søndag 5. april 2015

Påskefeiring 2


Påske 2.


Påskedramaet stansa ikkje på langfredag med Jesu død. Det kom noko etter. Og den hendinga er viktig og har kanskje ikkje ein direkte parallell i den jødiske feiringa. For denne delen handlar om eit heilt nytt liv, ei slags nyskaping i verda.

 

Jesus hadde fortalt læresveinane at han ikkje skulle vera i grava. Han skulle stå opp att frå dei døde etter tre dagar. Men det ser ikkje ut til at det hadde «gått inn» hjå dei. Dei levde i alle høve som om dei ikkje hadde høyrt dette.

 

Difor var dei nok forundra og redde då bodet kom: Han er ikkje lenger i grava. Han er borte. Soldatane var redde, kvinnene som kjende han trudde heller ikkje anna enn at han var død. Dei vart også redde. Men dei fekk bodskapen forkynt klårt og tydeleg: Han er oppstaden. Mat. 28, 6. Desse to kvinnene fekk så oppgåva: Gå og sei det til læresveinane mine.

 

Og då byrja det. Dei skunda seg – og dei sprang av glede til Jesu nære vener. Då hende noko forunderleg for dei: Jesus kom til møtes med dei, står det. Han visste jo alt, og nå ville han hjelpa dei i trua og vantrua deira. Ver helsa, sa han. Ikkje eit vondt ord. Berre godleik og nåde.

 

Jesus var altså utfridd frå grava. Løyst frå alle band i denne verda. Nå hadde han himmellekamen på seg, så det var ikkje så underleg at folk ikkje kjende han att med ein gong. To vener som gjekk mot Emmaus skjøna ikkje kven han var då han slo seg i lag med dei. Luk. 24. Eit heilt nytt kapittel i verda hadde teke til. Ingen ting var som før lenger. Oppstoda vart overskrifta på den nye tida.

 

Paulus har skjøna det betre enn nokon annan, trur eg. Folk i Korint skjøna det ikkje og laga bråk om det. Det var berre 5 år etter vekkinga. Så snart kom problema der. Og Paulus skreiv eit langt og sterkt brev til dei. Og han brukte det lengste kapitlet eller avsnittet nett om oppstoda. 1. Kor. 15. Det kan løna seg for fleire å ta seg tid til det kapitlet endå ein gong. Der får du svar.

 

Paulus slår fast at oppstoda er etter Skriftene, og dermed er det sikkert. Gud lyg aldri. Og deretter kjem han med ord som viser kor heilt avgjerande påskemorgon er for oss kristne. Dersom Jesus ikkje hadde stått opp frå grava, ville forkynna av evangeliet vore tomme ord og trua var også tom og nyttelaus. Ja, me som forkynner Ordet, ville vore falske vitne om Gud. Trua var unyttig og me var framleis i syndene våre. Ja, me var ynkelegare enn alle andre. Me var faktisk dei mest ynkelege i verda (her er brukt eit uttrykk for superlativ på grunnteksta).

 

Her kjem så Paulus med eit utrop nærast: Men no er Kristus stått opp! V. 20. Sigeren er vunnen. Difor kan songaren seia: Å. Salige stund uten like – han lever, han lever ennu! Det tyder m.a. at synda er sona, sigeren over satan er vunnen, frelsa er ferdig – og det er von for oss etter døden. Grava er ikkje den siste kvilestaden. Det gjeld berre den jordiske lekamen. Me som trur på Jesus, skal stå opp til evig liv og sæle i Guds himmel. Og dei som ikkje trur, er ulydige og ikkje vil ta imot Jesus, dei skal også stå opp – til dom og oppgjer med Gud.

 

Men ennå er det rom og tid for å venda om. Kom du også!