torsdag 12. februar 2015

Guds menighet IV.

4. Guds menighet - tenarane.
.

IV.  


Menigheten sine tenarar.


Jesus treng tenarar på jorda. Han samla nokre om seg då var her som menneske. Også dei vart sende ut på oppdrag. Men Jesus skulle attende til himmelen når sjølve frelsesverket var fullfort på krossen. Der kunne ingen hjelpa han. Men før han for heim att, bad han læresveinane om å gå ut i all verda. Dei var nok representantar for alle seinare tenarar. Dei kunne ikkje nå så langt i si levetid. Og me ser at dei fekk snart medarbeidarar som tok del i arbeidet. Både Timoteus og Titus var slike nye tenarar. Men også dei skulle døy og kom ikkje ut til alle folk.

 

Difor kallar Jesus stadig folk til å gå med bodet i staden for han. Oppdraget er alltid det same: Folk må verta frelste. Sviktar me det og vert sosiale og menneskelege, er me ikkje lenger Guds tenarar. Paulus sine ord i 2. Kor. 5 gjeld oss alle til alle tider: Vi er sendebod i staden for Kristus, som om Gud sjølv formana gjennom oss, v. 20.

 

Det er ein tendens i vår tid til utvida omgrepet kristen og kyrkje. Det blir meir kultur og

 

Namna eller titlane på desse tenarane har skifte med åra. Det er ikkje det viktigaste, men innhaldet i tenesta. Og me kan tenkja slik: Det er stort at Gud vil bruka oss, trass i synd og svik og skrøpelegdom. Men Jesus sa: Gå. Det er på hans ord me kan gå. Lat oss seia litt først om desse tenarane.

 

a) Dei må ha ei eller fleire nådegåver. Det er ikkje nok med utdanning og kunnskap og menneskelege talegåver. Alt det er viktig. Men utan nådegåve til å forkynna når me ikkje inn til hjarto. Og me skal ikkje berre til hovudet og vitet, men til samvit og det indre liv hjå oss. – Det er eit stor emne, og det er fleire nådegåver enn me kan tala om her.

 

Ef. 2, 14mm; 1. Kor. 12; …

1) Apostlar.


Det er dei tolv som vert kalla apostlar og i tillegg kjem Paulus som vart kalla på ein serleg måte. Han fekk eit spesielt møte med Jesus på veg til Damaskus i Syria. Apg 8. Apostel er noko meir enn ein misjonær eller predikant. Ordet kjem av eit ord som tyder å senda. Og han har eit spesielt oppdrag. Det har vore vanleg å seia at dei eigentlege apostlane tok slutt med dei tolv og Paulus. Nokre få andre er kalla det seinare. Me trur det er feil å kalla nokon for apostel i dag.

 

2) Profetar –


dvs. forkynnarar. Me tenkjer ofte at profetane skulle tala om framtida og det som skulle koma. Og det gjorde profetane i GT. Så skriv Paulus i 1.Kor. 14,3: «Den som talar profetisk, talar for menneske, til oppbygging, formaning og trøyst. Det står i motsetnad til å tala med tunger. Då veit me kva ein profet er i NT, det er forkynning som truande kan ha nytte av. Og han er større enn ein som talar i tunger, om han eller andre ikkje kan tyda det. Elles vil dei kristne ikkje få nytte av det. Og det kan bli til frelse for nokre. Jfr. V. 24f.

 

3) Evangelistar –


Dei skal gå dit andre ikkje er. Dette er vekkingspredikanten i og for forsamlinga. Han skal gå ut til bygder og stader der det er få eller ingen frelste. I vår tid treng me mange slike forkynnarar. Her er bygdelag som ikkje har mange eller ingen kristne. Sterkare forsamlingar skulle sjå det som si oppgåve å gå til nabobygder og kanskje lenger og halda enkle møte. Me skal ikkje berre venta på og stola på omreisande evangelistar. Enkle vitnemål frå dei truande og litt song kan også Gud bruka.

 

4) Lærarar –


Dei skal gi folk innsyn i Guds ord. Mange har gjerne overflatisk kunnskap til Bibel og kristen tru. Her skal læraren vegleia folk på fleire område. Han kan føra dei inn i eit djupare kjennskap til Bibelen og kva kristendom eigentleg er. Her er bibeltimar på sin plass. Og læraren skal også visa kva som er galt i forkynninga. Her må han trø varsamt så han ikkje stemplar folk med urette som vranglære. Difor må læraren setja seg grundig inn i dei ulike sekter og samfunn. Me kan lett gjera urett her av di me ikkje skjønar alt. Difor seier kanskje Jakob dette: Ikkje mange bli lærarar, for dei skal få så mykje strengare dom. Jak. 3,1.

