tirsdag 20. januar 2009

Skriftprinsippet VII av VII.

.

VII av VII.

.

Kvinneprestsaka.

Ordet tradisjon er eit vel definert omgrep i den katolske kyrkja. Og definisjonen har vi attgjeve lenger framme i denne artikkelserien. Alle som er fullføre i norsk vil sjå at det aldri har hendt i vår kyrkje at nokon av kvinneprestmotstandarane har vist til tradisjonen i katolsk meining. Då ville han ha forbrote seg mot skriftprinsippet. Men kvinneprestmotstandarane gjer det motsette: Dei viser til at kyrkja i alle tider har lese og skjøna sin bibel slik at han forbyd kvinneleg presteskap. Dei som seier det, har ikkje brote skriftprinsippet og innført tradisjonsprinsippet i staden. Tvert om: Dei har sagt at berre Skrifta har læremynd i kyrkja. Og når 2000 års teologi også vitnar om at ættene før oss skjøna Bibelen sameleis som vi gjer i dag, så er det skriftprinsippet ein bryt om ein set seg utover denne tradisjonen.

.

Det er – om ein vil respektera skriftprinsippet – berre på eit vilkår ein kan setja seg utover ein slik fortolkingstradisjon, og det er om det vert klårt at fortolkarane i farne tider har mistydd orda i Skrifta.

.

Lat oss då sjå på kvinneprestspørsmålet: Sume teologar tolkar 1. Kor. 14 slik at det der ingen ting står om kvinneleg presteskap. Det er berre tale om å halda orden i gudstenesta. Men lat oss likevel sjå kva vi skulle gjera om det var ei rett tolking. Skulle ein då seia at dersom det ikkje står noko forbod mot kvinneleg presteskap i Bibelen, så innfører vi kvinneleg presteskap (endå det i alle tilfelle rimar dårleg med Bibelens kjønnsrolletolking)?

.

Kva slags skriftprinsipp skulle det verta? Det som Bibelen ikkje forbyd, gjer vi dersom samtida bed oss om å gjera det. Sa ikkje Hieronymus at ei kvar lære i kyrkja skal ha positiv heimel i Skrifta? Og er ikkje det meininga med det skriftprinsippet som vi alle sjølvsagt hevdar?

.

Dessutan er det så at ordet i 1. Tim. 2: Eg tillet henne ikkje å vera lærar, slett ikkje kan tolkast som noko anna enn forbod mot kvinneleg presteskap. Her må ein seia, som så mange også gjer, at her drog Paulus ein konsekvens av skaparordninga som kyrkja ikkje nå treng kjenna seg bunden av.

.

Dersom kyrkja godtek ein slik teologi, har ho anten vraka det gamle skriftprinsippet, eller ho har innført eit nytt skriftprinsipp. Og etter det nye prinsippet er det sumt men ikkje alt i Skrifta som er forpliktande for teologien.

.

Den som hevdar det, bør seia klårt frå om korleis han tenkjer seg dette nye skriftprinsippet. Men han bør ikkje te seg som om det nye var jamgodt med det gamle. Sjølv trur han vel at det nye er best.

.

I alle tilfelle bør han ikkje seia at kvinneprestmotstandarane som kjenner seg bundne av Skrifta i denne saka, har falle som offer for eit vanheilagt tradisjonsprinsipp. For den lutherske kyrkja har aldri lært slik om tradisjonen i kyrkja. Og ingen sunn teologi kan gjera det. Det var det katolske tradisjonsomgrepet dei lutherske reformatorane vraka. Men dei vraka ikkje all tradisjon. Tvert om lærde dei at all tradisjon som samsvarar med Skrifta skal haldast oppe som vern for den historiske kontinuiteten.

.

Ein av dei store lutherske dogmatikarane (frå ortodoksiens tid) seier t. d. om spørsmålet (David Hollaz): ”Vi vrakar nemleg ikkje alle dei kyrkjelege rituelle tradisjonane, berre ein held fast på den teologiske regelen som (Martin) Chemnitz hevdar i oppgjeret sitt med tridentinarkonsilet: Lat ceremoniane i kyrkja vera i fred om dei er av indifferent slag (dvs ikkje impliserer vrang lære) og lat dei vera få i tal, og lat dei vera gudelege og nyttige til oppbygging, orden og høgtid. Slike skikkar som ikkje valdar støyt kan ein fritt halda oppe.”

.

Men, legg Hollaz til, ettersom omsynet til oppbygging, tid, stad og personar krev det, kan ein også skipa nye skikkar, og brigda eller avlysa dei gamle skikkane. ”Vi godkjenner den historiske tradisjonen om Skriftkanon, ikkje som eit misfritt argument, men som eit som det er rimeleg å halda seg til. Dei eksegetiske tradisjonane tek vi med takksemd imot, så sant dei gamles fortolking ikkje bryt med Bibelens ord, eller ei rett fram (naturleg) forståing av orda, men samanhengen dei står i, eller med trudomsanalogien. Vitnemålstradisjonen (Traditio testificatoria) held vi høgt og sannar med Chemnitz at vi tek fråstand frå dei som finn opp meiningar som ikkje har vitnemål for seg frå noko tid i kyrkja. Vi meiner nemleg at ein ikkje må godta noko lære (i kyrkja) som er i strid med heile oldkyrkja (cum tota antiquitate)”.

.

Om dette seier Chr. Luthardt i sitt ”Kompendium” at det altså berre der den dogmatiske tradisjonen i eigentleg meining, altså ein tradisjon som konstituerer lære, som den lutherske reformasjonen har vraka.

.

Difor er det ei farleg mistyding som ovrar seg [viser seg] i vår kyrkje når nokon vil bana vegen for nye lærer med den argumentasjonen at vi ikkje må lata oss binda av tradisjonen, men berre av Skrifta. For då forkastar ein ikkje det tradisjonsomgrepet som reformasjonen vraka, men det som han med kraft og styrke mana sine kyrkjelydar til ikkje å vraka, men halda i ære og motta med takksemd og vyrdnad.

.

Difor var det også for dei gamle reformatorane i hovudsak å hevda at dei evangeliske ikkje kom med ei ny lære (”nihil novo”) som Melanchton seier i Apologien, men den gamle læra reinsa for alle menneskepåfunn som gjennom tidene hadde lagt eit sveip over Guds ord så det vart vanskeleg for redde samvit å finna fram til den røysta som Guds ord forkynner til den som leitar etter fred.

.

SLUTT.