torsdag 12. februar 2015

Guds menighet II.

2. Guds menighet - Det indre liv.
.

Menigheten: II.

Det indre liv.

John Balchin seier: Den er ei heilag menighet, altså utskilt frå alt anna. Det eg saman med at den einskilde kristne lever eit heilagt liv. Me er ikkje mørkemenn. MEN me fornektar synda og det tvilsame og har vigd oss til Gud. Her skal me nemna noko av det – og her tenkjer me på dei kristne på ein stad som fungerer som ei menighet. Eg tenkjer ikkje her på ei organisert menighet, men på ei åndeleg samling av kristne. Det er noko som høyrer med der, som naturleg kjem når det er rett.

1. Samfunn.

Det er som i ein heim og eit venelag. Der har me samfunn med kvarandre. Difor kan me godt kalla det ei forsamling. Det blir nå ofte kalla eit fellesskap. Me har noko viktig saman, noko felles sjølv om me er ulike. Og me høyrer saman. Det er noko som bitt oss saman slik at me blir ein flokk.

Ein sa det slik: Det beste biletet på ei menighet er Mat. 18, 20: For der to eller tre er samla i mitt namn, der er eg midt imellom dei. Då er altså Jesus samlingspunktet og hovudperson for oss. Hvis det ikkje er tilfelle, vil det skurra i forsamlinga og våre eigne ulike meiningar får styra. Då er det fare på ferde.

Samfunnet er eit spesielt indre forhold mellom menneske. Dei har noko felles som dei ikkje kan ha med andre. Dei er fortrulege på ein måte som dei ikkje kan vera med andre. Dei kan t.d. tala saman om åndelege ting og erfaringar som dei ikkje kan med t.d. vener. Dei har noko av det same fortrulege samfunnet saman som dei har med Herren Jesus. Tenk på alt du kan seia til han som ikkje talar med andre om! Og David skriv: Herren har fortruleg samfunn med dei som ottast han, Salm. 25, 14. Og vidare: «Vi som hadde fortrolig samfunn med hverandre,» Salm. 55,15. I den nye Bibelen 2011 står det på begge stader: Vi som tala fortruleg – då handlar det om kva me kan seia til andre. Eit slikt ope forhold har med til vår Gud og frelsar – og til kvarandre.

Ein viktig del her er at me er samde i trua. 2. Kor. 13, 11: Ha same hug, ha ett sinn. Det er det siste han skriv til dei. Han sa det endå sterkare i 1. Kor. 1,10: same tale, i same hug og same tanke. Utan denne einskapen vil det ikkje gå. Det gjeld nok kyrkjelyden.

2. Oppbygging

Menigheten er ein stad for oppbygging åndeleg tala. Det er ikkje berre det å samlast som er saka. Det kan me gjera om mange andre gode og nyttige ting. Men i menigheten får me og vil me ha ei åndeleg oppbyggeleg stund. Når me går til møte, ventar me å få nok for vår sjel.

Det er ikkje berre kunnskap eller høyra noko nytt og nye tolkingar osv. Ein truande treng mat for si sjel, og det er talen om synd og nåde, og trua sine mange fasettar og djupner i Guds frelse. Me vil høyra noko om det. Gud brukar gjerne fleire midlar til dette, åndeleg oppbygging har fleire kapittel. Ofte --

 a) Forkynninga er eit slikt middel. Både NLM og IMF har vore og må vera forkynnarorganisasjonar. Me skal ikkje berre tala om nauda i verda, om misjonsland og kor mykje pengar me treng for å gjera Guds gjerning. For mykje av det kan gjera det åndeleg kaldt. Når forkynninga er varm og Guds ord får tala fritt mellom oss, blir det ofte varmt. Det er ikkje våre kjensler og følelsar som skal brenna, men hjarta og vilje skal Gud få.

b) Bøna er viktig i forsamlinga så vel som i vårt privatliv. Bibelen seier mykje om bøn og legg oss på hjarta å be. At fleire kan be i lag, er og klart, og det treng ikkje vera mange. Om to er samde om å be om noko, skal få svar. Mat. 18, 19. Og om nokon er sjuk, kan dei kalla saman dei eldste som kan be og salva den sjuke. Me er og bedne om å be for kvarandre. Det er kraft i slike bøner. 1. Pet. 5, 14ff.

Og då Paulus var i Milet saman med dei eldste frå Efesus, bøygde han kne og ba saman med dei alle. Apg. 20, 36. Seinare var han saman med dei truande i Tyrus. Då han reiste derifrå, bøygde dei alle kne på stranda og ba saman. Før var det mykje meir vanleg med bønnemøte, og ofte på kne. Det er eit godt ytre uttrykk for at me vil vera audmjuke. Og i Apg. 1, 13f ser me at dei hadde for vane å samlast i den øvre salen, og der var dei uthaldande i bøna. Slike bønestunder er ofte eit teikn på den åndelege temperaturen i forsamlinga.

