OVERSYN GT – kommentar
Av NDH.
Innhald:
1. Mosebok
Kap. 1.
I opphavet skaper Gud himmelen og jorda. Første dagen skaper han ljoset, andre dagen himmelkvelven, tredje dagen skil han vatnet frå det tørre landet og let jorda bera fram gras og urter og tre. Fjerde dagen skaper han sol, måne og stjerner, femte dagen sjødyr og fuglar, sjette dagen dei andre dyra, og til sist mennesket i si likning. Han gir mennesket herredømet over jorda og seier kva menneske og dyr skal ha til føde.
Skapinga
I tida sin morgon, før tida var til, skapte Gud universet. Og då seier me òg at alt som er til, har sin årsak og opphav i Gud. Då skapar me òg ein front mot den planlause og tilfeldige utviklings-eller evolusjonsteorien. For det er ikkje ei lære som er prova, men ein teori.
Gud skapte og fekk alt i stand av ingen ting. Det er ei guddommeleg handling. Deretter formar han skaparverket etter sin vilje slik at det var svært godt (såre godt, etter gammalt).
Kap. 2.
Gud kviler den sjuande dagen og helgar han. Gud vatnar jorda, skaper mennesket av mold og bles livsens ande inn i det, set det i Edens hage og gir det lov til å eta av alle trea, så nær som treet som gir vit på godt og vondt. han leier dyra til Adam. Adam gir dei namn, men finn inga hjelp som høver for han mellom dyra. Difor skaper Gud ei kvinne av eit av sidebeina hans, og skipar ektestanden.
Kap. 3.
Ormen er djevelen som lokkar kvinna til å eta av frukta av det forbodne treet. Ho gjev mannen sin med seg, og han et; dei ser at dei er nakne, og gjøymer seg, 1-8. Gud lyser straff over ormen og kvinna og mannen, men gjev og den lovnaden at kvinne-ætti skal krasa hovudet på ormen, 9-19. Adam kallar kona si Eva; Gud gjer skinnkjolar åt dei og driv dei ut or paradiset, 20-24.
Syndefallet
Kap. 4.
Adam får to søner, Kain og Abel; dei ber fram kvar sitt offer; Gud ser blidt til Abels offer, men ikkje til Kains; difor vert Kain harm på bror sin; Gud åtvarar han, 1-7. Kain slær Abel i hel; Gud lyser straff over han, men vil ikkje at nokon skal drepa han, 8-16. Kain får sonen Hanok og byggjer ein by; ein av ættingane hans var Lamek, ein ovmodig mann, 17-24. Adam får sonen Set, og hans son er Enos, 25. 26.
Kap. 5.
Adam som var skapt i Guds likning, får born i si likning, mellom dei Set; so døyr han, 930 år gamal, 1-5. Set får sonen Enos, 6-8, hans son er Kenan, 9-11, hans son Mahalalel, 12-14, hans son Jared, 15-17, hans son Enok, 18-20; Enok får sonen Metusalah, og gjeng på Guds veg; Gud tek han til seg, 21-24; Metusalah får sonen Lamek, 25-27; Lamek får sonen Noah, som han ventar trøyst av for den lidande manneætti; Noah får sønene Sem, Kam og Jafet, 28-32.
Kap. 6.
Vondskapen åt menneski aukar; Gud vil rydja dei ut av jordi; Noah finn nåde hjå Herren, 1-8. Noah er rettferdig, men alt kjøt har skjemt seg ut med si åtferd på jordi, 9-12. Gud seier til Noah at han vil tyna menneski, og set han til å byggja ei ark; i den skal han berga seg og sine og eit par av kvart dyreslag på jordi, 13-22.
Noah
Kap. 7.
Noah gjeng inn i arki med heile sitt hus, og so mange av dyri som Gud hadde sagt han fyre, 1-9. Storflodi kjem, og alt levande på jordi druknar; berre Noah og dei som er med han i arki, vert berga, 10-24.
Kap. 8.
Gud let vatnet falla att, 1-5, Noah sender fyrst ut ein ramn, og sidan tri gonger ei duva; han vil vite om jordi har vorte turr, 6-12. Jordi vert heiltopp turr; Noah gjeng ut or arki, 13-19. Han byggjer eit altar og ofrar; Gud vil ikkje tyna jordi meir, so som han no har gjort, 20-22.
Kap. 9.
Gud velsignar Noah og sønene hans; han gjev dei lov til å eta kjøt, men ikkje med blod i; den som tek menneskeliv, skal missa livet, 1-7. Han gjer ei pakt med menneski og liv på jordi, og set regnbogen til eit merke på denne pakt, 8-17. Sønene hans Noah vert opprekna, 18. 19. Noah plantar ein vinhage, og vert drukken av vinen; Kam spottar far sin, men Sem og Jafet ærar han; han forbannar Kana'an, son hans Kam, og velsignar Sem og Jafet; han døyr, 20-29.
Kap. 10.
Ættene åt Noahs-sønene og bustadane deira vert opprekna; Jafets-ætti, 1-5, Kams-ætti, 6-20, og Sems-ætti, 21-32.
Kap. 11.
Menneski vil byggja eit tårn som skal nå opp i himmelen; Gud skiplar dette arbeidet, med di han vildrar målet deira og spreidar dei utover jordi; dei kallar byen Babel, 1-9. Sems-ætti vert opprekna til Abram, 10-26. Abram tek ut frå Ur med Tarah, far sin og Sarai, kona si, og Lot, brorson sin, og fer til Karan, 27-32.
Kap. 12.
Gud seier til Abram at han skal fara ut frå landet og ætti si, og gjev han store lovnader, 1-3. Abram gjer som Gud har sagt han fyre, og kjem til Kana'an; der flytter han frå stad til stad, 4-9. Det vert uår i landet, og han fer til Egyptarland; der tek dei kona frå han, men han får henne attende, 10-20.
Abraham
Kap.13.
Abram og Lot kjem attende til Betel, 1-4. Det vert ei trette mellom hyrdingane deira, dei skilst, og Lot fer til Sodoma, 5-13. Gud stadfestar lovnadene sine til Abram, som fer til Hebron, 14-18.
Kap. 14.
Kedorlaomer og tri andre kongar fer i herferd mot kongen i Sodoma og fire andre kongar, vinn over dei, herjar Sodoma og Gomorra, og tek med seg Lot, 1-12. Abram bergar Lot, vert velsigna av Melkisedek, vil ikkje taka imot nokor gåva frå kongen i Sodoma, 13-24.
Kap. 15.
Gud lover Abram at han skal få ein son og ei stor ætt; Abram trur, og det reknar Gud han til rettferd, 1-6. Gud gjer ei pakt med han, og stadfestar lovnaden om at ætti hans skal få Kana'ans-land, 7-21.
Kap. 16
Sarai har ikkje born; difor let ho Abram få Hagar til fylgjekona; Hagar vert med barn, vanvyrder Sarai, får tukt og rømer, 1-6. Herrens engel byd henne fara heim att, og varslar henne at ho skal få sonen Ismael, og kva det skal verta av han. Ho fer heim att og får Ismael, 7-16.
Kap. 17.
Gud seier til Abram at han skal ferdast ulastande for hans åsyn, og gjer ei pakt med han; han skal ikkje heita Abram lenger, men Abraham, for Gud vil gjera han til far åt mange folk; han og ætti hans skal få Kana'ans-landet, 1-8. Gud seier fyre at Abraham og alt karfolket hjå han skal umskjerast, og set umskjeringi til merke på pakti, 9-14. Sarai skal heita Sara, og få ein son; med han vil Gud gjera si pakt, men han vil velsigna Ismael og, 15-22. Abraham umskjer seg sjølv og alt karfolket i huset sitt, 23-27.
Kap. 18.
Herren og to englar kjem til Abraham; han lagar til ei måltid åt dei, 1-8. Herren lover Sara ein gong til at ho skal få ein son; ho tvilar, men han stadfester sitt ord, 9-15. Dei to englane gjeng til Sodoma; Herren seier til Abraham at han vil øydeleggja Sodoma; Abraham bed for byen gong på gong, 16-33.
Kap. 19.
Dei to englane kjem til Lot, og han tek vel imot dei, 1-3. Mennene i Sodoma vil fara ille med dei, men englane vildrar syni deira, 4-11. Englane leider Lot og kona hans og dei to døtrene hans ut or byen; Herren let det regna eld og svovel over Sodoma og Gomorra; kona hans Lot ser seg attende og får si straff; Lot vert berga for Abraham skuld, 12-29. Døtrene hans Lot skjenker far sin drukken, han ligg hjå dei, og dei får sønene Moab og Ben-Ammi, 30-38.
Kap. 20
Abraham kjem til Gerar; Abimelek, kongen der, tek Sara ifrå han, men let han få henne att etter Guds bod, med mange gåvor; Abraham bed for han og huset hans, 1-18.
Kap. 21.
Sara får sonen Isak, 1-8. Ismael spottar han og vert jaga ut etter Guds bod, saman med mor si, 9-13. Dei vinglar ikring i øydemarki; guten kjem i stor naud, men vert berga og slær seg sidan ned i Paran-øydemarki, 14-21. Abraham og Abimelek gjer ei semje seg imellom i Be'erseba, 22-34.
Isak
Kap. 22.
Gud seier til Abraham at han skal ofra Isak på Moria-fjellet; Abraham er reidug til å lyda, 1-10. Herrens engel held han frå å fullføra verket, rosar lydnaden hans og tek oppatt dei lovnadene Gud hadde gjeve han; Abraham bur i Be'erseba, 11-19. Nakors-ætti vert opprekna, 20-24.
Kap. 23.
Sara døyr, og Abraham syrgjer over henne; han kjøper Makpelahelleren av hetiten Efron og jordar henne der, 1-20.
Kap. 24.
Abraham sender tenaren sin til å henta ei kona åt Isak av hans eigi ætt, 1-9. Tenaren kjem til Karan, der Betuel, brorson hans Abraham, bur; Gud leider og velsignar han, so ærendi lukkast for han, og han får med seg Rebekka, dotter hans Betuel, heimat. Isak tek henne til kona, 10-67.
Kap. 25.
Abraham får seks søner med Ketura; han gjev Isak alt det han eig, døyr og vert gravlagd. Gud velsignar Isak, 1-11. Ismael fer tolv søner; han døyr, 12-18. Rebekka fer Esau og Jakob; Herren seier at den eldste av dei skal tena den yngste, 19-26. Esau sel odelsretten sin til Jakob for ein linsevelling, 27-34.
Kap. 26.
Isak heldt til i Gerar; Gud gjev han dei same lovnadane som han før har gjeve Abraham, 1-6. Isak gjev Rebekka ut for å vera syster hans; men Abimelek kjem etter at ho er kona hans, og byd at ingen må gjera dei noko vondt, 7-11. Gud velsignar Isak, so han vert rikare; filistrarane ovundar og plagar han, 12-22. Han fer til Be'erseba; der trøystar Gud han, 23-25, og Abimelek gjer ei pakt med han, 26-33. Esau giftar seg med to kvinner frå Kana'ans-land, 34. 35.
Kap. 27.
Isak vil gjeva Esau den velsigningi som eldste sonen skal hava; men Jakob lurer til seg velsigningi, og Esau misser henne, 1-29. Like vel får han og ei velsigning, 30-40. Han hatar bror sin og stend han etter livet: Rebekka råder Jakob til å røma til Laban, 41-46.
Kap. 28.
Isak velsignar Jakob, og Jakob fer til Mesopotania, 1-5. Esau tek seg ei kona til av Ismaels-døtrene, 6-9. Herren syner seg for Jakob i Betel, tek opp att lovnadene sine og lovar at han vil vera med han, 10-17. Jakob reiser opp ein minnestein og gjer ein lovnad, 18-22.
Kap. 29.
Jakob kjem til Karan, møter Rakel, dotter åt Laban, på marki, og seier kven han er, 1-12. Han gjev seg i tenesta hjå Laban; han tener for Rakel, men får Lea; sidan får han Rakel og til kona, 13-30. Han får fire søner med Lea, 31-35.
Jakob
Kap. 30.
Konene hans Jakob vil at han skal gifta seg med Bilha og Silpa, trælkvinnone deira, og han gjer det; han fer to søner med kvar av dei, 1-13. Lea får to søner til og ei dotter; umsider får Rakel og ein son, 14-24. Jakob vil fara frå Laban, men Laban tel han over til å halda fram i tenesta for ei fastset løn; Jakob vert rik, 25-43.
Kap. 31.
Laban og sønene hans ovundar Jakob; Gud seier han skal fara til Kana'an att; konone hans samtykkjer i denne ferdi, 1-16. Han fer burt i løynd med alt det han eig, 17-21. Laban set etter han, men Gud åtvarar han at han ikkje må gjera han noko vondt; dei gjer ei semja seg imellom; Laban fer heim, 22-55.
Kap. 32.
Jakob fer lenger; han møter englar, sender bod til Esau, bror sin, og får vita at han kjem imot han med 400 mann, 1-6. Han vert redd, bed Gud om hjelp og sender bror sin store gåvor, 7-21. Han gjeng med folket sitt over Jabbok, strider med Gud, som velsignar han og gjev han namnet Israel, 22-32.
Kap. 33.
Jakob gjeng til møtes med bror sin; Esau helsar blidt på han, og Jakob lyt nøyda han til å taka imot gåva hans, 1-11. Esau byd seg til å fylgja Jakob på vegen, men får ikkje lov; Jakob kjem til Sikem, 12-20.
Kap. 34.
Sikem, son hans Hemor, skjemmer ut Dina, dotter hans Jakob; han vil hava henne til kona, og dei lovar han det på det vilkåret at han og folket hans let seg omskjera, 1-17. Sikems-mennene gjeng med på det; men før såri deira er lækte, drep Simeon og Levi dei, 18-31.
Kap. 35.
Jakob byggjer eit altar i Betel, og Gud syner seg for han att, 1-15. Rakel får Benjamin og døyr, 16-21. Ruben ligg hjå Bilha, fylgjekona åt far sin. Sønene åt Jakob vert opprekna, tolv i talet; han kjem til far sin i Hebron; Isak døyr, 22-29.
Kap. 36.
Esau fer til Se'ir-fjelli med konone og borni sine og alt godset, 1-8. Etterkomarane åt Esau, og Edoms-jarlen, vert opprekna, 9-19, og like eins etterkomarane åt Se'ir, horiten, som budde i landet før, 20-30. Kongane i Edom fram til Mose-tidi, og jarlane og deira bustader, vert opprekna, 31-43. Jakob bur i Kana'an, 37, 1.
Kap. 37.
Jakob held Josef kjærast av alle sønene sine, men brørne hans hatar han; Josef drøymer og fortel draumane til brørne sine, 2-11. Faren sender han til brørne; dei vil slå han i hel, men då nokre ismaelitar fer framom, sel dei han til dei, 12-28. Jakob syrgjer over han og trur at eit udyr har rive han i hel. Han vert seld til Potifar i Egyptarland, 29-36.
Josef
Kap. 38.
Juda tek seg ei kona og får tri søner med henne. Den eldste får ei kona som heiter Tamar; Herren let han døy, for di han syndar. Andre sonen gifter seg med Tamar, men gjer slikt som Herren tykkjer ille om, og lyt døy, 1-10. Juda lovar Tamar yngste son sin, men held ikkje ord; han ligg hjå henne, men veit ikkje at det er sonekona hans; han får to søner med henne, Peres og Serah, 11-30.
Kap. 39.
Josef tener hjå Potifar; Herren er med han, so Potifar set han over heile sitt hus, 1-6. Kona hans vil lokke Josef til utukt, men får ikkje overtalt han; so ber ho range skuldingar på han for mannen sin, 7-18. Potifar set han i fangetårnet; men Herren er med han der og, 19-23.
Kap. 40.
Farao set skjenkjarmeisteren og bakarmeisteren sin i fangehuset; Josef gjeng dei til handa, 1-4. Dei har kvar sin draum; Josef tyder draumane deira og bed skjenkjarmeistaren koma han i hug når han vert innsett i embetet sitt att, 5-19. Det gjeng som dei har drøymt; men skjenkjaren gløymer Josef, 20-23.
Kap. 41.
To år etter har Farao to draumar, som ingen kan tyda, 1-8. Skjenkjaren kjem i hug Josef; han vert henta til Farao, tyder draumane hans slik at dei varslar sju gode år og sju uår, og gjev han råd om kva han skal gjera, 9-36. Farao set Josef til herre over Egyptarland; Josef samlar korn i dei gode åri; han vert gift og fer to søner, 37-52. Det vert uår i Egyptarland og alle landi der ikring; folk kjem til Josef etter hjelp, 53-57.
Kap. 42.
Brørne åt Josef kjem til han, ti i talet, og vil kjøpa korn; dei kjenner ikkje han, men han kjenner dei, 1-8. Han skuldar dei for å vera njosnarar og kastar dei i fengsel; men sidan let han dei fara heim på det vilkår at Simeon er att, og at dei tek med seg yngste bror sin til Egyptarland; pengane som brørne har gjeve for kornet, vert lagde i sekkene deira, 9-28. Dei kjem til Jakob og fortel han det som har hendt; Jakob ber seg ille for di han har mist Josef og Simeon, og vil ikkje senda Benjamin med dei, 29-39.
Kap. 43.
Omsider tvingar den harde svolten Jakob til å gjeva etter, so Benjamin får fara ned til Egyptarland med brørne sine; han sender med dei ein gong til so mykje pengar, og gåvor til Josef, 1-14. Josef tek vel imot dei og bed dei til bords i huset sitt, 15-33.
Kap. 44.
Josef let hushaldaren sin leggja sylvstaupet hans i sekken åt Benjamin, og då dei finn det der, lest han som han vil halda han att og hava han til træl, 1-13. Juda bed Josef sleppa Benjamin fri og byd seg til å vera træl i hans stad, 14-34.
Kap. 45.
Josef seier kven han er, talar blidt til dei og syner dei Guds forsyn i det som har hendt, 1-8. Han sender bod med dei til far deira og bed han koma ned til Egyptarland med heile sitt hus og alt godset sitt og sender gåvor og vogner med dei, 9-24. Dei fer heim og ber dette gilde bodet fram til Jakob, 25-28.
Kap. 46.
Jakob fer til Egyptarland med heile sitt hus; Herren syner seg for han i Be'erseba og tek opp att dei lovnadane han har gjeve han før, 1-7. Heile ætti åt Jakob vert opprekna, 8-27. Josef møter far sin og seier til brørne sine at dei skal verta fehyrdingar i Gosen, 28-34.
Kap. 47.
Josef leider fem av brørne sine fram for Farao; Jakob og heile huslyden hans får lov til å bu i Gosen. Jakob vert henta til Farao og velsignar han, 1-10. Josef syter for brød åt farsfolket sitt og egytarane, 11-26. Jakob let Josef gjera eiden på at han skal jorda han i Kana'ans-land, 27-31.
Kap. 48.
Jakob vert sjuk; Josef kjem til han med båe sønene sine, og Jakob tek dei til sine søner, 1-7. Han velsignar dei og set den yngste framom den eldste, 8-20; han gjev Josef eit landstykke framom brørne hans, 21. 22.
Kap. 49.
Jakob kallar til seg det tolv sønene sine og varslar korleis det skal ganga dei og ætti deira i framtida, og serleg at Messias skal koma or Judaætti, 1-28. Han bed dei jorda han hjå federene hans og døyr, 147 år gamal, 29-33.
Kap. 50.
Josef syrgjer på far sin, salvar liket hans og bed Farao om lov til å fara opp og jorda han i Kana'ans-land, 1-6. Han fer dit, held ei stor syrjehøgtid etter han, jordar han og kjem attende, 7-14. Brørne hans ottast han vil hemne seg på dei, men han trøystar dei; han varslar at etterkomarane hans skal verta fria ut or Egyptarland; han døyr, 15-26.
2. Mosebok
Kap. 1.
Israels-borni aukast i Egyptarland, 1-7. Ein ny konge, som ikkje veit noko om Josef, plagar folket, 8-14. Han vil at jordmøderne skal drepa kvar son som dei hebraiske kvinnone får, men dei lyder ikkje; då seier han at alle israelitiske sveinborn skal kastas i Nilelvi, 15-22.
Kap. 2.
Moses vart fødd, og mor hans legg han i røyrkiste innmed elvebarden, 1-4. Dotter åt Farao finn barnet og tek det til seg, 5-10. Moses ser kor vondt folket hans lid, slær i hel ein egyptar og lyt røma, kjem til Re'uel i Midiam, vert gift med Sippora, dotter hans, og får ein son, 11-22. Gud har auga med Israels-borni i naudi deira, 23-25
Moses
Kap. 3.
Herren syner seg for Moses i ein brennande klungerrunne og seier at han er Gud åt federne, 1-6, og lovar å berga folket sitt; Moses skal føra det ut, og Herren vil vera med han, 7-12. Han seier namnet sitt til Moses og lærer han kva han skal seia og gjera, 13-22.
Kap. 4.
Moses ottast at folket ikkje vil tru han; Herren gjev han makt til å gjera teikn for dei, 1-9. Moses orsaker seg med at det fell han tungt å tala; Herren lovar at han vil vera med han, og at Aron, bror hans, skal tala i staden hans, 10-17. Moses fer til Egyptarland; Herren talar meir til han om det han skal gjera, 18-23. Herren vil taka livet hans for di han ikkje har omskore son sin, 24-26. Aron kjem til møtes med han, og dei gjeng til dei øvste i Israel; folket trur, 27-31.
Kap. 5.
Farao vyrder ikkje bodet han får frå Herren, og vil ikkje lata folket fara, men legg endå tyngre byrder på det, 1-14. Han vil ikkje høyra på klagemåli deira; so kjem dei til Moses og Aron med dei; Moses vender seg til Herren, 15-23.
Kap. 6.
Herren lovar at han vil halda den pakti han har gjort med federne, og føra Israels-borni inn i Kana'ans-landet; folket høyrer ikkje på Moses for den harde trældomen skuld, 1-9. Herren seier på nytt til Moses at han skal føra folket ut or Egyptarland; ættefederne i Rubens-, Simeons- og Levi-ætti høyrer Moses og Aron, 10-30.
Kap. 7.
Gud tek opp att føresegnene sine til Moses og Aron, 1-7. Staven åt Moses vert til ein orm so Farao ser på det, men trollkarane åt egyptarane gjer det same; Farao er strid i hugen; 8-13. Moses gjer vatn til blod, dei gjer det same, og Farao er like strid, 14-25.
Kap. 8.
Moses og Aron gjer som Herren seier dei fyre, og det kjem froskar innover Egyptarland; runemeistrane gjer det same med trollkunstene sine; Moses bed for Farao, men han gjer hjarta sitt hardt no og, 1-15. Moses let det koma my; det greider ikkje runemeistrane, 16-19. Moses let det koma flugor over heile landet, men ikkje i Gosen; Farao lovar at han vil lata Israel fara, men herder hjarta sitt att, 20-32.
Kap. 9.
Herren let det koma ei drepsott på egyptarfeet, 1-7; han heimsøkjer egyptarane med ei kaunsott, 8-12, og sidan med eit øgjeleg haglver; men endå held Farao seg like hard, 13-35.
Kap. 10.
Herren heimsøkjer egyptarane med grashoppar; Farao sannar syndi si, men vender ikkje om, 1-20. Herren sender eit tjukt myrker over Egyptarland i tri dagar; Farao vil ikkje sjå Moses og Aron for augo sine meir, 21-29.
Kap. 11.
Herren seier til Israels-folket at dei skal beda egyptarane om sylv og gull, 1-3. Moses varslar den siste plaga som skal koma over egyptarane; Herren herder hugen åt Farao, 4-10.
Kap. 12.
Herren gjev føresegner om påskelambet, 1-13, og om usyrdebrødhelgi, 14-20; Moses talar til Israels-folket om dette, og dei gjer som han seier, 21-28. Herren slær i hel alt som er frumbore hjå egyptarane; Israels-folket fer ut or landet, 29-42. Moses gjev dei nøgnare føresegner om påskelambet, 43-51.
Påske - exodus
Kap. 13.
Herren seier at alt som er frumbure i Israel, både av folk og av fe, skal helgast til, han, 1-16. Han fører folket gjenom øydemarki burt imot Raudehavet; dei tek beini av Josef med seg; Herren gjeng fyre dei i ein eld- og skystopul, 17-22.
Kap. 14.
Gud let Israel lægra seg utmed Raudehavet; Farao set etter dei med heile heren sin, 1-9. Dei vert redde og mukkar mot Moses; han trøystar dei, 10-14. Herren byd Moses retta staven sin ut over havet og vert standande i sky- og eldstopulen mellom Israel og egyptarane, 15-20. Moses gjer som Herren har sagt; havet kløover seg, og Israel gjeng igjenom det; Farao og heile heren hans druknar; Israel trur, 21-31.
Kap. 15.
Moses og Israels-borni syng ein lovsong til Herren; Mirjam syster hans, og alle kvinnone svarar i kor, 1-21. Israel kjem til Mara; der mukkar dei mot Herren for di dei ikkje har vatn, og han hjelper dei; dei kjem til Elim, 22-27.
Kap. 16.
Israels-folket kjem til Sin-øydemarki; dei sukker for di dei ikkje har kjøt og brød; Moses talar dei til for det; Herren sender enghønor ned i lægret og gjev dei manna; av mannaen sankar dei ein omer til manns fem dagar i vika, men sette dagen to omer åt kvar; for på sabbaten skal dei ikkje sanka noko, då skal dei halda helg, 1-30. Aron skal gøyma ein omer med manna til eit minne åt etterkomarane, 31-36.
Kap. 17.
Israels-borni kjem til Refidim; dei finn ikkje vatn, trettar med Moses og freistar Herren; dei får vatn utor berget, 1-7; amalekitane tek på dei, men Moses bed til Herren, so israelitane vinn; Herren seier at han vil rydja ut amalekitane, 8-16.
Kap. 18.
Jetro, verfar åt Moses, kjem til han med kona og borni hans; Moses fortel han kva Herren har gjort, og Jetro prisar Gud og ofrar, 1-12. Han råder Moses til å velja ut dugande menner mellom dei øvste i Israel til å vera domsmenner for folket i små saker; so fer han heim att, 13-27.
Kap. 19.
Israel kjem til Sinai-øydemarki; Herren lovar at han vil taka Israel til sitt folk dersom dei vil lyda han, og dei lovar det, 1-8. Han seier til Moses at tridje dagen vil han stiga ned på Sinai-fjellet i ei tett sky og tala med han; folket skal helga seg og ikkje koma innåt fjellet, 9-13. Folket helgar seg; Herren stig ned på fjellet og taler med Moses, 14-25.
Kap. 20.
Herren gjev dei ti bodordi so folket høyrer på det, 1-17. Folket reddast og bed at Moses må vera mellommann mellom dei og Gud; Moses gjeng næmare innåt Herren, 18-21. Herren forbyd ein gong til all avgudsdyrking og seier fyre korleis dei altari skal vera som dei skal byggja åt han, 22-26.
Lova på Sinai
Kap. 21.
Gud gjev lover om tenestdrenger, 1-11, om dråpsmenner og om dei som syndar mot foreldri, som tek folk eller gjer eit menneske skade på lekamen, 12-27, om uksar som stangar, og om folk som grev ein brunn og ikkje tekkjer over, 28-36.
Kap. 22.
Herren gjev lover mot stuld og mot å gjera skade på annan manns eigedom, om gods som er burtsett eller lånt eller leigt, 1-15, mot utukt og trolldom og avgudsdyrking og hjarteløysa, 16-27; dei må ikkje banna styremaktene; Gud skal hava fyrstegrøda og det som er frumbore; dei skal ikkje eta kjøt av ihelrivne dyr, 28-31.
Kap. 23.
Herren vil at israelitane skal vera rettvise og gode mot fiendar og framande og, 1-9; dei skal halda kvart sjuande år heilagt, like eins kvar sjuande dag og dei tri store høgtidene i året, 10-19. Herren lovar at han skal senda engelen sin framfyre dei; dei må ikkje gjera han harm. Dei skal vare seg for avgudsdyrking, so skal han velsigna dei og jaga ut kana'anitane, som dei ikkje må gjera samband med, 20-33.
Kap. 24.
Herren seier at Moses skal stiga opp på fjellet i lag med Aron og Nadab og Abihu og 70 av dei øvste i Israel; Moses skriv opp Herrens ord og skipar pakti mellom Gud og folket med blod; han og dei som er med han, stig opp og skodar Israels Gud og held paktsmåltid for hans åsyn, 1-11. Moses stig opp på fjellet att og skal taka imot dei to lovtavlone; han er der i 40 dagar og 40 næter, 12-18.
Kap. 25.
Moses skal krevja ei reida av folket, 1-9; av den skal han gjera paktkista, 10-16, og nådestolen, 17-22, og skodebrød-bordet, 23-30, og ljosestaken, 31-39, alt etter eit bilete som Gud syner han, 40.
Kap. 26.
Herren gjev føresegner om tabernaklet, korleis dei skal byggja og innreida det, 1-37
Kap. 27.
Moses skal gjera eit brennofferaltar, 1-8, og ein fyregard kring tabernaklet, 9-19, han skal syta for olje til lampone, 20. 21.
Kap. 28.
Moses skal syta Aron ein heilag klædebunad, 1-4, ein messehakel, 5-14, ein bringeduk, 15-30, ein overkjole, 31-35, ei gullspong som skal setjast på den store huva, og ein brogdut underkjole, 36-39, klæde til Arons-sønene og underklæde av lereft til Aron og dei, 40-43.
Kap. 29.
Moses skal vigja prestane, två dei og hava på dei heilage klæde; Aron skal salvast, 1-9.omymse slag ofringar, 10-37. Loviomdet dagvisse offeret, 38-42. Herren vil bu hjå Israel, 43-46.
Kap. 30.
Moses skal gjera eit røykofferaltar, 1-10. Israels-borni skal gjeva løysepengar for livet sitt når dei vert talde, 11-16. Dei skal gjera ei tvåttebalja av kopar, 17-21. Dei skal laga heilag salvingsolje og heilag røykjelse, 22-38.
Kap. 31.
Herren seier til Moses at han har fyllt Besalel og Oholiab og andre menner med visdomsånd, so dei kan gjera i stand tabernaklet og alt som trengst til tenesta der, 1-11. Folket skal akta vel på sabbaten, 12-17. Moses får dei to lovtavlone, 18.
Kap. 32.
Folket får Aron til å støypa ein gullkalv, 1-6. Herren vil tyna folket til straff, Moses bed for det, 7-14; han stig ned av fjellet, slær sund lovtavlone, myl kalven i smått og talar strengt til Aron; dei som høyrer Herren til, skal drepa avgudsdyrkarane; levitane gjer som Herren seier, 15-29. Moses gjeng opp på fjellet att og bed for folket; Herren vil heimsøkja dei for syndi deira i si tid, 30-35.
Kap. 33.
Herren seier til folket at dei skal fara lenger, men sjølv vil han ikkje fara med dei; folket syrgjer og tek av seg høgtidsskrudet, 1-6. Moses set opp eit tjeld utanfor lægret; Herren talar med han i skystopulen, 7-11. Moses bed Herren ganga med dei, syna han kva han vil gjera med Israel, og lata han sjå herlegdomen hans; Herren lovar Moses det, 12-23.
Kap. 34.
Etter Herrens føresegn gjer Moses to nye steintavlor og stig opp til Herren med dei; Herren let han få sjå herlegdomen sin, 1-7. Moses bed for folket att. Herren vil nya opp att pakti si med dei; han vil gjera store under for dei, og dei skal halda seg ifrå avgudsdyrking og ikkje gjera samband med kana'anitane, men halda Herrens helgar og lover, 8-26. Herren skriv dei ti bodordi på tavlone, Moses stig ned av fjellet med dei; over andletet hans ligg eit atterskin av Herrens herlegdom, 27-35.
Kap. 35.
Israels-borni skal halda sabbaten, 1-3, koma med reidor til Herren og gjera i stand tabernaklet med alt som til det høyrer, 4-19. Dei kjem med reidone sine, 20-29. Besalel og Oholiab er kåra til å greida arbeidet, 30-35.
Kap. 36.
Besalel og Oholiab og dei andre kunstnarane får gåvone frå folket hjå Moses, 1-7. Av dei lagar dei åklædevevene (til veggene) og ryone (til tekkja), 8-19, plankane med stabbar og tverrstenger, 20-34, forhenget med dørteppet, 35-38.
Kap. 37.
Besalel gjer kista, 1-5, og nådestolen, 6-9, og skodebrød-bordet, 10-16, og ljosestaken, 17-24, og røykofferaltaret, 25-29.
Kap. 38.
Besalel gjer brennofferaltaret, 1-7, og tvåttebalja, 8, og fyregarden med umhengi og stolpane og alt som høyrde til, 9-20. Det vert rekna opp kor mykje gull og sylv og kopar som gjekk med til arbeidet, 21-31.
Kap. 39.
Dei lagar dei heilage klædebunadene åt prestane, 1-31. Dei gjer alt ferdigt, og so kjem dei til Moses med det; han velsignar folket, 32-43.
Kap. 40.
Herren seier til Moses at han skal reisa tabernaklet og setja kvar ting på sin stad, 1-8; han skal salva og vigja alt dette og salva Aron og sønene hans, 9-15. Moses gjer som Herren seier, 16-33. Herrens herlegdom fyller tabernaklet, og skystopulen stend oppover det og syner Israels-borni veg, 34-38.
3. Mosebok
Offer
Kap. 1.
Herren gjev loverombrennoffer av storfe, 1-9, og småfe, 10-13, og av fuglar, 14-17.
Kap. 2.
Herren gjev loverommatoffer av mjøl, av slikt som er baka i omn eller steikt på takka eller i panna, 1-10. Eit matoffer må aldri vera syrt, men alle offer skal saltast, 11-13. Herren gjev lovommatoffer av nygrøda, 14-16.
Kap. 3.
Herren gjev loveromtakkoffer av storfeet, 1-5, og av småfeet, 6-16, og forbyd Israels-borni å eta feitt og blod, 17.
Kap. 4.
Herren gjev loveromsyndoffer for øvstepresten, 1-12, for heile Israels-lyden, 13-21, for ein hovding, 22-26, for ein ålmugemann, 27-35.
Kap. 5.
Herren gjev loveromsyndoffer for ymse brot som ein mann kan gjera seg skuldig i, anten uviljande eller so at han veit om det, 1-13. Like eins om skuldoffer for sovorne brot, 14-26.
Kap. 6.
Herren gjev nøgnare føresegner om brennofferi, 1-6, og om matofferi, 7-16, og om syndofferi, 17-23.
Kap. 7.
Herren held fram og gjev lover om skuldofferet og om det prester skal hava av dei ymse offeri, 1-10, og om ymse slag takkoffer, 11-21; han forbyd folket å eta feitt og blod, 22-27, og gjev atter lover om takkofferet og det som prestane skal hava av det, 28-36. Slutt på desse lovene, 37. 38.
Kap. 8.
Moses gjer som Herren har sagt, og vigslar Aron og sønene hans til prestar so Israels-lyden ser på det, og vigslar tabernaklet og alt som til det høyrer, 1-30. Han gjev lover om prestevigsla, 31-36.
Kap. 9.
Aron ber fram dei fyrste offeri sine, fyrst for seg sjølv og sidan for folket; han velsignar folket. Det gjeng eld ut frå Herren og brenner opp offeret, 1-24.
Kap. 10.
Nadab og Abihu ber framand eld inn i heilagdomen; eld frå Herren drep dei, 1-5. Heile Israel skal syrgja over dette; men Aron og sønene hans må ikkje riva sund klædi sine eller raka seg på hovudet, 6. 7. Dei må ikkje drikka vin eller annan sterk drykk når dei gjeng inn i heilagdomen, 8-11. Moses seier kva dei skal eta av offeri, og refser dei for di dei ikkje har ete av syndofferet; Aron orsakar dei, 12-20.
Kap. 11.
Herren gjev lover om reine og ureine dyr, 1-47.
Kap. 12.
Herren gjev lover om barnsengkonone: kor lenge dei er ureine, og korleis dei vert reine att, 1-8.
Kap. 13.
Herren gjev lov om spillsykja på folk, 1-44; den spillsjuke skal skiljast ut frå lyden, 45. 46; lovar om spillsykja på klæde, 47-59.
Kap. 14.
Herren seier Moses fyre korleis dei spillsjuke skal reinsast, og kva offer som skal berast fram for dei, 1-32, og kva dei skal gjera med hus som det har kome spillsykja på, so dei kan verta reine att, 33-57.
Kap. 15.
Herren gjev lover om menner som har flod, 1-15, om menner som det gjeng såd frå, 16-18, om kvinnor som har månadstidi si, og korleis dei vert reine att, 19-33.
Kap. 16.
Øvstepresten skal ein gong om året ganga inn i det høgheilage romet og gjera soning for seg sjølv og for folket, 1-28. Den dagen skal folket fasta og kvila frå arbeidet sitt; for då vert det gjort soning for syndene deira, 29-34.
Forsoningsdagen
Kap. 17.
So lenge Israels-borni ferdast i øydemarki, skal dei slakta alle dyr innmed tabernaklet og bera fram takkoffer av dei til Herren, 1-7; like eins skal dei koma til tabernaklet med alle brennoffer og slaktoffer og ofra dei der, 8-9; dei skal ikkje eta blod og ikkje kjøtet av sjølvdaude eller sundrivne dyr, 10-16.
Kap. 18.
Gud seier til Israel at dei ikkje må ferdast på heidningvis, men lyda hans bod, 1-5; dei må ikkje søkja seng med nærskylde kvinnor, 6-17, ikkje gifta seg med to syster, ikkje søkja seng med ei urein kvinna eller med kona åt ein annan mann, ikkje ofra til Molok og ikkje driva unaturleg utukt, 18-23; dei må halda seg frå all sovori skjemdarferd, 24-30.
Kap. 19.
Herren gjev Israels-borni ymse bod: dei skal vera heilage, hava age for foreldri sine, halda seg frå avgudsdyrking, 1-4; dei skal fara rett åt med takkofferi, 5-8, koma i hug dei fatige når dei haustar inn kornet, 9-10, ikkje stela eller fara med svik og urett, ikkje baktala og hata og hemna seg, men elska næsten sin som seg sjølv, 11-18; dei må ikkje blanda i hop ting av ulike slag, 19, ikkje søkja seng med trælkvinna åt ein annan mann, 20-22, ikkje eta av frukti på trei før i det femte året, 23-25; dei må ikkje eta blod, og dei må halda seg ifrå spådomskunster og trolldom og andre heidne skikkar, 26-31; dei skal æra dei gamle, 32, og elska dei framande og gjera rett i all si ferd, 33-37.
Kap. 20.
Herren kunngjer kva straff som skal råma dei som driv med avgudsdyrking med Molok eller gjeng til daudingmanarar og spåmenner, 1-7, og dei som bannar foreldri sine eller driv noko slag utukt, 8-21; folket skal lyda bodi hans, halda seg ifrå skikkane åt heidningane og gjera skilnad på reine og ureine dyr; daudingmanarar og spåmenner skal steinast, 22-27.
Kap. 21.
Herren seier fyre korleis prestane skal fara åt når det gjeld lik, og gjev lover om prestegiftarmål og om prestedøtter som gjer hor, 1-15. Ingen som det er noko lyte på, må bera fram offer eller gjera onnor tenesta i heilagdomen, men dei kan eta sin lut av offeri, 16-24.
Kap. 22.
Herren forbyd prestane å eta av offeri so lenge dei er ureine, 1-9; han seier kven som elles kan eta av dei, og kven som ikkje har lov, 10-16, og forbyd å ofra slikt som det er lyte på, 17-25; han gjev nokre andre føresegner om offeri, 26-30, og legg dei på hjarta at dei må halda bodi hans, 31-33.
Kap. 23.
Herren gjev lover om dei viktigaste helgane: om den sjuande dagen, 1-3, om påskehelgi, 4-14, om pinshelgi, 15-22, om lurhelgi, 23-25, om soningsdagen, 26-32, om lauvhyttehelgi, 33-44.
Kap. 24.
Herren gjev lover om olje til lampone, 1-4, og om skodebrødi, 5-9. Son til ei israelitisk kvinna spottar Herrens namn, 10-12; Herren byd at han og alle som spottar Herrens namn, skal steinast, 13-16; han seier kva straff dei skal få som slær i hel eller skamfører nokon, 17-22. Han som har spotta Herren vert steina, 23.
Kap. 25.
Herren gjev lover om sabbatsåret og jubelåret, 1-22, og om retten til å løysa att faste eigedomar, 23-34; han vil at Israels-borni skal gjera sælebot på fatigfolk og syna mildskap mot landsmenner som har vorte utarma og sel seg sjølve til trælar, og fastset ymse måtar til å løysa dei ut, 35-55.
Kap. 26.
Herren forbyd avgudsdyrkingi, 1-2; dersom Israels-borni vil halda bodi hans, so vil han velsigna dei på alle vis, 3-13; men er dei ulydige, vil han straffa dei strengt, 14-39; når dei vender um, vil han vera nådig mot dei, 40-46.
Kap. 27.
Herren gjev lover om løysing for folk som helgar seg til Herren med ein lovnad, 1-8, om attløysing av dyr eller hus eller åkrar som er gjevne til Herren, 9-25, om det som kan helgast til Herren og løysast att, 26-29, og om attløysing av tiend, 30-33. Sluttord, 34.
4. Mosebok
Kap. 1.
Herren set Moses og Aron og ættehovdingane til å taka tal på Israels-lyden, 1-16; dei mynstrar og tel alle våpnføre menner, kvar ætt for seg, 17-46. Levitane vert ikkje mynstra; dei skal gjera tenesta i tabernaklet og lægra seg rundt i kring det, og dei andre ættene kringum dei att, 47-54.
Kap. 2.
Herren seier fyre korleis Israels-borni skal lægra seg kringum heilagdomen etter sine ætter, 1-34.
Kap. 3.
Ætti åt Aron, 1-4. Levitane vert gjevne til Aron og dei skal tena i tabernaklet, 5-10; dei skal høyra Herren til i staden for dei frumborne, 11-13. Moses mynstrar og tel dei etter Herrens føresegn, 14-16. Ættegreinene deira vert opprekna, og det vert sagt kva arbeid kvar ættegrein skal hava i tabernaklet, og kor mange som er mynstra i kvar, 17-39. Alle frumborne karfolk i Israel vert mynstra, og dei som er over talet på levitane, vert utløyste, 40-51.
Kap. 4.
Herren seier til Moses og Aron at dei skal mynstra og telja dei av kahatitane som er mellom 30 og 50 år, og gjev føresegner for tenesta deira, 1-20, like eins gersonitane, 21-28, og meraritane, 29-33. Moses og Aron gjer som Herren seier, og talet på dei som er mynstra, vert nemnt, 34-49.
Kap. 5.
Herren byd at Israels-borni skal senda alle spillsjuke og ureine ut or lægret, 1-4, og seier fyre korleis folk skal gjera lika for det dei har teke frå andre, 5-8, kva som skal høyra presten til, 9. 10, og kva dei skal gjera med ei kvinna som mannen mistrur for utruskap, 11-31.
Kap. 6.
Herren gjev lover om nasirearar: lovnaden deira, korleis dei skal reinsast, og kva offer dei skal bera fram, 1-21. Korleis prestane skal vigsla folket, 22-27.
Kap. 7.
Dei tolv ættehovdingane i Israel gjev gåvor til tabernaklet; gåvone vert opprekna, 1-88. Gud talar med Moses frå nådestolen, 89.
Kap. 8.
Gud gjev lover om lampone på gull-ljosestaken, 1-4, og seier fyre korleis levitane skal reinsast, og kva tenesta dei skal hava, 5-26.
Kap. 9.
Etter Herrens føresegn held Israel påskehelg i øydemarki, 1-5; dei som er ureine, og dei som er på langferd, skal halda påskehelg i den andre månaden, 6-14. Gud syner seg for Israel i øydemarki; dei tek ut og dei lægrar seg etter hans ord, 15-23.
Kap. 10.
Moses skal gjera to sylvlurar, som dei skal bruka når lyden skal kallast i hop på ferdi i øydemarki, i ufredstider og i høgtidene, 1-10. Israels-borni tek ut frå Sinai-øydemarki til Paran-øydemarki, fylkte so som Herren har sagt, 11-28. Moses bed verbror sin vera med, 29-32. Paktkista fer fyre dei, 33. 34. Bøni som Moses bed kvar gong kista tek ut og let seg ned, 35. 36.
Kap. 11.
Folket mukkar mot Herren, og han sender straff mot dei; men Moses bed for dei, og straffi held opp, 1-3. Dei fer hug på kjøt og vert leide av manna, 4-9. Moses klagar til Herren, 10-15. Herren seier at Moses skal kalla til seg 70 av dei gjævaste mennene og samla folket, so vil han gjeva dei kjøt; Moses er veik i trui, men lyder Herren, 16-24. Herren renner ut sin ande over dei 70 gjæve mennene, og dei talar profetord, 25-29. Herren gjev folket enghønor og straffar det: dei fer lenger, 30-35.
Kap. 12.
Mirjam og Aron mukkar mot Moses, 1-3. Herren talar dei til for det; Mirjam vert spillsjuk, 4-10. Aron bed for henne, og Moses gjeng i bøn til Herren; Herren gjer henne god att, 11-15. Folket kjem til Paran, 16.
Kap. 13.
Etter Herrens vilje sender Moses tolv njosnarar til Kana'ans-landet, ein for kvar ætt, 1-20. Dei njosnar ut landet og tek med seg av dei gildaste fruktene heim att; men dei gjer folket motlaus med det dei seier at det er uråd å taka landet; Kaleb freistar fåfengt å stagga folket, 21-33.
Kap. 14.
Folket mukkar mot Moses og Aron; Josva og Kaleb freistar å få folket til å lita på Gud, men folket vil steina dei, 1-10. Herren vil rydja ut Israel og gjera Moses til eit større folk; Moses bed for dei, 11-19. Herren høyrer bøni hans, men vil ikkje lata nokon som er over 20 år av dei som har mukka, koma inn i landet; berre Josva og Kaleb skal få koma inn; folket skal vera i øydemarki i 40 år; dei 10 njosnarane døyr, 20-38. No angrar folket og vil taka av stad; Moses råder dei i frå, men dei tek ut likevel og vert slegne, 39-45.
Kap. 15.
Herren gjev lover om matofferet og drykkofferet dei skal bera fram attåt alle offer av buskapen, 1-16, og om offer av fyrstegrøda, 17-21, og om sonoffer for syndene som folk gjer uviljande, 22-31. Dei steinar ein som har brote sabbaten, 32-36. Israels-borni skal gjera seg duskar og hava i snippane på klædi sine; duskane skal minna dei om Herrens bod, 37-41.
Kap. 16.
Korah og Datan og Abiram og 250 av dei øvste i lyden set seg opp imot Moses, 1-19. Herren vil gjera ende på heile lyden; med Moses og Aron bed for folket, og so sparar han dei andre, men let jordi gløypa Korah og flokken hans og elden øyda dei 250 mennene, 20-35. Altaret som dei vilde ofra på, vert klædd med plator som er laga av røykjelsefati deira, 36-40. Folket mukkar att; 14.700 misser livet; Aron gjer soning for folket, 41-50.
Kap. 17.
Herren stadfestar det kallet Aron har fenge til presteembetet, med eit under: ein mandelstav grønkast og blømer og ber mandlar; dei gøymer han til eit minne, 1-11. Israels-borni vert forferde, 12. 13.
Kap. 18.
Herren talar til Aron om presteembetet som han og sønene hans skal hava, og om tenesta som levitane skal greida i tabernaklet, 1-7; han seier fyre kva prestane skal hava å leva av, 8-20; levitane skal hava tiend av Israel, 21-24, og gjeva prestane tiend av tiendi, 25-32.
Kap. 19.
Herren byd at dei skal slakta og brenna ei raud kviga; av oska skal dei laga reinsingsvatn. Han seier føre korleis dei skal bruka dette vatnet, 1-22.
Kap. 20.
Israels-borni kjem til Sin-øydemarki; der døyr Mirjam. Folket mukkar av di dei ikkje har vatn, 1-6. Herren seier til Moses at han skal tala til berget, so skal det gjeva vatn utor seg; men han tvilar og sler to gonger på berget med staven sin, 7-11. Herren forkynner at Moses og Aron ikkje får koma inn i landet, av di dei har vore vantruande, 12. 13. Israels-borni bed edomitane om lov til å fara gjenom landet deira, men får nei, 14-21. Aron døyr på Hor-fjellet, 22-29.
Kap. 21.
Kongen i Arad tek på Israels-borni og fangar nokre av dei; Israel bed til Gud og vinn over han, 1-3. Dei mukkar att, og Herren sender eiterormar, som høgg dei; etter Herrens føresegn gjer Moses ein kopparorm; dei som ser burt på den, vert gode att, 4-9. Israels-borni held fram på ferdi, 10-20. Dei vinn over to kongar, Sihon og Og, 21-35.
Koparormen
Kap. 22.
Balak, kongen i Moab, sender bod til Bileam og bed han koma og banna Israel; Herren vil ikkje at Bileam skal fara, 1-14. Balak sender bod til Bileam ein gong til; Herren gjev han lov til å fylgja med, men han skal berre tala det som Herren seier til han, 15-20. Herrens engel stend og møter han på vegen; asna hans ser engelen og tek av vegen; Bileam slær henne, men ho legg seg ned og talar til han og refser han; engelen tek opp att påbodet om at han berre skal tala det som Herren seier til han, 21-35. Bileam kjem til Balak, 36-41.
Kap. 23.
Balak og Bileam ofra på to stader; båe gongane lyt Bileam velsigna Israel, av di Gud vil det; Balak talar han til for det og tek han med seg til tridje staden; der ofrar dei att, 1-30.
Kap. 24.
Bileam velsignar Israel tridje gongen og spår om framtidi åt folket. Balak vert brennande harm; Bileam orsakar seg framleides med at han berre kan tala det som Herren vil, 1-14. Han spår at det skal koma ei mektig kongeætt i Israel; i Messias skal ho nå si høgste makt og vinna over alle fiendane åt gudsfolket. So fer han heim att til sitt eige land, 15-25.
Kap. 25.
Israels-borni let seg lokka til utukt og avgudsdyrking; Herren sender ei sott på folket og byd at avgudsdyrkarane skal drepast; Pinehas fer strengt fram og vender med det Guds vreide frå folket, 1-9. Difor lovar Herren han og etterkomarane hans prestedømet, 10-15. Moses skal taka på midianitane, for di dei har lokka Israel til å synda, 16-18.
Kap. 26.
Herren set Moses og Aron til å telja Israels-borni ein gong til, 1-51. Kana'ans-landet skal skiftast mellom dei med lutkasting, 52-56. Levitane vert talde for seg, 57-62. Berre Josva og Kaleb er no att av dei som vart mynstra føre gongen, 63-65.
Kap. 27.
Døtrene åt Selofhad krev odel tilliks med farbrørne sine, 1-5; Herren seier at det skal vera som dei vil, og gjev lover om erveretten, 6-11. Han byd at Moses skal stiga opp på Abarimfjellet og sjå utover det landet som folket skal få; men sjølv skal han ikkje koma inn i det, 12-14. Moses bed Gud velja ut ein mann som kan føra folket inn i landet; Josva vert vigd til å vera førar for folket etter Moses, 15-23.
Kap. 28.
Herren gjev lover om det dagvisse offeret, 1-8, om offeri som skal berast fram kvar sabbat, 9. 10, kvar nymånedag, 11-15, i påskehelgi, 16-25, og pinshelgi, 26-31.
Kap. 29.
Herren gjev lover om offeri som skal berast fram i lurhelgi, 1-6, på soningsdagen, 7-11, og i lauvhyttehelgi, 12-39. Moses kunngjer desse lovene for folket, (kap. 30, 1).
Kap. 30.
Herren gjev føresegner om lovnader, og fastset når lovnader som ei ugift dotter eller ei kona har gjort, skal gjelda, og når ikkje, 2-17.
Kap. 31.
Israels-borni skal ganga i herferd mot midianitane, 1-6. Dei vinn over dei og fører fangane og herfanget til lægret, 7-12. Moses vert harm på dei av di dei har spart alle kvinnone, og seier at dei skal drepa alle kvinnor som har havt med karfolk å gjera, og reinsa seg sjølve og alt dei har havt med seg, utanfor lægret, 13-24. Dei skifter herfanget etter Herrens føresegn, 25-47. Hovdingane gjev av herfanget sitt til tabernaklet, 48-54.
Kap. 32.
Rubens-borni og Gads-borni bed Moses om å få landet austanfor Jordan til odel og eiga, 1-5. Moses talar fyrst strengt til dei, 6-15; men dei lovar at dei skal hjelpa brørne sine med å taka Kana'ans-landet, og då gjev han desse to ættene og halve Manasse-ætti det landet dei har bede um, 16-33. Dei byggjer mange byar der, 34-42.
Kap. 33.
Moses fortel om ferdene åt Israels-borni, frå dei tok ut frå Egyptarland, og til dei kom til Kana'ans-landskillet, 1-49. Herren byd ein gong til at dei skal driva ut dei som bur i landet og skifta landet mellom seg med lutkasting, 50-56.
Kap. 34.
Herren fastset grensone for Kana'ans-landet, 1-15, og nemner tolv mann som skal skifta det mellom Israels-borni, 16-29.
Kap. 35.
Israels-borni skal gjeva levitane 48 byar i det landet dei skal koma til å eiga, og seks av dei byane skal vera fredstader for dråpsmenner, 1-15. Han gjev lover om dråpsmenner, 16-34.
Kap. 36.
Hovdingane over Manasse-ætti talar til Moses om døtrene åt Selofhad: dersom dei vert inngifte i ei onnor ætt, so minkar eigedomen åt ætti deira, 1-4. Herren byd difor at ingi dotter som erver jord, må gifta seg utanfor si eigi ætt. Døtrene åt Selofhad gjer som Herren har sagt, 5-12. Sluttord, 13.
5. Mosebok
Kap. 1.
I den tolvte månaden i det fyrtiande året Israel har ferdast i øydemarki, taler Moses til folket på Moab-moane og minner dei om det som har hendt dei frå den tid dei tok ut frå Sinai-fjellet til dei kom til Kades, og Guds straff råma dei som mot hans vilje tok på Kana'ans-folket, 1-46.
Kap. 2.
Moses minner om det som har hendt Israel sidan dei for frå Kades-Barnea, og til dei vann over Sihon, kongen i Hesbon, 1-37.
Kap. 3.
Moses minner om korleis Israels-borni vann over Og, kongen i Basan, 1-11, korleis Rubens-ætti og Gads-ætti og halve Manasse-ætti fekk landet åt Sihon og Og, 12-20, og korleis han sette Josva til styresmann i sin stad, 21-29.
Kap. 4.
Moses manar folket til å vera lydige mot Gud, 1-8; han minner dei om det som hende attmed Sinai-fjellet, åtvarar mot avgudsdyrking og kunngjer dei straffedomane som Gud vil senda dersom dei gløymer pakti hans, men vissar dei og om at han vil vera nådig når dei ein gong vender om til han, 9-31; Guds mange og store velgjerningar mot dei må mana dei til lydnad, 32-40. Han skil ut tri fredstader på austsida av Jordan, 41-43. Overgang til den næste talen, 44-49.
Kap. 5.
Moses talar om Guds pakt med Israel og tek oppatt dei ti bodordi, 1-21; han fortel korleis han var mellommann mellom Gud og folket, då dei bad om det, 22-31, og manar dei til lydnad, 32. 33.
Kap. 6.
Moses legg Israel på hjarta at dei må halda Guds bod og elska og æra einast Gud, 1-5; dei skal læra borni sine bodi hans, 6-9, og aldri gløyma velgjerningane hans, 10-12, men hava age for han og ikkje dyrka av gudar; dei må ikkje freista han, men lyda han, 13-19; Moses lærer dei korleis dei skal tala til borni sine om Guds bod og velgjerningar, 20-25.
Kap. 7.
Moses lærer folket korleis dei skal fara åt med heidningfolki i Kana'ans-landet, 1-5; han minner dei om korleis Herren av nåde har valt det ut til sitt eige folk, 6-8, og lovar dei Guds rike velsigning, so framt dei lyder han, 9-16; dei skal ikkje reddast om fiendane er mange og sterke, 17-24; han forbyd dei å eigna seg til sylvet og gullet på avgudsbileti deira, 25. 26.
Kap. 8.
Moses manar folket til å leva etter Guds bod; dei må koma i hug kor nådigt Gud har styrt alt for dei til denne tid, 1-6; når dei kjem inn i det gilde Kana'ans-landet, må dei ikkje gløyma Guds velgjerningar og gjeva seg sjølv æra for det dei har vunne, 7-18; han lyser Guds straff over dei som er ulydige, 19. 20.
Kap. 9.
Når folket får lagt Kana'ans-landet under seg, so må dei ikkje tenkja at det var deira eigi rettferd skuld, men av di kana'anitane var so gudlause, og av di Gud vilde halda sitt ord, 1-6; dei skal koma i hug kor tidt dei har arga Herren og vore verde at han skulde gjera ende på dei, og korleis Moses bad for dei ved Horeb, 7-29.
Kap. 10.
Moses fortel korleis Herren tok Israel til nåde att då han bad for dei, og nemner vitnemål om det, 1-11. So manar han dei til å ottast Gud og lyda han og vera gode imot alle, mot dei framande og, 12-22.
Kap. 11.
Moses held fram og legg folket på hjarta at dei må vera lydige mot Gud, som har synt seg so klårt for dei; då skal dei få leva lenge i det landet Herren vil gjeva dei, 1-9. Dette landet er so laga at Herrens signing lyt om grøda skal trivast der, 10-12, og denne signingi skal dei få, dersom dei lyder han; men er dei ulydige, misser dei henne, 13-25. Til slutt legg Herren fram for dei Herrens velsigning og forbanning, og nemner dei stadane i Kana'an der velsigningi og forbanningi skal lysast over dei, 26-32.
Kap. 12.
Moses seier til folket at dei skal rydja ut all avgudsdyrking or Kana'ans-landet, 1-3; dei skal halda gudstenesta etter Guds vilje på den staden som Herren sjølv vel til det, og der skal dei eta kjøtet av offeri sine, men ikkje blodet, 4-28; han legg dei på hjarta at dei må akta seg for avgudsdyrkingi åt kana'anitane, 29-32.
Kap. 13.
Moses lære folket korleis dei skal fara åt med ein falsk profet som vil lokka dei til å falla frå den rette Gud, 1-5, og med andre som vil gjera det same, om det so er næmaste skyldfolket deira, 6-11, og med ein by som fell frå Herren og tenar avgudar, 12-18.
