fredag 14. januar 2011

Gal. 4, 4-5.


Gud - i rett tid.

Gal. 4, 4-5.


Dette er eit sentralt vers i Bibelen. Det handlar om Gud, om jul og påske, om Jesu komme – og alt til rett tid. Me får høyra om måten Gud arbeider på, og grunnen til at han gjer dette. Me skal berre tala litt om dette her.

1. Tida.
I tidens fylde hende dette, eller: då tida var fullkomen. I levende Bibel står det slik: i den rette tid. Og det var den tida som Gud føreåt hadde festsett, v. 2. Gud har ein plan med alt, og han fylgjer denne planen heilt til det siste. Det var altså ikkje tilfeldig det som hende julenatta i Betlehem. Den dagen hadde Gud notert i si almanakk.

Og det hende i det største riket i verda på den tida, Romarriket. Der låg alt godt til rette, både i det ytre og i menneskesinnet. Gud ville ha verda slik. Kyrkjehistorikaren Hjalmar Holmquist at det var skapt ”merkelig gunstige føresetnader” for kristendomen i Romarriket på den tida. Og han talar heilt praktisk om det med tanke på at den kristne trua skulle førast ut i den då kjende verda.

Han talar t. d. om verdsmonarkiet, om ei einsarta politisk leiing og om god vegar over heile riket slik at misjonærane kunne fara lett frå stad til stad i motsetnad til i mange andre land og rike. I denne tida var det faktisk og ein lengt i folket etter noko betre enn dei mange greske og romerske gudane.

Dette gjaldt jo særleg dei truande jødane i Israel. Det står om gamle Simeon at han venta på Israels trøyst, Luk. 2, 25. At han ikkje var åleine om det, viser orda åt Anna Fanuelsdotter: ”Ho tala om han til alle som venta på utløysing for Jerusalem” (Luk. 2, 38.

Når Luther skriv om dette, seier han at det var då lova si tid var forbi og Kristus var komen. Då tenkjer han på Mose lov som jødane hadde. Frelsa byrja med dei, men ho rekk ut over heile verda. Og nå var altså tida komen. Det hadde Gud i sitt råd vedteke.

I 1. Mos. 21, 1-2 har me ein svak parallell til dette. Der står det at Isak vart fødd ”på den fastsette tid”, eller i ei annan omsetjing: ”Nett på den tid Gud hadde tala til han om.” Slik er det alltid. Gud har tala om det som skal henda, og han har sett fast tida lenge før. Jesu kome var vedteke i æva, lenge før jorda var skapt. Det ser me av Ef. 1, 4.

Så kan me kvila i det som Gud gjer med oss óg. Alt skjer til rett tid for kvar ein av oss. Me kan berre gje oss over i hans hender.

2. Guds gjerning.
Kva er det så Gud vil og kva gjorde han i denne rette tida? Det skriv Paulus klårt om: Han sende Sonen sin. Guds Son skulle vera Guds representant på jorda mellom dei menneska han hadde skapt. Sonen var sendebodet eller reiskapen for Gud. Julenatta var det altså Gud som vitja oss ved ein spesiell sendemann. Paulus kallar Jesus for Guds Son. Då seier han klårt frå at denne Jesus som hadde levd i Israels land, rett og slett av Gud. Dei såg det ikkje på han til dagleg. For han var også noko anna enn Gud.

Jesus var fødd av ei kvinne, og då har han sagt at Jesus var menneske. Og det var nok inntrykket dei fleste fekk av han. Men nokre gonger såg dei noko dei ikkje hadde sett ved noko anna menneske. Kanskje fleire tenkte som soldaten på Golgata: Han er sanneleg Guds Son! Om lag det same sa Peter ein gong, Joh. 6.

Men Paulus skriv meir om Jesus: Han var fødd under lova. Det tyder at han var jøde. Og då var han fødd under dei same vilkår som alle jødar levde under, kravet til å oppfylla Moselova. Den ga retning for alle jødar som tok det alvorleg og viste veg for dei gjennom dagen og livet. Josef og Maria var truande jødar og gjorde det lova baud dei. Difor vart han omskoren og framstelt i templet. På denne måten lærde han å kjenna lova som eit menneske. Og det for menneska han var komen. Då måtte han vera som ein av dei.

