søndag 17. februar 2013

Amos



 

 

Profeten AMOS









Av

Nils Dybdal-Holthe






2005





INNHALD:





Innleiing.

      Boka til Amos er den tredje i rekka av dei små profetane. Men sume reknar Amos som den første av alle profetskriftene. Men Joel og Jonas kan vera eldre.
      Amos var frå byen/plassen Tekoa sør for Jerusalem og høyrde slik til Judafolket eller Sørriket. Her var han gjetar, og her fekk han truleg synene sine. Tida var då Ussias var konge i Juda og Jeroboam II, son til Joas, var konge i Israel, Nordriket. Den første var konge i åra 786-735 f. Kr. og den siste 783-745 f.Kr. "Jordskjelvet" som er omtala i kap. 1, 1 veit ein ikkje kva tid var heilt nøyaktig. Men det har vore så stort og omfatande at folk har hugsa det i lang tid (Jfr. Sak, 14,5). Dei fleste meiner Amos var profet i åra 760-750 f.Kr.
      Dei fleste profetiane til Amos gjeld ikkje hans eige rike, men folket i nord - det som på denne tida vart kalla Israel. (Me veit at i vår tid vert heile landet og heile folket kalla Israel, men slik var det ikkje då.) Det var gode tider for begge rike den tida Amos levde. Dyktige kongar styrde, og dei hadde erobra attende gamle israelittiske område slik at grensene då var om lag som på David si tid. Riket i nord var størst og mektigast, men der var det også mest naudsynleg at Herren greip inn. Der levde dei gode dagar i sorgløyse og tryggleik og såg ikkje at ei ny verdsmakt kunne bli farleg for Israel. Det var Assyria. Med stor handel vaks rikdomen for nokre få medan andre var fattige. Dei rike lånte ut pengar til høg rente, brukte falsk vekt og mål og tok høg betaling for varer. I tillegg var det mykje drikk og hor mellom folk.
      Den religiøse stoda var heller ikkje god. Den ytre gudsdyrkinga heldt ved lag med religiøse festar, dei gav tiende og ofra. Folk lengta nok etter Herrens dag då Gud skulle fri folket frå alle fiendar og gjera landet endå meir herleg. Men dette var eit skal utan innhald, og gudsdyrkinga vart meir og meir blanda saman med heidensk gudsdyrking.
      Difor må Amos forkynna dom. Ein har samanlikna dette med torever som først kan dundra i landa ikring, men stansar over Israel der lynet slår ned. Me legg merke til at profeten slo sterkt ned på sosial urettferd, moralsk utgliding og tom religion. Han forkynte etisk og tala sterkt om Guds rettferd. Dersom folket ikkje vende om, ville Gud koma med si straff - både over heidningane og Guds folk.
      Riksheilagdomen var i Betel, og der har truleg Amos vore. Folket høyrde truleg på han så lenge han tala om nabofolka. Men då han tala dom til Israel, vende dei seg mot han. Sjølvaste øvstepresten rapporterte saka til den politiske makta, kongen, og bad profeten forlata landet. Sume trur at Amos skreiv boka si då han kom heim att til Juda. Då kunne han nå endå lenger med bodskapen sin.
      Og kanskje er det nå at orda om von og ei ny tid kjem til han. Herren ville gjera ende på fangenskapet, og det peikar framover mot Messias. Då vart den falne hytta til David reist opp att. Og dette kan peika endå lenger - mot endetida.
      Boka er skriven på eit reint og godt hebraisk språk - noko av det beste i heile GT. Han brukar treffande bilete frå livet som folk kjende godt. Slik får han fram klåre åndelege sanningar. Amos var lekmann og hadde ikkje gått på profetskule (7,14) og var slik ein vanleg mann. Men han var åndeleg rikt utrusta og hadde ein bodskap frå Gud. Slik likna han døyparen Johannes. Amos vert sitert av Stefanus (Apg. 7,42-42/Amos 5,25-27) og av Jakob (Apg. 15,16-17/Amos 9,11-12).

Kap. 1.

      Amos var ein hyrde frå Tekoa, ei mil sør for Betlehem. Han levde då Ussias og Jeroboam II var kongar. Han forkynner ein ålmenn dom om Guds vreide frå Herren. Her forkynner han dom over Damaskus og Syria, over filisterane, over Tyrus, over Edom og over Ammons born. Alle desse grannefolka til Israel skal få straff for misgjerningane dei har gjort seg skuldig i mot Israel. For heidningane hata Israel fordi det er Guds folk. – Straffa kjem av di dei har synda mot Guds folk – mot Israel og Juda. Jakobs ætt var delt i to rike etter at kong Salomo var død.

        Am 1, 1 Dei orda som Amos, ein av gjetarane frå Tekoa, fekk i synene sine om Israel. Det var i dei dagane då Ussia var konge i Juda, og Jeroboam, son til Joas, var konge i Israel, to år før jordskjelvet. [7: 14. 2Kong 14: 23 ff. 2Krøn 26: 1 ff. Sak 14: 5.]

      Dette er eit oversyn over det vesentlege innhaldet i denne profetboka. Han var ikkje ”utdana” ved nokon profetskule, men var opphavleg ein vanleg og dermed fattig hyrde. Me kan seia at han var ein ”lekmannsprofet”, slik apostlane òg var seinare.
      Han var frå Tekoa, som låg ca. 15 km søraust for Jerusalem – altså i sørriket, medan han var profet for Nord-riket og ikkje i sine heimetrakter. Tekoa låg om lag to timars reis frå Betlehem (i gangefart?), og på grensa til Judaøydemarka, 2. Sam. 2,1. Han skilde seg altså ut frå andre profetar, 1.Sam. 7,2. Han var sjølvlærd i den meining at han ikkje hadde lært korkje teologi eller retorikk av menneske. Andre profetar hadde ei læretid hjå eldre og røynde profetar ved ei såkalla ”profetskulane”. Jfr. Elisa hjå Elias.
      Bodskapen fekk han ”sjå”, med sitt indre åndelege auga ved lyset frå Den Heilage Ande. Han hadde med andre ord ei openberring frå Gud – både om den åndelege stoda i mellom Guds folk og om Guds vilje og veg. Han er slik eit førebilete både for dei seinare apostlane og for alle sanne forkynnarar av evangeliet. Om ein har noko utdanning og kunnskap, må likevel Guds Ande få openberra og visa oss sin veg. Kunnskap er godt å ha om han vert ei ballast og bakteppe for tenesta. Det kan gje ”tyngde” til forkynninga om me brukar han rett. Men me veit òg at Gud kan visa og openberra sin vilje til enkle og ulærde menneske. Det har han ofte gjort for t.d. lekpredikantar. –
      Ei slik eineståande kraft må han ha for å overtyda folket og leirane, sjølv om det ikkje lukkast heilt for Amos. I siste instans er det folket sjølv som må ta avgjerda om dei vil tru det Gud seier. Men det gjer ikkje sjølve profeten mindre. Og denne kraft og nådegåve viser at Gud som gjevar er så stor og mektig at han kan bruka den ringaste. Det er òg hans plan, slik Paulus skriv i 1. Kor. 1. Og på den måten får Gud sjølv heile æra, og me vert ”berre” tenarar, slavar (gr. douloi) som av nåde får gjera Guds gjerningar. Gregor den store sa: ”Å, for ein stor kunstnar Den Heilage Ande er! Han gjer plutseleg til skammar det som er noko, og gjer det som ingen ting er, til noko stort (han opphøyar det)” (etter Dächsel).
      Den openberringa Amos fekk, var eit syn om Israel, som her tyder Nord-riket. Verbet ”å sjå” (hebr. Chaza) er eit teknisk uttrykk for denne openberringa. Ein profet vart i den første tida kalla ein ”sjåar”, og bodskapen var eit ”syn” (Heb. chazon). Det kan tyda at profeten fekk ein slags illustrasjon på det han skulle tala, eit indre visuelt oversyn over det.
      Men kan ein sjå ord? spør puritanaren Matthew Henry. Slik Johannes såg Guds ord og tok på det med hendene sine (1. Joh. 1,1), så reelt er Guds ord. Og det tyder, skriv han, at Guds ord er så sikkert som om han såg det med sitt jordiske auga. Amos var altså sterk i trua på Guds ord.
      Jordskjelvet som er nemnt i v. 1 veit me ikkje noko meir om. Men profeten brukar det her for å tidfesta si teneste og profetien. Det viser òg at Gud brukar natura i si teneste som åtvaring og som dom. Denne boka talar om det.

        Am 1, 2 Han sa: Herren skal brøla frå Sion og la røysta si høyra frå Jerusalem. Beitemarkene åt gjetarane skal sørgja, og toppen av Karmel skal tørka bort. [Jes 42: 13. Jer 25: 30. Joel 1: 10. 3:16 og 21.]    

      Det er Herrens dom som lyder nå, for Guds vreide låg over synda hjå folka. Det gjeld både det utvalde Guds-folket og heidningane ikring. Profeten nyttar sterke ord. Fredrik Wisløff skriv at han opnar boka med ”et mektig tordenskrall”. Biletet er ei løve som brøler, og alle dyra i skog og mark skjelv. Slik har Herren nå reist seg til dom, og det grunn til å reddast for alle folk. Og det er profeten som nå skal vera denne røysta frå Herren. Joel hadde brukt det same uttrykket om Guds dom, Joel 3,21. Amos har nå notert tema for boka. Det har han fått av Gud – og slik går han med bunde mandat. Skal han vera ei rett profet, må han forkynna dette. Og slik er det med alle forkynnarar. Me må tala det Gud har bede oss om å gå med.
      Amos er ein domsprofet som Joel. Men Joel forkynte dom over folka og frelse for Israel. Amos forkynner dom over alle. Og dommen vert mala som eit bilete av øydeleggjande tørke over heile landet. Då kan ingen ting veksa og gro, og det tyder hunger og undergang for folk og dyr. Til og med Karmel-fjellet som verta tørr – og dit kjem ikkje tørketida så lett.
      Det er Guds vreide som nå kjem over Guds folk og nabofolka. Alt liv vert borte, og beitemarkene skal sørgja. Ordet ”sørgja” står her i tydinga ”visna”: Når ein sørgde, kledde ein seg i sørgjedrakt og strødde oske på hovudet. Når naturen gjer det same, visnar alle planter og legg alt øyde.[1]
      - Kap. 7, 15 og 5, 25 er sitert i Apg. 7, 42 og kap. 9, 11 i Apg. 15, 16. Dette viser at NT ser på Amos som ein reell profet og slik godkjenner GT som profetisk bok.
      Men før Amos talar om dommen over Guds folk, talar han om heidningane som bur ikring Israel. Det er Syria, filisterane, Tyrus, Edom, ammonittane, Moab – og så Juda og Israel.

        Am 1, 3 Så seier Herren: For tre misgjerningar Damaskus har gjort, ja, for fire* vil eg ikkje ta det att, for dei treskte Gilead** med treskjesledar av jern. [2Kong 10: 32 ff. 8: 12. 13: 7. Jes 17: 1 ff. 28: 27, 28. 41: 15. Jer 49: 23 ff.] [* ordspel med tal, som skal peika på noko som vert større og større.] [** sjå 2Kong 8: 12. 13: 7.]
Am 1, 4 Eg vil senda eld mot Hasaels hus, og han skal eta opp slotta åt Benhadad. [2: 5. 2Kong 8: 15. 13: 3, 24. Jer 49: 27.]
Am 1, 5 Eg vil bryta ned portbommen i Damaskus og rydja ut dei som bur i Aven-dalen, og han som ber kongestaven i Bet-Eden. Folket i Syria skal verta bortført til Kir, seier Herren.

      Her gjeld det Syria med hovudstaden Damaskus. Det har mest alltid vore ein fiende av Israel – både i tidleg historisk tid, og i våre dagar. Uttrykket ”for tri misgjerningar… ja, for fire” talar om at syndemålet er fullt, ja til overmål.[2] Misgjerning er synd av ein slik art at heidningane òg skjønar det er synd og dei fortener Guds dom. Her er tre-fire slike synder. Det er ikkje nøyaktige tal, men uttrykk for at grensa er nådd. Difor må straffa koma.
      Som døme på ei slik synd vert nemnt at dei ”treskte Gilead med sledar av jarn”. I 2. Kong 10,32f er det fortalt at kongen i Syria tok Gilead, landet aust for Jordan. Då er det mogeleg at fangane i Gilead vart drepne på denne måten: at dei vart lagde på jorda, og syrarane køyrde over dei med treskesledar. Dei hadde valsar av jern med piggar på. Men det kan òg vera eit biletspråk for ei umenneskeleg og gruvsam undertrykking og mishandling (2. Kong. 8, 12).
      Til straff skal kongen sitt palass brennast opp og øydeleggjast. Dei var store og vakre og bygde av stein. Fienden skal storma Damaskus. Nokre av folket skal verta drepne og andre førast bort som fangar til Assyria. Og dette gjekk bokstaveleg i oppfylling då Tiglat-Pileser tok byen, 2. Kong. 16,9.
      Aven, v. 5, tyder det vonde sitt land. Det er brukt om Damaskus her i motsetnad til det vakre huset eller paradishuset som kongen brukte, skriv Fjellstedt. Og Bibelen har alltid ei djupare meining: ”Når han kallar eit paradis som mennesket sjølv har laga, for det vonde sitt land eller stad, då har Gud felt domen over det.” Kir var ein by i Assyria. Damaskus vart underkua og folket der bortført som fangar til Assyria.

        Am 1, 6 Så seier Herren: For tre misgjerningar Gasa har gjort, ja, for fire vil eg ikkje ta det att - for dei førde alt folket bort som fangar og gav dei over til Edom.
Am 1, 7 Eg vil senda eld mot murane i Gasa, og han skal eta opp slotta der.
Am 1, 8 Eg vil rydja ut dei som bur i Asdod, og han som ber kongestaven i Askalon. Eg vil venda handa mi mot Ekron, og det som er att av filistarane, skal gå til grunne, seier Herren Herren.

      Desse versa gjeld filisterane. Dei budde langs Gasa-stripa ved Middelhavskysten. Me legg merke til kjende namn i vår tid: Gasa, Askalon, Asjdod. Den geografiske forklaringa er altså sann nok. I Gasa er det murar og palass, truleg hovudstaden deira på denne tida og var vel størst.
      Gasa var den største byen i Filistarlandet. Her tyder det heile dette landet og at det skulle verta straffa for synda si mot Israels folk. Dei andre byane var òg i Filistarlandet, og dei hadde sine eigne leiarar. Alle hadde synda mot Gud.
      Her er òg synda stor, og same uttrykket er nytta om at syndemålet er fullt: ”tre misgjerningar, ja fire”. Alt skal leggjast øyde som dom og straff for ugjerningar. Folk skal seljast til Israels verste fiende, Edom. I romersk tid svinn filisterane heilt ut or soga. Slik er Gud. Han tek synda på alvor og dømer etter si lov og sin vilje. Slik vil det gå med alle gudlause folk.

        Am 1, 9 Så seier Herren: For tre misgjerningar Tyrus har gjort, ja, for fire vil eg ikkje ta det att - for dei gav alt folket over til Edom som fangar og kom ikkje i hug brorskapspakta. [2Sam 5: 11 ff. 1Kong 5: 12.]
Am 1, 10 Eg vil senda eld mot murane i Tyrus, og han skal eta opp slotta der.

      Nå gjeld det Tyrus, ein stor fønikisk handelsby som òg dreiv med slavehandel. Dei kjøpte krigsfangar og selde dei til andre. Det hadde vore fred mellom kongen i Tyrus og kong David, og seinare kong Salomo. 1. Kong. 5,1ff. Dersom denne freden vart broten, var det alvor. Og nå hadde det skjedd. Når dei kunne få pengar for slavane, selde dei dei gjerne til fienden.
      Dette fører Guds vreide og dom over Tyrus. Muren skulle brennast og slotta leggjast øyde. Tyrus var ein sterkt befesta by og stod lenge imot mange åtak. Men då Alexander den store kom, måtte dei gje seg.
      Tyrus er òg skriven Zor, som er den hebraiske skrivemåten (slik i eldre svensk bibel). Det var ein stor by ved havet nordvest for Kanaan. Folket der hadde òg plaga Israel mykje. Fjellstedt skriv at då Jerusalem og Juda vart teke av Babels hær, beviste Tyrus at dei var ubarmhjertige mot dei jødane som kom dit som flyktingar. Men seinare sende Herren eld over Tyrus som øydela byen, først ved Nebukadnesar og seinare ved Alexander den store. Men i kong Salomos tid hadde Tyrus fredeleg samband med Israels folk. 1. Kong. 5, 12.

        Am 1, 11 Så seier Herren: For tre misgjerningar Edom har gjort, ja, for fire vil eg ikkje ta det att - fordi han forfylgde bror sin med sverd og kjøvde medkjensla si, fordi vreiden hans støtt reiv i stykke, og han alltid heldt fast på harmen sin.
Am 1, 12 Eg vil senda eld mot Teman, og han skal eta opp slotta i Bosra.
[1M 36: 15. Jes 63: 1. Jer 49: 7, 20. Obad 9.]