Kap. 14.
Moses forbyd folket å fara åt som heidningane når dei syrgjer over dei som er avlidne, 1. 2; han tek oppatt lovi om reine og ureine dyr, 3-21, og seier fyre kvar dei skal eta tiendi, 22-29.
Kap. 15.
Moses byd at sjuande kvart år skal vera eit ettergjevingsår for israelitiske skuldmenner, 1-6. Israeliten skal vera viljug til å låna ut ein fatig landsmann, 7-11. Moses tek oppatt lovi om at trælene skal gjevast fri sjuande kvart år, 12-18, og om det som er frumbore i buskapen, 19-23.
Kap. 16.
Moses tek oppatt lovene om påskehelgi, 1-8, og pinshelgi, 9-12, og lauvhyttehelgi, 13-15, om at alle karar skal møta fram for Herrens åsyn tri gonger om året, 16. 17, om domarane og pliktene deira, 18-20, og forbodet mot avgudsdyrking, 21. 22.
Kap. 17.
Moses byd at dei ikkje må ofra dyr som har noko lyte, 1, at dei som driv avgudsdyrking, skal lata livet, 2-7, og at domarane i dei israelitiske byane skal rådspyrgja prestane og domarane på den staden der Herren bur, når det gjeld vande saker, 8-13; han gjev lover om kongeval og dei pliktene ein konge har, 14-20.
Kap. 18.
Moses seier fyre kva prestane skal leva av, 1-8; han forbyd folket å fara med heidne spådomskunster, 9-14, lovar dei at Gud skal reisa opp ein profet mellom dei, som dei skal høyra på, 15-19, og lære dei korleis dei skal kjenna og straffa ein falsk profet, 20-22.
Kap. 19.
Moses gjev føresegner om fredstader i landet vestanfor Jordan, 1-10, og om straffi dei skal hava som drep nokon med vilje, 11-13; han forbyd israelitane å flytja merkesteinane åt grannen, 14, og fastset kor mange vitne der lyt vera i ei sak, og kva straff falske vitne skal hava, 15-21.
Kap. 20.
Moses manar folket til å lita på Herren når dei fer ut i strid, 1-4; dei som nyst har lagt seg til ein eigedom, dei som er nygifte, og dei som er redde, kan fara heim att frå heren, 5-9; han seier fyre korleis dei skal fara åt når dei kringset og tek ein by, 10-20.
Kap. 21.
Moses seier fyre kva dei skal gjera når nokon finn ein som er drepen, og ikkje veit kven dråpsmannen er, 1-9, korleis ein israelit skal fara åt når han vil gifta seg med ein herteki heidningkvinna, 10-14, at ein far ikkje må taka odelsretten frå ein son han har med ei kona han ikkje likar, og gjeva han til sonen åt den kona han elskar, 15-17, at ein ulydig son skal steinast, 18-21, og kva dei skal gjera med liket av ein mann som har vorte avretta og hengd opp på eit tre, 22. 23.
Kap. 22.
Israelitane skal vera beinsame mot kvarandre, 1-4; ei kvinna må ikkje ganga i karmannsklæde og ikkje ein mann i kvinneklæde, 5; dei skal ikkje taka både fuglemori og ungane frå reiret, 6. 7; dei skal setja handrev kring hustaki, 8; dei skal ikkje blanda i hop ting av ulike slag, 9-11; dei skal gjera seg duskar i kjolesnippane, 12. Moses seier fyre kva straff den skal hava som skuldar kona si for utukt og lyg, og korleis dei skal straffa henne dersom ho er skuldig, 13-21. Han gjev ymse lover med umsyn på utukt, 22-30.
Kap. 23.
Folk som er gjelde, born som er fødde i hor eller blodskam, og ammonitar og moabitar må ikkje koma i Herrens lyd; men edomitar og egyptarar i tridje leden kan få vera med, 1-8; lægret skal haldast reint, av di Herren er med folket der, 9-14; ein træl som har rømt, skal ikkje sendast attende til herren sin, 15. 16; ingen i Israel må fara med avgudsdyrking som det fylgjer sedløyse med, 17. 18; ingen må taka rentor av ein fatig landsmann, 19. 20; når ein har gjort lovnader til Herren, skal dei haldast, 21-23; ein har lov til å plukka i annan manns vinhage eller åker so mykje som ein kan eta på staden, 24. 25.
Kap. 24.
Ein mann som har skilt seg frå kona si, må ikkje gifta seg med henne att, dersom ho i mellomtidi har vore gift med ein annan, 1-4; ein nygift mann skal sleppa krigstenesta og andre tyngslor fyrste året, 5; ingen må taka ei handkvern i vissa, 6; den som ranar burt folk, skal missa livet, 7; israeliten skal halde spillsykjelovi, 8. 9; han må ikkje vera hard med den han tek vissa av, 10-13; og ikkje halda att løni som ein leigekar skal hava, 14. 15; ingen må straffast for ei synd som ein annan har gjort, 16; dei skal gjera rett og vera gode mot enkjor og farlause og framande, 17-22.
Kap. 25.
Domarane skal døma rettferdigt og ikkje gjeva nokon meir enn 40 slag, 1-3; ein må ikkje setja muleband på uksen som ein treskjer med, 4; når ein mann døyr barnlaus, skal bror hans gifta seg med enkja, 5-10; ei kvinna som ber seg skamlaust åt, skal straffast, 11. 12; ein skal bruka rett mål og vekt, 13-16; amalekitane skal rydjast ut, 17-19.
Kap. 26.
Israels-borni skal koma til Herren med fyrstegrøda av alt det dei avlar, og gjeva han tiendi med takk og bøn, 1-15. Til slutt byd Herren at dei skal halda lovi hans, og minner om pakti mellom seg og folket, 16-19.
Kap. 27.
Når Israels-borni kjem over Jordan skal dei reisa opp nokre store steinar, byggja eit altar og skrive lovi på steinane, 1-8; dei skal vera lydige mot Gud, etter di dei er hans folk, 9. 10; Moses seier kva for ætter som skal lysa velsigningi over Israel, og kven som skal lysa forbanningi, og korleis forbanningi skal lyda, 11-26.
Kap. 28.
Moses reknar opp for folket alle dei velsigningar som skal koma over dei so framt dei lyder Herren sin Gud, 1-14, og alle dei forbanningar som skal råma dei dersom dei er ulydige, 15-68.
Kap. 29.
I Moab-landet nyar Herren oppatt den pakti han gjorde med Israel attmed Horeb; difor minner Moses om Guds store velgjerningar mot folket sitt, 1-9, legg dei på hjarta at dei må halda pakti, 10-15, og åtvarar mot avgudsdyrking; vanvyrdar dei trugsmåli frå Herren, kjem det strenge straffer over dei, 16-29.
Kap. 30.
Moses lovar Israel at Herren skal vera miskunnsam mot dei og velsigna dei so framt dei vender om til han i utlægdi, 1-10; han legg dei på hjarta at Guds ord ikkje er langt burte, men nær hjå dei, 11-14; han legg fram for dei livet og døden og tel dei ålvorleg til å velja livet, 15-20.
Kap. 31.
Moses forkynner folket at ikkje han, men Josva skal føra dei inn i landet, og styrkjer Josva til det, 1-8; han gjev lovboki til prestane og byd at ho skal lesast opp for heile Israel kvart sjuande år, 9-13. Herren syner seg for han og Josva og seier at dei skal skriva opp avskilssongen åt Moses til eit vitnemål mot folket om so er at det fell ifrå han; sidan styrkjer han Josva, 14-23. Moses skriv heile lovi inn i ei bok og gjev henne til levitane, so dei skal taka vare på henne og lata henne vera eit vitne mot folket, so byd han at folket skal koma i hop og høyra på avskilssongen hans, 24-30.
Kap. 32.
Avskilssongen åt Moses. Han bed himmel og jord høyra på hans ord når han prisar Herren, 1-3. Det er ikkje Gud som har skuldi for dei ulukkone som kjem over Israel; for han er trufast; Israels-borni har sjølve skuldi, for di deg har svike han. Gud har i framfarne tider gjort vel imot Israel; men dei har vore utakksame og falle ifrå han, 4-18. Difor laut han straffa dei strengt, 19-25; ja, han hadde vilja gjort ende på dei, om han ikkje hadde ottast at fiendane skulde tru det var deira verk at Israel vart tynt, 26-33. Men Gud vil ikkje for alle tider gjeva folket sitt i hendene på fiendane; ein gong vil han straffa fiendane og frelsa folket sitt, 34-42. Heidningane skal prisa Israel for di dei har ein slik Gud, 43. Til slutt manar Moses på nytt lag folket til å akta på Guds ord, til bate for seg sjølve, 44-47. Same dagen seier Herren at Moses skal stiga opp på Nebo-fjellet, der skal han få sjå utover Kana'ans-landet, og so lyt han døy der, 48-52.
Kap. 33.
Moses velsignar Israel. Han minner fyrst om at Gud gav Israel lovi og vart kongen deira, 1-5; so forkynnar han kvar ætt for seg kva for velsigning som skal timast dei, 6-25, og prisar til slutt Israels-folket sælt for di dei har ein slik Gud som Herren, 26-29.
Kap. 34.
Moses gjeng opp på Nebo-fjellet og skodar utover Kana'ans-landet; so døyr han og vert gravlagd der, 1-7. Israels-borni syrgjer over han, og no når han er burte lyder dei Josva, 8. 9. Moses får det ettermælet at han var den største profeten i Israel, 10-12.
Josva
Kap. 1.
Herren set Josva til å føra folket inn i Kana'ans-landet, gjev han herlege lovnader og byd han vera hugheil og allstødt grunda på hans ord og gjera etter det, 1-9. Josva let folket bu seg til å fara over Jordan og manar Rubens- og Gads-ætti og den halve Manasse-ætti til å halda det dei har lova; dei lovar han lydnad i alle ting, 10-18.
Kap. 2.
Josva sender to speiarar til Jeriko; Rahab løyner dei, fortel dei at kana'anitane er redde Israel, og bed dei spara henne og skyldfolket hennar, 1-13. Dei lovar henne det på ymse vilkår og fer so attende til Josva og gjev fråsegn om det som har hendt dei, 14-24.
Kap. 3.
Josva kjem med folket til Jordan, seier fyre korleis dei skal ganga over elvi, og lovar dei at elvevatnet skal kløyva seg for dei, 1-13. Det hender som Josva har sagt, og folket gjeng over, 14-17.
Kap. 4.
Gud byd Josva velja ut tolv menner av folket til å taka opp tolv steinar midt i Jordan, 1-8. Josva reiser opp tolv andre steinar midt i elvi, der som prestane stend med paktkista. So snart heile folket har kome over, stig dei og opp or Jordan, og då kjem vatnet fløymande att i faret sitt, 9-19. Dei tolv steinane som dei tolv mennene bar med seg opp or Jordan, reiser Josva opp i Gilgal; han seier til folket kva dei tyder, 20-24.
Kap. 5.
Alle kana'anitane fæler for Israel, 1. Israels-borni vert umskorne attmed Gilgal etter Herrens vilje, 2-9, og held påske der; dei får ikkje manna til mat lenger, 10-12. Herrens engel syner seg for Josva, 13-15.
Kap. 6.
I Jeriko stengjer dei portane av di dei er redde; etter Herrens ord let Josva sju prestar blåsa i lurar og ganga med paktkista og heile heren kring byen i sju dagar, 1-14. Sjuande dagen gjeng dei sju gonger kring byen; då ramlar murane ned, og Israel tek byen og drep kvart liv der, so nær som Rahab og skyldfolket hennar, 15-23. Dei brenner opp byen, og Josva lyser forbanning over den som vil byggja han opp att, 24-27.
Kap. 7.
Akan tek noko av det som er bannstøytt i Jeriko; difor taper Israels-borni då dei vil taka Ai, 1-5. Josva og styresmennene gjer bot; Herren let dei få vita kvifor han er harm, og korleis dei skal finna brotsmannen, og seier dei skal straffa han; Israel steinar mannen i hel, 6-26.
Kap. 8.
Etter Herrens ord fer Josva mot Ai att, tek byen og øyder han og drep alt folket der, 1-29. Han byggjer eit altar på Ebal-fjellet, ofrar, skriv lovi på steinar og les opp ordi i lovi, både velsigningi og forbanningi, for lyden, 30-35.
Kap. 9.
Dei kana'anitiske kongane slær seg i hop mot Josva, 1. 2. Gibeonitane brukar list og får hovdingane over Israel til å gjera samband med dei, 3-15. Sidan skynar folket at dei er haldne for narr; dei vert harme, men lit seg med at gibeonitane vert sette til å gjera trælearbeid for lyden, 16-27.
Kap. 10.
Fem kongar i Sud-Kana'an slær seg i hop og vil taka Gibeon; gibeonitane bed Josva om hjelp, og han tek på dei fem kongane; soli og månen stend stille på himmelen, og Herren strider for Israel, so dei vinn, 1-15. Kongane løyner seg i ein heller, men vert henta ut og drepne, 16-27. Josva legg under seg heile Sud-Kana'an og fer attende til Gilgal, 28-43.
Kap. 11.
Nokre kongar i Nord-Kana'an slær seg i hop mot Josva; han vinn over dei og tek landet deira, 1-15. Soleis legg Josva under seg heile Kana'ans-landet; ingen gjer fred med han utan gibeonitane; han ryd ut anakitane, so berre nokre få vert att, 16-23.
Kap. 12.
Her vert dei kongane opprekna som Israels-borni hadde vunne over og teke riki ifrå, fyrst under Moses, 1-6, so under Josva, i alt 31 kongar, 7-24.
Kap. 13.
Endå det var mykje att av Kana'ans-landet som ikkje var teke, set Herren Josva til å skifta landet mellom dei Israels-ættene som ikkje alt hadde fenge eigedom, soleis som Rubens- og Gads-ætti og halve Manasse-ætti, 1-7. Det vert greidt ut korleis landet åt dei to ættene og den halve ætti ligg til, og korleis det vert bytt mellom ættene; Levi-ætti skal ikkje hava noko odelsland, 8-33.
Kap. 14.
Landet vestanfor Jordan skal no skiftast mellom halvtiande ætt, 1-5. Kaleb bed om Hebron, etter den lovnaden Herren hadde gjeve han gjenom Moses, og han får den byen til eigedom, 6-15.
Kap. 15.
Landskilet åt Judafylket, 1-12. Kaleb tek Hebron og let Otniel få dotter si til kona, 13-19. Dei byane som Judaætti får, vert opprekna, 20-62. Judaætti driv ikkje jebusitane ut or Jerusalem, 63.
Kap. 16.
Den landsluten som Josefs-borni skal hava, 1-4, og landet åt Efra'ims-borni for seg, 5-9. Efra'imitane driv ikkje ut alle kana'anitane, 10.
Kap. 17.
Den andre helvti av Manasse-ætti får sin landslut, som døtrene åt Selofhad skal eiga med i, 1-6; grensone åt Manasse-fylket og byane der, 7-11. Dei driv ikkje ut alle kana'anitane, dei heller, 12. 13. Josefs-borni kjærer seg for at dei har fenge for lite odelsland; Josva svarar at dei kan auka det på den måten at dei tek landet frå kana'anitane som bur der, 14-18.
Kap. 18.
Dei reiser tabernaklet i Silo. Josva sender ut menner som skal byta det som er att av landet, i sju luter, som dei andre sju ættene skal hava; han kastar lut for desse ættene, 1-10. Benjamins-ætti får sitt odelsland, 11-28.
Kap. 19.
Simeons-ætti får sitt odelsland, 1-9, like eins Sebulon, 10-16, Issakar, 17-23, Aser, 24-31, Naftali, 32-39, og Dan, 40-48. Josva får Timnat-Serah, 49-51.
Kap. 20.
Herren tek oppatt lovi om dei seks fredstadene for dråpsmenner, 1-6. Desse fredstadene vert opprekna, 7-9.
Kap. 21.
Israels-borni kastar lut og gjev levitane 48 av byane sine med beitemarker attåt, 1-8. Prestebyane vert opprekna, 9-19, like eins byane åt dei andre kahatitane, 20-26, og gersonitane, 27-33, og meraritane, 34-42. Israels-borni har no eigna til seg heile det landet som Herren hadde lova federne deira, 43-45.
Kap. 22.
Josva gjev Rubens-ætti, Gads-ætti og helvti av Manasse-ætti lov til å fara attende til landet sitt, gjev dei føresegner og velsignar dei, 1-8. På heimvegen byggjer dei eit altar attmed Jordan, 9. 10. Dei andre ættene trur at dei har gjort dette på den måten at dei vil bera fram offer der, og sender bod til dei om det, 11-20. Dei svarar at dei har bygt altaret til eit vitnemål om at dei høyrer til Israel, 21-29. Dette svaret er dei andre ættene nøgde med, 30-34.
Kap. 23.
Josva kallar i hop alle styresmennene og hovdingane og domarane i Israel og minner dei om at Herren har stridt for dei, og at han har lova å strida for dei framleides, 1-5, manar dei til å lyda Guds bod, 6-11, og varslar kva straff som vil råma dei om dei fell ifrå, 12-16.
Kap. 24.
Josva samlar heile Israel i Sikem, minner dei om alle Herrens velgjerningar alt ifrå den tid Abraham vart utvald, og til landet var teke, 1-13, og manar dei til å tena den sanne Gud; det lovar dei gong på gong at dei vil gjera, 14-24. Josva nyar oppatt Herrens pakt med Israel, 25-28, døyr og vert gravlagd, 29-31. Beini åt Josef vert gravlagde, 32. Eleasar døyr og vert gravlagd, 33.
Domarane
Kap. 1.
Etter Herrens ord tek Judaætti på dei kana'anitene som er att, slær seg i hop med Simeons-ætti og drep ned mange av dei og tek mange av byane deira; Hebron og Debir vert tekne, og Kaleb får Hebron, 1-20. Men kana'anitane vert ikkje reint utrudde; sume vert buande mellom Israels-borni, 21-36.
Kap. 2.
Herrens engel lastar Israel for di dei ikkje har drive ut kana'anitene, 1-5. Etter Josva og dei gamle er slokna, har Israel falle ifrå Herren; difor gjev han dei i hendene på fiendane deira; når naudi er størst, reiser han opp domarar mellom dei og bergar dei frå fiendane; men dei vendar ikkje om frå gudløysa si 6-19; Herren vert harm og let heidningane verta verande i landet, 20-23.
Kap. 3.
Dei heidningfolki som vart att i Kana'an vert opprekna, 1-6. Israel fell ifrå Herren, og han gjev dei i hendane på Kusan-Risata'im; Otniel bergar dei, 7-11. Israel fell ifrå Herren att, og han gjev Eglon makt over dei; Ehud bergar dei, 12-30. Samgar bergar Israel frå filisterane, 31.
Kap. 4.
Israel fell på nytt ifrå Herren, og han let Jabin og Sisera, herhovdingen hans, trælka dei i 20 år, 1-3. Debora, ei profetkvinna, sender bod etter Barak og kallar han til å strida mot Sisera, 4-14. Jael vinn over Sisera og drep han; Jabin lyt og lata livet, 15-24.
Kap. 5.
Debora og Barak syng Herren ein lovsong; dei bed alle prisa han, av di han har synt seg so herleg for folket sitt og berga det ut or den store naudi, 1-11; dei prisar dei som fylgde kallet og gjekk med i striden, men lastar dei som ikkje vilde vera med, 12-18; dei syng om slaget, om fiendane som taper og rømer, og om Sisera som fell for handi hennar Jael, 19-30; til slutt ynskjer dei ulukke over alle Guds fiendar og velsigning over dei som elskar han, 31.
Kap. 6.
Israel gjer atter det som er Herren imot; difor får midianitane makt over dei, og ein profet refser dei, 1-10. Herrens engel kallar Gideon til å berga Israel; Gideon tek imot kallet, som gjev han vissa om at det er Herrens engel som har kalla han, 11-24. Etter Herrens bod riv han ned Ba'als-altaret og får difor namnet Jerubba'al, 25-32. Han bur seg til strid mot Israels fiendar og vert styrkt att med eit teikn frå Herren, 33-40.
Kap. 7.
Gideon tek ut med heren sin, men etter Guds føresegn tek han til slutt med seg berre 300 mann, 1-8. Han høyrer ein midianit fortel ein annan ein draum; det modar han opp, og han tek på fienden med den vesle flokken sin; fienden let seg narra og rømer for dei, 9-22. Andre israelitar slær seg i hop med han og set etter fienden; to midianitar-hovdingar vert fanga og drepne, 23-25.
Kap. 8.
Efra'imitane mukkar mot Gideon, men han talar dei til rettes, 1-3. Folket i Sukkot og Pnuel vil ikkje gjeva mennene åt Gideon mat, 4-9. Han fangar to midianitarkongar og vinn over heren deira, 10-12, straffar folket i Sukkot og Pnuel, 13-17, drep dei to midianiterkongane, 18-21, vil ikkje vera konge over Israel, men bed dei om ei gåva og får laga ein messehakel, som han set opp i Ofra, og som Israel dyrkar som ein avgud, 22-29. Borni åt Gideon og avferdi hans; Israel syndar mot Herren og vantakkar Gideons-ætti, 30-35.
Kap. 9.
Abimelek, son åt Gideon, får hjelp hjå sikemitane, og drep dei 70 brørne sine; sikemitane vel han til konge, 1-6. Jotam, den einaste av brørne hans som slepp undan, talar til han og sikemitane som syndi deira, 7-21. Det vert fiendskap mellom Abimelek og sikemitane; han øyder Sikem, men vert drepen av ei kvinna medan han kringset Tebes, 22-57.
Kap. 10.
Tola og Ja'ir er domarar i Israel, 1-5. Israel dyrkar avgudar, kjem i naud og ropar til Herren, 6-10. Herren talar til dei om ulydnaden deira, dei sannar syndi si og har frå seg avgudane, og Herren tykkjer synd i dei, 11-16. Ammonitane bur seg til strid mot dei, 17. 18.
Kap. 11.
Gileaditane vel Jefta til førar i striden mot ammonitane, 1-11. Han sender bod til ammonitarkongen og krev at han skal lata Israel vera i fred, men kongen vil ikkje høyra på han, 12-28. Herrens Ande kjem over Jefta; han lovar at han vil gjeva Herren den som fyrst kjem han til møtes frå huset hans, når han har vunne over ammonitane; han vinn over dei, 29-33. Einaste dotter hans kjem til møtes med han; han vert sorgfull, men gjev henne likevel til Herren, 34-40.
Kap. 12.
Efra'imitane tek på Jefta, for di han ikkje har teke dei med i striden mot ammonitane; Jefta vinn over dei; han døyr, 1-7. Ibsan, Elon og Abdon styrer Israel, 8-15.
Kap. 13.
Israel syndar mot Herren att; han gjev filisterane makt over dei; kona åt Manoah av Dans-ætti er ikkje barnkjømd, men Herrens engel kjem og lovar henne ein son, som skal berga Israel, 1-5. Herrens engel syner seg for Manoah og, og tek oppatt lovnaden, 6-14. Manoah vil ofra til engelen, men engelen forbyd han det; han ofrar til Herren, og engelen fer opp i altarlogen. Samson vert fødd, 15-25.
Kap. 14.
Samson vert trulova med ei filistergjenta; han drep ei løva, 1-7. Han vitjar festarmøyi si; på vegen finn han honning i løveskrotten; han held brudlaup, byd filisterane ei gåte som dei ikkje kan løysa, og vågar med dei, 8-14. Kona hans får vita løysingi og gjeng til filisterane med henne; han drep 30 filistarar og let dei som har løyst gåta få klædi deira; ein annan får kona hans, 15-20.
Kap. 15.
Samson hemner seg på filisterane for kona skuld, dei drep kona hans og far hennar; han slær dei ned, 1-8. Dei fer opp og tek på Juda; Judamennene får binda Samson og gjeva han i hendene åt filisterane, men han slit bandi sund og slær i hel 1.000 mann med kjakebeinet av eit asen, 9-16; han vert brennande tyrst, og Herren let ei kjelda vella fram, 17-19. Han styrer Israel i 20 år, 20.
Kap. 16.
Samson kjem til Gasa; filistrane vil slå han i hel; han tek byportane og ber dei burt, 1-3. Han legg hug til Dalila; umsider får ho han til å seia kvar han styrken sin frå, og let ein mann raka håret av han, 4-20. Filisterane tek han, sting ut augo på han og set han til å gjera trælearbeid; medan dei held fest, riv han ned huset dei er samla i, og døyr saman med ei mengd med filistarar, 21-31.
Kap. 17.
Ei kvinna av Efra'ims-ætti får gjort eit gudebilete, 1-4. Mika, son hennar, set dette biletet opp i huset sitt og festar ein levit til prest for seg, 5-13.
Kap. 18.
Nokre menner av Dans-ætti fer til La'is-bygdi og vil taka henne, 1-12. På vegen dit kjem dei til huset åt Mika og tek med seg gudebilete og presten hans, 13-26. Dei tek La'is, vert buande der og dyrkar gudebiletet, 27-31.
Kap. 19.
Ein levit har ei fylgjekona som er utru og fer ifrå han; han fer etter henne og vil få henne til å koma att, 1-8. På heimvegen får han hus åt henne og seg i Gibea; mennene der skjemmer henne, so ho døyr; han tek liket hennar med seg heim og lemar det opp i tolv luter; desse lutene sendar han kring i heile Israel, so han skal få hemn over Gibea-mennene, 9-30.
Kap. 20.
Heile Israel kjem i hop i Mispa og rådlegg om straffi over Gibea-mennene for skjemdarverket dei har gjort, 1-7. Dei bed fyrst Benjamins-ætti senda dei gudlause Gibea-buane ut til dei, men det vil dei ikkje; då dreg dei imot dei, men taper to gonger, 8-25. Dei gjer bot og Herren lovar dei siger, 26-28. Dei vinn over benjaminitane og ryd ut heile ætti, so nær som 600 mann. Dette vert fyrst fortalt stutt, 29-35, sidan meir umstendeleg, 36-48.
Kap. 21.
Israels-mennene angrar at dei har øydt ut Benjamins-ætti, og rådlegg om korleis dei skal finna konor åt dei som er att, utan at dei treng brjota eiden sin, 1-7. Dei drep alle Jabes-buane; so nær som 400 møyar; dei let dei benjaminitane få og lovar dei fred, 8-14. Dessutan gjev dei dei den rådi at dei skal rana seg konor mellom Silo-møyane; det gjer dei og, 15-25.
Rut
Kap. 1.
Av di det er uår i landet, fer Elimelek med kona si og to søner frå Betlehem til Moab-landet; der døyr Elimelek; sønene hans gifter seg og døyr i Moab, liksom faren, 1-5. No'omi, kona åt Elimelek, råder seg til å fara heim att til Betlehem; den eine verdotteri vert buande i Moab, men hi Rut, vil ikkje skilja lag med henne, 6-18. No'omi og Rut kjem til Betlehem i byggskurden, 19-22.
Kap. 2.
Mannen åt No'omi hadde ein skylding som heitte Boas; Rut kjem og vil sanka aks på åkeren hans; Boas talar blidt til henne og seier til skurdfolket at dei skal late henne sanka i fred og ikkje gjera henne noko til meins, 1-17. Rut kjem attende til byen og fortel No'omi korleis det har gjenge; ho held fram og sankar aks på åkeren åt Boas, 18-23.
Kap. 3.
Rut gjer som No'omi råder henne til: ho gjeng til treskjestaden og legg seg nedmed føtene hans Boas; på den måten vil ho få vita om han vil gifta seg med henne i staden for den avlidne mannen, 1-7. Boas gjev henne lovord og lovar å røkja etter om ein løysingsmann som er næmare, vil gifta seg med henne; elles vil han taka henne til kona sjølv, 8-13. Han gjev henne seks mål bygg og let henne ganga heim, 14-18.
Kap. 4.
Medan styresmennene i byen er til stades, spør Boas næmaste løysingsmannen om han vil løysa åkeren åt No'omi og gifta seg med Rut; han vil ikkje, og so lovar Boas å taka henne til kona; folk ynskjer han til lukka, 1-12. Boas gifter seg med Rut; ho får ein son, som vert fostra opp hjå No'omi; ætti hans vert opprekna til og med kong David, 13-22.
1. Samuelsbok
Kap. 1.
Elkana, ein mann av Levi-ætti, har to konor, Hanna og Peninna; Hanna er barnlaus; Peninna, som har born, tergar henne, 1-8. Ein gong dei er i Silo, bed Hanna Herren om ein son og lovar å gjeva han til Herren; Eli talar henne til rettes, men trøystar henne att, 9-18. Ho fer heim, får ein son, som ho kallar Samuel, vèn han av og tek han med til Silo; der skal han tena Herren, 19-28.
Hanna
Eli
Kap. 2.
Hanna syng Herren ein lovsong, 1-10. Sønene åt Eli er gudlause, 11-17. Samuel tener Herren; Hanna får fleire born, 18-21. Eli refser ikkje sønene sine strengt nok, 22-26. Ein gudsmann varslar svære straffedomar over Eli-ætti, 27-36. – Gud vil ha ei rett og god oppseding, der synda Eli. Og synda måtte straffast i si tid. Ein Guds tenar er eit føredøme, og Herren måtte handla strengt med han.
Samuel
Kap. 3.
Herren openberrar seg for Samuel, som i fyrstningi ikkje skynar at det er Herren, 1-9. Eli seier han at det er Herren, og so får Samuel høyra om Guds store vreide og straffedomar over Eli-ætti, 10-14. Han fortel Eli kva Herren har sagt, 15-18. Herren held ved og openberrar seg for Samuel og gjer han soleis til sin profet, 19-21. – Gud openberrar seg for dei små og unge, og ikkje berre vaksne folk. Samuel skulle bli ein stor profet og reiskap for Gud. Og her byrja han i tidleg alder.
Kap. 4.
Israel dreg ut til strid mot filisterane, men taper og hentar Herrens kista, eller paktsarka 1-5. Filisterane vert redde, men tek mod til seg att og vinn over Israel og tek kista, 6-11. Med det same Eli får tidendi om det, dett han ned av stolen sin og bryt halsbeinet; kona åt Pinehas, son hans, får ein son, som ho kallar Ikabod, og døyr, 12-22.
- Her kjem domen over Eli. Og her byrjar striden med filisterane. Paktsarka var viktig – dei meinte Gud budde der og ho var som ein amulett som kunne hjelpa dei berre ved sitt nærver.
Kap. 5.
Filisterane set Herrens kista i Dagonstemplet i Asdod; avgudsbiletet vert øydelagt, og Herren heimsøkjer folket med sott, 1-6. Dei sender kista frå Asdod til Gat og frå Gat til Ekron; kvar ho kjem, råmar Herrens hand folket, 7-12.
Men Herrens ark skal vera hjå Guds folk, dei som fylgjer han. Difor gjekk det galt med fil. Guds rike kan aldri vera og trivast der heidenskapen rår.
Kap. 6.
Filisterane fylgjer rådi dei får av prestane sine, og sender kista attende med soningsgåvor; ho vert førd til Bet-Semes, 1-12. Folket der tek imot henne med gleda, men Herren slær i hel mange av dei, av di dei skodar på kista; då vil dei ikkje hava henne hjå seg lenger, 13-21.
- Dei heidenske prestane skjønar altså at dei måtte kvitta seg med arka – det dei politiske og militære leiarane ikkje såg. Her kjem det òg fram at kista er heilag, som uttrykk for Guds nærver og bilete. Den som ser Herrens åsyn, kan ikkje leva.
Kap. 7.
Herrens kista vert henta til Kirjat-Jearim; der vert ho standande i 20 år, 1. 2. Samuel kallar folket til omvending; dei gjer bot for Herren, 3-6. Filisterane byd Israel ufred; Samuel bed for folket og ofrar; filisterane taper, 7-14. Samuel fer kvart år ikring og skifter rett i Israel i sume av byane, 15-17.
- Israel hadde lefla med heidenskapen og var på gli bort frå Gud. Difor kalla profeten folket til omvending. Dei måtte sanna syndene sine og fråfallet og venda seg til Gud og fylgja hans ord og lovar.
Kap. 8.
På sine gamle dagar set Samuel sønene sine til domarar; dei rengjer retten for pengar; folket klagar til Samuel og vil hava ein konge, 1-5. Samuel syrgjer over dette; Herren seier at han skal gjera folket til viljes; men fyrst skal han seia greitt ifrå korleis ein konge kjem til å fara åt, 6-9. Samuel seier ifrå til folket, men dei held fast på kravet sitt, 10-22.
- Samuel opplever òg at borna går på galne vegar, og det vart til sorg for han. Slik har mange foreldre opplevd det – for kvar einskild må venda om og ta imot.
Folket tenkjer heller ikkje Guds tankar. Dei krev ein konge og er ikkje nøgd med Herren som førar åleine. Og det skal dei få, men dei får òg greie på korleis det vil gå. Dei fylgde altså hjarta sitt av fri vilje og opne augo og konsekvensen av sitt val.
Kap. 9.
Kis, ein mann av Benjamins-ætti, sender Saul, son sin, på leiting etter nokre asnor som har kome burt; på ferdi si kjem Saul til Samuel, 1-14. Herren seier til Samuel at Saul skal verta konge over Israel, 15-17. Samuel fortel han at asnone er attfunne og bed han og drengen hans til bords med seg; dagen etter gjeng han ut med Saul åleine og vil salva han til konge, 18-27.
Saul - konge
- Det som ser ut til at ei tilfeldig hending fører til at Saul blir konge. Men Gud leia det slik. Far til Saul sender guten på leit etter dyra. Då møter han Samuel og får vita at han skal bli konge. Men det var Herren som hadde minna profeten om det.
Kap. 10.
Samuel salvar Saul til konge over Israel og varslar kva som skal henda sidan på ferdi hans; Saul kjem i profetisk eldhug; han kjem til farbror sin, 1-16. Samuel stemner folket i hop i Mispa og seier at dei gjorde ille då dei kravde ein konge; dei kastar lut, og Saul vert kåra til konge; men der er sume som vanvyrder han, 17-27.
- Neste dag salva Samuel Saul til konge, det var nærast ein privat handling der folket ikkje var med. Og det var til av tvang frå folket, dei kravde noko Gud ikkje ville, av di han såg det ikkje gagna folket. Og dette seier Samuel til folket. Likevel kårar dei han til konge.
Kap. 11.
Jabes-buane vert hardt trengde av Nahas, kongen i Ammon, og dei sender bod til Saul og bed om hjelp; Saul vinn over ammonitane, 1-11. Saul gjev ikkje folket lov til å drepa dei som før har vanvyrdt han; Samuel samlar folket i Gilgal, og der vert kongedømet hans stadfest, 12-15.
- Den første tida ser ut til å vera god for Saul. Han hjelpte dei svake og sigrar i ein rett strid. Han let ikkje folket drepa motstandarar, som var det vanlege mellom heidningar. Då ser me òg at kongedømet hans vart stadfest.
Kap. 12.
Samuel legg ned domarembetet; folket gjev han eit godt vitnemål, 1-5. Han talar til dei om Herrens velgjerningar og om den syndi dei gjorde då dei kravde ein konge, og stadfester ordi sine med eit teikn, 6-18. Folket reddast og vil at Samuel skal beda for dei; Samuel lovar det, trøystar dei, tel for dei og trugar dei, 19-25.
- Samuel si tid gjekk mot slutten, og folket har likt han. Men han let seg ikkje lura av skrytet. Han talar til dei om at Herrens velsigning er hovudsaka og minner dei om synda deira då dei kravde ein konge. Som leiar stod han fast – synd var synd om det gjekk lang tid.
Kap. 13.
Saul vel ut 3.000 mann, som vert verande hjå han og Jonatan; Jonatan høgg ned vaktmannskapet åt filisterane; filisterane samlar seg og vil strida mot Israel, og israelitane løyner seg der dei best kan, 1-6. Saul kjem til Gilgal; der ofrar han; Samuel talar han strengt til for det, 7-14. Dei fer til Gibea med 600 mann; filisterane herjar landet; israelitane vantar våpen, av di filisterane har reist av med smedane deira, 15-23.
- Saul samlar eit vaktmannskap eller ei hird som skal vera elitesoldatane hans. Så går han til krig mot erkefienden filisterane. Men Samuel vakar framleis på han.
Kap. 14.
I tillit til Gud tek Jonatan og våpensveinen hans på filisterane og vinn over dei, 1-15. Saul får vita det, set etter fienden med herfolket og vinn, 16-23. Saul forbannar den som et eller drikk noko den dagen; Jonatan veit ikkje om dette og et honning i skogen; sidan et folket kjøt med blodet i; Saul byggjer eit altar for Herren, 24-35. Han spør Herren om han skal setja etter fiendane, men får ikkje svar; dei kastar lut, og då får Saul vita at Jonatan har ete honning; Saul vil drepa han, men Jonatan vert berga av folket, 36-46. Saul vinn over Israels fiendar, 47. 48. Kona og borni hans, ætti hans og krigslivet hans, 49-52.
- Det er framleis krig med filisterane og Jonatan går mot dei i tru på Gud, og sigrar. Saul vil drepa han av di han har brote eit bod som kongen har gitt. Men Jonatan visste ikkje om det og åt. Men då har Jonatan folket på si side og vert berga. Det var Gud som brukte folket så uretten ikkje vann. Saul var altså i ferd med å gjera ei synd, men vart hindra.
Kap. 15.
Samuel byd Saul rydja ut amalekitane og øyda alt det dei eig, 1-3. Saul tek på dei og vinn over dei, men sparer Agag, kongen, og det beste av feet, 4-9. Herren vert harm på Saul, og Samuel talar til han om syndi hans; Saul freistar å orsaka seg, men fåfengt, 10-23. Han seier at han synda av di han var redd folket, og bed Samuel vera med han attende, so vil han tilbeda Herren; Samuel varslar at riket skal takast frå Saul, men fylgjer han like vel attende; Saul tilbed Herren, 24-31. Samuel drep Agag og vil ikkje sjå Saul meir, 32-35.
- Ei ny synd av Saul. Han gjorde mot Guds bod og tok av det godset som var bannlyst, rett imot det Guds hadde sagt ved Moses. 3. Mos. 27, 28. Og ei synd fører til nye synder som freistnad på å skjula den første synda. Han bortforklarar og lyg om si eiga handling. Og då kjem Samuel profeten og varslar han at riket skal takast frå han. Han var ikkje verdig å vera ein Guds tenar. Sjølv om Saul tilbed Herren, er nådetida slutt og Samuel vil ikkje sjå han meir. Gud er streng når det gjeld ordet sitt.
Kap. 16.
Samuel gjeng etter Guds føresegn til Betlehem og salvar David, son åt Isai, til konge i staden for Saul, 1-13. Herren tek sin Ande frå Saul, og ei vond ånd kjem over han; tenarane hans råder han til å leita opp ein mann som kan spela på harpa; David kjem til han, og Saul får han kjær; når David spelar for han, vert det betre med han, 14-23.
David
- Som ein konsekvens av dette finn Samuel ein ny konge – og det er etter Guds bod. Han går til Betlehem og salvar yngsteguten til Isai, David. Det var ein som ingen av dei andre trudde kunne vera konge. – Og då vert Herrens Ande og velbehag teke frå Saul. Tida hans er slutt, nå vert det berre ei ytre teneste og rituale. David vert nå send til Saul for å spela til han når den vonde ånda kjem over han. Men Saul visste ikkje at David var etterfylgjaren hans.
Kap. 17.
Filisterane og israelittane samlar seg til strid mot kvarandre; ei kjempa som heiter Goliat, byd ut ein av Israels-mennene til holmgang og held på og hæder dei i 40 dagar, 1-11. David, som er komen heim att til far sin, vert send til brørne sine i Sauls-lægret; der får han høyra om spottorda åt Goliat og løni den skal få som feller han, 12-30. Han lovar Saul at han vil strida mot Goliat i tru til Gud; for han har røynt Guds hjelp før. Han gjeng mot Goliat utan anna våpen enn hyrdingstaven sin og slyngja, feller han med ein slyngjestein og høgg hovudet av han med hans eige sverd; filisterane rømer. Israel set etter dei, 31-54. David kjem til Saul att, 55-58.
Goliat
- Ny krig med filisterane kjem. Kjempa Goliat går mot Israel og ingen kan stå seg mot han. David vart send til brørne sine som var på Saul si side i striden. David har tru på Gud, at Han er større enn Goliat. Nå går han til kong Saul og seier han vil strida mot Goliat, for han har erfart Guds hjelp og kraft før. David har ikkje anna våpen enn staven og slyngja. Han prøver ein våpendrakt, men den hindrar han berre. Men han går i Herrens namn og vinn striden og hogg hovudet av Goliat. Då må filisterane røma. Saul spør etter denne guten.
Kap. 18.
Jonatan gjer fostbrorlag med David, 1-4. David vert sett over herfolket; kvinnone fagnar han meir enn Saul for det han har gjort; Saul ovundar David og vil drepa han, 5-11. Han sender han frå seg og set han til hovding for 1.000 mann, i den voni at han skal falla i striden, lovar han Merab, dotter si, men gjev henne til ein annan, 12-19. Etter David har drepe 200 filistarar, får han Mikal, andre dotteri åt Saul; ho held av han. Herren er med han, 20-30.
- David og Jonatan vert gode vener, og dei gjorde i pakt med kvarandre. Det var eit inderleg hjartefohold mellom dei. Kong Saul sette David til leiar for krigsmennene sine. Han var klok og vann siger. Kvinnene tykte vel om han og song om at han var større hærførar enn Saul. Og det skapte avind hjå kongen som nå stod han etter livet og vil at han skal falla i krigen. Og Saul lovar dotter si, Merah, til kone. Men han held ikkje ord og gir henne til ein annan. David drep då 200 filisterar, og då får han ei anna av Sauls døtre, Mikal, til kone. Herren var med David, og då vart han Sauls fiende for resten av livet. Ein gudlaus mann kan ikkje tola at Gud er med nokon andre.
Kap. 19.
Saul talar om å drepa David; Jonatan talar hans sak, og Saul let seg lita, 1-7. David vinn over filisterane att; Saul vil drepa han; han rømer heim; Saul vil drepa han der og; Mikal åtvarar han og hjelper han so han slepp undan, 8-17. David kjem til Samuel i Rama; Saul sender tri gonger menner dit som skal henta han; men mennene kjem i profetisk eldhug; Saul kjem og til Rama, men det gjeng sameleis med han, 18-24.
- Nå vil Saul drepa David, men her talar Jonatan hans sak. Her kjem pakta mellom dei til sin rett. Etter ein ny siger for David, kjem igjen drapstankar hjå Saul. Han kan ikkje tola framgong og siger hjå andre. Det er det gudlause sinn. Nå får han hjelp og åtvaring av Mikal, kona si, og rømer. Kvar gong Saul vil freista å ta David, kjem Guds Andre og hindrar det. Guds Ande kjem til og med over Saul som profeterer på vegen. Men han er ikkje blitt ekte profet, det er eit hinder Gud brukar for å hindra udåden.
Kap. 20.
David kjem til Jonatan og klagar si naud for han, 1-3. Han let David fara til Betlehem og talar av med han at han tridje dagen deretter skal løyna seg på marki; medan vil Jonatan granska huglaget åt faren og so varsla David med teikn; han nyar oppatt pakti med David, 4-23. Etter han har fenge vita kor harm faren er på David, varslar han David og skilst frå han med stor sorg, 24-43.
- David er alltid i fare, og han avtalar med Jonatan om hjelp. Her bruker dei altså menneskeleg klokskap for å hindra drap. Dette fører dei unge mennene nærare kvarandre. Men eit skilje nå er ikkje til å unngå.
Kap. 21.
David rømer til Nob, til Akimelek, øvstepresten, og får skodebrød og sverdet åt Goliat hjå han; Doeg, ein av tenarane åt Saul, høyrer det, 1-9. David kjem til Akis, filistarkongen; der kjenner dei han att; han vert redd og skaper seg galen; dei let han fara, 10-15.
- David må røma til Nob der han er hjå øvstepresten og filistarkongen Akis. Der vert han attkjend og spelar gal. Her nyttar han òg menneskeleg klokskap i ei krise.
Kap. 22.
David kjem til Adullam; mange som er i naud, flokkar seg kring han; han fylgjer foreldra sine til Moab-kongen og fer so attende til Juda, 1-5. Saul skuldar mennene sine og son sin for at dei held med David; Doeg fortel Saul det han har set i Nob, 6-10. Saul sender bod etter Akimelek, presten i Nob; Akimelek forsvarar seg, men Saul byd Doeg hogga ned både han og dei andre prestane, 11-19; berre ein av sønene hans, Abjatar, kjem unna; han rømer til David, som trøystar han, 20-23.
- David møter foreldra sine og fylgjer dei til Moabkongen og fer så attende til Juda. Doeg svik David og fortel Saul at Akimelek har hjelpt David. Saul drep så Akimelek og alle prestane med unnatak Abraham Abjatar. Det er hans gudlause sinn som her kjem fram att og ikkje sparer nokon.
Kap. 23.
David vinn over filisterane og friar Ke'ila etter Herrens ord, 1-6. Saul vil fanga han der, men han spør Herren og kjem undan, 7-13. David held til i Sif-øydemarki; der kjem Jonatan til han og nyar oppatt sambandet med han, 14-18. Sif-buane forråder David; Saul set etter han i Maon-øydemarki, men snur då han får tidend om at filisterane har brote inn i landet, 19-28.
- David vinn ein ny siger og bergar byen Ke’ila, han reknar stadig med Guds kraft og hjelp. Endå ein gong møter David Jonatan i øydemarka, men David må gøyma seg i Maon-øydemarka. Det var ikkje klokt å stå ope fram. Tida hans var ikkje kome ennå. Sume gonger er det klokt og rett å vera varsam og leva i løynd.
Kap. 24.
David held til i En-Gedi-øydemarki; Saul set etter han der og, 1-3. David sparer livet åt Saul i ein heller, men skjer ein snipp av kappa hans, 4-8. David syner Saul kor stor urett han har gjort han, 9-16. Saul gjeng ved at han har synda, let David gjera eiden på at han ikkje skal rydja ut ætti hans, og fer heim att, 17-23.
- David flytter ofte, sjølv i øydemarka, for å vera trygg for kongen. Nå er han i fjella ved En-Gedi vest for Dødehavet. Saul kjem for å ta han, men David sparte livet hans då han hadde høve til å drepa han. David hadde respekt for kongen som var salva av Gud til konge. Men på same tid viser han eit fint sinn ved å ikkje gjera noko galt her. Saul ser ut til å angra det gale han hadde gjort, men det var nok i munnen og ikkje med hjarta. David skjøna det, og held seg i fjella framleis. Men han lova kongen at han ikkje skulle rydja ut alle etterkomarane hans.
Kap. 25.
Samuel døyr; David sender folk til Nabal i Karmel og bed om mat, men Nabal viser dei burt med hædande ord, 1-11. David vil taka ein blodig hemn; men Abiga'il, kona åt Nabal, hindrar det, 12-35. Nabal får ein støkk, vert sjuk og døyr ti dagar etter; David gifter seg med Abiga'il og Akinoam; Mikal, fyrste kona åt David, vert gjevi til Palti, 36-44.
- Ei ny tid kom då Samuel døydde. Han var eit korrektiv både for David og folket. Då David ville ta hemn over Nabal som nekta folket mat, var det ei kvinne som stansa han. Kona til Nabal gjekk bak ryggen til mannen og sende mat til David. Då ho sjølv kom fram til han, tok ho heile skulda på seg, v. 24, og bed om tilgjeving, v. 28. Og ho mildnar han ved å seia: Det er Herrens krigar du fører – og då kunne han ikkje ta hemn. David vert mjuk og ser det er Gud som har sendt henne, v. 32.
Herren sjølv straffa Nabal så han døydde, og då fridde David til kona hans, Abiga’il. Han gifte seg både med henne og med Akinoam og gav den første kona, Mikal, til ein annan mann, Palti. Det var ikkje monogami (eingifte) på David si tid.
Kap. 26.
Sif-buane forråder David andre gongen; Saul set etter han med 3.000 mann; Herren let ein tung svevn koma på Saul og folki hans; David tek burt spjotet og vasskrukka hans, men forbyd Abisai å drepa han, 1-12. David lastar Abner for di han ikkje har halde vakt over kongen sin; han klagar på Saul for di han forfylgjer han; Saul sannar at han har fare gale åt; dei skilst, 13-25.
-
Kap. 27.
David rømer til kong Akis i Gat, som gjev han byen Siklag til å bu i, 1-7. David har lukka med seg på herferder mot gesuritane og girsitane og amalekitane, men seier til Akis at det er Juda og jerahme'elitane og kenitane han strider mot; Akis trur han, 8-12.
Kap. 28.
Filisterane dreg i strid mot Saul att; han vert redd og spør Herren, men får ikkje svar, 1-6. Han gjeng til ei trollkvinna i En-Dor og vil at ho skal mana fram Samuel for han, 7-14. Samuel varslar undergang for Saul; Saul vert forfård og stuper til jordi, 15-20. Han ris opp, styrkjer seg med mat og fer sin veg, 21-25.
Kap. 29.
Akis dreg ut i striden saman med filistarhovdingane og folket og vil hava David med seg; men det vil ikkje hovdingane gjeva han lov til, 1-5. Akis orsakar seg for David og sender han heim att, 6-11.
Kap. 30.
Medan David var burte, har amalekitane teke og brent opp Siklag og drege av med alt det dei fann; David og mennene hans syrgjer over dette, 1-6. På Herrens bod set David etter dei, finn dei og vinn over dei, bergar alt det dei har teke, og fører mykje herfang med seg heim att, 7-20. Dei 400 mann som var med han i striden, vil ikkje skifta herfanget med dei 200 som har vore att ein stad på vegen; David talar dei til og skifter herfanget både med dei og andre som har gjort vel mot han før, 21-31.
Kap. 31.
Filisterane vinn over Israel, Sauls-sønene fell, Saul tek sitt eige liv, israelitane rømer frå byane sine, 1-7. Filisterane plyndrar liki av Saul og sønene hans, høgg hovudet av Saul og hengjer liki opp på muren i Betsan. Nokre menn frå Jabes tek dei ned om natti, brenner dei og gravlegg beini deira, 8-13.
- Den stadige krigen med filisterane held fram, og Saul og sønene døyr. Saul drap seg sjølv. Folket hånar Saul ved å stilla fram lekamen hans. Men nokre menn frå Jabes synt velvilje og grvala han og sønene.
2. Samuelsbok
Kap. 1.
Ein amalekit kjem til David med bod om at Saul er fallen, og seier at han sjølv har drepe han; David let ein av sveinane sine drepa mannen, 1-16. David kved eit syrgjekvede over Saul og Jonatan, 17-27.
Kap. 2.
David fer til Hebron og vert salva til konge over Judea, 1-4; han rosar Jabes-buane for di dei har vore trugne mot Saul, 5-7. Abner gjer Isboset til konge over Israel, 8-11. Abner byd David ufred, men David vinn; Abner drep Asael, bror åt Joab, 12-23. Omsider tek striden ende, og båe partane fer heim att; Asael vert gravlagd i Betlehem, 24-32.
David – konge
Kap. 3.
Ufreden varer ved, David får større og større makt. Han får seks søner i Hebron, 1-5. Isboset lastar Abner for di han har halde seg med Rispa, fylgjekona åt Saul; Abner trugar med at han vil taka riket frå han og hjelpa David til kongedømet, 6-11. Abner gjer forlik med David; han fører Mikal, kona hans, attende til han og vil få Israel til å venda seg til han, 12-21. Joab myrder Abner, 22-27. David forbannar Joab for denne ugjerningi og vitnar at han er skuldlaus, 28-39.
Kap. 4.
Ba'ana og Rekab drep Isboset og kjem til David med hovudet hans, 1-8. David let sveinane sine drepa dei og jorda hovudet åt Isboset, 9-12.
Kap. 5.
Heile Israel tek David til konge, etter han har styrt i Hebron i sju og eit halvt år, 1-5. David tek Sion og set seg til der; Herren er med han; Hiram sender han sedertre til å byggja eit hus av; David får fleire søner, 6-16. Han vinn over filisterane to gonger, 17-25.
Kap. 6.
David hentar Guds kista frå Kirjat-Jearim til Davidsstaden, 1-5. Ussa kjem nær kista; difor tek Herren livet hans. David torer ikkje taka kista heim til seg; ho vert sett i huset åt Obed-Edom; Herren velsignar den mannen, 6-11. Då David får høyra det, hentar han kista og let levitar bera henne; han ofrar og dansar av gleda framfor kista; dei set henne på sin stad på Sion; sidan velsignar David folket og sender dei heim. Mikal vanvyrder og lastar David for di han har dansa; han forsvarar seg og talar henne til rettes; ho vert verande barnlaus, 12-23.
Kap. 7.
David vil byggja Herren eit hus, og profeten Natan er samd med han, 1-3. Men Herren sender Natan til David med det bodet at ikkje han skal byggja Herren eit hus, men at Herren, som til no har opphøgt han, vil byggja han eit hus. Son hans skal byggja Herren eit hus, og Herren vil gjera Davids rike til eit æveleg rike (med den lovnaden er tenkt på Messias og hans rike), 4-16. David sannar at han er uverdig til so stor nåde, prisar Herren og bed at han vil gjera som han har lova, 17-29.
Kap. 8.
David tek Gat, hovudstaden åt filisterane, og vinn over moabitane og Hadadeser, kongen i Soba, og syrarane frå Damaskus, 1-8. To'i, kongen i Hamat, som er uvenen åt Hadadeser, sender David gåvor; dei og det herfanget David har teke frå heidningfolki, helgar han til Herren, 9-12. Han slær edomitane; Herren er med han, 13-15. Dei høgste embetsmennene hans vert opprekna, 16-18.
Kap. 9.
David får vita at det lever att ein son etter Jonatan, ein som heiter Mefiboset, 1-4. David sender bod etter han og gjev han alle jordeigedomane åt Saul; Siba skal bruka dei for han; Mefiboset skal eta ved bordet åt kongen, 5-13.
Kap. 10.
Nahas, ammonitarkongen, døyr; ammonitarhovdingane får Hanun, son hans, til å fara svivyrdelig med sendemennene åt David, som kjem og skal trøysta han, 1-4. Joab og Abisai, herhovdingane åt David, vinn over ammonitane og syrarane, som har hjelpt ammonitane, 5-14. Syrarane taper ein gong til for David, 15-19.
Kap. 11.
David held fram med ufreden mot ammonitane; han ser Batseba laugar seg, hentar henne til seg og ligg med henne, 1-4. Då han får høyra at ho er med barn, let han Uria, mannen hennar, koma heim frå lægret; men han vil ikkje liggja hjå kona si, 5-13. So sender David han attende til Joab med eit brev, der det stend at Joab skal setja Uria på ein slik post at han lyt falla; Uria fell, og sidan gifter David seg med Batseba, 14-27.
Kap. 12.
Herren sender Natan, profeten, til David; Natan held fram for han - fyrst i ei likning, sidan med greide ord - den store syndi han har gjort, og varslar han tunge straffedomar for hans misgjerning skuld; David sannar syndi si, 1-14. Herren let det koma sjukdom på det barnet som Batseba har fenge; David fastar og bed for det, men so snart han høyrer det er slokna, slær han seg til tols. Han får sonen Salomo med Batseba, 15-25. Joab bed David koma sjølv og taka Rabba; David gjer so; han straffar ammonitane hardt, 26-31.
Kap. 13.
Amnon huglegg Tamar, syster si, skjemmer henne, jagar henne so burt og ansar ikkje ulukka hennar; Absalom, bror hennar, tek henne til seg, 1-20. David vert harm på Amnon for dette; Absalom legg bror sin for hat, let sveinane sine drepa han i eit gjestebod og rømer til morfar sin, kongen i Gesur, 21-39.
Kap. 14.
Joab skynar at David stundar etter Absalom; so får han ei viskona frå Tekoa til å telja kongen til å henta Absalom heim att, 1-22. Kongen sender Joab etter han; men det gjeng to år før han får lov til å koma til far sin, som då fagnar han vel, 23-33.
Kap. 15.
Absalom freistar å vinna folket for seg med lureferd, og umsider lukkast det han å verta vald til konge i Hebron; han får Akitofel, rådgjevaren åt David, på si sida, 1-12. Då David får vita det, rømer han frå Jerusalem med mennene sine, men Herrens kista og Sadok og Abjatar, prestane, vil han ikkje hava med seg; og han vil at sønene deira skal bera bod til han om kva Absalom emnar på, 13-29. David gjeng gråtande over Oljeberget; der møter Husai han, men David sender han attende til Absalom, han skal freista å gjera Akitofels råd mot David til inkjes, 30-37.
Kap. 16.
Siba kjem til David med matvaror og lyg på Mefiboset, herren sin; David gjev han jordeigedomane åt Mefiboset, 1-4. Sime'i bannar David; men David vil ikkje gjera han noko til meins for det, 5-14. Husai kjem til Absalom og læst vilja gjeva seg i hans tenesta. Akitofel råder Absalom til å ganga inn til fylgjekonone åt David for augo på heile Israel, og han gjer so, 15-23.
Kap. 17.
Akitofel vil straks setja etter David og fella han medan han er åleine; men Husai råder til å samla heile Israel, so ein lettare kan vinna på David og mennene hans, og Absalom samtykkjer, 1-14. Husai sender Jonatan og Akima'as til David med bod om dette; Absalom freistar å få tak i dei, men fåfengt; David fer over Jordan, 15-22. Akitofel hengjer seg; Absalom fer etter David over Jordan; folk kjem til David med mat og anna som han treng, 23-29.
Kap. 18.
David skifter folket mellom Joab og Abisai og Ittai og bed dei fara varleg med Absalom, 1-5. Heren åt Absalom taper; Sjølv vart han hangande i ei terebinte; Joab og våpensveinane hans drep han. Absalom hadde reist ein minnestein åt seg i Kongedalen, 6-18. Akima'as og ein kusit kjem til David med tidend om sigeren og om at Absalom er drepen; David tek det ovende tungt at han har mist son sin, 19-33.
Kap. 19.
Folket stel seg stilt inn i byen, av di dei merkar at David syrgjer so på son sin; Joab talar han til rettes for det og får han til å ganga ut til dei, 1-8. Folket, serlig Judaætti, vil henta kongen heim att til Jerusalem; Sime'i og Siba kjem og til han; Sime'i bed om nåde og får det, 9-23. Mefiboset kjem til David og fortel han korleis Siba har loge på han; David skifter jordeigedomane mellom han og Siba, 24-30. Barsillai fylgjer kongen på vegen, men vil ikkje fara med han til Jerusalem, 31-39. Då kongen kjem til Gilgal, trettar Juda- og Israels-ættene om største retten til å henta kongen heim att, 40-43.
