tirsdag 20. januar 2009

Skriftprinsippet I av VII.

Det protestantiske skriftprinsippet.

Av red. Arthur Berg.

.

Artikkelserien stod i Dagen i 1976 og trykt om igjen i 2001.

(Eg har tillete meg å fornya litt på språket Berg brukte for over 30 år sidan. Nokre stader har eg og sett nyare ord i parentes for å gjera det lettare for yngre å skjøna alt.)

.

Del I av VII.

Ettersom det no om stunder (for tida) er heller mykje snakk om bibelsyn, eslar eg (tenkjer eg) meg til å skriva ein del artiklar omkring dette spørsmålet. Kor mange det vert, veit eg ikkje. Og kor lang tid det vil ta å laga dei, veit eg heller ikkje. Men meininga er å freista å få med alle dei viktigaste informasjonane om kva teologane tenkjer på når dei ordskiftest om slike saker. Her kjem så i dag den første av desse artiklane, og han handlar ikkje om det som vi til vanleg tenkjer på når vi snakkar om bibelsyn, men om det endå meir grunnleggjande omgrepet som vi kallar SKRIFTPRINSIPPET.

.

All protestantisk teologi vedkjenner seg og byggjer på skriftprinsippet. Og det prinsippet seier at berre Skrifta kan skapa trusartiklar, elles ingen, ikkje ein gong ein engel. (Dei Schmalkaldiske artiklane frå 1537.)

.

Dette prinsippet er altså grunnmuren under alle dei protestantiske kyrkjene og under all protestantisk teologi. Eller skulle vera det.

.

Rokkast det ved denne grunnmuren, tyder det at kyrkja og alle som sit i henne opplever eit fårleg jordskjelv. Grunnane skjelv, og det gagnar ingen ting å kle portane med gull og byggja tårn høge og gilde.

.

At det er fåre på ferde når jorda skjek og skjelv, treng eg ikkje spilla ord på. Men eg lyt nok diverre spilla ord på den jordskjelven eg her snakkar om. Det er jamvel fåre for at orda er spilt i meir enn ei meining.

.

Men jordskjelv er aldri så fårleg som når folk søv så tungt at dei ikkje vaknar når grunnane brotnar og tårna og kyrkjekunsten kjem singlande ned over dei.

.

Merkeleg nok vart dette prinsippet aldri dogmefest i8 dei gamle lutherske vedkjenningane. (Bortsett frå den formuleringa vi nyss hermde (siterte) frå dei schmalkaldiske artiklane.)

.

Men prinsippet fungerer gjennom heile vedkjenninga. Når t.d. Augustana vitnar om den evangeliske læra, gjer ho det med å prova ut frå skriftene at dei lærer slik. Og når ho viser frå seg villeiande og vrang lære som hadde snike seg inn i kyrkja, gjer ho det med å visa til at slik lære kviler på mennesketankar og ikkje er henta frå Skrifta.

.

Og som alle veit, kvilde heile den reformatoriske kampen på tillit til at Guds ord er sant, medan mennesketankar på sjølvstyr leier vilt.

.

Og du kan studera skriftprinsippet i funksjon på Luthers ord på riksdagen i Worms. Her ligg det som eit hjarta du har nækt (kledd av) så du kan sjå og kjenna det hjarteslaget som held det levande i live.

.

Skriftprinsippet i funksjon kan du også sjå i den gamle soga om martyrane i oldkyrkja. Dei hadde heller ikkje formulert prinsippet. Men salmesong og bøner og vitnemål frå martyrbål og sirkusarenaer syner oss at desse tidlege kristne anane våre var folk som visste at kvart menneske er ein ljugar, men Gud er sannordig. Han kan ein lita på og døy for. Den som ikkje svik han, vert sjølv ikkje sviken anten i liv eller i død.

.

Og dette var den krafta som sigra over verda. Men brotnar denne fulle vissa om at Gud har openberra seg for oss i Skrifta og at vi der finn tankar som er høgare enn mennesketankar, då misser også trua sin uknekkelege styrke.

.

Utan ankerfeste i ei slik tru på ei mistaksfri openberring frå Gud, misser trua ”sigerhuva”.

.

Difor er det altså ille når det vert rikka ved grunnmuren. Og alle burde vita og ingen nekta at det vert rikka ved han nå. Men det ser ut til at folk søv. Vi lever i ein situasjon som liknar på den vi hadde i dansketida, då ”ingen vakt var ved huset satt og folket sovnet der inne”.

.

Dei som rikkar ved grunnmuren kan for ein del skaffa seg arbeidsro i ly av sjølve det prinsippet dei høgg laus på. For ingen nektar dei då! Og ”alle” vedkjenner seg til det. Kva er det då vi masar etter. La oss verta kvitt denne utidige mistenkeleggjeringa!

.

Men nei. Min mistanke er for sterk til at eg vil teia om han. Og han har mykje for seg. Difor skal vi sjå på kor slitesterkt skriftprinsippet er i dag.

.

Først i det siste av dei lutherske vedkjenningsskriftene, Konkordieformelen frå 1580, vart skriftprinsippet formulert som dogme. Og dette dogmet står i brodden for heile Konkordieformelen.

.

Slik vart det formulert i Konkordieformelen:

”Vi trur, vedkjenner oss og lærer ein einaste regel og norm som alle læresetningar og alle kyrkjelærarar skal vurderast og dømast etter, og at det slett ikkje finst nokon annan enn del profetiske og apostoliske skriftene i Det Gamle og Det Nye testamentet, som skrive står: Ei lykt for føtene mine er ordet ditt og eit lys på stigane mine. Og den heilage Paulus seier: Om så ein engel frå himmelen forkynner eit anna evangelium, så vere han forbanna.”

.

Slik ser den ”sigershuva” ut som Kristi kyrkje er fødd med.

.

Men i gammal tid var denne huva rekna for eit låkt varsel for barnet. Slik kan det gå med sigershuva vår og, dersom ho ikkje er noko anna enn ei hinne av det som var, eller dersom skriftsprinsippet berre vert tomme ord som ikkje forpliktar kyrkja og gjer henne trygg og sterk fordi ho kjenner Guds sanning.

--