      Profetordet her gjeld Edom. Folket der var etterkomarar etter Esau, bror til Jakob. Og Edom var ein stadig og uforsonleg fiende for Israel. Dei nytta alle høve til å slå til – når fiendar gjekk mot Israel, var dei ikkje til hjelp. Dei var altså i slekt, men det var til inga nytte. Edom var ein annan nabo til Israel søraust  for Juda. Dei var etterkomarar etter Esau, og var alltid bitre mot Israel slik Esau og Jakob var fiendar i byrjinga. Bosra var ein by i Edom.
      Også her var synda overflødig – for tri – ja, fire… Det går att her og viser alvoret i gudløysa til dette nabofolket. Edom var som eit vilt dyr som tørste etter blod: han elte bror sin med sverd – kjøvde sin samhug. Her er tenkt på slektskapen. Og synda vert skildra vidare slik: støtt let han sin vreide rasa, og alltid heldt han på sin harm.
      Her måtte òg Herren reagera, med eld og øydelegging. Slik gjer Herren alltid, sjølv om det tek lang tid. Og mykje må venta til domens dag. Teman er ein del av Edom, og Bosra er hovudstaden. Jer. 49, 13.

      Am 1, 13 Så seier Herren: For tre misgjerningar Ammons-borna har gjort, ja, for fire vil eg ikkje ta det att - for dei skar opp dei kvinnene som var med barn i Gilead, for å utvida landområdet sitt. [Jer 49: 1 ff. Hos 14: 1.]
Am 1, 14 Eg vil setja eld på murane i Rabba, og han skal eta opp slotta der, til hærskrik på stridens dag, i storm på uvêrsdagen.
Am 1, 15 Og kongen deira skal førast bort som fange, både han og hovdingane hans, seier Herren.

      Ammon står nå for tur. Dette landet ligg aust for Gilead, og slik ein annan nabo. Folket her stamma frå son til Lot, Ammon. Same klagen gjeld her som før: for tri, ja for fire… Truleg var det under ein krig der Ammon sigra, at dei skar opp fruktsommelege kvinner i Gilead, v. 13. Det er umenneskelege kår me les om her. Men slik er heidenskapen og slik er mennesket utanfor Guds nåde. Sjå 2. Kong. 8, 12. Difor ser me det same skje i nyare tid. Sigerhæren går fram som rovdyr. Rabba var hovudstad i Ammon.
      Difor må Herren senda dom og straff. Alt skal leggjast øyde, og leiarane i folket må ut or landet som fangar. Det hende då assyrarane tok landet. Stormen rasa som ein virvelvind, v. 14. Så sterk og uimotståeleg var assyrarane. Og Gud har like sterke krefter når alle folk skal møta han til oppgjer på den siste dagen. Straffa kom alt under Nebukadnesar, og seinare vart dei underkua av Makkabearane.

Kap. 2.

      Her forkynner profeten Herrens straffedom over Moab for liknande synder. , over Juda avdiu dei bryt Guds lov og ord og særleg av di dei dyrkar avgudar. Til slutt forkynner han dom over ti-stammeriket som her er kalla Israel (dvs. Nordriket). Han skildrar dei fæle syndene som rår der, trass i dei store velgjerningane Herren har synt dei. Han trugar dei med hard trengsle som ingen skal kunna koma seg unna.

Am 2, 1 – 16

Tale mot Moab
      Am 2, 1 Så seier Herren: For tre misgjerningar av Moab, ja, for fire vil eg ikkje ta det att - fordi dei brende beina av Edom-kongen til kalk. [Jer 48: 1 ff.]
Am 2, 2 Men eg vil senda eld mot Moab, og han skal eta opp slotta i Kerijot. Og Moab skal døy i stor larm, til hærskrik, til lyd av basunar.
Am 2, 3 Eg vil rydja ut or landet han som styrer der, og alle hovdingane vil eg drepa saman med han, seier Herren.

      Her talar Herren om Moab. Dette nabofolket budde aust for Israel. Dei hadde gjort mykje vondt mot folket i Edom, som òg var heidningar. Guds straffar ikkje berre for synd mot Israel sitt eige folk, men for alle synd også mot andre heidningfolk. Slik er Gud ein rettferdig domar. - Han brukar den same formelen som i kap. 1: For tri, ja for fire… Her er det òg nytta som ei forsterking: syndene er mange og dei er store. Ei serleg synd vert nemnd: dei hadde brent beina kongen i Edom til kalk. Denne hendinga kjenner me elles ikkje til. Kanskje er det hendinga i 2. Kong. 3. Der står det at kongen i Edom var med kongane i Israel og Juda mot Moab, og vann. Seinare har moabittane hemna seg ved å grava opp liket til kongen i Edom og brent det. Til kalk kan tyda ”til oske” og vera uttrykk for eit uforsonleg hat som ikkje stansa før dei hadde gjort han heilt til inkjes. Det viser òg kor rå dei var. Gravferder og lik vert hjå dei aller fleste folk haldne ”heilage”. Likskjenning har alltid vore rekna for noko rådt og stygt. Då forstår me betre at profeten kan nemna dette som ei stor synd. Folket kjende nok til det. Edom hadde vore Israels ven i denne krigen.
      Domen kjem difor uavkorta. Edom skal brennast med eld, og slotta i hovudstaden Kerijot skal leggjast øyde. Domaren i v. 3 er kongen. Han skal rydjast ut og døy saman med alle hovdingane sine. Denne domen vart historisk fullført ved assyrarane, Jer. 48,1ff. 

Tale mot Juda
      Am 2, 4 Så seier Herren: For tre misgjerningar Juda har gjort, ja, for fire vil eg ikkje ta det att - for dei vanvørde Herrens lov og heldt ikkje boda hans, og lygngudane, som fedrane deira hadde fylgt, førde dei vilt. [2M 32: 1 ff. 3M 26: 14 ff. 4M 25: 1 ff. Dom 2: 12 ff.]
Am 2, 5 Eg vil senda eld mot Juda, og han skal eta opp slotta i Jerusalem.

      Her vender profeten seg frå heidningane som bur ikring jødefolket, og nå gjeld det Guds eige folk. Går dei fri domen? Først talar han til Juda, Sørriket. Men det var ikkje dei som først vart førde bort i fangenskap. Det var Nordriket. Men profeten byrjar altså med den del av Guds folk der Jerusalem var og dermed templet og gudstenesta med alle ofringane. Å ha eit slikt privilegium, fritek oss ikkje frå Guds ransaking og dom over svikt. Ingen må trøysta seg med at dei høyrer til eit Guds folk i namnet.
      Profeten nemner ikkje noko spesiell, einskild synd dei har brote – utan det første bodet. men i det ligg ei forakt for heile Guds lov og orden. Folket i sør har vanvørd Guds lov, står det. Å forakta Guds ord er å ikkje bry seg om det, ikkje lata Ordet styra og leia tanke og liv. Og det vil naudsynleg føra med seg brot på fleire bod. Å forakta er i byrjinga passiv brot på Guds ord, som fører med seg eit aktivt brot. Å ikkje halda Guds bod, er i røynda å bryta dei. Held ein ikkje bodet om å ikkje stela, vil ein sjølvsagt stela i praksis.
      Her er altså nemnd avgudar. Dei let seg dåra og bedra av lygngudar, slik fedrane hadde gjort før. Dei ber dette namnet av minst to årsaker. Først er avgudane ikkje reelle gudar, det er ein løgn å kalla dei gudar. Det gjeld alle utafor den eine levande skaparguden. Men prestane til slike gudar talar også løgn når dei fortel kva guden seier og vil. For ein gud som ikkje er til, kan ikkje tala. Difor er det prestane sin vilje og deira ord som lyder. Og då er det løgn å seia det kjem frå ein gud. Går me endå djupare inn i dette, ser me at det i røynda er djevelske ånder og Satan sjølv som står bak. Dermed er mykje av det avgudsprestane ber fram, bodskap frå djevelen.
      Og det er alvorleg når folk i vår tid leflar med og rett og slett opphøgjer Islam og Koranen, Buddhismen og hinduismen. Dei har ikkje ein bodskap frå den levande Gud.
      Fedrane hadde gjort det, seier Amos. Me møter det ofte i Israels historie i GT. Folket vende seg til avgudane som nabofolka hadde, og let seg påverka og styra av dei. Tidlegare profetar hadde altså ikkje greidd å rydda bort vranglæra. Ho kan att gong etter gong. Difor var det heile tida naudsynleg med nye profetar. Det er GT eit vitnemål om.
      Det same ser me i våre dagar og i heile kyrkjesoga. Det var ikkje nok at Luther kjempa fram læra om rettferd ved tru av nåde. Folket seinare har ikkje teke det som sjølvsagt. Dei venda attende til gjerningar og verdslegdom heile tida. Difor fekk me ny vekkjingar – ved pietisme, Hans N. Hauge og mange andre. Dei stod i den same tradisjonen og hadde same strid og motgang mot dei som levde verdsleg og stolte på gjerningar.
      Nedgangstider og fråfall er ofte prega av få profetar, få som vågar å tala Ordet rett og sterkt. I slike tider er det naudsynleg for Guds folk – få eller mange – å be inderleg til Gud om nye, sterke reiskap i Guds rike. Slik er det også nå.

Tale mot Israel
      Am 2, 6 Så seier Herren: For tre misgjerningar Israel har gjort, ja, for fire vil eg ikkje ta det att - for dei sel den skuldlause for pengar og den fattige for eit par skor. [8: 6.]
Am 2, 7 Dei trakkar hovudet til den hjelpelause i molda og forvender retten for dei spaklyndte. Ein mann og far hans går til same jenta, så dei vanhelgar mitt heilage namn.
Am 2, 8 På pantsette klede strekkjer dei seg attmed kvart altar, og vin dei har teke som bøter, drikk dei i huset åt sin Gud. [2M 22: 26 ff. 5M 24: 12 ff.]

      Deretter gjeld det Israel, her tyder det den nordre delen av landet og folket. Men her gjeld det òg Herrens ord og ikkje private ord og meiningar frå profeten: Så seier Herren. Og me ser den forsterka uttrykksmåten: for tri misgjerningar, ja, for fire… Men han nemner ikkje berre ei konkret synd, men mange. Her er syndene større og verre enn hjå dei andre landa. Den korte omtalen før, er som ei innleiing til domen over Israel.
      Me legg merke til at dei vert klaga både for sosiale synder mot menneske og mot Gud (til vanhelging for mitt heilage namn). Synda har ofte denne dobbelte tyding: det me gjer mot menneske, er på same tid ei krenking av Gud. For han er skapar av alt liv og heile verda.
      Først står det: Dei sel skuldlaus mann for pengar, v. 6. Ein skuldlaus mann kunne verta klaga og få skuld ved at klagaren betalte pengar til domaren. Slikt er kjent i mange land, men er eit uhyrleg overgrep mot folk.
      Dinest: Dei sel den fattige for eit par sko. Ein mann kunne verta træl ved ei så lita gjeld som eit par sko. I dette landet var sko berre eit par sålar med reim over (sandalar). Når slike ting skjer, er det ikkje lenger ein rettsstat. Men profeten er på dei små si side og talar deira sak mot overgriparane. Motstandaren er ofte dei store som utnyttar småfolk og gjer seg rik på dei.
      Deretter: Dei vil sjå mold på ein stakkars hovud, v. 7. Her er biletet at dei rike traktar etter å audmjuka folk, kasta støv på hovudet deira som er uttrykk for djup sorg. Herskarsjuka ligg så nær for storfolk der gull og sølv er viktig. Dei tek ofte frå dei som har minst og ikkje kan forsvara seg.
      Dei rengjer retten for spaklyndte folk. Dei mektige freistar her å føra småfolk i ulukke. Dei små kan ikkje så lett forsvara seg – dei er spaklyndte eller saktmodige og krev ikkje retten sin, men finn seg i overgrep og urett. Kva skal ein så med ein rett som ikkje er til nytte for dei som treng han mest? Dette vitnar om eit folk og leiarar som gjer urett mot andre, er harde mot verjelause menneske, dei er hjartelause og fulle av vondskap. – Og bak dette ligg då eit ubotferdig hjarta, eit sinn som ikkje er av Gud. Men profeten ser fleire utslag av det ugudlege sinn:
      Både far og son går til same jenta. Her gjeld det det 6. bodet, og meir enn det. For her talar profeten om ei skamlaus åtferd også menneskeleg tala der far og son ligg med same jenta. Det kallar me blodskam. Det er å vanhelga det heilage sambandet som er mellom mann og kvinne i eit ekteskap, ei serleg vond vanhelging. Det kan sjå ut som at ein legg vind på å gjera synda så stor og stygg som råd.
      Dei ligg på pantsette klede ved kvart altar, v. 8. Etter Mose lov skulle ein gje eit pantsett klede attende før sola gjekk ned. Det var ofte det einaste han hadde til å breia overs eg om natta mot kulden. 2.Mos. 22, 26-27. Her tok dei rike slike klede sjølv og la seg på ved offermåltida sine. Det var ei dobbel synd. Dei gav ikkje kleda attende til den fattige, og dei tok dei inn i heilagdomen og brukte dei der. Og det skjedde over heile landet – ved kvart altar. Det var ringakt for Gud, og det var vanleg mellom folket. Me er altså vitne til eit omfattande og stort fråfall i Israel. Fr. Wisløff meiner at også det usedlege livet er med her, at dei nærast driv tempelutukt når dei ligg på desse kleda. Somme meiner dette gjeld heidenske tempel. Då vert synda endå verre.
      Dei drikk vin som dei har teke i bøter. Dei drakk vin ved offermåltida til Guds ære. Men her var det ikkje deira eigen vin. Dei hadde tvinga han til seg frå andre som skulle betala bøter. Ein trur det helst var frå småfolk. Dei rike har alltid råd til det dei treng. Og dette gjer dei i huset åt sin Gud. Gjeld dette jødane i deira tempel, er det ei uhyrleg synd. Den himmelske Gud er ikkje deira Gud.
      Slik er det òg til alle andre tider. Der folk vil dyra Gud på sin eigen måte, vert det aldri rett gudsdyrking. Slike menneske lever i sjølvbedrag.
---
      Am 2, 9 Og det var då eg som rudde ut amorittane for dei, dei som var høge som sedrar og sterke som eiker. Eg øydela frukta deira ovantil og røtene nedantil.
[Jos 24: 8, 11 ff. Esek 17: 9. Mal 4: 1.]
Am 2, 10 Det var eg som førde dykk opp frå Egyptarlandet, og eg leidde dykk i øydemarka i førti år, så de skulle få landet åt amorittane i eige. [3: 1. 9: 7. 5M 2: 7. 8: 2 ff.]
Am 2, 11 Eg reiste opp nokre av sønene dykkar til profetar, og nokre av dei unge mennene dykkar til nasirearar. Er det ikkje så, de Israels-born? seier Herren.
[4M 6: 2 ff. 5M 18: 18. Dom 13: 5.]
Am 2, 12 Men de fekk nasirearane til å drikka vin, og de baud profetane og sa: Profeter ikkje! [7: 12 ff. Dom 13: 4, 14. Mika 2: 6.]

      Profeten ser nå alle desse syndene på bakgrunn av at Gud hadde synt Israel kor god han var mot dei. Gud meinte det nok slik Paulus skriv i Romarbrevet 2, 4: Veit de ikkje at Guds godleik driv dykk til omvending? Men Israel hadde ikkje skjøna det. Herren viser dei likevel noko av sin godleik.
      1. Han hadde rydda ut amorittane for dei, v. 9. Dei var for store og sterke for Israel, som store tre. Her hadde Herren vist si makt og kraft. Han hadde gjort dei til inkjes slik at både krona og rota var øydelagde. Det er uttrykk for at heile folket for alltid er borte. Krona og frukta er slik landet viste seg for andre, og rota er sjølve grunnlaget der alt veks ut frå. Både folk og leiarskap er borte. Dei kan ikkje stå fram att. Amorittane var hovudstammen mellom kanaanittane, og somme meiner det tyder alle som budde i Kanaan på den tida.[3] 1. Mos. 15, 16. Dei var i alle høve for sterke for Israel. Men EG rydda dei ut, sa Herren. Eg står med sterkt ettertrykk på hebraisk.[4] Rydda ut tyder å øydeleggja slik at folket forsvinn og døydde ut.
      2. Dinest får me døme frå utfriinga frå Egypt og ferda i øydemark, v. 10. Dette viser 1 Guds store nåde og godleik mot folket. Og det er velkjende hendingar for Israel. Frå dei er born får dei høyra om fridomen frå trældomen i Egypt, og korleis Herren syrgde for dei i førti år i øydemarka. Dei fekk mat og drikke og kleda vart ikkje utslitne heile denne tida. Det viser at Gud vil ta vare på sine på alle vegar. Han ville og skulle føra dei til det landet som amorittane hadde teke etter at Jakob og sønene hadde reist til Egypt.
      3. I tillegg hadde Herren sendt dei profetar og nasirearar i lang tid. Profetane skulle tala Guds ord og vilje til dei, og den er alltid best for eit folk. Dei måtte òg nokre gonger tala dom og straff, men det er òg til det beste for folket. Gud gjorde ei velgjerning mot Israel då han sende profetar som skulle visa dei Guds vilje, slik profeten Hosea skriv i kap. 12, 14. Sjå òg 1. Sam. 3, 20. – Nasirearane var menn som hadde vigd seg til Gud for å tena han og ved fråhaldande i visse ting (4. Mos. 6, 2f). Begge desse gruppene hadde eit heilagt kall til å tena Gud og folket sitt. Det var Guds Ande som hadde vist dei det. Er det ikkje så?
      Men Israel hadde freista å få dei bort frå kallet. Dei gav nasirearane vin som dei ikkje skulle drikke, og ville nekta profetane å tala, v. 12. Det er alltid alvorleg å hindra Guds arbeid, same kva måte det skjer på. Dei brukte altså vald mot Herrens tenarar og forbaud dei å forkynna Guds ord som Anden bad dei om. Det er ei alvorleg synd.
     