Kap. 20.
Seba gjer oppreist mot David; David seier til Amasa at han skal stemna i hop Judamennene, 1-5. Amasa drygjer for lenge, og so sender David Abisai til å setja etter Seba; Amasa møter Joab, som drep han, 6-12. Joab elter Seba alt til Abel; der er det ei klok kona, som får Joab til å stogga åtaket på byen og lagar det so at Seba vert drepen, 13-22. Dei høgste embetsmennene åt David vert opprekna, 23-26.
Kap. 21.
I Davids tid kjem det uår i landet, av di Saul har drepe Gibeons-mennene; gibeonitane krev at sju mann av Sauls-ætti skal gjevast i hendene deira, so dei kan leggja dei på stegl for Herren; dei får dei og gjer so med dei; Herren gjev landet regn; beini åt dei som var lagde på stegl, vert jorda i Sela saman med beini åt Saul og Jonatan, 1-14. Gong på gong får Israel ufred med filisterane; nokre av filistarkjempone fell, 15-22.
Kap. 22.
David kved eit herleg lovsongskvede for Herren, for di han har frelst han frå alle fiendane hans, 1; Gud er den som gjev han livd og hjelp, 2-4; Gud høyrde bønene hans då han var i naud, synte han sitt velde og fria han ut med si store makt, 5-20. Gud har lønt rettferdi hans, 21-28; Gud velsignar kongedøme hans og gjev han styrke til å leggja fiendane under seg, 29-46. Til slutt prisar han Guds store miskunn mot han og ætti hans, 47-51.
Kap. 23.
David vitnar før han døyr, om Guds lovnad til han om Messias, som skal råda til signing for menneskja, og varslar at fiendane skal ganga til grunns, 1-7. Kjempone åt David og nokre av storverki deira, 8-39.
Kap. 24.
I løynleg byrgskap set David Joab til å telja folket, 1-3. Joab mæler imot, men gjer det like vel og gjev kongen fråsegn om talet, 4-9. David sannar si synd og gjer bot; han får velja mellom tri straffedomar og vel sotti, 10-14. I den døyr 70.000 mann; David bed inderleg til Herren, 15-17. Han får påbod om å byggja Herren eit altar på treskjestaden åt Aravna; han kjøper den, byggjer altaret og ofrar; so held sotti opp, 18-25.
1. Kongebok
Kap. 1.
På Davids gamle dagar steller Abisag om han, 1-4. Adonja vil vera konge i Israel og har Abjatar og Joab på si sida, 5-10. Profeten Natan rådar Batseba til å tala til David for Salomo, son sin; ho gjer so, og Natan hjelper henne, 11-27. David let Sadok salva Salomo, 28-40. Adonja får vita det og rømer; Salomo sparar han denne gongen og let han fara heim, 41-53.
Salomo - konge
Kap. 2.
David manar Salomo, son sin, til å ottast Herren og gjev han føresegner om Joab og Barsillai og Sime'i; David døyr, 1-12. Adonja får Batseba til å beda kongen at han vil lata han få Abisag til kona; Salomo let Benaja drepa han, 13-25. Han set Abjatar av frå presteembetet og let Benaja drepa Joab, 26-35. Han sparer Sime'i på det vilkåret at han aldri skal koma ut or Jerusalem; Sime'i bryt lovnaden sin, og so vert han og drepen, 36-46.
+
Kap. 3.
Salomo får dotter åt Farao til kona; han elskar Herren, men ofrar like vel på haugane, 1-4. Herren openberrar seg for han om natti og gjev han lov til å beda om kva han vil; Salomo bed om visdom; Herren lovar han både visdom og æra og rikdom og eit langt liv, dersom han vil ferdast på hans vegar, 5-15. Han dømer med visdom i ei sak mellom to skjøkjor, 16-28.
Kap. 4.
Fremste embetsmennene åt Salomo vert opprekna, 1-19. Folket har det godt so lenge han styrer; grensone åt riket hans vert nemnde; noko om det drustelege hoffhaldet hans; vognene og hestane hans, 20-28. Visdomen hans, 29-34.
Kap. 5.
Salomo sender bud til Hiram, kongen i Tyrus og bed om timber, so han kan få bygt eit tempel, 1-6. Hiram vil gjerne tena Salomo med dette; dei gjer samband med einannan, 7-12. Salomo set mange tusen mann til å syta for timber og stein til tempelbyggjingi, 13-18.
Kap. 6.
Salomo byggjer templet, det heilage og det høgheilage romet, like eins forhalli og ein tilbygnad innåt tempelmurane, i tri høgder og med kovar, 1-10. Herren openberrar seg for Salomo og seier at han vil halda lovnadene sine, so sant Salomo lyder han, 11-13. Innvendes bordklæder Salomo huset og klæder det med gull; han lagar kjerubar og dører og byggjer ein fyregard, 14-38.
Kap. 7.
Salomo byggjer eit drusteleg hus med ein fyregard åt seg sjølv og, 1-12. Hiram, ein kunstnar frå Tyrus, gjer to gilde koparsulor til templet, 13-22, like eins eit støypt vasskjer som låg på tolv koparuksar, og ti koparkjer på ti fotstykke av kopar, 23-39, og andre gogner av kopar, 40-47, dessutan to gull-ljosestakar og andre ting av gull. Templet vert ferdig, og alt det som David hadde helga, vert bore inn i det, 48-51.
Kap. 8.
Salomo kallar i hop styresmennene i Israel og fylkeshovdingane og let prestane bera Herrens kista inn i templet; Herrens herlegdom fyller det, 1-11. I dette ser han ein oppfylling av Herrens lovnad og eit vitnemål om at Herren har valt templet til bustad åt seg; han velsignar folket og prisar Herren; som har halde lovnadene han gav David, med di han let Salomo byggja dette huset, 12-21. Han bed at Herren vil hava sitt auga vendt mot dette huset og i sin himmel høyra bønene åt dei som bed til han med audmjuke og ærlege hjarto, anten i huset eller so at dei vender seg mot det, 22-53. Han velsignar folket ein gong til, prisar Herrens miskunn og truskap og bed at han vil vera med Israel framleides, 54-61. Kongen og folket ofrar og høgtidar lauvhyttehelgi; folket fer heim i stor gleda, 62-66.
Kap. 9.
Herren syner seg for Salomo att og lovar at han vil gjera som han har bede um, og tryggja riket hans, so framt han held bodi og lovene hans; men vender Israel seg i ulydnad frå han og dyrkar andre gudar, so vil han vraka både folket og templet, 1-9. Salomo gjev kong Hiram 20 byar for di han har hjelpt han med byggverki hans; men Hiram er ikkje nøgd med dei, 10-14. Til byggjingi brukar Salomo ei mengd med arbeidsfolk som ikkje høyrer til Israels-folket, 15-23. Salomo let kona si flytja inn i det huset han har bygt åt henne, ofrar tri gonger om året, og han og Hiram sender skip til Ofir, 24-28.
Kap. 10.
Dronningi i Saba kjem og vil røyna visdomen åt Salomo; ho undrast storleg både over visdomen hans, over templet og over herlegdomen hans; ho gjev og får store gåvor og fer so heim att, 1-13. Salomo samlar ovmykje gull og får gjort mange gullskjoldar og ein prydeleg kongsstol; alle staup og gogner i huset hans er av gull; han får mykje gull og andre eigneluter frå Ofir, 14-22. Han er rikare og visare enn alle andre kongar, får jamleg store gåvor frå alle kantar og har mange vogner og hestar, 23-29.
Kap. 11.
Salomo syndar med di han tek mange heidningkvinnor til konor; dei får han til å byggja offarhaugar åt gudane sine, 1-8. Herren vert harm og trugar med at han vil taka ti ætter frå son hans, 9-13. Herren lagar det so at fiendar reiser seg mot han: Hadad, ein edomit, Reson, ein syrar, 14-25, og Jeroboam; om han spår profeten Akia at han skal verta konge over dei ti ættene; Salomo freistar å drepa han, men han kjem undan til Egyptarland; Salomo døyr, 26-43.
Kap. 12.
Israel vil kåra Rehabeam, son åt Salomo, til konge over seg, dersom han vil letta dei tunge byrdene som far hans hadde lagt på dei; men dei unge rådgjevarane hans får han til å gjeva eit hardt svar, og då fell dei ti ættene frå han, steinar sendemennene hans og tek Jeroboam til konge, 1-20. Rehabeam vil tvinga dei til å bøygja seg, men etter Guds føresegn gjennom profeten Semaja let han det vera, 21-24. Jeroboam bur i Sikem; men han lagar to gullkalvar og set dei i Betel og Dan, skipar ei ny høgtid og vel prestar i fleng; alt dette gjer han so folket ikkje skal falla frå han att, 25-33.
Rehabeam – konge i sør
Jeroboam – konge i nord
Kap. 13.
Ein gudsmann frå Juda spår imot altaret åt Jeroboam i Betel og mot offerhaug-prestane; handi åt Jeroboam visnar; men vert god att, 1-6. Gudsmannen vil ikkje eta hjå Jeroboam; men ein profet får han til å eta hjå seg, endå Gud har forbode han det, 7-19. Same profeten varslar at han skal lata livet for di han har vore ulydig, og soleis gjeng det; profeten gravlegg han og ynskjer at han sjølv må få koma i gravi åt gudsmannen; Jeroboam held ved med gudløysa si, 20-34.
Kap. 14.
Abia, son åt Jeroboam, vert sjuk; Jeroboam let kona si klæda seg ut og sendar henne til profeten Akia i Silo, som varslar at barnet lyt døy og at Jeroboams hus skal verta utrudt; Jeroboam døyr; og Nadab, son hans, vert konge, 1-20. Rehabeam og Juda syndar og mot Herren; han let Sisak, egyptarkongen herja Jerusalem; Rehabeam døyr, og Abiam, son hans, vert konge etter han, 21-31.
Nadab – i nord
Abiam – konge i sør
Kap. 15.
Abiam gjeng ikkje på Davids veg; men for Davids skuld let Gud ætti hans hava kongedømet i Jerusalem framleides, Abiam døyr, og Asa, son hans, vert konge, 1-8. Han har burt avgudsdyrkingi i landet; han gjer samband med Benhadad, syrarkongen, so han skal hjelpa han mot Baesa, kongen i Israel, Asa døyr, og Josafat, son hans, vert konge, 9-24. Nadab, kongen i Israel, er gudlaus; Baesa drep han og ryd ut både han og heile Jeroboams hus; Baesa er likso gudlaus som kongane fyre han har vore, 25-34.
Asa og Josafat– kongar i sør
Baesa – i nord
Kap. 16.
Profeten Jehu varslar at Baesas ætt skal verta utrudd; Baesa døyr; Ela, son hans, vert konge, men er likso gudlaus som far sin; Simri drep han og ryd ut ætti hans, 1-14. Israel tek Omri til konge; han kringset Tirsa, der Simri held seg; då han har styrt sju dagar, set han eld på slottet og brenn inne; Tibni tek og kongsnamn, men døyr snart etter, 15-22. Omri byggjer Samaria; han er verre enn dei kongane som har vore fyre han; etter han er avliden, vert Akab, son hans, konge, 23-28. Akab er den verste av alle kongane som har vore; han tek Jesabel, dotter åt Sidon-kongen, til kona og dyrkar Ba'al; i hans tid byggjer Hiel opp att Jeriko, 29-34.
Kap. 17.
Profeten Elias seier til Akab at det ikkje skal koma dogg eller regn før han seier det; ramnar kjem til han med mat, 1-7. Sidan får han lenge sitt opphelde hjå ei enkja i Sarepta; mjølkrukka og oljekrusi hennar vert ikkje tome so lenge han er der, 8-16. Son hennar døyr; Elias vekkjer han til liv att, 17-24.
Elias – profet; Karmel
Kap. 18.
Etter Herrens bod gjeng Elias til Akab; på vegen møter han Obadja, slottshovdingen hans, og bed han seia til Akab at han no vil te seg fram for han; Obadja ottast at Akab skal slå han i hel dersom Elias ikkje møter; Elias seier for visst at han skal koma; Obadja seier frå til Akab, 1-16. Elias kjem, og Akab møter han med den skuldingi at han er den som fører ulukka over Israel; men Elias seier det er kongen som har skuldi, og bed han stemna i hop alle dei falske profetane på Karmel-fjellet, 17-21. Ba'als-profetane og Elias ofrar, og då syner det seg at Herren og ikkje Ba'al er den rette Gud; folket sannar det; Elias har folket til å drepa Ba'als-profetane, 22-40. Han seier til Akab at det straks skal koma regn, og det kjem, 41-46.
Kap. 19.
Jesabel sver hemn; Elias fer til øydemarki ved Be'erseba, sov under ein einerunne, får mat hjå ein engel og gjeng til Horeb-fjellet, 1-8. Herrens ord kjem til han; han vitnar for Herren om sin brennhug og klagar sårt over Israels-folket som er so gudlaust og har falle frå Herren; Herren openberrar seg for han i ei linn susing, 9-14. Han byd han salva Jehu til konge over Israel, Hasael til konge over Syria og Elisa til profet i sin stad; Elias kallar Elisa til profet, 15-21.
Kap. 20.
Benhadad kringset Samaria, krev at Akab skal senda han konone og borni sine og gullet og sylvet sitt, og trugar han hardt då han ikkje vil gjera det; ein profet vissar Akab om at han skal vinna på Benhadad; syrarane taper, 1-21. Benhadad kjem att året etter, so som profeten har spått; men Herren lovar gjenom profeten at han skal lata Akab vinna, og det gjeng so; Akab sparar Benhadad, 22-34. Ein profet varslar straff over Akab for det, 35-43.
Kap. 21.
Nabot vil ikkje lata Akab få vinhagen sin; Jesabel lagar det so at det stig fram falske vitne mot Nabot, han vert dømd og steina; Akab eignar til seg vinhagen hans, 1-16. For dette varslar Elias strenge straffedomar både over Akab og Jesabel og heile hans hus; Akab audmykjer seg for Herren; Herren gjer straffi mildare, 17-29.
Kap. 22.
Josafat, Judakongen, gjestar Akab, som får talt han over til å vera med på ei herferd mot syrarane, 1-4. Alle profetane åt Akab spår han godt; Josafat vil at dei skal henta Mika, og Mika spår Akab ulukka og seier at Herren har late ei falsk ånd tala gjenom alle profetane hans; for det får han hogg og vert sett i fangehuset, 5-28. Båe kongane fer i herferd mot syrarane; Akab fell i striden; Akasja, son hans, vert konge, 29-40. Josafat ottast Herren, ryd skjøkjesveinane ut or riket og vil ikkje hava noko samlag med Akasja; han døyr, 41-51; Akasja råder for Israelsriket i to år og er gudlaus, 52-54.
2. Kongebok
Kap. 1.
Moab fell frå Israel; Akasja vert sjuk og vil spyrgja Ba'al-Sebub, ein avgud, om han skal få leva; men Elias seier til sendemennene at han skal døy, 1-8. Akasja sender tri gonger ein hovding med 50 mann som skal henta han; det kjem eld frå himmelen og øyder dei to fyrste hovdingane og mennene deira; den tridje audmykjer seg og vert spard; Elias gjeng etter Herrens ord med han og varslar Akasja om at han skal døy; det gjeng so, 9-18.
Kap. 2.
Herren vil taka Elias burt i ein storm; Elisa vil ikkje skilja lag med han; Elias får vatnet i Jordan til å kløyva seg, og dei gjeng over, 1-8. Elisa bed at han må få ein dobbel lut av Elias' ånd; Elias vert henta opp til himmelen i ei eldvogn med eldhestar fyre; Elisa tek opp kappa hans og kløyvde Jordan-vatnet med henne, 9-14. Profetsveinane i Jeriko vil plent leita etter Elias, men finn han ikkje, 15-18. Elisa gjer vatnet i Jeriko godt; gutane i Betel hæder han; 42 gutar vert ihelrivne av bjørnar, 19-25.
Elisa - profet
Kap. 3.
Joram, kongen i Israelsriket, er gudlaus, 1-3. Han vil taka att Moab, som har falle ifrå han; difor gjer han samband med Josafat og Edom-kongen, 4-8. Heren har ikkje vatn; for Josafats skuld spår Elisa og lovar at dei skal få vatn, og at dei skal vinna over moabitane, 9-19. om morgonen ser moabitane vatnet og trur at det er blodet av fiendane; men då dei kjem til Israels-lægret, vert dei drepne; kongane herjar landet og kringset hovudstaden; men so ofrar Moab-kongen eldste son sin på muren, og då råmar Guds vreide sambandskongane, so dei lyt fara burt, 20-27.
Kap. 4.
Ei enkja kjem til Elisa og klagar seg; ho kan ikkje greida skuldi etter mannen sin, og no vil kravsmannen taka båe sønene hennar til trælar. Elisa gjer eit under: oljen i krukka hennar aukar so rikeleg at ho kan greida skuldi og endå har mykje att, 1-7. Elisa gjester ei rik kone i Sunem, som tek vel i mot han; han lovar henne ein son om eit år, 8-16. Ho får ein son, men etter nokre år vert han sjuk og døyr; ho leitar opp Elisa; han sender Gehasi, sveinen sin, og seier han skal leggja staven hans på guten; men han vaknar ikkje; Elisa kjem og vekkjer han til liv, 17-37. Elisa gjer noko forgifta mat etande og mettar 100 mann med 20 byggbrød, 38-44.
Kap. 5.
Na'aman, herhovdingen åt syrarkongen, er spillsjuk; ei gjenta frå Israel-landet råder han til å søkja hjelp hjå Elisa i Samaria; syrarkongen sender Na'aman med eit brev til kong Joram og bed han gjera han god att; Joram vert forstøkt, 1-7. Elisa sender bod til kongen etter Na'aman og seier at han skal lauga seg sju gonger i Jordan; Na'aman vert harm, men umsider lyder han profeten og vert rein, 8-14. Profeten vil ikkje taka imot nokor gåva; Na'aman seier at han heretter vil ofra berre til Herren, 15-19. Gehasi skundar seg etter Na'aman og bed han om ei gåva; det får han, men vert spillsjuk, 20-27.
Kap. 6.
Elisa får ei øks som har dotte i vatnet, til å fljota opp, 1-7; han vitrar Israels-kongen om løynrådene åt syrarkongen, 8-12; han fører dei syrarane som skal taka han, midt inn i Samaria, men vil ikkje at kong Joram skal drepa dei, 13-23. Samaria vert kringsett; det vert slik svolt og naud i byen at ei kvinna et sitt eige barn; kong Joram gjev Elisa skuldi for det og vil slå han i hel, 24-33.
Kap. 7.
Elisa spår at hungersnaudi skal vera slutt dagen etter, og seier til ein av hovudsmennene, som ikkje vil tru, at han skal få sjå det, men ikkje få njota godt av det, 1. 2. Fire spillsjuke menner finn syrarlægret tomt for folk, men med alt som elles høyrde til, 3-9. Dei seier frå til kongen; Israel plundrar lægret, og båe spådomane at profeten sannar seg, 10-20.
Kap. 8.
Elisa råder mor åt den guten han har vekt opp, til å fara or landet, av di det skal koma hungersnaud; ho gjer det, men då uåri er lidne, kjem ho att, og Gud lagar det so at ho får att jordvegen sin og alt ho åtte, 1-6. Elisa kjem til Damaskus og varslar om at Benhadad skal døy og Hasael verta konge og gjera Israel mykje vondt, 7-13. Hasael drep Benhadad og vert konge, 14. 15. Joram vert konge i Judariket; han er gudlaus; edomitane fell frå han; han døyr, 16-24. Akasja vert konge etter han; han er og gudlaus; han fer herferd mot syrarane saman med Joram, Israels-kongen; Joram vert såra; Akasja kjem og lydest om han i Jisre'el, 25-29.
Kap. 9.
Elisa set ein av profetane til å salva Jehu til konge over Israel; profeten gjer so og byd Jehu rydja ut Akabs hus, 1-10. Jehu lagar ei samansverjing mot Joram og fer til Jisre'el, 11-20. Joram og Akasja fer til møtes med han; han drep Joram og får ein mann til å kasta liket inn på bømarki åt Nabot; Akasja og vert drepen, 21-29. Nokre hirdmenner støyter Jesabel ut igjenom vindauga; hundane et henne opp, 30-37.
Kap. 10.
Jehu let drepa dei 70 Akabs-sønene og ryd ut heil Akabs hus, 1-11; han let mennene sine drepa brørne åt Akasja, tek Jonadab med seg til Samaria og drep der dei som er att av Akabs hus, 12-17; han lest vera ein ihuga Ba'als-dyrkar og får samla alle Ba'als-prestane i Ba'als-templet, drep dei og riv ned templet; soleis gjer han ende på Ba'als-dyrkingi i Israel; men han dyrkar kalvane som Jeroboam sette opp, 18-29. Herren lovar han at etterkomarane hans skal sitja på hans kongsstol til fjorde leden; Hasael slær Israel og tek landet austanfor Jordan; Jehu døyr, 30-36.
Kap. 11.
Då Atalja, mor åt Akasja, får høyra at sonen er avliden, drep ho heile kongslyden so nær som Joas, som presten Jojada løyner i templet, 1-3. Sjuande året deretter får Jojada Joas kåra til konge, og Atalja vert drepi, 4-16. Jojada gjer ei pakt mellom Herren og kongen og folket og får gjort ende på Ba'als-dyrkingi; Joas set seg på kongsstolen; landslyden er nøgd, 17-21.
Kap. 12.
Joas ottar Gud so lenge Jojada lever; men avgudshaugane vert ikkje nedlagde, 1-3. Joas får samla pengar, so templet kan verta vølt, 4-16. Han sender Hasael store gåvor og får han til å draga burt; mennene hans drep han, 17-21.
Kap. 13.
Joakas vert konge i Israel etter Jehu; han er gudlaus, og landet hans vert herja av syrarane, men Gud bønhøyrer og hjelper han då han gjer bot; han døyr, 1-9. Joas, son hans, vert konge i Israel etter han; han døyr, 10-13. I hans dagar vert Elisa sjuk; Joas lydest om han; Elisa lovar han siger over syrarane; Elisa døyr; ein daud mann kjem innåt beini hans og livnar opp ått, 14-21. Hasael døyr, og Benhadad vert konge i Syria; Joas vinn over han tri gonger og tek att nokre byar som Israel hadde ått, 22-25.
Kap. 14.
Amasja vert konge i Juda etter Joas; han gjer det som rett er for Herren; han drep dei som tok livet av far hans, og slær edomitane, 1-7. Han vert ovmodig og vil plent stridast med Joas, Israels-kongen, men taper; mennene hans drep han; Asarja, son hans, vert konge, 8-22. Jeroboam, son åt Joas, vert konge i Israel; han er gudlaus; han slær syrarane, som Jonas har spått; han døyr, 23-29.
Kap. 15.
Asarja, kongen i Judariket, gjer det som er rett for Herren; han vert spillsjuk; han døyr, 1-7. Sakarja Jeroboamsson vert konge i Israel; han er gudlaus; han vert drepen av Sallum, 8-12. Sallum vert konge; han vert drepen av Menahem, 13-16. Menahem vert konge; han er gudlaus; han gjev Ful, assyrarkongen, 1.000 talent sylv, so han skal stydja han; han døyr, 17-22. Pekahja, son hans, vert konge; han er gudlaus; han vert drepen av Pekah, 23-26. Pekah vert konge; han er gudlaus; Tiglat-Pileser fører ein stor lut av folket burt til Assyria; Hosea drep Pekah og vert konge i staden hans, 27-31. Medan Pekah styrer, vert Jotam konge i Juda; han gjer det som er rett for Herren; men offerhaugane vert ikkje nedlagde; Pekah og Resin fell inn i Juda; Jotam døyr, 32-38.
Kap. 16.
Akas Jotamsson vert konge i Juda; han er ovleg gudlaus; Pekah og Resin tek på han, men han kjøper Tiglat-Pileser til å fara i herferd mot dei, 1-9. Han fer til Damaskus til møtes med Tiglat-Pileser; der ser han eit avgudsaltar og let øvstepresten byggja eit som har same skapet, i Jerusalem; han flyt brennofferaltaret og skipar om sumt anna i templet; han døyr, 10-20.
Kap. 17.
Hosea vert konge i Israel; han er gudlaus, men ikkje so som dei kongane som har vore fyre han; han lyt gjeva seg under Salmanassar; men då han i løynd gjer samband med So, kongen i Egyptarland, vert Samaria kringsett og herteke, og dei ti ættene vert burtførde til Assyria av Salmanassar, 1-6. Alt dette kjem over Israel for di dei har dyrka avgudar og vore ulydige mot Herren og profetane hans, 7-23. Kongen i Assyria let heidne folk busetja seg i landet; for deira avgudsdyrking skuld herjar løvor mellom dei; difor sender kongen dei ein israelitisk prest som skal læra dei; etter den tid dyrkar dei både Herren og avgudar, 24-41.
Kap. 18.
Esekias, son åt Akas, vert konge i Juda; han ottast Herren og ryd ut avgudsdyrkingi; han seier seg laus frå assyrarkongen; han slær filisterane, 1-8. I hans tid vert dei ti ættene burtførde; sidan hertek Sankerib alle dei faste byane i Juda og legg på Esekias ei avgift, som han svarar, 9-16. Like vel sender Sankerib Rabsake og nokre andre menner, som eggjar opp folket mot Esekias og spottar Gud; Esekias får bod om det, 17-37.
Esekias/Hiskia konge i Juda
- Hiskia var ein gudfryktig konge som fekk bort avgudsdyrking i sør-riket vil ikkje ha noko med heidningefolk å gjera. Men det var i hans tid at nord-riket vart bortført til Assyria og åtaket byrjar på Juda rike.
Kap. 19.
Esekias riv sund klædi sine, sender mennene sine til profeten Esaias og bed han ganga til Herren og gjera forbøn for folket, 1-4. Herren let Esekias få trøyst og varslar ulukka for Sankerib. Sankerib sender eit brev til Esekias; i det spottar han Gud, 5-13. Esekias legg brevet fram for Herren og bed inderleg, 14-19. Esaias vitrar Esekias om at Herren vil straffa Sankerib og verna Jerusalem, 20-34. Ein engel slær i hel 185.000 mann i assyrarlægret; Sankerib vert drepen av sine eigne søner, 35-37.
Jesaja profet
Jesaja kjem nå med trøyst til kongen i Juda, men varslar at Herren skal straffa Sankerib. Herren har alltid eit sendebod i rett tid.
Kap. 20.
Esekias vert strengt sjuk og bed til Herren: Herren lovar at han vil leggja femtan år attåt alderen hans, og stadfester lovnaden sin med eit under, 1-11. Berodak Baladan, kongen i Babel, sender nokre menner til Esekias, og han syner dei alle skattane og eignelutene sine; Herren vert harm for det og varslar at alt saman ein gong skal verta ført til Babel; Esekias trøystar seg med at det skal vera fred i hans tid; han døyr, 12-21.
Kap. 21.
Manasse vert konge; han er ovleg gudlaus, forfører folket til stor gudløysa og vyrder ikkje Herrens profetar og dei strenge trugsmåli frå Herren; han renner ut skuldlaust blod; han døyr, 1-18. Amon vert konge; han er likso gudlaus som far sin; han vert drepen av sine eigne menner, 19-26.
Kap. 22.
Josias vert konge; han gjer det som rett er for Herren, og vøler Herrens hus, 1-7. Hilkias, øvstepresten, finn lovboki, og Safan les henne opp for kongen; kongen vert forstøkt då han høyrer kva som stend i lovboki, og sender mennene sine til Hulda, profetkvinna, og bed henne spyrja Herren, 8-14. Ho sender det bodet attende til kongen at Herren vil lata ulukka koma over Juda, men ikkje i hans tid, 15-20.
Kap. 23.
Josias stemner folket i hop og les opp lovi for dei; han gjer den pakti med dei at dei skal tena Herren, og ryd ut avgudsdyrkingi og avgudsprestane, 1-14. Altaret i Betel og riv han ned og brenner mannebein på det, men sparer beini åt den profeten som hadde spått at dette skulde henda; han får og burt offerhaug-husi og let offerhaug-prestane drepa på altari, 15-20. Han held påskehøgtid og ryd ut dei som har fare med å mana fram daudingar og spåvette; men Herrens vreide mot Juda held ved for skuld syndene åt Manasse. Josias fell i eit slag mot Farao Neko, 21-30. Joakas vert konge; han er gudlaus; Neko fangar han og fører han burt til Egyptarland; Jojakim vert konge, men lyt svara skatt til Neko; han er gudlaus, 31-37.
Kap. 24.
Jojakim lyt gjeva seg under Nebukadnesar, Babel-kongen, men fell ifrå han att; Herren heimsøkjer Judafolket hardt for syndene deira; Jojakim døyr; kongen i Egyptarland gjer ikkje fleire herferder mot Babel, 1-7. Jojakin vert konge i Juda; han er gudlaus; han vert fanga og førd til Babel, og med han ein stor lut av Judafolket, 8-16. Sedekias vert konge; han er gudlaus; han fell ifrå Babel-kongen, 17-20.
Kap. 25.
Kongen i Babel hertek Jerusalem; han let drepa sønene åt Sedekias, Judakongen, og sting ut augo på han sjølv, 1-7. Kaldearane brenner opp Herrens hus, riv ned murane kring Jerusalem, fører burt folket so nær som nokre av dei ringaste i landet, og tek med seg alle eignelutene i templet; kongen let drepa øvstepresten og nokre av prestane og av dei gjævaste mennene i landet, 8-21. Han set Gedalja til å styra det folket vert att, men Ismael drep Gedalja; dei andre rømer til Egyptarland, 22-26. Evilmerodak, kongen i Babel, gjev Jojakin, Judakongen, fri og let han eta ved sitt bord, 27-30.
1. Krønikerbok
Kap. 1.
Etterkomarane etter Adam til Noah, 1-4; etterkomarane etter Jafet, 5-7, etter Kam, 8-16, etter Sem, 17-27, etter Abraham, 28-34, etter Esau, 35-42. Kongane og jarlane i Edom, 43-54.
Kap. 2.
Sønene åt Jakob, 1. 2. Sønene åt Juda, 3. 4. Sønene åt Peres, 5. Sønene åt Serah, 6-8. Sønene åt Hesron gjenom Ram, 9-17, gjenom Kaleb og gjenom dotter åt Makir, 18-24, gjenom Jerahme'el, 25-41. Meir om Kalebs-ætti, 42-55.
Kap. 3.
Sønene åt David, 1-9; etterkomarane etter Salomo til Sedekias, 10-16; etterkomarane etter Jekonja, 17-24.
Kap. 4.
Etterkomarane etter Juda gjenom Peres, 1-20, og gjenom Sela, 21-23. Etterkomarane etter Simeon og bustadane deira, 24-38; korleis dei hertok Gedor og andre stader, 39-43.
Kap. 5.
Sønene og etterkomarane åt Ruben; herferdi deira mot hagarenane, 1-10. Bustadane åt Gads-ætti og dei gjævaste mennene i den ætti; dei er med i ufreden med hagarenane, saman med Rubens-ætti og halve Manasse-ætti, 11-22. Bustadene åt den halve Manasse-ætti og dei gjævaste mennene der; dei ættene som her er nemnde, vert burtførde til Assyria, 23-26.
Kap. 6.
Sønene og næmaste etterkomarane åt Levi; øvsteprestane til burtføringi, 1-15. Ættelista åt dei tri Levi-sønene, 16-30, ættelista åt dei som David sette til å greida med songen i Herrens hus, 31-47. Gjeremåli åt Aron og sønene hans, 48. 49. Øvsteprestane til Salomo-tidi, 50-53. Levit-byane, 54-81.
Kap. 7.
Ættelistone åt Issakar, 1-5, Benjamin, 6-12, Naftali, 13, Manasse, 14-19, Efra'im, 20-29, og Aser, 30-40.
Kap. 8.
Nøgnare utgreiding om ættelina åt Benjamins-ætti, 1-5; dei som budde i Geba og Ajalon, vert umtala for seg, 6-13, like eins Jerusalems-buane, 14-28, og Gibeons-buane; her kjem ættelista åt Saul, 29-40.
Kap. 9.
Lista over nokre som budde i Jerusalem av Juda- og Benjamins-ættene, 1-9, like eins av prestane og levitane og portvaktane og songarane; gjeremåli deira vert nemnde, 10-34. Ættelista åt Saul, 35-44.
Kap. 10.
Filisterane slær Israel, Sauls-sønene fell. Saul drep seg, Israels-mennene rømer frå byane sine, 1-7. Filisterane plundrar dei falne og hengjer hovudet åt Saul opp i Dagonstemplet. Nokre Jabes-menner tek liki av Saul og sønene hans og jordar dei. Saul let livet for sine synder skuld, 8-14.
Kap. 11.
Israel kårar David til konge i Hebron. Han tek Sions-borgi og byggjer byen; Herren er med han, 1-9. Kjempone hans og storverki deira vert opprekna, 10-25, like eins dei djervaste hermennene hans, 26-47.
Kap. 12.
Dei benjaminitane som kom til David i Siklag, vert opprekna, 1-7, like eins dei gaditane som heldt seg til han, 8-15, og dei mennene av Juda-, Benjamins- og Manasseættene som slo lag med han, 16-22. Talet på dei mennene av alle ættene som kom til Hebron og vilde gjera David til konge, 23-40.
Kap. 13.
David stemner i hop folket, so dei skal vera med og flytja paktskista frå Kirjat-Jearim til Davidsstaden, 1-8; men då Ussa misser livet, let han dei setja kista i huset til Obed-Edom, 9-14.
Kap. 14.
Hiram sender David timber til å byggja eit hus av; David får søner i Jerusalem, 1-7. Han vinn over filisterane to gonger, 8-17.
Kap. 15.
David steller til eit rom åt Guds kista, set levitane til å bera henne og stemner i hop Israel og dei fremste levitane, 1-10. Han seier prestane og levitane fyre kva dei skal gjera; dei gjer som han har sagt, 11-15. Han let songarar fylgja kista og fører henne opp til Davidsstaden med stor gleda; Mikal vanvyrder han, 16-29.
Kap. 16.
Dei set arki på staden sin på Sion; David ofrar, velsignar folket og skifter ut mat åt dei, 1-3. Han set nokre levitar til å gjera tenesta framfor kista og til å lova Herren med song og spel, 4-6, og let dei kveda ein lovsong til Herren, 7-36. Han let nokre songarar og prestar og levitar vera att ved tabernaklet i Gibeon; folket fer heim, 37-43.
Kap. 17.
David vil byggja Herren eit hus, og Natan tel han til det, 1. 2. Men Herren sender Natan til David med det bodet at ikkje han skal byggja Herren eit hus, men at Herren framleides vil opphøgja han og byggja eit hus åt han. Son hans skal byggja eit hus, og Herren vil gjera Davids rike til eit æveleg rike (med den lovnaden er tenkt på Messias), 3-15. David sanner at han er uverdig til so stor nåde, prisar Herren og bed at han vil gjera som han har lova, 16-27.
Kap. 18.
David vinn over filisterane og moabitane og Hadareser, kongen i Soba, og syrarane frå Damaskus, 1-8. To'u, kongen i Hamat, sender han gåvor; både dei og det herfanget han har teke frå fiendane, helgar han til Herren, 9-11. Han slær edomitane; Herren er med han, 12-14. Dei fremste embetsmennene hans vert opprekna, 15-17.
Kap. 19.
Nahas, ammonitarkongen døyr; Hanun, son hans, svivyrder dei mennene som David har sendt til å trøysta han, 1-4. Joab og Absai, herhovdingane åt David, slær amonitane og syrarane, som har hjelpt dei, 5-15. Syrarane taper ein gong til for David, 16-19.
Kap. 20.
David held fram med ufreden mot ammonitane, vinn over dei og straffar dei strengt, 1-3. Nye ufredar med filisterane; dei misser nokre av kjempone sine, 4-8.
Kap. 21.
David set Joab til å telja folket, 1-6. Herren vert harm; David sannar si synd og gjer bot, men vert like vel straffa med ei drepsott, 7-13. 70.000 mann døyr i sotti; David bed audmjukt til Herren, 14-17. Han får påbod om å byggja eit altar på treskjevollen åt Ornan; han kjøper den, byggjer altaret og ofrar; so held sotti opp, 18-27; David ofrar oftare der, 28-30.
Kap. 22.
David gjer av at templet skal byggjast på den tufti han har kjøpt av Ornan, og samlar byggjefang, 1-5. Han seier til Salomo at det er han som etter Herrens vilje skal byggja templet, gjev ymse formaningar om det, 6-16, og byd Israels hovdingar hjelpa han med det, 17-19.
Kap. 23.
David gjer Salomo til konge; levitane vert talde og får seg tiletla kvar sine gjeremål, 1-5. Dei vert bytte i tri skift etter namni på sønene åt Levi; Gerson, Kahat og Merari, 6-24. Gjeremåli deira, 25-32.
Kap. 24.
David byter prestane av Eleasars- og Itamars-ættene med lutkasting i 24 skift, 1-19, og like eins levitane av Kahats- og Merari-ættene i ymse yrkes-lag, 20-31.
Kap. 25.
David nemner ut songarar under Asaf og Heman og Jedutum, 1-7. Dei vert bytte i 24 skift, 12 i kvart skift, 8-31.
Kap. 26.
Portvaktar-skift som skal halda vakt ved Guds hus, 1-19. Dei som skal hava tilsyn med skattane i Guds hus, 20-28. Tilsynsmenner og domarar, 29-32, alle av Levi-ætti.
Kap. 27.
Herhovdingane åt David og dei tolv skifti deira, 1-15. Fylkeshovdingane, 16-24. Dei som har tilsyn med eignelutene åt David, 25-31. Dei gjævaste rådgjevarane, venene og mennene hans, 32-34.
Kap. 28.
David samlar alle hovdingane i Israel og manar dei til å lyda Salomo, som Gud hadde kåra til konge, til å hjelpa han med tempelbyggingi og til å halda Herrens bod, 1-8. Han manar Salomo til å ottast Gud, gjev han teikningar til templet - både sjølve bygnaden og innreidingi -, 9-19, og bed han ganga hugheilt til verket, 20. 21.
Kap. 29.
David seier til lyden kva det er for vyrke han har samla til templet, og manar dei til å fylgja fyredømet hans, 1-5. Israels hovdingar kjem viljugt med gåvor; gull og sylv og kopar og jarn og anna, 6-8. David og folket gled seg over det; han prisar Herren for denne nåden og bed for folket og for Salomo, son sin, 9-19. Folket prisar Gud, ofrar og gjer Salomo til konge andre gongen, 20-22. Salomo har lukka med seg i kongedømet sitt og alle lyder han. David døyr, 23-30.
2. Krønikerbok
Kap. 1.
Salomo vert ein mektig konge, 1; han ofrar i Gibeon, 2-6, og bed Gud om visdom; Gud lovar å gjeva han både visdom og rikdom og æra, 7-12. Salomo kjem attende til Jerusalem; han samlar seg vognar og hestfolk og stor rikdom, 13-17.
Kap. 2.
Salomo set arbeidsfolk til å byggja templet, 1. 2. Han sender bod til kong Hiram og bed om timber og kunnige arbeidsfolk og lovar å gjeva dei kveite og olje og vin, 3-10. Hiram lovar å gjera det han bed um, 11-16. Salomo set alle dei framande i Israel til arbeidet, 17. 18.
Kap. 3.
Staden der templet vert bygt, og kva tid dei tek til å byggja, 1. 2. Storleiken og innreidingi, 3-9. Salomo let gjera to kjerubar, eit forheng og to store sulor framanfor templet, 10-17.
Kap. 4.
Salomo let gjera eit brennofferaltar av kopar og eit støypt vasskjer, 1-5, ti tvåttebaljor, ti ljosestakar og ti bord; han får bygt dei to fyregardane og får gjort oskefat, eldskuflor og skåler, 6-11. Det vert fortalt kva for ting Huram laga, og kva han laga dei av, 12-22.
Kap. 5.
Salomo flyt inn i templet alt det som var helga til Herren, og paktkista med det som var i henne, 1-10. Prestane gjeng ut or heilagdomen; levitane prisar Gud; Herrens herlegdom syner seg i ei sky som fyller huset, 11-14.
Kap. 6.
Salomo prisar Herren for di han har halde dei lovnadene han gav David, 1-11. Han legg seg på kne for Herren og bed at han framleides vil halda lovnadene sine, 12-17, og serleg at han vil høyra bønene åt dei som bed til han anten i dette huset eller vende mot det, 18-42.
Kap. 7.
Eld frå himmelen øyder offeret som Salomo ber fram, Herrens herlegdom fyller templet, folket lovar Gud; huset vert vigsla med mange offer, 1-7. Dei høgtidar lauvhyttehelgi; folket fer heim, 8-11. Herren lovar at han vil høyra bønene åt Salomo, so framt han og folket vil lyda Gud, 12-18; elles vil han straffa dei hardt, 19-22.
Kap. 8.
Salomo byggjer byar og borger, 1-6, tek dei framande i landet til arbeidsfolk og gjer dei til trælar, men set Israels-mennene til hermenner og hovdingar, 7-10. Han let kona, dotter åt Farao, flytja inn i det huset han har bygt åt henne, ofrar og har umsut for gudstenesta, 11-16; han sender skip til Ofir, 17. 18.
Kap. 9.
Dronningi i Saba kjem til Salomo og vil røyna visdomen hans; ho undrast storleg både over den og over all herlegdomen hans, prisar Gud, gjev og tek imot store gåvor og fer so heim att, 1-12. Salomo samlar mykje gull og let gjera gullskjoldar, ein kongsstol av flisbein og staup og husgogner av gull, 13-21. Han vert æra av alle og får jamleg store gåvor, han har mange hestar og vogner, er mektig og ovrik; han døyr, 22-31.
Kap. 10.
Rehabeam fer til Sikem og vil lata seg kåra til konge over Israel, men dei ti ættene fell ifrå han, av di han ikkje vil letta den tunge byrdi som far hans har lagt på dei; han sender Hadoram, men dei steinar han, 1-19.
Kap. 11.
Rehabeam vil strida mot dei ti ættene og leggja dei under seg att, men let det vera etter Semajas råd, 1-4. Han byggjer festningsverk i sume av byane i Juda og Benjamin, 5-12. Prestane og levitane gjev seg under han, av di Jeroboam jagar dei or tenesta deira; det same gjer mange andre i Israels-fylki, som ottast Gud, 13-17. Han har mange konor og mange søner; han gjer Abia til hovding mellom brørne hans; dei får bu kringum i byane, 18-23.
Kap. 12.
Rehabeam og Israel synder mot Herren, som gjev dei i hendene på Sisak, 1-5. Dei audmykjer seg for Herren, som lovar å frelsa dei; men Sisak dreg av med skattane og gullskjoldane; i staden for dei let Rehabeam gjera koparskjoldar, 6-12. Han råder framleides over Juda, men held fram i gudløysa si; han døyr, 13-16.
Kap. 13.
Abia vert konge, byrjar ufred mot Jeroboam, talar til han om si rettferdige sak og vinn over han, 1-17. Israel vert døyvt, Juda vert styrkt; Abia tek ifrå Jeroboam nokre byar; han har mange konor og born, 18-22.
Kap- 14.
Abia døyr; Asa vert konge i Judariket; han ottast Gud, får burt avgudsdyrkingi, byggjer faste byar og samlar seg ein stor her, 1-8. Serah, kongen i Etiopia, tek på han; Asa ropar til Herren, og Herren lagar det so at han vinn over etiopane og tek mykje herfang med seg heim att, 9-15.
Kap. 15.
Asarja trøystar Asa og manar han til å halda fast ved Herren, 1-7. Asa har burt avgudsdyrkingi; mange gjeng over til han frå Israel; han kallar i hop heile folket, og dei lovar å tena Herren, 8-15. Han tek dronningrangen frå mor si og gjer ein ende på avgudsdyrkingi hennar; men offerhaugane vert ikkje nedlagde; han flyt det som var helga, inn i Guds hus; han har fred, 16-19.
Kap. 16.
Baesa gjer Rama til ein fast by; Asa gjer samband med Benhadad, kongen i Syria, som vinn over Baesa, 1-6. Profeten Hanani lastar Asa for di han har gjort samband med Syria-kongen; Asa set han i fengsel og fer hardt med andre av folket og, 7-11. Asa vert sjuk, men søkjer ikkje Herren; han døyr og får ei ærefull jordferd, 12-14.
Kap. 17.
Josafat vert konge etter Asa og tryggjer riket sitt; han ottast Gud; Herren er med han, 1-5. Han får burt offerhaugane og avgudsbileti og sender hovdingane sine og levitane ut til å læra folket, 6-9. Josafat har fred, får gåvor hjå filistarar og arabarar, aukar veldet sitt og samlar seg ein stor her, 10-19.
Kap. 18.
Josafat kjem i giftarskyldskap med den gudlause Akab, gjestar han og let seg eggja til å fara i herferd i lag med han, 1-3. Han vil fyrst spyrja Herren, men er ikkje nøgd med profetane åt Akab. So hentar dei Mika; han spår annarleis og råder kongane frå å fara i herferdi, men dei dreg mot syrarane like vel, 4-28. Josafat kjem i fåre, ropar til Herren og vert berga; Akab let livet, 29-34.
Kap. 19.
Josafat vert refst av profeten Jehu for di han har hjelpt Akab, 1-3. Han set inn domarar i landet og manar dei til å røkta embetet sitt med age for Herren, 4-11.
Kap. 20.
Moabitane og andre heidningfolk slær seg i hop og gjer ei herferd mot Josafat; han lyser til ei fasta, samlar folket og bed til Gud, 1-13. Jahasiel, ein levit, seier til han at Gud sjølv vil strida for han; Josafat trur det; dei prisar Gud og dreg ut mot fiendane, som tyner kvarandre; folket tek mykje herfang og lovar Gud; dei får fred for fiendane sine, 14-30. Josafat råder framleides over Judariket med age for Herren; men offerhaugane vert ikkje nedlagde; han gjer samband med Akasja, Israels-kongen; profeten Elieser varslar han straff frå Herren for det, 31-37.
Kap. 21.
Josafat døyr etter han har sett Joram til konge og gjeve dei andre sønene sine gåvor, 1-3. Joram drep brørne sine og er gudlaus; edomitane fell ifrå han, han slær dei, men kan ikkje leggja dei under seg att, av di Herren ikkje er med han, 4-11. Profeten Elias varslar han i eit brev harde straffedomar frå Gud; fiendane herjer landet og fører burt konone og sønene hans, og sjølv døyr han av ein ulækjande sjukdom, 12-20.
Kap. 22.
Akasja vert konge; han er gudlaus; han fer i herferd saman med Joram, Israels-kongen, og vert drepen av Jehu, 1-9. Atalja, mor hans, drep heile kongsætti so nær som yngste son åt Akasja; han vert løynd av Jojada i seks år, medan Atalja råder i landet, 10-12.
Kap. 23.
Då Joas er sju år gamal, gjev Jojada han kongsnamn, og Atalja vert drepi, 1-15. Folket og kongen gjer ei pakt med kvarandre at dei vil tena Herren; Ba'als-dyrkingi vert utrudd; Joas vert sett på kongsstolen; landet er roleg, 16-21.
Kap. 24.
Joas ottast Gud so lenge Jojada lever, og gjev påbod om at Herrens hus skal vølast; Jojada døyr, 1-16. Judahovdingane får kongen til å gjera avgudsdyrkingi lovleg att; Sakarias, son åt Jojada, som mæler imot, vert steina, 17-22. Syrarane kjem inn i landet, og Herren gjev Joas og folki i deira vald; Joas vert drepen av sine eigne menner, 23-27.
Kap. 25.
Amasja vert konge etter Joas; han ottast Herren og tek livet av dei som drap far hans, 1-4. Han samlar ein stor her og leiger dessutan nokre menner frå Israel, men sender dei attende etter råd frå ein gudsmann; han slær edomitane, 5-12. Israels-mennene som vart sende heim, fell inn i Juda og drep mange; Amasja dyrkar avgudar og vert refst av ein profet, men vil ikkje lyda etter han, 13-16. Han vil plent stridast med Joas, Israels-kongen, men taper; til sist vert han drepen av sine eigne menner, 17-28.
Kap. 26.
Ussias vert konge; han ottast Gud, og alt lukkast for han; han byggjer mykje og samlar ein stor her og forråd av våpen og krigstarvande, 1-15. Men so vert han ovmodig og vil ofra røykjelse; då vert han spillsjuk; Jotam, son hans, styrer riket; Ussias er spillsjuk alt til han døyr, 16-23.
Kap. 27.
Jotam vert konge; han gjer det som rett er for Herren; han byggjer mykje, 1-4. Han vinn over ammonitane og får stor makt; han døyr, 5-9.
Kap. 28.
Akas vert konge; han er gudlaus og dyrkar avgudar, 1-4. Herren gjev han og folket hans i hendene på syrarane og israelitane; israelitane dreg av med mange fangar, men slepper dei frå seg att, 5-15. Akas bed assyrarkongen om hjelp; edomitane og filisterane herjar på landet hans, og assyrarkongen tek på han i staden for å hjelpa han, men Akas vert berre endå meir gudlaus; han døyr, 16-27.
Kap. 29.
Esekias vert konge; han ottast Herren og manar prestane og levitane til å få gudstenesta i rett lag att, 1-11. Dei reinsar Herrens hus, ofrar og legg seg om å få skipa gudstenesta på rette måten; levitane er meir ihuga enn sume av prestane, 12-36.
Kap. 30.
Esekias sender brev og kallar i hop heile Israel og Juda til å halda påskehelg i Jerusalem; sume spottar bodberarane, sume kjem, 1-13. Dei har burt avgudsaltari og held påskehelg i sju dagar; Esekias bed for dei som ikkje har reinsa seg som lovi byd, 14-22. Dei held høgtid i sju dagar til med stor fagnad, 23-27.
Kap. 31.
Esekias ryd ut all avgudsdyrking, greider med embeti åt prestane og levitane og syter for opphelde åt dei, 1-10. Han let laga til opplagsrom åt det som kjem inn til prestane og levitane, og set til tilsynsmenner som skal byta det ut til dei; han held ved og ottast Herren, 11-21.
Kap. 32.
Sankerib, kongen i Assyria, dreg inn i Judariket og kringset dei faste byane der; Esekias set Jerusalem i forsvarsstand og trøystar folket, 1-8. Sankerib hæder både Esekias og Herren, 9-19. Esekias og Esaias ropar til Herren; Herren sender ein engel som tyner assyrarane, og bergar folket sitt, 20-23. Esekias vert strengt sjuk, men vert lækt av Herren; han vert ovmodig, men audmykjer seg att og får stor æra og rikdom og har lukka med seg i alt han tek seg fyre; han døyr, 24-33.
Kap. 33.
Manasse vert konge; han dyrkar avgudar, fører folket på avveg og vyrder ikkje Herrens profetar, 1-10. Herren gjev han i hendene på kongen i Babel; han audmykjer seg i utlægdi og får fara heim; han byggjer nye festningsverk for Jerusalem og har burt den avgudsdyrkingi han sjølv hadde fenge inn i landet; han døyr, 11-20. Amon vert konge; han er gudlaus og vender ikkje um; hans eigne menner drep han, 21-25.
Kap. 34.
Josias vert konge; han ottast Gud og ryd ut avgudsdyrkingi, 1-7; han vøler templet, 8-13. Dei finn lovboki, og då ho vert opplesi for kongen, vert han full av sorg og sender bod og bed Hulda, profetkvinna, spyrja Herren, 14-22. Ho kunngjer for han dei straffedomane som Herren vil senda over jødane; men dei vil ikkje koma i hans tid, 23-28. Josias stemner folket i hop og gjer den pakti med dei at dei skal tena Herren; han held fram med å rydja ut avgudsdyrkingi og held folket til å tena Herren, 29-33.
Kap. 35.
Josias held påskehelg, set prestane og levitane og songarane til yrket deira, og både han og hovdingane hans gjev folket mykje fe til offer, 1-19. Han har ufred med Farao Neko, men vert såra og døyr; folket syrgjer svært på han, 20-27.
Kap. 36.
Folket set Joakas til konge, men Neko set han av, 1-3. Neko set Jojakim til konge; han er gudlaus og vert fanga av Nebukadnesar, 4-8. Jojakin vert konge, men vert fanga og førd til Babel, 9. 10. Sedekias vert konge; han er gudlaus og gjer oppreist mot Babel-kongen; heile folket er og gudlaust; dei har og før og jamleg spotta Guds ord og vanvyrdt profetane hans, 11-16. Kaldearane hertek Jerusalem, øyder byen og tek folket og tempeleignelutene deira med seg til Babel, 17-21. Der lyt jødane vera i utlægd, til dess kong Kyros gjev dei lov til å fara heim att til sitt eige land, 22. 23.
Esras
Kap. 1.
Kyros, kongen i Persia, gjev jødane lov til å fara heim att frå Babel til sitt eige land, 1-4. Sume av dei - av Juda-, Benjamins- og Leviættene - fer til Jerusalem; dei som vert att, hjelper dei med gåvor; dei tek med seg nokre av tempelkjeraldi og andre eigneluter, 5-11.
Kap. 2.
Her kjem namni på dei gjævaste av dei som for heim til Babel, og talet på ættgreinene deira, fyrst av Juda- og Benjaminsætti, 1-35, so av prestar og levitar og songarar og dørvaktarar etter Salomos tenarar, 36-58, dinæst nokre som ikkje kunde gjeva greida på si ætt og sitt opphav, 59-63. Heile talet på folk og hestar og kamelar vert oppgjeve, 64-67. Nokre ættehovdingar gjev gåvor til tempelbyggjingi og til gudstenesta; folket buset seg i byane sine, 68-70.
Kap. 3.
Josva og Serubabel byggjer brennofferalteret og ofrar på det; dei held lauvhyttehelgi, ber fram offeri i rette talet og til dei fastsette tidene og samlar vyrke til templet som skal byggjast opp att, 1-7. Dei legg grunnvollen til templet med gleda og lovsong; men mange av dei som har set det gamle templet, græt, 8-13.
Kap. 4.
Samaritanane bed om å få vera med jødane og byggja opp templet; jødane vil ikkje det, og då får samaritanane laga det slik at arbeidet lyt stogga alt til Darius vert konge, 1-5. Dei skriv til persarkongane Ahasverus og Artaxerxes og klagar på jødane, so Artaxerxes forbyd tempelbyggjingi, 6-24.
Kap. 5.
Profetane Haggai og Sakarias får jødane til å taka på med byggjingi att, 1. 2. Dei persiske embetsmennene let dei få byggja, medan dei spør seg fyre hjå Darius om det var so at Kyros hadde sagt at templet skulde byggjast opp att, 3-17.
Kap. 6.
Kong Darius vert vis med at Kyros hadde gjeve jødane lov til å byggja templet opp att; so byd han dei persiske embetsmennene at dei ikkje skal hindra dei, men vera dei til hjelp i alle måtar, 1-12. Dei gjer som han har sagt; templet vert fullført og vigsla; jødane held påskehelg, 13-22.
Kap. 7.
Medan Artaxerxes er konge, fer Esras og nokre andre til Jerusalem og vil skipa alt der etter Herrens lov, 1-10. Kongen sender med han eit brev, der han gjev dei lov til å byggja og byd embetsmennene sine hjelpa dei, 11-26. Esras prisar Herren for det, 27. 28.
Kap. 8.
Dei som dreg med Esras frå Babel, vert opprekna etter sine ætter, 1-14. Han let henta nokre levitar og tempelsveinar, som vert med, 15-20. Etter hans oppmoding held folket fasta og bed Gud hjelpa dei på ferdi; det gullet og sylvet han har med seg, let han dei øvste levitane taka vare på, 21-30, dreg so av stad og kjem til Jerusalem; der flir dei frå seg sylvet og gullet og ber bodet frå kongen fram til embetsmennene hans, 31-36.
Kap. 9.
Esras får til si sorg vita at folket har forsynda seg og teke seg heidne konor, 1-4, og han bed inderlig til Gud for dette brotet skuld, 5-15.
Kap. 10.
Folket samlar seg gråtande kring Esras; etter Sekanjas råd let Esras dei alle gjera eiden på at dei vil halda seg etter lovi, 1-6. Heile folket vert stemnt i hop til Jerusalem; Esras talar ålvorleg til dei; dei lovar å skilja seg med dei framande kvinnone og lata saki verta granska, 7-17. Lista over dei som har gift seg med framande kvinnor, 18-44.
Nehemias
Kap. 1.
Nehemias får tidend om kor ille det stend til i Jerusalem, 1-3. Han vert sorgfull, fastar og bed Gud vera nådig mot Israels-borni og hjelpa han so han møter miskunn hjå persarkongen, 4-11.
Kap. 2.
Kong Artaxerxes går at Nehemias er sorgfull; han får vita grunnen, gjev han lov til å fara til Jerusalem og byggja opp att murane og portane der og sender bred med han til embetsmennene åt kongen; uvenene åt jødane likar det ille at han kjem, 1-10. Han kjem til Jerusalem og gjeng om natti ut og ser på dei nedskrivne murane og portane; dagen etter tel han hovdingane åt folket til å byggja dei opp att; uvenene spottar dei, 11-20.
Kap. 3.
Jerusalems-murane og portane vert bygde opp att; dei som er med og arbeider, vert opprekna, 1-32.
Kap. 4.
Uvenene åt jødane er harme av di det gjeng fram med arbeidet, og spottar dei; Nehemias bed til Gud og held fram med arbeidet, 1-6. Fiendane vil hindra dei med list og makt; Nehemias væpnar folket og set mot i dei; dei held ved med arbeidet, 7-15. Nehemias let folket bera våpen medan dei arbeider, so dei allstødt skal vera budde til å verja seg, 16-23.
Kap. 5.
Folket klagar på dei rike for di dei armar ut dei fatige og er hardhjarta mot dei, 1-5. Nehemias vert harm, talar dei til rettes og let dei sverja at dei ikkje skal fara soleis åt meir, 6-13. Han talar med eigi åtferd mot dei, korleis han ikkje på nokor vis har vore til tyngsla for dei, 14-19.
Kap. 6.
Uvenene freistar fåfengt å lokka Nehemias ut or byen, so dei kan få gjera han vondt, 1-4; fåfengt freistar dei å skræma han med lygn og falske klagemål, 5-9; fåfengt får dei Semaja, ein falsk profet, til å lokka han til å gjera noko som han ikkje har lov til, 10-14; då dei høyrer at muren er ferdig, skynar dei kor maktlause dei er, 15. 16. Mange av jødane er i samråd med uvenene, 17-19.
Kap. 7.