 

5) Hyrdingar –


Dei skal hjelpa og ta vare på dei truande. Nådegave til sjelesorg er viktig her. Det er mykje sorg og naud og tvil mellom kristne. Det er ofte svært personleg. Då må hjelpa ofte koma i samtalar åleine med dei. Men det hender og at ein hyrde kan tala på eit offentleg møte og «treffa» folk med ord frå Gud. Det er Anden som styrer det. I ei slik teneste er det serleg viktig å vera varsam og ikkje koma folk for nær, korkje åndeleg eller lekamleg. Ein skal i det heile ikkje krevja noko og heller ikkje tala for mykje. Det er viktig at den som søkjer hjelp, får sjølv tala ut. Det ligg ofte lækjedom i det å få opna seg.

 

6) Diakon.


Dei kristne merka snart at dei måtte dela på arbeidet. Nokre måtte ta seg av det praktiske medan andre skulle forkynna. Slik kom diakonien inn i kyrkja. Gud visste at det måtte til og godkjende det. Slik er det og i dag. Alle tenester er viktige for Gud.

Ikkje alle kan ha alle nådegåver og tenester. Men somme har to eller tre og kan dermed vera til hjelp på fleire måtar. Ein forkynnar (profet) kan vera hyrde og trøysta og hjelpa folk. Men det er og rett at me er nøgde med det me har fått. Likevel seier Bibelen at me kan og skal streva etter nådegåver, 1. Kor. 12, 31. Det er dette Paulus talar om kjærleik. Ynskje om meir og fleire gåver må vera styrt av kjærleik både til Gud og hans rike og til tenesta me har. Det kjøtlege må vika unna.

 

Prest og biskop vart tidleg brukt om leiarar i kyrkja, men i ei spesiell tyding i høve til vår tid og i høve til GT. I GT var presten ein mellommann mellom Gud og menneske. Denne tanken er mest ført vidare i katolsk lære. I NT er dei tenarar for Gud og for kyrkja.

Prest kjem av presbyteros på gresk og er omsett med «eldste» som ordet tyder. Han var ansvarleg for menigheten, og Paulus stilte strenge krav til han. Han var hushaldar for Gud og måtte vera ulastande, ikkje sjølvrådig, bråsint, drikkekjære, hardhendt eller lysten etter ussel vinning. Tit. 1, 7ff. Men han måtte vera gjestmild, glad i det gode, sindig, rettferdig, heilag, sjølvtøymande og halda fast ved læra m.m.

Biskop kjem av episkopos som var tilsynsmann. Han var også prest, men førde tilsyn med dei kristne også i andre menigheter. Og dei vart etter kvart mellommenn mellom Gud og folket.

Det ålmenne prestedømet handlar om at alle har lik tilgang til Gud og me treng ingen mellommann. Og alle kan vitna og tala om frelsa.

 

7. Det ytre liv: menigheten og verda.


  1. Dei truande ER noko mellom folk: Lys og salt i livet. Mat. 5. Som kristne har me fått ei ny natur. Me er noko anna enn alle i verda. Her er det: lys og salt. Lysa folk inn til den rette vegen og frelsa. Og saltet som kan bevara frå ròte og gi smak. – Livet er lys (som i Joh.1,  . Folk ser korleis me lever – og blir minna om kristendom.
     
  2. Me skal vitna. Seia med ord og liv. Jesus er frelsar. Livet er viktig – det skal peika på Jesus. Og orda våre er viktige: Me kan støyta folk bort, eller visa nokon vegen til liv i Gud. Difor skal me vera varsame med orda, jfr. Jak. 3 (v. 6: tunga er ein eld).
    Jesus sa: De er mine vitne. Luk. 24,  Det er ei stadfesting av evangeliet.
     
  3. Nokre er sendt til verda. Misjon – heime og ute i andre
     land. Som menighet skal me altså vera med i Guds rikes arbeid. Det gjeld i byen her og bygdane ikring – og der ute.
    Kvifor kan ikkje nokre reisa til ei bygd og synga, spela, vitna om frelsa? (Som Betania gjorde før.) Kanskje bli med ein predikant.

    Misjonsbefalinga gjeld heile verda, Mat. 28, 19. men dei skulle byrja i heimbyen, Apg 1,8.

 

FRUKT av evangeliet:


1. Pinsedag tok det til Apg. 2: 3000 nye vart lagt til Guds forsamling på jord. Seinare auka det dag for dag i aposteltida. Men me har ikkje tal på kor mange som er vunne for Gud i heile kyrkjesoga i alle land. Men Gud veit det, og ein gong skal han visa fram heile denne kvite skaren. Då er det vi8ktig at me vert med i det koret!