tirsdag 20. januar 2009

Skriftprinsippet IV av VII.

.

Det protestantiske skriftprinsippet.

Av red. Arthur Berg.

IV av VII.

Skriftprinsippet seier altså at Bibelen er kyrkja og teologien sin inappellable autoritet. For Bibelen må alle andre autoritetar vika. Men sjølv vik han for ingen. Ein teologi som fylgjer andre autoritetar mot Skrifta, skifter ut det gamle merket som israelittane bar på panna og i handa, som teikn på at innstillinga skal vera dominert av Guds ord og livet skal levast i samsvar med Guds vilje (2. Mos. 13, 16; 5. Mos. 6, 8 og 11, 8).

.

Det er mange måtar å prøva ein teologi på. Men dette er den viktigaste. For ein teologi som ikkje har dette merket på panna si og i handa si, er på ville vegar.

.

På ville vegar er teologien då av di alle tankar som byggjer på andre kjelder enn Skrifta berre er mennesketankar.

.

Og endå verre er saka når teologien vender seg til mennesketankar i staden for til Guds openberring. Ei slik forrykt prioritering av autoritetar, banar vegen for lydnaden mot den falske profeten. For kva er mennesketanken anne enn falsk profeti når han reiser seg mot eller vi korrigera Guds tankar?

.

Dersom teologien misser vyrdnaden for Skrifta som inappellabel autoritet, misser han også sitt sjølvstende.

.

Då må han skula og skjegla til alle sider for å sjå kvar vegen tykkjest tryggast å gå. Men den som i likskap med Hans Nielsen Hauge har svore lydnad mot Guds Ånd, går trygt den smale vegen, også når det verkar farefullt å gå der. For han har lært kven han bør ottast for. Då får teologien og teologen eit ekte, audmjukt sjølvstende.

.

Vi kan studera dette sjølvstende i Luthers historie. Ingen av oss skjønar nå kor vågsamt det var, det Luther gjorde d å han reiste seg til protest mot pavedømet og så å seia heile det romerske kleresiet og mot keisaren sjølv.

.

Men det var på skriftprinsippets grunn han fekk mot til å bu paven trass. Han fekk det motet til å trassa paven av di han ikkje hadde mot til å trassa Guds ord. Difor er det her tale om eit audmjukt sjølvstende, ikkje om eit som brautar og briskar seg fram.

.

I vår tid står paven i Rom ikkje så sterkt som då, ikkje i si eiga kyrkje ein gong. Men pavar har vi nok av i vår tid óg. Dei brukar andre titlar, og difor kan vi koma til å missa vårt sjølvstende til dei i god tru.

.

Skriftprinsippet skal verja oss mot eit kvart religiøst eller kristeleg pavedøme. Hovdingane skal vi vera lojale mot, men ikkje blindt lydige mot. Lydnad kan dei berre krevja så langt som Skrifta og det eigne samvitet tillet det. Ein kristeleg teologi har rett og slett ikkje lov til å missa sitt sjølvstende til nokon annan autoritet enn Skrifta. Og eit kvart avvik frå det prinsippet er ei farleg misferd for ein kvar teologi og for ein kvar kristen.

.

Din hovding har krav på din lojalitet, men han skal også krevja at du ikkje lyder han lenger enn Skrifta og samvitet gjev klårsignal til. Difor skal du granska i Skrifta om det har seg slik som hovdingen seier at det er. Og tykkjest det annleis for eg enn for hovdingen din, skal du varsla han om det. Det krev både lojalitet og brorskap. Og det krev det skriftprinsippet som det begge vil kjempa for.

.

For ein vanleg kristen vert nok i Skrifta samanlikna med ein sau i ein saueflokk. Men det er då tale om ein sau som berre fylgjer hovdingen så lenge som røysta hans let like eins som Den gode hyrdingen si. Kjem det inn mislåt der, så kjenner sauen ikkje mælet att og fylgjer ikkje leiaren i ei slik sak. Han flyr frå han då.

.

Det åndelege sjølvstendet som vil gro der skriftprinsippet vert praktisert, vil også verja den kristne og teologien mot fromme kjenslers pavedøme.

.

Ein kristen leiar svara ein gong på spørsmålet om kvinnelege emissærar at ”kan Gud bruka dei, kan eg óg bruka dei.” Og meininga var at han bruka dei av di Gud bruka dei.

.

Kvar visste han det frå? Ikkje frå Skrifta. Han hadde lært det av si eiga tolking av eigne fromme røynsler. Og same vegen går det med full fart med store delar av Bibelens lære om kjønnsroller og skaparordningar i vår tid. Her har ein stundom med ei legering av drømme røynsler og samtids ånd å gjera. Det vert ofte ein overhendig sterk autoritet av slikt. Og det skal mot til å halda sitt sjølvstende mot slike autoritetar. Ja, mannemot vil som regel ikkje greia seg om det er aldri så ekte. Eg veit berre ein ting som duger, og det er å læra seg til å ottast Gud meir enn menneske. Då fyrst får ein evne til å lyda Gud meir enn menneske.

.

Atter ein gong: Det er på skriftprinsippets grunn teologien og den kristne kan vinna dette sjølvstendet. På alle andre grunnar misser han det. Og sistpå brotnar grunnen under han óg. For også i denne samanhengen gjeld det sjølvsagt at ingen kan leggja nokon annan grunnvoll enn den som Gud har lagt. Meir enn noko anna gjeld det for teologien av i dag å få mynde til å stå seg mot eit humanistisk pavedøme.

.

Bibelen åtvarar oss mot å lyda denne autoriteten. Og det er sers viktig at vi gjer det. Elles kryp kristendomsframande tankar inn i oss og sprer ut det som finst av kristentru i oss. Vi bøyer oss for humanismens bodord om å vera snille, slik at vi omtolkar eller avviser sume av Guds tankar om rettferd både i Det gamle og Det nye testamentet. (Hemnsalmar og hevetesstraff t.d.). Vi godtar snillskapsdogmet som seier at det er syndig og ufromt å stridast om kristelege spørsmål, endå om vi på den måten kjem til å kritisera både Kristus og apostlane hans, og vert ulydige mot Bibelen som seier at vi skal kjempa mot alle tankar som reiser seg mot kunnskapen om Gud. Men just i vår tid, som er ei fråfallstid då kristendomsframande tankar held på å få overtaket i vårt folk og i vår kultur, krevst det av den kristne at han skal dra seg ut av kampen om han vil gjelda for å vera from. Eg veit berre ein måte å halda oppe motet i redde sjeler på då, og det er å spørja seg sjølv om ein har mot til å deklamera om skriftprinsippet med munnen og svikta det med tanken og i handling.

.

Kampen for skriftprinsippet er ein kamp for Bibelens autoritet i tru og i praksis. Dersom prinsippet stort sett berre har plass i munnen vår, men ikkje i tanken og i handlinga, då er det på høg tid at vi granskar situasjonen. Difor er det vondt å sjå at skriftprinsippet spelar så lita rolle i teologien, både på lekmannsplanet og på lærdomsplanet – bortsett frå deklamasjonen.