---
      Am 2, 13 Sjå, eg vil trykkja dykk ned, liksom ei vogn full av kornband trykkjer alt ned.
Am 2, 14 Den raske finn inga livd, og den sterke får ikkje bruka styrken sin, og kjempa kan ikkje få berga livet sitt.[Jer 25: 35.]
Am 2, 15 Bogeskyttaren skal ikkje halda stand, han som er lett på foten, skal ikkje berga seg, og ikkje ryttaren på hesten sin.
Am 2, 16 Den djervaste av krigarane skal røma naken den dagen, seier Herren.

      Her kjem Herrens reaksjon. Og den er rettferdig. Dei er Guds folk. Det var Herren som hadde hjelpt dei ut or Egypt og gjennom heile ferda i øydemarka. Men folket ville ikkje. I slike høve kjem alltid Guds svar, og han stiller folket til ansvar for deira liv.
      Difor vil han nå tyngja dei ned, v. 13. Dette uttrykket kan ein òg omsetja slik: Eg vil la det knistra eller beva under dykk, som når vognhjul går over stein og det gnistrar under det. Og det er fleire framlegg om andre omsetjingar ettersom det hebraiske ordet er usikkert.[5] Dei hadde sjølv undertrykt Guds ord og hans tenarar. Nå vart dei sjølve straffa på same måten.
      Meininga er i alle høve at Guds vreide og dom skal koma over dei med straff. Og dei vil verta knuste, slik hjula på ei tung vogn knuser strå og korn under seg. Straffa skal bli så omfattande at ingen skal kunne røma og dei sterke og kraftige skal ikkje kunne berga seg, v. 14. Deira eiga kraft vil med andre ord vera unyttige og dei vil verta motlause der dei til vanleg sigra. Domen vert då altomfattande. Korleis denne domen vert, får me vita seinare i boka.

Kap. 3.

      Likevel, Herren har valt ut Israel framfor alle andre folkeslag. Difor vil han og straffa folket for alle syndene deira. Profeten har rett til å forkynna dei straffa, og han kan ikkje la vera å gjera det. For det er umogeleg å stå imot Herrens kall. Han oppmodar heidningane til å samla seg og vera vitne til misgjerningane i Samaria. På grunn av desse misgjerningane skal fiendar frå alle kantar koma over Israel, og berre nokre få skal verta berga. Avgudsaltera deira og dei herlege slotta skal øydeleggjast.

Herren skal straffa folket sitt for alle syndene deira.

Am 3, 1 – 15
      Am 3, 1 Høyr dette ordet som Herren har tala mot dykk, Israels born - mot heile den ætta eg har ført opp frå Egyptarlandet:
Am 3, 2 Berre dykk ville eg kjennast ved mellom alle ætter på jorda. Difor vil eg heimsøkja dykk for alle misgjerningane dykkar. [2M 19: 5, 6. 5M 4: 8, 20, 34. 7: 6 ff. Hos 13: 5.]

      Gud hadde valt ut Israel som sitt eige folk. I dette folket skulle Guds frelsarmann, Messias, fødast. Det var eit høgt kall. Slik vart dei eit presteleg folk for alle folk på jorda. Dei fekk openberringar frå Gud, og Han hadde vist dei stor nåde og leia dei som folk i alle år. Difor vart dei så mykje strengare dømde når dei synda. For dei hadde misbrukt Guds velgjerningar. Jo meir nåde eit menneske får, jo større vert straffa når det menneske syndar (Fjellstedt).
      Profeten legg folket sterkt på sinne at dei må lytta og høyra kva Herren vil seia til dei nå. Og han minner dei om utgangen av Egypt – ”Eksodus”. Det var Herren som førte dei ut or det landet og fridde dei frå fangenskapet. Dette er det store skiljet i Israel si soge, og det kjem att gong etter gong i Skrifta. Det var ei frelsargjerning og ei nådehandling av Gud. Det har ikkje folket skjøna rett. Og dette gjeld eigentleg heile Israels folk, alle dei tolv stammane. Men her er det serleg tala til dei ti i nordriket.
      Me ser òg korleis profeten understrekar at det er Guds ord og ikkje hans profetord som lyder nå. ”Dette ordet som Herren har tala.” Då må dei ta det til hjarta. Dette kjem att i v. 2 der han nyttar 1. pers. pron.: Eg.
      Vers to er ei svært spesiell kjærleikserklæring til folket: Berre dykk ville eg kjennast ved av alle ætter på jorda. Israel er det utvaldet folket. Det var Guds eigedomsfolk, han hadde ei serleg gjerning for dei. Gud skulle handla med dei på sin eigen måte, og i det folket skulle Messias ein gong verta fødd. ”Frelsa kjem frå jødane,” Joh. 4. Difor hadde han eit fortruleg samfunn og tilhøve til dei. Hos. 13, 5.
      Men her låg òg ein fare for folket. Dei kunne tru at dei av den grunn var friteken for dom og straff over synd. Dei hadde med andre ord høve til å leva slik dei ville utan omsyn til Guds vilje. Men det var ei falsk trøyst og ein falsk tryggleik. Den er alltid farleg.
      Her avskjer Herren denne tanken. Nett av di dei er Guds folk, vil han heimsøkja folket. Å tilhøyra kongen sitt hus, fører med seg plikt og krav til eit liv i samsvar med kongen sin levemåte. Den som har fått mykje, vert det kravd mykje av. Til større nåden er, til større vert straffa for ulydnad. Hebr. 12, 6ff. 1. Pet. 1, 17. Og Herren vil gi sine del i meir av sin herlegdom enn andre folk. Kjærleiken er slik.
      I dette ligg at folket alt har brote pakta og synda grovt mot sin Gud. Difor må straffa koma. Dei har ikkje akta på Guds kjærleik og nåde.
---
        Am 3, 3 Går vel to saman utan å ha vorte samde om det?
Am 3, 4 Brølar løva i skogen utan at ho har funne eit rov? Lèt vel ungløva røysta si høyra frå hòla si utan at ho har fanga noko?
Am 3, 5 Fell vel fuglen i ei snare på marka utan at det er sett noka snare for han? Sprett vel snara opp frå marka utan at ho fangar noko?
Am 3, 6 Eller blæs nokon i basun i ein by utan at folket skjelv? Eller hender det ei ulukke i ein by utan at Herren har gjort det?[Jes 31: 2. 45: 7. Klag 3: 27 ff. Mika 1: 12. Sef 1: 16, 17.]
Am 3, 7 For Herren Herren gjer ikkje noko utan at han har openberra sine løynde råd for tenarane sine, profetane.[Joh 15: 15. Op 1: 1.]
Am 3, 8 Når løva brølar, kven skulle ikkje då verta redd? Når Herren Herren talar, kven skulle ikkje då profetera?[Jer 20: 7, 9.]

      Det er ikkje klårt om dette er Herrens tale eller profeten sine ord. I klåre og konsise uttrykk slår profeten fast det han vil seia – slik ein folketalar gjer. Og folket veit eigentleg om det han seier og må vera samde med han. Bileta frå øydemarka er vel kjende for dei. Bakgrunnen for denne talen er kanskje den ulukka eller jordskjelvet som er nemnd i kap. 1,1, som Myhre.[6] I alle høve er meininga med orda hans at han vil visa at han har rett i det han seier. Han talar ikkje ut frå eigne tankar, men med mynd frå Gud. Dei må faktisk svara ja på desse retoriske spørsmåla. På den måten vil han vekkja folket til ettertanke, bot og bøn.
      Tanken på årsak og verknad er klar her. Alle spørsmåla viser det. To går ikkje saman utan at dei har vorte samde om det, v. 3. Her er altså ikkje tale om eit tilfeldig møte, men meir om eit fastare tilhøve. ”Korleis kunne eg vera mellom dykk, når de sette dykk opp mot meg, seier Herren” (Fjellstedt). Myhre meiner dei to er profeten og Herren, men det kan vel òg vera eit meir generelt tilhøve.
      Løva brølar i skogen, v. 4. Det gjer ho når ho har fanga eit dyr eller veit det vil skje. Og Herren forkynner straffa når den er klar og må koma. Berre omvending frå synda til Gud kan endra det. Og når dei blæs i basun til åtvaring mot fienden, vert alle skræmde, v. 6.
      Slik er det med profeten òg. Når Gud talar til han, kjenner profeten ei indre plikt til å gå til folket med bodskapen frå Gud. Einkvar rett forkynnar har det slik. Gud tvingar nok ingen til det, men han legg det likevel tungt inn over sine tenarar. Og den tenaren som lever rett med sin Gud, vil kjenna det slik at han gå Guds veg. For han er med i Guds råd og får del i Guds planar med folket, v. 7f. Og den profeten som kjem ut av frå dette ”rådsmøtet”, eig ein tryggleik og ein autoritet som er guddommeleg. Dette rådsmøtet er ikkje slik at Gud diskuterar med sine profetar kva han skal gjera og kva som best å seia. Nei, her er det ein einetale frå Gud der han openberrar sin vilje. Det er Gud som styrer i alt.
      Tilhøyrarane vil ofte merka om me har vore der. Til meir grepen profeten sjølv vert av bodskapen – t. d. ved ei ulukke som kjem som dom – til meir viljug vert han til å tala om det. I den meining er han ”tvungen” til å gå med bodskapen. Det er som Ibsen skriv i byrjinga av ”Brand”: ”Jeg må, jeg må, jeg går en stormanns bud. Hva heter han? Han heter Gud!” Jfr. Esek. 33f. Men i denne tvangen ligg òg kjærleiken til Guds folk – ”kjærlighetens bekymring”, som Myhre kallar det. I vårt språk ville me seia: det er misjonssinnet, me må ut til alle folk med ordet om frelse.

---
        Am 3, 9 Rop ut i slotta i Asdod og i slotta i Egyptarlandet og sei: Samla dykk på Samaria-fjella og sjå kor forvirra dei er i byen og kor mykje underkuing det finst der! [4: 1. 6: 1.]
Am 3, 10 Dei veit ikkje å gjera det som rett er, seier Herren, dei som hopar opp vald og øydelegging i slotta sine. [Sal 11: 5. Hab 1: 2.]
Am 3, 11 Difor seier Herren Herren: Fiendar skal koma og kringsetja heile landet. Dei skal riva ned festningane dine, og slotta dine skal dei plyndra.
Am 3, 12 Så seier Herren: Liksom gjetaren bergar to leggbein eller ein øyrelapp or løvegapet, slik skal Israels-borna verta berga, dei som sit i Samaria i sofakroken og på silkedivanar. [6: 4. 1Sam 17: 34, 35.]

      Kongar og leiarar i andre land og byar skal koma og sjå kor stor synda i Samaria er: ho er større enn i hedninglanda. Egypt og Asdod (filisterane)[7] vert inn kalla til vitne på dette. Uro og vald pregar Israel. Det viser til den sedelige oppløysing i folket. Lov og orden er oppheva, dei rike og mektige undertrykkjer dei små og fattige. Dette er vanleg i heidenske land og der frafallet kjem. Og dette er større enn det heidningane frå Egypt har sett før.
      Vers 10 syner det indre frafallet. Guds folk (Israel) veit ikkje korleis dei skal gjera rett eller kva som er rett. Dei kjenner ikkje Guds ord og lov og kan dermed ikkje gjera etter hans vilje. Berre dette er ein uhyre dom over folket. Det same seier Jeremia: Dei kjenner ikkje Herrens veg (5,4), meg kjenner dei ikkje (9,3), og Jesaja 1,3: Mitt folk kjenner ingen ting. Korleis kan dei då gjera Herrens vilje? Det er tydeleg at ansvaret for å kjenna Herrens veg, ligg på folket sjølv.
      Folket (her: i Samaria) er opptekne av verdifulle, jordiske ting. Men dette har dei fått tak i på urett måte, ved plyndring og tvang og anna urett. Og dermed vert det i Guds augo ei stor synd. Dei samlar opp synder ved å handla urett. I sin konsekvens er dette å samla saman vald og øydelegging. Rikdomen representerer vald og urett mellom folket, og det vil føra til vall for dei sjølve.
      I vers 11 finn me så dommen og straffa over synda. Folk frå andre land skal koma og straffa Israel. Alle forsvar vert nyttelause og slotta vert plyndra. Det er Guds reaksjon mot folk som syndar, og han nyttar ofte andre folkeslag til å utføra straffa. Det ser me klårt i Israels historie. Og i v. 12 ser me kor verjelaus Israel er, som ein sau når løva kjem. men kan dei bergast? Folket skal gå til grunne, dei har ingen ting å stilla opp mot fienden.
      Likevel. Tanken om ein rest som vert berga er framme her. Noko skal bli berga – som to leggbein og ein øyrelapp av ein sau vil løva leggja att. Ein liten flokk av Israel vil verta berga. Resten vil gå under i Assyria. Esek. 5, 3.

---

      Am 3, 13 Høyr og vitna mot Jakobs hus, seier Herren Herren, Allhærs Gud:
Am 3, 14 Den dagen eg heimsøkjer Israel for misgjerningane deira, då vil eg heimsøkja altara i Betel, så altarhorna vert hogne av og fell til jorda.[2Kong 23: 15. Hos 10: 15.]
Am 3, 15 Eg vil slå sund både vinterhusa og sommarhusa, og elfenbeinshusa vert øydelagde, og mange hus vert rivne ned, seier Herren.[6: 4. Jer 36: 22.]

      I fleire vers lyder det: Så seier Herren. Her vert det understreka gong etter gong at det ikkje er menneskeord dei høyrer, men Guds eigen tale. Det gir autoritet og kraft til orda. Israels Gud er allhærs Gud – hærskarenes Gud. Det er den Gud som eig og fører alle hærar, som har kontroll over alt. Difor kan han utføra dommen han legg over folket.
      Først: Betels altar. Her hadde dei rest ei statue eller bilete av ein kalv som dei dyrka som gud. Altarhorna er symbol på krafta som guden har. Dei skal hoggast av for å syn at kalven ikkje er nokon gud og er utan kraft. Ved å hogga dei av og kasta dei på jorda, vart ”guden” vanhelga og fråteken den symbolske verdi han hadde for folket.
      Dinest ”vinterhus og sumarhus”. Dette er uttrykk for luksus, dei hadde to bustader etter årstidene. Til vanleg var det kongane som hadde det. Her ser det ut som at skikken var vanleg for folk flest òg, v. 15. Elfenbeinshus var rikmannshus kledd med kostbare elfenbein med panel på innsida. Alt skal rivast ned og leggjast øyde. Det er uttrykk for dommen over det egoistiske livet med nyting og rikdom. 1. Kong. 22, 39.
      Guds folk sin rikdom skal vera Gud sjølv.

Kap. 4

Dei øydslesame kvinnene i Samaria, som er skuld i at dei fattige vert trælka, skal verta fanga og bortførde på vanærleg vis, 1-3. Lat Israel berre halda ved med si avgudsdyrking, som Herren alt gong på gong og hardare etter kvart har straffa dei for, utan at dei har late seg føra til omvending, 4-11. Dei må no bu seg til å møta den allmektige og allvetande Herren, som vil koma og halda dom yver dei, 12. 13.

Dom over kvinnene i Samaria og over det ubotferdige Israel.

      Am 4, 1 Høyr dette ordet, de Basan-kyr* på fjella i Samaria! De som underkuar dei hjelpelause, som knuser dei fattige, som seier til mennene dykkar: Kom med vin, så vi får drikka! [Sal 22: 13. Fork 4: 1. 5: 7.] [* dei rike kvinnene i Samaria. Det feitaste storfeet fanst i Basan, Sal 22: 13.]
Am 4, 2 Herren Herren har svore ved sin heilagdom: Sjå, dagar kjem over dykk då de skal slepast bort med hakar, og den siste resten av dykk med fiskekrokar.
Am 4, 3 De skal gå ut gjennom rivnene i muren, kvar ein beint framfor seg, og de skal verta slengde bort til Hermon, seier Herren.

      Dette er Amos sin andre tale, og den rettar seg først mot kvinnene i Samaria. Det er Basans kyr som her er bilete på dei rike kvinnene i Samaria. Dei kjem med store krav og dei gjer seg mette og feite som kyr til slaktedagen. Dei eggja mennene til ugjerningar slik ai sjølve fekk meir. Nå må dei høyra kva Herren seier. Prydnaden deira vitnar om at dei har levd i rikdom og nyting. Dei pressar mennene sine til å skaffa dei meir, både drikk og rikdom. Slik vert fattige og småfolk undertrykt for at dei rike skal få det betre. Men ”jo strengare Guds ord vart forkynt, til meir auka lettsinnet deira og straffa kom nærare” (Fjellstedt).
      Herren set sin heilagdom i pant på at dommen skal koma over dei. Då må vel folket høyra! Reaksjonen frå den heilage Gud vil koma anten dei trur det eller ikkje. Han skal tvinga dei ut i fangenskapet – med hakar og krokar. Dei skal fara gjennom murbrota, det tyder truleg at bymurane skal rivast ned. I alle høve er alle stengsler borte. Det egoistiske kjem fram her òg. Kvar og ein skal tenkja på å fara sin veg, prøva å koma seg unna utan tanke på hjelp til andre. Men dei skal slengast bort i palassa, slik ein gjer med unyttige ting. Det er kvinnene det gjeld her – og dei vart nok utnytta av mennene. Hermon er fjellet før dei kjem til Syria, alt på vegen til landet der dei skulle vera i fangenskap.
---
Det de likar
      Am 4, 4 Gå til Betel og synda! Gå til Gilgal og synda til gagns! Ber fram slaktoffera dykkar kvar morgon, og tienda dykkar kvar tredje dag. [5M 14: 28. Esek 20: 39. Hos 4: 15. 12: 12.]
Am 4, 5 Lat røyk av syrt brød stiga opp som takkoffer, og lys ut frivillige offer og kunngjer det! For slik vil de då gjerne ha det, de Israels-born, seier Herren Herren. [3M 2: 11. 7: 13. Mika 2: 11.]

