tirsdag 20. januar 2009

Skriftprinsippet VI av VII.

.

Det protestantiske skriftprinsippet.

Av red. Arthur Berg.

VI av VII.

.

Den katolske kyrkja.

Skriftprinsippet seier at ein rett og sann teologi ikkje må byggja på nokon annan grunn enn den som kan lesast ut av dei profetiske og apostoliske skriftene i Det gamle og Det nye testamentet. For der har Gud openberra seg for oss og gjort sin vilje kjend.

.

Denne overtydinga var gamal i kyrkja. ”Trua rikkast dersom autoriteten åt dei heilage skriftene rikkast,” sa Augustin i si tid.

.

I den gamle kyrkja hadde det stort sett vore så stor semje på dette punktet at det ikkje trongst Klåre og medvitne definisjonar. Men framover mot reformasjonstida vart skriftprinsippet i den katolske kyrkja meire og meire utmagra og blodfattig. Andre prinsipp smaug seg inn og tevla med skriftprinsippet.

.

Opphavet til dette var den uvissa som skapest når ulike teologar skjøna Skrifta ulikt. Då meinte folk det ikkje kunne tolast at trua skulle byggja på ein guddommeleg autoritet som ikkje på eitkvart punkt var krystallklår. Endå mindre kunne det tolast at uklåre mennesketankar skulle gjera klåre skriftord uklåre med eigne påfunn.

.

Difor fekk den katolske læra om tradisjonen heimstadrett i kyrkja. Og tradisjonen var ei uskriven overlevering som det kyrkjelege embetet hadde i forvaring.

.

Det katolske presteskapet hadde dermed tilgjenge til både den skrivne og den uskrivne overleveringa og hadde difor åleine rett og evne til å leggja ut skriftene.

.

Denne læra hadde smoge seg inn etter kvart, og hadde ført til mykje av det ”uklåre” i Skrifta vart ”klårlagd”. Men prisen var den at mange av dei klåre orda i Skrifta vart lagde i tåke. Menneskepåfunn la Guds tankar i tåke og skuggeland.

.

Då vart det til slutt naudsynt å gjera alle kyrkjemedlemmene medvitne om den gamle trua på at Gud åleine har autoritet i kyrkja. Og kva han seier, det kan vi lesa i Skrifta, men ingen andre stader. Då formulerte dei dette prinsippet så klårt at dei lærde folket: Paven har inkje mynde til å læra noko som ikkje står i Skrifta. For ei lære som han ausar or andre kjelder og som ikkje kan ausast or Skrifta, er svikefulle mennesketankar.

.

I det heile er, sa reformatorane, ei lære som orienterer seg ut frå det uklåre i Skrifta, ei krenking av Guds openberring. For Guds ord er klårt i alle spørsmål som det er naudsynt for oss å ha klåre tankar om. Og der er ho så klårt og eintydig at einkvar boksynt kristen kan skjøna henne. Det trengst ikkje pavar og prestar til å læra folket det. (Endå det av andre grunnar er både nyttig og viktig å ha eit ”kleresi” [presteskap] i ei aller anna form.)

.

Det er rett og slett ei rang lære at det skulle finnast noko anna kjelde til teologisk kunnskap enn Skrifta. Læra om den uskrivne og meir eller mindre løynlege tradisjonen som legg eit nytt sveip over Skrifta så det klåre vert uklårt.

.

Men då reformasjonen formulerte dette skriftprinsippet så klårt som det aldri før var gjort, klårla det også for katolikkane kva line dei hadde slege inn på. Og så formulerte dei like klårt sitt grunnleggjande teologiske prinsipp.

.

Dette vart gjort under tridentinarkonsilet som sa at (den katolske) kyrkja tek vare på det reine uforfalska evangeliet, som ho finn ”i skrivne skrifter og i uskrivne tradisjonar. Desse tradisjonane høyrde apostlane frå Kristi eigen munn, og av dei vart orda ved Andens styring overlevert like til oss så å seia frå hand til hand”.

.

Konsilet slo fast at katolske kristne skulle motta all lære om tru og liv i kyrkja med same vyrdnad og lydnad anten læra kjem frå dei bibelske skriftene eller frå tradisjonar som ein ”heilag suksesjon” (samanhengande overlevering) har teke vare på i kyrkja. Og konsilet sa jamvel at dersom nokon ”med vitande og vilje mismæter dei tradisjonane som her er nemnt, så vere han bannstøytt.”

.

Men reformatorane let seg ikkje skræma av det tridentiske anathema [bannstøyting]. Tvert om blankpussa dei sitt ”Skrifta åleine” og heisa det som fane over alle sine kyrkjer og all si forkynning.

.

Det må dei reformatoriske kyrkjene gjera den dag i dag, om dei skal vera liv laga. Men diverre er det fleire teikn på at mange av desse kyrkjene ikkje lenger maktar eller ynskjer å marsjera under eit slikt banner. I allfall ikkje om det skal vera noko meir enn eit banner til å bera for syns skuld.

.

Nå er det så ille vorte at ikkje berre gamle og nye pavar, men jamvel gamle og nye tradisjonar trengjer inn i kyrkjene. Eller det som verre er: Nå kjem splintrande nye påfunn og krev plass i staden for gamle tradisjonar. Og dei gjer det med reformatorane som sanningsvitne!

.

Har kanskje ikkje Luther og hans folk gong etter gong sagt at den kristne berre skal lyda Skrifta og ikkje tradisjonen?

.

Korleis kan då nokon våga å halda fast på det gamle kjønnsrollemønsteret (som apostlane forkynte berre fordi det er gamal tradisjon i kyrkja å gjera det?

.

Her reiser ein altså reformasjonens fane mot å jamstella skrift og tradisjon, men brukar henne i eit demonstrasjonstog som innfører splintrande nye tradisjonar, som ikkje er nemnde i Skrifta, men som tvert om vert forbodne der. ”Alt som vert sagt (om lærespørsmål i kyrkja) må kunna førast tilbake til sitt fundament i Skrifta,” sa kyrkjefaderen Hieronymus.

.

Men det nye, moderne kjønnsrollemønsteret kviler ikkje på noko slikt fundament. For det set seg opp mot og fornektar det som Skrifta seier. Rettnok med den snusfornuftige grunngjevinga at moderne teologar stundom skjønar betre enn ein heilag apostel kva konsekvensar apostelen burde ha drege av si eiga lære.

.

Det er klårt at dette er eit grotesk misbruk av reformasjonens forkasting av tradisjonen som openberringskjelde jamsides med Skrifta.

.

For det er beint fram ikkje sant at dei som nå går imot det nye kjønnsrollemønsteret og dermed det nye synet på kvinneprestar, gjer det fordi tradisjonen lærer det. Den som seier det, gjer det anten i rein tankeløyse, eller så veit han ikkje kva Luther og katolikkane meinte med tradisjon.