Nehemias set dører i portane og set dørvaktane til yrket sitt, 1-3. Han vil hava alle som ættar frå dei gamle Jerusalems-buane, til å busetja seg i Jerusalem att, so folketalet kan auka; difor hentar han fram ættelista over dei som var komme heim frå Babel med Serubabel; denne lista vert hermd, 4-69. Dei gåvone som kom inn til tempelbyggjingi og til gudstenesta, vert opprekna, 70-73.
Kap. 8.
I sjuande månaden samlar folket seg; Esras les opp or Moselovi, og nokre levitar tolkar det som er opplese, so folket skynar det, 1-8. Folket græt då dei høyrer ordi i lovi; folket held stor gledehøgtid den dagen, 9-12. I same månaden held dei lauvhyttehelgi; gleda er stor, og lovi vert opplesi kvar dag, 13-18.
Kap. 9.
Israelitane held same månaden ein faste- og bededag, skil seg frå dei framande, sannar syndene sine og høyrer på at lovi vert opplesi, 1-3. I ei bøn prisar levitane Guds velgjerningar mot Israel, sannar syndene åt folket og bed Gud at han vil hjelpa det no det er i so stor naud, 4-37.
Kap. 10.
Folket gjer ei pakt med Herren; namni på dei som skriv under for seg sjølve og for folket, vert opprekna, k. 9, 38; 10, 1-27. Folket gjeng inn i pakti; utgreiding om innhaldet av pakti, 28-39.
Kap. 11.
Dei av folket som busette seg i Jerusalem, vert opprekna, 1-24. Hitt folket budde kring i landet i Juda- og Benjaminbyane, 25-36.
Kap. 12.
Lista over dei prestane og levitane som kom til landet med Serubabel, 1-9. Øvsteprestane til Jaddua og ættehovdingane åt prestane og levitane i den tidi, 10-26. Murane kring Jerusalem vert vigde med stor gleda, 27-43. Det vert sett menner til å hava tilsyn med opplagsromi for det som prestane og levitane får, 44-47.
Kap. 13.
Alle framande vert utskilde or Israel, 1-3. Nehemias kastar husbunaden åt Tobias ut or det romet i templet som øvstepresten Eljasib hadde stelt til åt han medan Nehemias var burte, 4-9. Nehemias syter for at levitane får tiendi si, set tilsynsmenner over opplagsromi, 10-14, forbyd alt arbeid på sabbaten, 15-22, avskipar giftarmåli med framande kvinnor og gjev prestane og levitane føresegner om det dei skal hava umsut med, 23-31.
Ester
Kap. 1.
Kong Ahasverus held eit stort gjestebod for hovdingane sine og for alt folket i Susan; Vasti, dronningi hans, held gjestebod for kvinnone, 1-9. Han sender bod etter henne, men ho vil ikkje koma, 10-12. Han samråder seg med tenestmennene sine, og ein av dei Memukan, råder han til å skilja seg frå henne og lata det bodet ganga ut i heile riket at kvinnone skal lyda mennene sine; kongen gjer so, 13-22.
Kap. 2.
Ahasverus let samla dei fagraste møyane frå heile riket - han vil velja seg ei dronning mellom dei i staden for Vasti; mellom dei er Ester, ei jødekvinna, fosterdotter åt Mordekai, 1-8. Møyane fyrebur seg i tolv månader og kjem so etter tur inn til kongen; då radi kjem til Ester, og dei leider henne inn, likar kongen henne betre enn nokor av dei andre og tek henne til dronning, 9-18. Mordekai, som sit i porten til kongsgarden - ingen veit at han er skyld Ester - får vita at to hirdmenner vil leggja hand på kongen; han melder dei, og dei vert hengde, 19-23.
Kap. 3.
Kongen gjev Haman stor makt og høg rang og byd at alle skal kasta seg ned for han; Mordekai vil ikkje gjera det; Haman vert harm på han og heile folket hans, 1-6. Haman får kongen til å gjeva det påbodet at alle jødar i heile riket skal drepast trettende dagen i tolvte månaden, 7-15.
Kap. 4.
Det vert stor sorg på alle jødar for kongebodet skuld; Mordekai klæder seg i syrgjebunad; Ester får vita grunnen til det, 1-9. Ho sender bod til Mordekai at ho ikkje torer ganga til kongen og beda for folket sitt; Mordekai talar til henne ein gong til om det same, og då råder ho seg seg til å gjera det, men vil at jødane skal fasta med henne i tri dagar; dei gjer so, 10-17.
Kap. 5.
Ester gjeng inn til kongen, som tykkjer gildt i henne; ho bed han og Haman til gjestebods same dagen; dei kjem; ho bed dei koma andre dagen og, 1-8. Mordekai vil ikkje bøygja seg for Haman no meir enn før; kona og venene åt Haman råder han til å reisa ein galge for Mordekai; han gjer so og vil dagen etter beda kongen om lov til å hengja Mordekai opp der, 9-14.
Kap. 6.
Um natti får ikkje kongen sova; dei les opp or krønikeboki for han, og han får høyra at Mordekai har opendaga ei samansverjing mot han; samstundes får han vita at han ikkje fenge nokor æra for det, 1-3. Haman, som kjem og vil beda om at Mordekai må verta opphengd, vert sett til å visa han den æra han har etla åt seg sjølv, 4-11. Modet hans Haman tek til å minka; medan han talar med kona si og venene sine om det som har hendt han, vert han henta til gjestebodet hjå Ester, 12-14.
Kap. 7.
I gjestebodet hjå Ester bed ho om livet for seg og folket sitt, og då kongen spør kven det er som vil tyna jødane, nemner ho Haman, 1-6. Kongen vert harm; Haman bed for seg, men kongen byd at han skal hengjast opp i den galgen han har reist åt Mordekai, 7-10.
Kap. 8.
Kongen gjev Mordekai æra og makt; dronningi og Mordekai får lov til å avlysa påbodet om at jødane skulde drepast, i namnet åt kongen, 1-8. Mordekai ferdar ut brev i namnet åt kongen; jødane får lov til å verja livet sitt den dagen dei skulde tynast; det vert stor gleda på dei, 9-17.
Kap.9.
Den dagen jødane skulde rydjast ut, drep dei mange tusen av uvenene sine og mellom dei sønene åt Haman, ti i talet; i Susan gjev kongen dei lov til å halda fram med øydingi andre dagen og, 1-16. Jødane høgtidar den fjortande, men i Susan den femtande dagen i tolvte månaden, av di dei då fekk fred for uvenene sine; denne helgi vert kalla purim-helgi, 17-32.
Kap. 10.
Ahasverus legg skatt på landet; det som meir er å fortelja om han, er oppskrive andre stader, 1. 2. Til slutt vert den høge rangen åt Mordekai stutt nemnd, like eins det gode han gjorde, 3.
Job
18 Jbs 1
[Job 1, 1-22]
Job er ein ulastande og gudleg mann; han har ti born og er ovrik; eit vitnemål om gudlegdomen hans er det at han ofrar for borni sine når dei har halde gjestebod, 1-5. Satan seier at Job ottast Gud berre av di Gud har velsigna han so rikleg, 6-11. Herren gjev Satan lov til å øydeleggja alt det Job eig; Job misser buskapane og sveinane og borni sine, men er like vel tolug og gjev seg under Guds vilje, 12-22.
18 Jbs 2
[Job 2, 1-13]
Satan seier at prøva ikkje er fullnøgjande so lenge Gud sparer Job sjølv, 1-5. Herren gjev Job i Satans vald; han plagar han med vonde svullar; kona åt Job vert utolug, men han talar henne til rettes; sjølv er han tolug endå, 6-10. Tri vener åt Job kjem og vil trøysta han; ulukka hans gjeng hardt innpå dei, 11-13.
18 Jbs 3
[Job 3, 1-26]
Pina vert so svær at Job bannar den dagen han vart fødd, 1-10, og ynskjer han hadde døytt med same han kom til verdi; for dei som er avlidne, har ro og slepp å plagast på jordi, 11-19. Han spør kvifor dei som lid og er sorgtyngde, lyt leva, og klagar sårt for lidingane sine, 20-26.
18 Jbs 4
[Job 4, 1-21]
Elifas frå Teman lastar Job for di han er utolug, 1-6. Den rettferdige Gud, seier han, refser ikkje den skuldlause, men berre den skuldige. Til prov på det viser han både til røynsla, 7-11, og til ei syn han har havt om natti, 12-21.
18 Jbs 5
[Job 5, 1-27]
Elifas held fram: Den som harmast over trengsla si, er ein dåre og stuper seg sjølv i ulukka; eit syndigt menneske kan ikkje sleppa trengsla, 1-7. Job burde setja si von til den allmektige Gud, som gjer meinrådene åt dei ugudlege til inkjes og frelser dei som er trælka, 8-16. Når Gud refser han, burde han jamvel sjå ei velgjerning i det; då vilde nok Gud fria han ut or trengsla og velsigna han rikleg, 17-27.
18 Jbs 6
[Job 6, 1-30]
Job svarar at lidingane hans var so tunge at det var ikkje under om han hadde klaga som han hadde gjort, 1-7. Han ynskjer at Gud vil enda livet hans; for han er ikkje god til å herda lenger, og det er ingi von for han meir; etter di han visste at han ikkje hadde gjort imot Guds ord, vilde han då med gleda lida den sværaste pina, 8-13. Han klagar av di venene hans hadde svike han; dei hadde ikkje tykt synd i han og trøysta han, men bore på han at han sjølv var skuld i lidingane sine; like vel var retten på hans sida, 14-30.
18 Jbs 7
[Job 7, 1-21]
Job klagar av di menneskelivet og serleg hans eige liv er so fullt av usæla; lidnigane gjev han ingi ro, og livet hans kverv utan von, 1-6. Han bed Gud miskunna han medan han endå lever, 7-10. Han klagar sårt av di Gud fer so hardt med han at han lyt ynskja seg døden framfor eit sovore liv, 11-16. Han skynar ikkje kvifor Gud vil plaga eit vesalt menneske soleis for di det har synda, og ikkje heller lata det få tilgjeving, 17-21.
18 Jbs 8
[Job 8, 1-22]
Bildad refser Job for di han mukkar mot Gud; Gud er ikkje urettferdig; er Job ærleg og sviklaus og bed Gud om nåde, so vil han gjeva han endå større lukka enn før, 1-7. Alle dei vise i gamletidi vitnar om Guds rettferd; lukka åt den ugudlege varer berre ei stutt tid, so kjem det ein brå og øgjeleg ende, 8-19. Gud viser ikkje frå seg den gudlege når han bed, han vil gjera Job lukkeleg att, 20-22.
18 Jbs 9
[Job 9, 1-35]
Job sannar at eit menneske ikkje kan hava rett mot Gud, han som er allvis og allmektig, 1-13. Korleis skulde han våga å gjeva seg i strid med Gud, som berre vilde knusa han i sitt agelege velde, 14-20. Like vel vil han seia fritt at Gud let den gode lida tilliks med den vonde og ofte let den ugudlege få makti, 21-24. Hans eigen lagnad syner at Gud ikkje vil fara annarleis med han enn med den ugudlege; alt hans strev med å prova at han er skuldlaus, vil vera fåfengt, og nokon skilsmann mellom Gud og han finst det ikkje; vilde Gud taka riset frå han og ikkje møta han med sitt agelege velde, so skulde han tala si sak utan otte, 25-35.
18 Jbs 10
[Job 10, 1-22]
Job seier til Gud at han ikkje må fara fram mot han som mot ein gudlaus mann; sovore sømer seg ikkje for den som er opphøgd over menneskjeleg vesaldom og veit om skuldløysa hans, 1-7. Han skynar ikkje korleis Gud kan vilja tyna han, etter som det er han som har skapt han. Han har sjølv laga han i morslivet på underfull vis og sidan gjort han ovmykje godt, og samstundes har han tenkt på å heimsøkja han med tunge lidingar når det leid på, korleis han so stelte seg, 8-17. Han ynskjer at han ikkje var fødd, og at Gud endå vil unna han ein grand lindring, før han fer til dødens myrke land, 18-22.
18 Jbs 11
[Job 11, 1-20]
Sofar frå Na'ama refser Job med harde ord, for di han vil seia seg skuldfri for Gud, 1-4. Vilde den Allvitande openberra seg for han, skulde han snart sjå at han hadde fenge mildare straff enn han var verd, 5. 6. Gud, som veit alt, kjenner syndaren og refser han med ei makt som ikkje er til å standa imot, og hjelper soleis jamvel dåren til vit, 7-12. Vil Job venda um, skal det ganga han vel att, 13-19; men dei ugudlege gjeng til grunns, 20.
18 Jbs 12
[Job 12, 1-25]
Job spottar den visdomen som venene hans trur dei har, 1-3. Han klagar av di dei har hædt han, den rettferdige; men det er den visi verdi har: å spotta den gudlege som er usæl, medan ho let den ugudlege som har lukka med seg, vera i fred, 4-6. Vil ein verta likso vis som venene hans, treng ein berre ansa på høvet mellom naturi og Gud og lyda etter røynslone åt dei gamle, 7-12. Han syner at han ikkje er mindre vis enn venene sine, med di han skildrar korleis Gud styrer verdi i sin visdom og si allmakt, serleg korleis han dømer og øyder, 13-25.
18 Jbs 13
[Job 13, 1-28]
Job vil verja sin rett for Gud endå han kjenner hans makt og visdom like godt som venene hans, som berre har bore på han range skuldingar, 1-5. Han refser dei for deira urettferd mot han, med di dei har stade på Guds sida; men Gud ser igjenom åtferdi deira og vil straffa dei, 6-12. Han vil prova si rettferd for Gud om det so skulde kosta han livet, og skuldlaus som han er, er han viss på at det skal lukkast, berre Gud vil taka plaga hans frå han og ikkje skræma han med sitt velde, 13-22. Han spør Gud kva synd han har gjort, sidan han forfylgjer eit skrøpeleg menneske soleis, 23-28.
18 Jbs 14
[Job 14, 1-22]
Job undrar seg på korleis Gud kan vera so streng mot eit menneske, som lever so stutt tid og har so mykje uro; etter di det er født av ei syndig ætt, kan det ikkje lata vera å synda, og etter som Gud har tilmælt det ei av grensa levetid, burde han i denne stutte tidi lata det fegnast av livet, 1-6; ein avliden kan då aldri vakna til liv att, 7-12. Vilde Gud berre halda han i helheimen til det var slutt med vreiden hans, og so lata han koma attende til livet, vilde han bera lidingi si med tolmod; men no fer han ovstrengt fram mot han for syndi hans, 13-17. Jamvel dei fastaste ting i naturi vert til slutt oppløyste, og endå meir det veike mennesket, som Gud tek voni frå; det bukkar under for hans makt og lyt burt til ein stad der det ikkje bryr seg om lagnaden åt næmaste folket sitt, men berre kjenner si eigi liding, 18-22.
18 Jbs 15
[Job 15, 1-35]
Elifas undrar seg på at Job, som vil gjelda for ein vis mann, kan tala ord som ikkje berre er tome og ofselege, men jamvel bryt ned all otte for Gud og vitnar om at han er gudlaus, 1-6. Job har tala som han var det fyrste mennesket og hadde sete i Guds råd, som venene hans skyna mykje mindre enn han, endå ein av dei jamvel er mykje eldre enn han; i sitt ovmod har han vist ifrå seg den trøysti frå Gud og dei spaklyndte fyretolone dei hadde vilja gjeve han, 7-11. Han har ingen rett til å rasa slik mot Gud; for han er då ikkje noko menneske rettferdigt, ikkje ein engel di heller, 12-16. Elifas manar Job til å akta på den lærdomen han har hausta av eigi røynsla og av dei klåre vitnemåli frå federne, 17-19. Den ugudlege vert pint heile sitt stutte liv av otte for ei usæl framtid, og han har grunn til det, av di han har sett seg opp mot Gud og gjeve seg burt i vellivnad og vinnesykja; rikdomen hans skal kverva og han sjølv brått verta burtriven ved Guds vreide; det skal snart syna seg kor forgjengeleg lukka hans er; før den dagen kjem som fyrst var fastsett for han, skal han ganga til grunns, både han og alt som hans er, 20-35.
18 Jbs 16
[Job 16, 1-22]
Job svarar at ordi åt venene hans berre er til plaga for han; difor kan dei gjerne halda opp å tala - dei har då ikkje nokon grunn til det heller. Var dei i hans stad, kunde han og trøysta dei med sovorne tome ord, 1-5. Endå han ikkje lenger ventar å få nokor lindring om han talar, er det noko til han lyt få seia: Med di Gud har heimsøkt han i sin vreide, har han gjeve folk den trui at han er ein stor syndar; difor har dei ugudlege spotta og forfylgt han, 6-11; midt i hans fred og lukka har Gud utan nåde krasa han og søkkt han ned i sorg og jammer, endå han er skuldlaus, 12-17. Han ynskjer at hans undergang ikkje må få vera uhemnd, og med di han er viss på at Gud veit han er skuldlaus, bed han at Gud vil lata han få rett mot motstandarane sine når han no snart er faren or verdi, 18-22.
18 Jbs 17
[Job 17, 1-16]
Job klagar av di venene hans spottar han, endå makti hans er knekt, og han berre har gravi att, 1. 2. Han bed Gud hjelpa han mot dei, for han er den einaste som kan gjera det. Gud kan ikkje lata dei blinde og svikfulle venene spela herrar; dei hæder han, so han gjeng til av sorg og harm, og alle rettvise folk vert forfårde og harme og held endå meir fast ved si gudlege ferd, 3-9. Han ventar ikkje at han i framtidi heller skal finna nokon visdom i det venene seier; dei trøystar han med von om ei ljosare framtid, men han har ikkje noko anna å venta på enn døden, 10-16.
18 Jbs 18
[Job 18, 1-21]
Bildad svarar Job at han lyt halda opp med den uvituge talen sin, er so han vil at samrøda skal halda fram, og at han ikkje har grunn til å tala til venene sine som dei var dårar og ugudlege folk, 1-3. Kor mykje han rasar, stend Guds heimsskipnad ved lag. Lukka åt den ugudlege får ein brå ende; kringsett som han er på alle leider av fårar og redslor, finn han ingen stad kvild eller ro, og til sist gjer svolt og sjukdom og daude ende på han; bustaden hans vert øydd, ætti hans gjeng til grunns, minnet om han vert utstroke, sjølv vert han støytt ut i daudemyrkret, og heile verdi vert forstøkt over ulukka hans, 4-21.
18 Jbs 19
[Job 19, 1-29]
Job klagar av di venene hans stendigt krenkjer han med skuldingar for brot som i alle høve fekk vera hans eigi sak, og som dei ikkje kan prova, 1-5. Han er ikkje sjølv skuld i ulukka si, men ho kjem av at Gud har vore urettferdig mot han. Gud har ikkje ansa klageropi hans, men kringsett han med lidingar som han ikkje kan koma ut or, teke æra og lukka og voni hans frå han og i sin harm late ein her av trengslor storma inn på han, 6-12. Alle frendane og kjenningane hans har gjenge ifrå han; husfolket hans viser han stor vanvyrdnad; kona og brørne og venene hans styggjest ved han; jamvel born vanvyrder han; han har ikkje att anna enn den uttærde lekamen sin, 13-20. I si store naud bed han fyrst venene sine hava medynk med han - mannen som Gud forfylgjer, 21. 22. Av di han veit at denne bøni er fåfengd, ber han fram det ynsket at vitnemålet hans om at han er skuldlaus, må verta gøymt åt dei komande ættene, 23. 24. Til sist lyfter han seg til den glade vissa at hans atterløysar lever og ein gong skal stiga fram til forsvar for han; når lekamen hans er opptærd, skal han standa opp att og ut frå sitt kjøt skoda Gud som sin frelsar, 25-27. I denne vissa åtvarar han venene sine at dei ikkje må forfylgja han, og bed dei tenkja på den domen ei sovori framferd vil føra over dei, 28. 29.
18 Jbs 20
[Job 20, 1-29]
Den krenkjande skrapa som Job har gjeve venene sine, nøyder Sofar til å tala, 1-3. Han minner Job om den gamle røynsla at lukka åt den ugudlege varer stutt, 4. 5. om han stig aldri so høgt, gjeng han like vel til grunns og vert burte, so det ikkje syner merke etter han; han let borni sine etter seg i armod og vert lagd i gravi midt i si fulle ungdomskraft, 6-11. om det vonde smakar han aldri so søtt, og han difor freistar å njota det so lenge som råd er, vert det like vel ei drepande gift for han; han som var so hæken at han aldri fekk nok, lyt gjeva att alt det godset han har vunne med si harde framferd mot fatigfolk; midt i hans rikdom kjem det trengsla over han; Gud forfylgjer han i sin vreide, og han slepp ikkje undan den tyningi som Gud fører over han og alt som hans er, 12-29.
18 Jbs 21
[Job 21, 1-34]
Job bed venene sine gauma vel på det han no vil seia til dei; han vil leggja fram for dei noko som vil gjera dei fælne og få dei til å halda opp med å rekna han for ein ugudleg mann og hæda han for skuld ulukka hans, noko som han sjølv ikkje kan tenkja på utan redsla, 1-6. Kva kjem det av at dei ugudlege so tidt lever i herlegdom og gleda all sin dag og til sist får ein lett daude, 7-15? Vil venene leggja imot og seia at dei ugudlege like vel ikkje råder over lukka si, so lyt han svara at det hender sjeldan dei gjeng til grunns, 16-18. Vil dei framleides koma med det motlegget at Gud i alle høve straffar syndi åt dei ugudlege på borni deira, so lyt han svara at straffi burde råma dei sjølve; for dei bryr seg ikkje om korleis det gjeng med borni deira, 19-21. Alle som ikkje vil vera klokare enn Gud, lyt ganga ved at den eine av to menneske, den ugudlege, tidt lever lukkeleg til sin døyande dag, medan den andre, den gudlege, aldri har note nokor lukka, og at båe får same lagnaden når dei døyr, 22-26. Venene vil plent hava det til at Job er ugudleg; difor seier dei mot all røynsla at den vonde alltid gjeng til grunns; men det er tvert imot so at han ofte vert spard på ulukkedagen, og ingen vågar å minna han om urettferdi hans; jamvel i døden viser folk han æra, og han får kvila søtt i si grav, 27-33. Difor er ordi åt venene tome for trøyst og sviksame, 34.
18 Jbs 22
[Job 22, 1-30]
Elifas svarar Job at Gud ikkje kan hava straffa han for si eigi skuld; han har då ikkje noko gagn av at eit menneske er rettferdigt. Ikkje kan han hava straffa han for di han er gudleg heller. Årsaki til lidingi hans lyt vera dei mange og store syndene hans; vinnesjuk som han er, har han fare fram med vald mot dei ulukkelege og vore hardhjarta mot dei fatige, 1-10. Job bør tenkja på den straffi som alt har råma han, og ikkje nekta Guds verdsstyring, so han aukar brotet sitt, soleis som dei ugudlege i gamletidi gjorde, dei som Gud har tynt for di dei var so gudlause og utakksame, til gleda for dei rettferdige som dei hadde trælka, 11-20. Då skal Gud verta hans rikdom og lyst og gleda, høyra bønene hans og lata alt lukkast for han; skulde han då like vel verta nedbøygd stundom, so skal han verta lyft opp att; ja med si forbøn skal han jamvel berga den skuldige frå straff, 21-30.
18 Jbs 23
[Job 23, 1-17]
Etter di venene åt Job framleides stend på at klagingi hans berre vitnar om trass, endå han freistar å døyva henne, ynskjer han at han kunde ganga fram for Guds domstol med si sak; han er viss på at Gud då ikkje vilde bruka si makt mot han, men akta på ordi hans og gjeva han rett, 1-7. Men Gud lagar det so at han ikkje finn han nokon stad; for endå Gud veit at Job har ferdast ulastande etter hans lov, set han like vel i verk det han ein gong har fastsett for han. Denne Guds framferd, som ofte tek seg oppatt i verdi, fyller hjarta hans med fæla, 8-17.
18 Jbs 24
[Job 24, 1-25]
Uskynleg er det, held Job fram, at Gud let vera å straffa dei ugudlege, 1. Det finst vinnesjuke folk som fer fram med vald mot dei fatige og hjelpelause so alle ser det, og soleis fører dei ut i den største naud; men Gud ansar det ikkje, 2-12. Andre - dråpsmenner og tjuvar og horkarar - driv ustraffa på med gudløysa si i løyndom, 13-17. Venene talar nok med sterke ord om at dei ugudlege får ein brå og skræmeleg ende, 18-21. Men i røyndi gjeng det reint annarleis med dei; Gud gjev dei eit langt liv og bergar dei ut or dei største fårar; han let dei leva trygt, og når dei har nått ein mogen alder, får dei døy som alle andre, 22-25.
18 Jbs 25
[Job 25, 1-6]
Bildad legg imot Jobs store ord om eigi rettferd, med di han minner om kor ovhøg og ovmektig Gud er; eit vesalt menneske kan umogleg vera rettferdigt for Gud, sidan ikkje himmelljosi ein gong er reine for han, 1-6.
18 Jbs 26
[Job 26, 1-14]
Job driv spott med talen åt Bildad, av di det korkje er hjelp eller råd i han, 1-4. Han vil syna at han og kjenner Guds stordom og hans herrevelde over heile skapningi; difor skildrar han no dette i endå sterkare ordelag enn dei Bildad har nytta, 5-13. Til slutt seier han at mennesket berre kjenner minste luten av Guds stordom; hans fulle herrevelde er uskynleg for oss, 14.
18 Jbs 27
[Job 27, 1-23]
Sidan ingen av venene svarar, held Job ved og talar, 1. Ved Gud, som har neitta han retten hans, sver han - ein mann som endå har si fulle åndskraft - at hans vitnemål om seg sjølv er sant; til sitt siste andedrag vil han halda fast på at han er skuldlaus; eit vitnemål om det er at ein ugudleg i si ulukka ikkje kan vona på frelsa, gleda seg i Gud og kalla på han, slik som han gjer, 2-10. Han vil læra venene korleis Gud fer fram mot den ugudlege; det er noko som dei nok har røynt sjølve, men uretteleg ført over på han. So skildrar han den usæle lagnaden åt den ugudlege: Borni hans fell for sverdet, svelt i hel eller døyr av pest; det godset han har hauga i hop, vert teke ifrå han og gjeve til dei rettferdige; sjølv vert han brått burtriven, medan folk spottar han, 11-23.
18 Jbs 28
[Job 28, 1-28]
Slik lagnad får dei ugudlege, av di dei vantar den sanne visdomen, som er å ottast Herren. Mennesket veit nok å koma seg djupt inn i jordi og henta fram i ljoset alle dei skattane som er gøymde der, 1-11. Men visdomen, som er meir verd enn dei dyraste eigneluter, finst ingen stad i heile verdi, 12-22. Berre Gud kjenner han, og han har og openberra han den gongen han gav alle ting deira faste lover, og han har kunngjort for mennesket at visdomen er å ottast Herren og fly det vonde, 23-28.
18 Jbs 29
[Job 29, 1-25]
Job ser med sorg og lengsel attende på den lukka han naut før. Då kunde han gleda seg i Guds nådige varetekt og det samlaget han hadde med han, han hadde borni sine ikring seg og levde i ovnøgd. Då var han høgvyrd av alle, for di han hjelpte dei som var ulukkelege og einslege og studde dei mot valdsmennene, 1-17. So seier han at han hadde vona at denne lukka skulde vara so lenge han levde, 18-20, og skildrar so på nytt kor høgvyrd og mektig han var den gongen, 21-25.
18 Jbs 30
[Job 30, 1-31]
Men no, seier Job, har det vorte reint annarleis med han. Han som før var so høgt vyrd, vert no hædd og ille medfaren av ærelause folk, 1-15. Han som før var so lukkeleg, er no dag og natt plaga av ein pinefull og tærande sjukdom, og når han ropar til Gud, fer Gud berre endå hardare fram mot han, og til sist vil han taka livet hans, 16-23. Når so er, kan han ikkje anna enn ropa om hjelp, og han har rett til å verta høyrd, etter di han sjølv før har hjelpt dei som var ulukkelege. Han lyt vel klaga; for ulukka har kome over han i staden for den lukka han hadde venta; sjukdomen gjev han aldri ro, tvingar han til å jamra seg og har gjort han til den grøtelege skapnaden han no er. Soleis har den gleda han hadde før, vorte til den djupaste sorg, 24-31.
18 Jbs 31
[Job 31, 1-40]
Job vitnar på høgtidsam vis at hans liv har vore ulastande i alle måtar; difor er det ikkje syndene hans som er årsak til det usæle tilstandet hans. Han har akta seg vel for all urein trå; for han veit at Gud ser alt og straffar den ugudlege, 1-4. Han har flytt alt fals og halde sine hender reine, 5-8. Han har ikkje skjemt kona åt næsten sin; slikt skjemdarverk fører til undergang, 9-12. Han har vyrdt retten åt trælen sin, av di han veit at trælen og er ein Guds skapning, 13-15. Han har ikkje vore hardhjarta mot den fatige og hjelpelause og endå mindre nytta sin vyrdnad til å fara fram med vald mot han, 16-23. Han har ikkje sett si lit til sine skattar eller fare med avgudsdyrking, 24-28. Han har ikkje gledt seg når ulukka råma fiendane hans, og ikkje ynskt dei døden, 29. 30. Han har ikkje stengt si dør for nokon, 31. 32. Ikkje har han heller løynt nokor synd av otte for folkedomen, 33. 34. Han ynskjer han kunde leggja si sak fram for Gud; han er viss på at han då vilde verta frikjend, 35-37. Han vissar til sist at han ikkje har vunne eigedomane sine med urettferd eller vald, 38-40.
18 Jbs 32
[Job 32, 1-22]
Etter di Jobs vener ikkje svarar han, tek Elihu - ein yngre mann, som har tagt til no - ordet imot han; han er harm både på Job, som meiner han er rettferdig for Gud, og på venene hans, av di dei ikkje kan svara han og like vel dømer han skuldig, 1-5. Han har - seier han - halde seg undan til no, av di han er so ung; men etter som det ikkje er alderen, men åndi det spørst etter, vil han no tala, 6-10. Fåfengt har han venta på at dei skulde leggja imot Job; visdomen hans er då slett ikkje so stor at ingen kan døyva han, 11-14. Sidan dei no tegjer radt stilt, vil han fylgja sin indre trong og taka til ords og tala fritt ut, utan å taka parti for nokon, 15-22.
18 Jbs 33
[Job 33, 1-33]
Elihu bed Job lyda på hans endeframme og ærlege ord og svara han om han kan; han kan trygt taka til motmæle mot han, etter di han og berre er eit menneske, 1-7. Job har sagt at han er rein og skuldlaus, og at Gud utan grunn forfylgjer han som ein fiende; det har han ikkje rett i; Gud er for stor til å fara fram som menneski gjer, 8-12. Like gale er det av han å lasta Gud; for Gud svarar ikkje på sovoren tiltale; han talar til menneski på heilt andre måtar og - om det trengst - meir enn ein gong, 13. 14. Han åtvarar dei med draumar, av di han vil hava dei burt frå deira vonde gjerningar og berga dei frå undergang, 15-18. Han tuktar dei med pinefulle og livsfårlege sjukdomar, 19-22. Når då ein engel fører mennesket til umvending, gjer Gud miskunn mot han og gjev han att helsa og ungdomskrafti hans; han stend på nytt i nåde hjå Gud og sannar for menneski si synd og den frelsa han har fenge røynt, 23-28. Alt dette gjer Gud gong på gong, av di han vil frelsa menneski frå undergang, 29. 30. Elihu bed endå ein gong Job lyda på den han seier, eller - om han kan - leggja imot det han har sagt, 31-33.
18 Jbs 34
[Job 34, 1-37]
Elihu tek til ords att og bed alle vituge folk prøva ordi hans, so dei med han kan døma kva som er rett, 1-4. Job har spotta Gud med talen sin; han har sagt at Gud ikkje har vyrdt rettferdi hans, men har fare med han som med ein urettferdig, med di han har sendt svære lidingar over han, og at mennesket ikkje har noko gagn av å halda seg til Gud, 5-9. Gud er slett ikkje urettferdig, 10-12. Det er då han som i sin kjærleik held verdi oppe, 13-15, som styrer alt og dømer menneski utan å gjera skil på folk, med di han riv dei som trælkar dei fatige, burt i ein augneblink og so alle ser på det; det kan han av di han ser alt og ikkje treng lang tid til å granska ei sak, 16-28. Og om han stundom let vera å taka frami, må ingen lasta han; han gjer det av di han sidan vil straffa dei ugudlege og frelsa dei som er trælka, 29. 30. Den som lastar han for det, har aldri audmykt seg for han, men må innbilla seg at Gud skal fara fram som dei tykkjer, 31-33. Alle vituge folk lyt vera samde i at Job har tala uvitugt, og ynskja at han framleides må verta prøvd, so lenge han held ved og talar soleis, 34-37.
18 Jbs 35
[Job 35, 1-16]
Elihu tek til ords att mot Job, som har sagt at han er rettferdigare enn Gud, og at han ikkje har havt noko gagn av å ottast Gud, og syner han at eit menneske korkje kan skada Gud ved si synd eller gagna han ved si rettferd; det er berre seg sjølv og andre menneske det skader eller gagnar, 1-8. Når folk fåfengt ropar om hjelp mot dei som trælkar dei, so kjem det av at dei ikkje søkjer Gud, sin skapar, som frelser frå naud og lærer menneski sine vegar, 9-13. Guds vreide heimsøkjer og menneski når dei ikkje ventar tolugt på den domen som snart kjem over dei ugudlege, men lastar han med mange uvituge ord, soleis som Job no gjer, 14-16.
18 Jbs 36
[Job 36, 1-33]
I ein ny tale seier Elihu at han endå har noko å forsvara Gud med; hans kunnskap er fullkomen, og difor er og ordi hans sanning, 1-4. Gud er nok sterk, men vanvyrder like vel ikkje dei gudlege; tvert imot tyner han motstandarane deira og frelser og opphøgjer dei sjølve, 5-7. Når trengsla råkar menneski, og dei let seg føra til umvending ved Guds tukt og påminning, so får dei leva i lukka; elles gjeng dei til grunns, fåvituge som dei er. Soleis gjeng det med dei ugudlege, som berre harmast ved ulukka og ikkje bed til Gud. Dei gudlege vert frelste just ved si naud og liding, som opnar øyro deira for Guds røyst, 8-15. Job og vil Gud fria ut or trengsla hans på denne måten; men fer han gudlaust åt, kjem han til å draga Guds dom ned over seg. Han må ikkje i harm over den store trengsla si lata seg lokka til å spotta Gud; det tykkjest han hava meir hug til enn til å lida; men slikt vilde berre føra til undergang for han; om han rasar aldri so mykje, kan det ikkje fria han ut or trengsla, 16-21. Han må ikkje meistra den allmektige og vise Gud, men saman med alle andre prisa hans verk, 22-25. Guds storvelde syner seg i naturi, i regn og toreslått og elding, som han straffar og velsignar med, 26-33.
18 Jbs 37
[Job 37, 1-24]
Elihu held fram og talar om korleis Guds storvelde syner seg i naturi. Han skildrar den fælslege toredunen og ljonet; like eins korleis Gud sender snø og regn, som meinkar mennesket i arbeidet og jagar villdyri i hi, vinterstormar, kulde og is, og regntunge skyer, som han tuktar eller velsignar menneski med, 1-13. Job skal tenkja på at han slett ikkje kan skyna desse underi og andre av liknanade slag, endå mindre gjera dei sjølv, og at han difor ikkje må lasta Gud; med det vil han berre føra seg sjølv i ulukka, 14-20. Mennesket kan nok henta gull langt undan, men Guds herlegdom kan det ikkje skyna, kor klår han enn er; den Allmektige er uskynande, men ikkje urettferdig; difor har menneski age for han, men dei sjølvkloke ansar han ikkje, 21-24.
18 Jbs 38
[Job 38, 1-38]
Som Elihu har enda talen sin, openberrar Herren sjølv seg for Job i eit uver. Han legg fram for han ei rad med spursmål om skapningen, av di han vil gjera han mjuk og få han til å sanna kor lite han veit, og kor uvitugt det difor er av han å vilja meistra Gud. Fyrst spør han korleis den livlause naturi er skapt og skipa, korleis jordi har vorte til, korleis det er med grensone åt havet, med morgonljoset som breider seg over jordi, havsens kjeldor og helheims portar, bustadene åt ljoset og myrkret, forrådskammeri åt snøen og haglet, vegane åt ljoset og vinden, regnet og toredunen, opphavet til regnet og doggi og isen og rimet, stjernone, himmel-lovene, skyene, ljoni, 1-38.
18 Jbs 39
[Job 39, 1-38]
Herren gjev framleides Job spursmål om dyreverdi, om løva og ramnen, steingeiti og hindi, villasnet og villuksen, strussen og hesten, hauken og ørnen, 1-33. So spør han om han endå vil krevja den Allmektige til rekneskap, 34. 35. Job svarar at han ikkje vil tala mot Herren lenger, 36-38.
18 Jbs 40
[Job 40, 1-28]
I ein ny tale spør Herren Job om han - so framt han endå vil lasta Guds rettferd - kan taka på seg å styra verdi og syna si makt med di han audmykjer alle ovmodige og ugudlege, slik som Gud gjer; då skal Gud sjølv prisa han, 1-9. Han skildrar dei sterkaste av alle dei dyr han har skapt, elvhesten og krokodillen, og kor maktlaust mennesket er mot dei, so Job skal sjå hans storvelde endå betre, 10-28.
18 Jbs 41
[Job 41, 1-25]
Når mennesket ikkje vågar å taka på krokodillen, korleis kan det då våga å reisa seg mot Gud, han som ingen kan krevja noko av, 1. 2? Herren held fram og skildrar styrken åt krokodillen og den skræmelege utsjånaden hans, so Job endå meir skal nøydast til å bøygja seg for Guds makt og storvelde, 3-25.
18 Jbs 42
[Job 42, 1-17]
Job sannar si synd og audmykjer seg for Gud, 1-6. Herren talar strengt til venene hans, byd dei å bera fram eit offer og lata Job beda for dei; berre so framt han bed for dei, vil Gud gjeva dei etter straffi for deira fåvit; dei gjer som Gud byd dei, 7-9. Herren gjer Job lukkeleg att; skyldfolket og venene hans syner han samhug; han får ein gong til so mykje gods og like mange born som før; med born og barneborn ikring seg døyr han i ein høg og lukkeleg alderdom, 10-17.
Salmane
1
Sæla åt den gudlege, 1-3; den usæle lagnaden åt dei ugudelege, 4-6.
2
Folki og kongane på jordi gjer fåfengt oppreist mot den som Herren har salva (Messias, Kristus), 1-3. Herren lær åt dei, talar til dei i vreide og seier at det er han sjølv som har sett han til konge, 4-6. Den som Herren har salva, kunngjer at Herren har gjort han til sin son og gjeve han all makt over jordi, 7-9. Difor skal opprørarane gjeva seg under han, 10-12.
3
David klagar for di han har mange fiendar, som dømer han fortapt, 2. 3. Like vel er han trygg og ottelaus, av di han før har røynt Herrens nåde, 4-7; han bed at Gud vil hjelpa han framleides, 8-9.
4
David bed Herren høyra bøni hans og hjelpa han mot fiendane hans, 2. Han manar fiendane til å halda opp med åtaki sine; for han er den som Herren har kåra, 3. 4; dei skal vera stille, tena Herren med ærleg hug og lita på han, 5. 6. Sjølv lit han på Herren, har ei gleda i han som er større enn deira timelege gleda, og er trygg i hans varetekt, 7-9.
5
David bed Herren høyra bøni hans, viss på at han som ikkje vil hava samlag med dei ugudlege, i sin nåde vil lata han koma nær til seg, 2-8. Han bed Herren vara han mot meinrådene åt dei ugudlege fiendane hans og lata dei sjølve ganga til grunns for sine mange misgjerningar skuld, 9-11. Då skal alle dei gudlege gleda seg, 12. 13.
6
David er komen i stor naud for fiendane skuld og ser i det eit merke på at Gud er harm på han av di han har synda; han bed om nåde og frelsa, 2-8, og seier seg viss på at Herren har høyrt bøni hans, og at alle fiendane hans skal verta til skammar, 9-11.
7
David bed Herren berga han frå alle dei som forfylgjer han, 2. 3; han vitnar om si skuldløysa, 4-6, og bed Gud, som er heimsens domar, skifta rett mellom dei og han, 7-10; han vonar Gud vil gjera dette, so han sjølv må verta berga og fiendane verta tynte, 11-14, ser i åndi korleis dei får lika for åtferdi si, 15-17, og prisar Herren for hans rettferd, 18.
8
David prisar Herren for di han som har openberra sin herlegdom på himmelen soleis at jamvel småborni prisar han, har gjeve mennesket ein gjævleik og ei makt som likjest Guds, med di han har gjort det til herre over alle sine skapningar på jordi, 2-10.
Sidan mennesket fyrst i Kristus har vunne att sin opphavlege herlegdom, som det miste ved syndefallet, so har den Heilage Anden med denne skildringi av mennesket skildra Kristi herlegdom og (1 Kor 15, 27. Hebr 2, 6-9).
9
David prisar Herren for di han har berga han frå dei ugudlege fiendane og tynt dei, 2-7, og dermed synt at han er ein rettvis domar og ein hjelpar for dei som er trælka, 8-13. Han bed han vera nådig og hjelpa han framleides mot dei som hatar han, 14. 15, seier seg viss på at meinrådene deira vil valda undergang for dei sjølve, 16-19, og bed Herren senda straffi over dei, 20. 21.
10
Den heilage songaren klagar over vondskapen åt dei ugudlege og skildrar han, 1-11; han bed om hjelp, 12-15, og er viss på at han skal verta bønhøyrd, 16-18.
19 Slm 11
[Sal 11, 1-7]
David viser frå seg den rådi at han skal berga livet med røming og halda si sak for tapt, 1-3. I trui på Herrens rettferd er han viss på at Herren vil lata straffi koma over dei ugudlege fiendane hans, 4-7.
19 Slm 12
[Sal 12, 1-9]
David klagar for di tidi er full av vondskap og svik og ovmod, og bed Herren om hjelp mot alt dette, 2-5. Herren lovar han hjelp, og han seier seg trygg på at Herren vil gjera som han har sagt, 6-9.
19 Slm 13
[Sal 13, 1-6]
David klagar for di Herren er sein til å hjelpa han i den store trengsla som fiendane har ført over han, 2. 3, bed om berging, 4. 5, og er i trui fullviss på at ho kjem, 6.
19 Slm 14
[Sal 14, 1-7]
David klagar over all vondskapen mellom menneski, 1-3, seier seg fullviss på at Herren vil straffa dei ugudlege og hjelpa dei rettferdige som vert trælka, 4-6, og lengtar hjarteleg etter at han vil frelsa folket sitt i naudi, 7.
19 Slm 15
[Sal 15, 1-5]
David skildar korleis den må vera som skal kunna hava samlag med Herren, 1-5.
19 Slm 16
[Sal 16, 1-11]
Messias bed Gud vara han; for det er med han som med alle dei heilage, som han har hugnad i og held seg til: han held Gud for det einaste gode for seg og har inkje samlag med dei som dyrkar avgudar, 1-4; han prisar sin herlege lut, at han har fenge Herren til sin deil, 5-7, og er fullviss på at Gud vil fria han ut or dødens vald og gjeva han liv og æveleg gleda, 8-11.
19 Slm 17
[Sal 17, 1-15]
Med di David styd seg til ærlegdomen i hjarta sitt, bed han Herren frelsa han på underfull vis frå dei ugudlege og blodgjeruge forfylgjarane, som held på og skal få han i si makt, og har den faste voni at Herren, som har gjeve dei det som godt er i denne verdi, vil lata han skoda hans åsyn med gleda når han vaknar or dødens svevn, 1-15.
19 Slm 18
[Sal 18, 1-51]
David syng ein herleg lovsong for Herren, for di han har frelst han frå alle fiendane hans, 1. Han prisar fyrst Herren av di han er hans livd og hjelp, 2-4, skildrar so korleis Gud har bønhøyrt han i hans store naud og trengsla, synt han sitt storvelde og fria han ut med si makt, 5-20, viser kvifor Gud var med han og berga han 21-28, skildrar korleis Gud velsignar kongedømet hans og gjev han makt til å leggja fiendane sine under seg, 29-46, og sluttar med å prisa Guds store miskunn mot han og ætti hans, 47-51.
19 Slm 19
[Sal 19, 1-15]
David skildar korleis himmelen, serleg soli, stendigt forkynner Guds æra utover heile jordi, 2-7, og talar so om lovi som denne herlege Gud har gjeve - ho er den åndelege soli - og skildrar hennar herlege eigenskapar og kraftige verknader, 8-11. Skal han få den løni som er lova den som held lovi, lyt Herren døma han fri for synder han har gjort seg uvitande, og vara han so han ikkje syndar i framtidi, 12-14. Han sluttar med bøn om at Herren i godvilje vil taka imot det han har bore fram her, 15.
I det at himmelen forkynner Guds æra utover heile jordi, ligg ein lovnad om at evangeliet skal verta kunngjort i heile verdi (Rom 10, 18).
19 Slm 20
[Sal 20, 1-10]
Israel bed for kongen sin at Herren vil hjelpa han i all hans naud, 2-4, setja alle hans råder i verk og gjera det han ynskjer, 5. 6. Folket har den visse voni at Herren vil hjelpa han mot fiendane hans, som lit på hermakti si, medan det sjølv lit på sin Gud, 7-9. Til slutt tek det bøni opp att, 10.
Salmen talar om Israels-kongane i heile taket og serleg om Messias, Israels ævelege konge.
19 Slm 21
[Sal 21, 1-14]
Israel seier seg takksam og glad for at Herren har gjeve kongen, som lit på han, ei ovnøgd med gode ting, 2-8, er viss på at kongen med hans hjelp skal vinna over alle fiendane sine og tyna dei, 9-13, og sluttar med bøn og lovprising, 14.
Alt dette får si fullkomne oppfylling i Messias og den ævelege herlegdomen som fylgjer kongedømet hans.
19 Slm 22
[Sal 22, 1-32]
Messias klagar for di Gud, som har frelst federne kvar gong dei ropa til han i si naud, og som alt frå han var barn, har synt at han var hans Gud, no har forlate han, endå han stendigt ropar til han og i sin armodsdom jamvel har vorte til spott for alle, 2-11. Han er kringsett av hjartelause fiendar, som trugar med å taka livet hans og fer fram mot han som han alt var daud; difor bed han Gud vera snar til å hjelpa han, 12-22. I vissa om at Herren har høyrt bøni hans og vil frelsa han, skildrar han dei herlege og sæle fylgjone det vil få; både Israel og heidningfolki, både høge og låge og jamvel dei komande ættene skal njota fruktene av det og tilbeda og prisa Herren for det, 23-32.
19 Slm 23
[Sal 23, 1-6]
David prisar Herren, den gode hyrdingen, som gjev han kvild, kveikjer og vaktar han og syter for han, 1-5, og seier seg viss på at han i samfundet med Herren skal njota rik velsigning i heile si levetid, 6.
19 Slm 24
[Sal 24, 1-10]
David prisar Herren, han som har skapt all jordi og er konge der, 1. 2; han seier at einast den rettferdige skal få koma til heilagdomen åt denne kongen og få lut i hans velsigning, 3-6, og bed portane til heilagdomen lyfta seg og taka imot herlegdoms-kongen, som no vil draga inn der, 7-10.
Herrens innferd i heilagdomen på Sion - som salmen eigenleg talar om (2 Sam 6) - er eit fyrebilete på det som ein gong skal henda: Messias kjem.
19 Slm 25
[Sal 25, 1-22]
David bed Gud laga det so at han ikkje vert til skammar for fiendane for skuld syndene sine, at han i nåde vil tilgjeva han, leida han på alle hans vegar, hjelpa han i all hans naud og frelsa Israel, 1-22.
19 Slm 26
[Sal 26, 1-12]
David vitnar om si ulastande ferd og si tillit til Herren, 1-3; han har ikkje samlag med dei ugudlege, 4. 5, men held seg til Guds hus, 6-8. Han bed difor Herren at han ikkje vil lata han få same lagnaden som dei ugudlege, 9-11, og seier seg viss på at han skal verta bønhøyrd, 12.
19 Slm 27
[Sal 27, 1-14]
David vitnar om si glade tillit til Herren i den store naudi han er stadd i, 1-3; han trår berre etter å verta standande i samfundet med Herren, og er viss på at han ved det skal triumfera over fiendane sine no og, so han kan takka og prisa Herren, 4-6; han bed inderleg om hjelp frå Herren; for alle har svike han, og dei ugudlege fiendane hans freistar å tyna han, 7-12; til slutt seier han at han vonar på Herren, og stører seg sjølv til å venta på han, 13. 14.
19 Slm 28
[Sal 28, 1-9]
David, som veit at det er ute med han om Herren ikkje hjelper han, bed at han ikkje må fara med han som med dei ugudlege, men frelsa han og gjeva dei lika for gjerningane deira, 1-5; han prisar Herren i vissa om at han vil gjera som han bed, 6-8, og bed han vakta og frelsa sitt folk, 9.
19 Slm 29
[Sal 29, 1-11]
David kallar englane til å prisa den makt og herlegdom som Herren syner i toreveret, 1-9. I denne Herrens herlegdom ser han eit trygt pant på at han, allmektig konge som han er, vil vakta og velsigna sitt eige folk, 10. 11.
19 Slm 30
[Sal 30, 1-13]
David prisar Herren for di han har berga han or ei stor naud, 2-4; han manar dei gudlege til saman med han å prisa Herren, som vender den stuttvarige trengsla om til varande gleda, 5. 6; han fortel korleis han, medan han hadde det godt, sokk ned i falsk tryggleik, men so ved Herrens straffedomar vart vekt opp; då bad han til Gud og vart hjelpt, 7-12; difor vil han alltid prisa Gud, 13.
19 Slm 31
[Sal 31, 1-25]
David bed i fast tillit til Gud - som før har synt han sin nåde - om frelsa i den store naudi han er stadd i av di fiendane sit etter han, 2-9. Han skildrar si trengsla og vanæra, og naudbed på nytt Herren at han må frelsa han frå dei ugudlege fiendane og gjera ende på dei, 10-19. I vissa om at han er bønhøyrd, prisar han Herren for di han vernar dei som ottast han, 20-23, og manar til slutt alle gudlege til å elska Herren og vera hugheile i trui på han, 24. 25.
Når David vert forfylgd av den ugudlege verdi, er han både i sine lidingar og i måten han ber dei på, eit fyrebilete på Messias.
19 Slm 32
[Sal 32, 1-11]
David prisar den sæl som har fenge tilgjeving for syndene sine av Herren, og syner ut frå si eigi røynsla at berre når ein sannar syndi si, får ein sovori tilgjeving og med den hjartefred og trygd mot Guds domar, 1-7. Han tel for andre at dei ikkje må standa Herren imot, men halda seg nær til han; for dei som set seg opp mot han, dreg på seg mange lidingar, men dei gudlege får røyna Herrens rike miskunn, 8-11.
19 Slm 33
[Sal 33, 1-22]
Songaren bed dei truande lova Herren, 1-3. Han er den sannordige og trufaste, den rettferdige og nådige, 4. 5. Han er den allmektige, som har skapt verdi ved sitt ord, 6-9, og som fullfører sine råder til bate for sitt folk og gjer rådene åt fiendane om inkje, 10-12. Han er den alltvitande, som veit alt som menneski tenkjer og gjer, 13-15. Han er den einaste som kan frelsa dei gudlege; ingi makt på jordi kan hjelpa dei, 16-19. David talar til slutt om den tillit som han og alle gudlege har til Gud, og bed han vera dei nådig, 20-22.
19 Slm 34
[Sal 34, 1-23]
David takkar Gud for frelsa og manar alle gudlege til saman med han å prisa Herren, som alltid hjelper dei som ottast han, 2-11. Han bed alle truande ottast Herren og halda seg nær til han; so skal han syna seg storleg miskunnsam mot dei, 12-23.
19 Slm 35
[Sal 35, 1-28]
David bed Gud om frelsa frå dei ugudlege fiendane som forfylgjer han utan årsak, og lovar at han vil takka og prisa Gud, so framt han vil bønhøyra han, 1-10. Etter han har skildra vondskapen åt forfylgjarane, som gjev han vondt att for godt, ber range klagemål på han, spottar han og fer ille med han, tek han oppatt bøni om hjelp og lovnaden om takk, 11-18. Endå ein gong bed han Herren koma han til hjelp mot fiendane; då vil dei rettferdige fagna seg, og han sjølv allstødt prisa Herren, 19-28.
I denne salmen og - liksom i salm 31 - er David eit fyrebilete på Messias.
19 Slm 36
[Sal 36, 1-13]
David skildrar gudløysa og ukyndet åt dei ugudlege, som trugar dei gudlege med undergang, 2-5. Han trøystar seg og dei med Guds store miskunn og truskap og rettferd, 6-10, bed Herren i denne si miskunn og rettferd verna dei gudlege, 11. 12, og ser i åndi korleis dei ugudlege fell, 13.
19 Slm 37
[Sal 37, 1-40]
David bed dei gudlege lata vera å ovunda dei ugudlege, når dei ser at det gjeng dei godt, medan dei sjølve lyt lida trengsla; dei skal tolugt venta på Herren og leggja vinn på det som godt er; han grunngjev denne formaningi med at lukka åt dei ugudlege varer berre ei stutt tid og ender med undergang, medan dei gudlege til slutt får ei æveleg velsigning, 1-40.
19 Slm 38
[Sal 38, 1-23]
David bed Herren at han ikkje må refsa han so hardt som han gjer, 2; for naudi hans er stor både til sjel og lekam, og det er for han eit merke på at Gud er harm på han for hans mange og store synder skuld, 3-11. Venene og frendane hans har svike han, men fiendane søkjer åt han og vil han vondt, 12. 13. I denne si naud tenkjer han ikkje på å verja seg sjølv, men ventar tagal og tolug på hjelp frå Herren, 14-16. Etter ei ny skildring av lidingane sine, som syner kor han treng til hjelp, bed han Herren skunda seg og frelsa han, 17-23.
Liksom i salm 31 er David her og eit fyrebilete på den lidande Messias.
19 Slm 39
[Sal 39, 1-14]
David hadde sett seg fyre at han vilde tegja og ikkje mukka mot Herren i sine lidingar, so dei ugudlege ikkje skulde få høve til å spotta; men denne tegjingi har valda han slik pina at han ikkje kunde halda det ut - han laut tala; 2-4. Utolug bed han no Gud seia han når hans liv skal få ende, klagar for di han har fyllt hans stutte liv med lidingar, og klagar og for di menneskelivet er so snargjengt og fåfengt, 5-7. Men som han soleis opnar sitt hjarta for Gud, vert den trui levande hjå han at Gud er den som det einast finst hjelp hjå, 8. I denne trui, som gjer det klårt for han at det er syndi som er årsaki til lidingane hans, bed han Herren tilgjeva syndi hans, taka lidingane frå han og soleis gjera han glad att, 9-14.
19 Slm 40
[Sal 40, 1-18]
David vitnar korleis Herren har berga han, som tolug venta på hans hjelp, ut or stor naud, og med det styrkt mange i trui, 2-4, og han prisar alle sæle som set si lit til Gud, som før og har gjort tallause under for folket sitt, 5. 6. Han veit at Herren krev ikkje dyre-offer av han til takk for frelsa, men at han skal gjera hans vilje sjølvmint, og han seier seg viljug til det, 7-9, liksom han alt har ofra takkoffer til han med munnen, 10-11. Endå han er frelst, er han enno kringsett av store lidingar og fårar; difor bed han Gud at han må skunda seg og fria han ut or dei og, til skam og spott for fiendane hans, og seier seg til slutt viss på at han skal verta bønhøyrd, 12-18.
I det som er sagt i v. 7-9, ligg ein spådom om at offeri som høyrer det gamle testamentet til, skal verta avskipa, og det fullkomne forsonings-offeret som Kristus har bore fram, skal koma i staden. (Hebr 10, 5 fg).
19 Slm 41
[Sal 41, 1-14]
David prisar den sæl som hjelper armingen; når ein slik kjem i naud sjølv, kan han vera viss på at Gud vil hjelpa han, 2-4. Dei illtenkte fiendane hans - og mellom dei finst det jamvel ein ven som har svike han - syner ingen samhug med han i naudi, men ynskjer han vondt og freistar å føra han til undergang med meinrådene sine, 5-10. Han bed Gud om hjelp og er viss på at han skal verta bønhøyrd, 11-13.
Liksom i salm 31 og 38 ligg det i denne salmen og ein spådom om dei lidingane som skal råma Messias ved dei ugudlege fiendane hans, serleg Judas, svikaren (Joh 13, 18).
19 Slm 42
[Sal 42, 1-12]
Songaren er skild frå heilagdomen og kringsett av fiendar som hæder han; han talar om sin lengsel etter Gud og høgtidene i hans hus, som han før har vore med i saman med lyden; men midt i si sorg oppmodar han si sjel til å venta på Herren, som visseleg endå skal gjeva han årsak til takk og pris, 2-6. Han klagar på nytt lag for di naudi hans er so stor; men han finn ei trøyst i bøneumgjenget med Gud og oppmodar endå ein gong sjeli si til å venta på Herren, 7-12.
19 Slm 43
[Sal 43, 1-5]
Songaren bed Gud frelsa han frå dei ugudlege fiendane og føra han attende til heilagdomen sin; han oppmodar si sjel til å venta på Herren, som visseleg endå skal miskunna han, 1-5.
19 Slm 44
[Sal 44, 1-27]
Israel sannar at Herren i forne dagar har drive heidningane ut or det landet han hadde lova federne, og gjeve det til dei, 2-4, og seier seg for skuld dette storverket hans visse på at dei no og alltid skal vinna på alle fiendane sine med hans hjelp, 5-9. Men no har han gjeve folket sitt i fiendehand; fiendane har slege herane deira, herja landet deira og drege av med mange fangar, so dei har vorte til spott for heidningfolki, 10-17, og det har hendt endå dei ikkje er saka i noko fråfall; dei har vore trugne mot han og lid for hans skuld, 18-23. Difor bed dei han koma dei til hjelp og fria dei ut or den trengsla dei er i, 24-27.
19 Slm 45
[Sal 45, 1-18]
Songaren lovsyng Messias, den herlege kongen, og prisar hans fagerleik og ynde, hans sigerrike styrke og stordom, hans ævelege herrevelde og hans rettferd, som gjer at han får njota rik gleda og signing, 2-9. Han talar om korleis Messias med dramb og drust fører heim bruri si, Israels-lyden, og skildrar kor yndefull og lydig og herleg ho er; saman med henne fører han heim andre brurer og, lydar or heidningfolki, 10-16. Til slutt spår han at ætti åt Messias skal råda over heile jordi, og at alle folk på jordi skal lova og prisa han til æveleg tid, 17. 18.