      Israel hadde drive ei gudsdyrking som dei sjølv hadde valt og meinte var rett. Den kunne dei berre halda fram med! Han meiner eigentleg ikkje denne oppmodinga. Det er vel heller slik at dette vil dei gjera uansett kva råd dei får. Fråfallet er ofte slik.
      Driv berre på med å synda – men gjer det til gagns! Betel og Gilgal var ikkje rette offerstader, kap. 3, 14; Hos. 4, 15 – det var Jerusalem. Kvar morgon og rikeleg med offer. Tiende kvar tredje dag var ikkje Guds bod, det var kvart tredje år. 5. Mos. 14, 28. Folket gjorde meir enn Guds bod og på feil måte. Det er som om dei vil bøta på sitt syndige liv med overdriven gudsdyrking. Dei etterapa gudstenesta i Templet i Jerusalem, men gjorde det ikkje rett.
      I v. 5 er det tale om offer av syra brød (baka med surdeig). Men 3. Mos. 2, 11 seier at det må ein ikkje gjera. Surdeigen er symbol på synd, difor skulle dei berre bruka usyra brød til offer. Det talar om at synda må bort, og det ligg i sjølve offertanken. I tillegg til dette er det tale om frivillige offer, ekstraoffer ved sida av det Gud hadde sagt. Lys det ut – lat det verta kjent for folk kor mykje me ofrar til Herren. Dette er same tanken om å erstatta mangel på sanning i liv og gudsteneste med sjølvvalde offer. All gudsteneste med surdeig er synd. Og slik er det så lenge menneska held fast på synda og ikkje let seg frelsa ved tru åleine. For surdeig er alle ureine offer. Alle eigne påfunn og eigne gode gjerningar som menneska gjer utan tru, er syndig for Gud. Men folket har vanskeleg for å skjøna det.
      Slik vil dei ha det! Livet var på ein måte bygd på det dei sjølv ville og ynskte.
---

      Am 4, 6 Eg lét dykk gå med tom munn i alle byane dykkar og lét dykk vera utan brød i alle heimane dykkar. Men de har ikkje vendt om til meg, seier Herren. [Jer 5: 3. Hos 7: 10. Hag 2: 17.]
Am 4, 7 Eg har halde att regnet for dykk då det endå var tre månader att til hausten. Eg lét det regna over éin by, men ikkje over ein annan. Eitt jordstykke fekk regn, og eit anna jordstykke tørka bort, fordi det ikkje kom regn på det.[1Kong 17: 1. Jer 14: 4. Hag 1: 11.]
Am 4, 8 To og tre byar raga av stad til éin og same by for å drikka vatn, men fekk ikkje nok. Men de har ikkje vendt om til meg, seier Herren. [Jer 14: 3, 4. Esek 4: 16, 17. Hag 1: 6.]
Am 4, 9 Eg slo dykk med kornbrann og rust, grashoppene åt opp dei mange hagane og vingardane og fikentrea og oljetrea hjå dykk. Men de vende ikkje om til meg, seier Herren. [5M 28: 22, 38. Joel 1: 4. Hag 1: 11. 2: 17.]
Am 4, 10 Eg har sendt pest mellom dykk som i Egypt. Eg har drepe dei unge mennene dykkar med sverdet og late hestane dykkar verta hærfang. Eg lét stanken frå hæren dykkar stiga opp i nasen på dykk. Men de vende ikkje om til meg, seier Herren. [2M 9: 3. Jes 9: 13. Jer 11: 22.]
Am 4, 11 Eg støytte ned byar hjå dykk, som då Gud øydela Sodoma og Gomorra, og de vart som ein brann riven ut or elden. Men de vende ikkje om til meg, seier Herren. [1M 29: 24, 25. 5M 29: 23. Hos 11: 8.]
Am 4, 12 Difor vil eg gjera dette med deg, Israel. Og av di eg vil gjera slik med deg, Israel, så bu deg til å møta din Gud! [v. 2 ff. 2: 13 ff. 3: 11 ff.]
Am 4, 13 For sjå, han som lagar fjella og skaper vinden og openberrar tankane sine for menneska, han som gjer morgonroden til mørker og fer fram over høgdene på jorda - Herren, Allhærs Gud, er hans namn! [5: 8. Sal 65: 7. Jes 40: 12.]

      Herren har åtvara folket mange gonger. Herrens dom kjem aldri uventa slik. Alt det erren




Herren hadde gjort for dei, var til fånyttes. Deretter var han streng med dei, men heller ikkje det førte til omvending.
      Nå reknar han opp fleire måtar Herren har handla med dei på, fem i alt. Det var straff for synder og ulydnad. Fleire gonger vert det sagt: De vende ikkje om til meg, seier Herren.
      1. Herren sende hunger over folket: med tom munn og utan brød, v. 6. I nokre omsetjingar står det: med reine tenner, som er ordrett på hebraisk. Tennene var reine av di dei ikkje hadde ete noko. Difor var magen tom. Men dei vende ikkje om.
      2. Han sende tørke over landet, v. 7-8. Han heldt att regnet, slik at folket også måtte tørsta. Kornet tørka opp då regnet ikkje kom før hausten då jorda trong det. Men det var ikkje likt over heile landet. Nokre stader regna det, over andre byar ikkje. Folket måtte då dra frå stad til stad for å freista å få noko. Heller ikkje nå vende dei om.
      3. Så kom grashoppene i store svermar m.m., v. 9. Frå Joel kap. er grashoppeplagene godt kjende og frå utgangen av Egypt. Dei et opp alt dei kjem over og legg jorda øyde. Men folket vende ikkje om.
      4. Dinest kom pest og krig, v. 10. Pest har vore godt kjent i Egypt (”som i Egypt”), og dette hadde kome til Israels land. Krig må ha vore nederlag i kamp med fiende der unge menn var drepne. Krigen var så hard at dei fekk ikkje høve til å gravleggja død soldatar og sivile. Stanken av dei steig opp, står det. Dette var ei hard prøvetid, men folket vende ikkje om.
      5. Sist kom jordskjelv, v. 11. Heile byar vart øydelagde, slik Sodoma og Gomorra vart det i si tid. Folket vart med naud og neppe berga, som ein brann ut or elden. Nå står det ikkje direkte at det skjedde ved jordskjelv. Men det må ha vore ei overnaturleg eller veldig katastrofe som hende. Og i kap. 1, 1 er vist til eit slikt stort jordskjelv som kanskje er meininga her. Det er rimeleg. Frå det me veit og har sett på TV i vår tid, er slike store skjelv med på å leggja både byar og landskap i ruinar. Mange menneskeliv går tapt då.
      Meininga med alle slike hendingar er naturlegvis at dei skal føra folk til erkjenning av si synd. Dei skal visa Herrens makt og vilje til å gå i rette med folket. Dei er åtvaringar som Gud nyttar for å kalla folk til frelse. Det burde då føra folk på kne i bøn og omvending. Men det skjedde ikkje.
      Folk i dag er så snare til å fortelja folket at slike tider ikkje har noko med Guds makt og handlingar å gjera. Det er berre natura som går vill. ”Menneskeskapte ulukker”, heiter det. Her har me eit døme på korleis Gud nyttar natur og ulukke til å vekkja folk frå synda. Men når fråfallet er kome langt, ser det altså ut til å vera nyttelaust. Likevel må Gud visa si makt og gi dei sjansar til ein ny kurs. Og på domedag vil Gud visa til dei mange høve folk hadde til å venda om.
      Nå må Israel bu seg på å møta Gud i ein slik førebels dom, v. 12-13. Her er ikkje meint den endelege domedag i endetida. Det er meir sjølve bortføringa til Assyria som kjem fram her. Men dei må tenkja på kven dei har gått i mot og svikta. Det er skaparguden, slik Israel kjende han frå 1. Mos. 1-2. Han er allmektig og allvetande. Han kjenner det indre hjå oss og tek ikkje omsyn til den ytre gudstenesta. Fjell og vind er hans verk som han nyttar når han leier folket fram. Det er alltid hjarta Gud vil ha. Ingen kan stenga vegen for han – han fer fram over høgdene på jorda.
      Men når han bed folket bu seg til eit møte med Gud, er det på same tid eit nådekall. Heilt til det siste held Gud døra open for den som vil koma, heilt til den endelege forherdinga kjem. Men dei må koma med eit angrande hjarta som vender seg frå synda, Jes. 1, 16-18. Det er å bu seg til å møta Gud.
      Dette må dei gjera, for Herren er over alle. Han har skapt alt, v. 13. Og han ”openberrar tankane sine for menneska”. I 1938-omsetjinga er denne setninga omsett slik at Gud viser det som bur i menneska sine tankar, og slik brukar òg Fr. Wisløff dette verset. I nyare omsetjingar kjem det klårare fram at det er Guds tankar det gjeld. Menneska skal få vita dei. Teologisk er begge delar rett: Gud veit at menneska er syndige i sitt indre og viser oss det ved Anden, og Han viser oss sin frelsarvilje og kva han har gjort for å berga oss.

Kap. 5.

Profeten kved ein syrgjesong yver Israels fall, som snart kjem, og nemner som grunn at størsteparten av folket skal lata livet, 1-3. Dette skal henda for di Israel ikkje hev fylgt Herrens kall til å søkja han og gjeva opp avgudsdyrkingi si, men trakkar retten under fot utan otte for han, den allmektige Gud, og hans domar, som ingen kan standa seg imot, og er hardhjarta mot dei fattige, 4-12. Det nyttar visst ikkje å tala i ei så vond tid som den noverande; like vel lyt profeten mana folket til å leggja vinn på rettferd; kan henda det då vil finna nåde hjå Gud og sleppa å verta tynt. For alt det har synda til no, skal Herren heimsøkja det og fylla det med sorg og jammer, 13-17. Profeten ropar eit ve yver Israel, som ikkje tenkjer på kor skræmeleg Herrens dag vil verta, men trår etter at han skal koma, med di dei lit på den utvortes, falske gudstenesta si. Herren vil ikkje vita av denne gudstenesta deira, men skal lata ein dom som øyder alt, koma yver folket, som alt i øydemarka har fare med avgudsdyrking og no skal verta ført langt burt frå landet sitt, 18-27.

---
Undergangen er nær.
      Am 5, 1 Høyr dette ordet, ein klagesong som eg set i over dykk, Israels hus! [Jer 7: 29. Esek 19: 1.]
Am 5, 2 Ho er fallen, ho skal aldri reisa seg meir, møya Israel. Ho ligg der nedslengd på sin eigen grunn, det er ingen som reiser henne opp.
Am 5, 3 For så seier Herren Herren: Den byen som tusen dreg ut frå, skal ha hundre att, og den byen som hundre dreg ut frå, skal ha ti att, i Israels hus.

      Dette er ein klagesong eller sørgjesong over Israel, den tredje talen til Amos. Ein slik song har ein til vanleg ved grava. Og Amos ser nok for seg at det går mot slutten for nordriket. Og han sørgjer over det. Ein Guds mann sørgjer når Guds folk går feil veg og han veit at dommen må koma.
      Grunnen er at folket har falle frå Gud og dermed er ho slått til jorda av Herren. Og dette er eit endeleg fall som folk: ho skal aldri reisa seg att. Møya Israel er eigentleg ironisk meint her. Folket var ein gong som ei møy for Gud, rein og uflekka i ei meining. Men synda har krenka henne og gjort henne til ei horkvinne ved at ho vil høyra Herren til, og på same tid ber folket til avgudane og ofrar til dei. Det er dobbeltmoral og hykleri, og det kallar Bibelen for åndeleg hor. Ho er slått til jorda åndeleg og vil bli slått i eit stort nederlag om ikkje lenge når Assyria kjem. Då har ho ingen til å hjelpa seg, av di ho har forlate sin Gud.
      Difor talar Herren til folket og profeterer: Berre 10 % vert att av folket, v. 3. Folket skal førast bort i fangenskap.
      Sjølv om det går lang tid frå profetien til oppfyllinga, er ordet sant. Herren ser på førehand det som vil skje, og både frelse og dom har han gjort klar.

      Am 5, 4 For så seier Herren til Israels hus: Søk meg, så skal de leva! [5M 4: 29. 1Krøn 28: 9. Jes 55: 6. Hos 10: 12. Sef 2: 3.]
Am 5, 5 Søk ikkje til Betel, og kom ikkje til Gilgal, og far ikkje over til Be'er-seba! For Gilgal skal førast i fangenskap, og Betel skal verta til inkje. [Hos 4: 15.]
Am 5, 6 Søk Herren, så skal de leva! Elles skal han koma som ein eld over Josefs hus, og han skal eta om seg, og Betel skal ikkje ha nokon til å sløkkja. [3: 14. Jes 55: 6. Hos 8: 14.]

      Likevel får dei eit siste kall til omvending. Her ser me kor langt Guds nåde rekk. Om att og om att får dei innbydinga. Søk Herren – det er det eigentlege livet.
      Men då må dei forlata avgudane. Den levande Gud og døde avgudar kan aldri gå saman. Difor skal dei ikkje lenger søkja til Betel og Gilgal og Be’erseba slik dei har gjort før. Forlet dei dette og tilber Gud Herren åleine, vil dei læra han å kjenna. Det er det same kva slags avgudar det gjeld og kor dei er – Herren bed dei om å forlata dei.
      Slik er det med oss òg. Livet med Gud tyder farvel til verda og synda. Me lærer han å kjenna i Ordet og samfunnet med han. Dette livet er ei vandring i audmjuk undring over Guds godleik og nåde og einfaldig tru på Jesus Messias. Det er eit velsigna liv under Guds leiing.
      Det var inga hjelp i å reisa til heilage stader og ofra og tilbe i det ytre. Det er alltid hjarta Gud vil ha og ikkje ei ytre gudsdyrking.
      I v. 6 kjem kallet att, men nå er det som ei klar åtvaring: Elles… hvis dei ikkje søkjer Herren, vil straff og dom koma. Dette gjeld i denne omgang dei ti stammene i nordriket, men seinare dei to andre stammane òg. Her er dei kalla ”Josefs hus”. Dommen kjem som ein eld over folket, og ingen i Betel kan sløkkja den. Avgudane er ikkje til hjelp i Herrens dom. Elden er eit godt bilete på domen. Den fortærer alt, ikkje noko kan samlast opp etter elden som går over hus og skog og landskap.

      Am 5, 7 Dei gjer retten om til malurt og kastar rettferda til jorda! [6: 12. Jes 5: 20.]
Am 5, 8 Han som skapte Sjustjerna og Orion og lèt dødsskugge verta til morgon og gjer dagen mørk som natta, han som kallar på vassmengdene i havet og auser dei ut over jorda - Herren er hans namn! [9: 6. 1M 7: 17. Job 38: 31. Sal 104: 20.]
Am 5, 9 Han er den som lèt øydelegging lyna mot den sterke og fører undergang over den faste borga!

      Her peikar Herren på sosiale synder. Dei gjer retten om til malurt. Malurt er bittert. Men dommarane dømmer galt og urettferdig og partisk, og dermed vert utfallet bittert og skuffande for dei dømde. Det er å kasta rettferda til jorda, trakka på den og ikkje bry seg om rett og galt. Dommarane skulle la retten stå fast på tinget, v. 15. Her skjer det ikkje. Dei tek omsyn til personar – dei store og mektige får sin vilje, medan småfolket må lida.
      Dei må hugsa kven Gud er. Han er skapargud – dei kan berre sjå opp mot himmelen og sjå stjernebileta. Dei har ikkje gjort seg sjølve. Det er Guds verk. Han rår òg med naturkreftene og kan gjera mørker til lys og motsett. Dei må hugsa at det er Han dei syndar imot. Ingen stå seg mot han. Til og med ei fast borg og ein sterk leiar vil då tapa.

      Am 5, 10 På tinget hatar dei han som hevdar retten, og dei styggjest ved han som talar sanning. [Jes 29: 21. 59: 15.]
Am 5, 11 De trakkar ned den hjelpelause og tek korn i avgift frå han. Difor skal de ikkje få bu i dei husa av hoggen stein som de sjølve har bygt, og ikkje få drikka vin frå dei herlege vingardane de sjølve har planta. [5M 28: 39. Ord 22: 16. Mika 6: 15. Sef 1: 13.]
Am 5, 12 For eg veit om dei mange brota dykkar og dei tallause syndene de har gjort. De forfylgjer den skuldlause, og tek mot stikkpengar* og forvender retten for dei fattige på tinget. [2M 23: 6. 4M 35: 31. Jes 5: 23.] [* det var forbode å la drapsmenn kjøpa seg fri, 4M 35: 31.]

