tirsdag 5. februar 2013

Mat. 14-15.



Mat 14, 22-33. Eit under.




Det er eit levande bilete me møter her, om noko uvant. Jesus gjorde eit av sine mange under og viser seg som Herre over natura. Først ser me:
.
A. Noko om Jesus.
1) Han let folket fara, v. 22. Han nøydde læresveinane til å dra. Reint menneskeleg var det blitt seint, og dei måtte koma heim før det vart mørkt. Og i Johs 6, 15 ser me at folk ville ta han til konge. Dei var begeistra og oppglødde ved underet han hadde gjort då han metta dei fem tusen. Israels folk ynskte på denne tida ein jordisk Messias og konge som kunne fria dei frå Romarriket.
.
Jesus var ikkje komen for det. hans rike var åndeleg ved at Guds Ande tok bustad i menneska og leia dei på Guds vegar. Jesus ville for alt han kunne unngå all politisk innblanding i landet. Det var ikkje hans oppgåve.
.
Luther hadde ei god lære her når han tala om dei to regimenta: Det åndelege som hadde med sjela og frelsa å gjera, og det verdslege regimente som tok seg av dei jordiske tilhøva. Me skal ikkje blanda dei saman som det har vore tendensar til.
.
2) Jesus gjekk åleine i bøn, v. 23.
Jesus brukte mykje tid i bøn, både åleine og saman med andre. Me møter han slik morgon og kveld og om natta, i Getsemane og på fjellet. Og det er tider da det er godt å vera åleine og tala ut med Jesus. Då treng me ikkje tilhøyrarar. Då er det eg og Jesus saman. Kva bad Jesus om?
.
a) For seg sjølv. Han var menneske og trong hjelp. Det ser me i Getsemane, Luk. 22, 42: Lat denne kalk gå forbi meg om det var råd, sa han i ei tung stund. Men alltid dette: Ikkje som eg vil, berre som du.
.
b) Han bad for Peter, Luk. 22, 31f: at trua di ikkje må svikta. Han hadde altså omsut for den feilande. Det kan gå galt for den beste her på jord.
.
c) Han bad for bødlane, Luk. 22, 34. Han bad sjølv for fienden, slik han formante oss, Mat. 5, 44: Elsk, dei, velsign dei, gjer vel og bed for dei.
.
d) Nå ber han for oss, Hebr. 7, 25. Alle truande er på hans bøneliste. Jesus vil ha oss heim.
.
3) Jesus hjelper i naud.
På sjøen var læresveinane overletne til seg sjølve – menneskeleg sett og tilsynelatande. Men det var eit auga som såg og vakte over dei!
.
Stormen kom, og det kan skje plutseleg på Genesaretsjøen. Det kan vera den visse død, dei var midt ute der. Mark. 6, 47. Dei var åleine på livets hav og kunne ingen ting gjera. Vinden var imot, slik det ofte er for Guds folk.
.
Dei var lenge i kamp, heile natta. Dei var nok fylte av tvil og uro og indre kamp: Korleis skal dette gå? Som kristne må me og rekna med storm- i sjukdom, død, anfekting og mistyding i livet. Job tapte alt, slik mange må stå ved ei for tidleg grav etter vårt syn. Vår natur vil ha medvind, men Gud seg kva me treng.
.
Då! Jesus kom, v, 25. Den fjerde nattevakta var mørkast og tyngst. Nå hende eit under. Men dei vart redde det óg. Då talte han til dei, og dei kjende røysta hans. ”Han lutrer nok sine i ildprøvens luer, men aldri forglemmer han noen av dem.”
.
Ver ikkje redde, sa han nå, v. 27.
Alle burde ottast Gud på rette måte. Men der Jesus går føre og viser veg, treng me ikkje det. ”Hjelp meg, o kjæreste Jesus, å vinne, ofte jeg strider med skrøpelig makt”, syng me med rette.
.
4) Han tok seg særleg av Peter.
a) Peter ville møta Jesus før dei andre og gå på sjøen slik Jesus gjorde. Nå ottast han visst ingen ting. Han var ofte impulsiv, aktiv og pågåande. Han gjekk i tru, på Jesus ord. Og slike kristne treng me fleire av. Mange er altfor reserverte og tvilande.
.
b) Men han såg ikkje berre på Jesus. Han såg på det opprørte havet, v. 30. Det var eit vanskeleg hav og ver. Det var rett og slett umenneskeleg å klara det. Og Peter sokk. Alt det som var ikring han tok Jesus sin plass, og det gjekk galt.
.
Kor ofte er ikkje me opptekne med vanskane, suter og problem, og ser ikkje Guds allmakt. Den sterkaste er jo med oss, ikkje i verda.
.
c) Peter ropte om hjelp, v. 30. Han visste at det var løysinga. Og då var straks Jesu hand der. Den var ikkje for kort til å frelsa, Jes. 59, 1. Og den hadde kraft til å berga han. Det gjeld både sjela og æva, og det timelege liv med sjukdom og naud. Det kan skje under i dag og. Jesus vil stiga inn i båten din.
.
Slik ser me at Guds ord seier det. Jesus er Guds Son, og der har me røynt mange gonger i livet. – Seinare fekk Peter ei spesiell helsing frå Jesus, Mark. 16, 7. Det var eit grovare fall av Peter, men Jesus var den same heile tida.
.
Eg gjekk forbi ein lekepark ein dag der nokre småungar leika seg i sanden. Då stansa eg ein augneblink og ropte til ein unge: Hei! Det blei så stille. Då eg gjekk bortover vegen, sa dette barnet til dei andre: Han sa Hei til meg og! – Og nå får du ei spesiell helsing frå Jesus. Kom til han og legg livet i hans hender. Då er han hjå deg.
.