19 Slm 46
[Sal 46, 1-12]
Gud har hjelpt folket sitt i alle trengslor; difor ottast dei ikkje om verdsstormane rasar aldri so vilt, 2-4. Han er midt ibland dei med sin rike nåde og kjem dei snøgt til hjelp med si frelsande allmakt, 5-8. Eit vitnemål om det er den domen han nyst har halde over eit storrike som har trengt folket hans; difor skal folki lata dei vera i fred og sanna at han er Gud, 9-12.
19 Slm 47
[Sal 47, 1-10]
Alle folk skal prisa Herren, som har synt at han er ageleg og herre over alle jordi, med di han har gjeve folket sitt siger over fiendslege folkeslag og vart landet sitt, 2-5. Hans eige folk skal og prisa han, som har hjelpt dei og synt at han er konge over all jordi, og no har fare opp att til sin himmel, 6-8. Det som har hendt, borgar for at ein gong skal alle folk samla seg til Israel og hylla Herren som sin konge og sin Gud, 9. 10.
I denne salmen ligg ein spådom om den sigeren Messias skal vinna over syndi og døden og djevelen - den som kvar siger Gud gav folket sitt, var eit fyrebilete og pant på - om hans sigerrike himmelferd og om at hans rike skal nå ut over heile jordi.
19 Slm 48
[Sal 48, 1-15]
Songaren prisar herlegdomen åt Jerusalem, Guds by, 2. 3. Gud har synt kor herleg byen er, med di han har berga han frå fiendekongar som har slege seg i hop mot han, 4-9. Lyden takkar Gud for frelsa, 10-12, og byd at ho skal kunngjerast for den komande ætti, 13-15.
19 Slm 49
[Sal 49, 1-21]
Songaren bed alle menneske høyra på hans visdomstale, som han har fenge frå Gud, 2-5. Den gudlege må ikkje verta modlaus når han vert trælka av rikmenner som gjer sitt gods til sin Gud, 6. 7. For det stend ikkje i mannemakt å løysa ein annan ut frå døden; dei rike dårane lyt og døy og ganga ifrå godset sitt, 8-11. Deira von om å få hava herlegdomen sin for alltid vert sviki; døden tek dei og held fast på dei, og alt dei åtte, vert teke frå dei, 12-15. Men den gudlege vert av Gud sjølv fria ut or dødens vald, 16. Difor skal han ikkje verta modlaus om han ser at rikdomen åt den ugudlege veks; rikdomen fylgjer han ikkje i døden, og i den vert han sjølv verande til æveleg tid, 17-21.
19 Slm 50
[Sal 50, 1-23]
Gud kjem og vil tyda lovi, som Israel har mistydt og forbrote seg mot, og døma dei som har forbrote seg, 1-6. Han vitnar at den sanne gudsdyrkingi ikkje er å bera fram ytre offer, som han ikkje treng, og som ikkje svarar til hans grunnhått, 7-13, men å hava eit hjarta som er fullt av takksam kjærleik, 14. 15. Han refser hyklarskapen åt dei som har hans bod på tunga, medan dei i si åtferd mot næsten gjer imot dei, og han trugar dei med hard straff, dersom dei ikkje aktar på hans refsing, 16-22. Til slutt tek han oppatt at eit takksamt hjarta og eit liv etter lovi er den rette gudsdyrking, 23.
19 Slm 51
[Sal 51, 1-21]
David vender seg etter sitt store fall med Batseba, 1. 2, til Gud og bed om syndstilgjeving og oppattnying ved den Heilage Ande, med di han kjenner og sannar si misgjerd og den ovdjupe skaden i seg, 3-14. Han lovar at dersom Gud høyrer bøni hans, skal han føra andre syndarar til umvending og prisa Guds rettferd og nåde av eit sundstøytt hjarta, som Gud har meir hugnad i enn i noko ytre offer, 15-19. Han sluttar med bøn for Sion, 20. 21.
19 Slm 52
[Sal 52, 1-11]
Davids veldige fiende, som med sine meinråder trugar han med tyning, har ingen grunn til å rosa seg av sin vondskap; Guds nåde vik ikkje frå dei gudlege, 3-5. For hans vondskap skuld skal Gud lata han sjølv ganga til grunns, og dei rettferdige skal gleda seg, 6-9, medan David visseleg skal verta berga og sjå lukka, 10. 11.
19 Slm 53
[Sal 53, 1-7]
David klagar over den ålmenne vondskapen hjå menneski, 2-4, er viss på at dei ugudlege skal ganga til grunns og dei gudlege sigra, 5. 6, og lengtar etter frelsa for Israel frå Sion, 7.
19 Slm 54
[Sal 54, 1-9]
David bed Gud frelsa han frå dei ugudlege fiendane hans, 3-5, set si lit til Guds hjelp, 6. 7, og lovar å prisa Gud for si frelsa, 8. 9.
19 Slm 55
[Sal 55, 1-24]
David bed Gud om frelsa frå ugudlege fiendar, som trugar han med tyning, so han er full av otte og ynskjer han kunde fly til ein einsleg stad, 2-9. Han skildrar den fæle gudløysa som råder i byen og serleg syner seg i at ein av næmaste venene hans har vorte hardaste uvenen, og bed Gud straffa dei ugudlege, 10-16. Han vil halda ved og ropa til Gud, som i si rettferd visseleg vil berga han og tyna dei mange falske, utrue og forherde fiendane hans, 17-24.
19 Slm 56
[Sal 56, 1-14]
Hardt trengd av sine mange fiendar bed David Gud om nåde og hjelp mot dei og seier at han for hans ord skuld er viss på at bøni vert høyrd, 2-5. Han skildrar vondskapen åt fiendane, som allstødt baktalar han og stend han etter livet, og bed Gud tyna dei, ei bøn som han byggjer på Guds kjennskap til lidingane hans og kjærlege umsut for han, 6-9. Fullviss om bønhøyring prisar han jublande Guds ord, som har gjeve han denne vissa, og lovar at han vil takka Gud for den frelsa han i trui alt ser er komi, 10-14.
19 Slm 57
[Sal 57, 1-12]
David bed Gud om nåde og seier seg viss på at han i sin nåde og truskap vil berga han frå dei mektige og blodgjeruge fiendane som kringset han og vil gjera av med han, og tyna dei sjølve, 2-7. Han lovar at han vil prisa Gud so all verdi skal høyra det, for den herlege frelsa, 8-12.
19 Slm 58
[Sal 58, 1-12]
David skildrar ugudlege, forherda domarar, som med si urettferd fører ulukka over folk, 2-6. Han bed Gud gjera dei meinlause og tyna dei, og han har den visse voni at han vil gjera det; då skal dei rettferdige gleda seg og Guds rettferd verta kunnig på jordi, 7-12.
19 Slm 59
[Sal 59, 1-18]
David bed Gud berga han frå blodgjeruge fiendar, som utan hans skuld stend han etter livet, og døma dei saman med verdi, 2-6. Han er viss på at desse ugudlege skal koma i stor naud, medan Gud i sin nåde vil frelsa han, 7-11. Han bed Gud straffa dei for deira baktaling soleis at Guds folk kan koma til å minnast det, og so dei sjølve kan skyna at han er heimsens herre, 12-14. Han seier seg atter viss på at dei skal koma i stor naud, medan han skal prisa Gud for hans nådige frelsa, 15-18.
19 Slm 60
[Sal 60, 1-14]
David bed Gud, som har sendt sitt folk store trengslor, at han må koma det til hjelp; han har då lova at det alltid skal eiga landet og vinna over grannefolki, 3-10. For denne lovnaden skuld seier han seg viss på at den herferdi mot Edom som stend fyre, skal enda vel med Guds hjelp, som folket einast lit på, 11-14.
19 Slm 61
[Sal 61, 1-9]
I utlægd og stor naud bed David at Gud må berga han og føra han attende til heilagdomen, og han styd denne bøni til den nåden som Gud har synt han før, og dei lovnadene han har gjeve han, 2-6. Han er viss på at Gud vil gjera etter det han har lova han og ætti hans, bed om det og lovar å prisa Gud for frelsa, 7-9.
Dei lovnadene som David her talar um, har til sist fenge si oppfylling i Messias, han som Davidsætti har nått si høgste høgd i.
19 Slm 62
[Sal 62, 1-13]
David vitnar at det einast er i Gud han finn kvild; Gud er den einaste som kan hjelpa han, og han vil visseleg berga han og gjera til skammar dei stendige åtaki som fiendane gjer på hans liv og vyrdnad, 2-5. Han manar seg sjølv til å søkja si kvild i Gud framleides; for einast han kan berga han, og han skal og visseleg gjera det, 6-8. Han manar venene sine til å lita på Gud og åtvarar dei mot å setja lit til noko anna enn han, 9-13.
19 Slm 63
[Sal 63, 1-12]
David vitnar om sin inderlege lengsel etter Gud, no som han er langt burte frå heilagdomen hans, 2-4. Får han stetta denne lengselen, vil han alltid prisa Gud, 5. 6. Han er viss på at dette skal verta so; Gud vil berga han, men fiendane som stend han etter livet, skal ganga til grunns, 7-12.
19 Slm 64
[Sal 64, 1-11]
David bed at Gud vil vara han frå fiendane hans, og skildrar dei ugudlege og sløge rådene dei legg opp mot dei gudlege, 2-7. Han er viss på at Gud brått vil føra tjon og skam over dei, so alle menneske skal koma til å kjenna hans makt og rettferd, og dei gudlege verta fulle av gleda og tillit til han, 8-11.
19 Slm 65
[Sal 65, 1-14]
David prisar Gud av di han høyrer bønene åt alle menneske, forlet folket sitt syndene, signar det med sine gode gåvor og ved si store kraft, som syner seg i hans herlege verk både i naturi og mellom folki, bergar det på underfull vis, so alle folk på jordi vert fyllte med age, tillit og fagnad, 2-9. No og har han på nytt synt seg nådig mot folket sitt, med di han har vatna jordi rikleg med regn og soleis gjeve det ei trygg von om ein signa haust, so alle kan gleda seg, 10-14.
19 Slm 66
[Sal 66, 1-20]
Songaren bed heile jordi prisa Gud, 1-4, for dei underfulle frelses-verk han før har gjort mot sitt folk, 5-7, og for di han nyst har berga det frå trengslor som framande folk hadde ført over dei, 8-12. No vil han bera fram til Gud dei takkofferi han har lova han i desse trengslone, 13-15, og han manar alle dei gudlege til å lyda når han fortel korleis Gud har gjeve han det han bad om i ærlegdom, 16-20.
19 Slm 67
[Sal 67, 1-8]
Songaren bed at Gud vil velsigna sitt folk, so hans frelsa må verta kunnig over heile jordi; denne bøni får si oppfylling i Messias og hans rike, 2. 3. Han har den trygge voni at dette skal henda, so Guds namn må verta herleggjort, 4. 5, og styd denne voni til ei stor velsigning som Gud nyst har gjeve folket sitt i ei rik avling, 6-8.
19 Slm 68
[Sal 68, 1-36]
David bed Israel prisa Gud av di han gjer dei ugudlege til inkjes, so dei rettferdige kan gleda seg, og bergar alle som er hjelpelause og lid vondt, 2-7. Han har ført sitt folk igjenom øydemarki, der han kveikte det med riklege gåvor, og gjeve det heim i Kana'ans-landet, 8-11, har gjeve det herlege sigrar over fiendekongar og sidan ljuvleg fred, 12-15, har kåra Sionsfjellet til bustad åt seg, der han alltid vil sitja i all si makt og all sin herlegdom, 16-18, og no nyst fare opp til sitt himmelske kongssæte, etter han har vunne store gåvor for Israel i ein stor siger, 19. Songaren er viss på at Gud i framtidi og skal berga folket sitt or all naud og tyna fiendane, 20-24. Han skildrar festfylgjet som gleder seg over sigeren som nyst er vunnen, 25-28; på den byggjer han si von om at alle heidningfolk skal venda om til Gud, 29-32; til slutt kallar han alle heimsriki til å tena han, 33-36.
Salmen inneheld ein spådom om frelsa ved Messias, om hans herlege siger over alle vonde makter og hans himmelferd, om at han skal etla ut Andens gåvor (v. 19 sml. Efes 4, 8), og at hans rike skal breida seg ut over heile jordi.
19 Slm 69
[Sal 69, 1-37]
David bed Gud om frelsa frå sine lidingar; vel er han ein syndar, men det er like vel hans brennhug for Guds sak som er årsak til dei, so han ber dei for Guds skuld, 2-13. Han bed på nytt om frelsa, skildrar vondskapen åt fiendane og bed Gud straffa dei med undergang, 14-30. Han lovar å herleggjera Gud med si takk og vonar at hans frelsa vil styrkja trui hjå alle dei gudlege, 31-34. Han har den hugheile trui at Herren vil frelsa sin lyd, 35-37.
Salmen inneheld ein spådom om det Messias lyt lida når dei ugudlege fiendane hans forfylgjer han, kva straff dei skal få, og kva frukt hans liding skal bera. Sjå salme 31.
19 Slm 70
[Sal 70, 1-6]
David bed Gud om snar hjelp, so fiendane må verta til skammar, og so dei som søkjer Gud, kan gleda seg, 2-6.
19 Slm 71
[Sal 71, 1-24]
Songaren bed at Herren, som har vore hans livd frå ungdomen, ikkje må sleppa han no han er gamal, men fria han frå dei ugudlege fiendane, 1-13. Han lovar at han vil prisa Herren for frelsa, 14-17, bed han hjelpa han til dette med di han gjer som han har bede, 18. 19, seier seg viss på at Herren vil berga både Israel, som no er i stor naud, og han sjølv, 20. 21, og lovar på nytt å prisa han for det, 22-24.
19 Slm 72
[Sal 72, 1-20]
Salomo spår om Messias' rettferdige styring og om fruktene av henne; fred og otte for Gud skal bløma til æveleg tid i Guds folk; Messias' herredøme skal breida seg ut over heile jordi, alle folk skal hylla og tilbeda han; sjølve jordi skal bera ovrik grøda, 1-16. Difor skal hans namn prisast i all æva, 17.
19 Slm 73
[Sal 73, 1-28]
Asaf vitnar om si faste tru på at Gud er god mot sine, 1. Han sannar at denne trui hans vart rikka då han såg kor lukkelege dei ugudlege er i verdi, 2-12, medan han sjølv med all sin gudlegdom stødt var heimsøkt av liding, 13. 14. Dette var ei pinesam gåta for han, og han gjekk og grunda på det for seg sjølv, 15. 16; men gåta vart løyst for han då han såg at lukka åt den ugudlege får ein skræmeleg ende, 17-20. Han ser no at tvilen han gjekk med, berre var dårskap, og lovar at han heretter vil halda fast ved Gud, som ikkje har late han falla, og som i framtidi og skal leida han og til sist taka han opp i herlegdom, 21-24. Gud er det einaste gode han har, og det vil han ikkje sleppa jamvel i døden; dei som gjeng burt frå Gud, gjeng til grunns, men når berre han held seg nær til Gud, skal han koma til å lova og prisa han, 25-28.
19 Slm 74
[Sal 74, 1-23]
Songaren klagar for di Gud let sin vreide mot folket sitt vara, og bed han koma det til hjelp mot fiendane, som har øydelagt heilagdomen, 1-3. Etter han har skildra denne øydeleggjingi, 4-9, tek han oppatt klaga og bøni, som han styd til at Gud før har berga folket sitt med underverk og er den som i si allmakt har skapt og råder over verdi, 10-17. Til slutt bed han Gud for sitt eige namns skuld, det som fiendane hæder, og for sitt lidande folk skuld fria det ut or deira vald, 18-23.
19 Slm 75
[Sal 75, 1-11]
Israel prisar Gud for di han har lova at han i si tid vil halda rettvis dom over det storriket som no skjeplar hans skipnad på jordi, 2-4. Songaren åtvarar dette storriket mot å ovmoda seg og spotta for di Israel ser ut til å vera hjelpelaust; hjelpi kjem frå Gud, han som dømer verdi, 5-8. Han skal gjera alle ugudlege på jordi til inkjes og lyfta folket sitt opp; so skal det prisa han i all æva, 9-11.
19 Slm 76
[Sal 76, 1-13]
Songaren prisar Gud for di han har synt seg herleg i Israel, valt Jerusalem til bustad åt seg og nyst tynt ein fiendeher der, 2-4. Med denne straffedomen har han synt at hans herlegdom er mykje større enn herlegdomen åt storriket, og at ingen kan standa seg for vreiden hans; han har gjeve verdi ro og laga til æra og pris åt seg, 5-11. Israel og alle folki som bur ikring, skal tena Herren, den allmektige og skræmelege Gud, 12. 13.
19 Slm 77
[Sal 77, 1-21]
Songaren talar i namnet åt Israels-folket og seier at det vil kalla på Gud med fast tillit, 2. I si store naud vert det freista av tvil om Guds nåde, 3-10; men med di det får den tanken at det er Herren som har sendt lidingane, so det lyt bera dei so lenge dei varer, søkjer det trøyst i dei store nådegjerningane som Herren i farne tider har gjort imot dei, 11-21.
19 Slm 78
[Sal 78, 1-72]
Asaf bed Guds folk akta på den lærdomen som ligg i soga åt federne, 1-4. Folket er kalla til å lata Guds bod og storverk leida dei til gudlegdom og ikkje taka etter den trassige åtferdi åt federne, 5-8. Ein med Efra'ims-ætti til førar har dei gjort tvert imot dette kallet, 9-11. Gud hadde i Egyptarland og i øydemarki gjort storverk mot federne, men dei hadde allstødt vore vantruande, trassige og falske mot han, so han gang på gang laut straffa dei hardt; like vel hadde han i miskunn ikkje gjort dei til inkjes, 12-40. Dei let seg ikkje føra til truskap mot Gud ved dei herlege nådegjerningane han hadde gjort mot federne i Egyptarland, i øydemarki og Kana'an, men med Efra'im til førar har dei teke etter utruskapen åt federne og krenkt han med avgudsdyrkingi si; difor gjekk han burt frå heilagdomen i Silo, let paktkista falla i fiendehand og let sverdet herja mellom folket, 41-64. Men no hav han atter gjort sælebot på folket sitt og gjev det siger over fiendane; like vel har han sett Juda i stand åt Efra'im, med di han har valt David, hyrdingen, til hyrding for Israel og gjort Sion i staden for Silo til bustad for alltid, 65-72.
19 Slm 79
[Sal 79, 1-13]
Songaren skildrar korleis Israels-landet er teke av fiendar, templet vanhelga, Jerusalem lagt i grus og Guds tenarar drepne, so Israel har vorte til spott for fiendane sine, 1-4. Han bed Gud miskunna folket sitt, som er i ovstor naud, forlata dei syndene åt federne og deira eigne synder for sitt herlege namn skuld, det som grannefolki hæder, og lata vreiden sin ganga over frå folket til dei ugudlege fiendane, 5-12. Når det hender, skal folket prisa han til æveleg tid, 13.
19 Slm 80
[Sal 80, 1-20]
Songaren bed Gud berga sitt folk or den store naudi som det er kome i, allvisst Israels-riket, 2-4. Han skildrar denne naudi og tek oppat si bøn om berging, 5-8. Etter han har mint Gud om den store skilnaden mellom det blømande tilstandet i folket før og armodi no, bed han han på nytt lag koma det til hjelp og berga det, med di han lovar at det då vil vera truge mot han, 9-20.
19 Slm 81
[Sal 81, 1-17]
Songaren oppmodar Guds folk til å halda påskehelgi med takk og pris, 2-4. For då Gud fria folket sitt ut frå Egyptarland, sette han dei til det og mana dei til å vera lydige mot han, med di han minte om dei store velgjerningane han hadde synt dei, og lova å løna dei med rik signing, 5-11. Men Israel har ikkje lydt Gud; difor har han gjeve dei over til deira hardlynde, 12. 13. Gjev dei no vilde verta lydige mot han! Då skulde han halda den lovnaden han har gjeve dei, 14-17.
19 Slm 82
[Sal 82, 1-8]
Asaf minner i Guds namn Israels domarar om urettferdi deira og manar dei til å døma rettvist; men han kjenne deira formyrkte og rangsnudde hug og forkynner difor at dei skal ganga til grunns, 1-7. Til slutt bed han Gud skifta rett på jordi, 8.
19 Slm 83
[Sal 83, 1-19]
Songaren bed Gud akta på dei mange folkeslagi som har slege seg i hop og vil tyna Israel, 2-9. Han bed han gjera med desse folki, som vil eigna til seg landet hans, det same som han før gong på gong har gjort med fiendane åt folket sitt, tyna dei og lata dei verta til skammar, so dei lyt sanna at han er den Høgste på jordi, 10-19.
19 Slm 84
[Sal 84, 1-13]
Songaren vitnar om sin lengsel etter samfund med Herren og prisar dei sæle som har fenge lut i det, 2-5. Han prisar og dei sæle som i tillit til Herren lengtar hjarteleg etter dette samfundet; om vegen deira gjeng gjenom trengsla, skal dei like vel nå målet til slutt, 6-8. Han bed Herren unna den han har salva, dette samfundet, som er meir verdt enn all lukka i verdi, av di det er ei kjelda til alt godt, 9-12, og prisar til slutt atter den sæl som set si lit til Herren, 13.
19 Slm 85
[Sal 85, 1-14]
Songaren bed at Herren, som før har vore nådig mot folket sitt og berga det or stor naud, no og må koma det til hjelp med sin nåde og berga det i den store trengsla som det alt lenge har vore i, 2-8. Til svar på denne bøni får han den lovnaden av Herren at han vil gjeva dei som ottast han, sin sanne lyd, ei ovnøgd med åndeleg og timeleg signing, 9-14. - Denne lovnaden har fenge og får si fulle oppfylling i Kristi kyrkjelyd.
19 Slm 86
[Sal 86, 1-17]
David bed Herren om frelsa og grunnar denne bøni på hans store miskunn, 1-5, på hans allmakt, som ein gong skal få alle folk til å tilbeda han, 6-10, og på den nåden han før har synt han med di han har frelst han frå døden, 11-13. Han klagar for di ugudlege fiendar forfylgjer han og freistar å taka livet hans, og tek so oppatt bøni om frelsa, 14-17.
19 Slm 87
[Sal 87, 1-7]
Songaren prisar Sion, den byen som Herren elskar, og som han har gjeve den heilage lovnaden at alle heidningfolki ein gong skal verta born og borgarar der og der finna kjelda til alt sitt liv og all si gleda, 1-7. - Denne lovnaden har fenge si oppfylling i Kristus.
19 Slm 88
[Sal 88, 1-19]
Heman bed Herren, sin Frelse-Gud, berga han or hans store naud, 2-10; Herren kan då ikkje lata dei som trur på han, døy, 11-13. Til slutt tek han oppatt bøni og skildringi av sin store armodsdom, 14-19. - Heman er her - som David i salm 31 og 38 - eit fyrebilete på den lidande Messias.
19 Slm 89
[Sal 89, 1-53]
Etan prisar Herren for hans store miskunn og truskap, serleg den han har synt ved dei lovnadene han har gjeve David, 2-5. Dinæst prisar han og Herrens allmakt, som saman med hans nåde og truskap gjer Israel til eit lukkeleg folk og gjev vissa om at det han har lova, skal ganga fram, 6-19, og greider so nøgje ut kva desse lovnadene gjeng ut på, 20-38. Han klagar over dei store trengslone som Herren har late koma over Davidsætti og Israels-folket, so det ser ut som han ikkje vil halda lovnadene sine, 39-46, og bed til slutt at han vil halda dei og frelsa sitt folk, 47-52.
19 Slm 90
[Sal 90, 1-17]
Moses prisar Gud, den trufaste, ævelege og ubrigdelege, 1. 2. Mælt med Guds mælestav er menneskelivet so stuttvarigt, 3-6. Han syner at grunnen til dette er Guds vreide over syndi, 7-10, og bed at Gud må gjeva tenarane sine vit til å skyna dette; for det vantar dei, 11. 12. Til slutt bed han at Gud atter vil sjå i nåde til folket sitt etter dei lange og tunge lidingane han har sendt over det, 13-17.
19 Slm 91
[Sal 91, 1-16]
Den som flyr til Gud og lit på han, er fullkomeleg trygg i alle fårar, kor store og trugande dei er, 1-16.
19 Slm 92
[Sal 92, 1-16]
Songaren vitnar kor godt det er å prisa Herren, 2-4, som har gledt han med sine allmakts-verk og sin djupe visdom, som dåren ikkje skynar, 5-7; denne visdomen sin syner han med di han let lukka åt dei ugudlege verta til tjon for dei sjølve, men gjev dei gudlege stor og varande lukka i samfundet med seg og soleis gjev dei årsak til å prisa hans rettferd og truskap, 8-16.
19 Slm 93
[Sal 93, 1-5]
Herren er ævelege, allmektige kongen i sitt rike og vil etter sine lovnader verna det mot alle fiendane, om dei er aldri so mektige, 1-5. - Ein spådom om kongedømet åt Messias og om sigeren som hans kyrkja skal vinna.
19 Slm 94
[Sal 94, 1-23]
Songaren bed Herren straffa dei ovmodige fiendane, som trælkar folket hans, med di dei meiner at Herren ikkje ansar åtferdi deira, 1-7. Han refser dårskapen hjå dei israelitane som tenkjer like eins, 8-11, og prisar dei sæle som har lært hjå Herren å setja all si lit til han; for i si tid skal han sjå til sitt folk, 12-15. Til slutt seier han seg viss på at Herren vil hjelpa han i all naud og fåre, og at han vil tyna alle fiendane hans, 16-23.
19 Slm 95
[Sal 95, 1-11]
Songaren oppmodar Israel til å prisa Herren, som er opphøgd over alle ting og har skapt og eig heile jordi, 1-5, og til å tilbeda han, den trufaste hyrdingen for folket sitt, og lyda han, 6. 7; han åtvarar det mot å gjera hjarta sitt hardt, liksom dei vantruande federne, som med det stengde seg sjølve ute frå den kvila som dei hadde fenge lovnad um, 8-11. - Salmen peikar fram mot den openberringi av Guds nåde og allmakt som skulde koma med Kristus, og manar til å prisa han og ikkje gjera hjarta hardt mot han og frelsa i han (Hebr 3, 7 fg; 4, 5 fg).
19 Slm 96
[Sal 96, 1-13]
Alle folk på jordi og heile skapningen skal prisa Herren og kunngjera hans herlegdom, av di einast han er den allmektige Gud og skapar, 1-6, og æra og tilbeda han, av di han skal koma i sitt rike og døma jordi med rettferd, 7-13. - Salmen peikar fram mot og spår om det kongedømet som Messias kjem og skipar.
19 Slm 97
[Sal 97, 1-12]
Songaren skildrar korleis Herren vil koma med skræmeleg velde og syna seg for heile skapningen som konge og rettferdig domar, 1-6, til skjemsla for alle avgudsdyrkarar, men til gleda for sitt folk, 7-9. Han manar dei gudlege til å hata det vonde, med di han minner dei om at Herren varar og frelser dei rettferdige, 10-12. - Salmen inneheld ein spådom om Kristi kongedøme.
19 Slm 98
[Sal 98, 1-9]
Heile jordi skal prisa Herren av all si makt for di han kjem og vil frelsa sitt folk på underfull vis og døma heimen med rettferd, 1-9. - Salmen peikar fram mot og spår om Kristi koma.
19 Slm 99
[Sal 99, 1-9]
Songaren vitnar korleis Herren i sitt rike vil syna seg som ein stor og opphøgd konge, og at folki skal prisa han av di han er ei sterk og rettferdig vern for sin lyd, og oppmodar lyden til å lova og tilbeda han, 1-5. På nytt lag oppmodar han lyden til det, med di han minner om det inderlege samlaget som det var mellom Herren og dei heilage mennene i gamletidi, 6-9. - Salmen inneheld ein spådom om Kristi kongedøme.
19 Slm100
[Sal 100, 1-5]
Heile jordi skal prisa og tena Herren, som har gjort Israel til sitt folk og alltid synt seg nådig og trufast mot det, 1-5.
19 Slm101
[Sal 101, 1-8]
David vil prisa Herrens miskunn og rettferd, 1; i si eigi åtferd vil han akta seg for alt vondt, 2-4, og når han vel tenarar, vil han berre leita etter dei ulastande; dei ugudlege vil han rydja ut både or sitt hus og or sitt land, 5-8.
19 Slm102
[Sal 102, 1-29]
Ein arming, som er i naud og ottast, flyr til Herren, den allmektige, nåderike og trufaste Gud, 2-12. Han trøystar seg med den visse voni at Herren i sin store nåde snart vil byggja opp att Sion og frelsa sitt folk, som vert plaga so hardt, so alle folkeslag på jordi må koma til å æra og tilbeda og tena han, 13-23. I trui på Gud, som er allmektig og ubrigdeleg i all æva, er han fullviss på at han vil velsigna sine tenarar gjenom alle ætter, 24-29. - Salmen inneheld ein spådom om at heidningfolki skal verta opptekne i Kristi rike.
19 Slm103
[Sal 103, 1-22]
David vil lova og takka Herren for alle velgjerningane han har gjort mot han sjølv, 1-5, og for all den tilgjevande miskunn han viser mot alle som ottast han, med di han kjem i hug at dei er skrøpelege menneske, 6-18. Til slutt vender han seg til himmelherane og heile skapningen; saman med han skal dei lova Herren, heimsens allmektige styrar, 19-22.
19 Slm104
[Sal 104, 1-35]
Songaren lovar Herren, som viseleg har laga alt det han skapte dei fire fyrste skapingsdagane, til bate for menneske og dyr - dei som vart skapte femte og sette dagen - og som gjev desse skapningane alt det dei treng til føda og liv, 1-30. Til slutt ynskjer han at alle skapningar må æra Herren, den allmektige Gud, so som han sjølv vil gjera heile sitt liv, og at dei ugudlege, som ikkje vil gjera det, må verta utrudde av jordi, 31-35.
19 Slm105
[Sal 105, 1-45]
Songaren bed Israel lova og prisa Herren for alt det han har gjort mot dei, 1-6. Han har alltid kome i hug den pakti han gjorde med dei heilage federne, 7-12, halde dei oppe i alle fårar, 13-15, i sin nåde styrt det so at Jakob og ætti hans kom til Egyptarland, 16-23, ført folket ut derifrå med mange under, 24-38, fylgt det gjenom øydemarki med mange undergjerningar og ført det inn i Kana'ans-landet, 39-45.
19 Slm106
[Sal 106, 1-48]
Songaren prisar Gud for hans endelause godleik mot alle som legg vinn på rettferd, og bed at han må få lut i den frelsa folket ventar på, 1-5. Botferdig sannar han i namnet åt folket at det har synda storleg mot sin nådige Gud ved utakksemd, ulydnad og fråfall, fyrst i Egyptarland, so gong på gong i øydemarki og til sist i Kana'ans-landet, so Herren har lote gjeva dei i hendene på heidningane, som trælkar det, 6-43. Men endå folket har vore trassigt, har Herren mange gonger berga det or naudi, når det ropa til han; difor bed han Herren berga det frå heidningane no og, 44-47.
19 Slm107
[Sal 107, 1-43]
Songaren oppmodar fyrst Israel til å lova og takka Herren for di han har berga dei or fiendevald og ført dei heim att til landet deira, 1-3; so skildrar han med ymse bilete naudi dei var i, og frelsa frå den, med di han stendigt tek opp att same oppmodingi; dei likjest svoltne folk som flakka ikring i øydemarki, men no har fenge ein by til å bu i, 4-9, fangar som er løyste, 10-16, daudsjuke som er lækte, 17-22, folk som har vore kasta ikring på havet, men no er komne i hamn, 23-32. Fiendane deira er tynte, men sjølve har dei vorte rikleg velsigna til gleda for dei rettferdige og til audmykjing for alle ugudlege, 33-42. Han sluttar med ei maning til å akta på Herrens store nåde, 43.
19 Slm108
[Sal 108, 1-14]
David prisar Gud for all verdi for hans store miskunn og truskap, 2-6, og bed han koma sitt folk til hjelp no, 7. Han har då lova sitt folk at det skal eiga landet og vinna over grannefolki, 8-10. For denne lovnaden skuld seier songaren seg viss på at det med Guds hjelp, som folket einast lit på, skal ganga godt med den herferdi han skal gjera mot Edom, 11-14.
19 Slm109
[Sal 109, 1-31]
David klagar til Herren over dei ugudlege fiendane, som løner hans kjærleik med hat, 1-5. Han bed at Guds rettferdige straff serleg må råma ein av dei, 6-15, som med miskunnlaus forfylgjing har synt at han vilde at forbanningi skulde koma over han, 16-20. So skildrar han sine store lidingar, 21-25, bed Herren frelsa han frå dei, 26-29, og lovar at han vil prisa han for det, 30. 31. - Liksom i 31., 38. og 41. salmen ligg det i denne salmen og ein spådom om dei lidingane som dei ugudlege fiendane åt Messias, serleg svikaren Judas, vil valda han (Apg 1, 20).
19 Slm110
[Sal 110, 1-7]
David forkynner lyden at han har høyrt i åndi korleis Herren har gjeve Messias, herren hans, lut i si allmakt og gjort han til herre over fiendane hans, 1. 2, og at Messias eig eit heilagt folk som viljugt og lydigt tener han i striden mot fiendane, med di Herren har gjort han til æveleg prest etter Melkisedeks vis, 3. 4. So skildrar han korleis Messias med uvinneleg makt slær ned alle sine fiendar utover den vide jord, 5-7.
19 Slm111
[Sal 111, 1-10]
Songaren prisar Herren for alle dei mange og store velgjerningane som han, den miskunnsame og trufaste Gud, har synt sitt folk, 1-9, og legg det difor på hjarta at det må ottast han og halda bodi hans, 10.
19 Slm112
[Sal 112, 1-10]
Songaren prisar dei sæle som ottast Herren og elskar hans bod, og som gjer sælebot på fatigfolk; Herren løner dei med rikleg velsigning og varar dei for alt vondt, til harm for dei ugudlege, som ikkje får det dei ynskjer, 1-10.
19 Slm113
[Sal 113, 1-9]
Songaren bed alle Herrens tenarar prisa han, 1-3, for di han, som er opphøgd over alle ting, ser ned til dei ringe og arme, har kjærleg umsut for dei og lyfter dei opp til æra, 4-9.
19 Slm114
[Sal 114, 1-8]
Til trøyst for det lidande Israels-folket vitnar songaren om Herrens storverk då han førde folket sitt ut or Egyptarland til Kana'an, 1-8.
19 Slm115
[Sal 115, 1-18]
Songaren bed Herren hjelpa sitt folk og soleis syna heidningane at han er den levande, allmektige Gud, medan deira gudar er daude og maktlause ting; alle som lit på dei, får same lagnaden som dei, 1-8. So manar han Israel til å lita på Herren, 9-11, som visseleg skal velsigna folket, 12-15; han skal halda det oppe, so det kan prisa han til æveleg tid, 16-18.
19 Slm116
[Sal 116, 1-19]
Songaren vitnar at han elskar Herren og alltid vil kalla på han, av di han, den nådige og miskunnsame Gud, har frelst han då han var i stor naud og otte og ropa til han om hjelp, so han no kan vera roleg og trygg, 1-9. So fortel han korleis han i si naud og sin otte slepte all tillit til menneske og sette si lit einast til Herren, 10. 11, og talar til slutt om korleis han vil takka han for augo på heile lyden for den store frelsa han har røynt, 12-19.
19 Slm117
[Sal 117, 1-2]
Songaren bed alle heidningar lova Herren for den miskunn og truskap han har synt folket sitt, 1. 2.
19 Slm118
[Sal 118, 1-29]
Israel skal prisa Herren for di han har frelst det i si miskunn, då det ropa til han om hjelp i si naud, 1-5. Folket vitnar om si faste tillit til han og si vissa om at det med hans hjelp skal vinna over fiendefolki ikring det, 6-12. Dei har vilja få folket til å falla; Herren har fyrst tukta det, men so frelst det med si allmektige kraft, og dermed fyllt det med jubel og vissa det om at det aldri skal ganga til grunns, 13-18. Israel vil no prisa han i heilagdomen for frelsa; med den har han gjeve det vissa om det nåde-underet at Israel, det folket som heidningane har vanvyrdt so djupt, skal verta hyrnesteinen åt gudsriket, 19-24. Israel sluttar med bøn og ny lovprising, 25-29. - Spådomen som ligg i den vissa folket har om at det skal verta hyrnesteinen åt gudsriket, har fenge si oppfylling i Kristus (Matt 21, 42. Apg 4, 11. Efes 2, 20. 1 Pet 2, 7).
19 Slm119
[Sal 119, 1-176]
Songaren vitnar om dei herlege eigenskapar og verknader som Guds ord har, kor sæle dei er som brukar det rett, kor han lengtar etter og gled seg i å verta leidd og styrkt og trøysta av det alltid. Dette set han fram i 22 bolkar, kvar på 8 vers, etter bokstavane i det hebraiske alfabetet.
A-alef, 1-8
B-bet, 9-16
G-gimel. 17-
19 Slm120
[Sal 120, 1-7]
Israel bed Herren, som før har bønhøyrt det i naudi, at han no og må koma det til hjelp og straffa dei baktalande grannane, og har den visse trui at han vil gjera det, 1-4. Fredsælt som folket sjølv er, lyt det klaga sårt over deira ufredlege og fiendslege hug og ferd, 5-7.
19 Slm121
[Sal 121, 1-8]
Israel ventar med tillit hjelp frå Herren, som alltid skal taka vare på det og verna det mot alt vondt, 1-8.
19 Slm122
[Sal 122, 1-9]
David seier seg glad for at han kan vera med på høgtidsferdene til Jerusalem, den herlege byen, oppmodar til bøn om at det må ganga byen vel, og bed sjølv om det, 1-9.
19 Slm123
[Sal 123, 1-4]
Israel ser med lengting opp til Herren og vonar at han i nåde vil hjelpa, 1. 2; det bed om hjelp mot sine ovmodige fiendar, som alt lenge har aust vanvyrdnad og spott utover det, 3. 4.
19 Slm124
[Sal 124, 1-8]
David tel Israel til å sanna at det berre er med Herrens hjelp det har vorte berga, so ikkje fiendane fekk tyna det, 1-5. Folket prisar Herren for frelsa, 6. 7, og seier at det lit berre på hans hjelp, 8.
19 Slm125
[Sal 125, 1-5]
Songaren vitnar at Guds folk aldri skal ganga til grunns når det lit på Herren, men at det allstødt skal få hjelp frå han, sin sterke Gud; herreveldet åt storriket kan ikkje vara alltid, elles vart dei gudlege freista til fråfall, 1-3. Han bed at Herren vil velsigna dei gudlege, og varslar straff frå Gud over dei ugudlege i folket, 4. 5.
19 Slm126
[Sal 126, 1-6]
Israel sannar med takk at Herren fyllte det med gleda og jubel då han fria det or utlægdi (i Babel), 1-3; no bed det han fullenda det utløysingsverket han har teke til med, 4, og seier seg viss på at han vil gjeva dei gleda for sorg når han gjer det, 5. 6.
19 Slm127
[Sal 127, 1-5]
Salomo lærer at alt arbeid er fåfengt utan Herrens hjelp, og at han velsignar dei gudlege med alt som godt er, 1-5.
19 Slm128
[Sal 128, 1-6]
Songaren prisar den gudlege sæl av di Herren velsignar han i hans gjerning og kår, 1-6.
19 Slm129
[Sal 129, 1-8]
Songaren oppmodar Israel til å sanna at Herren har berga det or dei mange og store trengslone dei har røynt, 1-4, og knyter til dette den voni at alle fiendane skal verta til skammar og ganga til grunns, 5-8.
19 Slm130
[Sal 130, 1-8]
Songaren let Israel, som er i stor trengsla, naudbeda Herren om syndeforlating og utfriing or naudi, 1-4, og seier at han stundar etter og vonar på frelsa, 5. 6. Til slutt manar han folket til å venta på Herren framleides; han skal visseleg løysa det frå alle synder, 7. 8.
19 Slm131
[Sal 131, 1-3]
David vitnar om at han audmjukt har slept alle høge tankar og høgfløygde planar og gjeve seg heilt over i Guds vilje, 1. 2, og tel Israel til å lita på han alltid, 3.
19 Slm132
[Sal 132, 1-18]
Songaren minner Herren om Davids ihuge for å føra heilagdomen hans til rette staden i Israel, 1-9, og bed at han vil lata lovnadene til David verta oppfyllte på ætti hans; for gjenom henne vil han velsigna Sion, som han har valt til æveleg bustad åt seg. Desse lovnadene peikar fram mot Messias og hans rike, 10-18.
19 Slm133
[Sal 133, 1-3]
David prisar det broderlege samhaldet og den signingi det fører med seg for lyden, 1-3.
19 Slm134
[Sal 134, 1-3]
Herrens tenarar i templet skal lova han, 1. 2. Signingsynske over folket, 3.
19 Slm135
[Sal 135, 1-21]
Songaren bed Herrens tenarar - Israels-folket - prisa Herren, 1-4, for den stordom og makt som han både syner i skapningen og i gamle dagar synte i sine domar over sitt folks fiendar, 5-12. Han seier seg viss på at Herren, som alltid er den same, vil frelsa sitt folk i framtidi og, 13. 14, medan heidningane, som dyrkar daude, maktlause avgudar, skal verta som dei, 15-18, og bed til slutt på nytt lag Israel prisa Herren, 19-21.
19 Slm136
[Sal 136, 1-26]
Israel skal prisa Herren for hans ævelege godleik og miskunn, 1-3, som han har synt då han skapte verdi, 4-9, i dei herlege verk han gjorde mot sitt folk i gamle dagar, 10-22, like eins då han nyst fria det or fiendevald (frå Babel), 23. 24, og i umsuti for alle sine skapningar, 25. 26.
19 Slm137
[Sal 137, 1-9]
Songaren fortel korleis israelitane i Babel syrgde av di Jerusalem var øydelagt, og ikkje vilde syngja Sions songar, 1-4. Han vitnar om sin inderlege kjærleik til Jerusalem, 5. 6, og bed Herren straffa både edomitane, som har hjelpt til med øydeleggjingi, og Babel, 7-9.
19 Slm138
[Sal 138, 1-8]
David prisar Herren av di han har gjeve han ein herleg lovnad og høyrt bønene hans, so hjarta hans no er fullt av mod og styrke, 1-3. Han varslar at ein gong skal alle kongar på jordi prisa Herren for di han har umsut for dei ringe, 4-6. Til slutt seier han seg viss på at Herren vil fria han ut or all trengsla og fullføra sitt verk, og bed han gjera det, 7. 8. - Salmen peikar fram mot Messias og riket hans, som skal breida seg utover heile jordi.
19 Slm139
[Sal 139, 1-24]
David vitnar at Herren, han som veit alt, ransakar hjarta hans og kjenner han til botnar, 1-6, med di han er hjå han alle stader, kvar han so ferdast, 7-12. Grunnen til det er - seier han - at Gud har skapt han og difor har kjent han og heile hans framtidige liv alt ifrå den tid han vart til; i samanheng med dette held han fram kor djupe og usegjeleg rike Guds tankar er, 13-18. So vitnar han at han styggjest ved alt samlag med dei ugudlege og hatar dei av di dei er Guds fiendar, 19-22, men at han samstundes lyt beda den allvitande Gud at han ved sin Ande vil hjelpa han til å kjenna sitt hjarta, om det like vel skulde finnast tankar der som fører i ulukka, 23. 24.
19 Slm140
[Sal 140, 1-14]
David klagar for di ugudlege fiendar freistar å føra han i ulukka med list og vald, og bed at Herren, som han flyr til i si naud, vil gjera meinrådene deira om inkje og fria han ut or hendene deira, 2-9. Han seier seg viss på at Herren skal tyna dei illtenkte forfylgjarane og hjelpa dei rettferdige som er trælka, so dei får retten sin; då skal dei prisa han og gleda seg i samfundet med han, 10-14.
19 Slm141
[Sal 141, 1-10]
David bed Herren koma han til hjelp i hans naud og serleg vara han so han ikkje syndar i tale og ikkje er med dei ugudlege og gjer vonde gjerningar, som dei søte fruktene deira kunde freista han til; han vil heller lata seg tukta av dei rettferdige, jamvel om det skulde vara lenge, 1-5. I tillit til Herren seier han seg viss på at fiendane, som mest har gjort av med han og venene hans, skal sjå at hovdingane deira vert tynte, og soleis koma til å sanna dei åtvaringane han gav dei. Til slutt bed han at Herren må vara han for dei som sit etter han, og lata dei falla i sine eigne garn, 6-10.
19 Slm142
[Sal 142, 1-8]
David legg si naud fram for Herren, som veit kor stor den fåren er som han er komen i, og kor hjelpelaus han er, 2-5. Han bed at Herren, som er hans einaste livd, vil akta på bøni hans og fria han ut or den trengsla som dei overmektige fiendane har ført over han, so han kan prisa han medan dei rettferdige flokkar seg kring han og ynskjer han til lukka, 6-8.
19 Slm143
[Sal 143, 1-12]
Fiendane har forfylgt David, so han er komen i stor naud; no bed han at Herren ikkje må ganga til doms med han for syndene hans, men fria han or hendene på forfylgjarane og ved sin Ande leida han på den rette vegen, so han kan gjera hans vilje, 1-10. Til slutt seier han seg viss på at Herren vil frelsa han og tyna fiendane, 11. 12.
19 Slm144
[Sal 144, 1-15]
David prisar Herren av di han er hans styrke og vern og hjelper det veike og forgjengelege mennesket, 1-4. Han bed han med si allmakt fria han frå dei ugudlege heidningane, fiendane hans, 5-8. Viss på at han skal verta bønhøyrd, lovar han at han vil prisa Herren for frelsa, 9. 10. Til slutt tek han oppatt bøni om at Herren må frelsa han, so hans folk må verta rikleg velsigna i det timelege, 11-15.
19 Slm145
[Sal 145, 1-21]
David prisar Herren for di han er stor og herleg, og for dei store og herlege gjerningane han gjer i sitt rike, og like eins for hans godleik og miskunn, som han viser mot alle sine skapningar, serleg mot armingane, som han hjelper, og mot alle dei som ottast og elskar og kallar på han, 1-21.
19 Slm146
[Sal 146, 1-10]
Songaren vil prisa Herren alle sine dagar og legg Guds folk på hjarta at dei ikkje må lita på veike menneske, som ikkje kan hjelpa, men på Herren, den allmektige, som har skapt verdi, den rettferdige, som vernar dei som er trælka, og som hjelper alle einslege og arme, 1-9; hans rike varer æveleg, 10.
19 Slm147
[Sal 147, 1-20]
Israel skal prisa Herren for di han, som råder med allmakt over skapningen og syter kjærleg for alle sine skapningar, i sin store nåde har reist det att etter fallet, velsigna det og gjeve det si lov, 1-20.
19 Slm148
[Sal 148, 1-14]
Heile skapningen både i himmelen og på jordi skal prisa Herren - det som høyrer himmelen til, av di han har skapt det og bunde det til ævelege lover, det som er på jordi, av di han er opphøgd over alle ting, fyller himmel og jord med sin herlegdom og har gjeve sitt eige folk stor styrke, 1-14.
19 Slm149
[Sal 149, 1-9]
Songaren bed Israel lova Herren for nåden og frelsa han har gjeve det, 1-4, og seier seg fullviss på at det skal vinna over dei heidne fiendane og straffa dei for det dei har gjort mot folket, 5-9.
19 Slm150
[Sal 150, 1-6]
Dei skal prisa Herren på jordi og i himmelen for hans herlege verk og hans storvelde; 1. 2: dei skal gjeva han ei fulltonande lovprising, og alt som har ande, skal vera med i den, 3-6.
Ordtøke
20 Osp 1
[Ordsp 1, 1-33]
Salomos ordtøke skal leida til visdom, 1-6. Otte for Herren er opphav til visdom, 7. Ungdomen skal høyra på fyretolone og åtvaringane frå foreldri og fylgja dei, og ikkje samtykkja når syndarar lokkar han til å vera med dei og sitja etter næsten og rana det han eig; forføringskunstene deira er alt for openberre, og rådene deira er vonde og fører dei sjølve til fall, 8-19. Visdomen, som talar berrsynleg og høgt til menneski, tel dårane til å venda om og åtvarar dei at dei ikkje må vera ulydige mot fyretolone; elles kjem dei til å valda seg sjølve ulukka, og om dei då freistar å lyda etter det visdomen seier, er det for seint. Men han lovar dei lydige vern mot alt vondt, 20-33.
20 Osp 2
[Ordsp 2, 1-22]
Den som av hjarta søkjer visdom, vinn otte for Gud og sann kunnskap om Gud, som einast Herren gjev, 1-8, og skyn på alt som er rett og godt, 9-11. Visdomen er ei vern når dei ugudlege freistar, og utuktige kvinnor lokkar, 12-19; soleis leider han folk inn på den vegen som dei gode gjeng, og vert på den måten til velsigning, men dei ugudlege vert utrudde, 20-22.
20 Osp 3
[Ordsp 3, 1-35]
Rikt velsigna vert den som tek vare på bodi åt visdomen og held seg etter dei, set si lit til Herren, ottast og ærer han og finn seg viljugt og tolugt i at Herren agar han, 1-12; ja, sæl er den som finn den sanne visdomen, 13-26. Me skal vera gjevmilde, trugne og fredsame og halda oss frå vegane åt dei vonde; det gjeng dei vonde likso ille som det gjeng dei gudlege vel, 27-35.
20 Osp 4
[Ordsp 4, 1-27]
Me skal søkja visdomen og fylgja den rettleidingi han gjev; då vinn me lukka og signing, 1-13; me skal akta oss for den vegen dei ugudlege gjeng, 14-19; lyda etter det visdomen seier, og taka vara på det, vakta hjarta, munnen, augo og føtene, so me ikkje syndar med tanke, ord eller gjerning 20-27.
20 Osp 5
[Ordsp 5, 1-23]
Me skal akta på visdomen, 1-2, og vara oss for hor, 3-14, søkja vår gleda i trufast kjærleik til maken vår, og koma i hug at Gud ser alle ting og let dei ugudlege døy i sine synder, 15-23.
20 Osp 6
[Ordsp 6, 1-35]
Den som i tankeløysa har borga for nokon, bør sjå til å verta fri for sin skyldnad snarast råd er, 1-5. Åtvaring mot latskap, som fører til armod, 6-11. Fals får brå undergang til straff, 12-15. Sju stygge synder vert opprekna; dei skal me fly, 16-19. Ein son skal akta på fyretolone og bodi åt foreldri, 20-23; då vert han vara for hor, som fører i ulukka, 24-35.
20 Osp 7
[Ordsp 7, 1-27]
Me skal halda fast på bodi åt visdomen, 1-4; då vert me vara for framande kvinnor; deira useduge åtferd og fårlege lokking vert skildra, 5-23. Ny åtvaring mot sovorne kvinnor, 24-27.
20 Osp 8
[Ordsp 8, 1-36]
Visdomen bed menneski høyra dei herlege lærdomane hans og taka imot dei, 1-11; han skildrar sine gode eigenskapar og gjerningar, 12-21; han har vore hjå Gud frå æva, og Gud har skapt verdi ved han, 22-31; han tek opp at fyretola si og syner kva sæle frukter det ber å fylgja henne, 32-36.
20 Osp 9
[Ordsp 9, 1-18]
Visdomen har bygt seg eit sterkt hus og laga til ei måltid, som han let sendebodi sine beda alle fåkunnige til, 1-6. Spottarar og gudlause folk nyttar det ikkje å refsa, men dei vise og rettferdige har gagn av det; alle får dei si visse løn, 7-12. Dårskapen og bed til gjestebods; å fylgja innbjodingi hans fører til døden, 13-18.
20 Osp 10
[Ordsp 10, 1-32]
Salomo talar om vise og uvituge born, 1, om rikdom og armod, 2. 3. 15. 22, latskap og strevsemd, 4. 5. 26; det gjeng dei rettferdige vel, men dei ugudlege ille, 6. 7. 16. 24. 25. 27-30; om visdom og dårskap i tale, 8. 10. 11. 13. 14. 19-21. 31. 32, ærleg og uærleg ferd, 9, auga åt den falske og lippa åt dåren, 10, hat og kjærleik, 12, rettleiding og vill-leiding, 17, løynt hat og baktale, 18, den rangsnudde hugen åt dåren og visdomen åt den vituge, 23.
20 Osp 11
[Ordsp 11, 1-31]
Um falsk og full vekst, 1, ovmod og audmykt, 2, ærlegdom og ulastande ferd og det motsette, 3. 20, rikdomen åt dei ugudlege, 4. 28, vanvyrdeleg umtale og baktale, 12. 13, rettferdige og ugudlege, 5-11. 18. 19. 21. 23. 28. 30. 31, rådgjevarar, 14; om å borga for andre, 15, den dygderike og den uvituge kvinna, 16. 22, godleik og hardleik, 17, velgjerd og kargleik, 24-26; om å trå etter godt og vondt, 27; om uvitugt hushald, 29.
20 Osp 12
[Ordsp 12, 1-28]
Um tukt, 1, om gode og ugudlege menneske, 2. 3. 5. 7. 10. 12. 21. 26. 28, gode og låke kvinnor, 4, gode og vonde, sanne og falske utsegner og vitnemål, 6. 8. 13. 14. 17-19. 22, vanvyrde og storlåtne folk, 9, strevsame folk og letingar, 11. 24. 27; dårar og vise folk fer ulikt åt, 15. 16. 23; om folk som smider vondt i hop, og folk som råder til fred, 20, det som tyngjer og det som gled hjarta, 25.
20 Osp 13
[Ordsp 13, 1-25]
Um tukt, 1. 18. 24, vis og uvitug tale, 2. 3. 5. 14, latskap og annsemd, 4. 11. 23, rettferdige og ugudlege, 6. 9. 21. 22. 25, rike og fatige, 7. 8, ovmod og viljugskap til å taka imot råd, 10, voner og ynske, 12. 19, vanvyrdnad for ord og bod og age for dei, 13, vit og klokskap, 15. 16, true og utrue bodberarar, 17, umgjenge med vise eller med dårar, 20.
20 Osp 14
[Ordsp 14, 1-35]
Um vise og uvituge kvinnor, 1, ærlege og falske folk, 2. 14, fåvitug og vis tale, 3. 7, arbeid 4. 23, vitne, 5. 25, spottarar, 6, klokskap og dårskap, 8. 15. 18; ærlegdom er vilkår for Guds hugnad, 9; om hjarta, 10. 13. 30, ugudlege og gudlege folk, 11. 32, eigne vegar, 12, bråsinne og langmod, 16. 17. 29; dei vonde lyt bøygja seg, 19; om armod og rikdom, 20. 23. 24. 31, vanvyrdnad for andre, 21, vonde og gode tankar, 22, otte for Herren, 26. 27, konge-æra, 28, å vera hard med fatigfolk og å tykkja synd i dei, 31, visdom, 33, æra og skam for eit folk, 34, kongstenarar, 35.
20 Osp 15
[Ordsp 15, 1-33]
Um vis og uvitug tale, 1. 2. 4. 7. 23. 26. 28, Guds allvitand, 3. 11, tukt og lastord, 5. 10. 12. 31. 32, eiga åt rettferdige og ugudlege folk, 6, deira gudsdyrking og åtferd, 8. 9. 24. 29, om gleda og sorg, 13. 15, visdom og dårskap, 14. 21, nøgsemd med gudlegdom og kjærleik, 16. 17, brålynde og langmod, 18, latskap, 19, gode og låke born, 20; rådleggjingar lyt til, 22; om ovmodige folk og enkjor, 25, meinrådene åt dei ugudlege, 26, hug til urett vinning, og hat til mutor, 27, god tidend, 30, gudlegdom og audmykt, 33.
20 Osp 16
[Ordsp 16, 1-33]
Gud råder for svaret på tunga, mannsens steg og utfallet når ein kastar lut, 1. 9. 33. om eigne vegar, 2. 25, tiltru til Herren, 3. 20; Gud har sett straff for den ugudlege, 4. om ovmod, 5. 18. 19, miskunn og gudlegdom, 6. Herrens nåde gjev fred jamvel med fiendar, 7. om nøgsemd, 8, kongar, 10. 12-15, rett vekt, 11, visdom, 16, vegen dei ærlege gjeng, 17, vismanns tale, 21-24, annsemd, 26, folk som valdar ulukka, 27-30, grå hår, 31, langmod, 32.
20 Osp 17
[Ordsp 17, 1-28]
Um ro og tretta, 1, ein klok tenar, 2; Herren prøver hjarto, 3; om lygn, 4. 7, om å spotta fatige og ulukkelege folk, 5, barneborn og feder, 6, skrøyt og tegjing, 7. 27. 28, mutor, 8. 23, å skyla brot, 9; om straff, 10. 26; dei vonde gjeng det ille, 11; om dårar, 12. 16. 21; å løna godt med vondt, 13; om tretta, 14. 19, urettvis dom og straff, 15. 26, vener, 17; å borga for nokon, 18; om storlæte, 19, falskt hjarta og tunga, 20, gleda og sorg i hjarta, 22, åtferdi åt vismannen og dåren, 24, ein uvitug son, 25.
20 Osp 18
[Ordsp 18, 1-24]
Um einstødingen, 1; kva dåren vil, 2; dei ugudlege vert vanvyrde, 3; om vis tale, 4; om å gjera mannemun, 5; om dårar, 6. 7, baktalarar, 8, latskap, 9, tillit til Gud, 10, rikdom, 11, storlæte og audmykt, 12, om å vera for snar til å svara, 13, godt mod, 14, hug til kunnskap, 15, gåvor, 16, tretta, 17; kva lutkasting tener til, 18; når brør er harme, 19; om tunge-frukter, 20. 21, ei god kona, 22; korleis fatigfolk og rikfolk talar, 23; om venskap, 24.
20 Osp 19
[Ordsp 19, 1-29]
Um fatigfolk og rikfolk, 1. 4. 7, tankelaus åtferd, 2, dårar og spottarar, 3. 10. 29, vener, 4, rangt vitnemål og lygn, 5. 9. 22. 28, velgjerd, 6. 17. 22, vit og visdom, 8. 11. 20. 25, nåde og unåde hjå kongar, 12, uvituge og ugudlege born, 13. 26, trettekjære og vituge kvinnor, 13. 14, latskap, 15. 24, gudlegdom og gudløysa, 16. 23, tukt, 18. 20. 25. 27, harm, 19, planar, 21.
