torsdag 12. februar 2015

Guds menighet I.

1. Guds menighet - Kva det er:

Av Nils Dybdal Holthe.

Ikkje alt om alle, men litt om noko!
Ef. 5, 23 og 32: Denne hemmelighet er stor. Det nære forholdet mellom Kristus og dei truande. Det er ein løyndom, noko me ikkje kan skjøna med tanken. Men me opplever det i trua.

 I. Kva er menigheten (ikkje meinigheit)! Men kanskje Forsamling.

Spørsmålet er: Kva er eigentleg kyrkja? Her er nok mange uklåre og kanskje rådville. Eg spurde ein skuleklasse ein gong (det var i ungdomsskulen): Kva er kyrkja? Det første svaret eg fekk var: eit hus. Deretter: presten – og så: Alle som går i kyrkja. Kor rett eller galt dette kan vera, kjem me kanskje attende til seinare. Me må i alle høve gå til Bibelen med dette. Det er berre den som kan gi eit bibelsk, og dermed eit kristeleg svar.

Ordet i GT.

I det GT brukte dei ordet qahal om den israelittiske/jødiske forsamlinga. Og ordet tyder å kalla folk saman. Og folket samla seg om Aron, står det. 2. Mos. 32,1. Israel blei dermed eit folk som Gud har kalla saman som sitt folk. Det blir kalla Guds folk, og det var eineståande og ulikt alle dei folk som budde ikring dei.

Dei var kalla saman for å tilbe Herren, høyra hans ord og vilje og lovprisa han. Det var altså ei Guds forsamling – i øydemarka og seinare i landet Israel.
I Salme 149,1 heiter det: Lovsyng han der dei fromme samlast. Det var Guds folk som kom saman i Tabernaklet og seinare i templet. Då var Gud Herren midtpunktet for dei.
-         Men me skal merka oss at jødane blei fødde inn i denne Guds forsamling – qahal. Det blir ingen annan, heller ikkje i ei statskyrkje.
-         Ordet edah er også brukt.

I tida då NT
vart til, samlast jødane i synagogen, men det ordet blir ikkje nytta om den kristne forsamlinga som oppstod pinsedag. Men me skal merka oss at dei ikkje nytta synagogen til å ofre i eller ved. Dei bruka han til bøn og truvedkjenning o.a. (Somme brukar andre tidspunkt for byrjinga av den kristne tida.)

Dei kristne brukte snart eit anna gresk ord om deira forsamling: Ecclesia. Det tyder dei som er kalla ut eller bort frå andre. Det heng truleg saman med skikken i Hellas der filosofane sat på torget og tala. Då var det nokre som vart interesserte og kom bort for å høyra. Dei vart liksom ein eigen flokk som slo seg saman med talaren. Ordet har også vore nytta om dei som sat i byporten og tok avgjerd om saker og dømde m.m. Det var altså eit vanleg ord dei kristne og Jesus nytta om kristenflokken. Og porten til å koma inn i denne flokken er ikkje ein naturleg fødsel. Jesus er porten, og me kjem inn ved omvending og tru på han. Det skjer ein ny fødsel ved Anden (og for borna ved dåpen).

1)  Nå er me eit eige folk, ved sida av jøde og grekar (heidningar). 1. Kor. 10,32. Paulus seier der: «Ver ingen støytestein, korkje for jødar eller for grekarar eller for Guds kyrkjelyd.» (ekklesia) Me ser at Paulus skil dei truande (Guds kyrkjelyd) ut både frå jødar og heidningar. Jødar er her Israel som folk og nasjon og ikkje einskildpersonar. Det er vanleg å rekna med at kyrkjelyden (menigheten) her inneheld både omvende heidningar og Jesus-truande jødar.

I Augustana kap. VII står om dette: «Kirken er forsamlingen av de hellige, der evangeliet blir lært rent og sakramentene forvaltes rett.»