      Her talar profeten vidare om syndene i folket. Til og med på tinget skjer uretten. ”På tinget” heiter eigentleg ”i porten” – det var der rådslaging og retten heldt til. Der skulle nett retten verta hevda. Men dei tåler ikkje sanninga. Då var det best å tia for mange, v. 13.
      Og det er oftast dei fattige det går ut over. Dei tek høge avgifter og skattar frå han slik at han til og med må gje får seg avlinga på garden. Og kva skal han så leva av? Dei rike byggjer store og fine hus. Men dommen skal koma før slotta er ferdige. Det var dei fornemste og finaste slektene som var domarar, dei er kalla dei ”eldste” nokre gonger. Dei hadde makta og brukte henne ikkje rett.
      Herren kjenner alt – eg veit, seier han. Og når han ser på folket, ser han mykje urett og mange synder. Dei er tallause (NB-88). Dei store forfylgjer dei skuldlause, tek imot løysepengar, som kanskje er ”bestikkelser” der ein betalar pengar for å sleppa å koma for retten. Det har dei fattige ikkje råd til og får heller ikkje den rett dei har krav på.
      At folk hatar dei sanne forkynnarane som talar rett om synd og frelse, er merke på to ting, seier Fjellstedt: Det er prov på at gudløysa er stor, og kjenneteikn på at Guds dom er nær for døra når slike tankar vert vanlege mellom folk.

      Am 5, 13 Difor teier den kloke i denne tida, for det er ei vond tid.
Am 5, 14 Søk det gode og ikkje det vonde, så de får leva. Då skal Herren, Allhærs Gud, vera med dykk, slik som de har sagt. [Sal 97: 10. Jes 1: 16. Rom 12: 9.]
Am 5, 15 Hata det vonde, elska det gode, og lat retten stå fast på tinget! Kan henda Herren, Allhærs Gud, då vil vera nådig mot Josefs rest. [Sal 34: 15. Joel 2: 13 ff.]

      Det kan vera rett å tia sume gonger, av di ein ser at det nyttar ikkje med ord og formaning. I slike tilfelle fører ord og diskusjon berre til hat og spott og ugreie. Så langt kan altså fråfallet verta.
      Profeten må likevel fylgja sitt kall her. Det er den rette klokskap. Han formidlar endå eit kall: Søk det gode, det tyder her å fylgja Guds vilje. Det er ei side ved omvendinga. Før har han tala om at Herren er den einaste vegen til det sanne livet. Det gode og det vonde kan aldri kombinerast. Skal det gå vel, må me velja det gode, som er Guds vilje. Og då har me store lovnader med oss. Den allmektige Gud skal vera med oss. – Det har folket òg sagt. Dei roste seg av at Gud var med dei, sjølv om dei altså levde på tvers av Guds vilje. Dette hykleriet freista Jesus å visa jødane i si tid, Joh.8, 39ff. Men lukkast sjeldan.
      Profeten oppmodar nå endå meir: Hata det vonde – det er ei hjartesak på same måte som kjærleiken. Det er lite nytte i å få orden på dei ytre tinga dersom vårt indre er i opposisjon til Guds ord og veg. Difor må det eit indre brot til mot det vonde, eit indre hat til synda. Og det kan me sjølvsagt ikkje av oss sjølve. Det er eit verk av Anden. Han framhevar serleg at retten på stå fast og vera rettferdig på tinget. Det har vore ei hovudsak i det føregåande. Her er det då eit kall til å leva rett.
      Då kjem ei ny von fram. Dersom dei fylgjer Guds ord slik, kan det henda at Allhærs Gud vil spara dei. Josefs rest er den del av tistammeriket som vert att i landet. Det er ikkje ein absolutt lovnad, men døra er på gløtt. ”I sannhet en trang nådens port for de trygge,” skriv Myhre.
      Ulydnad mot lov og rett fører til undergang, både for eit menneske og eit land og til slutt for heile verda under Antikrist. Me ser to sider av dette: Først: Dei styrande vil ikkje styra etter lova – og innfører gjerne nye og liberale lovar. Dinest: Folket vil ikkje lyda lovane, sjølv om dei vert meir liberale. Då vil folket alltid ha nye og lettare reglar å leva etter – og til sist vert folket heilt lovlause. Skal folket då verta berga, er ein av dei aller mest naudsynlege ting nett å venda ”kraftig” attende til lov og rett (Fjellstedt).

      Am 5, 16 Difor seier Herren, Allhærs Gud, Herren: På alle torg skal det høyrast klagerop, og på alle gater skal dei ropa: Ve, ve! Bonden skal dei henta til sørgjehøgtid, og til dei som er kunnige i sørgjekvad, skal dei seia: Syng ein sørgjesong! [Jer 9: 17 ff.]
Am 5, 17 I alle vingardar skal det høyrast klagerop. For eg stig fram midt imellom dykk, seier Herren. [2M 12: 12. Jes 16: 10.]

      Her viser profeten til dei synder som er nemnde før når han seier: difor. På grunn av alle syndene vil folket måtta klaga og sørgja. Det vil ein høyra alle stader der folk samlast, på gater og torg og ute på jordene. Det ligg truleg under her at folket ikkje vil venda om trass i all innbyding. Guds dom vil koma.
      Her kan det vera klage over døde. Den herjar som ei farsott over landet. Det er Herren som går fram mellom folket med sin reaksjon på dommen. Det kan òg vera den endelege dommen som er skildra då folket skal førast bort til Assyria. Det vil òg føra til mykje ve-klage og sorg.
      Bonden vert henta heim når døden gjestar heimen, og dei sender bod på gråtekoner som er vanlig i Austerland. Alle vil merka når Herren gjestar folket på denne måten.

      Am 5, 18 Ve dei som stundar etter Herrens dag! Kva vil de med Herrens dag? Han er mørker og ikkje ljos.
[Jes 5: 30. Jer 30: 7. Joel 1: 15. 2: 2. Mal 2: 17.]
Am 5, 19 Det er som når ein mann rømer for ei løve, men støyter på ein bjørn, og når han kjem heim og stør seg til veggen med handa, vert han biten av ein orm. [9: 3. Job 20: 24. Jer 48: 44.]
Am 5, 20 Ja, Herrens dag er mørker og ikkje ljos, kolmørk og utan ljoske.

      Herrens dag kjem snart. Men folket levde i synd og forakta Guds ord og bod, og venta likevel på denne dagen. Dei har nok ikkje tenkt alvorleg nok over kva Herrens dag er: Då Herren skal dømma folket. Det er slik ein mørk dag.
      Folket stolar på at dei er Guds folk og har ei pakt med han. Han skal nok fria dei frå fiendane og føra dei gjennom dommen. Dei meinte nok at det var heidningane som skulle dømmast og ikkje dei. Dei høyrde jo Gud til! Det er ein tilforlateleg og besnerande tanke.
      Slik kan folk til alle tider stunda etter døden når vanskar og ulukke kjem, utan å heilt rekna med at det kjem eit ”deretter dom”. Det er synda og Satan som har blinda folket så dei ikkje ser dette klårt.
      Men Herrens dag er mørker og ikkje lys. For slike uomvendte folk er framtida berre ulukke og forderving med ei fortaping som siste stopp. Det kjem inga frelse etter døden. Det skal gå med dei som når ein flyktar frå ei løve og møter ein bjørn. Då er det inga berging for eit menneske. Det bekreftar det siste verset: Ja, Herrens dag er (verkeleg) mørker… kolmørk og utan lys.

      Am 5, 21 Eg hatar og vanvørder høgtidene dykkar, og festane de held, byr meg imot. [Ord 15: 8. Jes 1: 11 ff. Jer 6: 20. Mal 2: 3.]
Am 5, 22 For om de ber fram brennoffer og matoffer for meg, finn eg ikkje hugnad i dei. Eg ser ikkje på fredsoffera dykkar av gjøkalvar. [Sal 50: 8 ff. 51: 18 ff. Jer 14: 12. Hos 8: 13.]
Am 5, 23 Lat meg sleppa dei larmande songane dine! Eg vil ikkje høyra på harpespelet ditt. [Esek 26: 13.]
Am 5, 24 Men retten skal koma veltande som vatn, og rettferda lik ein bekk som alltid fløymer.

      Folket var altså religiøse og hadde sine offer og høgtider slik lova sa. Men det var ei ytre festing utan at hjarta var med. Dei meinte det ikkje med heile seg. Offer og høgtid var ein vane som berre vart gjort utan tanke på innhald og meining med det.
      Herren viser her med sterke ord korleis han ser på det og dømmer om det: Han hatar det og har ingen hugnad i det dei gjer. Dei kan berre slutta med det, lat meg vera i fred, seier han, v. 23. Harpespelet og songen vil han heller ikkje høyra på. Det er altså ikkje alt det me menneske gjer i Herrens namn, som har verd. For han ser til hjarta og ikkje til den ytre handlinga. Og denne ”lova” gjeld til alle tider, også i vårt eige kristenfolk. Det burde vekkja oss slik at me tenkte meir over korleis me gjer noko for Gud, og ikkje berre at me gjer det. Kanskje er mykje av det berre ein ”larm” for Gud som han bed oss slutta med.
      Han minner folket om at dommen kjem ein dag. Då skal alt fram i lyset. Og ingen kan koma unna den. Han kjem fløymande som ei elv om hausten eller ei flodbølgje over folket. Han kjem altså rikeleg og tek alt med som ikkje held mål for Gud. Hos. 5, 10. Han kjem som ein bekk som alltid fløymer og stansar ikkje før alt er lagt under Guds hand. Det er eit bilete på stor makt. Men v. 24 kan òg vera ein profeti om Messias som kjem med stort velde. Hans frelse og rettferd kjem utover alle land og varer til evig tid – den som alltid fløymer!

      Am 5, 25 Bar de fram slaktoffer og matoffer for meg i øydemarka i dei førti åra, Israels hus? [Apg 7: 42.]
Am 5, 26 Nei, de bar teltet åt kongen dykkar og fotstykket åt avgudsbileta, stjerna åt guden dykkar, som de hadde laga.
Am 5, 27 Eg vil føra dykk bort i fangenskap, langt bortanfor Damaskus, seier han som har namnet Herren, Allhærs Gud. [4: 13.]

      Vers 25-26 er vanskeleg å omsetja og meininga uklår. NB-88 er i hovudsak lik 1930-38-omsetjingane. NO-78 er derimot annleis i v. 26a: ”Og de bar Sakkut, kongen dykkar, og Kevan, stjerna åt guden dykkar.” Her fylgjer dei Mowinckel si omsetjing.[8] Orda Sakkut og Kevan skal vera (er) assyrisk-babylonske gudenamn knytte til stjerneguden Ninib (Saturn).[9] E. Hammershaimb har den same tanken.[10]
      Omsetjinga i NB gjev likevel god meining, slik det òg var i den eldre omsetjinga. Jonas Myhre har òg ei slik forståing.[11] Etter dette grunngjev Herren ved profeten dommen over Israel med at folket alt i øydemarka var ulydig mot Herren. Dei dyrka avgudar og laga seg utskorne bilete av dei som ei stjerne som dei tilbad. Dette bar dei ikring i eit sjølvlaga telt på eit stillas. Jfr. Hos. 9, 10. Mosebøkene seier ikkje noko om det. Men det har vor kjent i folket ved overlevering. 5. Mos. 4, 19 siktar kanskje til dette. Då dei stod ved inngangen til det nye landet, kom forbod mot å tilbe himmellekamane.
      Ofte i Skrifta er det slik at borna må svara for fedrane sine synder. Og her held altså folket fram i same synda. Og jo større synda er, til større grunn er det til å venda seg frå den. Ein interessant parallell er det i Stefanus sin tale i Apg. 7, 39ff der han siterer nett desse versa som prov på fedrane sine synder.
      I v. 27 kjem dommen tydeleg fram – bort i fangenskap, langt bortanfor Damaskus. På grunnteksten står det: På andre sida av Damaskus – når ein ser det frå Israel ligg Assyria der. Det er Assyria der nordriket skal vera fangar og dei fleste vil truleg gå under i landet eller assimilerast (bli oppblanda) med folket der. Det skjedde i året 722 f. Kr. Hos. 9, 3. 2. Kong. 13, 3-7; 15, 29; 18, 11.
      Ein har sagt det så klårt: ”Kor ubønnhørleg er ikkje Herrens krav til ei verkeleg moralsk gudsdyrking! Kor klårt er det ikkje då at òg i våre dagar ei liknande utvikling, eit åndeleg formvesen sameina med forguding av kunst og vitskap m.m., ikkje vil unngå sin dom!”[12]

Kap. 6.


      Profeten ropar ve yver dei sutlause hovdingane i det rike og blømande Israel, dei som bur i Jerusalem og Samaria; dei vil ikkje tru at domen er nær, men er harde mot dei veike og lever i ovlivnad, utan tanke på at folket snart skal verta tynt, 1-6. Han forkynner Israel at Herren til straff for gudløysa deira vil lata eit framandt folk koma yver dei, plaga dei hardt, øydeleggja riket deira og føra dei i utlægd; med all si makt vil dei ikkje kunna standa seg mot det, 7-14.

      Am 6, 1 Ve dei som sit trygge på Sion og utan sut på fjella i Samaria - dei gjævaste i det fremste folket, dei som Israels hus plar venda seg til! [2M 19: 5. 5M 4: 6 ff. 33: 29. Dom 4: 5. 2Sam 7: 23.]
Am 6, 2 Far over til Kalne og sjå, gå vidare til det store Hamat, og stig ned til Gat i Filistarlandet! Er de betre enn desse rika, eller har de eit større land enn dei? - [1M 10: 10. 4M 34: 8. 2Kong 18: 34. Jes 10: 9.]
Am 6, 3 de som jagar den vonde dagen langt bort og flytter herresetet åt uretten nær til dykk! [5: 18. 9: 10. Esek 12: 27.]

Ve over dei trygge stormenn som lever fint

      Her ropar profeten som Guds sendebod ut eit Ve! (usæle er dei) over dei som lever sorglaust utan tanke på dommen. I kap. 5, 18 hadde han ropt ve over dei som lengta etter Herrens dag utan å omvenda seg. Dei vona på at Gud ville berga dei av di dei formelt var Herrens folk.
      Dei jagar dommens dag bort av di han er ”den vonde dagen” for dei, v. 3. Dei trur dei kan unngå han ved å gløyma han og flykta frå han i tanken. Det er slike stormenn både i Sørriket (Juda, Sion) og i Nordrriket (Samaria). Det er særleg Nordriket han talar til. Ettersom dei var like gode eller betre enn andre storfolk, var det ingen grunn til å vera redd dommen. Å samanlika seg med andre, er alltid farleg og vert lett ein snubletråd.
      ”Dei fremste i det gjævaste av folket” er dei som har høge stillingar og er leiarar for andre. Dei var òg dommarar. Slik skulle dei vera Guds representantar og tenarar i folket og Gud hadde slik opphøya dei. Dei hadde òg fått jordisk rikdom og velstand. I dette kunne dei samanlikna seg med dei største og rikaste naboar, som Kalne i Babylonia og Hamat i Syria og handelsbyen Gat i Filistarland. Desse hadde dei søkt råd hjå (som dei plar venda seg til). ”Det inste vesen i all villfaring er at ein gjer sine eigne tankar til rettesnor for si gudsteneste, i staden for å berre retta seg etter Guds ord,” skriv Fjellstedt. Det var grunnfeilen her òg.
      Men Israel burde ha vore eit føredøme for dei i rettferd og åndeleg liv. Men det var dei ikkje. Dei var heller det motsette. Dei let uretten sessa seg der. Då fekk ikkje rettferda råda, men vald og urett av mange slag. Rikdom er ikkje eit prov eller garanti for eit godt og rettferdig liv. Og er rikdomen komen på urett vis ved svik og vald, er faren endå større. Her viser det seg òg i at dei lever for seg sjølv til eiga nyting og gjer livet behageleg for seg sjølv. Difor er dei blinde vegleiarar for Guds folk. Dei ser ikkje faren som trugar, eller vil ikkje sjå han og ”stenger all sorg og bekymring ute” (Fr. Wisløff). Dei er med andre ord eit hovmodig og sjølvsikkert folk. Og der ventar dommen.

      Am 6, 4 De som ligg på elfenbeinsbenker og dovnar dykk på divanar, som et lam frå flokken og kalvar frå fjøset, [3: 15. Esek 34: 2, 3.]
Am 6, 5 som leikar med tonane på harpa og finn opp nye instrument, liksom David, [1Krøn 15: 16. Jes 5: 12.]
Am 6, 6 som drikk vin av skåler og salvar dykk med den finaste oljen, men ikkje sørgjer over Josefs skade.