20 Osp 20
[Ordsp 20, 1-30]
Um ovdrykk, 1; om kongar, 2. 8. 26. 28, tretta, 3, latskap, 4. 13, råder, 5. 18; trufaste folk finn ein sjeldan, 6; løni som den rettferdige får, 7; alle har synd, 9; om vekt og mål, 10. 23; kva åtferdi åt borni vitnar um, 11; auga og øyra er skapte av Gud, 12; korleis kjøparar fer åt, 14; kva vitug tale er verd, 15; den som borgar for ein annan, lid skade, 16; om brød som ein får med fals, 17; baktalaren og den lausmynte, 19; om å banna foreldre, 20; arv utan signing, 21; mot hemnhug, 22; Guds styring, 24; det som ein lovar i tankeløysa, 25; åndi ei lampa, 27; kva som er æra for unge og gamle, 29; den vonde treng hard refsing, 30.
20 Osp 21
[Ordsp 21, 1-31]
Um hjarta åt kongen, 1, eigne vegar, 2, rettferd og offer, 3. 27, storlæte, 4. 24, annsemd, 5, urett vinning, 6, ugudlege og rettferdige, kjærlege, ærlege folk, 7. 10. 12. 15. 18. 21. 26. 27. 29, falsk og ærleg åtferd, 8, trettekjære kvinnor, 9. 19, tukt og opplæring, 11, hjarteløysa, 13, gåvor, 14; korleis det gjeng med dårar, 16, om verdsleg hug, 17, visdoms frukt og kraft, 20. 22. 30, å vara tunga si, 23, latskap, 25. 26, falske vitne, 28; frelsa kjem frå Herren, 31.
20 Osp 22
[Ordsp 22, 1-29]
Um eit godt namn, 1, rike og fatige, 2. 7. 16, klokskap og einfelde, 3, løni for spaklynde, 4, vegen som den falske gjeng, 5; ungdomen skal lærast opp, 6. 15; om løni for urettferd, 8, gjevmildskap, 9, spottaren, 10; korleis ein vert ven med kongen, 11; rett kunnskap er hugleg for Gud, 12; om letingen, 13, framande kvinnor, 14; hard åtferd mot fatigfolk, 16. 22. 23; kor gagnleg det er å høyra denne visdomen og halda fast på han, 17-21; samlag med vondlyndte folk, 24. 25; om borging for andre, 26. 27; om å flytja gamle merkesteinar, 28; kva voner det er for gudlege folk, 29.
20 Osp 23
[Ordsp 23, 1-35]
Um matlag med store herrar og folk som ikkje unner andre med seg, 1-3. 6-8; ein skal ikkje trå etter rikdom, 4. 5; ein talar fåfengt til dårar, 9; om å flytja merkesteinar og om jordeigni åt farlause, 10. 11, tukt, 12-14. 23, visdom, sanning og vit, 15. 16. 19. 23. 24; ein skal ikkje ovunda syndarar, men ottast Herren, 17. 18; om foreldre og born, 22. 24. 25; mot oveting og ovdrykk, 20. 21. 29-35; ein skal gjeva Herren hjarta sitt, 26, og halda seg ifrå skjøkjor, 27. 28.
20 Osp 24
[Ordsp 24, 1-34]
Me skal ikkje hava noko samlag med ugudglege folk, med spottarar og dårar; dei gjer det som vondt er, og det gjeng dei ille, 1. 2. 8. 9. 15. 16. 19. 20; om visdom og råd, 3-7. 13. 14; me skal ikkje missa modet på trengsledagen, men freista å berga skuldlause folk, 10-12; dei rettferdige har motgang, men vert berga, 15. 16; me skal ikkje gleda oss når fiendar fell, 17. 18; me skal ottast Herren og kongen og ikkje hava samlag med folk som er utrue mot dei, 21. 22; domar-skyldnad, 23-25; rett svar, 26; om å setja bu, 27; om rangt vitnemål, 28, hemnhug, 29, latskap, 30-34.
20 Osp 25
[Ordsp 25, 1-28]
Ei ny samling av Salomos ordtøke, 1. Guds æra og konge-æra; konge-hjarto; korleis kongsstolen vert grunnfest; korleis ein skal fara åt hjå kongar, 2-7; trettor og rettssaker; 8-10; eit ord i rette tid, 11; fyretolor, 12; ein tru bodberar, 13; om å lova ein ei gåva og ikkje halda ord, 14; spaklynde og milde ord, 15. Liksom ein skal njota honning med måte, so skal ein ikkje vitja ein ven for tidt og ikkje gruvla for mykje, 16. 17. 27. Rangt vitnemål, 18; lit til utrue folk, 19; å syngja visor for eit sorgfullt hjarta, 20; å gjera vel mot fiendar, 21. 22; vond tunga, 23; trettekjær kvinna, 24; god tidend, 25; når dei rettferdige er veike, 26; ein mann som ikkje kan styra sin hug, 28.
20 Osp 26
[Ordsp 26, 1-28]
Dåre-æra, 1. 8; fåfengd forbanning, 2; dårar treng tukt, 3; om å svara dårar, 4. 5, å bruka ein dåre til bodberar, 6; ordtøke i dåremunn, 7. 9; uvitugskap når ein vel tenarar, 10; dåren vert aldri betre, 11; eigen visdom, 12; latskap, 13-16; om den som blandar seg i tretta som ikkje kjem han ved, 17; låk orsaking for svik mot næsten, 18. 19; baktalarar, 20. 22; trettekjære folk, 21; skrymting, dult hat og fals 23-28.
20 Osp 27
[Ordsp 27, 1-27]
Kor uviss framtidi er, 1; mot sjølvros, 2; om vreide og ovund, 3. 4, ekte og skrymta kjærleik, 5. 6. 14; den mette og den svoltne, 7; om den heimlause, 8; om vener, 9. 10; visdom og varsemd, 11. 12; om å borga for andre, 13; trettekjær kvinna, 15. 16; kva gagn ein har av umgjenge med andre, 17; ein trugen tenar, 18; det eine mennesket kjenner seg att i det andre, 19; augo vert ikkje mette, 20; korleis ein mann vert røynd, 21; dåren vert ikkje betre, 22; vitug umsut for buskapen, 23-27.
20 Osp 28
[Ordsp 28, 1-28]
Rettferdige og urettferdige, 1. 12. 28; ideleg kongeskifte er straff for det eit land har synda, 2; den fatige valdsherren, 3; kven den ugudlege har til ven og motstandar, 4; kven som har vit på kva rett er, 5; fatigmannen og rikmannen, 6. 11; den vituge sonen, 7; okerkaren, 8; den ugudlege er ein styggedom, 9; vill-leidaren får straff, 10; om å dylja eller sanna synder, 13; den rette otten, 14; ugudlege styrarar, 15. 16; dråpsmannen, 17; løni for lytelaus livnad og straffi for ugudleg livnad, 18; den annsame og letingen, 19; å fara etter rikdom, 20. 22; å gjera mannemun, 21; refsing og smeikjing, 23; å plundra foreldri, 24; vinnesykja, lit til Gud, sjølvtillit, 25. 26; gjevmildskap og miskunnløysa, 27.
20 Osp 29
[Ordsp 29, 1-27]
Straffi for stridlynde, 1; låk og god styring, 2. 4. 12. 14; visdom og hor, 3; smeikjaren, 5; ugudlege og rettferdige, 6. 7. 16. 27; spottarar, dårar og vise, 8. 9. 11; den lastelause vert hata og elska, 10; om fatigmannen og valdsmannen, 13; tukt, 15. 17. 19. 21; kor viktig openberringi frå Gud er, 18; om den som talar tankelaust, 20; den brålyndte, 22; ovmod og audmykt, 23; om å hela og dylja med tjuvar, 24; otte for menneske, 25; Herren styrer rettargang og dom, 26.
20 Osp 30
[Ordsp 30, 1-33]
Agur, vismannen, vitnar til skam for dei ovmodige at han ikkje har lært visdom eller har nokon kunnskap om Gud og det som hans er, og viser til Guds reine ord, som ingen må leggja noko til, 1-6. Han bed Gud vara han frå fals, lygn, armod og rikdom, 7-9, åtvarar mot å baktala ein tenar for husbonden hans, 10, talar om fire grove synder, 11-14, og om fire ting som er umettande, 15. 16, om vanvyrdnad for foreldre, 17, om fire uskynlege ting og skamløysa åt horkvinna, 18-20, om fire slag menneske som er utolelege i eit land, 21-23, om fire slag små, men kloke dyr, 24-28; tri slag dyr har ei fager gonga, like eins ein sigerrik konge, 29-31; forsvarar ein syndi si, dreg ein på seg verre straff, 32. 33.
20 Osp 31
[Ordsp 31, 1-31]
Kong Lemuel ber fram det som mor hans har lagt han på hjarta: Han skal halda seg frå hor og ovdrykk, lindra naud og døma rettvist, 1-9. So fylgjer ei skildring av ei god kona, 10-31.
Preikaren
21 Frk 1
[Fork 1, 1-18]
Preikaren lærer at alt i verdi er fåfengd og berre tek seg oppatt i eino, 1-11; mannevisdomen og er fåfengd og kan ikkje gjera nokon lukkeleg, det har han sjølv røynt, 12-18.
21 Frk 2
[Fork 2, 1-26]
Verkeleg lukka vinn ein ikkje ved sanseleg njoting heller, 1. 2, jamvel om ein samstundes har jordisk visdom; det og har preikaren sjølv røynt, 3-11; sovoren visdom er vel betre enn dårskapen, men ikkje sjølve det gode, 12-23. Men ein god ting er det å njota Guds gåvor i fred og verkeleg gleda, og det er noko som kjem frå Herren, 24-26.
21 Frk 3
[Fork 3, 1-22]
Allting i verdi har si tid, som Gud set, 1-8; eit menneske kan korkje vinna noko med sitt strev eller fullt ut skyna Guds heimsstyring, 9-11; difor kan ikkje mennesket gjera noko betre enn å bruka Guds gåvor med gleda, 12. 13; det er fåfengt å vilja brigda det som Gud har skipa, 14. 15. Preikaren har nok set at urettferdi har teke romet åt retten hjå menneski, men han veit at Gud har sett ei tid då han vil døma alle, 16. 17. Når Gud let urettferdi råda i verdi ei tid, so er det av di han vil prøva menneski og syna dei kor langt ned dei er komne, med di ein ikkje kan sjå skilnad på dei og dyri, når dei døyr, 18-21. Det beste for mannen er då at han kan gleda seg i arbeidet sitt medan han lever, 22.
21 Frk 4
[Fork 4, 1-17]
Preikaren, som har set so mykje vald i verdi, prisar dei avlidne sæle framfor dei levande, og dei ufødde sæle framfor dei båe, 1-3; dei kappfuse vert ikkje meir lukkelege enn yrkelause dårar; litt ro er betre enn stendig møda og gagnlaust arbeid, 4-6; ulukkeleg er den i livet som stend einsleg i verdi og endå aldri får nok; betre to enn ein, 7-12; kongar og lyt røyna livsens fåfengd, for kjærleiken åt undersåttar er umskifteleg, 13-16. Preikaren manar til ålvorleg gudsdyrking, 17.
21 Frk 5
[Fork 5, 1-19]
Når ein talar til Gud, skal ein bruka få og vislege ord, 1. 2; ein skal halda det ein lovar, 3-6, ikkje argast når fatigmannen vert trælka, ikkje vera vinnesjuk, for rikdom forgjengst, 7-16. Nåde frå Gud er det når ein kan njota Guds gåvor med gleda og i gudlegdom, 17-19.
21 Frk 6
[Fork 6, 1-12]
Den som har nøgdi av det som godt er i livet, men om ikkje får njota det, er usæl, 1-6; betre er det i dette stutte og umskiftelege livet å vera nøgd og njota det ein har, enn stødt å trå etter meir umettande gir, 7-12.
21 Frk 7
[Fork 7, 1-29]
Livet er fullt av naud og trengsla, difor krev det ålvor, 1-4. Alle bør høyra på vismannen når han refser, 5-7, vera toluge, 8. 9; med visdom, som er meir verd enn rikdom, skal ein akta på Guds styring, vera nøgd med det som han sender og let koma, ikkje lata seg villa burt frå den sanne rettferdi og visdomen, som er den rette midvegen; ein skal ottast Gud, søkja styrke i den sanne visdomen til strida mot syndi, som heng ved alle, og til å tola og tilgjeva vonde ord frå andre, 10-22. Preikaren har leita etter den sanne visdomen, men har ikkje nått han endå; medan han leita etter han, har han funne mykje dårskap og freisting til synd mellom menneski; årsaki til det ligg ikkje hjå Gud, som skapte menneskja utan synd, men hjå menneskja sjølv, som har vendt seg til det vonde, 23-29.
21 Frk 8
[Fork 8, 1-17]
Vil nokon likjast vismannen, lyt han leggja av all trass og lyda kongen, 1-5; når han ser kor urettvist styrarar kan fara fram, må han ikkje sleppa overtydingi om at det skal ganga dei gudlege vel, men ikkje dei ugudlege, og han skal vera hugheil og glad om han ikkje rett kan skyna Guds verk, 6-17.
21 Frk 9
[Fork 9, 1-18]
Preikaren held ved og talar om Guds styring, kor uransakeleg ho er, 1-6; ein skal vera glad og arbeida og lata Gud råda, for ingen ting råder menneskja for; visdom er betre enn styrke, 7-18.
21 Frk 10
[Fork 10, 1-20]
Preikaren held fram og prisar visdomen; han syner umstendeleg kor skadeleg dårskapen er, både i det heile og når det gjeld høvet til hovdingar og styremakter, og lærer korleis ein skal bera seg åt når han har med hovdingar å gjera, 1-20.
21 Frk 11
[Fork 11, 1-10]
Ein skal gjera godt med viljug hug, 1-3, gjera si gjerning med ihuge og trott og gleda seg i livet med tanke på dei myrke dagane som kjem; serleg skal ungdomen gleda seg medan han er ung, men ikkje gløyma at ein gong vil Gud draga han til doms, 4-10.
21 Frk 12
[Fork 12, 1-14]
Preikaren legg framleides ungdomen på hjarta at han skal koma i hug skaparen i ungdomsdagane, før alderdomen kjem; med ymse bilete skildrar han dei plagone og ulempone som fylgjer med alderdomen, og døden, som kjem til slutt, 1-7. Han endar boki med det vitnemålet at alt er fåfengd, med nokre ord om seg sjølv og skrifti si og med ei påminning som samlar alt i dette: Ottast Gud og haldt bodi hans, 8-14.
Høgsongen
22 Hsa 1
[Høgs 1, 1-17]
Bruri (Israels-lyden) lengtar etter sin himmelske brudgom (Messias), 2-4. Ho talar om korleis det er med henne for hennar trengslor skuld, og kor inderleg ho stundar etter å finna brudgomen sin, 5-7. Brudgomen seier henne kvar ho kan finna han, og lovar henne fagre prydnadsting, 8-11. Ho vitnar kor dyr ein skatt han er for henne, 12-14. Han prisar henne 15, og ho prisar han, 16. 17.
22 Hsa 2
[Høgs 2, 1-17]
Bruri liknar seg med ei lilja, og brudgomen sannar ordi hennar, 1. 2. Ho prisar han, skildrar kor ho lengtar etter kjærleiken hans, og kor sæl ho er av di ho eig han, og bed at ikkje må verta uroa, 3-7. Bruri seier seg glad for di brudgomen kjem til henne og forkynnar at det er slutt med trengsletidi hennar, og bed henne gleda han med sin fagre skapnad og sin vene song, 8-14. Ho ynskjer at vingarden, som stend i bløming, må verta verna mot dei som vil skada han, seier seg glad for at ho og brudgomen høyrer kvarandre til, og bed i avskilstundi at han må koma att, 15-17.
22 Hsa 3
[Høgs 3, 1-11]
Bruri talar om korleis ho i trengslenatti lenge har leita fåfengt etter brudgomen sin, men umsider har funne han og no ikkje vil sleppa han; ho bed at ingen må meinka henne å njota kjærleiken hans, 1-5. Bruri kjem opp frå øydemarki; brudgomen (som her vert kalla Salomo) har beresengi ferdig åt henne og er sjølv prydd med ei fager krusa på brudlaupsdagen sin, 6-11.
22 Hsa 4
[Høgs 4, 1-16]
Brudgomen prisar venleiken åt bruri, 1-7, seier at ho skal råda saman med han, av di ho har trylt han sitt ynde, 8-11, og liknar henne med ein stengd hage og ei stengd kjelda, med ein lysthage full av gilde aldetre, angande urter og friskt vatn, 12-15. Bruri ynskjer at vinden må få hagen hennar til å anga, og at brudgomen vil koma og njota dei gilde fruktene i hagen sin, 16.
22 Hsa 5
[Høgs 5, 1-16]
Brudgomen svarar bruri at han er komen, som ho bad han, og bed venene sine gleda seg med han, 1. Bruri klagar av di ho ikkje har late opp for brudgomen i rett tid, at han difor har kome burt frå henne, og at ho sidan har leita fåfengt etter han, i trengsla og skam, 2-7; ho bed Jerusalems døtter at dei, om dei finn han, må seia han kor inderleg ho elskar han; då dei spør kva han er framom andre, prisar ho venleiken og herlegdomen hans, 8-16.
22 Hsa 6
[Høgs 6, 1-13]
Jerusalems døtter byd seg leita opp brudgomen for bruri og spør kvar han har teke vegen; ho svarar på spursmålet og talar om det inderlege høvet mellom han og henne, 1-3. Han prisar atter venleiken hennar, den som har slik ein makt over han, og vitnar at han elskar henne framum alle dei andre brurene sine, 4-10. Ho fortel korleis ho reint uventa vart opphøgd, 11. 12; Jerusalems døtter bed henne snu, so dei kan få hava den gleda å sjå på henne, 13.
22 Hsa 7
[Høgs 7, 1-13]
Brudgomen prisar si fagre brur att og vil no njota hennar kjærleik, 1-9. Ho vissar at ho elskar han, og bed han fylgja henne ut på marki og i vingardane; der vil ho gjeva han sin kjærleik, 10-13.
22 Hsa 8
[Høgs 8, 1-14]
Bruri ynskjer ho hadde brudgomen hjå seg som ein kjærleg bror, 1. 2. Ho bed på lag at ho ikkje må verta uroa, 3. 4. Bruri kjem opp frå øydemarki, studd til venen sin, kjem til heimen hans, minner han om den kjærleiken han alltid har synt henne, og ynskjer at kjærleiken hans aldri må trjota, 5-7. So talar ho om kva som er å gjera med ei yngre syster ho har, og systeri lovar å visa henne truskap, 8-10. Bruri seier at ho vil vakta vingarden vel som Salomo har gjeve henne i varveitsla, og lata han få det han skal hava, 11. 12. Han bed at han må få høyra målet hennar, og ho skilst frå han, 13. 14.
Jesaja
23 Jes 1
[Jes 1, 1-31]
Profeten klagar på Israel, av di det har vore utakksamt og falle frå Herren, 2-4, og held ved og syndar, endå det mest er tynt av dei straffedomane det har drege på seg, 5-9. Folket held nok lovbodi om offer og høgtider, men driv samstundes på med syndene sine; difor er denne falske gudsdyrkingi ein styggedom for Herren, som krev umvending og rettferd, 10-17. Herren vil føra folket attende til seg: difor byd han det forlating for syndene, i fall det vil venda um; elles lyt det ganga til grunns, 18-20. Men det har falle so djupt at Herren ikkje kan få det attende til seg med mildskap, 21-23; difor vil han bruka ein hard straffedom, som vert til undergang for dei ugudlege, 24-31.
23 Jes 2
[Jes 2, 1-22]
Profeten minner Israel om den store lovnaden det har fenge, at Guds lov og ord ein gong skal ganga frå Sion utover heile jordi, til alle folkeslag, 2-4, og bed det ferdast i det ljoset det har; for Herren har alt rådt seg til å vraka det, av di det har valt den falske herlegdomen åt heidningane i staden for sin rette herlegdom, 5-8. Med ein stor og ålmen straffedom vil Herren bøygja ovmodet hjå menneskja den dagen han har sett til det, og soleis syna at einast han er den høge, 9-21; berre Israel vilde halda opp å lita på menneske, 22.
23 Jes 3
[Jes 3, 1-26], [Jes 4, 1]
Herren skal og halda ein serleg dom over Judafolket; landet skal missa all studnad, alle band mellom folket der skal slitast, vanskipnad skal råda, og ulukka skal verta ubotleg, 1-7, til straff for deira skamlause trass mot Herren, som løner kvar etter det han har gjort, 8-11; serleg vil han halda dom over dei urettferdige styresmennene, som ber største skuldi, 12-15. Pyntesykja hjå kvinnone skal og få den straffi ho fortener, 16 - 4, 1.
23 Jes 4
[Jes 4, 2-6]
Når Herren har rudt ut all falsk herlegdom med straffedomane sine, skal han gjeva folket sitt den sanne i Messias. Då skal ein leivning som er att, vera ein heilag og herleg lyd, og den lyden skal verta verna mot alt vondt, av di Herren er med dei, 2-6.
23 Jes 5
[Jes 5, 1-30]
I ei likning om ein vingard som trass i all umsut har bore låke frukter, og som eigarmannen difor vil lata liggja i øyde, skildrar profeten Herrens mange velgjerningar mot Israel, kor utakksamt folket er mot han, og korleis han difor vil lata det verta tynt, 1-7. So talar profeten om dei låke fruktene som vintreet ber, dei syndene som er ålgjengde mellom folket, vinnesykja, svir, spott over trugsmål frå Herren, rangsyn på godt og vondt, sjølvklokskap og urettferd, og ropar ve over dei som er saka i sovore, 8-23. Til slutt varslar han at Herren vil kalla eit fælsleg folk langt undan inn i landet og lata landet verta tynt, 24-30.
23 Jes 6
[Jes 6, 1-13]
Profeten ser Herren i hans herlegdom; englar stend ikring han og prisar han, den heilage, 1-3. Han trur det er ute med han, av di han, den ureine, har set den heilage Gud; men ein av englane reinsar han for syndi hans, 4-7. Sidan kallar Herren han til å forkynna forherding over Israel og å gjera hjarta hardt på folket med talen sin, 8-10. Forherdingi skal vara til landet og folket er tynt med straffedom på straffedom; men ein liten leivning av folket skal vera att, og av den skal ei ny og heilag ætt gro opp, 11-13.
23 Jes 7
[Jes 7, 1-25]
Kongane i Syria og Israel har slege seg i hop mot kong Akas og vil hertaka landet hans og støyta Davidsætti frå kongsstolen; Akas og folket hans er redde, vantruande som dei er. Esaias seier til Akas at kongane ikkje skal greida fullføra det dei har tenkt seg til, men at Israels-riket sjølv skal ganga til grunns, 1-9. Akas aktar ikkje på det profeten seier; då byd profeten han eit teikn som kan stadfesta ordi hans. Kongen hyklar og viser tilbodet ifrå seg; då forkynner profeten at Herren sjølv vil gjeva eit sovore teikn, med di Messias skal verta fødd av ei møy, og legg til at innan stutt tid skal fiendelandi sjølve verta øydelagde, 10-16. Til straff for at kongen og folket har vore vantruande, skal Assur-kongen tyna Judariket og, 17-25.
23 Jes 8
[Jes 8, 1-22]
Herren byd profeten å skriva opp so vitne ser det, at Syrarriket og Israelsriket snart skal verta tynt av assyrarane, og å gjeva sonen han har fenge, eit namn som same spådomen ligg i, 1-4. So forkynner Herren gjenom profeten at assyrarane skal fløyma inn over båe riki, til straff for vantrui åt Israel og Juda, 5-8. Men profeten er viss på at Herren i denne og i all naud vil vera med landet sitt og gjera meinrådene åt heidningfolki om inkje, 9. 10. For Herren har i ei syn sagt til profeten og alle truande at dei skal sleppa all otte for jordiske maktar og ottast einast han. Dei som det gjer, vil han verna, dei andre gjeng til grunns, 11-15. So bed profeten Herren at han vil prenta det ordet som er openberra, inn i hjarto på læresveinane hans; sjølv vonar han på Herren, endå om han ei tid løyner si åsyn for folket sitt; alt dei namni som han og sønene hans ber, er varsel om at Herren vil frelsa folket; dei truande skal ikkje søkja kunnskap om framtidi hjå spåmenner, men halda seg til Herrens ord; dei som ikkje vil gjera det, skal få røyna harde refsingar, 16-22.
23 Jes 9
[Jes 9, 1-21], [Jes 10, 1-4]
Dei truande skal ottast Herren og halda seg til hans ord (8, 13. 20), av di den myrke trengsletidi ikkje skal vara alltid; Messias kjem og skal vera eit herleg ljos for armingane i landet; når han vert fødd, skal vokster og gleda og fridom og fred timast Guds folk, i Guds kraft skal han med si rettvise styring gjera Davids rike til eit stort og æveleg fredsrike, 1-7. I ein ny spådom, som gjeld Israels-riket, forkynner profeten at Herren vil heimsøkja folket med endelause straffedomar, av di det er ovmodigt og trassigt og urettferdigt, 8 - 10, 4.
23 Jes 10
[Jes 10, 5-34]
Assyrarane skulde vera reidskap for Guds vreide til å tukta Israel, men i sitt ovmod vil dei vera sine eigne herrar, og dei tenkjer berre på å tyna alle andre folk, Guds folk og, og rana landet og eignelutene deira; difor vil Herren, når han har straffa sitt folk ved dei, venda seg mot dei sjølve og tyna dei, 5-19. Når straffi over Guds folk er fullførd, skal berre ein liten flokk verta leivd, og den skal då venda om til Herren og lita berre på han, 20-23. Difor skal folket hans ikkje ottast assyrarane, for han skal snart gjera med dei som han gjorde med midianitane og egyptarane i gamle dagar, og letta åket deira av det; når heren kjem tett innåt Jerusalem, skal Herren tyna han med eit veldigt slag, 24-34.
23 Jes 11
[Jes 11, 1-16]
Profeten held fram og forkynner at Messias skal koma or Isais ætt, som då skal vera ovleg ring, at den Heilage Anden skal kvila over han og bu han med alle sine herlege gåvor, og at han skal råda med rettferd, so det skal verta ei ovnøgd med gudskunnskap og fullkomen fred på heile jordi, 1-9. Då skal alle heidningfolk samla seg kring han, 10. På den tid skal Herren løysa ut dei som er att av Israel, samla dei frå alle kantar, gjera ende på all usemja mellom dei og gjeva dei siger over alle fiendane deira, 11-16.
23 Jes 12
[Jes 12, 1-6]
Når Guds folk har røynt den frelsa som Gud har lova det, og nyt frukti av henne med gleda, skal det takka og prisa han, 1-6.
23 Jes 13
[Jes 13, 1-22]
Profeten varslar at Babel skal verta øydelagt ved medarane, som skal vera reidskap for Herrens vreide; han skildrar den store jammeren som då kjem over Babel og over heile den ugudlege verdi, og spår at Babel skal verta som Sodoma og liggja reint i øyde, 1-22.
23 Jes 14
[Jes 14, 1-32]
Babel skal falla, av di Herren vil miskunna sitt folk, fria det ut or trengsla og føra det attende til heimlandet, 1. 2. Det utløyste Israel skal då syngja ei spottevisa over Babel-kongen, av di det no er slutt med hans valdsherredøme over alle folk; han som i sitt ovmod vilde vera Gud lik, skal fara ned i helheimen, liket hans skal ikkje koma i jordi, og ætti hans skal verta utrudd, 3-21. Til slutt tek profeten oppatt spådomen om at Babel skal verta heiltopp øydelagt, 22-23. - Det skal ganga som Herren har tenkt: assyrarane skal falla i det heilage landet, og Guds folk skal verta fria frå åket deira, 24-27. - Filisterane, som fegnast av di dei har kasta Israels åk av seg, skal koma under det att, og stor naud skal koma over dei; men Israel, som har vore trælka so hardt, skal få det godt, 28-30. Dei skal og verta tukta av ein øgjeleg fiende frå nord (assyrarane); men Israel er trygt, av di Gud held si hand over det, 31. 32.
23 Jes 15
[Jes 15, 1-9]
Moab og største byane der skal verta øydelagde, i heile landet skal ein høyra jammerrop, og folket skal røma; men endå lyt ein venta ny og større øyding, 1-9.
23 Jes 16
[Jes 16, 1-14]
Profeten oppmodar moabitane til å gjeva seg under Juda, 1. I si naud skal dei søkja hjelp hjå Juda; då skal ein mild og rettvis konge sitja trygt på kongsstolen der, 2-5. Ovmodet åt Moab er grunnen til at det gjeng under; undergangen vert skildra nøgjare, og det vert sagt at han kjem snart, 6-14.
23 Jes 17
[Jes 17, 1-14]
Profeten forkynner at dei to sambundne riki, Syria og Israels-riket, skal verta øydelagde av assyrarane, 1-3; av Israel skal berre ein liten flokk verta leivd, 4-6. Straffi skal få Israel til å venda om til Herren; for grunnen til ulukka deira er at dei har vendt seg frå Herren og fare med avgudsdyrking, 7-11. Den store og øgjelege assyrar-heren, som Gud har bruka til å straffa Israel med, skal Herren tyna i ein augneblink, 12-14.
23 Jes 18
[Jes 18, 1-7]
Etiopane, som ventar at assyrarane skal taka på dei og difor er ottefulle, tarv berre bia og sjå kva Herren gjer, 1-3. Når den rette tidi kjem, skal han tyna assyrar-heren, 4-6. Då skal etiopane sjå at Herren er den sanne Gud, og hylla han, 7.
23 Jes 19
[Jes 19, 1-25]
Profeten forkynner at Herren skal senda allslags ulukkor over Egyptarland; han skal heimsøkja landet med borgarkrig, gjeva det i hendene på ein hardstyrar og føra det i stor naud ved vassløysa; soleis skal visdomen åt dei stolte egyptar-vismennene verta reint til skammar, og heile folket verta rådlaust og modlaust, 1-15. Egyptarane skal i dette sjå Israels Guds hand og tena han, og då skal han fria dei ut or trengsla og gjera mot dei som han til dessa har gjort mot Israel, 16-22. Då skal det ikkje vera fiendskap lenger mellom Egyptarland og Assyria, men fredleg samkvæme; båe riki skal tena Herren, og han skal signa dei saman med Israel og gjeva dei det vitnemålet at dei høyrer han til, 23-25.
23 Jes 20
[Jes 20, 1-6]
Herren seier til profeten at han med biletleg åtferd skal varsla at kongen i Assyria skal vinna over Egyptarland og Etiopia og draga av med fangar frå desse landi, 1-4, til redsla for Israel, som har bygt si von om frelsa frå assyrarane på dei to mektige folki, 5. 6.
23 Jes 21
[Jes 21, 1-17]
Til trøyst for folket sitt forkynner profeten at Babel, som har trælka det, skal verta øydelagt på ei natt av persarane og medarane, 1-10. Edomitane spør om det ikkje snart er ende på ulukke-natti; han svarar at natt på natt skal koma over dei, 11. 12. So forkynner han at Herren om stutt tid vil heimsøkja ættene i Arabia med fiendeherar (assyrarane) og gjera ende på all deira herlegdom, 13-17.
23 Jes 22
[Jes 22, 1-25]
Profeten ser i åndi Jerusalem kringsett og øydt og syrgjer sårt av di folket er tynt, 1-7. Folket gjeng under av di det i si naud ikkje har vendt seg til Herren, som har sendt henne, men til jordiske forsvarsgreidor, ikkje syrgjer over syndi si, men i ørvæna held glade gjestebod, 8-14. Sebna, ein mann i høg vyrdnad, skal verta støytt ned frå si høgd av di han er ovmodig, og i staden for han skal Eljakim koma, som skal verta til æra og studnad for heile si ætt; men han og skal i si tid missa sin høge rang av di han har nytta han til fyremun for sine eigne, 15-25.
23 Jes 23
[Jes 23, 1-18]
Profeten forkynner at den rike og mektige handelsbyen Tyrus skal leggjast i øyde, og dei som bur der, fara i utlægd; då skal Fønikia og alle koloniane og handelsvenene åt byen verta forfårde. Denne domen kjem frå Herren, som i og med det herlege Tyrus vil døma alt som er herleg på jordi, 1-14. Når lang tid er lidi, skal Herren lata Tyrus få rikdomen sin att, men då skal det bruka han i tenesta for Herren, 15-18.
23 Jes 24
[Jes 24, 1-23]
Profeten forkynner at det skal koma ei svær øydeleggjing over jordi for di menneski har vanhelga henne med sin utruskap mot Herren; ho skal råma alle utan skilnad, gjera ende på all gleda og berre leiva nokre få menneske, som då skal prisa Herrens herlegdom, 1-15. Profeten høyrer i åndi lovsongane åt dei som er berga, men lyt like vel klaga for di han ser den øydeleggjingi som skal ganga fyre frelsa, 16-20. På den tidi skal Herren straffa dei vonde maktene i høgdi og på jordi og halda dei i varetekt til domsdagen; då skal hans herlegdom vera større enn all annan herlegdom, 21-23.
23 Jes 25
[Jes 25, 1-12]
Guds folk prisar sin Gud, som har frelst det med di han har tynt den store og meinharde heimsmakti som trælka det, 1-5. Når ho har gjenge til grunns, skal han i sitt rike kveikja alle folk med dei gildaste gode, taka burt den åndelege blindskapen deira, gjera døden til inkjes og gjera ende på all sorg og vanæra, 6-8. For denne frelsa og for di den ovmodige verdi gjeng til grunns, skal folket hans prisa han, 9-12.
23 Jes 26
[Jes 26, 1-21], [Jes 27, 1]
Då skal Guds folk prisa det sterke riket som Herren har skipa åt det, det som hans frelsa er vern for, og som har dei rettferdige og trufaste til borgarar, 1. 2. Guds folk sannar då at berre fast tiltru til Herren gjev varande fred, og at det difor alltid bør setja si lit til han, som er fullkomeleg pålitande, han som har slege ned den stolte makti åt dei ovmodige, lagt dei under føtene åt dei audmjuke og rudt veg for dei rettferdige, 3-7. Den gongen og venta folket med lengsel på hans domar, av di det berre var dei som kunde læra dei ugudlege rettferd, 8-10. Det såg at Herren gjorde fiandane sine til inkjes, og ventar difor at han no og vil gjeva det fred, 11. 12. Fiendane som har rådt over det, er burte og skal aldri meir koma attende til dette livet, men sjølv skal folket verta ovleg mangment, 13-15. I den tidi det vart tukta, søkte det Herren og bad om frelsa og nytt liv, men lenge fåfengt; no har det den visse voni at Herren jamvel skal vekkja opp dei avlidne til nytt liv, 16-19. Profeten manar Guds folk til å halda seg stilt og venta på Herren, til vreiden hans gjeng over, og han reiser seg og vil straffa alle fiendane, 20. 21, serleg dei heimsriki som har trælka det (kap 27, 1).
23 Jes 27
[Jes 27, 2-13]
Etter denne straffedomen skal Herren visa folket sitt berre nåde, velsigna og verna det mot alle åtak frå fiendane, 2-5. Då skal det bløma og bera rike frukter, 6. Herren har ikkje tukta folket so hardt som fiendane, men med måte, av di han vilde føra det til umvending; når det vender om og provar si umvending med å leggja av all avgudsdyrking, vil han taka det til nåde att; straffi kom av di det er uvitugt, 7-11. I denne nådetidi skal Herren sanka folket sitt, som er spreidt vida ikring, og det skal då tilbeda han på det heilage fjellet i Jerusalem, 12. 13.
23 Jes 28
[Jes 28, 1-29]
Herren skal snart lata ein mektig fiende (assyrarane) øyda det fagre Samaria, som dei svirande og åndeleg drukne Efra'ims-mennene er so byrge av, 1-4; so skal han verta ei pryda for dei som er att av folket, og gjeva dei rettvise domarar og veldige herkjempor, 5. 6. Førarane for Juda og svirar og er åndeleg drukne; i sitt ovmod viser dei spottande frå seg Herrens ord gjenom profeten. Difor skal han tala til dei i gjerning gjenom eit framandt folk, som skal føra tyning over dei, 7-13. Fåfengt trur dei at dei har trygda seg mot dette med di dei har gjort eit samband (med egyptarane); Herren skal nok frelsa dei som trur at Messias kjem, og i det ser ei trygd for at Guds folk ikkje skal ganga til grunns, men voni åt dei vantruande spottarane skal verta til skammar; for Herren vil heimsøkja folket med ein straffedom lik den som kom over fiendane deira i gamle dagar; held dei ved og spottar, vert straffi endå hardare, 14-22. Men dei truande skal ikkje ottast; for Gud straffar ikkje alltid; når straffi har verka det ho skulde, let han sin nåde fylgja etter; han straffar ikkje heller alle like hardt, og jamvel dei han straffar hardast, gjer han ikkje reint til inkjes, 23-29.
23 Jes 29
[Jes 29, 1-24]
Profeten forkynner at Herren om stutt tid skal lata Jerusalem verta trengd av ein mannsterk fiendeher (assyrarane), men so brått frelsa byen med ein skræmeleg straffedom over fiendane, 1-8. Folket skynar ikkje det som profeten forkynner; for Herren straffar det med åndeleg blindskap, av di gudsdyrkingi det fer med, ikkje er anna enn hyklarskap - det er berre menneskebod dei fylgjer, 9-14. Kor rangsnudde dei er, syner seg i det at dei ikkje bryr seg om Guds ord gjenom profetane, men legg planar om eit samband (med Egyptarland), som dei meiner dei kan halda løynt for Gud, 15. 16. om stutt tid skal han skipa verdi um, skapa seg ein lyd av dei fatige og arme, men tyna det stolte folket, som ikkje kjenner han lenger, 17-24.
23 Jes 30
[Jes 30, 1-33]
Profeten ropar ve over folket for di det søkjer hjelp hjå Egyptarland mot assyrarane utan å rådføra seg med Herren; det skal berre få skam og skade av det, 1-7. Profeten lyt forkynna dette for folket for di det ikkje vil høyra på Herrens ord, men krev av profetane hans at dei skal svika sitt kall og forkynna for det slikt som det likar. At det soleis vanvyrder Herrens ord og ikkje vendar om til han og i trui ventar roleg på hans frelsa, men søkjer berging i verdslege råder, det er ei synd som vil føra tyning over dei, 8-17. Herren vil like vel ikkje sleppa folket sitt, men gjenom trengsla få det til å lyda på hans ord og gjeva opp all avgudsdyrking og so gjeva det si rike signing når heimsriket fell, 18-26. Herrens hand skal råma assyrarane med veldige, tynande slag, til gleda for folket hans, 27-33.
23 Jes 31
[Jes 31, 1-9]
Profeten ropar ve att over folket for di det søkjer hjelp hjå egyptarane i staden for hjå Herren; både hjelparane og dei som dei skulde hjelpa, skal ganga til grunns, 1-3. Herren vil heimsøkja Jerusalem med ei trengsla som det ikkje skal kunna draga seg undan, men sidan verna og frelsa byen, 4. 5. Men skal folket som har falle so djupt, få lut i denne frelsa, lyt det venda om til Herren, 6. Når det soleis gjev opp all avgudsdyrking, skal Herren sjølv utan mannehjelp slå assyrarane og jaga dei burt, 7-9.
23 Jes 32
[Jes 32, 1-20]
Profeten spår at når heimsriket har falle, skal det verta ei lukkeleg framtid under ein rettvis konge; denne spådomen får si fulle oppfylling i Messias og hans rike, 1. 2. Då skal det vera slutt med Israels forherding, 3. 4, og menneski skal ikkje lenger verta dømde etter stand og midel, men etter huglag og hått, 5-8. Fyrst - og det innan stutt tid - skal det nok koma ei svær tyning over det trygge folket, 9-14; men sidan skal den Heilage Anden verta utrend over det, og rettferd og æveleg fred råda i landet, medan heren åt heimsriket skal falla og hovudstaden verta djupt nedbøygd, 15-20.
23 Jes 33
[Jes 33, 1-24]
Profeten forkynner at assyrarane, som til dessa har ført tyning over alle andre folk, no skal verta tynte sjølve; han bed for Israel og lovar det frelsa og eit liv fullt av åndeleg herlegdom, 1-6. No er Guds folk i stor naud, men snart skal Herren tyna fiendane med ein skræmeleg straffedom, 7-12. Då skal dei ugudlege i Israel koma til å skjelva for den heilage Gud, men dei rettferdige skal bu trygt under hans varetekt, 13-16. Då skal Israels-kongen reisast or sitt låge stand; dei framande trælkarane er burte, og Jerusalem vert aldri meir uroa, for Herren er vern for byen, og syndi åt byen er forlati, 17-24. Alt dette får si fulle oppfylling i Messiasriket.
23 Jes 34
[Jes 34, 1-17]
I ymse bilete forkynner profeten den skræmelege straffedomen Herren skal senda over dei som stend riket hans imot, over Edom i åndeleg meining, som skal leggjast i øyde for all tid, 1-15. Spådomen skal verta grannsamt oppfylt, 16. 17.
23 Jes 35
[Jes 35, 1-10]
Profeten spår at armodsdomen åt Guds folk skal verta umskift til stor herlegdom når Messias kjem, 1. 2. Difor skal dei modlause taka mod til seg; for Herren kjem med hemn over fiendane åt folket sitt, men til frelsa for folket sjølv; han skal hjelpa i all åndeleg og lekamleg naud og føra dei utløyste på ein heilag og trygg veg til æveleg gleda i sitt rike, 3-10.
23 Jes 36
[Jes 36, 1-22]
Assyrarkongen Sankerib tek alle dei faste byane i Juda og sender Rabsake med ein stor her mot Jerusalem; Rabsake freistar å eggja opp folket mot kong Esekias og spottar Herren; Esekias får bod om det, 1-22.
23 Jes 37
[Jes 37, 1-38]
Esekias riv sund klædi sine, sender mennene sine til profeten Esaias og bed han ganga til Herren og gjera forbøn for folket, 1-4. Herren let Esaias få trøyst og varslar ulukka for Sankerib, 5-7. Sankerib sender eit brev til Esekias; i det spottar han Gud, 8-13. Esekias legg brevet fram for Herren og bed inderleg, 14-20. Esaias vitrar Esekias om at Herren vil straffa Sankerib og verna Jerusalem, 21-35. Ein engel slær i hel 185.000 mann i assyrarlægret; Sankerib vert drepen av sine eigne søner, 36-38.
23 Jes 38
[Jes 38, 1-22]
Esekias vert strengt sjuk og bed til Herren; Herren lovar at han vil leggja femtan år attåt alderen hans, og stadfester lovnaden sin med eit under, 1-8. Esekias syng ein takkesong til Herren, der han skildrar si store naud og fæla i sjukdomen og prisar Herrens hjelp og velgjerningar, 9-20. Korleis han vert lækt, 21. 22.
23 Jes 39
[Jes 39, 1-8]
Merodak Baladan, Babel-kongen, sender nokre menner til Esekias, som syner dei alle sine skattar og eigneluter; Herren varslar difor gjenom Esaias at alt saman ein gong skal verta ført til Babel; Esekias trøyster seg med at det skal vera fred i hans tid, 1-8.
23 Jes 40
[Jes 40, 1-31]
Herrens tenar skal trøysta folket hans med lovnaden om at straffetidi no snart skal vera slutt og utløysingi koma, 1. 2. Når Herren ved ein profet (Johannes døyparen) har butt hjarta deira til å taka imot han, skal han (i Messias) syna seg herleg til frelsa for dei, 3-5. Lovnaden om dette er grunna på Guds usviklege ord, 6-8. Fagnadsbodet om at Herren kjem og vil vera ein veldig konge og trufast hyrding for folket sitt, skal difor Jerusalem forkynna med frimod og kraft for heile landet, 9-11. Herren evlar løysa ut sitt folk, for han som har skapt verdi og held henne oppe og styrer henne, har synt at han er den allmektige og allvise Gud; ingen ting kan liknast med han, og difor er og avgudsdyrkingi åt heidningane berre dårskap, 12-26. Difor skal ikkje Israel vera modlaus i si ulukka, men lita på at han som gjev dei veike som biar på han, ei kraft som aldri tryt, 27-31.
23 Jes 41
[Jes 41, 1-29]
Herren talar til heidningane om det vitnemålet om sin guddom som han har gjeve med di han har sendt ein sigerrik konge (Kyros), som heidningfolki reddast for, endå dei freistar å moda kvarandre opp, 1-7. Men Israel, som han so vendar seg til, er hans utvalde folk og tarv ikkje ottast, for han, deira Gud, skal tyna fiendane og fria folket ut or ulukka, 8-20. Til slutt vender Herren seg til avgudane og bed dei syna at dei er allmektige og allvitande, so som han sjølv har gjort med di han sende den sigerrike kongen og varsla fyreåt at han skulde koma; men dei kan ikkje, og med det syner dei at dei er inkjevetta, 21-29.
23 Jes 42
[Jes 42, 1-25]
Til forkynningi om den sigerrike kongen (Kyros) vert knytt ei skildring av Herrens tenar, Messias: Budd med Herrens Ande skal han i audmykt og spaklynde, i miskunnsam kjærleik og med ei kraft som aldri tryt, læra folki sann otte for Gud; av di Herren vil verna om si æra som den sanne Gud, skal han gjera pakt med Israel ved han og setja han til eit ljos for heidningane, 1-9. Heile jordi vert oppmoda til å prisa Herren, som lenge har halde seg i ro, men no vil draga ut mot fiendane sine, leggja landet deira i øyde, løysa ut dei som er åndeleg blinde, og gjera avgudsdyrkarane til skammar, 10-17. Israel er eit åndeleg blindt og dauvt folk; berre for sin eigen truskap skuld vil Herren bruka Israel til å herleggjera den openberringi han har gjeve det, 18-21. Ved sin trass har det sjølv valda seg den ulukka det er kome i, 22-25.
23 Jes 43
[Jes 43, 1-28]
Herrens utvalde folk skal ikkje ottast like vel; han vil i sin kjærleik løysa det ut, føra det uskadt gjenom alle trengslor og fårar og samla det frå alle land på jordi, 1-7. Mot heidningane kallar han sitt blinde folk til vitne på at det er han og ingen avgud som har varsla og sett i verk det som har hendt, at difor einast han er den allmektige Gud og frelsar, 8-13. Til frelsa for Israel vil Herren lata Babel falla, og denne nye frelsa skal vera mykje større enn den i Egyptarland, 14-21. Men folket vert ikkje frelst for di det har fortent det, men berre av Herrens miskunn og nåde; Israel har berre mødt han med syndene sine, og difor har han og lote gjeva det i fiendevald, 22-28.
23 Jes 44
[Jes 44, 1-28]
Men no vil Herren renna ut sin Ande og si rike velsigning over Israel, og sidan skal heidningane venda om til han og setja si æra i å høyra til hans folk, 1-5. Han er den einaste sanne Gud, for einast han har, som Israel kan vitna, frå ævordsleg tid varsla fyreåt kva som skal koma i framtidi, 6-8. Men avgudsbileti er fånyttige ting, og dei som lagar og dyrkar dei, er blinde og låttelege dårar, som skal verta til skammar, 9-20. Dette skal Israel leggja seg på hjarta og venda om til Herren, so skal han sletta ut syndene deira og løysa dei ut, 21-23. Allmektig Gud som han er, skal han gjera dei heidne spåmennene til skammar og lata Kyros føra fram profet-spådomane om at Jerusalem og templet skal byggjast opp att, 24-28.
23 Jes 45
[Jes 45, 1-25]
Herren vil gjeva Kyros makt over folk og kongar for Israel skuld, og so både Kyros sjølv og alle folk på jordi skal skyna at han er den einaste sanne Gud, som både lukka og ulukka kjem frå; då skal jordi verta full av frelsa og rettferd, 1-8. Dei som finn åt og lastar Herrens styring, er ovmodige dårar. Ein skal lata han syta for folket; han skal gjeva Kyros siger og lata han byggja Jerusalem opp att og senda Israel heim, 9-13. Folki skal slå seg i hop med Israel, av di dei skynar at den sanne Gud einast finst der; avgudsdyrkarane skal ganga til grunns, medan Israel vert frelst til æveleg tid, 14-17. Når Herren gjer det han har lova Israel, skal heidningane skyna at einast han er Gud, og soleis skal hans urikkane vilje ganga fram, at alle menneske ein gong skal bøygja kne for han, 18-25.
23 Jes 46
[Jes 46, 1-13]
Babel-gudane skal falla, og bileti deira skal dyr bera burt, 1. 2. Israel, som Gud har bore frå fyrste stund og framleis skal bera, skal difor akta seg for den fåvise avgudsdyrkingi, 3-7. Dei av folket som hallar til fråfall frå Herren, skal koma i hug alt det han frå ævordsleg tid har gjort for det, og serleg at han lenge fyreåt har varsla at Kyros skulde koma, og no har late han koma, 8-11, og dei av folket som ikkje vil tru at det skal verta frelst, skal vita at frelsa er nær for handi, 12. 13.
23 Jes 47
[Jes 47, 1-15]
Babel skal missa all sin herlegdom og verta støytt ned i armodsdom og skam til straff for si miskunnløysa mot Guds folk og for sitt ovmod, 1-7. Denne domen kan det ikkje avvenda med sine trolldoms- og stjernetydarkunster, 8-15.
23 Jes 48
[Jes 48, 1-22]
Israel, som tilbed Herren, om ikkje med ærleg hug, skal høyra på det han vil seia det, etter di det er hans folk, 1. 2. Han har lenge fyreåt varsla kva som skulde koma, og so late det henda brått, so dei ikkje skulde seia det var avgudane som gjorde det, og han forkynner dei no noko nytt, so dei ikkje skal seia at dei veit det før; for dei er eit hardt og svikfullt folk; berre for si eigi æra skuld er det han ikkje har tynt dei, men vil halda sine lovnader, 3-11. Israel skal vita at det er han og ingen avgud som alt for lenge sidan har varsla og sett i verk det som no er hendt og endå skal henda, at Kyros sigrar og gjer ende på Babel. No har han sendt profeten sin med ein ny bodskap, 12-16. Gjev Israel vilde lyda på Herrens ord! Då skulde det få rik signing, 17-19. Herren vil i nåde føra det ut or Babel og vel igjenom øydemarki; men for dei ugudlege finst det ingen fred, 20-22.
23 Jes 49
[Jes 49, 1-26]
Messias, som er kalla og budd til å vera Herrens tenar, men fåfengt har arbeidt ibland Israel og vorte vanvyrd og ille medfaren, skal ikkje berre attreisa Israel, men og vera ljos for heidningane og frelsar for verdi og verta høgt opphøgd og æra, 1-7. Han skal løysa ut Guds folk, og under Guds varetekt skal det samlast frå alle land på jordi, so himmel og jord skal fegnast, 8-13. Sion skal sanna at Herren ikkje har gløymt det, men at han med meir enn morskjærleik miskunnar det og gjer det folkerikt og herleg, 14-23. Israel, som er fanga, skal verta fria or fiendevald, og fiendane skal få si straff, 24-26.
23 Jes 50
[Jes 50, 1-11]
Visst har Herren no støytt burt folket sitt for di det har synda; men han, den Allmektige, både kan og vil sjå til det att og frelsa det, 1-3. Messias vitnar om at han i viljug lydnad har fylgt Herrens kall, forkynt ordet hans og tolt liding og vanæra i fast tiltru til han, og trøystar seg med at han vil hjelpa han framleides og tyna alle fiendane hans, 4-9; han manar dei gudlege til å lita fast på Herren i naud og freisting og forkynner dei ugudlege at dei berre vil valda seg sjølve undergang, 10. 11.
23 Jes 51
[Jes 51, 1-23]
Dei som søkjer Herren, skal setja si lit til hans ævelege nåde. Han som gjorde Abraham, som berre var ein, til eit stort folk, vil reisa opp att Sion, gjeva heidningfolki lut i den rette kunnskapen om Gud og tyna fiendane åt folket sitt; dei er då berre veike menneske, 1-8. Folket bed Herren frelsa det som i gamle dagar, 9-11. Herren, trøystaren, svarar det med å refsa det for di det ottast menneske, men lovar og at han, den Allmektige, snart vil frelsa det og (ved Messias) skapa ein ny himmel og ei ny jord, 12-16. Herren, som har late Jerusalem tøma sitt vreidestaup, vil no retta det til fiendane, 17-23.
23 Jes 52
[Jes 52, 1-15]
Herren lovar folket sitt at han vil fria det frå det tunge åket som det babylonske heimsriket legg på det, og vara Jerusalem so det ikkje i framtidi skal verta vanhelga av heidningane, 1-6. Fagnadsbodet om frelsa og fred skal verta forkynt for Herrens by ved sendebodi hans, som dei skal taka imot med gleda og fagnad, 7-10. Guds folk skal draga ut or Babel og vara seg for all ureinskap, 11. 12. Messias, Herrens tenar, skal etter si nedring få ei høgd og ein herlegdom som skal vekkja stor undring hjå mange heidne folk og kongar, 13-15.
23 Jes 53
[Jes 53, 1-12]
Profeten let Israel i framtidi, når det har vendt om til Messias, sanna at det før vanvyrde og vanda han i vantru for di han hadde so ring ein skapnad og var nedra so djupt, 1-3, men at det no har kome til den overtydingi at han ikkje hare lide for si eigi skuld, men for deira misgjerningar og til frelsa for det, 4-6. So skildrar profeten hans toluge liding og hans uskyldige pinefulle daude, 7-9, og tyder det so at lidingi og døden har sin grunn i Guds rådgjerd; når han har bore seg sjølv fram til skuldoffer, skal han til løn for lidingi og døden få ei stor åndeleg ætt; han skal leva æveleg og føra mange fram til rettferd og sæla ved trui på han, 10-12.
23 Jes 54
[Jes 54, 1-17]
Å sjå til har Herren støytt Israels-lyden reint ifrå seg, som ei barnlaus kona; men han, ektemannen hennar, vil sjå til henne att og gjeva henne mange born, med di heidningane og skal koma med i lyden, og han vil til æveleg tid urikkande halda si fredspakt med han, 1-10. Han vil pryda lyden med stor herlegdom, alle borni skal vera opplærde av han, og han vil verna han mot alle fiendar, 11-17.
23 Jes 55
[Jes 55, 1-13]
Dei som er fatige i åndi, vert bedne til å koma og ufortent få lut i Guds rike og æveleg frie nåde i Messias; i hans rike skal heidningane og få rom, 1-5. Dei ugudlege må, medan det endå er tid, venda om til Herren, som er rik på miskunn, 6. 7. Herrens tankar og vegar er høgre enn menneski sine, og hans ord skal visst og sant verka det som det lovar; lyden hans skal verta herleg frelst og velsigna til gleda og fagnad for heile skapningen, 8-13.
23 Jes 56
[Jes 56, 1-12]
Alle som vil halda Guds bod, heidningar og gjeldingar og, skal verta lemer av lyden hans og få lut i alt godt der, 1-8. Men fyrst skal Israel gjevast i fiendevald til straff for den vondskapen som serleg syner seg hjå føraranene åt folket, 9-12.
23 Jes 57
[Jes 57, 1-21]
Fyrst talar profeten om at dei rettferdige israelitane vert kalla burt i fred, utan at nokon aktar på Herrens fyremål med det: å spara dei for den ulukka som trugar, 1. 2; so held han ein straffetale for dei ugudlege og ein trøystetale for dei gudlege israelitane. Dei ugudlege gjer narr av dei gudlege, endå dei sjølve er den fråfalne, uekte luten av folket; dei fer med avgudsdyrking og er fulle av otte for menneske, men utan otte for Herren, og har vore ihuga til å søkja samband med heidningane; difor skal og Herren heimsøkja dei med harde straffedomar. Derimot skal han miskunna den luten av folket som straffedomane hans har fenge mykt, føra dei heim att til Sion og gjeva dei fred. I denne freden skal ikkje dei ugudlege hava nokon lut, 3-21.
23 Jes 58
[Jes 58, 1-14]
Herren bed profeten halda ein streng straffetale for det ugudlege Israel, og han gjer so. Israel lit på si fasta og sine bøner og krev at Herren skal fria det or hendene på dei heidne valdsherrane, og klagar for di han ikkje gjer det. Men deira fasta er ikkje rett, for ho gjeng saman med verdsleg strev og kjærleikslaus åtferd, 1-4. Den rette fasta er ikkje den som berre er utvertes, men den som gjeng saman med sælebotsgjerningar, 5-7. Vil folket fasta soleis og halda sabbaten heilag, so skal Herren snart høyra bønene det bed, og frelsa det, som han har lova, 8-14.
23 Jes 59
[Jes 59, 1-21]
Profeten held fram med straffetalen og seier at naudi åt folket ikkje har sin grunn i at Gud ikkje kan eller vil hjelpa, men i at folket har synda so grueleg, 1-15. Gud vil i si rettferd og sin brennhug heimsøkja både Israel og heidningane med harde straffedomar, 16-19; men umsider skal det koma ein utløysar (Messias) for dei botferdige, og Herren skal gjera ei ny, æveleg pakt med dei; hans Ande og ord skal aldri vika frå dei, 20. 21.
23 Jes 60
[Jes 60, 1-22]
Profeten spår om at Herrens ljos skal renna herleg i Sion, og at heidningane skal koma dit, 1-3. Sions-borni vert førde dit frå alle leider med rike gåvor og offer, 4-9. Heidningane - jamvel dei som før trælka Sions-lyden - tener han og hjelper til å herleggjera han, 10-16. Med alle sine born skal Sion vera heilag og herleg; Herren vil sjølv vera æveleg ljos for henne, 17-22.
23 Jes 61
[Jes 61, 1-11]
Messias vitnar om at han er salva med Guds Ande til å forkynna og gjeva alle botferdige frigjering frå syndi, rettferd, fred og gleda, 1-3. Då skal det som ligg i grus, byggjast opp att; heidningane skal tena lyden, som skal vera eit folk av prestar og verta rikt signa av Herren, som gjer ei æveleg pakt med dei, 4-9. Lyden takkar Herren med gleda for frelsa og rettferd frå han og for dei rike Andens gåvor han har gjeve dei, 10. 11.
23 Jes 62
[Jes 62, 1-12]
Herren vil ikkje kvila før han har frelst Sion, sin heilage by, 1. Byen skal verta herleggjord og inderleg sameina med borni sine og med Herren, 2-5. Herren sjølv skal senda profetar, som stødt skal minna han om at han har lova å herleggjera byen, 6. 7. Han vil ikkje gjeva han i hendene på fiendane meir, men verja han mot dei, 8. 9. Israel skal koma heim or utlægdi, få lika for alt det har lide, og verta eit folk som han aldri meir vender seg ifrå, men alltid har umsut for, 10-12.
