tirsdag 5. februar 2013

Mat. 23.



Mat. 23, 37. Som ei høne.


.
Jesus er komen til siste del av livet sitt. Han går mot Jerusalem og Golgata. Der skal frelsesverket gjerast ferdig. Han har tala med leiarane mellom jødane, og i dette kapitlet har han vore streng. Han har kalla dei hyklarar og blinde rettleiarar.
.
Det er likevel sorg i røysta og hjarta hans. Nå seier han: Jerusalem, Jerusalem! Det er ein direkte tiltale til dei som høyrde han. Inntrengande og mjukt vil han minna dei om grunnen til at han kom.
.
1. Eit siste kall.
Ein siste anklage og påminning om korleis dei var: Hugs på fortida di, kva har fedrane gjort mot profetane? Dei slo dei i hel og steina dei. Me veit frå Det gamle Testamentet at mange profetar fekk motbør og måtte tåla vondt. Til sist slo dei også Guds Son i hel.
.
2. Mange gonger.
Jesus ville samla folket til Gud og frelsa. Det hadde han prøvd ofte. Heile livet han svar ei slik teneste. Han tala til dei mange gonger, og han gjorde store under så dei skulle skjøna han var Gud. Hadde dei berre visst det då han kom siste gong til Jerusalem, men også då var det skjult for augo deira. Luk. 19.
.
3. Som ei høne.
Han samanliknar seg med ei høne med kyllingar. Når faren kom til dei, samla ho dei kring seg og gøymde dei under vengene sine. Slik ville Jesus også vera frelsar for folket. Det var ikkje han det stod på. For hjå han er det ly for kvar ein som kjem.
.
Dette har Gud vist gjennom hele GT. Han tok seg av sitt folk med stor kjærleik og omtanke. Men var forherda på ulik måte. Men dei gløymde Gud og rekna ikkje med han. Folket var opptekne av tinga i denne verda, og dei vende seg til og med til avgudane i landet og dyrka dei. Herren prøvde gong etter gong å samla dei om seg og fortalde dei gjennom profetane det var til det beste for folket.
.
4. Viljen.
Det fatale var at folket ikkje ville. Ein og annan fylgde han og tok imot. Men ikkje den store flokken og dei fleste av leiarane og dei lærde. Unnataket er t.d. Nikodemus. Johs 3. Og når nokon seier nei til Jesu frelse, er det inga anna von. Eit anna døme er gamle Simeon i Luk. 2, 25ff. Han var av dei som venta på Israels trøyst, står det.
.
Slik ser me det skjer i vårt land og folk nå. Mange seier nei og bryr seg ikkje om Guds rike. Då går dei ei evig fortaping i møte. I Noreg har me sett det mange gonger i soga vår. Potet-prestane hadde gode tider, og folk ville høyrad ei. Dei tala nært og praktisk og enkelt. Slik tale kan lata seg høyra til alle tider.
.
Den som skal gå med Guds bod vil få trongare tider. Det fekk Hans Nielsen Hauge då han stod fram ikr. 1797 og bad folket venda om frå syndene sine og be til den einaste Gud. Seinare har mange fått oppleva det. Somme var trufaste i tenesta og slo ikkje av på kravet, medan andre var ”snillare” med åra og tala ofte det folk ville ha. Men det var ikkje Guds plan.
.
Korleis er det med deg – har du sagt ja? Ennå står han og bankar, men det kjem ein siste gong. Då er det for seint.
.