      Her vert nå rikdomen og velvære skildra i konkrete bilete. Dei viser eit overdådig liv som eit overklassefolk. Benker av elfenbein (filsbein) er døme på kostbare møblar som var i rikmannsheimar. Og her dovna dei seg eller latar seg. Det er eit inaktivt liv med sjølvnyting der dei let andre arbeida for seg. Maten er òg av ypparste slag, dei finaste lam og den beste gjøkalven. Her er vel ikkje berre tenkt på det daglege brød, men på festar og selskap med vener. Der skulle dei ikkje spara på noko.
      Underhaldninga står i stil til dette. Dei syng tøv og allslags tull utan eigentleg livsinnhald. Song og spel er til einsidig nyting sjølv om dei samanliknar seg med David. Men kong David hadde åndeleg innhald i sine tekstar som var til oppbygging for folket. Og han ville framfor alt opphøya Herren.
      Nokre omsetjingar har her ein annen versjon. NB-88 har t.d.” som leikar med tonane på harpa”. King James har: ”som nynner til lyden av fiolin”.[13]
      Skålene dei drakk vin av, var eigentleg offerskåler som var store og fine.[14] Dette kan visa til det overdådige og fine livet dei førte, eller til den religiøse sida. Dei brukte det som likna på offerskåler eller sjølve offerskålene til drikkegilda. Var det erstatning for ei sann ofring eller rett og slett ei håning av gudstenesta?
      Noko gløymde dei i all velstanden. Dei sørgde ikkje over ”Josefs skade”. Josef høyrde til tistammeriket i nord og er her uttrykk for heile Nordriket. Kvifor var undergangen nær for dei? Det tenkte dei ikkje på. Dei hadde ikkje auga for den djupe nauda i folket, nemleg tilhøvet til Gud. Å sørgja tyder her ”å gremma seg sjuke”, altså ei inderleg og djup naud og sorg. Dei har nok med livsnyting. ”Dei spør ikkje etter det beste for Israels rike og samfunnet, men lever i overflod og tankelaus tryggleik, sjølv om undergangen er nær” (Fjellstedt).
      Dette har ofte vore teikn på eit komande fall i folket og dermed undergang, som Dächsel seier. Guds folk og rette leiarar er derimot djupt gripne av nauda slik at til og med lekamen vert nedbroten av sorga. ”Alt som hindrar sann gudelegdom, ro og glede i Gud er i sanning ein stor skade.”[15]
      Vår tid har vel same tendens. Mange lever i luksus og tenkjer berre på eigen hugnad. Det mange gir til naudhjelp og støtteaksjonar er eigentleg småpengar når ein samanliknar med deira eige forbruk. Men verst er det at gudslivet tek skade, og mange ser ikkje kva som er det mest naudsynlege i liv og død. Josefs skade er alt som hindrar at sjela vert frelst.
     
      Am 6, 7 Difor skal dei no fara ut or landet som dei fremste mellom dei som vert førde bort, og det skal vera slutt med skrålet frå dei som dovnar seg.
Am 6, 8 Herren Herren har svore ved seg sjølv, seier Herren, Allhærs Gud: Eg styggjest ved Jakobs byrgskap og hatar slotta hans. Eg vil gje opp byen og alt som finst i han. [8: 7.]
Am 6, 9 Om det er ti menn att i eit hus, då skal dei døy.
Am 6, 10 Næraste frenden til ein mann, som skal brenna* han, skal ta han og bera beina ut or huset. Han skal seia til dei som er i inste kråa i huset: Er det nokon att hjå deg enno? Og han skal svara: Nei, ingen! Då skal han seia: Hysj! Herrens namn må ikkje nemnast! [* fordi lika er så mange at det er uråd å gravleggja dei.]
Am 6, 11 For sjå, Herren byd, og han slår det store huset så det ramlar saman, og det vesle huset så det rivnar.

      Dei som var øvst i samfunnet i dei gode dagane, skal òg vera dei første som må flykta ut or landet til Assyria. Herren har svore eid på det, og dermed vil det stå fast og skje slik. Jakobs byrgskap er det dei har vore stolte av her, t.d. hovudstaden Samaria med festningar og slott. Alt dette skal fienden ta. For Herren styggjest ved det. Alle må ut. Om det er ti mann i eit hus, skal ingen verta attende. Stort og smått skal øydeleggjast og brennast. Vener og slekt skal bera kvarandre ut. Store og små hus og heimar må vera med i dommen.
      Men respekten for Gud og otten for han er stor. Hysj, nemn ikkje Herrens namn. Kanskje dei vil synda då. For ulukka har råma dei etter Guds vilje. Han byd det. Difor skal me ikkje avskriva Herrens straff og dom over folk når ulukker kjem. Mange er så snare til å seia at dette ikkje er Guds verk. Nokre gonger er det det.
      Her skriv altså Amos ikkje berre om den grufulle heimsøkinga ved naturkatastrofe og krig, men òg om den gudlause tanken at ein ikkje skal spørja etter straffa men berre seia: Nei, ingen. Herrens namn må ikkje nemnast. – Her er det omsett på ulike måtar. King James omset: Me kan ikkje nemna Herrens namn. Peshitta[16] omset her slik: Der er ingen, fordi alle omkom, for dei nemnde ikkje Herrens namn. Det seier tydelegare at ulukka kom av di dei ikkje levde med Gud og ville ikkje høyra om han eller at ulukka kom frå han. Det talar om kor blinde folket var. Slik har det ofte vore seinare.

      Am 6, 12 Spring vel hestane oppetter fjellet, eller pløyer nokon med oksar der? - sidan de har gjort retten om til gift og frukta av rettferda til malurt. [5: 7. Hos 10: 4.]
Am 6, 13 De gleder dykk over det som ingenting er, og de seier: Har vi ikkje vunne makt med vår eigen styrke?
Am 6, 14 Sjå, eg reiser opp eit folk mot dykk, Israels hus, seier Herren, Allhærs Gud. Dei skal underkua dykk frå Hamat-vegen og heilt til bekken i villmarka. [2Kong 14: 25.]

      Her talar nå profeten fornuft til folket. Det er meiningslaust å setja seg opp mot Herrens lov og vilje ved å leva i synder etter sin eigen vilje. Det er like umogeleg som å la hesten springa oppover fjellet og å pløya ei fjellside. Men leiarane har plaga dei rettferdige som nå må lida vondt. Leiarane skryt av det dei har vunne sin rett med eiga makt, og dei har ære av det og kan nyta fruktene, trur dei.
      Denne uretten kjem av eit urett sinn for Gud. Den ytre uretten er alltid berre uttrykk for det indre. Det er altså ikkje ei sosial-etisk vekking det er tale om her. Herren har prøvd å kalla folket til omvending, utan at det har lukkast. Nå står berre dommen att.
      Straffa kjem nå utafrå. Eit anna folk skal reisast mot dei. Og heile riket skal gå til grunne. Det seier han fleire gonger for å slå det verkeleg fast. Folket treng ikkje tvila på det. Frå Hamatvegen i nord til Edom som er det ytste grensa i sør. NB-88 har ”bekken i villmarka” her, og NO-38 har Moa-bekken. Mowinckel omset med Selje-bekken, jfr. Jes. 15,7.[17]

Kap. 7.

      Profeten ser to syner: Den fyrste varslar at Herren vil tyna Israel heilt, og den andre at han vil gjera det same med Israel og heile folkeverdi; i båe synene får han med si forbøn Herren til å spara folket sitt, 1-6. Så ser han ei tredje syn, som like eins varslar at Israel skal ganga under. I denne syni seier Herren han at han ikkje lenger vil spara folket, men tyna avguds-heilagdomane deira og lata Jeroboams hus døy for sverd, 7-9. Presten i Betel, Amasja, klagar Amos for Jeroboam og vil ikkje tola at han stend fram som profet i Israelslandet; profeten vitnar at Herren har kalla han, og forkynner Herrens straff over Amasja og huset hans, 10-17.

      Første syn: Grashopper
      Am 7, 1 Dette synet lét Herren Herren meg sjå: Det var ein som skapte grashopper då håa tok til å skyta opp. Det var håa etter kongens slått*. [* kan tyda på at kongen tok eit slag fyrstegrøde til hestane sine.]
Am 7, 2 Og då dei vel hadde ete opp kvart strå i landet, då sa eg: Herre Herre, tilgjev! Korleis kan Jakob berga livet, så liten som han er?
Am 7, 3 Då angra Herren det. Det skal ikkje henda, sa Herren. [1M 18: 26. 2M 32: 14. Jer 18: 8-10.]

      Nå kjem det første synet som gjeld grashoppar, og det talar om undergang for folket.
      Det var Herren som skapte grashoppene, som han har skapt alt anna. Her tyder det at dei kom ikkje av seg sjølv. Dei var sendt av Herren, slik han sende dei til Egypt. 2. Mos. Etter den første slåtten, vaks håa opp. Kongeslåtten var førstegrøda, den første slåtten som tilhøyrde kongen. Etterslåtten fekk altså folket sjølv.
      Nå kom grashoppene og åt det opp. Kvart grasstrå åt dei opp. Det er bilete på den totale øydelegging. Alle planter gjekk med.
      Som så ofte i Israels soge førde den ytre trengsla til at folket – ved profeten – ropa til Gud om hjelp. Dei bad om tilgjeving. Dei kunne ikkje halda ut ei slik ytre plage, og slett ikkje stå imot fienden som ville ta landet. Profeten sjølv trer ikkje inn som forsvarar av folket, han berre ropar og bed om Herrens hjelp.
      Her ser me kva forbøn kan gjera når folket er i naud. Her kan me alle vera profetar. Me ser korleis stoda er i landet nett nå. Om eg er einsam som Amos, kan eg leggja nauda fram for Allhærs Gud. For svaret kom. Herren angra og lova: Det skal ikkje henda. Det minner om regnbogen på Noah si tid. Då svor Herren Gud og sa: Ei slik ulukke skal aldri meir henda.
      I 2. Kong. 13,3 og 14, 26 er det sagt at Israel hadde vore mykje plaga av syrarane før Jeroboam den andre vart konge. I hans tid hadde det vorte betre. Myhre skriv her at denne tilstanden likna på håa etter kongen sin slått. Ei slik samanlikning kan vera talande her.
      Grashoppene kan anten vera konkrete grashoppar eller bilete på fienden sine hærar. Det er ikkje klårt sagt her. Men begge tolkingar er uttrykk for ei total øydelegging der folket ikkje kunne reisa seg meir. Profeten si bøn vart altså berginga denne gongen.

Andre syn: Ein fortærande eld
      Am 7, 4 Så lét Herren Herren meg sjå dette synet: Herren Herren kalla fram elden til å straffa. Han åt opp dei store vassdjupa, og han heldt på å eta opp arvedelen hans.
Am 7, 5 Då sa eg: Herre Herre, hald opp! Korleis skal Jakob berga livet, så liten som han er? [4M 11: 2. Sal 85: 5.]
Am 7, 6 Då angra Herren det. Heller ikkje det skal henda, sa Herren Herren.

      Eit nytt syn kjem til Amos. Denne gongen er det òg straffedomen som skal fram. Nå er det elden Herren vil bruka. Eld er òg uttrykk for stor varme og tørke. Den ”åt opp” det store djupet og odelslandet eller arvedelen. Djupet kan vera alle vasskjelder og brønnar, og arven er Kanaans land, som er lovnaden Gud gav Abraham. Alt vart brent opp og lagt øyde.
      Profeten gjekk nå òg i forbøn for folk og land. Herre, hald opp, sa han. Og Herren angra og svara på bøna. Her ser me altså kor langmodig Herren er med folket sitt, og at han ikkje ynskjer å øydeleggja dei. Synda si løn er døden, men frelsarviljen strekker seg så langt han kan. To gonger har det hendt nå.
      Dette viser òg at Gud elskar folket. Kjærleiken held ut alt. Han gjer kva han kan for å berga sine. Det er store tankar for oss. Her ser me inn i eit hav av Guds godleik og nåde. Når me går inn i forbøn til Den Heilage, kan me òg tru at Gud er slik. Han ventar i det lengste – for han vil at alle menneske skal bli frelste.
      Likevel må domen koma når folket ikkje vil venda om. Det viser framhaldet i dette kapitlet. Der er ei grense som Gud ikkje kan kryssa.

Det tredje synet: Eit blylodd
      Am 7, 7 Så lét han meg sjå dette synet: Herren stod på ein loddrett mur, og i handa hadde han eit blylodd.
Am 7, 8 Og Herren sa til meg: Kva ser du, Amos? Eg svara: Eit blylodd. Då sa Herren: Sjå, eg vil bruka eit blylodd i Israel, folket mitt. Eg vil ikkje lenger ha tol med syndene deira. [8: 2. 2Kong 21: 13. Jes 34: 11.]
Am 7, 9 Isaks offerhaugar skal øydast, og Israels heilagdomar skal siga i grus. Eg vil reisa meg med sverd mot Jeroboams hus. [2Kong 15: 10, 12. 17: 23. Hos 1: 3.]

      Blyloddet vart brukt for å måla om veggen var rett og at huset og muren var bygt etter teikningane. Her ligg det ei åndeleg meining i det. Har folket levd etter guds vilje og ”teikning” slik at det stemmer med hans ord? Amos fekk nå sjå at Herren ville måla folket om det var slik han ville ha det.
      Resultatet er underforstått: Her har det svikta – svikta så grovt at domen ikkje kan venta lenger. Synda er grov. Dei driv avgudsdyrking og har slik avsett den einaste sanne Gud. Offerhaugar og heilagdomar er avgudstempel.  Alt dette skal øydeleggjast. For Herren vil ikkje lenger tola synda. Loddet får her ei vidare tyding: Israels land skal bli delt mellom fiendane. Og Herren måler nøye ut den straffa folket skal få.


Presten i Betel byr Amos å ikkje tala
      Am 7, 10 Då sende Amasja, presten i Betel, bod til Israels-kongen Jeroboam med desse orda: Amos har fått i stand ei samansverjing mot deg midt i Israel. Landet kan ikkje lenger tola alt det han seier! [Jer 38: 4.]
Am 7, 11 For dette har Amos sagt: Jeroboam skal døy for sverdet, og Israel skal verta ført bort frå landet sitt.
Am 7, 12 Og Amasja sa til Amos: Gå din veg, du sjåar! Røm til Juda-landet og et brødet ditt der. Der kan du profetera!
Am 7, 13 Men i Betel skal du ikkje lenger halda på å profetera, for det er ein kongeleg heilagdom og eit rikstempel.

      Presten i Betel, Amasja, er overpresten ved hovudheilagdomen i Betel som dreiv med kalvedyrking. Det var altså ikkje ein rett Guds prest, men ein avgudsprest. Han kjende seg nå truga av profeten etter det som var sagt i v. 9. Det var ein dom over kong Jeroboams ”hus”, som her må tyda sjølve kongedynastiet hans og endeleg strekk domen seg til heile Israels rike (dvs. nordriket), slik Keil skriv. Myhre peikar på at Amasja endrar dette til Jeroboam personleg, v. 11. Då vert kongen personleg ansvarleg. Det gjer han for å skaffa Amos av vegen og melder han til kongen for svik mot land og konge.
      Dächsel skriv om dette: ”Så lenge det har vore eit verdsrike, er Guds sanne profetar og tenarar som forkynte rett og rein lære og målte tida etter Guds mål, blitt brennmerka som opprørarar mot dei ordningar og leiarar som var i landet og dømde som svikarar. Men dei veit at dei på den måten må bera krossen etter sin Meister som vart dømd til døden, av di dei sa han var fiende av keisaren og ein opprørar.” Me kan berre tenkja på tida under nazismen og kommunismen i diverse land. Folk som lever under islam opplever mykje av det same.
      Elles er her eit talande uttrykk som er meir sanning enn presten skjøna. Landet kan ikkje tola alt det han seier! Nei, eit folk som lever i synd og ulydnad mot Gud, kan ikkje tola ein sann profet sine ord. Han må bort, av di han trugar livet deira i synd.
      Me veit ikkje kva kongen svara på dette. Men det ser ut til at han fekk leva i fred denne gongen. Då dette ikkje nytta, gjekk presten til profeten og freista å få han bort. Reis til Juda, sa han, v. 12. Skund deg før straffa når deg. Der kan du eta brødet ditt. Slik vart profeten håna for å vera ein levebrødspredikant. Å tala slik mot kongen og gudsdyrkinga hans i sjølve heilagdomen i Betel, er å vera frekk. Det kan dei ikkje tola. Og presten legg heile sin autoritet inn i denne åtvaringa.
      Amasja er døme på ein prest og tenar i kyrkjer som lever for seg sjølv og talar folk etter munnen. Kongen og verda sine ord veg tyngre enn Guds, og han rettar seg etter det som er lettast for han sjølv og for folk flest.
      Ein har sagt at verda kjenner så lite til Guds tenarar. Verda skjønar ikkje kva Amos si forbøn hadde gjort og kor viktig det var at han forkynte rett og reint, også Guds dom. Og mange Guds tenarar vill sjølv gjerne vorte fritekne for denne oppgåve og kall. Men ingen kan hindra Guds ord og kan ikkje dempast etter det verdslege menneske meiner. (Etter Rieger).

---
      Am 7, 14 Då tok Amos til orde og svara Amasja: Eg er ingen profet, heller ikkje læresvein hjå nokon profet. Eg er berre ein gjetar, og eg dyrkar morbærfiken. [1Kong 20: 35. 2Kong 2: 3, 5, 7. Luk 19: 4.]
Am 7, 15 Men Herren tok meg frå hjorda, og Herren sa til meg: Gå og ver profet for Israel, folket mitt! [2Sam 7: 8. Jer 1: 7.]
Am 7, 16 Så høyr no Herrens ord! Du seier: Du skal ikkje profetera mot Israel og ikkje tala mot Isaks hus. [Mika 2: 6.]
Am 7, 17 Difor seier Herren: Kona di skal driva hor i byen, sønene og døtrene dine skal falla for sverdet, jorda di skal verta delt med mælesnor, sjølv skal du døy i eit ureint land, og Israel skal verta ført bort frå landet sitt.