Mat. 15,16-20. Hjartesynd.


.
Jesus har tale til læresveinane i likningar, og dei ber han å forklara kva det tyder. Han hadde tala om ei plante som skal rykkjast opp og om blinde vegleiarar.
.
Då er det Jesus seier: Det som går ut av munnen kjem frå hjarta – og det gjer menneska ureine.
.
Me meiner ofte at synda er ytre gjerningar, og folk dømer dei ”store” syndene hardt og hjartelaust. Gud seier derimot at synda sin grunn er menneskehjarta, og det er likt hjå alle. Jfr. 1. Sam. 16, 7. Me har ei fallen natur som ikkje kan gjera det gode og må difor fødast på nytt, Johs. 3, 5.
.
Mange trur og at stor syndarar er stengde ute frå Guds rike, medan Gud ikkje tar det så nøye med dei som gjer mindre synder. Gud seier at tankelivet er syndig og ureint. Og der er me nokså like. Ingen går fri, alle blir dømde og er skuldige. Rom. 3, 19. Me har altså synd før det er blitt til handling. Så reknar han opp nokre slike tankar som Gud dømer.
.
1. Mord.
Dei fleste tolkar alle drap som mord, det er å ta eit menneske sitt liv. Og det er rett. Men Jesus går lenger og seier at hat og nag og vonde ord og tankar er mord. Mat. 5, 22 seier at vreide er mord og dermed synd. Ved slik framferd ”drep” me noko i eit menneske og tek noko frå dei.  Jfr. 1. Johs 3, 15.
.
2. Hor og utukt.
Å bryta ekteskapet er synd etter det sjette bodet. Det kan skje både ved eit samleie med ein som er gift, eller ein gift går til andre. Her går og Jesus lenger og seier: Den som ser på ei kvinne for å gjera hor, har alt gjort det i hjarta.
.
Det finst bordellar mange stader i verda og i skjulte noko av det same i Noreg. Heilt unge er og med på det. Folk flest har til nå reagert på det. Men korleis er det i hjarta ditt? Er du sjølv fri for synda? Det tek til med lysta, Jak. 1, 15, og den blir degga ved skjer det synd.
.
Difor står det hjå Job 31, 1: han har gjort ei pakt med augo sine at han ikkje skal sjå på ei kvinne. Det er eit godt råd i freistinga.
.
3. Tjuveri.
Er du ein tjuv? Her meiner eg ikkje at du ranar nokon, men kva med dei små ting i kvardagen. Her skulle me vera meir på vakt. Det er sagt om president i Amerika (eg trur det var Washington): Han hadde to blekkhus på skrivepulten sin: eitt brukte han i embetet som president, og det andre til privatbrev – der han sjølv betalte blekket! Det skulle me læra av.
.
Men her og går synda djupare. I hovmod kan me ta ære frå Gud. Jes. 42, 8. Det må vera ei av dei største synder me kan gjera. Og tanken – er den rein her og? Peter seier noko sterkt i Apg. 8, 21: Ditt hjarta er ikkje rett for Gud. Der låg kimen til løgna og usanninga.
.
Urein.
Dette gjer oss ureine, seier Jesus. Og det ureine må bort. Bibelen har eit godt rensemiddel til oss – i 1. Johs. 1, 7: Jesu, hans Sons blod, reinsar oss frå all synd. Han innbyr oss til å koma med alt. Erkjenne synda og be om nåde og tilgjeving. Ordet seier at han gir oss det. Vil du bøya deg for Jesus nå og ta imot frelsa?
.