tirsdag 20. januar 2009

Skriftprinsippet III av VII.

.

Det protestantiske skriftprinsippet.

Av red. Arthur Berg.

III av VII.

Stikkordet (når det gjeld skriftprinsippet) som stadig vart brukt i reformasjonstida – og i hundrevis av år etterpå – var det latinske uttrykket sola scriptura som tyder Skrifta åleine.

.

Med det uttrykket meinte reformatorane at det berre er i Skrifta vi kan få pålitande kunnskap om Guds openberring. Bibelen er altså teologiens kunnskapskjelde på ein heilt spesiell måte. Og det er det dei Schmalkaldiske artiklane tenkjer på når det der står at det berre er Skrifta som kan skapa læresetningar.

.

Sjølvsagt har teologien andre kunnskapskjelder enn Bibelen for så vidt som ein kan læra ei mengde med teologi frå andre kjelder. Tenk berre på heile kyrkjesoga og teologi-soga.

.

Men alle andre kunnskapskjelder som teologien auser or har sekundær karakter. Ingen av dei gjev autoritære opplysningar om Guds openberring. Ikkje ein gong frå den gamle martyrkyrkja får vi kunnskap av den natur.

.

Uttrykket sola Scriptura vil tvert om åtvara kyrkja og teologane mot å la noko anna kunnskapskjelde få ein rang som berre Skrifta skal ha. Kyrkja har alltid vore freista til å gjera det. Og ho har mange gonger falle for freistingane. Mange av feila i den katolske kyrkja hadde sitt opphav i ei slik rangsnudd prioritering.

.

Men den overtydinga at Bibelen er den einaste pålitande kunnskapskjelde når det gjeld å vita kva Gud har openberra, tyder ikkje at Gud berre har openberra seg på den måten. Han har openberra seg på ein annan måte óg. I sitt skaparverk har han vitnas om si makt og sin stordom. Og jamvel lova skreiv han i menneskehjarto, også i heidninghjarto.

.

Men denne naturlege openberringa skal vera kjelde til kristnes lovsong og jubel, men ikkje til å skapa læresetningar og dogme. Og det som ein truande (eller vantru) kjenner av andakt, fromsinn og tru når han ser gjerningane av Guds fingrar og fara etter hans store verk, kan aldri verta forpliktande for andre truande. Tvert om må andre kristne berre tru det den andre seier om sine inntrykk av den naturlege openberringa dersom det finst klår uttrykk for det same i Bibelen.

.

Fordi Bibelen er teologiens kunnskapskjelde i eineståande meining, er han også teologiens aksiom-grunnlag. Professor Leiv Aalen har formulert dette slik: ”Kristentroen bygger på den aksiomatiske forutsetning at Gud i Jesus Kristus én gang for alle har talt og handlet til forløsning for hele menneskeslekten, og at det grunnleggende budskap om dette er gitt oss i det bibelske Kristus-vitnesbyrd, det profetiske i Det gamle Testamentet og det apostoliske i Det Nye Testamentet.”

.

Fordi Bibelen altså representerer aksiom-grunnlaget for kristentrua, har han den same rang også for den kristne teologien. Eller bør ha det.

.

Eit aksiom er ein ”kravsetning”, dvs ein påstand som ikkje kan provast. Men på eit lite tal av slike påstand byggjer all vår vitskap. Alt det som ein vitskapsmann ber fram på vegne av vitskapen sin, skal han kunne føra prov for. Men ingen vil krevja at han skal prova sjølve grunnlaget for sin vitskap. For alle veit at det kan ikkje provast. At summen av vinklane i ein trekant alltid er 180 grader, er noko ”alle veit”, og ingen kan prova. Når alle veit det, er det av di alle normalt utstyrte menneske utan vidare vil skjøna det når dei set seg inn i spørsmålet. Vi brukar å seia at desse ”kravsetningane” er ”sjølvevidente” ( dvs. sjølv-innlysande).

.

Ein skulle tru at eit byggverk som kviler på påstand som ingen kan prova, ville vera usle greier og at det lett kunne rasa saman. Men vi veit at vitskapen byggjer kjempebygg på dette grunnlaget. Dei femner vidt og dei høgdar seg (strekkjer seg) mot himmelen. Dersom no ein eller annan drog i tvil noko av det som vart gjort høgt oppe i tårnet på eit slikt byggverk, kunne vitskapsmannen gjeva seg i kast med slike innvendingar. Då laut han syna at det siste steget byggjer på det nestsiste osv. Så kunne han gå baklengs i samtale med tvilaren, og dersom ein fylgjerett ”retrett” ville føra ned på aksiomsgrunnlaget, måtte kvar tvilar gjeva seg. Men kom han i siste steget til å hamna utanfor aksiomsgrunnlaget, då var det vitskapsmannen som laut gjeva saka tapt. For berre påstand som er fylgjerette slutningar, er ekte vitskapelege resultat.

.

Også ein kvar teologisk påstand må kunne tola den same prøven. Teologen må vera viljug til å gå baklengs for å syna at hans teologi kviler trygt på kyrkja sitt aksiomsgrunnlag. Men kjem han i siste steget til å hamna utanfor den grunnen, då har han teke i miss. Då lærer han rangt.

.

Dersom denne testen er i bruk, vil det seia at skriftprinsippet er i funksjon. Er det sjeldan eller aldri i bruk, vil det seia at kyrkja har mist sigershuva. Men vi må vedgå at det aksiomet vi har å gjera med her, ikkje er sjølv-evident.

.

Skilnaden mellom det sjølv-evidente (sjølvinnlysande) aksiomet i andre vitskapar og dette skriftprinsippet er sjølvsagt viktig. Og vi burde drøfta det oftare og grundigare enn vi gjer. I denne samanhengen får det greia seg med å sei at det teologiske aksiomet er trus-evident. Den som er atterfødd til ei levande tru, får i voggegåve ei overtyding som liknar noko på den som han frå før har på det sjølvevidente aksiomet.

.

Men det er m. a. den skilnaden at trus-evidensen er lett å anfekta, medan sjølvevidensen så å seia aldri let seg anfekta. Dette ser ut til å vera ein skilnad i teologiens disfavør. Men er det knapt. Tvert om fører dette anfektbare prinsippet til ein stendig kamp. I denne kampen fødest ei overtyding som ikkje er ei frukt av tankeløyse, etterplapring eller den skråsikre trua som kjem av skort på førestillingar. Den kristne overtydinga møter alltid motførestellingar, og held trua seg, vil ho difor verta ei røynd tru. Ho har halde seg oppe ved å sigra seg fram. Ei slik tru er meire verd enn det kostesame gullet som røynest i eld.

.

Men det vil også seia at viljen til å testa teologien på den måten er avhengig av at teologien vert boren av denne fullrøynde trua. Difor er det slik at når slike testfunksjonar stilnar i kyrkja, skjelv og brotnar grunnane under kyrkjehuset.

.

For dersom teologien byrjar å bruka andre autoritetar i tillegg til Bibelen, eller byrjar å øva kritikk mot det som står der, då tyder det at trua vert anfekta, men ikkje sigrar. Ho fell unna og rir på vêret.

.

Ein kan freista å tenkja slike haldningar inn i dei gamle martyrane. Dei hadde sjølvsagt mist sitt martyrmot dersom dei ikkje hadde ått den sigerstrua som veit at Gud åleine er sannordig og kvart menneske derimot ein lygnar.

.

Men tenkjer vi oss fram i tida i staden for attover, må vi spørja: Kor godt rusta er vår tids kristne til å gjera motstand til blodet mot ei kvar høgd som reiser seg mot kunnskapen om Gud?

.