      Då er det Amos svara så audmjukt: Eg er ikkje profet, eg er berre ein hyrding, v. 14. Han har nok fungert som profet, men var det ikkje av yrke, og heller ikkje har han vore elev hjå ein profet og fått opplæring på den måten. På hebraisk står det eigentleg: Eg er ikkje son til ein profet. Her står ordet son (hebr.: ben) i overført tyding, slik det ofte er på hebraisk.
      Han hadde tvert om vore hyrding og dyrka fiken. Morbærfiken trong stell for å bli gode, og dyra måtte han passe på. Truleg hadde han lita innkome av dette, men mange var nok i same stoda. Amos var med andre ord ein lekpreikar som Gud Herren hadde funne og ville bruka. Amos var altså van med å leva av lite og var ikkje profet for å få profetløn.
      Herren tok han bort frå det yrket han hadde. Han vart ikkje lova betre løn eller vilkår. Han fekk berre bodet: Gå og ver profet! Dette må ha vore ei indre drivkraft i han der han kjende seg tvinga til å forlata garden og dra ut med Guds ord. Det er truleg slik Jesus òg meiner det i Mat. 9, 38: Bed han som eig grøda at han vil driva arbeidarar ut. Å vera ein forkynnar for Gud er eigentleg ikkje eit yrke ein vel. Det er ei indre kraft som driv ein ut til folket.
      Bodskapen til Amos nå var i første omgang å vera ein domsprofet for Amasja, v. 16f. Denne presten hadde kritisert han og bede han om å dra bort frå nordriket. Nå kjem Herrens ord til presten: Du seier profeten ikkje skal tala. Men domen i v. 9 skal koma over deg. Og vidare vil det ramma heile Israel: Folket skal bli ført bort frå landet sitt.
      Men Amasja får altså ein personleg dom som vert ein personleg tragedie for han. Alt han har skal takast frå han. Kona skal driva hor, borna skal drepast slik at slekta vert utrydda. Garden hans skal delast til andre og sjølv må han døy i eit ureint land, dvs. i heidningland. Han hadde levd som heidning og måtte slik dela deira kår. Og der fekk han ikkje dyrka den rette Gud og eta ”rein” mat som var viktig for jødane.
      Denne spenninga mellom presten Amasja og lekprofeten Amos, var som Wisløff skriv, i røynda ein konflikt mellom det levande gudslivet og den offisielle gudsdyrkinga. Og den same konflikten ser me ofte i kyrkjesoga. I Noreg har den vore tydeleg i høvet mellom lekmannsrørsla og statskyrkja (utan at me her seier at heile statskyrkja er ’heidensk’; det gjeld alltid delar av kyrkja).
      Profeten var modig då han tala slik. Og det fekk han av Gud. Guds kraft og nåde sette han i stand til å gå slik. Då han tala om dette, såg ingen av dei resultatet eller oppfyllinga av profetien. Men den kom. Nordriket Israel vart bortført til Assyria i året 722 f. kr. og kom ikkje attende til landet som folk.

Kap. 8.

Amos ser ei ny syn, som skal visa at Israel er moge for domen, og at enden er komen, så klagerop yver dei mange falne skal koma i staden for dei gledesongane som ein no høyrer i slotti, 1-3. For miskunnløysa, gjerugskapen og den svikfulle åtferdi åt dei rike skal Herren brått lata ei svær ulukke-natt koma yver landet og gjera gleda åt folket um til den djupaste sorg, 4-10. I denne tidi skal dei som no dyrkar avgudane, i si store naud leita etter Herrens ord med ihuge, men ikkje finna det, og setja til i sin armodsdom, 11-14.

Fjerde syn: Ei korg med mogen frukt
      Am 8, 1 Så lét Herren Herren meg sjå dette synet: Det stod ei korg der med mogen frukt.
Am 8, 2 Og han sa: Kva ser du, Amos? Eg svara: Ei korg med mogen frukt. Då sa Herren til meg: Enden er komen for Israel, folket mitt. Eg vil ikkje lenger ha tol med syndene deira.
Am 8, 3 Songane på slottet skal verta til klageskrik den dagen, seier Herren Herren. Der ligg lik i mengd, overalt vert dei kasta stilt til side.

      Dette nye synet leder nærmare dommen enn før. Israel er nå mogen for det, som frukta om hausten. Det er bilete på Israel og hennar synd. Ettersom frukta alt er komen i korga, er altså dommen utført frå Guds si sida. Myhre nemner at det er eit ordspel på hebraisk her: Ei korg med innhausta frukt – og Herren sa: Hausten er komen for folket mitt.[18] Denne hausten er død og sjølve bortføringa til Assyria da landet vart ”hausta” og øyde. Luther brukar dette og seier: Korga, ja enden er komen.
      Reaksjonen hjå kongen og hans folk er tydeleg. I slottet pleidde dei å synga glade songar utan sut for framtida. Nå vart alt til klage og øying. Inga høgtidsam gravferd vart det, dei døde låg alle stader og var berre kasta til side bort frå veg og hus.

        Am 8, 4 Høyr dette, de som trakkar på den fattige og gjer ende på dei spaklyndte i landet.
Am 8, 5 De seier: Når er nymånedagen over, så vi kan selja korn? Og sabbaten, så vi kan opna kornbuene - og gjera efaen liten og sekelen stor og fuska med vekta [Neh 10: 31. 13: 15. Jer 17: 22.]
Am 8, 6 og kjøpa dei hjelpelause for pengar og den fattige for eit par skor og selja lettkorn? [2: 6.]

      Det er dei rike stormenn som vert truga her som ofte elles. Det ligg eit sosialt aspekt over dette. Dei rike og store har gjort livet vanskeleg for dei fattige og små. Dei tenkjer på si eiga velferd og har ikkje syn for dei fattige. Alt då var pengesamfunnet og kjærleiken til gods og gull ei kjend sak. Det har fylgt menneskeslekta i nær sagt alle år. Måten dei fekk tak i pengane på, var ikkje hovudsak. Dei var utolmodige på helgedagane då dei etter Moselova ikkje skulle handla eller arbeida. Ei ytre form av gudsdyrking hadde dei altså. Men så snart dagen var over, kunne dei ta til. Det viser at dei eigentleg ikkje ville ha sabbat og helgedagar. Dei ville tena pengar heile tida. Slik er dei griske.
      Når det står i v. 5: ”de som seier”, er det truleg tankane deira som kjem fram slik, altså: seier med seg sjølv. Dei vil nok ikkje openberra kor griske dei er. Men Gud kjende planane og tankane deira.
      Efa er eit holmål og sekel betalinga. Dei gjorde målet lite, men betalinga stor. Her er då tale om fusk i handel, og det er dei små i samfunnet dei skal lura slik. Kanskje dei ikkje alltid kjende til kor stort målet skulle vera. Falsk vekt og mynt er kjent i soga seinare òg. Me skjønar dette betre når me veit at betalinga (sekel) vart gjort etter vekt. Då var det lett å justera vekta til fordel for seg. Og når den fattige ikkje kunne betala, tok dei han til fange og selde han som slave. Prisen var ikkje så høg for han – eit par skosolar. I tillegg selde dei rike lettkorn som var lite og inkje mat i. Det var halm og agner.
      Det er lett å sjå det umoralske i dette, og kor religionen var hyklersk og falsk.


        Am 8, 7 Herren har svore ved Jakobs byrgskap: Aldri skal eg gløyma alt det dei har gjort. [6: 8. Hos 7: 2. 8: 13. 9: 9.]
Am 8, 8 Må ikkje jorda skjelva for dette, og må dei ikkje sørgja, alle dei som bur på henne? Må ikkje heile jorda stiga som Nilen, stiga og falla som elva i Egypt? [9: 5. Sal 18: 8. 60: 4.]

      For tredje gong sver Herren. Ein slik eid er ei forsikring om at Herren vil koma med straffa i rett tid. Når Herren må sverja – opptil fleire gonger – er det vitnemål om at folket er bunde i store synder. Og dei lever trygge i synda utan å verta uroa i samvitet. Eit slikt sinn er ei dødssynd. Eller kanskje dei er for stolte til å vedgå sine feil og som ei fylgje av det å bøya seg for Gud. Han sver ved ”Jakobs byrgskap”, dvs. Herren sjølv (Hos. 5, 5 og 7, 10). Herren var Jakobs Gud, og det hadde han grunn til å vera byrg av. (Myhre nemner her at i kap. 6, 8 har uttrykket ei anna meining: Det Jakob var stolt av i staden for Herren – og det var til avsky for Gud.). Calvin held føre at Jakobs byrgskap er privilegia som Israel hadde, at dei er Herrens eige folk.
      Gud skal aldri gløyma det som hender i Israel her: Til evig tid. Mat. 12, 32. Det Gud har sagt står fast i all æve. Og det vil henda, sjølv om folk nektar å tru det. Våre tankar styrer ikkje Guds gjerningar.
      Synda i Israel var så stor at til og med jorda må skjelva – kanskje er tanken jordskjelvet som er nemnt i kap. 1, 2. Jorda og elvane skulle koma i rørsle og uro som reaksjon på menneska si synd. Ja, landet ville verta ei mektig elv som Nilen når ho fløymer over heile nedre del av Egypt. Då tek elva med seg alt og dekkar landet med sørpe. Og alle menneske burde syrgja. Gud tek synda og fråfallet på alvor.

      Am 8, 9 Det skal henda på den dagen, seier Herren Herren, at eg vil la sola gå ned ved middagstider og gjera det mørkt på jorda ved høgljos dag.
Am 8, 10 Høgtidene dykkar vil eg venda til sorg og alle songane dykkar til klage. Eg vil sveipa sekk om alle hofter og gjera kvart hovud snautt. Eg vil gjera det som når ein sørgjer over einaste sonen. Eg vil la enden verta som ein ulukkedag. [Jer 6: 26. Esek 7: 18. Sak 12: 10.]

      Den dagen er når domen kjem. Korleis vert den? Her er svaret på det. Me kan lita på det, for Israels Gud har tala. Og han overdriv ikkje. Her viser han litt av redslene som domen fører med seg. Han skal la sola gå ned ved høglys dag. Det talar om ein uventa og plutseleg overgang frå ytre lukke og fred til den djupaste ulukke og elende og død. Jfr. Joel 2, 2 der mørke over natura kjem før Herrens dag.
      Då vil all glede og fest måtte vika for stor sorg over ein død, som om det var deira einaste son. Folket si sorg er altså bitter og fortvila over det uventa som hender. Dei hadde ikkje trudd at det skulle enda slik. Enden vert som ein ulukkedag. For då vil folket forgå og først bort frå landet sitt. Og dei inga lovnader om å kom att. Det fekk dei ikkje i Nordriket.

      Vers 11 Sjå, dagar kjem, seier Herren Herren, då eg sender hunger i landet, ikkje hunger etter brød og ikkje torste etter vatn, men etter å høyra Herrens ord.[1Sam 3: 1.]

12 Då skal dei flakka om frå hav til hav, frå nord til aust. Dei skal flakka ikring og leita etter Herrens ord, men dei skal ikkje finna det.

13 På den dagen skal fagre møyar og unge menn siga om av torste.

14 Dei som sver ved Samarias synd* og seier: Så sant guden din lever, Dan! Og så sant han lever han som dei dyrkar i Be'er-seba! - dei skal falla og ikkje reisa seg meir. [5: 5. 5M 9: 21. 1Kong 12: 29. Hos 8: 5.] [* avgudane i Samaria.]

      Her er ei vidare fylgje av nauda profeten har tala om. Folket vil spørja etter Gud og hans ord og openberring. Slik har det vore ofte. Det er ei lov i Anden si verd, ser det ut til. Det er når folket kjem i naud, at dei ropar til Gud. Når alt går vel, vil dei klara seg sjølv.
      I dette tilfelle er det Herren som sender hungeren, og han sender nauda for at folket skal tenkja seg om og søkja han i tide. Slik skal dei får trong etter Herren, og berre då kan dei oppleva trøyst og hjelp frå han. Det same kan me sjå andre gonger i bibelsoga, t.d. 1. Sam. 7, 3ff; 2. Krøn. 12, 7 og 20, 14ff.
      Dei skal flakka om, trøytte og utmatta – det talar om lang tid i ein slik tilstand. Dei går frå hav til hav osv – over alt der dei kjem fram for å finna hjelp. Då er det om å gjera, dei er i stor naud. – Her har ein òg tenkt på avstanden frå Middelhavet til Dødehavet, og frå Israel i nord til Juda i sør. Jfr. 4. Mos. 34, 3.
      Men utan å finna noko. Det er forgjeves. Det er straffa for at dei ikkje vil høyra på Herrens profet, jfr. Ordt. 1, 24ff; 1. Sam. 28, 6 om Saul. Gud er nær i ordet sitt. tek han det bort, har han sjølv vendt seg frå dei. Det er den verste straffa eit folk kan få. Myhre skriv at den hardaste tukt og dom er betre enn inkje ord frå Gud. Så lenge han talar til oss, har han ikkje forlate oss. Og Luther seier om dette: ”Den som ikkje vil vita av Guds ord, han kjem så langt bort frå Guds ord at han aldri meir vil finna det når han gjerne vil ha det.”
      Det gjeld altså om å høyra og lyda og tru det Herren seier så lenge me har Ordet og nådetida. Berre det kan gje von i nauda og trengsla. Difor må me be om at Herren må senda denne hunger over landet vårt etter åndeleg vekking. Fjellstedt skriv om dette til v. 12: ”Når eit menneske har stått imot Guds ord lenge, så taper det lysta til å høyra det, så det korkje kan lesa eller høyra eller tru på det, sjølv om ein innser at ein treng det. Når eit folk har forkasta Guds ord lenge og støtt det frå seg, blir lysestaken til slutt flytta frå staden deira. Op. 2, 5.”
      Mange vil falla om av tørst, v. 13. Vakre jomfruer og unge menn er ungdommen i landet som er i sin beste alder. Dei skulle ha kraft til å stå imot lengst, difor har det gått på same vis med dei eldre som har mindre styrke.
      Årsaka til dommen er her kalla avgudsdyrking – Samarias synd er avgudane dei dyrka i Nordriket. Dei dyrka gullkalven i Betel og kalla han sin Gud. Men dette var det motsette av Guds bod som seier dei ikkje skulle dyrka nokon ved sida av den levande Gud. Difor vart det synd. Sjølv det som ser harmlaust ut i menneskeaugo, vert synd når det tek den plass Gud skal ha. Guden i Dan var gullkalven der, og i Beerseba var det òg avgudsdyrking. Det skjedde altså over heile landet. Straffa er at dei skal falla for alltid. Det er inga von om noko framtid. Dommen var endeleg.

Kap. 9.


Profeten ser eit syn til, som varslar at Herren skal tyna heile Israel (dei ti ættene og Juda). Ikkje noko skal kunna berga dei or Herrens hand, for han er den allmektige Gud og verdsdomaren, og Israel hev vorte lik heidningane. Like vel skal det ikkje verta heilt tynt; berre den vantruande og ugudlege flokken skal lata livet, men ingen som ottast Gud, skal koma burt, 1-10. Etter domen skal Herren i Messias reisa opp att Davids falne hus, og med han til konge skal Guds folk samlast, heidningane verta opptekne i hans rike, og rik velsigning frå Herren koma over borgarane i dette riket, 11-15.

Templet vert øydelagt.
Kap. 9, 1-6

      Am 9, 1 Eg såg Herren stå attmed altaret, og han sa: Slå til søylehovuda, så dørstokkane skjelv! Knus dei så dei fell ned over hovudet på dei alle! Den siste resten av dei vil eg drepa med sverdet. Ingen av dei skal få røma, ingen av dei koma unna.

      Dette synet fører oss nær dommen. Herren har alt gjeve ordre om det, og ingen skal sleppa unna. Den siste rest skal døy, ingen skal kunne berga seg, står det. Heile folket i Nordriket er truleg samla i Betel der dei hadde sitt guds hus og tempel. Her talar Herren til dei. Og det er deira eigen sjølvlagde gudsdyrking som er årsak til fallet (slik Myhre), kap.8, 14. Søylene som bar tempeltaket var utskorne. Dørstokkane skjelv av di heile templet skjelv når Herren sjølv kjem nær. Fr. Wisløff (og Keil) skriv det er Herrens tempel der soningsofferet var. Men det vart ikkje knust og samanrasa då Samaria (Nordriket) fall. Det hende først då Juda rike gjekk under. I så fall gjeld profetien heile Israels rike – dei tolv stammane. Og det avheng av, som Keil rett nok seier, korleis ein tolkar ordet ”altar” med best. artikkel.[19] Både Luther og Calvin meiner òg at det hende i det rette templet, Gud kunne ikkje stiga ned i eit avgudstempel, skriv Calvin. Andre teologar har meint at det gjeld Betel.
      Hovudsaka er likevel det Herren seier, sjølve dommen over folket. Den er fatal for gudsfolket. Då var dei ikkje lenger i Guds varetekt og omsut. ”Når straffa kjem, er det eigentleg som om syndene sjølv kjem attende til dei” (Fjellstedt).

