tirsdag 20. januar 2009

Skriftprinsippet V av VII.

.

Det protestantiske skriftprinsippet.

Av red. Arthur Berg.

V av VII.

.

Når skriftprinsippet fungerer, fungerer det slik: Vi trur og veit at Gud skapte himmel og jord og alt som skapt er. Og vi trur det av di det står i Bibelen. Men treng det vera sant berre av di det står i Bibelen? Ja, for det seier Bibelen sjølv at han ber fram det som ikkje er kome opp i mannetanken, men som Gud sjølv openberra.

.

Dette ser heller veikt ut. For det er eit såkalla sirkelprov vi då opererer med. At noko står i Bibelen, er greitt. Men at Bibelen sjølv skal vera garantist for sin eigen truverdigskap let ikkje fullt så greitt. For det som ein på den måten provar med to strekar under svaret, er ikkje resultatet av vurderingar, men det er utgangspunktet for vurderingane. Vi går ut frå det som vi skal prova.

.

Det hender ein sjeldan gong i aktuell debatt at den eine debattanten kan knipa den andre i å ha gjort eit mistak. Då har den første vunne.. For eit prov som går ut frå det som skal provast, er ugyldig og usætande som prov (Endå det som vedkomande har påstått sjølvsagt kan råka til å vera rett likevel. Provet hans gjeld likevel ikkje).

.

All teologi som kviler på skriftprinsippet og tek det alvorleg, vert altså ført fram av eit sirkelprov. Kva skal vi gjera med slikt?

.

Vi skal i alle fall ikkje gå frå samling og sans, som om sjølve ordet ”sirkelprov” skulle vera ein styggedom verre enn eit lensmannsinstitutt t. d.

.

Lat oss ein gong til sjå på katolikkane. Dei let seg ikkje snara [fanga] av vårt protestantiske sirkelprov. For dersom nokon spør katolikken om korleis han kan vita at noko er sant berre av di det står i Bibelen, svarar han at det veit han av di KYRKJA har sagt det. Ved sida av den skrivne Bibelboka har katolikkane nemleg (eller trur dei har) ein ikkje-skriven tradisjon, det vil seia overleveringar som Jesus gav apostlane og som dei gav til sine etterfylgjarar og dei atter til sine, like til vår tid. Difor er det då kyrkja som sit inne med denne tradisjonen og med det heilage embetet som garanterer at Skrifta er sann og som åleine har rett til å avgjera korleis Skrifta skal tolkast óg.

.

Men er katolikkane betre farne enn vi er? Nei, langt i frå. Dei er verre farne. For dei unngår det sirkelprovet som er vår lagnad på den måten at dei skuvar problemet eit steg attover. For dei er det tradisjonen som utgjer sirkelprovet. Men det vil seia at dei ikkje har lukkast å røma unna sirkelprovet, men at dei i staden har rømt frå den faste grunnen og i staden har plassert seg i lausan luft.

.

Men vår sirkel er ein sirkel på fast grunn. Og han liknar all anna visse på denne jorda. Også naturvitskapane fødes i ein slik sirkel. For dei føter seg på eit eller fleire aksiom. Desse aksiomi må ein gå ut frå, om ein skal få prova noko som helst. Ingen ting kjem i gong for den som ikkje reknar med, godtek og går ut frå det.

.

Men både i det første steget og alle seinare steg som vitskapen tek frå aksiomet, skal ein ta set vel i vare for nye sirkelprov. Då misfer ein seg.

.

Slik er det med teologien óg. Går han ikkje ut frå det aksiomet som skriftprinsippet er, kjem ingen ekte og sann teologi i gang. Då sit ein berre og spekulerer best ein kan, og den eine tevlar med den andre om kven som dårar seg sjølv minst.

.

Men har ein godteke skriftprinsippet, då byggjer ein trygt vidare. Då kjem tanken godt i gang. Og seinare skal han ta seg vel i vare for å fuska med tankens klårleik og logikkens prinsipp. Han må ikkje finna på å bruka sirkelprov då.

.

Så brukar vi altså med godt samvit og med trygg tru og visse dette gamle protestantiske prinsippet. Og me veit at all teologi som ikkje gjer det, lærer rangt og leiar vilt. Dei som på den store oppgjersdagen skal stå med dyrets merke på pannene sine, skal vera folk som har late seg forvirra av mennesketankar slik at dei vanda og vraka Guds tankar.

