje er. Dette er vekkingspredikanten i og for forsamlinga. Han skal gå ut til bygder og stader der det er få eller ingen frelste. I vår tid treng me mange slike forkynnarar. Her er bygdelag som ikkje har mange eller ingen kristne. Sterkare forsamlingar skulle sjå det som si oppgåve å gå til nabobygder og kanskje lenger og halda enkle møte. Me skal ikkje berre venta på og stola på omreisande evangelistar. Enkle vitnemål frå dei truande og litt song kan også Gud bruka.

 

4) Lærarar –


Dei skal gi folk innsyn i Guds ord. Mange har gjerne overflatisk kunnskap til Bibel og kristen tru. Her skal læraren vegleia folk på fleire område. Han kan føra dei inn i eit djupare kjennskap til Bibelen og kva kristendom eigentleg er. Her er bibeltimar på sin plass. Og læraren skal også visa kva som er galt i forkynninga. Her må han trø varsamt så han ikkje stemplar folk med urette som vranglære. Difor må læraren setja seg grundig inn i dei ulike sekter og samfunn. Me kan lett gjera urett her av di me ikkje skjønar alt. Difor seier kanskje Jakob dette: Ikkje mange bli lærarar, for dei skal få så mykje strengare dom. Jak. 3,1.

 

5) Hyrdingar –


Dei skal hjelpa og ta vare på dei truande. Nådegave til sjelesorg er viktig her. Det er mykje sorg og naud og tvil mellom kristne. Det er ofte svært personleg. Då må hjelpa ofte koma i samtalar åleine med dei. Men det hender og at ein hyrde kan tala på eit offentleg møte og «treffa» folk med ord frå Gud. Det er Anden som styrer det. I ei slik teneste er det serleg viktig å vera varsam og ikkje koma folk for nær, korkje åndeleg eller lekamleg. Ein skal i det heile ikkje krevja noko og heller ikkje tala for mykje. Det er viktig at den som søkjer hjelp, får sjølv tala ut. Det ligg ofte lækjedom i det å få opna seg.

 

6) Diakon.


Dei kristne merka snart at dei måtte dela på arbeidet. Nokre måtte ta seg av det praktiske medan andre skulle forkynna. Slik kom diakonien inn i kyrkja. Gud visste at det måtte til og godkjende det. Slik er det og i dag. Alle tenester er viktige for Gud.

Ikkje alle kan ha alle nådegåver og tenester. Men somme har to eller tre og kan dermed vera til hjelp på fleire måtar. Ein forkynnar (profet) kan vera hyrde og trøysta og hjelpa folk. Men det er og rett at me er nøgde med det me har fått. Likevel seier Bibelen at me kan og skal streva etter nådegåver, 1. Kor. 12, 31. Det er dette Paulus talar om kjærleik. Ynskje om meir og fleire gåver må vera styrt av kjærleik både til Gud og hans rike og til tenesta me har. Det kjøtlege må vika unna.

 

Prest og biskop vart tidleg brukt om leiarar i kyrkja, men i ei spesiell tyding i høve til vår tid og i høve til GT. I GT var presten ein mellommann mellom Gud og menneske. Denne tanken er mest ført vidare i katolsk lære. I NT er dei tenarar for Gud og for kyrkja.

Prest kjem av presbyteros på gresk og er omsett med «eldste» som ordet tyder. Han var ansvarleg for menigheten, og Paulus stilte strenge krav til han. Han var hushaldar for Gud og måtte vera ulastande, ikkje sjølvrådig, bråsint, drikkekjære, hardhendt eller lysten etter ussel vinning. Tit. 1, 7ff. Men han måtte vera gjestmild, glad i det gode, sindig, rettferdig, heilag, sjølvtøymande og halda fast ved læra m.m.

Biskop kjem av episkopos som var tilsynsmann. Han var også prest, men førde tilsyn med dei kristne også i andre menigheter. Og dei vart etter kvart mellommenn mellom Gud og folket.

Det ålmenne prestedømet handlar om at alle har lik tilgang til Gud og me treng ingen mellommann. Og alle kan vitna og tala om frelsa.

 

7. Det ytre liv: menigheten og verda.


  1. Dei truande ER noko mellom folk: Lys og salt i livet. Mat. 5. Som kristne har me fått ei ny natur. Me er noko anna enn alle i verda. Her er det: lys og salt. Lysa folk inn til den rette vegen og frelsa. Og saltet som kan bevara frå ròte og gi smak. – Livet er lys (som i Joh.1,  . Folk ser korleis me lever – og blir minna om kristendom.
     
  2. Me skal vitna. Seia med ord og liv. Jesus er frelsar. Livet er viktig – det skal peika på Jesus. Og orda våre er viktige: Me kan støyta folk bort, eller visa nokon vegen til liv i Gud. Difor skal me vera varsame med orda, jfr. Jak. 3 (v. 6: tunga er ein eld).
    Jesus sa: De er mine vitne. Luk. 24,  Det er ei stadfesting av evangeliet.
     
  3. Nokre er sendt til verda. Misjon – heime og ute i andre
     land. Som menighet skal me altså vera med i Guds rikes arbeid. Det gjeld i byen her og bygdane ikring – og der ute.
    Kvifor kan ikkje nokre reisa til ei bygd og synga, spela, vitna om frelsa? (Som Betania gjorde før.) Kanskje bli med ein predikant.

    Misjonsbefalinga gjeld heile verda, Mat. 28, 19. men dei skulle byrja i heimbyen, Apg 1,8.

 

FRUKT av evangeliet:


1. Pinsedag tok det til Apg. 2: 3000 nye vart lagt til Guds forsamling på jord. Seinare auka det dag for dag i aposteltida. Men me har ikkje tal på kor mange som er vunne for Gud i heile kyrkjesoga i alle land. Men Gud veit det, og ein gong skal han visa fram heile denne kvite skaren. Då er det vi8ktig at me vert med i det koret!