Menigheten kan her samanliknast med det gamle Israel som vart utfridd frå Egypt i den første påsken. Dei var då eit eige og spesielt folk som var på reise bort frå det heidenske Egypt. Me legg og merke til at dei ferdast gjennom øydemarka og ikkje blanda seg med dei heidningfolka dei møtte. Slik er me kalla ut frå denne verda med synder og vanar som verda har. Me skal ikkje blanda oss med dei.

(Dette tyder ikkje at Guds lovnader til Israel som folk ikkje står ved makt. Dei er eit spesielt folk for Gud der både profetane i den gamle pakt var aktive og der Messias vart fødd, han som er alle folk sin frelsar.)

2)  Bibelen har fleire namn på menigheten. Der vert han samanlikna med fleire ting som er kjent for folket. Slik kan me læra kva og korleis den er. Desse namna kan stå som «anskuelsesundervisning» (nyno: åskådeundervisning) for oss slik at me betre skjønar kva Guds forsamling på jord er. Her er nokre av dei:

a) Menigheten er ein lekam. Kol. 1, 18 seier: Jesus er hovudet for lekamen, som er kyrkjelyden (menigheten). Hovudet er det som styrer resten av lekamen. Og ordet lekam talar om einskap. Alle kristne er altså eitt i trua, sjølv om dei er delt opp i ulike grupper og kyrkjer. Jesus ber slik: At dei alle må vera eitt i oss, Joh. 17, 21. Det er ikkje tale om ein organisatorisk einskap slik at alle må vera med i ei ytre kyrkje. Kyrkja og organisasjonar er berre stillas me brukar her på jorda (Jfr. Hope). Einskapen er i trua på Han som Frelsar.
- Men på same tid som me er ein lekam, er den samansett av fleire lemer. Me kristne er mange og ulike, men har same tru. Den eine kyrkja (menighet) er altså dei truande. Me er mange einskildpersonar og mange ulike samfunn og kyrkjer. Det kjem dels av ulike arbeidsoppgåver og det heng saman med kultur og syn på korleis den ytre kyrkja skal vera. Her er det viktig at me som Guds born kan elska og respektera kvarandre.

b) Det andre biletet av menigheten er Tempel. Eit tempel er hus eller bustad for Gud og det heilage. Me seier gjerne at Gud er i ei kyrkje eller eit anna gudshus. Det er berre ei halv sanning. Der er nok symbola og rituala og faste samlingar om Guds ord. Og det er vigsla til slikt bruk. Det tyder at me har sagt og meint at huset skal vera eit Gudshus og bede om Guds signing over det.
Men Gud er alle stader der me samlast i hans namn og i bøn til Han. Slik kan ei stove eller ein verkstad vera eit tempel for Gud.
Ei anna side ved dette er at me som kristne er tempel for Guds Ande og dermed for Gud. Og ved at Anden bur i oss ved trua på Jesus, har Gud stige inn til oss. Han har gjort oss til eit tempel, ein heilag stad. 1. Kor. 3, 16. Og i neste brev seier Paulus: «Vi er då den levande Guds tempel, som Gud har sagt: Eg vil bu hjå dei.» 2. Kor. 6, 16.
Ei fylgje av det er at synda og heidenskapen ikkje må eller kan få rom der. Difor skal me skilja oss ut frå dei, v. 17. Det kan aldri bli samfunn mellom Guds folk og denne verda. Me er av heilt ulik ande. Difor handlar dette også om praktisk helging.

c) Dinest seier Paulus at me er Guds Åkerland. 1. Kor. 3, 9. Det er også eit talande bilete. For på ein åker sår me frø el.l. som skal spira fram og gje frukt og anna mat til folk. Og i denne åkeren har me fått eit arbeid for Gud. Han vil bruka den einskilde og forsamlinga samla. Det gjeld både hjelp til andre truande og utover til dei som ikkje trur og dei som ikkje har høyrt bodskapen.

d) Og så: me skal nemna nå, er at dei kristne samla er Guds Hjord. Joh. 10,16; 1. Pet. 5, 2; Esek. 34, 15; Salme 23. Biletet er her ein flokk sauer (av truande) der Jesus er hyrding. Det er brukt både i det Gamle og det Nye testamentet. Det er viktig at dyra er samla, at dei får mat og dei vert verna mot villdyr og fare. Jesus er hyrde og leier flokken til trygge stader med vatn og mat. Kvile i Guds omsut og mange løfter, og mat i Guds ord om nåde og syndsforlating kva dag og stund.