.

Men Guds tanke er så mykje høgare enn mennesketanken som himmelen er høgare enn jorda. Difor skal ingen drista seg til å byrja sin teologi eller si kristne tenking på annan grunn enn Bibelens ord.

.

Vanskane er likevel ikkje til endes med det. Om neste hyrna ligg det ein til, som er endå verre å baksa med. For om eg seier at så og så står skrive i Bibelen, kan motparten min spørja kva eg meiner med Bibelen. Og då er det mange lutherske teologar som kjem i ei lei knipe. For det kan dei ikkje svara på.

.

Til det teologiske puggestoffet høyrer nemleg prinsippet om den såkalla ”opne kanon”. ”Kanon” tyder då Bibelen. Og at denne kanon er open, tyder berre at kyrkja og teologien ikkje veit kvar grensa går mellom kanoniske og ikkje-kanoniske skrifter. Det einaste dei tykkjest vita, er at han går ein eller annan staden i vår kyrkje-bibel.

.

Den som har ein gamal Bibel, vil vita at dei i den tida skilde mellom ”kanoniske” og ”apokryfiske” skrifter. Men nå vert dei apokryfiske skriftene ikkje prenta i kyrkjebiblane våre. Likevel ville det ikkje vera lett å få ein norsk teolog til å seia at alle dei skriftene som nå står i kyrkjebiblane våre, er kanoniske. Nei, for det ville vera i strid med det vi har pugga. Kanon er open. Det har Luther rekna med. Og han var ei tid inne på at Jakobsbrevet og Openberringsboka t.d. ikkje var kanoniske.

.

Men då står skriftprinsippet veikt sjølvsagt. Ikkje ver redd. Dette med den opne kanon er nok ei lekse som teologar kan, men det er ikkje eit prinsipp som dei tek alvorleg. Preikar dei over ei tekst frå Jakobsbrevet, preikar dei som brevet var kanonisk. Og dei er i stand til å kasta seg ut på ein eller annan preposisjon hjå Jakob med heile si kroppstyngde.

.

Ein teolog eg kjenner tok det noko annleis. Han seier at han aldri ville prova ei lære ut frå eit av dei skrift i Bibelen som det har vore tvil om. Han ville bruka slike skrift berre i den mon dei svarar til det som dei andre skriftene også seier.

.

Men det gjer ikkje mykje frå eller til. For skriftprinsippet er i fåre dersom vi ikkje veit kva Skrifta er.

.

Kunne vi nemleg tenkja oss at somme av skriftene i Bibelen ikkje er kanoniske, kan eg ikkje skjøna anna enn at vi også laut tenkja at somme verkeleg kanoniske skrift ikkje kom med i Bibelen.

.

Men sjølv meiner eg at dei skriftene me har i Det gamle og Det nye testamentet, er kanoniske alle som eit. Det sytte Den Heila Ande for å rettleia sitt folk i denne saka. Det var då m.a. dette Jesus tenkte på då han sa at han skulle senda Anden til læresveinane etter at han sjølv var faren frå dei. Og Anden skulle så leia dei fram til heile sanninga.

.

Det var det Anden gjorde då han sytte for at Guds folk som hadde lært å kjenna røysta åt den gode hyrdingen skilde det dyre frå det verdlause, det kanoniske frå det ikkje-kanoniske både i Det gamle og Det nye testamentet.

.

For ei tid sidan sette eg fram dette synet i ein kronikk eller to i Dagen. Ingen andre har teke saka opp. Det får vera det same.

.

Dersom skriftprinsippet skal vera meiningsfullt, må dei som skal bruka det, vita kva dei meiner når dei viser til det.

.

Gud har gjeve oss sitt ord, og vi har det. Og vi har fått i oppdrag å ta vare på den fagre skatten. Så lenge Guds folk gjer det, står hans kyrkje støtt. Og helheimsportane skal ikkje få makt over henne. Men svik teologien og Guds folk dette prinsippet, då gjer det både ættesvik og drottin-svik, og då opnar vi kyrkjeportane for dyret og den falske profeten.