c) Læreforkynning er ein viktig del av det åndelege livet. Der tek ein fram hovuddelane i den kristne trua, t.d. trusartiklane og resten av katekisma. Til alle tider har det vore feil lære og uklar forkynning mellom deie kristne. Då vert trua svak og eit lett bytte for vranglære og sekter. Me må vita kva grunn me står på og kva frelsa er. Difor er nådeforkynninga viktig her og: Så snart nokon vil leggja noko til det Jesus har gjort og trua på han, er vranglæra nær. Då må me attende til hovudsaka.

d) Men også forkynning til trøyst høyrer med i forsamlinga. Alle treng det, om ikkje alltid. Men menneskelivet er slik at folk flest opplever sorg og motgang og uforståelege ting. Eg trur at dei fleste ikkje kan takla alt slikt åleine. Då kan forkynning og personleg sjelesorg vera til stor hjelp. Og Gud har eit vakkert namn her: All trøysts Gud, seier Paulus. 2. Kor. 1, 3. Han kan trøysta oss i all vår trengsle, og det må forsamlinga få høyra.

Denne verda sin visdom kan nå eit stykke med psykologi osv. Men dei manglar det åndeleg og tek ikkje Gud med. Her må forkynnaren koma med Guds ord.

e) Formaning og tukt er også ein del av læreforkynninga. Me ser at i breva i NT er det mykje formaning. I fleire brev kjem i hovudsak ordet om evangeliet og Jesu frelse først, og så kjem nokre gonger lange avsnitt med direkte formaning. Slik er det i Rom 12 ff og Kolossarbrevet 3f  t.d.

Formaning og tukt er ikkje det same, men dei kan høyra saman. Formaning er både å tala til rette, trøysta og hjelpa folk på rette veg og vegleia. Tukt har noko av straffa i seg,
f) Vitnemål i møta, 1. Kor. 14,26.

 3. Nådemiddel og sakrament.

I den lutherske kyrkja har me to sakrament mot sju i den katolske. Sakrament tyder heilag eller noko som gjer ein heilag. Augustin sa at det er «synlege ord der Gud ved synlege midlar tilbyr oss sin usynlege nåde». Og Luther sa: Dåp og nattverd er å likna med klær; Der viser Gud seg for oss og handlar med oss.

Men det skjer ikkje automatisk, som katolsk teologi lærer: ex opere operato – at det skjer ved sjølve handlinga uavhengig av oss så å seia. Det er ikkje kristeleg magi.
Det heng saman med kristen tru. Det er tillit til Gud at han tek imot oss syndarar. Det er kanskje særleg godt for svake kristne og knapt vågar å tru Guds ord. Her får dei synlege ord.

4. Grunnprinsipp i forsamlinga:

Det er kjærleiken. Der kjærleiken rår (i heim eller menighet), kan ein tåla og lida om urett skjer. Kjærleiken bøyer seg ofte. 1. Kor. 13:  og1. pet 4,8: kj. Skjuler ei mengd med synder+.
Johs sa som gamal i Efesus, då han vart boren inn i forsamlinga: Elska kvarandre, brør! Også i breva hans seier han noko om det. Elska kvarandre er grunntonen. Då er kjærleik faktisk eit kjenneteikn på vår kristendom. 1. Joh. 3, 10-11: På dette skal Guds born og djevelens born kjennast…Og dette er den bodskapen de høyrde alt frå det fyrste: at vi skal elska kvarandre. Og i v. 14: Det er eit kjenneteikn på gudslivet at me elskar brørne (andre kristne). Her kan me prøva oss sjølve og ikkje tenkja på andre menneske.


5. Eit kongerike og eit åndeleg presteskap.

Åp. 1,6 m.m
Johannes innleiar Åp. med at dei som Jesus har fått løyst frå syndene med sitt blod, har han gjort til kongar og prestar. Åp. 1,5-6. Det handlar om alminnelege prestedømet der kvar kristen er prest for Gud og treng eigentleg ikkje nokon mellommann. Det talar både den katolske kyrkja om og høgkyrkjelege krinsar i den norske kyrkja. Der er det eigentleg berre den ordinerte presten som er talsmann for Gud. Men Jesus har gjeve oss alle ved trua på han direkte tilgang til Gud. Han tek det opp att i kap. 5, 10. Og seinare om Tusenårsriket, 20.6.

Peter tek opp same tanken i 1. Pet. 2, 5. Alle dei som kjem til Jesus blir del av eit åndeleg hus og dermed eit heilagt presteskap. Då kan han bera fram åndelege offer som Gud ser til. Det er både vitnesbyrd og lovprising og bøn til Han. Og det kjem att i v. 9 der han kallar det eit kongeleg presteskap.

Paulus tek også opp tanken i Rom. 12,1. Her er det knytt til formaninga om å leva rett. Ein del av kristenlivet er å by fram lekamen som eit offer – ikkje for å brennast opp på eit altar. Men den skal brukast i tenesta for Gud. Det kan ein sjå på som eit offer ut frå menneskeleg synsstad. Her brukar han så eit kyrkjeleg ord og seier: det er vår åndelege gudsteneste. Det står truleg som motsetnad til den jødiske gudstenesta med dyreoffer osv. Ordet gudsteneste blir her eit uttrykk for kristenlivet og tenesta i Guds rike.

Desse tankane går faktisk attende til GT og prof. Jesaja kap. 61,6.
Kap. 66,21.