23 Jes 63
[Jes 63, 1-19]
Profeten skildrar den skræmelege domen som Herren skal halda over Edom, det er: dei som er fiendar av riket hans, 1-6. Israel i utlægdi sannar at Herren fordom viste det stor nåde, men at det sette seg opp mot han og soleis gjorde han til sin fiende, og at det under straffi han sende over det, lengta attende til den gamle tidi då han so herleg frelste og førde og verna det, 7-14. Det bed han, sin rette far, visa miskunn, so han gjer ende på forherdingi og friar det ut or den armodsdomen som det no har lote leva i so lenge, 15-19.
23 Jes 64
[Jes 64, 1-11]
Folket held fram med bøni. Det bed Herren at han vil openberra seg i si allmakt og frelsa det liksom i gamle dagar, 1-4. Det gjeng ved at det sjølv har fortent si ulukka med syndene sine, og bed Herren at han vil stagga harmen sin, tilgjeva det misgjerningane og koma i hug det øydelagde Jerusalem og templet, 5-11.
23 Jes 65
[Jes 65, 1-25]
På bøni frå folket (63, 7 - 64, 11) svarar Herren at han i sin miskunnsame kjærleik alltid har vore viljug til å taka imot det, men at det har trassa og stade hans kallande nåde imot og halde fram med den ufyselege avgudsdyrkingi si, og at han difor lyt og vil straffa det for misgjerningane, både dei det sjølv har gjort, og federne sine, 1-7. Likevel vil han ikkje tyna heile folket; hans truande tenarar, som han har valt ut, skal få eiga lovnadslandet med alle dei gode ting i det, men avgudsdyrkarane skal ganga til grunns, 8-16. Han vil skapa ein ny himmel og ei ny jord og eit nytt herleg Jerusalem, der dei truande skal leva i æveleg fred og gleda og verta rikt velsigna; der skal ikkje finnast noko vondt, 17-25.
23 Jes 66
[Jes 66, 1-24]
Herren seier til dei som vil byggja han eit tempel, men samstundes dyrkar avguder og er ulydige mot hans ord, at han ikkje treng til noko tempel og styggjest ved offeri deira. Berre dei audmjuke tekkjest honom; dei ovmodige hyklarane vil han føra ulukke over, 1-4. So vendar han seg til dei audmjuke og forkynner dei at dei ugudlege brørne deira, som hatar dei og spottar trui og voni deira, skal få si straff, 5. 6; lyden sin vil han auka brått og velsigna rikt til trøyst og gleda for dei som elskar han, 7-14, men fiendane åt lyden vil han rydja ut med ein skræmeleg vreidedom, 15-17. Med harde domar og med evangelie-forkynning vil han kalla heidningfolki til sin lyd, gjeva dei lut i Israels åndelege prestedøme og gjenom dei føra attende til seg Israel, som har falle ifrå og er spreidt utover heile jordi, 18-21. Den nye lyden, som er samansett av Israel og heidningar, skal tena han æveleg, medan dei vantruande og ugudlege vert straffa med æveleg eld i helvete, 22-24.
Jeremias
24 Jer 1
[Jer 1, 1-19]
Jeremias, som var profet frå trettande styringsåret åt kong Josias til slutten av styringstidi åt kong Sedekias, 1-3, fortel korleis Herren kalla han til profet for Israel og heidningefolki og styrkte han til gjerningi, 4-10. Med to syner forkynner Herren han at han vil vaka etter so hans ord vert oppfyllt, og straffa Israel for avgudsdyrkingi ved fiendar nordanfrå (kaldearane), 11-16. Herren byd at han skal forkynna hans ord utan otte, og lovar at han vil gjeva han kraft til å standa seg mot alle sine motstandarar, 17-19.
24 Jer 2
[Jer 2, 1-37]
Herren minner gjenom profeten sitt folk om dei store velgjerningane han viste det i ungdomen, og klagar for di det er so utakksamt; det har vendt seg frå han, den levande Gud, medan jamvel heidningane held fast på sine daude og maktlause gudar, 1-13. Difor har han og gjeve det i hendene på framande folk, som var det ikkje hans barn, men ein træl, 14-19. Folket freistar fåfengt å fria seg; det er for mykje som vitnar mot det: alt det vonde det har gjort, avgudsdyrkingi det har fare med, og det skuldlause blodet det har rent ut med di det har drepe profetane sine og andre gudlege folk. For denne falske sjølvrettferdiggjeringi vil Herren framleides straffa det, 20-37.
24 Jer 3
[Jer 3, 1-25]
Ei fråskild kvinna som har gift seg oppatt, kan etter lovi ikkje ganga attende til fyrste mannen; sameleis med folket: etter det har vendt seg til andre gudar, vil ikkje Herren taka det til nåde att, sidan det trass i all tukt held ved med fråfallet, 1-5. Juda, som har set korleis Herren har støytt Israel frå seg for avgudsdyrkingi skuld, har ikkje late seg vara, men berre låst som dei vende seg frå avgudsdyrkingi, 6-10; med det har det synt at det er meir ugudleg enn Israel, 11. Herren manar no Israel til å venda om til han; då skal han taka det til nåde att, føra heim att leivningen av det, gjeva det rette hyrdingar og gjera ei ny pakt med det, ei som heidningane og skal få lut i, 12-17. Juda og skal då fara heim att or utlægdi saman med Israel, 18. Profeten skildrar korleis Israel, som trass i all Herrens miskunn har vore sviksamt til no, græt og sannar sitt fråfall frå han, 19-25.
24 Jer 4
[Jer 4, 1-31]
På Israels syndesanning (3, 22-25) svarar Herren at dersom det vender om i sanning, skal det finna nåde att hjå han og få oppfyllt lovnaden om at heidningane skal venda um, 1. 2. So vender han seg til Juda og manar det og til ålvorleg og grundig bot, so ikkje hans øydande harm skal koma over det, 3. 4, og forkynner at landet skal verta øydt av fiendar nordanfrå (kaldearane), 5-9. Forstøkt klagar profeten for di Herren har late dei falske profetane dåra folket med lovnader om fred, 10, og skildrar so øydeleggjingi som trugar det; berre ei snar umvending kan berga det, 11-18. Til slutt talar han om den såre sorg som det valdar han og alle dei gudlege å tenkja på øydeleggjingi som han ser kjem over landet for di folket er so uvitugt; han skildrar henne med levande drag, men held og fram at Herren ikkje vil lata landet ganga reint til grunns, 19-31.
24 Jer 5
[Jer 5, 1-31]
Herren nøydest til å straffa folket soleis for di det ikkje finst rettferd og sanning anten mellom høge eller låge, men berre trass og avgudsdyrking og hor, kor mykje han har tukta det, 1-9. Like eins som Israel har Juda og falle ifrå, med di det neittar han, vanvyrder og spottar profetordi og tener framande gudar. Difor lyt og skal Herren gjera som han har sagt, lata ein fiende frå eit land langt undan herja landet, og folket skal verta træl under framande i eit framandt land; men like vel skal det ikkje ganga reint til grunns, 10-19. Ulukka skal koma over det for di det har vore blindt for Herrens allmakt og godleik og ikkje har ottast han, men halde ved med sine fæle synder, 20-31.
24 Jer 6
[Jer 6, 1-30]
For si stendige gudløysa skal Jerusalem verta øydelagt so framt det ikkje vender um, 1-8. Ingen vil høyra på åtvaringane frå profeten; difor kan han ikkje halda att den forkynningi at Herrens vreidedom skal koma over alle utan skilnad, av di alle, allvisst lærarane åt folket, som narrar det med si falske fredsforkynning, er vonde til grunns, 9-15. Folket har vist frå seg alle formaningar til å ferdast på vegen åt federne og akta på røysti åt profeten; difor skal den straffedomen som er varsla, og som offeri ikkje kan avvenda, koma over det, 16-21. Eit illhardt folk nordantil skal setja han i verk og fylla landet med sorg og fæla, 22-26. Arbeidet åt profeten har berre synt at folket er ukyndt alt igjenom; difor skal det verta vanda, 27-30.
24 Jer 7
[Jer 7, 1-34]
Jeremias manar Judafolket til å venda om og åtvarar det mot falsk tillit til templet og til si utvertes gudsdyrking, som gjeng saman med alle slag grove synder; han trugar det med same lagnaden som heilagdomen i Silo og det ugudelege Israel har fenge, 1-15. Det hjelper ikkje om profeten bed for det, for Herren vil ikkje høyra på han, av di Juda fer med so skamlaus ei avgudsdyrking, 16-20. om folket ofrar, so kan ikkje det heller avvenda straffi; det er ikkje desse offeri Herren har kravt av det, men at det skal høyra hans ord, og mot det har det gjort seg hardt frå gamalt, 21-28. Folket skal verta vanda for si gudløysa, ei uteljande mengd av det skal døy, sume utan å koma i grav, og all gleda skal verta umskift til sorg, 29-34.
24 Jer 8
[Jer 8, 1-22], [Jer 9, 1]
Ikkje ein gong liki av longe sidan avlidne avgudsdyrkarar skal verta sparde, og dei som lever att, skal koma i slik armodsdom at dei heller vil døy enn leva, 1-3. So skræmeleg ein dom kjem over folket for di det herder på med fråfallet, lokka til det av sine innbilske lærarar, som forvanskar Herrens lov og lovar det fred, men berre lyg, 4-13. I domstidi, når fienden kjem, skal vonløysa taka folket, som ser at det har vorte narra, 14-17. Profeten høyrer i åndi kor det burtførde folket jamrar seg, og gjev ord for si store sorg over lagnaden det får, 18-22; kap. 9, 1.
24 Jer 9
[Jer 9, 2-26]
Profeten syrgjer ikkje berre av di folket gjeng til grunns, men av di det er so fullt av vondskap, som Herren ikkje kan lata urefst, 2-9. Han varslar at landet skal verta lagt i øyde og folket verta spreidt, av di det har vendt seg frå Herrens lov og gjeve seg burt i avgudsdyrking, 10-16, og skildrar den store sorg og armodsdom som vert då, 17-22. Til slutt legg han folket på hjarta at det ikkje må rosa seg av sin visdom, styrke eller rikdom, men berre av at det kjenner Herren og hans nådige og rettferdige styring. Hans rettferdige straff skal koma både over jødar og heidningar, av di dei alle er framande for han, 23-26.
24 Jer 10
[Jer 10, 1-25]
Profeten åtvarar Israel, som er dømt til utlægd, mot den heidne avgudsdyrkingi; gudane åt heidningane er daude bilete, men Herren er den sanne, ævelege, levande og allmektige Gud, som har skapt himmel og jord og kunngjer si allmakt i all sin skapning, 1-16. Han varslar på nytt lag at folket skal verta burtført og landet lagt i øyde, og bed Herren at han vil straffa sitt folk med måte, men renna sin harm ut over fiendane, 17-25.
24 Jer 11
[Jer 11, 1-23]
Profeten skal mana folket til å halda den pakti som Herren gjorde med det då det for ut or Egyptarland, men som det ikkje har halde trass i alle hans formaningar, 1-8. Han forkynner at Herren vil lata ei ulukka koma over folket av di det har brote denne pakti med avgudsdyrkingi si, og korkje dei bønene det sjølv bed til Herren eller avgudane, eller forbøni åt profeten eller den falske gudstenesta det driv med, skal kunna fria det frå den, 9-17. Kor stor gudløysa er, syner den ting at folket i Anatot, heimbyen hans, har samrådt seg om å drepa han, av di dei harmast for profetordi hans. Difor forkynner Herren dei at dei skal ganga til grunns, 18-23.
24 Jer 12
[Jer 12, 1-17]
Mismodig over vondskapen åt landsmennene sine (11, 18 fg) spør profeten Herren kvifor det gjeng dei ugudlege godt, medan han sjølv vert so hardt røynd endå han er ærleg i hjarta, og bed at Heren vil rydja ut dei ugudlege, som fører ulukka over heile landet med vondskapen sin, 1-4. Herren svarar at ei endå hardare røyning ventar han; hans eige skyldfolk skal svika han, 5. 6, og forkynner at han vil lata fiendane få makti over folket, som han har elska, men no hatar for fiendskapen mot han, og lata heile landet verta øydelagt, 7-13. Dei fiendslege grannefolki skal og verta burtførde; men dei skal koma att, og når dei då vender om til Herren, skal dei med hans folk verta sameina i hans (Messias') rike; men vil dei ikkje høyra på Herren, skal dei ganga til grunns, 14-17.
24 Jer 13
[Jer 13, 1-27]
Med biletleg åtferd syner profeten at Judafolket, som Herren har knytt so fast til seg med si pakt, skal verta tynt for sitt ovmod og sin ulydnad, med di det vert ført burt til Eufrat og lyt vera der lenge, 1-11; so forkynner han med ei likning at Herren vil krasa folket i sin harm, 12-14. Difor manar han det til å audmjuka seg og venda om medan det endå er tid; elles vil Herren straffa det for gudløysa, gjera ende på kongedømet i det, føra det i utlægd og lata stor vanæra koma over det, 15-27.
24 Jer 14
[Jer 14, 1-22]
Profeten skildrar den naudi som ein hard turk har valda i Juda, 1-6, og ropar til Gud om miskunn, 7-9; men Herren forbyd han å beda for folket, som for si avgudsdyrking lyt lida dei hardaste straffer; profeten orsakar folket med at falske profetar har dåra det, men Herren forkynner at straffi skal råma både dei og folket, 10-16. Profeten er full av sorg over den store ulukka som skal koma over landet, sannar sine eigne og folket sine synder og bed atter Herren spara dei for straffi, 17-22.
24 Jer 15
[Jer 15, 1-21]
Herren svarar at han ikkje vil taka imot nokor forbøn for folket, men straffa det med ymse harde plagor for syndene som kong Manasse og folket sjølv har gjort, 1-9. Profeten klagar for di alle i landet hatar han, 10. Herren trøystar han med at han vil lata spådomane hans ganga fram og med det få fiendane til å beda audmjukt om hans forbøn, 11-14. Endå Jeremias lid for Herrens skuld og har teke imot ordet hans med gleda og gjeve avkall på gleda i verdi, har Herren like vel i sitt langmod spart dei som forfylgjer han, og soleis svike han, 15-18. Herren lovar han at so framt han gjev opp mismodet og utolmodet sitt, vil han taka han i si tenesta att, styrkja han mot fiendane og berga han, 19-21.
24 Jer 16
[Jer 16, 1-21]
Jeremias skal i gjerning og forkynna undergang for folket. Han skal ikkje gifta seg eller få born; for i den store trengsla som kjem, skal både born og foreldre verta tynte, 1-4. Han skal ikkje vera med i sorgi over dei avlidne, til merke på at det skal verta so mange av dei at ein ikkje kan fylgja dei vanlege syrgjeskikkane, 5-7; i gjestebod skal han ikkje ganga heller, til merke på at Herren vil gjera ende på all gleda, 8. 9. Alt det som profeten soleis forkynner, skal henda. Folket skal verta ført burt for gudløysa si, 10-13; Herren lovar like vel at han vil føra det heim att, men ikkje før det har fenge hard refsing for avgudsdyrkingi si, 14-18. Profeten seier seg viss på at heidningane og ein gong skal sanna kor fåvist det er å dyrka avgudane, og venda om til han, og Herren svarar at han no med straffedomen vil hjelpa Israel til å sanna at einast han er Gud, 19-21.
24 Jer 17
[Jer 17, 1-27]
Profeten forkynner at Juda til straff for avgudsdyrkingi skal verta plundra og koma i utlægd, 1-4. For tillit til menneske (roti til avgudsdyrkingi) fører med seg forbanning, men tillit til Gud velsigning; for Herren veit av mannehjarta er vondt og løner kvar mann etter det han har gjort; den som sankar seg rikdom med urett, skal missa han midt i sine levedagar, og alle som vender seg ifrå Herren, skal døy, 5-13. Profeten bed so Herren frelsa han frå fiendane, som forfylgjer han med spott og range skuldingar, endå han berre har fylgt Herrens kall og ikkje ynskt ulukka over folket sitt, 14-18. Han manar folket til å halda sabbaten heilag, og lovar det Herrens velsigning, so framt det gjer so; elles vil det få hard straff, 19-27.
24 Jer 18
[Jer 18, 1-23]
Herren byd Jeremias å ganga til huset åt krusmakaren og sjå kva han gjer med leiret, og han gjer so, 1-4. I samband med dette forkynner Herren at Judafolket er i hans hand som leiret i handi på krusmakaren; eit folk som vender um, vil Herren spara, men eit folk som gjer det som vondt er, vil han ikkje gjeva det gode som han hadde etla det, 5-10. No vil ikkje folket venda um, men er verre enn heidningane; difor vil han lata det ganga til grunns, 11-17. Sidan folket legg opp råder mot profeten for denne forkynningi skuld, bed han Herren tyna det, for di det løner han, som har bede for det so tidt, med vondt for godt, 18-23.
24 Jer 19
[Jer 19, 1-15]
Herren byd Jeremias å kjøpa ei leirkrukka og ganga ut til Hinnomssons-dalen saman med sume av dei øvste i folket og forkynna dei der at byen skal verta reint øydelagd til straff for at dei har dyrka avgudar og rent ut skuldlaust blod; til teikn på det skal han krasa den krukka han har med seg, 1-13. Profeten gjer som Herren har sagt, og i fyregarden til templet tek han oppatt Herrens trugsmål for heile folket, 14. 15.
24 Jer 20
[Jer 20, 1-18]
Overtilsynsmannen i templet, Pashur, set Jeremias i fengsel for denne spådomen skuld, men slepper han ut att dagen etter. Då forkynner profeten at Pashur og hans hus og alle som bur i landet, skal verta førde til Babel, 1-6. Han klagar for Herren over den spott og forfylgjing han lyt lida for si forkynning, og som jamvel har fenge han til å tenkja på å gjeva opp profetgjerningi; men han trøystar seg med Herrens sterke hjelp, som vil gjeva han siger over forfylgjarane, og prisar Herren for den frelsa han soleis visseleg skal røyna, 7-13. Men han kjem på nytt i stor uro og bannar den dagen han vart fødd, 14-18.
24 Jer 21
[Jer 21, 1-14]
Medan Jerusalem vert kringsett, sender kong Sedekias to høgsette menner til Jeremias og bed at han vil spyrja Herren korleis det skal ganga med byen, 1. 2. Profeten svarar at Herren slett ikkje vil berga byen, men gjeva han i hendene på kaldearane og heimsøkja han med sott og svolt og sverd, 3-7. Han råder folket til å gjeva seg over til kaldearane, so dei kan berga livet, 8-10, og manar kongshuset til å halda oppe retten, so ikkje Herrens vreide skal tyna det, 11. 12. Jerusalems-buane meiner at byen ligg slik til at han ikkje kan takast, men dei tek i miss, 13. 14.
24 Jer 22
[Jer 22, 1-30]
Profeten manar kongshuset til å gjera rett og rettferd mot dei fatige og hjelpelause; då skal det få eit varande herredøme, men i anna fall skal kongsborgi og byen verta øydelagde, 1-9. Han forkynner at av sønene åt kong Josias skal Sallum (d. e. Joakas), som var burtførd til Egyptarland, døy der, 10-12; Jojakim skal for sine synder skuld, som gjer han so ulik den gudlege far sin, ikkje koma i jordi med heider, men verta slengd langt burt frå Jerusalem, 13-19. Det skal vera stor jammer på folket av di det lyt sjå førarane og sambandsfelagane sine fara i utlægd til straff for at det i sin verdslege tryggleik har vore ulydigt mot Herren frå gamalt, 20-23. Jekonja, som åt Jojakim, skal og saman med mor si verta førd til Babel og døy der, og ingen av etterkomarane hans skal sitja på Davids kongsstol, 24-30.
24 Jer 23
[Jer 23, 1-40]
Jeremias ropar ve over dei låke kongane, som vansteller, tyner og spreider Herrens folk; Herren vil straffa dei, men på nytt samla sitt spreidde folk og i ein mann av Davids ætt (Messias) gjeva det ein konge som skal styra med rettferd og frelsa det, 1-6. Frelsa frå den komande utlægdi skal verta mykje herlegare enn frelsa frå Egyptarland i gamle dagar, 7. 8. Han skildrar so gudløysa åt dei falske profetane og den skadelege innverknaden dei har på folket, og varslar harde straffedomar over dei, 9-15. Han manar folket til å vara seg for dei. Herren har ikkje sendt dei; det er berre sine eigne tankar dei ber fram; for dei forkynner fred og lukka for dei ugudelege i staden for å kalla folket til umvending, 16-22. Herren, den allvitande, veit at profet-draumane deira, som ikkje eig krafti i hans ord, men som dei stel frå kvarandre, og som dei brukar til å venda folket burt frå han med, er lygner som kjem frå deira eige hjarta, og han vil ikkje lata dei sleppa straff, 23-32. Alle dei som spottande kallar Herrens ord ei byrd, skal Herren kasta burt som ei byrd, seier profeten, 33-40.
24 Jer 24
[Jer 24, 1-10]
I ei syn viser Herren profeten to korger som stend framanfor heilagdomen, den eine med gode, den andre med låke fikor, 1-3. Den fyrste korgi er eit bilete på dei jødane som var burtførde til Babel med Jekonja; dei skal venda om til Herren, og han skal taka dei til nåde og lata dei koma att til landet sitt, 4-7. Hi korgi er eit bilete på Sedekias og den leivningen av folket som anten var att I landet eller hadde rømt til Egyptarland; dei skal ikkje verta vanæra og tynte, 8-10.
24 Jer 25
[Jer 25, 1-38]
I fjorde styringsåret åt Jojakim og fyrste året åt Nebukadnesar forkynner Jeremias at babylonarane no skal tyna folket saman med dei andre folkeslagi, og at det lyt tena dei i 70 år, av di det ikkje har høyrt på dei fyretolone som han no i 23 år har gjeve det, eller på dei profetane som har vore fyre han, 1-11. Etter dei 70 åri vil Herren heimsøkja babylonarane og, 12-14. Profeten skal retta både Juda og dei andre folkeslagi og babylonarane eit staup med vreide-vin, som dei skal drikka, so dei ragar og dett; det er eit bilete på Herrens dom over alle desse folki, 15-29. Til slutt skildrar han den store tyning og jammer som Herrens vreide skal føra over alle folk og land på jordi, 30-38.
24 Jer 26
[Jer 26, 1-24]
I den fyrste tidi som Jojakim styrer, forkynner Jeremias i tempel-fyregarden at om folket ikkje vil venda um, skal det ganga med templet som med heilagdomen i Silo, og Jerusalem skal verta lagt i øyde, 1-6. Prestane og profetane og mange av folket tek han og vil at han skal døy, 7-9. Då hovdingane åt folket høyrer det, kjem dei frå kongsborgi til templet, og prestane og profetane klagar han for dei, 10. 11. Han held fram for hovdingane og folket at det er Herren som har bode han å tala, manar dei til å venda om og varar dei at dei ikkje må drepa han og føra skuldlaust blod over seg og byen, 12-15. Hovdingane seier at han er skuldlaus, og nokre av dei øvste i landet minner om at då profeten Mika hadde forkynt det same som Jeremias no, hadde Esekias vendt om til Herren og med det vendt vreiden hans frå seg, 16-19. Akikam hjelper Jeremias so han slepp å få same lagnaden som profeten Uria, som Jojakim let drepa, 20-24.
24 Jer 27
[Jer 27, 1-22]
I den fyrste tidi som Sedekias styrer, seier Herren til Jeremias at han skal binda åk på seg og senda dei til kongane over grannefolki med bod om at Herren har gjeve dei og folki deira i hendene på Babel-kongen, og manar dei til å gjeva seg inn under hans åk godviljugt og ikkje lata seg dåra av spåmennene sine, 1-11. Like eins manar profeten Sedekias og til å gjeva seg under Babel-kongen og ikkje høyra på dei falske profetane, 12-15, og han åtvarar prestane og folket mot å tru dei når dei forkynner at dei heilage gognene som var førde til Babel, snart skal koma attende til Jerusalem. Tvert imot skal jamvel dei gognene som vart att, verta flutte til Babel, og so skal dei alle koma attende i den tidi som Herren har sett, 16-22.
24 Jer 28
[Jer 28, 1-17]
I same tidi spår Hananja at åket åt Babel-kongen skal verta brote, og dei heilage gognene koma attende innan to år med Jekonja og dei hine som er burtførde, 1-4. Jeremias ynskjer at det må verta so, men seier og til han at fyrst når ordi hans sannar seg, er provet gjeve for at Herren har sendt han, 5-9. Hananja bryt sund det åket som Jeremias bar, og forkynner at soleis skal åket åt Nebukadnesar verta brote, 10. 11. Jeremias forkynner han at Herren i og med Nebukadnesars herredøme skal leggja eit jern-åk på nakken åt folki, og at Hananja skal døy same året; det gjeng so, 12-17.
24 Jer 29
[Jer 29, 1-32]
Jeremias sender eit brev til dei som vart burtførde med Jekonja til Babel, og råder dei til å bu seg på at dei lyt vera der lenge, og å beda godt for byen; dei skal ikkje, som dei falske profetane i Babel seier, koma heim att til landet sitt om stutt tid, men fyrst når 70 år er lidne, 1-15. Dei som er att i Juda endå, Sedekias og hans folk, skal verta heimsøkte med sverd og svolt og sott og verta spreidde mellom folki, av di dei ikkje har lydt Herrens ord, 16-20. Han varslar straff frå Herren over to falske profetar i Babel, Akab og Sedekias, for deira utukt og lygn-spådomar, 21-23, like eins over ein annan falsk profet i Babel, Semaja, som har skrive til ein av tempel-tilsynsmennene, Sefanja, og lasta han for at han ikkje har straffa Jeremias for brevet hans, 24-32.
24 Jer 30
[Jer 30, 1-24]
Herren set Jeremias til å skriva opp i ei bok det ordet han no skal få høyra, av di det gjeld den komande utfriingi or utlægdi for Israel og Juda, 1-3. Det skal verta ei stor trengsletid for folki, men or den skal koma frelsa for Guds folk, som då skal verta løyst frå åket åt heimsriket og tena Herren og Messias, kongen sin: difor skal det ikkje ottast, 4-11. Herren vil lækja den djupe skaden det har fenge til syndestraff, og straffa fiendane for det dei har gjort, 12-17. Han vil føra dei heim att til landet deira, gjeva dei ein konge av deira eigi ætt, som skal hava inderleg samfund med han, og aller vera deira Gud, 18-22. I dei siste dagar skal Herrens vreide koma som ein storm over alle dei ugudelege, til dess han har sett si rådgjerd i verk, 23. 24.
24 Jer 31
[Jer 31, 1-40]
I den siste tidi vil Herren nya oppatt samfundet mellom seg og heile folket sitt, 1. Israel, Efra'im (dei ti ættene), som han aldri har halde opp å elska, vil han føra heim att og velsigna rikleg, 2-14. Når det lenge har lide vondt og syrgt i utlægdi, vil Herren i sin inderlege kjærleik taka det til nåde att, for di det har vendt om etter refsingi, 15-20. Når det er heimkome, skal det atter koma i inderleg samfund med Herren, 21. 22. Juda og skal koma heim att, og Herren skal kveikja det der, 23-25. Profeten vaknar ei liti stund or den burtrykkingi han har vore i medan han fekk openberringi, og tykkjer ho har vore herleg, 26. So forkynner han at Herren vil lata heile Israels- og Judafolket aukast, syta for det og ikkje senda over det fleire slike straffedomar som dei det har røynt før, 27-30. Ved Messias vil han skipa ei ny pakt med dei, betre enn den gamle, med di han tilgjev dei syndene og skriv lovi i hjarto deira, so dei vert hans folk og kjenner han alle saman utan at nokon lærer dei, 31-34. Israel skal leva alltid; Jerusalem skal verta oppattbygt, og det som før var vanheilagt, skal verta helga og leggjast til byen, 35-40.
24 Jer 32
[Jer 32, 1-44]
Medan Jerusalem vert kringsett, får Jeremias, som sit i fengsel for spådomane sine, det påbodet frå Herren at han skal kjøpa ein åker av Hanamel, frenden sin; med det skal han varsla at det i den komande tidi skal verta kjøpt hus og jorder og vinhagar i landet, 1-15. Jeremias bed at dette påbodet må verta betre uttydt for han - byen er då kringsett av kaldearane og vil snart falla i deira hender, 16-25. Herren forkynner han då at byen nok skal verta lagd i øyde og folket verta ført burt til Babel, men at han sidan vil føra det heim att, vera Gud for det, gjeva det eit nytt hjarta og gjera ei æveleg pakt med det; då skal dei kjøpa jorder att i landet, 26-44.
24 Jer 33
[Jer 33, 1-26]
Medan Jeremias endå sit i fengslet, forkynner Herren han på nytt lag at Jerusalem nok skal verta lagt øyde, men at han sidan vil føra folket heim att, reinsa det frå alle synder, gjera den oppatt-bygde byen til pryda og pris for alle folk og fylla landet med liv og gleda, 1-13. om riket og templet fell, skal det ikkje vera slutt med kongedømet og prestedømet, men Herren skal (i Messias) reisa opp ein konge og prest for Israel; Herren skal aldri vanda Israel meir, men gjera det til eit stort folk av kongar og prestar og soleis lata si pakt med David, Levi og Jakob verta standande fast og urikkande, 14-26.
24 Jer 34
[Jer 34, 1-22]
Profeten forkynner Sedekias at Jerusalem skal verta gjeve i hendene på Babel-kongen og brent, og at han sjølv skal verta førd til Babel og døy der, so framt han ikkje gjev seg, 1-7. Medan Jerusalem vart kringsett, hadde Sedekias og folket vorte samde om at det skulde gjeva dei hebraiske trælane og trælkvinnone sine frie, so som lovi baud; men då kaldearane sidan for burt frå Jerusalem for ei tid, hadde dei tvinga dei frigjevne til å gjeva seg inn i trældomen att, 8-16. Difor forkynner Herren dei at han ikkje vil verja dei lenger, men at dei skal verta gjevne i hendene på kaldearane, og at byen og landet skal leggjast i øyde, 17-22.
24 Jer 35
[Jer 35, 1-19]
Herren byd Jeremias at han skal setja vin fram for rekabitane; han gjer so, men dei vil ikkje drikka av di ættefaren deira har forbode dei å drikka vin, 1-11. Då lastar profeten jødane for deira ulydnad, at dei vyrder Herrens bod mindre enn rekabitane forbodet frå ættefaren; difor vil Herren refsa dei, men lata si velsigning vera over rekabitane, 12-19.
24 Jer 36
[Jer 36, 1-32]
I fjorde styringsåret åt kong Jojakim set Herren Jeremias til å skriva opp alle spådomane sine alt frå Josias' tid, om han med det kunde få folket til å venda um, 1-3. Profeten får skrivaren Baruk til å hjelpa seg med dette og let han lesa boki for folket i templet ein fastedag, 4-10. Hovdingane får vita det, og dei let Baruk koma å lesa opp boki, 11-15. Forstøkte råder dei Baruk og Jeremias til å gøyma seg, og dei gjev kongen melding om saki, 16-20. Han sender ein mann av stad etter boki og let han lesa henne opp, men skjer henne snart sund og kastar henne på elden. Han freistar fåfengt å få tak i Jeremias og Baruk, 21-26. Herren vil at Jeremias skal få spådomane oppskrivne i ei ny bok og forkynna at ingen av Jojakims ætt skal verta konge, han sjølv ikkje koma i grav, og landet verta lagt i øyde, 27-31. Baruk skriv opp dei gamle spådomane ein gong til, og fleire vert lagde attåt, 32.
24 Jer 37
[Jer 37, 1-21]
I den tidi då Jeremias endå ikkje var sett i fengsel, og babylonarane hadde fare burt frå Jerusalem og gjenge mot egyptarane, bad Sedekias at profeten skulde beda til Gud for han og folket, 1-5. Jeremias svarar at egyptarane ikkje skal vera til nokor hjelp, og at babylonarane skal koma att og taka Jerusalem, som skal verta lagt i øyde, 6-10. Profeten vil fara til Benjaminslandet, men då skuldar dei han for at han vil ganga over til fienden, og dei slær han og set han i fengsel, 11-16. Dei hentar han til kongen, som vil få eit ord frå Herren av han, og Jeremias forkynner han på nytt lag at han skal verta gjeven i hendene på fiendane. Av di profeten bed om det, lagar kongen det so at han får mildare fangekår, 17-21.
24 Jer 38
[Jer 38, 1-28]
Hovdingane har høyrt at Jeremias har rådt folket til å gjeva seg under kaldearane; dei held han for ein fiende av folket og kastar han ned i ein brunn; etiopen Ebed-Melek bergar han opp or brunnen, og dei set han i vaktgarden att, 1-13. Han vert henta til kongen og råder han og til å gjeva seg, 14-23. Kongen vil at han ikkje skal nemna denne samtalen til hovdingane, og han gjer som kongen seier. Han vert verande i vaktgarden til Jerusalem vert teke, 24-28.
24 Jer 39
[Jer 39, 1-18]
Jerusalem vert teke, Sedekias vert fanga og blinda; sjølv vert han lagd i lekkjor, sønene hans og stormennene vert drepne, byen vert oppbrend og murane nedrivne, og alt folket, so nær som dei ringaste, vert førde til Babel, 1-10. Nebukadnesar let Nebusaradan fria Jeremias ut or fengslet; Gedalja skal hava han i varveitsla, 11-14. Herren har alt før lova Ebed-Melek at han vil berga han, av di han har lite på han, 15-18.
24 Jer 40
[Jer 40, 1-16]
Nebusaradan sannar for Jeremias at det som har hendt jødefolket, er ei oppfylling av Herrens ord og ei straff for deira ulydnad mot han; han let profeten velja om han vil fara med dei til Babel eller vera i landet, og let han so fara til Gedalja i Mispa, som Nebukadnesar har sett over landet, 1-6. Herhovdingane og sume av folket slær seg i lag med Gedalja, som manar dei til å tena Babel-kongen, 7-12. Johanan og andre åtvarar Gedalja mot Ismael; dei seier han vil drepa han; men Gedalja trur ikkje på det, 13-16.
24 Jer 41
[Jer 41, 1-18]
Ismael, ein mann av jødisk kongeætt, drep Gedalja og mennene hans, like eins nokre menner som har kome frå ymse stader i Israelslandet, so nær som ti som han let leva, av di dei seier at dei har forråd gøymde ute på marki, 1-9. Då Ismael vil føra burt resten av folket i Mispa til Ammonitarlandet, tek Johanan på han ved Gibeon. Dei som Ismael har ført burt, slær seg i lag med han; Ismael sjølv kjem seg undan, 10-15. Av otte for den hemnen som Nebukadnesar vil taka for mordet på Gedalja, vil Johanan og alle jødane som er att i landet, fara til Egyptarlandet, 16-18.
24 Jer 42
[Jer 42, 1-22]
Herhovdingane og folket bed Jeremias spyrja Herren om det som dei er meinte på, og lovar at dei vil gjera som Herren seier, 1-6. Ti dagar etter svarar Herren dei gjenom profeten at so framt dei vert verande i landet, vil han gjera vel mot dei og verja dei mot Babel-kongen, men fer dei til Egyptarland av otte for ufred og svolt, vil han lata dei døy der, 7-18. Jeremias er på fyrehand viss på at dei ikkje vil lyda; difor vitnar han at det er Herrens ord han har forkynt dei, og at dei valdar seg sjølve ulukka om dei gjer imot det, 19-22.
24 Jer 43
[Jer 43, 1-13]
Førarane åt folket skuldar Jeremias for at han har lydt etter Baruk og forkynt dei lygn, og dei tek han med seg til Egyptarland saman med Baruk og dei andre
Syrgjesongane
25 Kla 1
[Klag 1, 1-22]
Jeremias græt over Jerusalem og jødefolket, for di dei har kome ut i slik ein elegskap for skuld dei mange og store syndene sine, 1-11. Jerusalem klagar over alt det har lide, sannar at det sjølv har fortent det for syndene sine, og bed Gud straffa fiendane for vondskapen deira, 12-22.
25 Kla 2
[Klag 2, 1-22]
Jeremias klagar for di Herren i sin vreide har øydelagt folk og land, by og heilagdom, so alle har sokke ned i den djupaste sorg og elegskap, 1-13. I denne naudi, som dei falske profetane har kalla fram med all lygni dei har fare med i spådomane sine, har folket no vorte til spott for fiendane sine, 14-17. Profeten oppmodar folket til å beda Herren om miskunn, og dei gjer so, 18-22.
25 Kla 3
[Klag 3, 1-66]
Jeremias klagar i sitt eige og alle andre gudlege sitt namn over den store jammeren og elegskapen som Herren har late koma over dei, so dei held på å gjeva opp voni, 1-20, men trøystar seg med tanken på at det ikkje er slutt med Herrens miskunn, og at han til sist vil frelsa dei som ber hans gagnlege tukt i tolmod og ventar på han; det er ikkje med gleda Herren legg sorg på menneski, men han kan ikkje lata vera å straffa dei for syndene deira, 21-38. Difor manar profeten seg sjølv og dei gudlege til å ikkje mukka mot Herren, men audmjukt ganga ved at dei med syndene sine sjølve er skuld i den store trengsla som no har råka dei, 39-54. Han bed at Herren, no som før, vil høyra deira bøn om frelsa og gjeva fiendane deira lika for det dei har gjort mot dei, 55-66.
25 Kla 4
[Klag 4, 1-22]
Jeremia klagar over den store elegskapen som rådde då Jerusalem var kringsett og etterpå, og som var ei straff for syndene åt dei falske profetane og prestane, 1-20. Edom gleder seg no over Israels ulukka, men Herren skal lata si straff råka dei og; sitt eige folk skal han taka til nåde att, 21. 22.
25 Kla 5
[Klag 5, 1-22]
Jeremia legg fram for Herren all den trengsla og naudi som Israel har lote lida av fiendane sine, 1-18, og bed at han atter vil gjeva det sin nåde, 19-22.
Esekiel
26 Esk 1
[Esek 1, 1-28]
Esekiel var prest og heldt til i Kaldea attmed elvi Kebar (Kaboras) mellom dei jødane som var burtførde saman med kong Jojakin (Jekonja). Han får sjå Herrens herlegdom i ei stor sky som er gjennomstråla av eldskin, og som ein stormvind driv fram frå nord, 1-4. Han ser og skildrar fire levende (kjerubar), 5-14, og fire hjul attmed dei, 15-21, ein kvelv over dei, og over han att ein kongsstol; der sit Herren i menneskeskapnad, og derifrå høyrer profeten røysti åt ein som talar, 22-28.
26 Esk 2
[Esek 2, 1-10], [Esek 3, 1-3]
Herren, han som talar, styrkjer Esekiel med ordet sitt, 1-2, og kallar han so til profet for dei burtførde jødane; han held fram kor trassige dei er, men byd han lik vel å gjera si gjerning utan otte, 3-7. So gjev Herren han inn det ordet han skal forkynna; I ei syn retter han profeten ein bokrull som er fullskriven på båe sidor med syrgjesongar og ve-rop, og by han å eta han; profeten gjer det, og bokrullen smakar han søtt, 8 - 3, 3.
26 Esk 3
[Esek 3, 4-27]
Herren lovar å gjeva Esekiel kraft til å verka mellom det trassige folket, 4-11, og profeten vert so i åndi førd burt til landsmennene sine i Tel-Abib; der sit han mållaus i sju dagar, 12-15. Herren set han til vaktar for Israel, med di han på nytt held fram for han det ansvarsfulle kallet hans, 16-21. Herren openberrar på nytt herlegdomen sin og byd han stengja seg inne i huset sitt; han skal ikkje tala til folket på ei tid, av di dei er so trassige, 22-27.
26 Esk 4
[Esek 4, 1-17]
På tri måtar skal profeten med si åtferd varsla kva som skal henda. Det fyrste han gjer, skal varsla at Jerusalem skal verta kringsett, 1-3, det andre at folket til straff for syndi åt Israel og Juda skal gjenomleva ei trældomstid mellom heidningane, lik den gamle i Egyptarlandet, 4-8, og det tridje at folket, som er spreidt mellom heidningane, skal eta ureint brød i denne trældomstidi, og at Jerusalems-buane skal lida naud og eta det vesle dei har, med otte og fælske medan umlægringi stend på, 9-17.
26 Esk 5
[Esek 5, 1-17]
Profeten skal på nytt lag med si åtferd syna kva lagnad som skal råka Jerusalems-buane, både når byen snart vert teken og sidan, 1-4. Herren har gjeve Jerusalem ei serstoda i verdi, men det har vore ulydigt mot bodi hans og gjenge lenger enn heidningane i gudløysa; difor vil han no for augo på heidningane halda ein dom utan like over det: han vil lata størsteparten døy av sott og svolt og for sverd og ville dyr og gjera det til spott for heidningane, 5-17.
26 Esk 6
[Esek 6, 1-14]
Profeten skal forkynna at all avgudsdyrking skal verta utrudd og landet, landet sjølv verta øydelagt, og avgudsdyrkarane ihelslegne, 1-7. Like vel skal nokre av dei som bur i landet, koma seg undan og umvenda seg i dei landi der dei vert spreidde ikring, 8-10. Profeten skal med teikn og ord syna kor harm han er for di folket dyrkar avgudar, og forkynna at både folk og land skal verta øydelagde, 11-14.
26 Esk 7
[Esek 7, 1-27]
Profeten forkynner at enden er nær for heile landet åt jødane; for Herren vil nådelaust straffa folket for dei styggelege gjerningane deira, 1-9. Dei ovmodige kaldearane skal snart som det tuktande riset gjera av med det gudlause folket. Sverd, svolt og sott skal herja hjå dei; sylvet og gullet deira, som dei har misbruka til avgudsdyrking, og som difor no skal verta til herfang for fiendane, kan ikkje berga dei. Folket skal førast burt som fangar, og riket ganga under, 10-27.
26 Esk 8
[Esek 8, 1-18]
Medan Esekiel sit i huset sitt med dei jødiske eldste framfor seg, vert han i ei syn førd til templet i Jerusalem, og der syner Herrens herlegdom seg atter for han, 1-4. Herren let han sjå all den avgudsdyrkingi Israel har drive, 5-16, og seier at han nådelaust vil straffa folket for den, 17. 18.
26 Esk 9
[Esek 9, 1-11]
Esekiel ser seks menner som etter Herrens bod dreg inn i Jerusalem og skal slå i hel folket i byen, og dessutan ein mann som er klædd i linklæde, og som skal setja eit merke i panna på dei mennene som har syrgt over gudløysa åt folket, so dei kan verta sparde når neddrepingi tek til, 1-7. Mennene gjer som Herren har sagt; profeten vert forfård over det han ser, og bed til Herren for folket, men Herren svarar at misgjerningi åt folket er for stor til at han kan spara det, 8-10. Mannen i linklædi seier frå til Herren at det er gjort som han baud, 11.
26 Esk 10
[Esek 10, 1-22]
Esekiel høyrer korleis Herren frå kongsstolen sin over kvelven byd mannen i linklædi å henta glør frå kjerubane og strå dei ut over Jerusalem so byen brenn opp, og han ser at mannen gjer etter bodet, 1-8. Profeten skildrar atter kjerubane og hjuli i samhøve med den syni han før har havt ved elvi Kebar, og han ser korleis Herrens herlegdom flyt seg frå templet og stanar attmed Øystreporten, 9-22.
26 Esk 11
[Esek 11, 1-25]
Eit ver fører Esekiel til den øystre tempelporten, og han ser der 25 menner som meiner dei skal leva roleg og trygt i byen trass i gudløysa si. Herren byd profeten å forkynna dei at i staden for det skal framande (kaldearane) føra dei ut or byen og slå dei i hel attmed landskilet, 1-12. Ein av dei, Pelatja, døyr medan profeten forkynner dette, so profeten vert forfård og bed Herren spara det som er att av Israel; Herren lovar han då at han vil taka seg av dei burtførde, føra dei attende til landet deira og gjera dei til eit åndeleg oppattnya folk; men dei som gjev seg burt i avgudsdyrking, vil han løna etter gjerningane deira, 13-21. Herrens herlegdom forlet byen og flyt seg til Oljeberget, 22-23. Esekiel vert førd attende til Kaldea, og der forkynner han dei burtførde det som Herren har lata han sjå, 24-25.
26 Esk 12
[Esek 12, 1-28]
Med biletleg åtferd, som og vert tydd med ord, skal profeten forkynna det trassige folket han lever hjå, at kongen (Sedekias) og Jerusalems-buane skal førast burt som fangar, og at dei skal lata livet, so nær som nokre få, 1-16, og korleis folket skal syrgja og fæla når landet vert øydelagt, 17-20. Han skal lata spottarane vita at Herrens ord ikkje skal verta til inkjes, men ganga fram, og at det skal verta slutt med all falsk spådom i Israel, 21-25, og at dette skal henda, ikkje langt fram i tidi, men snart, 26-28.
26 Esk 13
[Esek 13, 1-23]
Esekiel ropar ve over dei falske profetane, som ikkje har gjort noko for å berga folket, men berre har styrkt det i gudløysa med di dei har lova det fred og lukka; men den komande domen skal Herren syna at spådomane deira har vore lygn, og rydja dei sjølve ut or folket sitt, 1-16. Like eins ropar profeten ve over dei falske profetkvinnone, som for brødet skuld tyner sjelene med lygnspådomane sine; Herren skal gjera ende på den skadelege verksemdi deira, 17-23.
26 Esk 14
[Esek 14, 1-23]
Nokre hyklarar kjem til Esekiel og vil spyrja Herren, medan hjarto deira heng ved avgudar. Esekiel forkynner dei at Herren ikkje vil svara dei i ord, men i gjerning, med å tyna dei; difor manar han dei til å umvende seg, 1-8. Skulde ein profet lata seg lokka til å svara dei, so skal han lida same straffi, 9-11. Når Herren sender straffedomar over eit syndigt folk, skal ikkje ein gong dei gudlegaste kunna berga andre enn seg sjølve; soleis skal alle lata livet når straffedomane hans råmar Jerusalem, so nær som nokre få, som skal førast burt til Babel, men berre for di dei skal vera eit vitnemål om Herrens rettferdige straff over den ugudlege byen, 12-23.
26 Esk 15
[Esek 15, 1-8]
Liksom eit vilt vintre ikkje duger til anna enn til å brennast opp, serleg når det er svide, soleis har det villfarande og mest heilt øydelagde Israel ikkje anna å venta enn fullkomen undergang, 1-8.
26 Esk 16
[Esek 16, 1-63]
Juda vert skildra som ei liti gjenta som Herren har funne i den største armodsdom; han fostra henne opp og tok henne til kona og prydde henne ovende vent, men like vel braut ho truskapen sin og driv utukt med mange andre menner. Soleis har Herren frå fyrste tidi synt Juda rik nåde og store velgjerningar, særleg med den pakti han har gjort med det, 1-14; men folket har like vel vore ulydigt, brote pakti med han og fare med allslags styggeleg avgudsdyrking, so det har gjenge mykje lenger i synd enn både Israel (dei ti ættene) og dei djupast falne heidningane, 15-34. Difor vil Herren straffa dei hardt og gjeva dei i hendene på heidningane, 35-52. Like vel vil Herren atter visa miskunn mot det og like eins mot Israel og heidningane og nya oppatt pakti si med det, 53-63.
26 Esk 17
[Esek 17, 1-24]
Esekiel set fram ei likning om ein stor ørn; ørnen tok øvste kvisten av eit sedertre på Libanon og sette han i Babel; so tok han ein liten renning frå Israelslandet og planta eit lågvakse vintre som i staden for å snu greinene sine til ørnen tøygde seg burt imot ein annan ørn, 1-10. Dette vert tydt om Jojakin, som vart burtførd til Babel, og om Sedekias, som vart sett til kong over Juda, men fall frå Babel-kongen og søkte hjelp hjå Egyptarland, og som difor like eins skal førast burt til Babel, 11-21. I eit bilete spår profeten om Messias og det herlege riket hans: Herren vil taka ein grann kvist av eit høgt sedertre og planta på Israels-fjellet, og denne kvisten skal verta til eit herleg tre, 22-24.
26 Esk 18
[Esek 18, 1-32]
Esekiel seier at det ikkje er rett når jødane meiner at dei lid utan skuld for syndene åt federne; han held fram at ein gudlaus far ikkje kan føra straff over ein rettferdig son, like lite som ein rettferdig far kan fria ein gudlaus son frå straff, men at kvar og ein vert straffa for si eigi synd, 1-20. Like lite som Herren let vera å straffa den rettferdige, når han gjev seg burt i gudløysa, like lite tilreknar han den ugudlege som umvender seg, dei syndene han før har gjort; og han har ikkje hugnad i at han døyr, men i at han vender om og lever, 21-29. Difor manar profeten jødane til å venda um, so dei kan få leva og sleppa å døy, 30-32.
26 Esk 19
[Esek 19, 1-14]
I ein syrgjesong over Israels fyrstar, 1, skildrar Esekiel fyrst gudløysa og straffi åt to av dei siste jødiske kongane, Joakas, som vart burtførd til Egyptarland, 2-4, og Jojakin, som vart burtførd til Babel, 5-9, og so den syrgjelege lagnaden åt jødefolket sjølv; det har sokke ned frå stordomen og velmakti det åtte før, og sidan vorte planta om i framand jord (Babel); der sjuknar det burt, og Sedekias skal valda at det gjeng reint til grunns, 10-14.
26 Esk 20
[Esek 20, 1-49]
Nokre av styresmennene i Israel kjem til profeten og vil spyrja Herren. Herren byd at han ikkje skal svara dei, men derimot syna dei kor ugudlege federne deira var, 1-4. Profeten syner dei difor korleis Israel frå fyrst av gong på gong har trassa Herren og tent avgudane, so han kvar gong berre for sitt eige heilage namn skuld har late vera å tyna det. Dette har alt hendt i Egyptarland, 5-9, og sidan to gonger i øydemarki; der var både den gamle ætti og den nye ulydig og vart like vel spard, 10-17, 18-26. I Kana'an og har folket alt til no halde ved med avgudsdyrkingi; difor vil Herren ikkje lata dei få spyrja han, 27-31. Dei skal ikkje, som dei sjølve meiner, halda ved med å dyrka avgudane og verta eit heidningfolk, men Herren skal gjera like eins med dei som han i gamle dagar gjorde med federne deira i øydemarki; med store straffedomar skal han skilja dei trassige ut or folket, 32-38, og so skal han føra dei heim att til landet deira; der skal dei tena han og vera til hugnad for han, 39-44.
I ein ny spådom, som held fram i 21. kap., nyttar Esekiel til bilete ein skogbrann som Herren har kveikt, og forkynner med det at jødefolket skal verta heiltopp tynt, 45-48. Profeten klagar for di folket viser talen hans frå seg som ei uskynleg likning, 49.
26 Esk 21
[Esek 21, 1-32]
Herren svarar på klaga frå Esekiel med å tyda for han den likningi han sette fram. Profeten skal forkynna at Herren med det kvasse og bliktande sverdet sitt vil slå i hel alle i Jerusalem og Juda, både rettferdige og urettferdige, både høge og låge for di folket har vanvyrdt all tukt, og med biletleg åtferd skal han syna kva for hugverk og fælske som skal taka folket når denne domen råkar det, 1-17. Med biletleg åtferd skal profeten og syna at Nebukadnesar, som med spådomskunster har freista å få vita om han fyrst skal fara mot Jerusalem eller mot hovudstaden åt ammoritane, skal velja det fyrste, 18-24. Profeten vender seg so til Sedekias og forkynner denne ugudlege kongen at dagen er komen då han skal straffast, og at det etter han ikkje lenger skal vera nokon konge av Davids ætt før Messias kjem, 25-27. Men straffi skal koma over ammonitane og, som har spotta Guds folk; narra av spåmennene sine skal dei verta reint utrudde ved Herrens sverd, 28-32
26 Esk 22
[Esek 22, 1-31]
Med dei mange og store syndene sine har Jerusalem valda sin undergang; for deira skuld skal det verta ei spott for all verdi, og dei som bur i byen, skal verta spreidde mellom folki, 1-16. Israels-folket er heiltopp utskjemt og skal difor verta hardt straffa når Jerusalem vert kringsett, 17-22. Heile folket, profetane, prestane, fyrstane og ålmugen, er saka i store misgjerningar, og ingen har freista å avvenda domen men forbøn. Difor skal Herren i sin vreide gjera ende på dei, 23-31.
26 Esk 23
[Esek 23, 1-49]
Profeten nyttar biletet av to utuktige syster og skildrar den skammelege avgudsdyrkingi som Samaria og Jerusalem driv. Alt i sin ungdom har dei drive hor med Egyptarland, 1-4. Samaria, eldste systeri, har sidan halde ved med sin lauslivnad og drive hor med assyrarane og egyptarane, 5-8, og har vorte straffa for det igjenom assyrarane, 9. 10. Jerusalem, yngste systeri, har ikkje late seg åtvara, men gjort det same på ein endå verre måte med assyrarane, kaldearane og egyptarane, 11-22; difor skal og Herren igjenom kaldearane lata det få same lagnaden som Samaria, og det i fullt mål, 23-35 båe systerne har fare like gudlaust åt og lyt difor og båe lida same straffi, 36-49.
26 Esk 24
[Esek 24, 1-27]
Same dagen som kaldearane under Nebukadnesar tek til å kringsetje Jerusalem, openberrar Herren det for Esekiel, 1. 2, og byd han å forkynna dei burtførde i Babel i ei likning at folket som er samla i Jerusalem, no skal verta øydelagt for gudløysa si, og sjølve byen for den inngrodde ureinskapen sin, 3-14. Same dagen forkynner Herren Esekiel at det kjæraste han eig, brått skal takast frå han, og byd han å syrgja over tapet i stilla, utan dei vanlege merki på sorg. om kvelden same dagen døyr kona åt profeten, og han gjer som Herren har bode han. Folket spør kva åtferdi hans skal tyda; han svarar at det er ei varsel Herren gjev dei: Når dei får vita at det kjæraste dei eig, templet og borni deira, som er att i Jerusalem, har gjenge til grunns, skal dei og gripast av ei tagal, tærande sorg, 15-24. Fyrst når profeten får tiendi om at Jerusalem er øydelagt, skal han ikkje tegja lenger, men atter tala til folket, 25-27.
26 Esk 25
[Esek 25, 1-17]
Esekiel forkynner fire av grannefolki i Israel at dei skal ganga under, ammonitane for di dei gleder seg over at landet og templet til jødane har vorte øydelagt og folket burtført, 1-7, moabitane for di dei gleder seg over den ulukka som har råma Guds folk, 8-11, edomitane, for di dei har teke hemn over jødane, 12-14, og filisterane for di dei av eldgamal fiendskap har gjort det same, 15-17.
26 Esk 26
[Esek 26, 1-21]
Esekiel forkynner at Tyrus skal verta heiltopp øydelagt av Nebukadnesar til straff for at det har gledt seg over Jerusalems undergang i von om å hava vinning av det for handelen sin, 1-14. Alle fyrstane og folki på havstrendene og øyane skal verta skræmde og syrgja og barma seg når Tyrus fell, 15-18. Tyrus skal ganga til grunns, heiltopp og for alltid, 19-21.
26 Esk 27
[Esek 27, 1-36]
I ein syrgjesong over Tyrus, 1. 2, skildrar profeten fyrst kor herleg byen er, 3-11, kor mange han har samhandel med, 12-25, og so korleis byen snart skal ganga reint til grunns, 26. 27, og for sorg og redsla og skadeglad spotting det då skal verta kring i folki, 28-36.
26 Esk 28
[Esek 28, 1-26]
Fyrsten i Tyrus gjer seg sjølv til Gud og meiner han er visare enn Daniel. Esekiel forkynner han at han for sitt hovmod skuld skal falle for sverdet åt kaldearane; då skal det syna seg at han er berre eit menneske, 1-10. So skildrar han i ein syrgjesong herlegdomen hans, den store skuldi og den skræmelege undergangen hans, 11-19. Profeten forkynner at Herren skal straffa Sidon, 20-23, og seier til slutt at alle grannefolki åt Israel, som har valda det skade og spotta det, skal få sin dom; sjølv skal det førast heim att til landet sitt og bu trygt der, ein lovnad som får si fulle oppfylling i Messias, 24-26
26 Esk 29
[Esek 29, 1-21]
Esekiel forkynner Farao og egyptarane at Herren vil øydeleggja dei og landet deira reint, for deira ovmod skuld og for di dei har lokka Israel til å lita på dei og so svike det, 1-12. Etter 40 år skal Egyptarland reisa seg att, men ikkje verta so stort som før, so det ikkje lenger skal lokka Israel til å setja si lit til det, 13-16. I ein spå dom seinare forkynner profeten at Herren vil gjeva Egyptarland og rikdomane der i hendene på Nebukadnesar, for di han har fullført hans straffedom over Tyrus og ikkje fenge nokor løn for dette mødefulle arbeidet sitt, 17-20. Den dagen Egyptarland fell, skal Israel vinna ny kraft og profeten arbeida frihuga bland folket, 21.
26 Esk 30
[Esek 30, 1-26]
Profeten forkynner at det skal koma ein domedag over Egyptarland og dei folki som er i samband med det, 1-5. Egyptarane skal missa si makt, og landet deira verta øydelagt av Nebukadnesar, 6-12. Egyptarlands gudar skal verta til inkjes, festningane verta tekne og øydelagde, ungdomen falla og kvinnone førast i utlægd, 13-19. I ein ny spådom forkynner profeten at makti åt Farao skal brotna, men makti åt Babel-kongen verta styrkt, 20-26.
26 Esk 31
[Esek 31, 1-18]
Esekiel minner egyptarkongen og folket hans om den lagnaden som har råma assyrarkongen og hans folk. Assur var eit herleg sedertre, som reis høgt over alle andre tre, 1-9; men for di han vart ovmodig, vart han felt, 10-14, til sorg for all verdi, og mange folkeslag for ned i helheimen saman med han, 15-17. Soleis skal det og ganga med egyptarkongen og folket hans, 18.
26 Esk 32
[Esek 32, 1-32]
I ein syrgjesong over Farao spår Esekiel at han, den mektige egyptarkonge, som fører øyding over folki, sjølv skal verta tynt, 1-6, so all verdi skal verta forfård, 7-10; for Babel-kongen skal koma over han, tyna folk og fe og gjera landet til ei øydemark, 11-16. I ein liksong over Farao og folket hans seier profeten at dei skal falla for sverd og fara ned i helheimen til dei andre heidne fyrstane og folkeslagi som har fenge same lagnaden, dei som har vore ei redsla for all jordi, 17-32.