3. Sonen si gjerning.
Og då er me framme ved det Jesus skulle her på jorda. Han skulle kjøpa dei fri som var under lova. Parallellordet til dette er kap. 3, 13. Her er me inne i det aller største og viktigaste i bibel og kristendom. Det handlar om Jesu Kristi død og oppstode. Nå minner Paulus galatarane om to sider ved dette:

a) Jesus skulle kjøpa dei fri som var under lova. Jesus død var ei betaling for heile verda si synd – slik kan me seia det for å prøva å skjøna dette underlege som hende på Golgata. Synda fører oss inn i trældom og i gjeld til Gud. Ingen av oss har levd som me skulle.

I denne saka gjeld det ikkje berre jødar som hadde lova skriftleg. Som Guds skapningar står me alle under Guds herredøme. I Romarbrevet  skriv Paulus om at alle skal stå skuldige for Gud – heile verda, og ikkje berre Israels folk. Gud vil føra oss dit hen at me ser vår skuld og få ein attlaten munn. Rom. 3, 20. I same vers står det både om alt det lova seier og at kvar munn og heile verda skal stå som skuldmenn for Gud. Her er altså alle med.

Å stå som skuldmenn for Gud tyder å forstå og erkjenna at me har synda mot Gud, og ikkje berre gjort noko galt for menneske. Den skilnaden er viktig. Å gjera noko galt mot eit menneske, det kan i mange høve rettast opp og betalast. Men ikkje slik i høve til Gud. Og det er der me er skuldige.

David hadde synda grovt mot menneske, både Batseba og mannen og mot Israels folk som han var eit føredøme for. Og i salme 51 erkjenner han synda og ber Gud om nåde. Men i v. 6 seier han så: ”Einast mot deg har eg synda, det som er vondt i dine augo, har eg gjort.” Då er han ved kjernen av syndeerkjenninga. Han ser at det ikkje er synd og hor mot andre menneske som er verst. Han skjønar at han står for Gud. Han har skapt alle, og alle står til ansvar for Han.

Berre ved å spegla seg i Guds ord kan me skjøna det. Det hjelper ikkje å sjå på andre menneske. Andre sine meiningar fører oss berre vill her. Det er tåkeprat og åndeleg skoddver å høyra kva folk meiner om livet vårt. Du må lesa det i Guds bok. Der finn du standarden og målet og Guds meining med livet vårt. Held du mål der? David visste at han var for liten. Difor ber han om reinsing og at Gud måtte løyna synda hans.

For å gjera det, sende Gud Sonen sin for å kjøpa oss ut av dette slaveriet som er mykje verre enn Israels trældom i Egypt. Då ropet frå krossen lydde: Det er fullbrakt! da var betaling gjeven.

b) Vidare kom Jesus for at me skulle få barnekår. Dei kristne skal ikkje ble tenarar for Gud for på den måten å bli skikka for himmelen. Me skulle ikkje vera åndeleg trælar som levde livet i otte for Gud, at me ikkje hadde gjort nok.

Me skulle bli born i huset. Då er me frie. Då treng me ikkje å ottast at me vert skubba ut or huset om me gjer noko galt i vanvare. Og me skal ikkje kjøpa oss mat eller venskap med vår Herre.

Me er frie born, og i tillegg er me då arvingar til heile huset. Jesus kom med andre ord for å gi oss himmelen for inkje. Dette skriv så Paulus meir om i versa etter vår tekst.

Å eiga barnekår tyder ikkje berre å få tilgjeving for synder me har gjort. Det er stort og me treng det kvar dag. Men eit barn bur i sin eigen heim. Han høyrer til der og har alle rettar som gjeld huset og familien. Det er den tryggaste stad eit barn kan vera. Ikkje ein gong i skulen eller i kyrkja er det så godt. Her talar me sjølvsagt om rette heimar der kjærleik og respekt rår mellom liten og stor.

Lat oss så gleda oss og takk Jesus for at han kom og det han gjorde. Bøna vår går også ut til alle dei i vårt land og i alle andre land der folk ikkje trur og difor ikkje er born i Guds rike. Ennå er det tid å koma. Nytt høvet til det, kanskje det er ditt siste. Amen.