5. Mat. 16, (13)16-19. Mi kyrkje. Jesu menighet.


Jesus og læresveinane er nå langt nord i landet, nord for Gennesaretsjøen – ved byen Cæsarea Filippi. V. 13. Der spør Jesus dei: Kva seier folk om meg? Då viser det seg at det er fleire meiningar om han: Døyparen eller ein av profetane. Då snur Jesus spørsmålet slik at det blir heilt personleg: Men de?
Det ser ikkje ut til at dei andre seier noko, men Peter står nå fram som «ordførar», og dei andre er truleg samde. Peter kjem med ei veldig vedkjenning, som seier at han er komen langt i erkjenning av kven Jesus er. Den er todelt:
a)   Du er Messias. Då seier han at han er oppfyllinga av profetiane i GT om den salva som skulle koma og frelsa Israel. Det er ikkje sikkert at han forstod alt kva det innebar. Men han har fått tak i poenget: Nå er tida komen, Messias er her. GT skal oppfyllast.
b)  Du er den levande Guds Son. Det er endå eit steg lenger. Guds Son betyr at Jesus er Gud. Det er eit sterkt vitnemål. Dei går saman med Guds Son! Ikkje berre ein stor profet, eller ein Son som er bilete på ein spesiell profet. Og det er den levande Gud som har sendt han. Gud er Jesu far – slik han antyda i bøna «Fader vår».

Jesu svar er overraskande og opplysande og framtidsretta. Utan å seia: Du har rett, seier han det på ein uvanleg måte og viser grunnen til det. Sæl er du! Svaret er godkjent. Han erkjenner med det at han er Messias og Guds Son.

Då kjem det: Du har fått ei openberring. Denne erkjenninga har du ikkje tenkt ut sjølv, og heller ikkje har nokon annan fortalt deg det. Det er lett for oss å tru at kunnskap og eiga overtyding er erkjenning. Det seier Jesus nei til. Me treng ei openberring frå Gud for å skjøna rett kva dette er.

c) Og så: På dette skal Jesus byggja si kyrkje, v. 18). Han kallar dei truande for si kyrkje el. Menighet. Katolikkane tolkar det om Peter, og Peter, seier dei, var i Rom og skapte kyrkja der. Ein konsekvens av det er at Romarkyrkja er sentrum for dei kristne. Mor. Peter var den første pave.

Luther og dei evangeliske har sagt nei til det. Han seier i ei preik: «På denne klippe, nemlig ikke på din person, for den er for skrøpelig til å være grunnvoll. Men på den tro og bekjennelse som gjør deg til en klippe, vil jeg bygge min kirke.» (Huspostillen).

Kyrkja er altså alle dei sanne truande som trur på Kristus som einaste frelsar.

6. Bilde frå GT.

I prof. Hoseas er eit vakkert bilde. Det viser Guds sanne kjærleik til oss. Kort sagt: Profeten skulle elska ei horkvinne, kap. 1. Ho fekk born, men dreiv også hor. Men prof. Ga henne mat og pengar.– Då kjøpte Hoseas kvinna, kap. 3. Ho vart hans eigedom. Han elska henne trass i hennar synd. Slik er han mot oss. Han har kjøpt oss, 1. Pet 1, 18f. Han elskar sitt folk om me er svake.

7. Framtida.

Til himmelen, alle truande.

Himmelen er det endelege målet for dei kristne. Då er me for alltid trygge.