      Am 9, 2 Om dei bryt seg inn i dødsriket, så skal handa mi henta dei derifrå. Om dei fer opp til himmelen, skal eg støyta dei ned derifrå.
[Sal 139: 8. Jer 51: 53. Obad 4.]
Am 9, 3 Om dei løyner seg på toppen av Karmel, skal eg leita dei opp og henta dei derifrå. Om dei gøymer seg for augo mine på botnen av havet, skal eg kalla ormen fram, og han skal bita dei.
[5: 19. Jer 16: 16, 17.]
Am 9, 4 Om fiendar fører dei i fangenskap, skal eg byda sverdet å slå dei i hel der. Eg skal la auga mitt kvila på dei, til det vonde og ikkje til det gode.
[Jer 21: 10. 39: 16. 44: 11.]

      Folket har ingen stad å gøyma seg. Herren vil finna dei att – om dei fer ned i Dødsriket eller opp til himmelen, på ein høg fjelltopp som Karmel, eller i havet. Guds auga ser alle stader, som i Salme 139, 7ff. Den straffa Gud har sett over folket, vil koma. Dødsriket og himmelen er motpolane og ytterpunkta i æva. På Karmel vaks det skog og hadde mange holer som var gode gøymestader. Ormen på havsens botn er det store sjøuhyret Leviatan.
      Herren skal fylgja etter dei i fangenskapet. Han skal setja sitt auga på dei og vera særleg merksam på dei. Men nå er det ikkje for å frelsa dei, men han kjem med sverdet og for å føra dei i ulukke. Ein har sagt det slik her: ”Om ingen kan flykta frå Gud sjølv om han gøymer seg i himmelen, så kan heller ingen om han var midt mellom fienden og sverdet alt var drege mot han, gå tapt for Gud. Slik må desse orda vera ei kjelde til trøyst for dei truande” (J. Calvin).

      Am 9, 5 Og Herren Herren, Allhærs Gud, han rører ved jorda. Då smeltar ho, og då sørgjer alle dei som bur på henne. Heile jorda stig som Nilen og fell som elva i Egypt. [8: 8. Sal 104: 32.]
Am 9, 6 Han har bygt sine høge salar i himmelen og grunnfest kvelven sin over jorda. Han kallar på vassmengdene i havet og auser dei ut over jorda. Herren er hans namn. [5: 8. Sal 104: 3.]

      Her har me ei mektig skildring av Herrens makt og majestet – han som rettar sitt auga på dei. Ordet viser at Herren har makt til å utføra det han seier, både til frelse og til straff og dom. Det har han vist mange gonger i soga. Berre Gud rører ved eit land med ein finger, er det nok til å øydeleggja det. Salme 97, 5; 68, 3. 2. Pet, 3, 10.
      Namnet hans seier det: Han er Herren, allhærs Gud. Og det tyder at han er over alle. Kvar skapning og kvar makt og hær som finst på jorda høyrer Gud til. Han kan styra dei med makt om han vil. Det har han vist i gjerning så ofte, i Israels soge og elles i verdssoga. Han kan òg bruka natura i si teneste. At jorda ”brånar” når han rører ved henne, har ein tolka som det store jordskjelvet som er nemnt før i boka. Jorda vert som vatn og går i bylgjer. Det vitnar om Herrens makt og stordom.
      Det vitnar òg bustaden hans i det høge om, v. 6. Når han kallar på vatnet i havet, kan det visa til syndfloda. meir enn anna viser det hans veldige makt når han skal straffa syndaren og døma. Seinare har det vore mange naturkatastrofar over heile verda. Guds folk ser ofte det som ein Guds reaksjon mot synda. Gud vil nok ikkje gjera folket noko vondt. Men det vonde kjem som ei fylgja av og ein konsekvens av deira eige liv. Her gjeld det ikkje einskilde personar, men eit heilt folk.

Herren skal reisa opp att Davids hytte som er fallen.
Kap. 9, 7-15.

        Am 9, 7 Så seier Herren: De Israels born, er de meir verde for meg enn borna åt etiopiarane? Har eg ikkje ført Israel opp frå Egyptarlandet og filistarane frå Kaftor og syrarane frå Kir?[1: 5. 2Krøn 14: 12. Jes 43: 3.]
Am 9, 8 Sjå, augo åt Herren Herren er vende mot dette syndige riket, og eg vil rydja det ut frå jorda. Men eg vil ikkje heilt rydja ut Jakobs hus, seier Herren. [Sal 34: 17. Sak 4: 10. 1Pet 3: 12.]
Am 9, 9 For sjå, eg byd at Israels-ætta skal ristast mellom alle folkeslaga, liksom ein rister i eit såld, og ikkje eit korn fell til jorda.
Am 9, 10 For sverd skal dei døy, alle syndarar i folket mitt, dei som seier: Ulukka skal ikkje nå oss eller koma over oss! [6: 3. Obad 3.]

      Domstalen kjem ofte att hjå profetane. Først samanliknar han Israel med andre nasjonar og stiller dei på linje med dei: Etiopia, Egypt, filisterane og syrarar. På ein måte er alle like for Gud: Han slår ned på synda. Han har vist det gong etter gong: Når Israel synda mot Gud, kom dom og straff. Slik er det med alle folk. Dei som syndar, er som framande for han og han kjenner dei ikkje.
      Herrens augo er vende mot det syndige rike. Han slepp dei ikkje av syne før straffa kjem og dei er utsletta av jorda. Det er biletspråk om den totale dommen.
      Har eg ikkje ført Israel opp frå Egypt og filisterane frå Kaftor. Dette har ein forklart på fleire måtar. Anten slik at Israel ikkje skal kunne stola på at dei er trygge av di dei er Guds utvalde. Han har jo ført dei ut frå Egypt, og difor kan han ikkje straffa dei som han gjer med heidningane. Eller slik: Det er eit vitnemål om at Herren har makt over alle folk, også Israel. Han har ført dei fram før, og har framleis makt til å gjera med dei som han vil. Det gjeld òg dommen når dei har synda.
      Likevel er ikkje dommen endeleg og håplaus. Han vil ikkje heilt øydeleggja Jakobs hus. Det er tanken om ein rest som kjem att og at Herren vil reinsa sitt folk. Dei som let seg reinsa, vil Herren spara. Keil skriv om dette: ”Så vidt som Israels rike er syndig, skal dei utslettast av jorda. På grunn av utveljinga er det i folket ein kjerne, ein heilag sæd, som Herren vil skapa om til eit nytt, heilagt folk og Guds rike.” Denne rest av folket skal Herren skilja ut frå dei gudlause når dommen kjem over folket. Det vert som når ein ryster eit såld med korn i. Agner og støv skal bort og det rette kornet ligg att. Difor vil Herren spreia dei mellom folka. ”Ikkje eit korn fell ned på jorda.” Herren kjenner sine, kor små og ringe dei er. Difor vil han berga dei gjennom dommen. Jfr. Salme 91, 7 og 1. Pet 1, 5. Men dei sjølvtrygge syndarane skal ikkje trøysta seg med det. Dei må døy for sverdet, v. 1-4.
      Og Fjellstedt skriv til v. 10: ”Slik talar det ubotferdige og sikre hjarta: Ulukka er ikkje så nær, døden er ikkje så nær, domen er ikkje så nær. Dei lever som om dei hadde gjort ei pakt med døden og som om ingen dom var i vente.”

      Am 9, 11 På den dagen vil eg reisa opp att Davids falne hytte. Eg vil mura att rivnene hennar og reisa opp det som er brote ned i henne. Eg vil byggja henne opp att som i gamle dagar, [Jer 24: 6. 31: 28. Apg 15: 16.]
Am 9, 12 så de får ta i eige det som er att av Edom, og alle heidningfolka som vert kalla med mitt namn, seier Herren, han som gjer dette. [4M 24: 18. 5M 28: 10.]

      Dette er eit framhald av det som alt er sagt i versa ovafor. Men perspektivet vert mykje utvida. Profeten talar om det sanne Guds rike som Herren vil oppretta av jødar og heidningar i den nye pakta. ”På den dagen” er tida etter dommen ovafor når alle syndarar er utrydda av folket.
      ”Davids nedfalne hytte” er Davids hus og slekt i den fornedra tilstanden dei var i då. Davids rike og ætt var som ei gamal hytte som låg i ruinar. Berre to stammar var att av det gamle tolvstammefolket, nemleg Juda og Benjamin. Og dommen og reinsinga ville nok koma over dei òg. Men Herren ville reisa dei opp att ein dag. Hola i muren skulle han mura att, og riket skulle verta som i stordomstida under David. Det skulle verta eit folk og ein konge, Hos. 1, 11.
      Oppfyllinga av dette kom ved Jesus Messias. Han var fødd av Davids ætt. Og han hadde alle lovnadar i seg. Han gjerning var nett å gjera opp for synda og gjera det mogleg for dei som vende om, å verta Guds born. Det var ei stor oppreising.
      Seinare vil det henda meir. Det vart klårt i det nye testamentes tid at heidningane høyrde med til riket, fullt og heilt. Dette var nok forkynt i GT fleire gonger, men det var som om jødane berre såg seg sjølv, og at andre folk måtte bli jødar for å bli Guds folk. Peter fekk ei sterk oppleving før han såg det, Apg. 10-11. I dei to tusen åra som er gått etter Jesu tid, har Guds rike gått over verda med siger. Mange er vunne for Herren i mange land. Sjølv om det er motstand og uvilje mot Guds rike mange stader, veit me at det òg er i samsvar med Guds ord. Herren har mange fiendar, og menneska let seg bruka i den striden. Men det kan ikkje viska ut den herlege tanken på dei mange som i tida før er vunne. Og me slepp ikkje tanken på at mange fleire kan og skal vinnast før den endelege dommen kjem.
      Edom i v. 12 var mellom dei bitraste fiendane for Israel og som dei kjempa mest med. Sjølv slike vil Herren sigra over i si tid. Det er styrken i trua. Men mellom dei argaste fiendar vil det òg koma nokre frelste – dei som er att av Edom.
      Elles viser vel dette ordet at det vil koma ei stor misjonstid og innhausting mellom heidningane. Til nå har me sett mykje oppfylling av dette ordet, og me veit ikkje kva som vil henda seinare. Heile verda kan nå høyra kallet gjennom dei ulike media.
      I Apg. 15, 16f nemner Jakob dette ordet i gresk omsetjing og dermed litt endra (etter LXX). Han nyttar det som prov på at heidningane som vende om ikkje treng omskjering eller å halda Moselova for å verta frelste. I praksis tyder det at dei ikkje trong å verta jøde for å verta frelst. Gud skal frelsa heidningane direkte når dei vende om. Då vert dei ein del av Guds folk. I den nye pakt er Guds folk sett saman av både jødar og heidningar. Og det er eit vitnemål om Guds nåde. Me kan berre ta imot frelsa utan å gjera noko.
      Ordet er altså oppfylt i Kristus då folk kom og vende om til han. Og i endetida vil det oppfyllast endå meir, når heile Israel skal bli frelst. Rom. 11, 25f.
      - Nå er det òg ei anna tolking til dette verset, eller rettare ei ny vidareføring av det. Somme seier her at ordet òg talar om Israels nasjonale rike, og det skal opprettast på nytt i den siste tida. Det er med andre ord eit prov for at Israel i dag er ei oppfylling av Skrifta. For Davids rike jo eit nasjonalt rike med geografiske grenser. Og det låg nede i mest to tusen år. Så vart det reist opp att i 1948 og har vorte bygd opp i åra etter. Me bør ikkje avvisa at denne tanken òg ligg i dette ordet. Det treng ikkje motseia det evangeliske aspektet me har vist før.

      Am 9, 13 Sjå, dagar kjem, seier Herren, då han som pløyer, skal nå att han som haustar, og han som trakkar vindruer, skal nå att han som sår ut sædet, og fjella skal drypa av druesaft, og alle haugane skal fløyma over. [3M 26: 3 ff. Joel 3: 23.]
Am 9, 14 Og eg vil gjera ende på fangenskapet for Israel, folket mitt. Dei skal byggja opp att dei øydelagde byane og bu der og planta vingardar og drikka vinen frå dei, og dei skal dyrka opp hagar og eta frukta frå dei. [5M 30: 3. Jes 58: 12. 61: 4. 65: 21. Jer 29: 14.]
Am 9, 15 Eg vil planta dei i landet deira, og dei skal aldri meir verta rykte opp or landet sitt, det som eg har gjeve dei, seier Herren din Gud.

      Dagar som skal koma i v. 13 er tida i den nye pakta. Davids rike er oppretta på nytt med rik velsigning. Då skal ”plogmannen nå haustmannen”. Så raskt vil grøda veksa alt vår og haust mest kjem på same tid. Det er biletspråk om ei rik tid. Medan dei presser druene om hausten, er det ny såtid. 3. Mos. 26, 5. Fjella dryp med druesaft og haugane fløymer over. Det er rikdommen i hausten. Joel 3, 23.
      På den tida skal alt fangenskap for jødane vera slutt, v. 14. Då vert det ei stor nyreisingstid i landet der både byar og gardar og hagar skal verta som aldri før. Dette er òg uttrykk for ei frigjering frå alt det som og dei som har undertrykt folket. Den åndelege sida må òg vera med her. Fangetida er òg livet i synd og heidenskap. Ei åndeleg frigjering vil koma seier Guds ord. Etter sitt vesen er det ein evig og uendeleg haust med glede (Jonas Myhre). Salme 98, 4.
      Men den jordiske sida er òg klårt framme i desse versa. Det ser me i v. 15: Herren skal planta dei i deira eige land. Det kan ikkje vera noko anna enn Israel i Midtausten. Ordet planta talar om at dei skal verta rotfeste der. Og det skal dei vera for alltid etter dette. Dei skal aldri meir rykkjast opp. Og landet er deira, ikkje av di dei har teke det militært. Dei har fått det som ei gåve frå Gud sjølv. Og då skal dei aldri meir jagast ut or landet, v. 15. Det er ein evig arv.
      Desse to sidene kan gå parallelt og treng ikkje motseia kvarandre: Det åndelege Guds folk får oppleva den store frelsa ved Jesus Messias, og jødane, Israels folk, får sitt eige land der dei kan flykta til frå trengslene. Dette siste tok til i 1948 då staten Israel vart oppretta, Eretz Israel. Og det er eit tidarteikn – dei siste dagar er nær.

*
      Etter desse siste profetiane ser det ut til at Amos har fullendt si gjerning. Kanskje dreg han så attende til Tekoa i Sør-riket. Kanskje det òg var litt av grunnen til motstanden frå presten i nord. Kva hadde han frå sør noko med å tala dei til rette som budde i nord?

*
Litteratur:
P. Fjellstedt: Biblia, Det är All den Heliga Skrift, Med Förklaringar, bind 2, 1875. Profeten Amos, s. 702ff.
Bibelen med forklaringer, bind 4, 1916. Amos, ved Jonas Myhre.
Fredrik Wisløff: Gamle Testamente. Med fortolkingar. Bind IV, 1959. Profeten Amos, s. 522ff.
Luther’s works, vol. 18. The Minor prophets. Amos, s. 127ff.
JFB Commentary (Jamieson, Fausset, Brown), vol. 2. Amos, ved A.R. Fausset, Part 2, s. 527ff.
C. Asschenfeldt-Hansen: Fra Gullgruben,  norsk utg. 1999, Amos s. 91ff.
Hubbard,D.A.: Amos, i Tyndale O.T. Commentaries 1989.
M. Henry: Commentary, vol. IV. Amos.
Keil: Commentary, v. 6. Amos.
J. Calvin: Commentary, vol. 6. Amos
Dächsel: Bibelwerk, Die Propheten. Amos.
Ulike bibelomsetjingar.



[1] Sjå Hammershaimb s. 18 her.
[2] Slik Jonas Myhre i Lutherstiftelsen sitt eldre bibelverk, s.39.
[3] T.d. Mowinckel i Det gamle Testamente. De senere profeter s. 628.
[4] Hebr.: we-ánoki: og eg. At det var første pers. eintal går òg fram av endinga på verbet: hisjmadeti.
[5] Fr. Wisløff har ”knistre”, medan Hammershaimb referar fleire omsetjingar, i Amos, 1967, s. 50f.
[6] Myhre tolkar så kvart spørsmål i høve til jordskjelvet.
[7] I den greske omsetjinga Spetuaginta (LXX) står her Assur = Assyria, den andre stormakta på den tida.
[8] Det gamle testamente III, 1944, s. 639. Utval or GT 1966 utelet desse to versa.
[9] Fotnote i NO-78/85.
[10] E. Hammershaimb: Amos, 1967, s. 88f.
[11] Bibelen med forklaringer, 1916. Amos s. 49.
[12] Myhre siterer Rudin i kommentaren s. 49.
[13] Norsk utgave av KJ 2003.
[14] Hebr.: mizraq, som er brukt om offerskålene i tabernaklet som dei skvetta blod med.
[15] Dächsels Bibelwerk, A.T. Die propheten II,2, side 800.
[16] Peshitta er ei gamal syrisk omsetjing, som vart omsett til engelsk i 1957 av G. M. Lamsa. Denne Bibelen er nytta i Aust-kyrkja.
[17] Mowinckel meiner det er ei grenseelv, anten i sør eller nord. Han hellar til at det er i nord
[18] Hebr.: Qjitz …  haqqetz (mogen frukt … haust-tida). Luther brukar eit liknande ordpar: Reiss – reissen for det same.
[19] Hebr.: ham-mizberach = altar.