26 Esk 33
[Esek 33, 1-33]
Herren set på nytt Esekiel til vaktmann åt Israel og held fram for han kallet og ansvaret hans, 1-9, og oppmodar han til å forkynna for folket, som no held på å missa voni under den tunge syndebyrdi, at det skal venda om og verta frelst; for Herren har ikkje hugnad i at syndaren døyr, men i at han vender om og lever, 10. 11. Ein rettferdig mann skal ikkje leva når han gjev seg burt i gudløysa, og ein ugudleg ikkje døy, når han vender om frå gudløysa si, 12-20. Profeten får bod om at Jerusalem er øydelagt, og med det nye ord frå Gud som han skal forkynna folket, 21-22. Dei som har vorte att i Israelslandet meiner at lovnaden til Abraham om eigedomsretten til landet no skal verta oppfyllt på dei; men profeten seier dei at det tvert imot skal missa livet alle saman for sine misgjerningar skuld, og landet verta ei folketom øydemark, 23-29. Dei burtførde i Kaldea kjem til profeten berre av di dei skal få sjå at han har vore ein rett Herren profet, 30-33.
26 Esk 34
[Esek 34, 1-31]
Herren held fram for Israels hyrdingar, kongane og fyrstane i landet, at dei har vanrøkta hjordi og med det valda at ho har vorte spreidd og øydelagt, og forkynner dei at dei skal verta avsette frå hyrdingembetet sitt, 1-10. Han vil sjølv taka seg av hjordi si, samla henne att og føra henne attende til landet hennar; her vil han gjeva henne både nøgdi av god mat og kvild, men og døma henne med di han skil ut or henne alle dei feite og sterke sauene som har gjort urett mot dei veike og plaga dei, 11-22. I ein annan David (Messias) vil han gjeva hjordi si den eine sanne hyrdingen, og under han lata henne få ein fullnad av signing og fred, 23-31.
26 Esk 35
[Esek 35, 1-15]
Herren forkynner edomitane at landet deira skal øydast til straff for den ævelege fiendskapen dei har bore på mot Israel, og den blodskuldi dei har drege på seg då Jerusalem vart øydelagt, 1-9, og for deira vonde trå etter å eigna til seg Israelslandet, Herrens eigedom, 10-15.
26 Esk 36
[Esek 36, 1-38]
Edomitane og dei andre grannefolki spottar Israelslandet for di det er øydelagt og har mist ibuarane sine, held det for sin eigedom og tenkjer på å eigna det til seg; men israelitane skal få landet att, dei skal førast attende til det og aukast der, so folket ikkje skal spotta det meir, 1-15. Israelitane har sulka landet sitt med syndene sine og har difor vorte burtførde frå dei og spreidde mellom folki, 16-19. Men folki meiner at ulukka deira kjem av at Herren, deira Gud, er vanmektig; difor skal Herren syna at namnet hans er heilagt, med di han samlar dei att og fører dei attende til landet deira, reinsa dei frå syndene deira, gjev dei eit nytt hjarta og ei ny ånd so dei held bodi hans og soleis nyar oppatt pakti si med dei, 20-28; då vil han og velsigna dei med ei ovnøgd av timeleg velsigning, 29-38.
26 Esk 37
[Esek 37, 1-28]
Esekiel ser i åndi korleis ei stor mengd med daudningbein som ligg strådde umkring i ein dal, vert levande, 1-10. Med denne syni vert det sagt frå at det landlyste Israel, som held på å missa voni om attreising, skal reisast opp att, verta åndeleg levandegjort og koma attende til landet sitt, 11-14. Med biletleg åtferd forkynner profeten at dei to skilde lutene av folket, Israel og Juda, skal sameinast til eitt folk under ein konge, ein annan David, Messias. Dette folket skal vera heilagt, eiga lovnadslandet til æveleg tid, njota æveleg fred, og heilagdomen åt Herren, deira Gud, skal vera hjå dei i all æva, 15-28.
26 Esk 38
[Esek 38, 1-23]
Esekiel forkynner at Herren i den siste tidi vil lata Gog, fyrsten over Magog og fleire andre folkeslag, koma over Israelslandet med ein stor her, 1-9. Gog etlar seg til å plundra ut Guds folk, som då i lang tid alt har butt trygt i landet sitt; Herren derimot har late han koma av di han vil syna sin heilagdom på han for augo på alle folki, 10-16. For når Gog, som alle dei gamle profetane har spått um, tek på Israel, skal Herren øyda han og hans hus med ein øgjeleg straffedom so folki skal sanna at han Israels Gud, er Herren, 17-23. Spådomen peikar fram mot dei siste og mest vidfemnande åtaket som fiendane av gudsriket gjer på det, og undergangen som ventar desse fiendane (Openb 20, 7 fg.)
26 Esk 39
[Esek 39, 1-29]
Esekiel held ved og forkynner at Gog og heren hans skal verta reint tynte i Israelslandet, 1-20, og varslar so om verknadane av denne domen; Israel skal læra av domen at Herren er og alltid vil vera deira Gud, og heidningane skal skyna at det var Israels synd og ikkje Herrens vanmakt som var årsaki til at det i farne dagar vart burtført, 21-24. Spådomen om Gog endar med den lovnaden at Herren vil miskunna Israel, føra det attende til heimlandet, gjeva det stendig fred og renna ut sin Ande over det, 25-29.
26 Esk 40
[Esek 40, 1-49]
Esekiel vert i åndi flutt til Israelslandet og ser der i ei syn eit tempel på eit høgt fjell, 1-4. Han skildrar so templet nærare: muren umkring, 5, austportbygdnaden, 6-16, den ytre fyregarden med nordporten og sudporten hans, 17-27, den indre fyregarden med portane, kovane og offerbordi, 28-47, forhalli til templet, 48. 49.
26 Esk 41
[Esek 41, 1-26]
Esekiel skildrar framleides det nye templet - måli på det Heilage og det Høgheilage, 1-4, sidekovane åt templet, ein bygnad på vestsida åt templet, kjerubane og palmone som var gjorde på tempelveggene, 5-21, røykofferaltaret og tempeldørene, 22-26.
26 Esk 42
[Esek 42, 1-20]
Esekiel skildrar dei kovane som skilde mellom den ytre og den indre fyregarden, og seier kva dei skal nyttast til, 1-14; han nemner målet på den muren som gjekk ikring templet og heile romet som høyrde til, 15-20.
26 Esk 43
[Esek 43, 1-27]
Herrens herlegdom flytter inn i det nye templet, 1-6. Han lovar at han vil bu der hjå Israels-borni til æveleg tid; heretter skal dei vera eit heilagt folk, 7-9. Han byd profeten å forkynna dei om dette templet, so dei lyt skjemmast over syndene sine, og å skildra innreidingi nøgje for dei og kunngjera føresegnene om det, 10-12. Han talar serleg om brennofferaltaret, måli på det, og korleis dei skal vigsla og bruka det, 13-27.
26 Esk 44
[Esek 44, 1-31]
Herren forkynner profeten at den ytre porten åt heilagdomen mot aust skal vera stengd; men fyrsten over folket skal hava lov til å halda offermåltid der, 1-3. Herren byd han å refsa folket, for di dei har ført inn i templet slike som ikkje burde koma dit, og forbyd dei å gjera dette i framtidi, 4-9. For di levitane har dyrka avgudar, skal dei berre hava dei ringaste tenestone i heilagdomen, medan Sadoks-sønene skal gjera prestetenesta, 10-16. Plikter og rettar som prestane har, 17-31.
26 Esk 45
[Esek 45, 1-25]
Esekiel nemner målet på dei lutene av landet som i den nye utskiftingi skal ganga til heilagdomen, prestane og levitane, byen og fyrsten, 1-8, manar fyrstane i Israel til å gjera rett og skil, 9-12, nemner den avgifti som folket skal svara til fyrsten, og som han skal bruka til dei offeri han skal bera fram for Herren for seg sjølv og folket på dei store høgtidene, 13-25.
26 Esk 46
[Esek 46, 1-24]
Fyreretten åt fyrsten når han kjem i templet på sabbatane og nymånedagane, og dei offeri han skal bera fram, 1-15. Kven han kan gjeva burt noko av eigedomen sin til, og på kva vilkår, 16-18. Dei stadene attmed templet der offeri skal kokast, 19-24.
26 Esk 47
[Esek 47, 1-23]
Esekiel skildrar ein bekk som gjeng ut frå templet, vert djupare og djupare og kallar fram liv og spreider signing kvar han kjem - eit bilete på den stendigt rikare fullnad av Anden, av liv og frelsa som skal ganga ut frå Herren og verta utrend over menneski gjenom Messias, 1-12. Han nemner grensone åt det heilage landet, som skal skiftast ut mellom israelitane og dei framande, 13-23.
26 Esk 48
[Esek 48, 1-35]
Inndeilingi av det heilage landet: Sju av Israels-ættene skal få lutene sine i nord, 1-8, heilagdomen, prestane og levitane, byen og fyrsten skal hava lutene sine i midten, 9-22, og dei andre fem ættene i sud, 23-29. Kringmålet åt byen, portane og namni på dei, namnet på byen, 30-35.
Daniel
27 Dnl 1
[Dan 1, 1-21]
Daniel, som er førd burt til Babel av Nebukadnesar, vert vald ut saman med Hananja, Misael og Asarja; dei skal oppsedast til å tena i kongsgarden, 1-7. Daniel vil ikkje gjera seg urein med å eta av den fine kongsmaten, og både han og venane hans får difor lov til å njota berre grønt; av det kjem dei jamvel til å sjå betre ut enn dei som et av kongsmaten, 8-16. Då oppsedingi er slutt, vert dei førde inn for kongen, og det syner seg at dei er mykje visare enn alle vismennene i Babel, 17-21.
27 Dnl 2
[Dan 2, 1-49]
Nebukadnesar har i andre styringsåret sitt ein draum, men gløymer han; vismennene i Babel kan ikkje fortelja han draumen og tyda han, og kongen vil at dei skal drepast alle saman, Daniel og venene hans med, 1-13. Daniel bed kongen om ein frest og vender seg i bøn til Herren, som openberrar draumen og tydingi for han; Daniel lovar og takkar Herren, 14-23. Daniel fortel kongen draumen og tyder han: Fire store heimsrike vert gjorde til inkjes av Messiasriket, men det skal standa til æveleg tid, 24-45. Kongen opphøgjer han og venene hans, 46-49.
27 Dnl 3
[Dan 3, 1-30]
Nebukadnesar let gjera eit stort gullbilete, som alle i riket hans skal tilbeda; elles skal dei verta kasta i ein gloande omn, 1-7. Daniels tri vener, som ikkje vil tilbeda det, vert klaga for kongen; dei let seg ikkje skræma av trugsmåli hans, og difor vert dei kasta i omnen, 8-23. Kongen ser dei og ein Guds engel med dei ganga inne i omnen; han byd dei å koma ut, og det syner seg at dei er heilt uskadde, 24-27. Kongen lovar deira Gud, forbyd alle folki å spotta han og opphøgjer dei tri mennene, 28-30.
27 Dnl 4
[Dan 4, 1-37]
Nebukadnesar kunngjer for alle undersåttane sine ein draum han har havt, om eit stort og herleg tre som skulde hoggast ned; ingen har vore god til å tyda draumen for han, 1-18, utan Daniel; han har tydt draumen soleis at Nebukadnesar skal missa vitet og riket sitt og ei lang tid leva mellom dyri; til slutt nemner han og at Daniel har mana han til å venda um, 19-27. Denne draumen har vorte oppfyllt på han; men umsider har han fenge vitet og herlegdomen sin att; difor prisar han no Gud, 28-37.
27 Dnl 5
[Dan 5, 1-30]
Belsasar, Babel-kongen, held eit stort gjestebod og vanhelgar tempelkjeraldi, 1-4. Han ser ei hand som skriv på veggen, ei skrift som ingen kan lesa og tyda, og vert forfård, 5-9. Dei hentar Daniel, han les skrifti og tyder henne om kongen sjølv og undergangen som ventar riket hans, 10-28. Belsasar heidrar Daniel, som han hadde lova, men let livet same natti, 29. 30.
27 Dnl 6
[Dan 6, 1-29]
Darius frå Media set over riket sitt 120 satrapar og over dei tri landshovdingar; ein av dei er Daniel, som gjeng framum dei andre og vinn den største godhug hjå kongen, 1-4. Dei andre vert ovundsame for dette og får kongen til å bjoda at i 30 dagar må ingen venda seg med bøn til nokon annan enn til kongen; elles skal dei kasta han i løvegropi, 5-10. Daniel bed framleides, som han var van, til sin Gud tri gongar om dagen, han vert klaga, og kongen lyt mot sin vilje kasta han i løvegropi, 11-18; men om morgonen dagen etter finn kongen han til si store gleda uskadd, let mennene sine henta han opp or gropi og kasta klagarane hans nede; dei vert straks oppetne av løvone, 19-25. Darius byd at alle undersåttane hans skal ottast og æra Daniels Gud, 26-29.
27 Dnl 7
[Dan 7, 1-28]
I fyrste styringsåret åt kong Belsasar har Daniel ei draumsyn som han skriv opp, 1. Han ser fire dyr stiga opp or havet (folkeverdi) i ein storm: ei løva med ørnevenger, som sidan får likskap med eit menneske, ein bjørn med tri sidebein i gapet, ein leopard med fire fuglevenger og fire hovud, og eit fjorde, skræmeleg dyr, som har ti horn, og mellom desse horni veks det umsider opp eit lite horn med manneaugo og ein munn som talar ovmodige ord, 2-8. So ser han korleis Gud, med tallause englar ikring seg, held dom over det fjorde dyret og tyner det, 9-12, og sidan ser han ein skapnad som er lik eit menneske og kjem med himmelskyene (Messias), tek imot han av han æveleg velde over alle folki, 13. 14. Profeten vert redd; han bed ein av englane tyda syni for han, og engelen gjer so: Fire kongerike skal koma opp, eitt etter hitt, til dess Guds folk får riket i eige, 15-18; han vil hava nøgare uttyding om det fjorde dyret, og engelen seier at dyret er eit fjorde rike, som skal øyda alt på jordi, at dei ti horni på det er ti kongar og at det ellevte hornet ein konge som skal fara hardt fram mot Guds folk og freista å gjera ende på gudsdyrkingi deira, men som Gud so skal tyna (Antikrist); so skal Guds folk få riket til æveleg tid, 19-27. Profeten er forfård over syni, men gøymer henne i hjarta, 28.
27 Dnl 8
[Dan 8, 1-27]
I tridje styringsåret åt kong Belsasar ser Daniel i ei syn ein ver med to horn, som stangar mot tri himmelætter, og som inkje dyr kan standa seg imot, 1-4, og so ein bukk med eit stort horn, som kjem tenjande vestantil mot veren, bryt sund dei to horni hans og tyner han, 5-7. So vert hornet på bukken avbrote, og att i staden veks det opp fire andre; frå eit av dei skyt det opp eit lite horn, som vert ovstort og briskar seg mot Gud, øydelegg gudstenesta og valdar folket hans mykje mein, 8-12. Profeten får greida på kor lenge dette skal vara, 13. 14; engelen Gabriel legg ut syni for han om kongane i Persia og Media, som kongen i Grekarland (Aleksander den store) vinn over, om dei fire mindre mektige riki som landet hans skal verta bytt i når han er burte, og om ein konge som sidan skal standa fram i eit av dei (syrarriket), fara hardt med Guds folk og setja seg opp mot Gud sjølv (Antiokus Epifanes), 15-26. Profeten vert reint sjuk og skræmd over denne syni, 27.
27 Dnl 9
[Dan 9, 1-27]
I fyrste styringsåret åt Darius frå Media legg Daniel merke til at det lid med dei 70 åri Jerusalem etter Jeremias' spådom skal liggja i øyde, 1. 2. Han vender seg difor i bøn til Herren; han sannar Israels store synd, som det med full grunn har fenge straff for, og bed han inderleg at han snart må løysa det ut og byggja opp att Jerusalem og heilagdomen, i samhøve med alt det han i truskap mot pakti si har gjort imot det til dessa, og for si store miskunn skuld, 3-19. Medan profeten endå bed, kjem engelen Gabriel til han og forkynner han kor lang tid det vil ganga før Jerusalem skal verta oppattbygt og Messias standa fram og døy til soning for syndene åt folket, og at Jerusalem so skal verta lagt øyde ein gong til, 20-27.
27 Dnl 10
[Dan 10, 1-20], [Dan 11, 1]
I tridje styringsåret åt persarkongen Kyrus syrgjer, fastar og bed Daniel i tri vikor, 1-3. Straks etter har han ei syn attmed Tigris-elvi. Han ser ein mann i strålande skapnad (Guds Son) og vert maktstolen då han får sjå han, og då han so høyrer den veldige røysti hans, sig han i uvit til jordi, 4-9. Ein engel styrkjer han, vissar han om at Gud straks har høyrt bøni hans, greider ut for han kvifor han like vel er komen fyrst no - han har heile tidi lote strida med englehovdingen over Persia; i denne striden har Mikael, ein av dei framste englehovdingane, hjelpt han - og seier at han no vil forkynna kva som skal henda Guds folk i dei siste dagane, 10-14. Profeten, som endå er redd, vert styrkt på nytt, 15-18; engelen seier han at han no lyt fara attende og halda fram med striden mot englehovdingen over Persia og sidan mot Grekarlands-hovdingen; berre Mikael, englehovdingen åt jødane, skal hjelpa han i denne striden; men fyrst vil han like vel forkynna han kva som er skrivi om framtidi i sanningsboki, 19-20; 11, 1.
27 Dnl 11
[Dan 11, 2-45]
Engelen forkynner Daniel at det endå skal standa fram tri kongar i Persia, og at den fjorde (Xerxes) skal føra Grekarland ut i ein stor krig, 2. Sidan skal ein veldig konge (Aleksander den store) standa fram og skipa eit stort, men kortvarande rike; når han døyr, skal det verta bytt i fire mindre mektige rike, men inkje av dei skal etterkomarane hans få, 3. 4. So talar engelen om dei krigane som skal førast mellom kongane i to av dei fire rike (Egyptarland og Syria) og valda stor trengsla for Guds folk, 5-20. Serleg talar han om kong Antiokus Epifanes (fyrebiletet på Antikrist) korleis hans skal vinna makti med list og svik, 21-24, føra ein sigerrik strid mot egyptarkongen (Ptolemeus Filometor), 25-27, vanhelga templet, øydeleggja gudstenesta, lokka dei ugudlege israelitane til å falla heilt ifrå og fara hardt fram mot dei trufaste, 28-35, og korleis han umsider i sitt ovmod skal reisa seg mot alt som heiter gud, so nær som den guden han sjølv har valt seg, og særleg mot den sanne Gud, 36-39, og korleis han til slutt etter nye krigstiltak skal ganga til grunns, 40-45.
27 Dnl 12
[Dan 12, 1-13]
Engelen talar om korleis dei utvalde av Guds folk skal verta berga i den store trengsla som skal koma over dei, korleis dei som er avlidne av dei, skal standa opp til æveleg liv, og leidarane åt folket stråla i himmelsk herlegdom, 1-3; so byd han Daniel å forsigla alt det han har forkynt han, alt til endetidi. Daniel får høyra meir om den siste tidi, men skynar det ikkje og får det heller ikkje nøgare uttydt; med det vert sagt han at han skal kvila og standa opp og få sin lut når dagane får ende, 4-13.
Hoseas
28 Hse 1
[Hos 1, 1-11], [Hos 2, 1]
Hoseas er profet i tidi frå Ussias til Esekias og talar serleg mot dei ti ættene, 1. Etter påbod frå Herren gifter han seg med ei horkvinna, som han får tri born med; dei gjev han, like eins etter påbod frå Herren, namni Jisre'el, Lo-Ruhama og Lo-Ammi. Med dette vil Herren hava sagt at Israel, ektemaken hans, er utru mot han, og at han difor vil tyna riket, ikkje miskunna det meir og ikkje kjennast ved det lenger, 2-9. Like vel vil Herren ein gong taka det til nåde att, lata det aukast mykje, løysa ut både det og Juda og sameina dei båe til eitt folk. Desse lovnadene peikar mot Messias-tidi, 10-11; kap 2, 1.
28 Hse 2
[Hos 2, 2-23]
Profeten manar Israel til å gjeva opp horelivnaden sin (avgudsdyrkingi si) og trugar med at Herren elles vil taka frå dei det gode som han har signa dei med, og som folket no takkar avgudane sine for og misbrukar til å tena dei med; dei sjølve vil han gjeva i hendene på framande folk, so dei gjenom denne straffi skal læra å skyna kor vanmektige avgudane er, og lengta attende til han, 2-13. Sidan skal han med kjærleik og godleik føra dei til heil umvending og gjera ei æveleg pakt med dei, gjeva dei fullkomen fred og ein rik fullnad av timeleg signing, 14-23.
28 Hse 3
[Hos 3, 1-5]
Etter påbod frå Herren kjøper profeten og gifter seg med ei kvinna som er utru mot mannen sin, endå han elskar henne; han held henne i lang tid burte frå alt samkvæme med seg sjølv og med andre menner. Med dette vil Herren hava sagt at Israel, som han har kjøpt fri frå trældomen i Egyptarland og teke opp i si pakt, men som har lønt kjærleiken hans med å tena framande gudar, ei lang tid skal leva både utan samfund med han og utan avgudsdyrking, 1-4. Men i dei siste dagar skal det venda om til Herren og til sin rette konge (Davids son, Messias), 5.
28 Hse 4
[Hos 4, 1-19]
Hoseas refser Israels-folket for dei mange stygge syndene som dei dreiv på med stødt og stendigt, og trugar dei og serleg prestane deira, som gjorde seg ein næringsveg av syndene åt folket, med at Gud vil straffa dei hardt, 1-14. Juda må ikkje fara åt som Israel, som til straff for trassigskapen sin skal verta ført til eit framandt land, 15-19.
28 Hse 5
[Hos 5, 1-15]
Prestane i Israel, kongehuset og folket skal få domen over seg for si avgudsdyrking skuld, og like eins Juda. Fåfengt skal dei søkje Herren med offer; han vil leggja Efra'im i øyde og ausa ut vreiden sin over Judahovdingane og, for di dei har vore med på fråfallet. I den ulukka som Guds domar har ført over Efra'im, har det søkt hjelp hjå assyrarkongen; men korkje han eller nokon annan skal kunna frelsa det. Herren ventar på at naudi deira skal driva dei til å ganga ved si synd og søkja han; det skal og verta so, 1-15.
28 Hse 6
[Hos 6, 1-11]
I si naud skal israelitane mana kvarandre til å venda om til Herren, visse på at han då snart vil reisa dei opp att og velsigna dei, 1-3. For di dei vantar sann kjærleik, har han tukta dei hardt. Han krev kjærleik og gudskunnskap framfor alle offer, men dei har brote pakti med han; Efra'im er fullt av skamlege misgjerningar og styggeleg avgudsdyrking, 4-10. Juda skal og få si straff, når Herren med domane sine gjer ende på fangetidi for folket sitt, 11.
28 Hse 7
[Hos 7, 1-16]
Herrens arbeid med å få Efra'im til å venda om har berre gjort vondskapen deira meir synberr; lygn, tjuvskap og ransverk råder hjå dei, og ingen ottast Guds straff; konge og hovdingar har hugnad i denne ugudlege åtferdi åt folket, og sjølve driv dei hor og fer med svik og spotting; ved idelege samansverjingar har den eine kongen etter den andre falle, 1-7. I den ulukka som gudløysa har ført over folket, har dei ikkje vendt seg til Herren, men til framande, til Egyptarland og Assyria, som berre har tært opp krafti deira. Utakksame som dei er, har dei vendt seg frå Herren, og dei kallar ikkje på han av hjarta, men berre på læst; so vil han straffa dei for deira fråfall med tyning, 8-16.
28 Hse 8
[Hos 8, 1-14]
Profeten skal forkynna at fiendar skal koma over Israel, for di har brote pakti med Herren; fåfengt skal det i naudi halda fram at det kjenner han. Det har teke seg kongar utan hans vilje og havt gullkalvar til gudar og med alt dette ført store straffedomar over seg. Det har freista å vinna velvilje hjå heimsmakti og skal difor leva mellom heidningane og vera eit vanvyrdt, fåment og trælka folk. Det har vanvyrdt Guds bod og bygt seg mange altar; Herren har ikkje hugnad i deira kjøtlege offer og skal gjeva dei over til den gamle trældomen, 1-13. Slotti og borgene som Israel og Juda i sitt ovmod har bygt seg, skal verta øydde, 14.
28 Hse 9
[Hos 9, 1-17]
Det fråfalne Israel skal ikkje fegnast over sine jordiske rikdomar, som dei meiner er løn for avgudsdyrkingi deira; for alt dette skal takast frå dei. Dei skal verta førde burt til Assyria, og der er det slutt med all deira gudstensta, medan landet deira ligg audt, 1-6. Denne straffi skal koma over dei av di dei har late seg dåra av dei falske profetane - som dei då skal sjå i deira rette ljos - so dei har sokke djupt i used, liksom federne i domartidi og i øydemarki. All deira herlegdom skal verta til inkjes; Herren skal gjera dei uføre til å eiga born, og om det kjem born til verdi, skal dei lata livet. Herren skal støyta dei burt for deira ulydnad skuld, so dei lyt flakka ikring mellom heidningane, 7-17.
28 Hse 10
[Hos 10, 1-15]
Israel har havt eit falskt hjarta og lønt all Herrens velsigning med avgudsdyrking og fare med rang eid og den verste urettferd. For dette skal dei bøta; avguden deira skal dei føra burt, kongen deira skal verta tynt, avgudsalteri deira verta nedbrotne, og dei sjølve skal orvonast, 1-8. Frå gamal tid har dei vore ugudlege, men til dessa har dei ikkje vore straffa, som fordom. No skal straffi koma; dei skal verta trælar hjå framande folk, 9-11. Gjev dei vilde venda om i tide! Makti deira, som dei til no har lite på, skal Herren gjera til inkjes i ein skræmeleg krig; borgene og herane deira skal verta tynte, og det skal vera ute med kongen deira, 12-15.
28 Hse 11
[Hos 11, 1-11]
Alt frå Israels ungdom har Herren synt dei inderleg kjærleik og faderleg umsut og uavlateleg mana dei til å venda um; men dei har vore dauve for alle ordi hans og stendigt vigt seg til avgudsdyrking, dei har hardnakka halde ved med fråfallet. Difor skal no assyrarkongen få dei i sitt vald, 1-7. Herrens miskunn mot dei er like vel for stor til at han kan gjera dei reint til inkjes; det spreidde Israel skal høyra hans mektige røyst og atter samla seg og få bu i heimen sin, 8-11.
28 Hse 12
[Hos 12, 1-15]
Efra'im er full av lygn og utruskap, og Juda er trassig mot Gud; difor skal Herren tukta dei båe, 1-3. Jakob, Israels ættefar, stridde trottugt for lovnaden og velsigningi og sigra i striden; etter hans fyredøme burde folket venda om til Herren, som endå er den same som fordom, og venta på hans frelsa, 4-7. Men Israel har vorte likt kræmarfolket Kana'an. Herren, som har frelst dei frå Egyptarland og uavlateleg, men fåfengt forkynt dei sitt ord gjenom profetane, skal straffa dei for den kana'anitiske åtferdi og for avgudsdyrkingi deira, 8-12. Medan Jakob, ættefaren deira, laut ganga igjenom stor trengsla, har dei sjølve, etterkomarane hans, note godt av Herrens hjelp og umsut. Sidan dei no trass i dette har vekt vreiden hans med syndene sine, skal han gjeva dei lika for åtferdi deira, 13-15.
28 Hse 13
[Hos 13, 1-15], [Hos 14, 1]
Efra'im var ein gong høgt vyrd i Israel, men so gav dei seg til å dyrka avgudar og har sidan halde ved med det; difor skal dei alle saman brått verta førde burt frå landet sitt, 1-3. Endå Herren frå gamal tid har synt seg som deira einaste Gud og frelsar, har dei i sitt ovmod gløymt han; difor har han heimsøkt og vil han framleides heimsøkja dei med skræmelege straffedomar, 4-8. Israels opprør mot Herren, deira hjelpar, har ført dei ut i ulukka. Dei sjølvvalde kongane og hovdingane deira, som Herren i sin vreide har gjeve dei og teke frå dei att, kan ikkje hjelpa dei. Herren har ikkje gløymt syndi deira, men skal straffa henne med hard trengsla, 9-13. Til døden vil han ikkje gjeva dei, frå den skal dei verta utløyste (ved Messias), men straffi skal dei like vel ikkje ganga fri; Samaria skal verta tynt, for di det har vore trassigt, 14 - kap 14, 1.
28 Hse 14
[Hos 14, 2-10]
Profeten manar til slutt Israel til å umvenda seg til Herren. Dersom dei gjer det, skal han taka dei til nåde att, lækja alle deira brester, lata dei bløma herleg på nytt og ausa ein rik fullnad av velsigning utover dei, 2-9. Vel gjeng det den som tek til hjarta det som Herren har tala gjenom profeten, 10.
Joel
Kap. 1.
Joel forkynner at det skal koma store svermar med grashoppar som et opp alt. Det er bilete på fiendar som øyder alt. Dei skal øyda landet som det aldri har vore øydt før. Han manar folket til å sørgja og jamra, og venda seg til Herren med faste og bot. Han ropar sjølv til Herren om frelse frå øydeleggjinga.
Kap. 2.
Profeten skildrar fiendehæren som kjem og øyder alt. Og han manar folket til hjartans bot og bøn. Då vil Herren tyana fienden og gi dei læraren til rettferd, som er Messias. Så skal han ausa jordisk velsigning ut over landet sitt.
Kap. 3.
Profeten spår at den heilage Ande sidan skal verta utrend over alle, utan skilnad på kjønn, alder og stand. Denne profetien peikar fram mot tida for NT, og talar så om domsdagen og dei underfulle teikn som skal henda før. Han lovar at alle som då kallar på Herren skal verta frelste. Til slutt skildrar han den domen som Herren same dag skal halda over alle fiendane åt folket sitt, og herlegdomen i Gudsriket etter denne domen.
Amos
Kap. 1.
Amos var ein hyrde frå Tekoa, ei mil sør for Betlehem. Han levde då Ussuas og Jeroboam II var kongar. Han forkynner ein ålmenn dom om Guds vreide frå Herren. Her forkynner han dom over Damaskus og Syria, over filisterane, over Tyrus, over Edom og over Ammons born. Alle desse grannefolka til israel skal få straff for misgjerninagne dei har gjort seg skuldig i mot Israel. For heidningane hata Israel fordi det er Guds folk.
Kap. 2.
Her forkynner profeten Herrens straffedom over Moab for liknande synder. , over Juda avdiu dei bryt Guds lov og ord og særleg avdi dei dyrkar avgudar. Til slutt forkynner han dom over ti-stammeriket som her er kalla Israel (dvs. Nordriket). Han skildrar dei fæle syndene som rår der, trass i dei store velgjerningane Herren har synt dei. han trugar dei med hard trengsle som ingen skal kunna koma seg aunna.
Kap. 3.
Likevel, Herren har valt ut Israel framfor alle andre folkeslag. Difor vil han og straffa folket for alle syndene deira. Profeten har rett til å forkynna dei straffa, og han kan ikkje la vera å gjera det. For det er umogeleg å stå imot Herrens kall. Han oppmodar heidningane til å samla seg og vera vitne til misgjerningane i Samaria. På grunn av desse misgjerningane skal fiendar frå alle kantar koma over Israel, og berre nokre få skal verta berga. Avgudsaltera deira og dei herlege slotta skal øydeleggjast.
Kap. 4.
Dei rike og overdådige kvinnene i Samaria er skuld i at dei fatige er undertrykte. Desse kvinnene skal verta fanga og bortførde og vanvørde. Profeten seier at Israel berre skal halda fram med si avgudsdyrking, som Herren gong etter gong har straffa - og etter kvart straffa han dei hardare for dette. Men folket har ikkje vendt om til Gud. Dei må nå førebu seg på å møta den Allmektige og Allvitande Herren, som vil koma og halda dom over dei.
Kap. 5.
Profeten stemmer i ein klage-og sørgesong over at Israels fall som nsart kjem. Og grunnen er at mesteparten av folket skal lata livet. Dette skal henda avdi Israel ikkje har fylgt Herrens kall og gitt opp avgudsdyrkinga si. Men dei trakkar retten under fot utan å ottoast Herren, den Allmektige Gud og hans dom. Ingen kan stå seg mot den. Dei er også hardhjarta mot dei fatige. Det nyttar visst ikkje å tala i ei så vond tid som dei hadde då. Likevel lyt profeten mana folket til å leggja vind på rettferd. Kan henda det då vil finna nåde hjå Gud og sleppa å verta øydelagt. For det som det har synda til nå, skal Herren heimsøkja det og fylla folket med jammer og sorg. Profeten ropar ve over Israel, som ikkje tenkjer på kor skræmeleg Herrens dag vil bli. Dei trår etter at han skal koma, og dei lit på den utortes, men falske gudstenesta si. Herren vil ikkje vita av denne gudstenesta, men la ein dom koma over folket, og den skal øydeleggja alt. Dette folket for med avgudsdyrking alt i øydemarka, og nå ksal dei førast langt bort frå landet sitt. Dette vart truleg sagt ikr. åra 760-750 f.Kr. Og berre 30-40 år etter (ein mannsalder) vart Israel (Nordriket) bortført til Assyria.
Kap. 6.
Profeten ropar ve over dei sutlause hovdingane i det rike og blømande Israel, dei som bur i Jerusalem og Samaria. Dei vil ikkje tru at domen er nær, men er harde mot dei veike og lever sjølv i overflod. Men dei tenkjer ikkje på at folket snart skal verta tynt. Han forkynner Israel at Herren til straff for gudløysa deira vil la eit framand folk koma over dei, plaga dei hardt, øydeleggja riket deira og føra dei i fangeskap. Med all si makt vil dei ikkje kaunan stå imot det.
Kap. 7.
Profeten ser to syner: Det første varlsar at Herren vil tyna Israel jeilt, og det andre at han vil gjera det same med Israel og heile folkeverda. I begge synene får han med si forbøn Herren til å spara folket sitt. Så ser han eit tredje syn, som også varslar at Israel skal gå udner. I dette synet seier Herren han at han ikkje lenger vil spara folket, men øydeleggja avguds-heilagdomane deira og la Jeroboams hus døy for sverd. Presten i Betel, Amasja, klagar Amos for Jeroboam og vil ikkje tola at han står fram som profet i Israels land. Profeten vitnar at Herren har kalla han, og forkynner Herrens straff over Amasja og huset hans.
Kap. 8.
Amos ser eit nytt syn som skal visa at Israel er moge for domen og at enden er komen. Klagerop skal nå koma over dei mange falne istaden for dei glade gledessongane som ein nå høyrer i slotta. For miskunnløysa, gjerrigskapen og den svikefulle åtferda åt dei rike skal Herren brått la ei svær ulukke-natt koma over landet og gjera gleda åt folket om til den djupaste sorg. I denne tida skal dei som nå dyrkar avgudane, i si store naud leita etter Herrens ord med ihuge, men ikkje finna det, og setja livet til i si armod.
Kap. 9.
Profeten ser eit syn til som varslar at Herren skal tyna heile Israel (dei ti ættene og Juda). Ikkje noko skal kunne berga dei or Herrens hand, for han er den Allmektige Gud og domar over heile verda. Og Israel er blitt lik heidningane. Likevel skal folket ikkje verta heilt tynt. Berre den vantruande og ugudelege flokken skal lata livet, men ingen som ottast Gud skal koma bort. - Etter domen skal Herren i Messias reisa opp att Davids falne hus, og med han til konge skal Guds folk samlast, heidningane verta opptekne i hans rike, og rik velsigning frå Herren skal koma over borgarane i dette riket.
Obadias
31 Oba 1
[Ob 1, 1-21]
Profeten Obadias forkynner at Herren har sett seg fyre å late fiendefolk tyna edomitane, som lit på dei faste bustadane sine og meiner at ingen kan vinna over dei; han skildrar so korleis fienden plundrar dei ut, og venene og sambandsbrørne deira svik dei, so dei vert rådlause og modlause og gjeng til grunns, 1-9. Grunnen til denne lagnaden deira er deira hatfulle og hjartelause åtferd mot dei jødiske brørne deira då den store ulukka råma dei. Difor skal dei, når Herren snart held dom over alle Israels fiendar, verta heiltopp tynte saman med dei, 10-16. Av Israel derimot skal ein leivning verta att, og han skal aldri meir verta ute for åtak, men få landet sitt att, øyda ut edomitane og vida ut landskilet sitt på alle leider; andre av dei burtførde og spreidde Israels-borni skal og koma attende til heimen sin; frelsarar frå Sion skal døma Edom, og riket høyra Herren til, ein spådom som har vorte oppfyllt i Messias, 17-21.
Jonas
32 Jon 1
[Jona 1, 1-16]
Herren byd Jonas å ganga til Ninive og preika for byen, 1. 2. Profeten freistar å draga seg undan denne ærendi med di han gjeng om bord på eit skip og vil fara til Tarsis; men skipet kjem ut i storm som Herren har sendt, 3. 4. Skipsfolki ropar kvar til sin gud, og sidan kastar dei lut for å få vita kven som er skuld i stormen. Luten fell på Jonas; han sannar si synd, og etter hans eigi råd kastar skipsfolki han i sjøen; då vert havet stilt, 5-16.
32 Jon 2
[Jona 2, 1-11]
Herren let ein stor fisk gløypa Jonas, og han vert verande i buken åt fisken i tri dagar og tri næter, 1. Frå fiskebuken vender profeten seg til Herren med ei takkebøn. Han sannar at då han ropa om berging, frelste Herren han frå den trugande fåren han var i, gjev ord for si vissa om at han skal verta heilt frelst og atter koma til Herrens tempel, og lovar at han der vil bera fram si takk til han, all nådes Gud, 2-10. På Herrens bod spyr fisken Jonas opp på land, 11.
32 Jon 3
[Jona 3, 1-10]
Herren byd på nytt Jonas å preika for Ninive; profeten lyder og forkynner byen at han skal ganga under innan 40 dagar, 1-4. Ninivitane trur på Gud og vender om til han, i von om at dei skal sleppa undan tyningi, 5-9, og Herren sparer byen, 10.
32 Jon 4
[Jona 4, 1-11]
Jonas er harm for di Herren sparer Ninive, og bed han mismodig om å lata han døy; Herren refser han for det, 1-4. Herren vil syna profeten klårare kor rang åtferdi hans er. Han let difor eit tre veksa opp, som vernar han mot solheten og fyller hjarta hans med gleda, men let det so visna att, so han ormektast. Jonas vert mismodig for dette og ynskjer atter å få døy; då held Herren fram for han kor urimeleg det er at han som ynkast over eit forgjengeleg tre som han ingi møda har havt med, er harm for di Gud ynkast over ein by som er full av hans skapningar, 5-11.
Mika
Kap. 1.
Mika, som spådde i dagane åt Jotam, Akas og Esekias, 1, forkynner at Herren skal koma til dom for di Israel og Juda og serleg hovudstadane deira, Samaria og Jerusalem, har falle ifrå, 2-5. Domen skal fyrst og fremst råka Samaria, som skal verta reint øydelagt, 6-7, men derifrå breida seg ut over Juda og; her skal han skrida fram frå nord mot sud og frå by til by og fylla folket med djup sorg over at borni deira vert burtførde, 8-16.
Kap. 2.
Ei hovudårsak til denne domen over Juda er det at dei vinnesjuke stormennene trælkar dei veike. Mika ropar ve over dei og trugar dei og heile folket med at dei skal missa lovnadslandet, 1-5. Ein slik tale likar nok ikkje stormennene, som tykkjer betre om at dei falske profetane lovar dei timeleg njoting, men han har sin grunn i deira eigi hjartelause åtferd mot dei arme og hjelpelause; ei slik åtferd gjer dei uverdige til å få hava landet, 6-11. Men Herren skal ein gong samla den spreidde leivningen av Israel att, fria dei or fangetilværet og gjera dei til eit mangment folk, 12-13.
Kap. 3.
Israels domarar, som rengjer retten og fer ille med folket, skal i den komande straffetidi fåfengt ropa til Herren om frelsa, 1-4; dei falske profetane, som spår for brødet skuld, medan han sjølv full av Herrens kraft hugheilt vitnar mot folkesyndene, skal då verta reint til skammar, 5-8; for skuld dei låke, men like vel sjølvtrygge førarane for folket skal Jerusalem og templet verta øydelagde, 9-12.
Kap. 4.
Profeten spår at Sionsfjellet ein gong skal verta herleggjort, med di Guds ord og lov derifrå skal spreidast ut til alle folkeslagi, og at folki sidan skal leva i fred med kvarandre og njota signingi av freden. Dette skal henda for di einast Israel eig den sanne Gud, 1-5. I same tidi skal resten av det spreidde Israel samlast att og verta gjort til eit mangment folk, som Herren skal styra, og Davids kongedøme skal verta attreist, 6-8. Men før dette hender, skal folket missa kongen sin og verta førd burt til Babel. Sidan skal på nytt ei mengd med folkeslag taka på det - dei hatar det for di det er heilagt; men det skal vinna over dei og tyna dei, 9-14.
Kap. 5.
Profeten forkynner at Messias, han som er til frå æva, skal fødast i det vesle og ringe Betlehem, gjera ende på fangetidi for Israel, vakta det i Guds kraft og høgd og verna det mot heimsriket, 1-5. I denne tidi skal Israel gjeva folki himmelsk velsigning og kveik og tyna alle dei som set seg opp imot det, med uvinneleg kraft, 6-8. I same tidi skal Herren rydja ut or det alle verdslege forsvarsgreidor og like eins all trolldom og avgudsdyrking, og han vil straffa hardt dei folki som ikkje vil lata seg umvenda, 9-14.
Kap. 6.
Herren har sak med Israel og syner det kor utakksamt det er mot han, trass i hans mange og store velgjerningar, 1-5. Folket sannar nok si synd og tilbyd Herren sonoffer; men Herren vil ikkje hava dei; det veit kva han krev av det, at det skal leggja vinn på rettferd og kjærleik og ferdast audmjukt i samfund med han, 6-8. Men i staden for det gjer det valdsverk, fer med lygn og svik og den verste avgudstenesta; difor skal Herren lata harde straffer koma over det, 9-16.
Kap. 7.
Profeten klagar i namnet åt dei truande over den ålmenne og djupe skaden i folket og forkynner det straff, 1-6. Han skodar i åndi korleis folket i utlægdi vender om til Herren og ventar tolmodigt på hans frelsa, 7-10, og spår at Sion skal reisast opp att og vidast ut, med di heidningfolki frå alle kantar skal strøyma inn i det, men fyrst etter at straffi er fullførd, 11-13. Profeten bed om at Herrens lovnad må verta oppfyllt, og lovar og takkar Herren for den truskap og miskunn han vil visa folket sitt, 14-20.
Nahum
Kap. 1.
Herren, den strenge Gud, som er langmodig,men ikkje let den skuldige vera ustraffa, han, den Allmektige som ingen kan stå seg imot, vil øyda Ninive. Det er den byen som fiendane at han og folket hans har gått ut frå. Om assyrarane er aldri så sterke og mangevil Herren likevel fria sitt folk frå åket deira og gjera avgudsbileta og kongen deira til inkjes.
Kap. 2.
Juda skal gleda seg, for det har ingen ting å ottast for frå assyrarane lenger. Ninive er eit røvarhol, og det er herteke, plyndra og reint lagt øyde.
Kap. 3.
Ninive er byen full av blod, løgn og vald, og den skal leggjast øyde. Liksom No-Amon i Egypt vart lagd i øyde trass i all styrken deira, slik skal også Ninive falla, trass i all si velidge makt, til gleda for alle dei som får høyra om det.
Habakuk
Kap. 1.
Habakuk klagar for Herren over den urettvisa og den valdsferd som alt i lang tid har rådt hjå jødefolket, og ber fram det ynsket at Herren no endeleg må leggja seg frami, 1-4. Herren svarar han at han vil lata kaldearane, det mektige og hjartelause folket, koma over det, 5-11. Profeten ottast at folket hans skal verta reint tynt av dei ovmodige og ugudlege kaldearane, og bed Herren setja ei grensa for deira hjartelause og nådelause framferd mot folki, 12-17.
Kap. 2.
Profeten ventar på svar frå Herren; Herren byd han å skriva tydeleg opp ei syn som varslar undergang for kaldearane; Israel skal venta tolugt på oppfyllingi; ho skal nok heilt visst sannast, men like vel ikkje so snart, 1-3. Innhaldet i syni er: Den rettferdige skal leva ved si tru, men dei ovmodige, svirande og krigshuga kaldearane skal ganga til grunns, 4-5. Herren vil tyna dei for di dei er rovfuse, ustyrlege og sløge, renner ut blod so dei kan få stetta sin byggjehug, fer ille med og spottar dei folki dei har lagt under seg, og dyrkar mållause avgudar, 6-20.
Kap. 3.
Profeten vert skræmd når han tenkjer på den heimsøkjingi som ventar folket, og ropar til Herren om miskunn, 1-2. Han ser korleis Gud kjem skridande i sitt storvelde og vil straffa fiendane sine og frelsa folket sitt, 3-15. Då vert han fyrst forfård for den store trengsla som skal koma fyre frelsa, men talar so tillitsfull om kor han gled seg over frelsa, 16-19.
Sefanias
Kap. 1-
Sefanias spår i kong Josias' dagar, 1, om ein stor straffedom som skal koma over heile jordi, 2. 3, og serleg over Juda og Jerusalem; der skal han tyna alle avgudsdyrkarane og dei som vanvyrder Gud, og straffa syndi i alle folkelag, 4-13. Herrens skræmelege dom alle som bur på jordi, er nær og ikkje til å koma undan, 14-18.
Kap. 2.
Profeten manar folket til å vende om før refsingsdagen kjem, og serleg dei gudlege til å søkja Herren og leggja vinn på rettferd og audmykt, so dei kan verta frelste, 1-3, og grunnar so denna maningi på forkynningi om at filisterane, moabitane og ammonitane, skal verta utrudde, alle gudane på alle jordi tynte og alle heidninglandi umvende til Herren; han vil døma dei store heimsmaktene i sud og nord, etioparane og assyrarane; det kaute og herlege Ninive skal verta lagt heilt i øyde, 4-15.
Kap. 3.
Profeten skildrar syndelivet og ubotferdigskapen i Jerusalem, serleg hjå førarane åt folket, og det trass i dei tallause og klåre vitnemål som Herren både i ord og gjerning har bore fram om si rettferd og sitt hat til syndi, 1-7. Difor vil Herren senda ein stor straffedom over alle folk; det skal dei truande venta på, for di Herren med det vil umvenda heidningane og siden bruka dei umvende heidningane til å føra sitt folk attende til seg; so skal det av alle folkeslag på jordi og av Israels leivning verta ein heilag lyd, og Herren, Israels konge, vil bu midt i lyden, til frelsa, frygd og helging for han, 8-20.
Haggai
Kap. 1.
Haggai, som var profet i den tidi Darius Hystaspis var konge i Persia, refser dei jødane som har kome heim att frå Babel, for di dei har bygt hus åt seg sjølve, medan dei let Herrens tempel liggja ubygt, 1-4; han syner at deira arbeid difor ikkje vert velsigna av Herren, 5-6, og manar dei til å taka til å byggja på templet att, 7-11. Dei gjer det, 12-15.
Kap. 2.
Profeten trøystar og styrkjer Serubabel, Josva og folket med di han forkynner dei at Herren vil vera med dei, og at dette andre templet etter store umsnuingar mellom folki skal verta mykje rikare og herlegare enn det fyrste - ein lovnad som peikar fram mot Messias-tidi og vart oppfyllt då Messias stod fram i det nye templet si tid, 1-9. Herren har hittil straffa folket for di det har tét seg som eit ureint folk trass i ofringane sine, men frå no av, då dei med ærleg hug har teke til med tempelbyggjingi, vil han velsigna dei, 10-19. Til slutt forkynner profeten at Herren i dei komande umsnuingane vil vara Serubabel (Davids etterkomar; av hans ætt skulde Messias koma), 20-23.
Sakarias
Kap. 1.
Sakarias, som var profet i den tidi Darius Hystaspis var konge i Persia, manar jødane til å venda um, so dei ikkje skal verta straffa som federne deira, 1-6. I ei syn ser han ein ridar (Herrens engel) standa still mellom myrtetrei i dalbotnen (Israels-lyden) og høyrer ein engel forkynna at templet og Jerusalem skal byggjast opp att, og Judabyane verta rikt velsigna, 7-17.
Kap. 2.
Profeten skodar i ei syn fire horn og fire smedar som skal hogga horni av - eit bilete på at dei heimsriki som hatar Guds folk, skal missa si makt, 1-4. I ei onnor syn ser han ein mann som er på veg til Jerusalem og skal mæla kor stort det skal verta - eit bilete på at Jerusalem skal vera folkerikt og vera verna av Herren, 5-9. Dei jødane som har vorte att i Babel, vert oppmoda til å røma snøgt derifrå; for no vil Herren heimsøkja Babel og gjeva lika for det som det har gjort mot folket hans, 10-13. Herrens folk skal frygda seg, for Herren vil koma og bu hjå dei, og mange heidningar skal venda om til han - spådomar som peikar mot Messias og har vorte oppfyllte i og med han, 14-17.
Kap. 3.
I ei syn ser profeten øvstepresten Josva standa framfor Herrens engel i folket sin stad, og korleis Gud forsvarar folket sitt mot Satans klagemål, tilgjev dei syndene deira og helgar dei. Framleides høyrer han korleis Herren lovar Josva si signing og hjelp, so framt han er trugen, og korleis han lovar å senda Messias og ved han hava umsut for lyden sin og gjeva han syndeforlating og fred, 1-10.
Kap. 4.
Profeten ser ein ljosestake av gull - eit bilete på lyden - og eit oljetre på kvar side av han - eit bilete på presteembetet og hovding-embetet, som Herren let sin Ande strøyma ut over lyden gjenom; i denne Andens kraft skal Serubabel, som den gongen hadde hovding-embetet, fullføra templet, endå det tek til smått og er mange hindringar, 1-14.
Kap. 5.
Profeten ser ein fljugande bokrull som det på båe sidor er skrive forbanningar på - eit bilete på at Herren vil lata si bannlysing ganga ut over heile landet mot dei som bryt hans lov, 1-4. Sidan ser profeten ein efa som det sit ei kvinna i - eit bilete på gudløysa - og som vert førd burt til Babylon og vert verande der; dette er eit bilete på at dei ugudlege skal støytast ut or lyden og få si straff, 5-11.
Kap. 6.
Profeten ser fire vogner med raude, svarte, kvite og flekkute hestar fyre, som vert sende ut, sume mot nord, sume mot sud, sume over heile jordi - eit bilete på at Herren vil fullføra straffedomane sine over alle makter på jordi som hatar hans folk, serleg Babel og Egyptarland, 1-8. Frå jødane i Babel er nokre menner komne til Jerusalem; av dei skal profeten taka imot sylv og gull, gjera krunor av det og setja dei på hovudet åt øvstepresten Josva; sidan skal dei gøymast i templet til eit minne om dei som kom med sylvet og gullet; øvstepresten, som er prydd med krunone, er eit fyrebilete på Messias, som skal koma og byggja Herrens tempel (hans lyd) og vera både konge og øvsteprest i riket sitt, og dei som kom med gåva, er eit fyrebilete på dei mange som skal koma langt burtanfrå til Herrens tempel og byggja på det, 9-15.
Kap. 7.
Betel-buane spør prestane og profetane om dei framleides skal halda den fastedagen federne deira har vedteke å halda for di Jerusalem vart lagt i øyde, 1-3. Herren svarar gjenom Sakarias at det er det same for han anten dei fastar eller et og drikk, og minner dei om korleis han mana federne deira til å leggja vinn på rettferd og miskunn, og korleis dei gjorde seg harde mot ordet hans og førde hans svære straffedomar over seg og over landet, 4-14.
Kap. 8.
Men no vil Herren atter taka seg av Israel, føra attende dei som er spreidde, vera deira Gud, bu hjå dei og signa dei rikleg, 1-15. Men då må Israel leggja vinn på sanning, rett og truskap, 16-17. Då skal fastedagane verta festdagar, 18-19. Mange heidningfolk og skal venda om til Herren, 20-23. Desse herlege lovnadene vert oppfyllte når Messias kjem, og i hans verk.
Kap. 9.
Profeten forkynner at Herrens straffedom skal koma over Israels fiendar og serleg råma Damaskus og Hamat, Tyrus og Sidon og like eins filisterane, men at det like vel skal verta att ein leivning av desse folki, som skal venda seg burt frå avgudsdyrkingi og verta oppteken i Israel, 1-7. Israel derimot skal i denne trengsletidi verta verna av Herren, 8, og sidan skal Messias koma til det i ring og audmjuk skapnad og skipa eit fredsrike, der heidningane og skal hava rom, 9-10. Dei av Guds folk som endå lever som fangar, skal friast ut, og Israel skal med Herrens hjelp sigra over grekarane og verta velsigna med herlegdom og lukka, 11-17.
Kap. 10.
Til Herren skal folket venda seg med bøn om signing; einast han, ikkje avgudane, kan gjeva henne, 1-2. Herren skal straffa dei framande styrarane i Juda og i staden for dei lata det få eigne styrarar og gjeva det siger over fiendane sine, 3-5. Mot Josefs hus (dei ti ættene) og skal han vera nådig. Han skal samla det, føra det attende med mektig arm og gjera det sterkt, 6-12.
Kap. 11.
Profeten forkynner ei skræmeleg øyding som skal brjota inn og breida seg over heile landet, 1-3, og forklårar denne forkynningi med biletleg åtferd som Herren har sett han til, og som skildrar den gode hyrdingen, Messias. Messias vert send til jødefolket, som er hardt plaga av framande styrarar, til å frelsa det frå undergang. Han arbeider med truskap hjå det; men berre nokre få aktar på han, medan folket i det heile vandar han og ikkje held han meir verd enn 30 sylvdalar. Difor vil Herren gjeva det over til framande fiendar og indre usemja, 4-14. Med ei onnor sovori åtferd skildrar han dei låke hyrdingane, og seier at det utakksame folket skal verta overlate til dei til å verta vanrøkta og ille medfare, og skildrar so den skræmelege straffi som skal råma dei, 15-17.
Kap. 12.
Profeten forkynner at alle folk på jordi skal gjera åtak på Jerusalem og Juda, men til si eigi ulukka, for di Herrens folk vert styrkt av sin Gud og vinn ein storfelt siger over dei, 1-9; Herren vil renna ut sin Ande over folket sitt, og då skal dei i bot og tru sjå opp til Herren, Messias, som dei har igjenomstunge, og i alle sine ættgreiner skal dei syrgja og jamra sårt over si misgjerd mot han, 10-14.
Kap. 13.
Ved den same herren, Messias, skal det angerfulle folket få høve til å verta reinsa frå syndi, og all avgudsdyrking og gudløysa verta utrudd or det, 1-6. Men før alt dette hender, skal Herrens hyrding og næste, Messias, døy; då skal hjordi spreidast, men Herren forlet henne ikkje like vel; to tridjepartar av henne skal nok ganga til grunns, men den luten som vert leivd, skal verta reinsa gjenom tunge røyningar og koma i det inderlegaste samfund med Herren, 7-9.
Kap. 14.
Herren skal lata alle folki slå seg saman mot Jerusalem; dei skal hertaka og herja byen og føra helvti av byfolket burt, 1-2. So skal Herren draga ut mot sitt folks fiendar og frelsa den andre helvti av det og sidan koma med dei heilage englane sine og fullenda sitt rike på jordi, 3-5. Etter at det fyrst har vore myrker, skal frelseljoset renna når ein minst ventar det, 6-7; frå Jerusalem skal ein straum av signing breida seg over heile landet, 8-11; fiendane, som har gjenge mot byen, skal verta tynte på alle måtar, 12-15; dei som vert att av dei, skal verta lemer av hans rike og koma til Jerusalem og tilbeda Herren; dei som ikkje gjer dette, får ikkje hans signing, 16-19; all skilnad mellom heilag og vanheilag og all blanding av gudlege og ugudlege skal taka slutt; alt skal vera heilagt, 20-21.
Malakias
Kap. 1.
Profeten vitnar for folket, som tvilar på at Gud elskar det, at Herren har synt sin kjærleik med di han har valt ut Israel og vraka Edom, brorfolket deira, 1-5. Endå om Israel kallar Gud sin far og herre, syner jamvel prestane vanvyrdnad for han med di dei ber fram lovstridige offer, 6-8. Difor vilde han ikkje vera prestane nådig om dei bad for folket; Herren treng ikkje om gudstenesta deira; namnet hans skal snart verta stort over all jordi, og alle folk på jordi skal æra han med rette offer, medan Israel mismæter han med sine lovstridige offer og med det fører hans forbanning over seg, 9-14.
Kap. 2.
Profeten refser prestane for di dei ikkje fer ærleg fram som federne deira gjorde, og har brote den pakti Herren gjorde med Levi, og trugar dei med hard straff dersom dei ikkje vender om og ærar Herrens namn, 1-9; han forkynner og Herrens straff over dei som skyt frå seg sine israelitiske konor og gifter seg med heidne kvinnor, 10-16, og refser dei som skuldar Gud for urettferd og spør etter Guds dom, 17.
Kap. 3.
Herren forkynner dei som spør etter Guds dom, at han skal senda sitt bod (døyparen Johannes), som skal rydja vegen for han, og at han sjølv, Herren, paktengelen (Messias), so brått skal koma og halda dom; han skal skilja hyklarane frå dei rettvise og reinsa dei siste, so dei atter kan bera hugnadlege offer fram for han; han vil straffa alle ugudlege, 1-6. Herren manar folket til venda om og syna dette med di dei ærleg kjem med tiendi og dei heilage gåvone; då vil han rikleg velsigna dei, 7-12. Han lastar dei ugudlege, som spottar og seier at det er fåfengt å tena han, og lovar dei gudlege at han vil spara dei i domen som kjem, 13-18.
Kap. 4.
På domsdagen skal dei ugudlege verta tynte, medan rettferdssoli (i Messias) skal renna for dei gudlege og lækja dei, 1-3. Til slutt manar profeten folket til å leggja seg Moselovi på hjarta og halda fast ved henne, og forkynner at Herren før den store domen kjem, skal senda ein ny Elias (døyparen Johannes), som med preika si skal umvenda mange av folket, so landet kan sleppa å ganga til grunns, 4-6.